Hospitalet nr1 2009

Page 1

HELSE BERGEN

Et tidsskrift for deg som jobber ved Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus

D책 menn var menn, og kvinner var kvinner KOLS-telefonen s. 3

NR1 2009

s. 6

Tema:

N책r kollegaen ruser seg

s. 11

1


Rus

på alvor Rusavhengige fikk vanlige pasient­ rettigheter i 2004. Men verken Helse Bergen eller resten av samfunnet har tatt helt inn over seg hva det betyr. Rus­ pasienter har ikke blitt behandlet på samme linje som andre pasienter innen somatikken og psykiatrien til tross for at de har de samme rettigheter til behand­ ling og hjelp til å få et levverdig liv som en hvilken som helst annen pasient­ gruppe. Jeg er lei meg for at mange av oss med ansvar i helsevesenet har tatt rus altfor lite på alvor så lenge. Men det er heldig­ vis mye positivt som skjer. Statlige myndig­heter viser at de erkjenner at disse pasientene har blitt grovt forsømt og viser det ved å bevilge ekstra penger til tiltak som kommer denne gruppen til gode. Det er viktig å holde fast på prioriterin­ gen av disse pasientene i årene som kommer. Her i Helse Bergen er vi godt i gang med arbeidet. Det er laget en overordnet rusplan og vi har opprettet en egen avdeling for rusmedisin på linje med alle andre avdelinger i sykehuset. Nye tilbud vil alltid føre til harde priori­ teringer. For prioritering er et vanskelig ord. Ikke ordet i seg selv, men innholdet. For prioritering betyr å velge og omfor­ dele innenfor de rammene vi har. Rusmisbrukere med store helseproble­ mer må prioriteres på lik linje med for eksempel kreftpasienter. Og behovene for disse aller sykeste må ses i sammen­ heng med de behovene andre pasient­ grupper har, som for eksempel pasienter med mindre alvorlige sykdommer eller friske fødende kvinner. Vi skulle gjerne ha lagt til rette for de aller mest optimale forhold for alle, men det er ikke mulig

2

innenfor de rammene vi har i dag. Hvem trenger oss mest? Hvor kan vi gjøre mest nytte med de ressursene vi bruker? Det er vanskelig å sette opp de ulike pasientgruppene mot hverandre. Men vi må tørre å snakke om det og dis­ kutere hvordan vi best skal bruke de ­ressursene vi har. Vi må prioritere. Det å ta rus på alvor har mange fasetter. For rus gjelder ikke bare pasientene våre, men også alle ansatte. Helse Bergen er en kompetanseorganisasjon som ute­ lukkende fungerer gjennom de men­ neskene som jobber her. Pasientene er helt prisgitt at våre dyktige fagpersoner gjør jobben sin på en god og forsvarlig måte. Det betyr at det må være full­ stendig nulltoleranse for rusmidler i jobbsammenheng. Dette er et område vi stadig må ha oppmerksomhet rundt, blant annet ved at Hospitalet har rus som tema i dette nummeret. Det er misforstått lojalitet dersom ansatte vil ”beskytte” en kollega ved å la være å ta opp mulige rusproblemer. Det er laget gode ordninger for de ansatte slik at det skal være mulig å ta tak i eget eller kol­ legers rusproblem. Vi må ta rus på høyeste alvor – både blant pasienter og ansatte.

Redaksjon

Ragnhild D. Olsen Redaktør / journalist

Hilde S. Meling

Ole-Chr. Amundsen

Journalist

Grafisk / foto

Linda Hilland

Mona Høgli

Journalist

Ansvarlig redaktør

Vi i redaksjonen håper du er fornøyd med Hospitalet. Men for at vi skal kunne lage et godt internblad, er vi avhengig av å få vite hva dere lesere synes. Send ros og ris og tips til gode saker til info@helse-bergen.no eller som brev til Kommunikasjonsavdelingen. God lesning!

HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus

Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli Redaktør: Ragnhild Dårflot Olsen Redaksjon: Ragnhild Dårflot Olsen, Hilde Sander Meling, Linda Hilland og Ole-Christian Amundsen. E-post: info@helse-bergen.no Telefon: 55976000 Grafisk design: Ole-Christian Amundsen Annonsesalg: Cox Bergen Trykk: Grafisk formidling Opplag: 7.000

Administrerende direktør Stener Kvinnsland

© Kommunikasjonsavdelingen, Haukeland universitetssjukehus 2009


KOLS

Grønt kort for kols Når kols-pasient Egil Eriksen (68) kjenner seg dårleg, tek han fram det grøne kortet frå lommeboka og ringer Haukeland. Tekst og foto: Linda Hilland

3


KOLS Egil er ein av 352 kolspasientar som er med i ein studie som skal gje forskarar ved Lungeavdelingen meir kunnskap om risikofaktorar ved forverring av kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom). Kan ringe 12 timar i døgnet – Vi har gitt pasientane som er med på studien eit grønt kort. På kortet står det eit telefonnummer dei kan ringe 12 timar i døgnet, fortel Marie Johanne Wåtevik. Ho er ein av dei som tek imot telefonane frå kols-pasientane mellom klokka 08.00 og 20.00 kvar dag. Poenget med kortet er at kols-pasientar som er med på undersøkinga skal ta kontakt med Haukeland når dei kjenner ei forverring av sjukdommen. Pasientane kjem inn til lungepoliklinikken for ei undersøking enten same dag eller dagen etter. Her følgjer ei grundig medisinsk undersøking der ein blant anna tek blodprøvar, røntgen og spyttprøvar av pasienten. Desse prøvane vert brukte i studien.

Egil Eriksen er på etterkontroll på Lungepoliklinikken hos Marie Johanne Wåtevik. Ein del av kontrollen er å måle lungefunksjonen. svar over telefonen når eg treng råd, og eg kjem raskt til undersøking når eg kjenner meg dårleg. Etter at eg fekk grønt kort har eg kjensla av at det er nokon som passar på meg, fortel Eriksen, som fekk diagnosen kols i 1996.

forverringsfase er vanskelege å få tak i. Dei kjem som regel til sjukehuset i etterkant. Dette prosjektet vil nok bringe oss nærmare svaret på kva faktorar som gjer at statusen i lungene endrar seg, seier Bakke.

Trippel gevinst – Eg vil definere studien som eit helsefremjande kinderegg, seier ein entusiastisk assisterande avdelingsdirektør ved Lungeavdelingen, Per Bakke. Saman med overlege Jon Hardie og post doc. Thomas Eagan leier han studien. Han forklarar kinderegg-samanlikinga slik: – Pasientane får ein service utanom det vanlege, vi får meir kunnskap om kva faktorar som gjer at kols-pasientane vert dårlege. Og det at vi behandlar kolspasientar i ein tidleg fase, fører til færre sjukehusopphald. Ikkje mindre enn ein trippel gevinst!

I dag er han til etterkontroll på Lungepoliklinikken på Haukeland. – For to veker sidan fekk eg høg feber, grøn farge på slimet som eg hostar opp, og ein voldsam hoste. Eg fann fram det grøne kortet, ringte Haukeland og kom til same dagen. Det viste seg at eg hadde fått bronkitt og eg fekk medisin for det, fortel Eriksen, medan han gjer seg klar til måle lungefunksjonen ved hjelp av spirometri. – Å, kom igjen, pust alt du har!, oppmuntrar Wåtevik medan Eriksen dreg pusten djupt inn.

Marianne Voll-Aanerud er ein av fleire legar på Haukeland som undersøker pasientane. Ho understrekar at poenget med grønt kort-ordninga ikkje er å springe fastlegen sitt ærend. – Dette er eit tidsavgrensa studium. Grønt kort-ordninga sluttar når studien er over, påpeikar ho.

Like entusiastisk er Egil Eriksen (68), som fleire gonger har ringt til Haukeland når han kjenner seg dårleg, eller når han treng rådgiving om sjukdommen. – Eg synest ordninga med grønt kort er verkeleg flott. Sjukehuset gjer meg klare

270 til undersøking Studien starta i 2006 og vil halde fram til utgangen av 2009. – Vi ser blant anna på bakteriefloraen, pustekapasiteten og røntgenbileta av pasienten. Kols-pasientar i ein

Å, kom igjen, pust alt du har!

4

I prosjektet er det også oppretta ein rådgivingstelefon for dei som bur utanfor Helse Bergen sitt opptaksområde. Eriksen sin lungefunksjon har betra seg kraftig sidan sist han var inne til kontroll, fortel Wåtevik. – Eg føler meg frisk igjen, så det stemmer nok. Men er det noko, så ringer eg, seier Eriksen og smiler. Totalt har 270 av 352 kols-pasientar som er med på grønt kort-ordninga vore til undersøking.


2009

Samarbeid einaste løysinga – Vi har eit felles ansvar for den vanskelege økonomiske situasjonen. Den kan berre løysast dersom absolutt alle viser vilje til samarbeid og nytenking, seier Ranveig Frøiland (bildet), styreleiar i Helse Bergen. Tekst: Mona Høgli Foto: Ole-Christian Amundsen

Styret krev nedskjeringar, budsjettbalanse og til og med overskot for å godkjenne budsjettet. Mange tilsette meiner det er eit kravstort styre som har ansvaret for den vanskelege situasjonen mange avdelingar no er oppe i. – Styret sitt ansvar er å sjå til at Helse Bergen held seg innanfor dei rammene politikarane har sett for helseføretak, både når det gjeld pasientbehandling og økonomi. Det same ansvaret har kvar einskild tilsett. Ingen kan velje å sjå bort frå verken budsjett eller lovar og regler sjølv om det politikarane har vedteke gjer det noko vanskelegare i kvardagen, seier Frøiland. Ho meiner det er eit demokratisk problem dersom føretaket kvart år brukar meir enn det politikarane har bestemt. Frå i år blir det dessutan også eit stort investeringsproblem for Helse Bergen. Nye reglar gjer at investeringar og drift blir sett under eitt. – Brukar sjukehuset for mykje til drift, blir det mindre til å investere for i medisinskteknisk utstyr, IKT-utstyr og oppussing av nedslitne bygningar. Så enkelt - og så vanskeleg - er det, seier Frøiland. Det er også bakgrunnen for styret sitt krav om overskot på 25 millionar kroner. Med store underskot i 2008, trengs det eit lite overskot på drifta i år for å få råd til heilt nødvendige investeringar. Styreleiaren har forståing for at mange

at dei tilsette har gjort ein god jobb! seier tilsette er frustrerte over at dei i nokre Frøiland. tilfelle ikkje lenger kan gjere det dei meiner Budsjettet for 2009 har fleire tiltak som vil vere det optimale for pasientane. vil merkast av pasientane på ein eller – Eg skjønar dei godt. Eg skulle også annan måte. ønskt at vi hadde fleire pengar slik at vi – Den viktigaste rettesnora har vore at kunne gjere alt vi ville for pasientane. tiltaka ikkje skal gå ut over resultatet av Men slik er ikkje verkelegheita. Vi har fått den medisinske behandlinga. Ut over ein sum pengar frå politikarane, og då det, må vi vere villige til å får vi sjå kva vi greier Det handlar diskutere kva vi har råd til å gjere ut av det vi å tilby pasientane. Som til har fått. Det handlar ikkje lenger om dømes pasienttransport, ikkje lenger om kva vi kva vi meiner vi der utgiftene stig kraftig og meiner vi bør gjere, bør gjere, men nærmar seg 100 millionar men kva vi har råd til å kva vi har råd til kroner. Ein “unødvendig” gjere, seier Frøiland. å gjere. tur med drosje til 2 000 “Styret og leiinga kroner betyr 2 000 kroner mindre til er meir opptekne av økonomien og pasientbehandling. Vi må ta inn over budsjettbalansen enn av pasientane”. oss at alt no blir tatt frå den same Dette er utsegn som stadig dukkar pengesekken, seier Frøiland. opp i debatten om økonomien i Helse Ho har tru på at Helse Bergen skal Bergen. kome på rett kjøl også når det gjeld – Det er viktig for meg å understreke at økonomien. pasientane alltid er dei viktigaste, sjølv – Vi er mellom dei beste når det gjeld når vi diskuterer økonomi. Eg er samd pasientbehandling, no må vi sørgje for i det administrerande direktør Stener at vi kan vidareutvikle dette gjennom ein Kvinnsland seier kvar gong han legg sunn økonomi. Men dit kjem vi berre fram statistikken for ventetidene for dei dersom alle er innstilte på å bidra til alvorlegast sjuke for oss i styret: Dette er nytenking og andre måtar å arbeide på, den aller viktigaste tabellen for verksemda seier Frøiland. vår. Og eg er svært glad for at den viser at Helse Bergen, trass utfordringane vi har, greier å prioritere dei sjukaste. Det betyr

5


Uniformert historie

6


Uniform

– Den gangen vi gjekk over til bukseuniformer, stal vi kvite frakkar frå operasjonen og la stiva belte rundt livet når det var helg. Tekst: Hilde Sander Meling Foto: Ole-Christian Amundsen

Då var det ingen av sjefane som kunne irettesette oss, fortel pensjonert sjuke­ pleiar Anne Marie Allgard om overgangen frå kjoleuniform på starten av 80-talet. Fire livlige, erfarne damer er samla på kontoret til assisterande avdelings­direktør Solveig Hansen på Medisinsk avdeling. Dei er alle sjukepleiarar av yrke – nokon i arbeid, andre ikkje. Fleire av dei har tatt med seg gamle sjukepleie­uniformer, skulebøker, bilder og Haukelands­ medaljongen. Det er ikkje mange spørs­ mål ein treng å stille. Historiene om at dei måtte kjøpe eiga uniform då dei starta på sjukepleieskulen, om ordensreglane og om respekten for lærarar og avdelings­ sjukepleiarar, kjem som perler på ei snor. – Huskar du ho strenge på Barne­klinikken.

Anne Marie Algaard (til venstre) og Berit Haukeland følger med på det Rannveig Anny Myhr Erichsen fortel om den gamle uniforma ho har henta fram.

ene og oppførsel, og vi vart sett på som ei Ho som sette deg opp på seinvakter eller arbeidskraft i studietida og natt dersom du gjorde Dei som er ikkje berre studentar, fortel noko ho ikkje likte? spør Berit Haukeland. ei av dei. unge i dag, Etikk og etikette var eit Ho får samtykkande nikk trur ikkje vi ­veldig sentralt fag og måtte og latter i retur. klarte å gjere gjenspeglast i pasient­ behandlinga. Haukeland Dei tidlegare oversjuke­ jobben i kjolar. minnast ei tid der sjuke­ pleiarane Berit Hauke­ pleiarelevane fekk kostpengar og budde land, Anne Marie Algaard og Rannveig gratis på eige internat. Ho minnast ei tid Anny Myhr Erichsen har vore lenge i der natte­ v aktene måtte, i ståande stilling, yrket. Sidan tidleg på 60-talet har dei gje rapport om opp til 40 pasientar etter jobba på Haukeland ei nattevakt på 12 timar medan dei som universitets­sjukehus. kom på arbeid kunne sitte. Ho minnast For mange har dei vore ei tid der veldig mykje var slit og hardt viktige rollemodellar i a ­ rbeid, men som òg har gitt ho gode sitt fag, men då Hauke­ m ­ inner som ho kan flire av saman med land, Aalgaard og Myhr gode kollegaer. Erichsen starta si karri­ – Dei som er unge i dag, trur ikkje at vi ere var det andre dei klarte å gjere jobben i kjolar når vi fortel skulle lære av. om korleis uniformene var før. Dei syns – Det var lange dagar, det høyres veldig upraktisk ut, seier strenge krav både til Hauke­land, som innrømmer at stiva sjukepleiarfaget, hygi­ kragar gjerne førte til gnagsår på halsen og at korte skjørt ikkje var praktiske i alle Anne Marie Algaard samanhengar.

festar uniformshatten for å demonstrere korleis hovudplagg fungerte før i tida. I bakgrunnen ser du Solveig Hansen (t.h) og Rannveig Anny Myhr Erichsen.

Dei erfarne sjukepleiarane fortel historier om livet som sjukepleiar­ elevar. Dei snakkar om at dei måtte betale av eiga lomme dersom termo­ meter vart øydelagt, 7


Røde kors-uniform Framknappa kjole med cape frå hjelpepleiarutdanninga ved Florida

Tidsepoke den blei brukt: Fram til 1970

Tidsepoke den blei brukt: i 1970-åra.

Kven gjekk med den: Oversjukepleiar utdanna ved Røde kors

Kven gjekk med den: Alle pleiarane, oversjukepleiarane hadde grå-blå kjole

Modell: Borghild Straume

Modell: Hjelpepleiar Liv Aa. Åsebø

Røde kors-uniform Tidsepoke den blei brukt: Fram til 1970 Kven gjekk med den: Alle ferdige Røde kors-sjuke­ pleiarar. Modell: Sjukepleiar Reidun Skjelde

korleis ein av elevane ein gong samla alle gebiss i eit og same vaskefat, og ikkje minst om den gangen ei av dei spolerte alle urinprøvane då ho mista brettet med prøveglas på veg til laboratoriet.

8

– Den einaste løysinga for å unngå kjeft den dagen, var å få ein og same person til å fylle opp uringlassa på nytt, seier AnneMarie Algaard og latteren frå kontoret til Solveig Hansen overdøyver alle andre lydar frå korridoren. Til ære for fotografen har vi fått fatt i åtte sjukepleiarar og hjelpepleiarar i åtte ulike

Forbundsuniformen til Norsk ­sykepleierforbund (NSF) Kven gjekk med den: Festuniform som medlemmer av NSF -kunne skaffe seg. Modell: Rannveig Myhr Eriksen

uniformer. Frå varme lokale i fjerde etasje på Sentralblokken lokkar vi dei med ut til trappa på Gamle medisin B. Det er kaldt og vinden bles surt, men sola skin. Det er eit flott lys for fotografering. Blikka og kommentarane frå pasientar, kollegaer og andre som treff på dei stase­


Uniformert historie

Haukelandsuniform m/kort cape

Dagens uniform

Tidsepoke den blei brukt: Frem til 1970

Tidsepoke den blei brukt: Tatt i bruk i 90-åra

Kven gjekk med den: Alle ferdige sjukepleia­ re utdanna ved Haukeland sykehus

Kven gjekk med den: Alle yrkesgrupper

Modell: Gunn Boyum Dæli

Haukelandsuniform m/lang cape Tidsepoke den blei brukt: Fram til 1970 Kven gjekk med den: Alle ferdige sjuke­ pleiarar utdanna ved Haukeland sykehus Modell: Grete Sæterlid Larsen

lege pleiarane på sjukehusområdet er frydefulle. Dei skapar glede for kvart steg dei tar og for kvar ny person dei møter. Nokon spør om det er bryllaup på gang sidan dei er så flotte. Andre minnast ei tid då damer var damer og menn var menn. Tidligare var utsjånaden på uniformene ulik alt etter kva skule du hadde gått på.

Modell: Eli Karin Søreide

Elevuniform frå sjukepleiarutdanninga ved Haukeland sykehus Tidsepoke den blei brukt: Fram til 1970 Kven gjekk med den: Alle sjukepleiarelevar som blei utdanna ved Haukeland sykehus Modell: Gry Thorsen

I dag er det bukse og trøye i unisexstil til alle. Ingen bukser med gylf eller toppar med innsving. Det er praktiske og lett­ stelte bomullsklede.

stilling og krav frå vaskeriet er element som har vore med å bestemme kva drakt tilsette på sjukehuset skal gå i i dag, ­meiner S ­ olveig Hansen.

– Og det er nok nettopp det at dei er så praktiske og enkle som har gjort at da­ gens uniform er innført. Økonomi, like­

9


AKTUELL

Gjer det betre for hardt skadde Namn: Kurt Andersen Alder: 37 Tekst: Hilde Sander Meling Foto: Ole-Christian Amundsen

Du kjem frå jobben som sjukepleiar i Helse Førde. Korleis ser du på det å starte i ei heilt nyoppretta stilling på ein ny arbeidsplass? Svært utfordrande. Det er eit stort system å sette seg inn i og det vil nok ta litt tid før eg får god oversikt. Samstundes trur eg det at eg er ny på Haukeland også vil kunne vere ein fordel. Eg vil sjå med nye auge på dei løysingane som er etablerte utan å vere farga av rutine og tradisjon. Når det er sagt er eg trygg på at det er stor faglegheit i det arbeidet som er utført tidlegare og at alle involverte har jobba mot det same målet som eg har – nemleg at pasienten skal få best mulig behandling frå skadetidspunkt og fram til han er heime igjen, med best mulige resultat ut frå den tilstanden han var i då han kom inn.

som også skal startast nasjonalt. Haukeland universitetssjukehus skal vere regionalt traumesenter – noko som blant anna gjer kompetansebygging i organisasjonen svært sentralt.

Stilling: Traumekoordinator

Kvifor treng eit sjukehus ein traumekoordinator? Traumekoordinatoren si oppgåve er å sjå etter forbetringstiltak, rettleie og støtte heile organisasjonen til å bli enda meir tidseffektiv og samkjørt slik at pasienten sine forutsetningar potensielt skal bli betre.

Aktuell: Tilsett i den nyoppretta stillinga som traumekoordinator ved Kirurgisk klinikk og skal sørgje for at alvorleg skadde pasientar får best muleg behandling.

Eg vil sjå med nye auge.

Kva er eigentleg ein traumekoordinator? Som traumekoordinator vil eg ha ein naturleg rolle i prosessen som sikrar godt samarbeid mellom dei avdelingane og faggruppene som samhandlar omkring pasientbehandlinga. Vidare skal eg vere ein ressursperson for dei som har behov for oppdatering innan traumesystem – på sikt også andre sjukehus. Ei av arbeidsoppgåvene vil også vere å implementere traumeregistrering – noko 10

Kva vert dei største utfordringane slik du ser det i dag? For meg som nytilsett er det nok det å bli kjent i organisasjonen som blir den største utfordringa. I forhold til Helse Vest vil det krevje mest å kvalitetssikre at traumehandteringssystemet blir innført etter intensjonen med dei kvalifikasjonsskrava og føresetnadene som ligg i dette. Her er det ikkje faglegheita eg er bekymra for, men det å stole på at organisasjonen fungerer og at pasientane blir kanalisert til rett behandlingsledd. Kva bakgrunn har du – noko meir enn sjukepleiar i Helse Førde? Eg har primært bakgrunn frå prehospital teneste. Eg starta som ambulansepersonell i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane i

Sivil status: Gift med Janne som er operasjonssjukepleiar ved Haraldsplass, 2 barn, Markus (8) og Nikolai (2,5).

1993, tok som førstemann fagbrev i ambulansefaget der i 1998 og har fleire gonger vore i utanlandsteneste med forsvaret i perioden 93-97. Eg har sjukepleiarutdanninga og instruktørutdanning som PHTLS (Pre Hospital Trauma Life Support). For tida er eg halvvegs i masterstudie i helse- og sosialadministrasjon, i tillegg har eg nokre kortare studie innan rettleiing frå Høgskolen i Sogn og Fjordane. Siste året har eg arbeidd som sjukepleiar og fagutviklar ved prehospital klinikk i Helse Førde. Kven har hatt traumekoordinatoren sin funksjon tidlegare? Oppgåvene har blitt handtert av fleire eldsjeler på området. Her kan nemnast både overlege Kari Schrøder Hansen og avdelingssjef i akuttmottak Heidi Brevik. Begge desse har gitt meg mange gode innspel og tankar omkring det vidare arbeidet.


TEMA

Rus

Tema:

Rusa

på jobb

Om ein ser tilsette i Helse Bergen som eit tverrsnitt av Noregs befolkning, kan mellom tre og fire hundre av dei 9 500 tilsette ha eit problem med rusmisbruk. Over halvparten av årsverka i føretaket er helsepersonell med pasientkontakt. Dei færraste som har eit rusproblem blir avslørt av kollegaer fordi dei kvir seg for å melde frå ved mistanke.

Arbeidsinstruksen om pliktmessig avhold er klar: ”Helse Bergen HF driver en risikovirksomhet der feilbehandling kan få store konsekvenser for pasientene. Det er strengt forbudt å innta, eller være påvirket av alkohol eller andre rusmidler i arbeidstiden. Ledere har en klar plikt til å følgje opp overtredelse av dette punktet i tråd med foretaket sine retningslinjer. Det er ansatte sin klare plikt å melde fra til leder/ ledelsen ved mistanke om at kollega er påvirket i arbeidstiden”.

11


MISBRUKAREN

Svarte vingar Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen

Ho rusa seg ikkje på jobb, men stal medisinar der for å kunne ruse seg heime. Og måtte til slutt innsjå at misbruket gjekk ut over jobben uansett. Sjukepleiar Hilde Nicolaisen var ein fallen engel.

Foto: Privat

– Eg var veldig bevisst på å aldri ruse meg på jobb, det gjorde eg på kvelds­ tid og i helgar. Men det å ruse seg tar fokuset likevel, sjølv om du ikkje er rusa på vakt. Det var vanskeleg å måtte innsjå at eg ikkje hadde gjort jobben min godt nok på slutten, seier Hilde. I fire år jobba ho som sjuke­pleiar ved Gynekologisk avdeling på Universitets­ sykehuset Nord-Norge (UNN). 23. februar 2000 vart ho suspendert. – Det var som om verda raste saman, fortel ho. – Fallet var stort. Eg vart djupt deprimert. 22. desember 2000 vart ho fråtatt auto­ risasjonen. Hilde si historie kunne like godt ha vore henta frå ei avdeling på Haukeland. Ville ikkje vere svak Det starta i det små. Hilde var nyskilt og stod framfor ei rettssak om barne­ 12

fordeling. Ho var 30 år, småbarnsmor, sjukepleiar og jordmorstudent. – Eg fekk ein del søvnproblem i samband med rettssaka. I tillegg var eg plaga med bekkensmerter etter barnefødslar. Eg vegra meg for å oppsøke hjelp, av fleire grunnar. Fordi eg frå oppveksten av er vant til at ein ikkje skal bry andre med problema sine, og fordi eg som helse­ arbeidar var vant til at ein skal vere sterk for andre. Eg ville ikkje vere svak. Ho hadde heller ikkje noko særleg nett­ verk å lene seg til, både på grunn av skils­ missen og fordi ho hadde vore mykje heimeverande med fire barn. Det gjorde situasjonen endå vanskelegare. Løysinga vart å ta sovemedisin og smertestillande frå jobb. – Eg byrja veldig forsiktig, tok i det eg meinte var krisesituasjonar, fortel ho. Så utvikla det seg. – Eg byrja å ta ampullar og setje sprøyter

på meg sjølv. Eg samla opp restar etter å ha gitt pasientane, og brukte på meg sjølv når eg kom heim. Etter kvart vart det opiat og benzodia­ zepin i kombinasjon. – Når eg var åleine kunne eg ligge i senga heile helga. Og det var ikkje først og fremst fordi eg var ute etter rusen, men fordi eg ville sleppe unna alle dei vonde kjenslene og sorga eg følte på. Typiske faresignal Ifølgje Hilde visste alle på avdelinga der ho jobba at ho ikkje hadde det så bra, men ingen tok tak i det. Ingen spurte. Det var heller ingen som stilte spørsmål ved Hilde si auka interesse for bruk av smertestillande og sovemedisin til pasi­ entane. Eller som la saman to og to då ho vart medikamentansvarleg på avde­ linga, etter å sjølv ha meldt seg frivillig. – Dette kan vere typiske faresignal. Når


TEMA

Rus

vart kalla tilbake, men Hilde orka ikkje opne brevet frå helsetilsynet før det hadde gått fleire månader. Ho måtte endå lenger ned i misbruket før ho til slutt kom til ei er­kjenning. – Enten går du heile vegen ned, eller så må du ta tak i livet ditt. Eg ville ta tak i livet mitt, seier ho. Hilde møtte ein mann som ville det same som ho, hennar noverande sambuar. I 2003 var ho heilt rusfri.

mange slike tilfeldigheiter fell saman i tid, bør ein kanskje vere på vakt, seier ho. – Det er muleg! Men i Hilde sitt tilfelle vart kollegaene I dag jobbar Hilde i RIO, Rusmisbruker­ overraska då misbruket vart oppdaga. nes Interesseorganisasjon. Der har ho Fordi ho virka så ressurssterk. jobba i 2,5 år, og ho har ansvaret for RIO I ettertid synest ho det er vanskeleg å seie sitt Cannabis-prosjekt. kva som ville ha hjelpt i hennar situasjon, – Eg føler meg betre i stand til å ta tak i dersom noko hadde hjelpt. eigne problem no enn då misbruket mitt – Eg trur bobla hadde sprekt om nokon starta. Og eg føler at det å stå fram har hadde ”sett” meg, spurt korleis eg hadde vore til hjelp. Det er ei påkjenning å skulle det. Men det var ikkje kultur for det på gå rundt og skjule ting, å ikkje kunne vise vår avdeling. Eg trur òg det ville ha hjelpt kven du er. Eg skulle ønske om leiinga hadde tilbydd fleire ville stå fram, slik at ein meg hjelp. Kanskje om vi Det er ei kunne bli kvitt skamma som hadde hatt jamlege sam­ påkjenning er forbunde med rusmis­ talar. Men eg veit ikkje. bruk. Ho trur ikkje arbeids­ å skulle gå staden og det å ha rundt og Ifølgje Hilde vert sjuke­pleiarar medika­ment lett tilgjen­ sett på som kvite englar. geleg var avgjerande. skjule ting. – Vi skal vere ein slags – Eg trur eg hadde blitt ­Florence Nightingale, seier alkoholikar om ikkje eg ho. hadde jobba der eg gjorde. Eg trur noko – Men vi er berre menneske vi òg, med hadde skjedd uansett, for eg var veldig same problem som alle andre. Vi har òg langt nede. Eg hadde ikkje erfaring med svarte vingar. eigne kriser, visste ikkje korleis eg skulle takle alle kjenslene. Samtidig er det jo slik Hilde fekk autorisasjonen tilbake 27. at som helsepersonell veit du kva medi­ oktober 2006. Då hadde ho levert uan­ kament du kan bruke, du veit effekten og meldte urinprøvar i to år, ho kunne vise til du har tilgang, påpeikar ho. langvarig behandlingsopplegg og psyko­ logen hennar hadde skrive rapport. Kom til ei erkjenning – Eg leverte alt dette til helsetilsynet og Hilde sitt misbruk og tjuveri vart oppdaga tre veker etterpå fekk eg autorisasjonen fordi ho hadde gløymt ei opptrekks­ tilbake. Det viser at det er muleg! Det var sprøyte på personaltoalettet på ei natte­ ein stor dag. vakt. Ho inngjekk frivillig AKAN-kontrakt, men klarte ikkje halde seg rusfri og vart suspendert. Saka vart meld til Statens helsetilsyn og på jobb vart det sett i gang intern gransking. Autorisasjonen

Får toppen av

isfjellet Talet på saker om rusmisbruk blant helsepersonell som blir meldt til Fylkesmannen i Hordaland er, ifølgje fylkeslege Helga Arianson, berre toppen av det berømte isfjellet. Tekst: Hilde Sander Meling

Dei siste tre åra har Fylkesmannen avslutta 13 saker som handlar om rusmisbruk blant helsepersonell. – I tillegg har vi fire saker frå 2008 under behandling, fortel Arianson. Ho legg til at det ikkje er noko mønster i alder, kjønn eller yrkestittel når det gjeld rusmisbruk blant helsepersonell. Dei 17 sakene fylkeslegen har hatt på sitt bord dei siste tre åra, er saker som omfattar all helseteneste i Hordaland. Fylkeslegen er opptatt av at ein som leiar og kollega skal vera realistiske og våge å reagere når ein bør. Vi er naive dersom vi trur rusmisbruk ikkje kan skje hos oss. – Ein skal ikkje vere for mistenksam, men heller ikkje for godtruande. Realisme er sentralt og det er viktig å ha gode rutinar, og gjennom det kunne dokumentere rusmisbruk, oppfordrar Arianson. Ho legg til at ho og hennar kollegaer gjerne drøftar saker anonymt dersom ein leiar er i tvil om kva ein skal gjere når mistanken er der og når og kvar det skal meldast. – Dersom helsepersonell har stole medisin, enten frå medisinskapet eller frå pasientane, i tillegg til å ha møtt rusa på arbeidsplassen, vil dei miste den godkjente autorisasjonen sin. Å stele medisinar frå pasientane eller medisinskapet er eit tillitsbrot som både arbeidsgjevar og tilsynsmyndigheita slår hardt ned på, understrekar fylkeslegen i Hordaland.

13


SJEFEN

Du må tore å

handle

– Eg trur vi er veldig naive viss vi trur at misbruk og tjuveri ikkje kan skje på vår avdeling. Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Ole-Christian Amundsen

Kari Lybak (bildet) er assisterande klinikkdirektør på Kirurgisk klinikk. Som sjef har ho opplevd fleire grader av misbruk og nokre tilfelle av tjuveri. Desse opplevingane har gjort både ho og klinikken meir merksam på problemstillinga rusmisbruk. – Det er ein forferdeleg vanskeleg situasjon for ein post å kome opp i, spesielt dersom misbruk blir oppdaga på grunn av medisinsvinn. Som sjef kan du seie at det føregår noko i samband med oppdaging av svinn, men utan samtykke kan du ikkje seie kven det gjeld. Det fører jo automatisk til at alle føler seg mistenkeleggjort. Samtidig er det veldig viktig å handle med ein gong det føreligg ein konkret mistanke, seier ho. Misforstått lojalitet Ifølgje Lybak oppstår ofte konkrete mistankar om rusmisbruk på grunn av svinn i narkotikarekneskapen på ein post. – Vi fører ein eigen rekneskap når vi tar ut narkotika. Vi har òg opplevd

å avsløre steling gjennom avvik på medisinbestillingane, fortel avdelingssjukepleiar Bjarte Hagenes på post 3 ved Kirurgisk klinikk. At nokon i personalet kjem og melder frå om mistankar, er derimot svært sjeldan. – Dei er utruleg lojale mot kollegaer, spesielt når det gjeld dette, seier Lybak. På ein måte kan ho forstå akkurat det. – Eg har jo sjølv tenkt ”nei, det kan ikkje vere han, han er jo så hyggeleg og så flink med pasientane”. Men dette er misforstått lojalitet, understrekar ho. – Derfor er det viktig å trekke inn bistand frå nokon med fagkompetanse på denne typen saker. Vi har vore bevisste på å bruke Personal- og organisasjonsavdelinga når ein konkret mistanke oppstår. Vi som er på same avdeling eller post blir for nære den det gjeld. Det har erfaring lært meg. Og vi må aldri gløyme at det er pasientane som er hovudansvaret vårt.

– Den store skrekken er at det skal ha skjedd noko med pasientane, samtykkjer Hagenes. – Heldigvis har eg aldri opplevd det. Oppfølging Lybak understrekar òg kor viktig det er å følgje opp tilsette som har problem med rusmisbruk. – Konfrontasjonen er veldig ubehageleg, og som leiar kan det vere vanskeleg å sleppe vedkomande etterpå. Å seie ”no må du gå heim” og ikkje heilt vite korleis han eller ho har det. Andre gonger kan konfronta­sjonen opplevast som ei lette for den det gjeld. Å endeleg få snakke ut, legge korta på bordet. – Vi ønskjer jo å hjelpe, at den tilsette skal bli kvitt eit problem, seier Lybak. – Og vi ønskjer at den tilsette skal kunne kome tilbake i jobb. At rusproblemet blir kjent kan vere første steg på vegen i riktig retning.

Vi må aldri gløyme at det er pasientane som er hovudansvaret vårt.

37 mista autorisasjonen

57 søkte om ny autorisasjon

Ifølgje Statens helsetilsyn var det 63 personar som mista autorisasjonen som helsepersonell i Noreg i 2008. Bakgrunnen for at autorisasjonen blir kalla tilbake var også i fjor i dei fleste tilfelle misbruk av rusmid­ del. Til saman 37 helsepersonell mista autorisasjonen sin på grunn av rusmiddelmisbruk. Av desse var 15 sjukepleiarar, 10 legar og sju hjel­ pepleiarar.

Statens helsetilsyn ferdigbehandla 65 søknader om ny autorisasjon i 2008. 28 søkarar fekk avslag på søknaden sin om ny autorisasjon. 23 helsepersonell fekk ny autorisasjon utan avgrensingar, mens 14 fekk ein avgrensa autorisasjon til å utøve verksemd under bestemte vilkår.

14


TEMA

Rus

KOLLEGAEN – Eg fekk mange ahaopplevingar då saka kom opp. I ettertid bebreida eg meg sjølv for ikkje å ha meldt frå.

Som kollega følte eg meg nok også litt lurt.

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Ole-Christian Amundsen

Eli Haugsmyr (bildet) er i dag spesialsjukepleiar og rådgivar i Kirurgisk klinikk på Haukeland universitetssjukehus. Både som sjef og kollega har ho opplevd tilsette med rusproblem, og kollegaer som har tatt medisinar på arbeidsplassen. Første gongen var då ho som spesialsjukepleiar jobba ved eit sjukehus ein annan stad i landet. Den kollegaen vart avslørt på grunn av medisinsvinn. Haugsmyr hadde hatt mistanke, men melde ikkje frå. – Tanken hadde slått meg, men det gjekk mest på åtferd som eg syntest var uheldig i denne typen arbeid. Eg snakka ikkje med nokon om det, verken den kollegaen det gjaldt, andre kollegaer eller sjefen min. Då saka sprakk såg eg at eg burde ha reflektert annleis over situasjonar eg hadde kome opp i. Som kollega følte eg meg nok også litt lurt. Heller ein gong for mykje Då saka først var kjent, viste det seg at mange hadde dei same historiene og

Ei bjørneteneste

å ikkje seie frå

opplevingane som Haugsmyr. Men ingen hadde tatt det opp. – Det tilfellet viste at det kan vere lurt å ta mistanken opp med leiaren sin. Tillitsvalde og verneombod ved den enkelte arbeidsplass kan også vere viktige diskusjonspartnarar i denne samanhengen. Det handlar ikkje om sladring, men om å hjelpe. Utgangspunktet for å melde frå må vere dei konsekvensane vi er redde for i jobbsamanheng, eller dei vi alt ser, seier Haugsmyr. – Det er betre å melde frå ein gong for mykje og ta feil, enn ein gong for lite og risikere uheldige konsekvensar for både

Mistanke – kva no? Å ha mistanke om at ein kollega har eit rusproblem, er ikkje ein lett situasjon å kome opp i . – Det er viktig at ein ikkje startar med ein anklage, seier bedriftssjukepleiar Hildegunn Knudsen på HMS-senteret. – Men om du er bekymra er det lov til å seie nettopp det, at du lurer på om alt er bra og om det er noko vedkomande vil snakke om. Dersom ein ikkje synest det fell naturleg å spørje den det gjeld direkte, må ein i følgje

bedriftssjukepleiar gi beskjed til næraste leiar. – Då skal leiar snakke med vedkomande. Gjeld det synleg rus, det vil seie lukt eller mistenkjeleg oppførsel, skal leiar snakke med vedkomande så raskt som muleg. Bruk av rusmiddel i arbeidstida er eit brot på arbeidsinstruksen, og Personal- og organisasjonsavdelinga skal alltid kontaktast i slike saker.

pasientar og tilsette. Vi trur kanskje vi gjer ein kollega ei teneste ved å ikkje melde frå, men i realiteten er det ei bjørneteneste. Både då eg var leiar og no som kollega prøver eg å utfordre kollegaene mine på å vise ansvar. Viktig med oppfølging Haugsmyr trur ein med meir erfaring, blir tryggare på å ta opp ting. Sjølv om ho vedgår at det uansett er vanskeleg. – Dersom ein har eit nært kollegialt forhold til den ein mistenker, kan det vere ein vil ta det opp direkte med vedkomande. Men det er tøft, understrekar ho. – Det kan vere lettare å gå til leiar, og den som melder frå må få vissheit om at det var rett å gjere det. Haugsmyr trur òg på å vere open når slike situasjonar oppstår på ei avdeling, særleg viss den det gjeld skal halde fram i jobb. – Vedkomande treng sjølvsagt ikkje gå i detalj, men berre det å seie at han eller ho er i ein vanskeleg situasjon, kan vere til hjelp, trur ho. – Det må også vere tett dialog med arbeidsgivar og HMS. Det er viktig å ta vare på og følgje opp dei som treng hjelp.

15


DIREKTØREN

Pasientane kjem først Administrerande direktør Stener Kvinnsland vil ta vare på tilsette som har rusproblem. Men han understrekar samtidig at det viktigaste på eit sjukehus er ansvaret for pasientane. Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Ole-Christian Amundsen

– Eg ønskjer at terskelen for å søke hjelp skal vere låg, at dei tilsette skal føle at arbeidsgivar bryr seg og vil dei vel, seier Kvinnsland. – Vi må ha gode ordningar og verktøy for dei som treng hjelp og vi må vere flinke til å informere om kva hjelp som finst. Ordningar og verktøy han nemner er både retningslinjer for rusmiddelarbeidet i Helse Bergen, samarbeidet med Bergensklinikkene, kva Personal- og organisasjonsavdelinga og HMS-tenesta kan bidra med og kontakttelefonen om rus som vart oppretta i fjor. Men direktøren er òg klinkande klar på kva som ligg i botnen: alvoret i å ha den arbeidsplassen ein har. – Eit skjult rusproblem er ikkje bra for nokon. Og på eit sjukehus har brorparten av dei tilsette eit arbeid der full merksemd er nødvendig for å gjere jobben dei er sett til. Gjere freistinga minimal Kvinnsland oppfordrar til ein kultur der det å melde frå om rusmistankar er fullt akseptert. – Vi skal ikkje vere politi og moralistar, seier han. – Men vi har eit ansvar for å melde frå. Det er misforstått lojalitet om vi dekker over ein kollega som vi veit har problem. Og det gjeld alle yrkesgrupper på sjukehuset. Som leiar i avdeling har Kvinnsland sjølv opplevd å måtte ta opp rusproblem med tilsette. – Det krev ei nennsam, men fast hand, seier han. 16

Vi har nulltoleranse for bruk av sjukehuset sine legemiddel til privat bruk. Stener Kvinnsland

– Men som leiar må ein vere vaken for og ein må kunne gå inn i slike problemstillingar, sett i lys av ansvaret vi har når det gjeld pasienttryggleik. Derfor er det viktig at leiarar på alle avdelingar er kjende med retningslinjene våre, og det er viktig at rusmiddelarbeidet er tema på avdelingsmøte.

Nulltoleranse Kvinnsland understrekar òg kor viktig det er at alle avdelingar har gode tryggleiksrutinar. Medarbeidarar med rusproblem skal få hjelp og oppfølging, men steling frå arbeidsgivar blir ikkje akseptert.


TEMA

Rus – På ein arbeidsplass som vår, har mange nær tilgang til rusmiddel. Vi må legge til rette for at freistinga blir minimal, seier Kvinnsland. Dersom ein tilsett stel medisinar og forholdet blir vurdert meldt til politiet, skal administrerande direktør orienterast. Det kan vere både når det er ein namngitt mistenkt og når tjuveri blir oppdaga utan at ein mistenker nokon spesielle. I Helse Bergen er det gjennomsnittleg 2-3 saker i året som er så alvorlege at det er grunnlag for å melde dei til politiet. Desse sakene blir også meldt til helsetilsynet og kan få alvorlege arbeidsrettslege konsekvensar for den eller dei tilsette det gjeld. Kvinnsland understrekar at føretaket ser svært alvorleg på tjuveri. – Vi har nulltoleranse for bruk av sjukehuset sine legemiddel til privat bruk, seier han. – Sjukehuset sine legemiddel tilhøyrer pasientane.

Rutinar ved rusmistanke

når arbeidstakar ikkje har pasientrelaterte arbeidsoppgåver - Leiar skal straks gå i dialog med arbeidstakar - Tilby rusmiddeltesting for å få bekrefta eller avkrefta mistanke - Bortvising frå arbeidsplassen - Samtale påfølgande dag

Kontakttelefon om rus Som tilsett i Helse Bergen kan du anonymt ta kontakt med Bergensklinikkene og be om ein samtale dersom du treng nokon å snakke med om ditt forhold til rus. Det kan du gjere via desse to telefonnummera:

55 90 86 90 eller 55 90 87 95

Fakta

Oppfølging

• Dialog mellom arbeidstakar og leiar er hovudverktøyet i oppfølginga, med Personal- og organisasjonsavdelinga som rådgivarar. • Etablere tidsavgrensa oppfølgingsavtale • Rusmiddeltesting som ledd i oppfølging • Tilbod om kartlegging av rusproblemet • Orientering om kontakttelefonen om rus • Orientering til Statens helsetilsyn • Ved akutte tilfelle blir det også ein disiplinær reaksjon, grad av alvor avgjer kva reaksjon som blir gitt.

når arbeidstakar har pasientrelaterte arbeidsoppgåver - Leiar skal utan opphald gå i dialog med arbeidstakar - Vurdere pålagt rusmiddeltesting når dette er grunna i omsyn som gjeld tryggleik og ruspåverknad kan skade liv, helse eller eigedom - Arbeidstakar må samtykke til rusmiddeltesting, men dersom han nektar vil det bli lagt til grunn at positiv test er gitt. - Bortvising frå arbeidsplassen - Samtale påfølgande dag, når arbeidstakar ikkje lenger er ruspåverka.

Numra er betjent måndag til fredag frå klokka 09 til 14. Målet med kontakttelefonen er at tilsette skal kunne ta kontakt dersom dei lurer på om dei brukar for mykje rusmiddel og ønskjer nokon å snakke med. Kvar tilsett kan få inntil fem konsultasjonar på arbeidsgjevar si rekning, utan at arbeidsgivar får namnet på den tilsette. Faktura frå Bergensklinikkene vil gå til arbeidsgjevar som ei statistisk opplysning, utan namn på arbeidstakar. Bakgrunnen for kontakttelefonen er at Helse Bergen ønskjer å satse på førebygging og oppfølging av tilsette som brukar for mykje rusmiddel.

Bergensklinikkene

Mistanke om tjuveri

Helse Bergen har avtale med Bergensklinikkene på fleire område. Som eit av tiltaka når ein arbeidstakar har behov for oppfølging, kan arbeidsgivar bestille kartlegging etter avtale. Det krev samtykkeerklæring frå arbeidstakar, og det blir gitt tilbakemelding til arbeidsgivar. Helse Bergen og Bergensklinikkene har også avtale om rådgiving og kompetanseutvikling for leiarar. Nytt i fjor var avtalen om ein kontakttelefon om rus.

Ved mistanke om tjuveri eller underslag av medikament, eventuelt i kombinasjon med rusmistanke, skal følgjande tiltak vurderast: politianmelding, påtalebegjæring, orientering til Statens helsetilsyn, disiplinære tiltak som suspensjon, overføring til andre oppgåver, oppseiing eller avskjed.

17


Kontakttelefon om rus For tilsette i Helse Bergen som er usikre på om dei brukar for mykje rusmiddel. Du kan ringe Bergensklinikkene anonymt fra kl. 09.00 – 14.00 mandag til fredag.

Helse Vest har valgt Rica Hotels...

Rica har tre hoteller sentralt plasser i Bergen sentrum. Vi tilbyr et bredt spekter av muligheter, enten du skal arrangere konferanser eller bare overnatte.

Møtepakker fra kr. 425,Rica Hotel Bergen T: 55 36 29 00 Neptun Hotel T: 55 30 68 00 Strand Hotel T: 55 59 33 00 18

www.rica.no

FOTO© ØYSTEIN KLAKEGG

55 90 87 95

ARTGARDEN

n

55 90 86 90


(Nattparkering er mulig)

TANNLEGEPRAKSIS

w w w. u t p . n o

Tannlegene Aud Sveen Nygaard og Saeedeh Bagheri Helland ønsker velkommen til vår nye og moderne tannlegepraksis.

Du finner oss mellom Haukeland sykehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus, vis a vis Rema 1000 i Haukelandsveien.

Vi holder til i lyse og trivelige lokaler i det nye helsebygget Ulriksdal Helsepark, som ligger i kort gåavstand fra Haukeland Sykehus. Nye pasienter er velkommen og akutt hjelp ytes samme dag.

Ulriksdal Tannlegepraksis Ulriksdal 2, 5009 Bergen

TILBUD til Helse Bergens ansatte: Gratis undersøkelse og røntgen. Bleking kr. 2000.

55 29 01 20 Ulriksdal Tannlegepraksis

Ulriksdal 2 5009 Bergen

Tlf 55 29 01 20

E-post post@utp.no

19


Haukeland universitetssjukehus har nyleg oppretta ei eiga avdeling for rusmedisin. Avdelinga skal blant anna ha ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og avgjere kor dei best kan bli behandla. Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Ole-Christian Amundsen

– Svært mange menneske har det vanskeleg fordi dei er rusmiddelavhengige. Nokon har relativt små problem medan andre har store. Vi skal ha fokus på dei som valdar seg sjølve og samfunnet størst problem, men vi skal òg ha blikket nedover på skalaen. For det å vere rusmiddelavhengig har mange nivå, seier avdelingsdirektør Ola Jøsendal.

Rett pasient

på rett plass

pasientstraumen inn og ut av sjukehus og kor pasientane best kan bli behandla. Vi skal samarbeide med kommunar og private aktørar både i og utanfor Tilbod i eigen region helseregionen, fortel Jøsendal. På eit sjukehus finn ein pasientar som er – Helse Vest brukar årleg rundt 30 avhengige av rusmiddel uavhengig av kva millionar kroner på pasientar som reiser andre sjukdommar eller skader dei har. ut av regionen for å bli behandla ved Helse Bergen har sett rusfeltet høgt på rusinstitusjonar. Då er det betre å bygge dagsorden både gjennom Strategiplanen opp tilbod i eigen region. og gjennom Rusplan Helse Vest har sett av Eit av dei nye tilboda som for Helse Bergen. 45 millionar kroner skal byggast opp er Eining – Dei fleste pasientane for dobbeldiagnose, som blir lagt inn i i friske midlar til som skal etablerast ved somatiske avdelingar satsing på rusfeltet i Martens i Sandviken i løpet eller avdelingar i 2009. Helse Bergen av 2009. Tilbodet gjeld psykisk helsevern har fått sju. pasientar som samtidig er treng behandling for alvorleg sinnslidande og andre sjukdommar alvorleg rusmiddelavhengige. enn dei rusrelaterte. Dersom pasientane I løpet av året skal det også opprettast klarer å avstå frå rus i perioden før og ei avrusingseining med fire senger i etter innlegging vil effekten av den andre tilknyting til PAM, og Floen-kollektivet behandlinga vere mykje betre, påpeikar skal utvidast med åtte plassar. Jøsendal. Innan psykisk helsevern veit ein for Betre prognose som rusfri eksempel at ein tredjedel av alle Også i somatikken er rus og avhengigheit akuttinnleggingar i Psykiatrisk akuttmottak eit problem. Jøsendal eksemplifiserer (PAM) er rusrelatert. For Avdeling for med noko så daglegdags som tobakk. rusmedisin blir Eining for koordinering – Ein pasient som røyker og kjem inn med ein viktig funksjon. tette blodårer inn til hjerte, vil ha mykje – Denne eininga skal sjå på fristbrot,

20

betre resultat av ei utblokking om han sluttar å røyke enn om han held fram med å røyke. For mange sjukdomar vil inntak av rusmiddel og tobakk gje negative følgjer. – Pasientar som er avhengige av alkohol eller andre rusmiddel kjem ofte høgt på ulukkesstatistikken. Dersom dei klarar å halde seg rusfrie etter operasjonar, er prognosen vesentleg betre enn om dei held fram og rusar seg. Å finne desse pasientane og syte for riktig oppfølging, vil først og fremst falle inn under Rusmedisinsk team. Rusmedisinsk team er ei anna av dei prioriterte oppgåvene til Avdeling for rusmedisin, og teamet skal drive kompetansebygging og sjå på samhandling internt i føretaket. Helse Vest har sett av 45 millionar kroner i friske midlar til satsing på rusfeltet i 2009. Helse Bergen har fått sju. – Avdeling for rusmedisin har foreløpig seks tilsette. Det er Psykiatrisk divisjon som skal stå for oppbygginga av ein del tiltak som skal settast i verk, og vi skal bidra maksimalt til at det blir rett pasient på rett plass, seier Jøsendal.


TEMA

Rus

Tove Karine Nøss (63) gler seg til å forlate leiarposisjonen og bli rådgivar ved Floenkollektivet i staden. Då får ho gjere det ho likar aller best – nemleg å arbeide klinisk med pasientane og hjelpe dei ut av rusavhengigheita.

Ser enkeltmenneske

i fellesskapet

Floenkollektivet var det første offentlige behandlingskollektivet for rusavhengige som vart oppretta. I 24 år har Tove Karine Nøss (63) arbeidd her. No gler ho seg til å forlate leiarposisjonen og bli rådgivar i staden. Tekst: Hilde Sander Meling Foto: Ole-Christian Amundsen

Etter 30 års arbeid med rus, 24 år ved Floenkollektivet – 10 år som nestleiar og 14 år som leiar – ser Nøss fram til å jobbe med det ho likar aller best. Nemleg å få arbeide klinisk med pasientane og hjelpe dei ut av rusavhengigheita. – Etter alle desse åra med rusarbeid, får eg stadig bekrefta at rusavhengigheit oftast berre er eit symptom på relasjonsskadar og psykiske lidingar. Ei undersøking vi gjorde blant pasientane våre i 1995, viser at 87 prosent av pasientane også hadde psykiske lidingar – i hovudsak på grunn av relasjonsskadar eller traumatiske hendingar i livet, fortel Nøss. Dersom dei relasjonsrelaterte, psykiatriske lidingane vert behandla, reduserer det mulegheita for at avhengigheitsproblema skal utvikle seg til ei kronisk liding. Individet i sentrum Nøss er svært glad for den nye avdelinga for rusmedisin som er etablert, og synest

– Etter mi meining er familie- og det er flott at fokuset på rus i sjukehuset venenettverk viktige brikker for å få vert større. pasientane rusfrie, seier Nøss. – Vi som har jobba med rusbehandling i fleire år, merker godt at direktøren Telefon frå kollektivet prioriterer rus og at behandlingsfeltet er Pasientane på Floenkollektivet bekreftar sett på dagsorden. Det er eg veldig nøgd på langt veg det Nøss med, seier Nøss. Ho er opptatt av at Behandlingsfeltet fortel. Dei har laga ei liste over kva som betyr noko kvar einskild pasient er sett på for dei i behandlinga. skal få individuell dagsorden. – Individuell behandling der behandling. Derfor vi får den oppfølginga vi har er ei kartlegging av behov for, gjelds- og økonomirådgiving, pasienten nødvendig for å finne ut kven bli forstått og eit betre samarbeid og som har trong for behandling i poliklinikk, oppfølging frå NAV, er dei første punkta dagbehandling eller institusjonsopphald på lista. i sengepost. – Vi må ha heilskap i behandlinga av – Rett pasient på rett behandlarnivå er rusavhengige. Det betyr at vi må ta omsyn viktig. Eit dilemma med pasientar som til pasientane si psykiske og fysiske har rusa seg over år, er at ein har vanskar helse, og hugse at den rusavhengige med å få ei tilfredsstillande kartlegging som har rusa seg i frå tidlege ungdomsår før pasienten har vore rusfri i om lag tre også har mista opplæring av funksjonar i månadar, påpeikar Nøss. dagleglivet og sosiale ferdigheiter. Det er Ho nemner også kor viktig det er såleis viktig at ein i framtida kan integrere med ei tidleg relasjonskartlegging av den medisinske og sosialfaglege pasienten, slik at ein frå starten av kan kompetansen i behandlinga av dei trekkje inn pasienten sitt familienettverk rusavhengige, seier Nøss. i behandlinga.

21


APOTEKENE VEST HF

Haukeland sjukehusapotek

Sjukehusapoteket, litt

meir

enn eit vanleg apotek • Utvalet vårt av legemiddel og apotekvarer er tilpassa behovet til pasientane på sjukehuset • Vi gjer klar legemidla dine mens du ventar og gir deg råd om korleis du brukar dei på rett måte • Vi tek i mot dei gamle legemidla dine og sørgjer for at dei blir destruerte på ein trygg og miljøvenleg måte • Sjukehusapoteket produserer legemiddel som ein ikkje kan skaffe på annan måte. Vi produserer legemiddel til den enkelte, til sjukehusa og til apotek over heile landet • Vi forsyner dei fleste avdelingane i Helse Bergen med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester • Vi samarbeider med tilsette i Helse Bergen og kommunehelsetenesta for å sjå til at du som pasient får rett legemiddelbehandling

SJUKEHUSAPOTEKET ER FOR ALLE! Haukeland sjukehusapotek finn du i Sentralblokka på Haukeland Universitetssjukehus i Jonas Lies vei 65 Telefon 55 97 53 58 Telefaks 55 29 07 40 E-post: bergen@apotekene-vest.no Heimeside: www.apotekene-vest.no 22


Etikk Overlege Anders Alme Barneklinikken Medlem av klinisk etikkomite (KEK)

Mot eit klasselaust

helsevesen? F

rå 1970 til1997 var det ei heving av levealderen i alle sosialgruppene. Auken var størst hos dei med høg sosial status og høg venta levealder, sterkare hos menn enn hos kvinner. Det betyr at i gruppene med låg sosioøkonomisk status er venta levealder låg, og skilnaden frå dei med høg status veks. Desse ulikskapane finn vi uavhengig av korleis vi definerer helse og sosialgrupper. Dette er den ”sosiale helsegradienten”.

U

tdanningsnivået er, på same måte som inntekt, ein sterk determinant for helse. Helsegradienten følgjer utdanningsnivåa frå grunnskuleutdanning gjennom vidaregåande skule, høgskule-og lågare universitets­utdanning til høgare universitetsutdanning. Om vi grupperer ut frå klasse, kjønn, geografi og etnisitet er det tilsvarande helseskilnader. Årsakene er ikkje nødvendigvis mangel på grunnleggande materielle levekår, men kan gjerne forklarast ut frå familiestatus og sosiale nettverk, organiserte aktivitetar, personlege verdiar, haldningar og helseoppfatningar, eller bruken av helsetenestene. or meg som barnelege er det naturleg å finne døme som gjeld barnehelse. I Skandinavia har risikoen for dødfødsel og død i det

F

første leveåret gått ned, sterkast der mødrene har høg utdanning. Ulike studiar har mellom anna synt at i immigrantgruppene frå Pakistan, Tyrkia og Somalia var risikoen høgare enn i den etnisk danske majoriteten og gruppene frå tidligare Jugoslavia og Libanon, jamvel ved korrigering for inntekt og mødrene si utdanning. I den pakistanske gruppa kunne det ha samanheng med foreldreslektskap, og blant austafrikanske kvinner vart det påvist suboptimal bruk av helsetenestene. I Sverige har ein påvist ein sosioøkonomisk faktor ved cerebral parese og ved fødselsrelaterte komplikasjonar. Fleire studiar syner at over- og undervekt hos barn er hyppigare i område med låg sosioøkonomisk status. Og i dei låge sosioøkonomiske gruppene har barn med kroniske sjukdommar gjerne eit underforbruk av spesialisthelsetenester, uavhengig av foreldra sine oppfatningar av behovet for slike tenester og omfanget i bruken av allmennlegetenester.

S

kilnader i helse skal vere uavhengige av klasse og sosioøkonomisk status. Då trengst det overordna, målretta og langsiktige politiske tiltak retta mot alle. Helsetenestene har, gjennom prioriteringane, ansvar for å gi likeverdige tenester for likeverdige helseplager. Faglege og administrative

rutinar må gi rom for individualisering ut frå skilnader i behova, med vektlegging av god kommunikasjon og meistringshjelp ved evnemessige, kulturelle og språklege barrierar. Vi må kartlegge og endre rutinar som kan forsterke skilnadene. Barna er særskild sårbare, og grunnlaget for den sosioøkonomiske helsegradienten blir lagt i barnealderen. Derfor må oppvekstvilkåra og barna og kvinnene si helse særskild vektleggast.

I Skandinavia har risikoen for dødfødsel og død i det første leveåret gått ned, sterkast der mødrene har høg utdanning.

Tilleggslesing: Helsedirektoratet sine skrifter om sosiale skilnader og gradientutfordringa.

23


Den som alltid veit r책d

24


Mitt yrke

Mitt yrke: Rådgivar – Eg er ei blanding av potet og lim, seier Sylvi Inger Holm Bjørke. Ho er ein av 220 rådgivarar i Helse Bergen. Tekst og foto: Ragnhild Dårflot Olsen

– Det er mykje uføresett som skjer, sjølv om det er godt organisert på førehand, fortel Sylvi. Etter sju år som personalrådgivar i administrasjonen ved Voss sjukehus, veit ho kva ho snakkar om. Ho smiler. – Du skal aldri tru at alle brikker er på plass. Mange oppgåver har ein tendens til å hamne her. Når andre seier det ikkje er deira bord, blir det ofte Sylvi sitt bord. Som i dag då møterommet var opptatt etter lunsj, sjølv om Sylvi hadde booka inn KLP heile dagen. Brått måtte nokon andre ha rommet, og rådgivaren måtte i hui og hast finne ei anna løysing. Det enda med at KLP får låne Sylvi sitt kontor. Ho har alt hengt opp lapp på døra til møterommet. – Så går eg bort på Føden ein tur. Dei har spurt om hjelp med nokre HMS-skjema, seier ho. I følgje Sylvi handlar det å vere rådgivar mykje om nettopp dette, å vere fleksibel, finne løysingar, kunne snu seg rundt på kort tid. – Du må vere rask til å oppfatte ein situasjon eller ei problemstilling slik den andre parten opplever den, påpeikar ho. Sylvi Inger Holm Bjørke framstår som ei både fleksibel og velorganisert dame. Treng for eksempel nokon i administrasjonen på Haukeland hjelp med noko på Voss, går vegen veldig ofte om Sylvi. Som alltid veit råd. Derfor er det med ei viss forundring vi registrerer at kontoret hennar ikkje akkurat gjenspeglar dette inntrykket. Her er rett og slett litt mykje …rot? – Vi har nettopp omorganisert og flytta, så eg har ikkje heilt kome i orden enno,

forklarar ho og let blikket sveipe over kassane på golvet. Kassar fulle av brosjyrar frå så ulike avsendarar som Helse Vest til Voss Turistinformasjon. Alt informasjonsmateriale som kjem til Voss sjukehus og som skal vidare til dei tilsette, kjem til Sylvi. Kassane inneheld også permar som ventar på sin tilmålte plass i hylla. Saman med dei mange titals permane som alt står der. HMS, stikkskadar, AMU, r a b a t t o r d n i n g a r, Røykfritt sjukehus, t u r n u s l e g a r, yrkesskadar, AMU og to tjukke permar med annonsar. For ikkje å gløyme festhjørna, der alle permane med bilde, invitasjonar og takkekort frå tilstellingar ved sjukehuset er samla. – Vi har ein god festkomité, seier Sylvi med glimt i auge. – Det er husøkonomen, kjøkkensjefen og eg. I følgje Sylvi kan ryggen på alle permane sjåast som punkta på ein powerpointpresentasjon av jobben hennar. Sjølv om dei i dag mest fungerer som eit arkiv og oppslagsverk, då jobben føregår ved datamaskinen. Rådgivaren set hendene på hoftene. – Det skal bli færre permar, nikkar ho. Og smiler lurt. – Med tida tar eg sikte på å få det første papirlause kontoret i Helse Bergen!

i hyller, kontoret sin tale er klar: rådgivar Sylvi si rolle er allsidig. Men det aller mest allsidige er kanskje det som skjer innimellom alle permane – telefonane, besøka, samtalane, spørsmåla. – Som rådgivar er du også eit slags lim. Du tar deg ofte av dei små tinga som gjer at det går rundt, svarar på dei usynlege men viktige spørsmåla. Du er litt problemløysar og fiksar, du må ha allsidige kunnskapar, meiner Sylvi. Eller sagt på ein annan måte: du må vere potet på mange felt. – For eksempel får vi mange spørsmål om praktiske og ikkjepraktiske ting som vi må prøve å finne svar på. Både utanfrå og frå dei tilsette, forklarar Sylvi. – Mange henvendingar hamnar her hos meg. Ein rådgivar må vere rask til å nøste og finne informasjon om det aller meste, ikkje berre når det gjeld lovar og avtalar.

Du skal aldri tru at alle brikker er på plass.

Det blir ikkje tid til å rydde meir på plass denne dagen heller. For det første er Hospitalet på besøk, for det andre skal som nemnt kontoret lånast vekk til KLP siste halvdel av dagen.

Dagen i går, til dømes, var hektisk. Då ringte telefonen i eitt. I tillegg skulle KLPkampanjen planleggast, det same skulle mottakinga av ein ny lege med familie som kjem til Voss frå Polen. I morgon skal dei siste bitane til den komande kjemikaliedagen på plass. – I mi stilling jobbar eg med nesten alt som ikkje er pasientretta. Det er viktig å vere tilgjengeleg for dei tilsette, at dei får svar på spørsmål der og då, seier Sylvi. – Eg prøver å vere ein del rundt på avdelingane. Levere noko, hente noko anna tilbake. Slå av ein prat. Eg trur ein viktig eigenskap i denne jobben er å vere genuint interessert i andre sitt ve og vel.

Uansett om permane ligg i kassar eller står

25


--

t d o G ! t e b b jo

Kjenner du en

hverdagshelt?

En som gir litt ekstra av seg selv til glede for ­pasienter eller ­kolleger? I hvert nummer av Hospitalet gir vi â€?Godt jobbet!â€?-prisen til en ­ansatt i Helse Bergen. Prisen bestĂĽr av diplom til ĂĽ henge pĂĽ ­veggen, bilde i Hospitalet og et eksemplar av de svĂŚrt eksklu­sive â€?Godt jobbet!â€?-krusene! Kandidater til â€?Godt jobbet!â€? ­sendes til info@ helse-bergen.no. Vi trenger navn, ­avdeling og selvsagt en god begrunnelse for hvorfor akkurat denne ­med­arbeideren fortjener â€?Godt jobbet!â€?-prisen.

Paula Carolina SĂŚtre

Hjerteavdeloingen post 3, MIO

Her hos oss pĂĽ MIO har vi en unik postsekretĂŚr. Hun sitter i skranken og tar imot alle som kommer inn pĂĽ avdelingen med et smil. Hun har en stor arbeidskapasitet. Alltid tilgjengelig for sjukepleiare, leger, pasienter og pĂĽrørende. Vi har ALDRI opplevd at hun har sagt nei nĂĽr vi har bedt om hjelp til noe. Første ĂĽret hun jobbet ved avdelingen hadde hun alltid en strektegning til legene som en hyggelig morgenhilsen. Legene er helt avhengig av Paula. Hun har ogsĂĽ laget et â€?ratingâ€? system til dem slik at hun har fĂĽtt frem hvilken lege som har gjort den beste jobben med ĂĽ fylle ut skjemaer o.l. De har fĂĽtt gull, sølv og bronse-medaljer... og det har faktisk sett ut som om at de lar seg inspirere av papirmedaljene sine :) de har jobbet som bare det. Da jeg sa at vi skulle melde Paula pĂĽ Godt jobbet-prisen ble alle engasjert og mente at det var en kjempeide ;-) Paula kommer fra Chile og snakker derfor spansk. Vi bruker henne til tolk nĂĽr vi fĂĽr inn spansktalende pasienter. Hun sørger ogsĂĽ for at vi fyller ut skjemaer og tar kopi av pass og Ta kontakt med oss pĂĽ forsikringspapirer slik at vi fĂĽr betalt for alle turistene vi behandler. Da blir de glade i administrasjonen til hjerteavdelingen... Hurtigruteterminalen Paula er glad i en spøk. Jeg tror ikke det har vĂŚrt en 1.april hun ikke har funnet pĂĽ et sprell... Hun er kreativ og en pĂĽdriver i sosiale sammenhenger. Hun vant konkuransen for beste antrekk pĂĽ den siste blĂĽturen vi hadde. Jentene pĂĽ jobben ( jeg trodde faktisk alle fikk) fĂĽr ofte humor- Telefon: 55 54 36 30 mailer som gĂĽr ut over menn generelt, noe vi jenter som kjent E-post: bgo@viatravel.no synes er morsomt.

Ut ĂĽ reise?

!

!

Hun kan ifølge flere av mine mannlige kollegar sjarmere i senk den mest instuderte grinebiter. Hilsen alle pü MIO

Besøksadresse: Nøstegaten 30, 5010 Bergen

26


RT KO

&

DT O G

Visste du at?

Talldoktoren

8733 pasienter ble frakta i seng av Hospitaldrift transport i desember 2008. Den 9. februar kl. 07.00 var det 30 korridorpasienter i hele Helse Bergen.

Skritteller ikke?

Vi setter yrkesgrupper opp mot hverandre. Alle sier de springer så fælt. Men hvem springer mest i løpet av en arbeidsdag? Først ut er rådgiver versus viseadministrerende direktør versus hjelpepleier. En enkel match, trodde vi rådgivere...

2202

11480

Anne Sissel Faugstad

Rådgiver Kommunikasjonsavdelingen

Viseadministrerende direktør Foretaksledelsen

2202 skritt

Vi som jobber i Helse Bergen: Det er tre personer som heter Anne Sissel. De vanligste fornavn er Anette (43), Anita (98), Kari (173), Pål (25), Per (73) og Arne (34).

hsi

Haukeland Sykehus Idrettslag (HSI) har rundt 1 000 medlemmer fordelt på 16 grupper. Aerobic, badminton, basket, friidrett, golf, håndball, innebandy, skyting og yoga er noen av disse.

3093

Ole-Christian Amundsen

8950985+3458704592+095825\9

Karin Solem Hjelpepleier Kirurgisk klinikk, Post 2

3093 skritt

11480 skritt

Vi gratulerer Hjelpepleier Karin Solem. Hun springer over dobbelt så mye som én rådgiver og én direktør til sammen hver eneste dag. Premie kommer i posten.

HSI Skyting teller i dag tre kvinner og åtte menn. Dersom du har lyst til å være med er du hjertelig velkommen på laget. Skytegruppa holder hus i gamle røntgenarkivet med inngang mellom oppgangen til gamle kantinen og Vaskeriet. De har trening onsdag ettermiddag. Utøverne skyter med luftgevær. Treningsiveren har vært stor og gruppa har mange flotte resultater å vise til.

Kunst

Internasjonalt anerkjent i 2.

Utenfor lokalene til Medisinsk ferdighetssenter i 2. etasje kan du betrakte kunstverket fra en av Norges fremste nålevende samtidskunstnere.

I Sentralblokkens 2. etasje i østre nord-syd korridor finnes flere spennende kunstverk. På hver sin side av oljeportrettet av Mikael Farstad, signert Bjørn Tvedt i 1997 og døren til Medisinsk ferdighetssenter, kan vi se originalverk fra den internasjonalt anerkjente norske samtidskunstneren Anne Katrine Dolven (AK Dolven). ”Med ryggen mot fjellet” (237 x 205 cm og 110 x 220 cm) (1987) heter de to oljemaleriene som er malt rett på vegg, og rammet inn i gammel dørkarm. Dolven (1953) er født og oppvokst i Oslo. Hun har sin utdannelse ved Ecole des Beaux Arts Aix-en-Provence, Ecole National Supérieur des Beaux Arts Paris og Statens Kunstakademi, Oslo. I 2004 var hun Festspillkunstner under Festspillene i Bergen, og i 2005 ble hun tildelt Prins Eugens Kulturpris av svenskekongen for hennes kunsteriske innsats.

www.akdolven.com

27


Returadresse: Helse Bergen Haukeland universitetssjukehus Kommunikasjonsavdelingen 5021 Bergen

Foto: Ole-Christian Amundsen

B

Sirkus Voss

Fredag 6. og laurdag 7. februar inviterte revygjengen på Voss sjukehus til musikk, lått og løye. Over 500 fekk med seg forestillinga ”Helsekes sirkus” som sette søkelys på tema som stabsmøte, lokalpolitikk og stråleskadar. Marianne Almeland og Thordis E. H. Norekvål var dei sjonglerande sjukehusklovnane.

28


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.