Hått Halling

Page 1

Eit blad frå Buskerud Mållag 2014

– Halling e grådig sexy! Tove Bøygard

• mediemål Are Kalvø og Linda Eide • reklame Dialekt som merkevare • språkrøkt Ragnhild Sælthun Fjørtoft • p e da g o g i k k Tips til foreldre, skule og barnehage

ka si i Det er vanskeleg å nå fram med sa enn å media. Me såg ingen annan utveg be målfolk kaste kleda. s i d e 4–9


Kva kler deg? Eg har blitt rundare i kantane med åra. Også i overført betydning. Men like sikkert som at eg stadig kjem i prat med byfolk som flirer hånleg av nynorsk, like sikkert er det at den pubertale urbygdisen i meg vaknar. Og ho, ho vurderer seriøst å ha kyr på beite i byggefelthagen, berre for å demonstrere. Eg blir, diverre, meir overraska over at fjortisen i meg framleis finst, enn av dei historielause argumenta frå dei som meiner nynorsk er bondsk og overflødig. By og land går stadig sjeldnare hand i hand, og når det skjer, er det byen som bestemmer når dei vil by fram handa. Eg blir derimot ganske overrumpla når sambygdingar argumenterer på same viset. Når dei seier det er mest praktisk om alle skriv likt. Bokmålslikt. «E skjøna’kje nynorsk», seier dei, «den e so vanskele å tegjort». Og då hender det eg undrar meg. Om nynorsk kan framprovosere dei same kjenslene hjå somme bygdisar, slik som bokmålsarroganse gjer hjå meg? Synest somme at nynorsk er meir framand enn bokmål, og kvifor har det i so fall blitt slik? Har dei hatt lærarar som var meir opptekne av å pirke på grammatikken enn å sjå på innhaldet i det dei skreiv? Vart dei stappa skuleøyro fulle med mursteinstjukke klassikarar på nynorsk, medan alt som var tøft og attkjennbart og råkkenråll fanst på bokmål? Set dei likheitsteikn mellom det å skrive nynorsk, og det å vera akademikar eller kulturfiff? Trur dei kanskje, at du må vera over snittet glad i folkemusikk eller spesielt historisk bevandra for å skrive nynorsk? Eller endå verre – at du må vera spesielt god i norsk for å skrive nynorsk? Somme skriv nynorsk fordi dei meistrar det best. Andre meiner nynorsk er vakrare enn bokmål. Somme synest det er meir fornuftig å bruke eit språk som er bygd på gamle norske dialektar, enn bokmålet som stammar frå dansk borgarskap og overmakt. Andre skriv nynorsk fordi dei likar at me har eit språk som har freista å ta opp i seg alle dei munnlege variasjonane som finst i landet, og ikkje stemplar nokon dialekt eller bustadadresse som lågstatus. Mange skriv nynorsk fordi dei pratar dialekt, og vil at skriftmålet skal spegle meir av deira personlege stemme. Andre skriv nynorsk fordi dei er lei førestillinga om at alt som kjem frå byen, er betre enn det frå bygda. Atter andre gjer det for å skilja seg ut frå bokmålshopen. Berre så det er sagt: Du treng ikkje å bli mållagsmedlem om du synest 200 kroner er for mykje, eller om politisk målarbeid interesserer deg midt bak. Du treng korkje vera interessert i språk eller god i norsk for å skrive nynorsk. Det er sjølvsagt heilt greitt å skrive dårleg nynorsk også. Då eg var fjortis, synte eg grønt hår var ein god måte å vise fingeren til både flokkmentalitet og historielause einskildpersonar og system på. Eg er slett ikkje sikker på at alle skjønte kva eg protesterte mot. I dag ser eg at å skrive nynorsk kan signalisere noko av det same. Og ja, eg ser ikkje bort frå at det også kler meg ein del betre. Håpet er, at når du har lese denne avisa, ser du deg i spegelen og tenkjer over kva som kler deg best. Kanskje også du er mogen for eit stilskifte? Heidi Molstad Andresen, prosjektleiar i Hått Halling

Utgjeven av Buskerud Mållag Redaktør: Heidi Molstad Andresen, hatthalling@gmail.com Utforming: Kjartan Helleve, Noregs Mållag Framsidefoto: Heidi Molstad Andresen

2

«Det er på tide at me tør syne kven me er.»

Hallingane er eit roleg og lågmælt folkeferd. Me likar ikkje å slå oss på Kjell Snerte bringa og yppe til strid, og gjennom hundreåra har me vore vane med å tilpasse oss ulike kår og skiftande vêr. For hallingmålet og nynorsken har det vore ruskevêr no ei stund. Bokmålsvinden har feid gjennom dalen, og gjort fleire hallingar sitt forhold både til dialekt og nynorsk ganske kjøleg. Istid er det likevel ikkje. Mange står støtt i motvinden, og har eit varmt hjarta for språket. Det såg me sist då holingane sa eit rungande nei til å kaste nynorsken ut or skulen.

Nynorsk ligg svært nær dialekta vår. Den stør opp under hallingmålet. Med det hjelper nynorsken oss til å halde kontakt med historia. På same tid peikar også samspelet mellom nynorsk og dialekt framover. Saman byggjer dei identitet, og styrkar kjensla av å høyre til ein stad. Det er viktig i dagens globaliserte samfunn. Men like mykje som at desse skrift- og talemåla styrker våre eigne røter, gjer dei oss også betre rusta til møtet med den store verda. Vitskapen syner ikkje berre at ungar som har nynorsk som hovudmål i skulen generelt meistrar språk betre enn dei som har hatt bokmål. Den syner også at språksenteret wer som ein muskel – som veks og får større kapasitet jo fleire språk den lærer. Å vere oppteken av å bevare nynorsk skriftspråk og hallingmålet stengjer ikkje dører til verda utanfor: Det opnar dei. Det handlar om å ha både utsyn og innsyn på same tid. Om ikkje me brenn for tradisjonane våre og språket vårt, er det ingen andre som gjer det. Men om me syner at me er trygge på kven me er og stolte av kvar me kjem frå, smittar det over på dei som kjem hit. Slikt blir det levande, levedyktige og etterspurte bygder av. Den nakne sanninga er at det ikkje finst nokon gode grunnar til at me skal kaste vrak på vårt eige særpreg og gøyme oss bort. Me har ingenting å skjemmast over, berre svært mykje å vera stolte av. Buskerud Mållag meiner det er på tide at me tør syne kven me er, og kvifor det er viktig at me er nettopp dei me er. Det er difor eg, og mange med meg, kastar kleda for nynorsken og hallingen på dei neste sidene. Kjell Snerte leiar i Buskerud Mållag

Styret i Buskerud Mållag Kjell Snerte, leiar (Hemsedal Mållag) Oddmund Vestenfor, skrivar (Buskerud Mållag) Tor Bergum, kasserar (Gol Mållag) Gunnar Ottne (Drammen og Eiker Mållag) Lars-Erik Jacobsen (Rollag Mållag) Ola Ruud (Hol Mållag) Kontaktpersonar lokalt Ål Mållag: Tordis Perstølen Hol Mållag: Turid Sæland Gol Mållag: Herbjørn Brennhovd Hemsedal Mållag: Sønnev Skrede

3


MÅLBERARANE

«I dag er eg ein stolt og sjølvsikker halling som er både griug og leug.» Thomas Mørch

Den nakne sanninga Du veit at bodskapen er viktig, når staute hallingar kastar kleda for å bli høyrt. Tekst og foto: Heidi Molstad Andresen

Thomas Mørch (28) fotograf Frå Nes, busett på Nes

Favoritthallingord? – «Affe». Det kling så bra, og er eit artigt utrykk! «Skaru ha ei lefse affe kaffin?»

Var du medviten om målet ditt då du var yngre ? – Eg fekk inn halling med morsmjølka for 28 år sidan, men var fæl til å leggje om til bokmål når eg prata med folk eg ikkje kjente. Det vart slik automatisk. I dag pratar eg halling til kvardags, men det hender nok framleis eg legg om til bokmål utan å vera klar over det – om eg skal presentere meg i telefonen eller når den eg pratar med snakkar veldig «pent». Det er sjølvsagt utruleg irriterande, og eg prøver å leggje det av meg.

Nolevande hallingtalande helt? – Arne Moslåtten.

Har du nokon gong bytt heilt til bokmål? – Nei, den tanken har aldri slått meg. Men eg har fleire kjenningar som har lagt om, anten grunna kjærast, jobb eller flytting. Det er kanskje ei slags flokk-greie, det med å prøve å vera lik dei andre ein pratar med. For min del går hallingpraten mykje lettare med nordlendingar og bergensarar, men det er kanskje naturleg. Halling er jo ikkje vanskeleg å forstå, men eg var nok ikkje like sikker på det då eg var yngre. I dag er eg ein stolt og sjølvsikker halling som er både griug og leug. Har forholdet til dialekten din endra seg? – Eg er blitt endå meir glad i hallingdialekten med åra. Det er ekstra moro å høyre den på tv eller radio. Då blir eg stolt. Det er også fint å kunne vidareføre dialekten til dotter mi på fire år. Men ho er ei bestemt frøken og vil ikkje drikke «mjølk», så me har framleis ein del å jobbe med. Mange i barnehagen pratar bokmål, så ho plukkar jo opp ting der. Difor er det ekstra viktig at me i familien opprettheldt målet. Heng halling saman med nynorsk skriftmål? – Fyrste året på vidaregåande trudde eg ikkje at det var så stor skilnad, men eg fekk det skriftleg frå læraren at eg skreiv meir hallingtale enn nynorsk i stilane mine. Så samanghengen er tydeleg der, sjølv om kvar hallingbygd og andre dialektar har ulike ord og uttrykk. Har du nokon gong blitt mistolka for målet ditt? – Eg skulle spørje etter ein pose på ein bensinstasjon i Tønsberg, og sa «pøse». Eg har vel aldri brukt så lang tid på å få tak i ein pose i heile mitt liv.

4

Oppmoding til hallingane som er i ferd med å bli bokmålsfolk? – Svall kav halling! Hugs at halling er den trivelegaste dialekten å høyre på. Prat halling med ungane frå dei er små, og spør om «pøse» kvar gong du handlar. Ikkje ver redd for ikkje å bli forstått – eg trur Noregs befolkning kan halling mykje betre enn me trur. Det skal me takke Hellbillies for. Kvifor kler du deg halvnaken for halling? – Ein må sjølvsagt stille opp for kongeriket sitt, og vakre Hallingdal. Kast kleun for hallingen! Kanskje «hallingkast» får ei ny tyding? Anne Gudbransgard (42) lærar Frå Votndalen, busett på Ål Målform ved skulestart? – Nynorsk. Eg kan ikkje hugse at eg visste om noka anna skriveform enn nynorsk. På ungdomsskulen hadde eg eit snev av nynorsk «blokking». Eg ville helst prate bokmål og skrive bokmål, men er glad eg kom over det. Alle klassekameratane mine skreiv nynorsk, så vidt eg veit. Eg trur ikkje det var like enkelt å velja bokmål som hovudmål, slik som det er i dag, men veit eigentleg ikkje. Eg sjekka det aldri ut. Pratar du sjølv med elevane dine om mål og målval? – Eg har elevar på småtrinnet, så målval blir det ikkje så mykje prat om. Men me pratar ein del om kva ting heiter på bokmål, og kva det heiter på nynorsk. Ved at ein stadig pratar om det, blir elevane meir bevisste, og det er viktig. Det er også viktig å poengtere at det eine ikkje er betre enn det andre. Korleis var det å ha nynorsk på skulen? – Eg hadde nynorske lærebøker i dei fleste faga på

5


MÅLBERARANE

«Tankane mine er på ein måte nynorske, i og med at hallingdialekten er så nynorsknær.»

«Ein del undrar seg nok over at eg som kjem frå Oslo, skriv nynorsk» Dag Wollebæk

Anne Gudbransgard

vidaregåande, med unnatak av rettslære der det vart sagt at orda og uttrykka var enklare om eg hadde bokmålsbok. På lærarskulen i Sogndal var mykje av undervisninga på nynorsk. Dersom undervisninga var på bokmål, skreiv eg nynorske notat, men av og til vart nok notata meir bokmål enn nynorsk på slutten. Mykje av litteraturen var på bokmål. Kvifor er det viktig å bevara nynorsken? – Nynorsk er nærmare halling enn det bokmål er - og også nærmare mange andre dialektar. Eg synest også at nynorsk er meir mangfaldig enn bokmål. Bokmålet har eg fått gratis gjennom tv, litteratur og aviser, og det gjer at eg meistrar begge målformer temmeleg godt. Har du nokon fordelar som nynorsking? – Eg jobbar i Ål kommune, som er nynorskkommune. Ettersom undervisningsspråket mitt er nynorsk, er det sjølvsagt ein stor fordel å vera nynorsking. Tankane mine er på ein måte nynorske, i og med at hallingdialekten er så nynorsknær. Det gjer det lettare for meg når eg skal undervise og skrive på nynorsk. Favorittord på nynorsk? – Det må bli sparkstytting, det er eit artig ord. Kva seier du til lærarane som er like lite motiverte for nynorsk som somme elevar er det? – Eg kan ikkje hugse å ha møtt slike, men no har eg mest med lærarar i Ål å gjera, og dei som har arbeid her, veit jo at det er nynorsk som er hovudmålet. Hadde dei hatt mykje mot nynorsk, burde dei heller ikkje ha søkt seg jobb som lærar i kommunen. Nolevande nynorskhelt? – Eg likar godt både Linda Eide og Are Kalvø. Beste nynorske litteraturtips? – Oi, den var vrien! Eg les temmeleg mykje, men det meste er nok på bokmål. Eg har teke imot lesetips eg har fått, utan å tenkje over om bøkene er på nynorsk eller bokmål. Men når eg les, så blir det til nynorsk i tankane mine. Slik er det når eg les for elevane til maten også. Om boka er på bokmål, så kjem ho ut på nynorsk. Men eg må nok ta meg ein tur på biblioteket og sjekke ut meir nynorsk litteratur, ja. Oppmoding til hallingane, som er i ferd med å bli bokmålsfolk både skriftleg og munnleg? Hald på dialekten, då blir du mykje meir interessant. Du vil skilja deg ut som ein diamant iblant gråstein! Kanskje litt flåsete, men det er noko i det. Kvifor kler du deg naken for nynorsk? – Fordi nynorsk er tøft, og eg synest sjølv eg er tøff som gjer det. Og sjølvsagt synest eg det er ei viktig sak. Skal nynorsken bli lagt merke til, så må det kanskje litt nakenheit til!

6

Dag Wollebæk (69) lærar Frå Grorud i Oslo, busett på Gol

Tove Bøygard (48) artist Frå Votndalen i Ål, bur i Oslo

Kva slags dialekt pratar du? – Eg prøver å halde på Grorudmålet mitt frå 1950talet, men det hender det kjem nokre hallinguttrykk innimellom.

Var du medviten om hallingmålet ditt då du var yngre? – Eg vart det på ungdomsskulen, der eg for fyrste gong fekk klassekameratar som ikkje prata halling.

Kva for målform hadde du då du tok til på skulen? – Eg skreiv bokmål under heile utdanningstida mi. Frå realskuletida og framover brukte eg eit svært radikalt bokmål.

Har du nokon gong bytt til bokmål? – Ja, eg slo heilt om på slutten av 80-talet. Det var den store opprørsperioden min, då eg vanka på Blitz, spelte i pønkbandet «Perler for svin» og var lei låg takhøgd og trongsynte dølatankar. Eg har faktisk framleis problem med å prate halling med gamle vener som eg før prata Oslo aust-dialekt med. Men eg jobbar med saka. Målet er å prate kav halling på fulltid! Har forholdet til dialekten din endra seg med åra? – Ja, definitivt. Før hadde eg trong til å ha avstand til Ål og opplevingar frå ungdomsskuletida, og drog bevisst frå både dialekt og bakgrunn. Dei siste åra har eg forsona meg med historia mi og dårlege ungdomsopplevingar, der mykje handla om kjensla av ikkje å høyre til i Ål. Eg har ein enorm kjærleik til Skrindo og naturen, og leikar med tanken om delvis å flytte heim. I dag synest eg hallingdialekten er den finaste i verda! Har det vore vanskeleg å halde på dialekten? – Ja, som sagt før, la eg lenge heilt bevisst bort dialekten. Men det har alltid vore greitt å prate dialekt med andre som pratar dialekt. Korleis føler du at dialekten din heng saman med nynorsk skriftmål? – Dei heng godt i hop. Eg hadde nynorsk på skulen i alle år, men skifta til bokmål då eg flytta frå Ål. Så i dag er skriftmålet mitt bokmål, men eg skriv også veldig ofte på halling. Har du som dialektbrukar nokon fordelar som artist? – Ja, dialekten vår syng i seg sjølv. Han er lett å laga tekst av, og er poetisk og vakker. Korleis reagerer folk på at du pratar og syng på halling? – Berre positivt. Alle synest at eg og syster mi Anita har ein veldig flott dialekt.

Når byrja du å skrive nynorsk? – Etter at eg i 1973 blei tilsett ved Hallingdal Folkehøgskule, fall det stadig meir naturleg. Både skulen og Norsk Folkehøgskolelag, der eg seinare arbeidde, hadde nynorsk som målform. Elles er eg vaksen opp i ein målfamilie, så eg var godt budd. Mor skreiv alltid nynorsk, og far var norskfilolog med eit radikalt språksyn. «Syn og Segn» og «Dag og Tid» dumpa stadig ned i postkassa. Og eg skreiv nokre innlegg i ulike skuleaviser på nynorsk. Er det vanskeleg å skrive nynorsk? – Det er vanskeleg å la vera. I dag brukar eg alltid nynorsk – både på handlelappar, julekort og i artiklar. Favoritthallingord? – «Svalle». Det er eit veldig triveleg ord. Nolevande hallingtalande helt? – Bjørn Kvinnegard! Han held på den gamle hallingdialekten, er ein framifrå munnharpespelar og eit fantastisk menneske. Har du nokon gong blitt mistolka på grunn av dialekten din? – I Hallingdal kallar me jo bunaden for «dåse», og pratar til dømes om «dåsakjeringadn». I Oslo er ordet «dåsa» eit slengord for det kvinnelege kjønnsorganet, og eg kan jo skjøne at nokon har lurt litt når eg har sagt at «e gler me te neste helg, får då ska e ha på me dåse». Oppmoding til hallingane som er i ferd med å bli bokmålsfolk både skriftleg og munnleg? – Språk og dialekt er kultur og personlegdom. Det kan vera mange årsaker til at folk forandrar språket sitt; eg gjorde det sjølv i ein fase av livet, og hadde mine grunnar. Eg trur alle må finne sitt uttrykk som ein kjenner seg vel med. Mykje av personlegdomen vår ligg i språket, og dialekt er mangfald og ein veldig viktig kulturarv. Det e allder får seint å sjifte mål - og så e jo dialekt grådi sexy! Kvifor kler du deg halvnaken for halling? – Fordi hallingdialekten er nøggle fin og viktig å halde i hevd, og fordi dette er eit artig og positivt stunt gjort med glimt i augo!

Kvifor er det viktig å bevare nynorsken? – Trass i at dialektane stadig blir vatna ut og at ein i fleire og fleire bygder høyrer ungane nærast snakke drabantbymål frå Oslo, ligg nynorsk nærast det folkelege talemålet. Det gjeld faktisk i store trekk også for målet til «bokmålsungane» i bustadfelta. Har det vore vanskeleg å halde på Grorud-dialekten din? – Det hender eg knotar litt med hallingvendingar, men stort sett går det vel bra. Korleis føler du at dialekten din heng saman med nynorsk skriftmål? – Nærare enn mange trur. Målet mitt har mykje av same setningsoppbygginga og bøyingsmønsteret som nynorsk. Eg seier «blei kasta», ikkje «ble kastet». Hankjønn bestemt fleirtal har t.d. «hesta» og «gutta». Det er berre å føye til «–ne». Då eg var lærar i ungdomsskulen i Oslo aust, gjorde eg eit forsøk med elevane: Eg skreiv nokre setningar på nynorsk på tavla, og så bad eg dei skrive ned dei same setningane slik dei prata, på sitt eige talemål. Deretter skreiv eg setningane med moderat bokmål, som var det dei bruka skrive. Nynorsken vann med 60/40. Har du nokon fordelar som nynorsking? – Det blir jo lagt merke til, og det opnar for fine samtalar om språk. Dessutan er det jo alltid ein fordel å kunne meistre to målformer.

7


MÅLBERARANE

«Viss eg nokon gong får ungar og dei ikkje svallar halling, er dei ikkje ungane mine.»

«Skriftspråk handlar også om identitet, og nynorsk heng tett saman med hallingdialekta.»

Erik Fossgård

Signe Fuglesteg Luksengard

med «me svallast», og då blir byfolk nysgjerrige og spør kva det betyr. Eg er viss på at dei hugsar den telefonsamtala endå betre etter det.

Korleis reagerer folk på at du skriv nynorsk og pratar Oslo-dialekt? – Ein del undrar seg nok over at eg som kjem frå Oslo, skriv nynorsk, men eg kan ikkje hugse å ha fått spydige kommentarar.

Heng dialekten di saman med nynorsk? – Eg skriv som oftast bokmål – eg trur ikkje det var eit val å ha nynorsk då eg gjekk på skulen. Hadde det vore det, ville eg hatt det. Eg er ikkje så oppteken av det, og tenkjer mest praktisk på skriftspråket. Men eg får mange kommentarar på at eg har «Helsing Erik» i epost-signaturen min. Folk synest rett og slett det vesle ordet er ekstra triveleg.

Favorittnynorskord? – Fivreld. Kva seier du til dei som synest det er enklare å skrive og forstå bokmål enn nynorsk? – At det er enklare å skrive bokmål, kan eg skjønne. Det meste vi ser i skrift, er jo på bokmål. Men vanskeleg å forstå? Då må du ha ei mental sperre.

Nolevande hallingtalande helt? – Aslag Haugen og Hellbillies generelt. Dei har sett hallingdialekten på kartet, og gjer meg dritstolt av å vera halling! Eg høyrde ein del på Valdres-bandet Staut i starten, men fekk sjokk då vokalisten prata bokmål på radio. Då mista eg heilt interessa. Dialekt skal ikkje vera ein gimmick. Det må vera ekte.

Nolevande nynorskhelt? – Are Kalvø. Ikkje særleg originalt. Beste nynorske litteraturtips? – «Fuglane» av Tarjei Vesaas. Ikkje spesielt originalt, det heller. Oppmoding til hallingane, som er i ferd med å bli bokmålsfolk både skriftleg og munnleg? – Tenk på identiteten din! Kvifor kler du deg naken for nynorsk? – Du skal sjå eg er ekshibisjonist? Eg har i alle fall ikkje noko imot å vekkje oppsikt, særleg ikkje for ei sak eg kjenner sterkt for. Eg synest det var eit kreativt påfunn. Signe Fuglesteg Luksengard (24) student Frå Leveld, busett i Trondheim Kva for målform hadde du då du tok til på skulen? – Nynorsk. Var du medviten om målforma di den gongen? – Ikkje då eg fyrst starta på skulen, men på vidaregåande – ja. Vurderte du nokon gong å byte til bokmål? – Nei. Eg var fast bestemt på å skrive nynorsk, då dette var noko eg både likte og meistra best. På barneskulen skreiv alle nynorsk, på ungdomsskulen var det klart fleirtal for nynorsken, men på vidaregåande var me berre tre i klassen som skreiv nynorsk. Prata de om målval på skulen? – Kanskje i åttande klasse, eg er ikkje sikker. Korleis var det å ha nynorsk på vidaregåande? – Ikkje bra. Me fekk alle ark og prøver på bokmål, sjølv om me spurde om å få det på nynorsk. Læraren eg hadde i norsk, gav mange gonger uttrykk for at det var meir ork enn bra at det var nynorskelevar i klassen.

8

Svært lite av undervisninga var på nynorsk, og når det fyrst var noko på nynorsk, handla det om kjedelege lovendringar i nynorsk/bokmål-kampen opp gjennom historia. Med andre ord ikkje særleg motiverande. Mange av lærebøkene var dessutan skrivi på svært tungt nynorsk, der dei brukte gamle og utdaterte ord og uttrykk som gjorde stoffet vanskeleg å skjøne. Eg hugsar eg etterkvart valde å ha nokon bøker på bokmål, slik at eg kunne forstå innhaldet betre. Kvifor er det viktig å bevare nynorsken? – Eg meiner det er ein svært viktig kulturarv å ta vare på. Det er eit nydeleg og rikt språk. Har det vore vanskeleg å halde på hallingdialekten din etter at du flytta? – Ikkje særleg, men eg merkar eg tek til å knote når eg har vore borte lenge. Det kjem som regel raskt tilbake når eg er heime att, heldigvis. Eg har lagt til meg nokre trønder-endingar, men prøver å kvitte meg med det. Når du pratar dialekt, blir folk nysgjerrige på kor du kjem i frå. Det er lett å starte samtaler. Eg har fleire gonger blitt sjekka opp av folk som blir sjarmerte av dialekten – både på godt og vondt. Korleis føler du at dialekten din heng saman med nynorsk skriftmål? – Hallingdialekten er svært lik nynorsk. Eg kan få reglar i nynorsk. Dialekten min fell seg så naturleg med nynorsken at eg eigentleg aldri har trunge å lære dei. Har du nokon fordelar som nynorsking? – Absolutt! Skriv ein jobbsøknadar, søknadar om stipend o.l. trur eg folk stoppar opp når det kjem ein nynorskskrivar. Det er ikkje så lett å halde på nynorsken, og eg meiner det viser mot om ein skriv det. Om ein jobbar innan media, veit eg det har store fordelar om ein kan skrive nynorsk, det kan ein sjå på Nynorsk mediesenter.

Korleis reagerer folk på at du skriv nynorsk? – Det er forskjellig. Er det gruppearbeid på skulen, trur eg mange kan sjå på det som ei hindring. «Kan du ikkje berre skrive norsk, då?» har eg fått høyre. Andre gonger synest folk det er tøft og sjarmerande.

Oppmoding til hallingane som er i ferd med å bli bokmålsfolk? Slutt med det! Her trur eg både foreldre og lærarar må – mykje meir på banen. Å prate halling handlar om identitet. For å seia det slik: Viss eg nokon gong får ungar og dei ikkje svallar halling, er dei ikkje ungane mine.

Favorittnynorskord? – Det er vanskeleg, men eg trur det må vera «bløme». Kva seier du til dei som synest det er enklare å skrive og forstå bokmål enn nynorsk? – Der tek du nok feil, for nynorsk er trass alt bygd opp etter den norske talemåten! Nolevande nynorskhelt? – Eg har to forfattarar eg meiner skriv heilt nydeleg nynorsk. Maria Parr, forfattaren av «Tonje Glimmerdal», og Gunnhild Øyehaug, forfattaren av «Vente, Blinke». Dei får fram det vakraste av det vakre i nynorsken. Are Kalvø kjem også høgt opp på lista! Beste nynorske litteraturtips? – Det må vere bøkene eg har nemnt over. Akkurat no les eg «Bipersonar» av Carl Frode Tiller, og den er så langt knakande god! Oppmoding til hallingane, som er i ferd med å bli bokmålsfolk? – Eg synest det er tragisk at hallingar skiftar skriftspråk så snart dei får høve til det. Skriftspråk handlar også om identitet, og nynorsk heng tett saman med hallingdialekta. Eg vil difor oppmode hallingane til å vere meir bevisste på både skriftspråket og dialekten. Kvifor kler du deg naken for nynorsk? – Det skapar PR, og all PR er god PR. Er det ei sak eg meiner kunne ha trunge litt meir mediedekning, er det nynorsken og dialektdiskusjonen!

Kvifor kler du deg halvnaken for halling? – Viss det er dette som skal til for å bli lagt merke til, gjer eg sjølvsagt det. Eg har vore naken før også, eg!

Erik Fossgård (27), bilseljar Frå Geilo, busett på Geilo Var du medviten om hallingmålet ditt då du var yngre? – Nei. Alle heime prata halling, det var berre slik det var. Men då tvillingbror min og eg tok til i barnehagen, skjønte me fort at me prata annleis enn dei fleste andre ungane. Og eg hugsar at me fekk skryt av barnehagepersonalet fordi me prata så fint. Bror min og eg passa liksom på kvarandre – det var heilt uaktuelt at nokon av oss skulle bruke andre ord i barnehagen enn dei me brukte heime. Har du nokon gong bytt heilt til bokmål? – Nei. Eg har aldri vore i nærleiken eingong. Eg pratar ikkje den breiaste hallingen, men eg har alltid prata halling. Og jo eldre eg er blitt, jo viktigare er talemålet blitt. I dag er det også ei prinsippsak. Det er trist at så mange som veks opp her pratar bokmål. Eg trur mange av dei ikkje forstår kva dei tener på å prate dialekt.

Har du som dialektbrukar nokon fordelar? – Eg er sikker på at eg har selt mange bilar fordi eg pratar halling. Bror min, som jobbar som bilseljar i Bærum og også pratar halling, seier det same. Dei legg merke til han, og hugsar han på ein heilt annan måte enn alle dei andre seljarane. Dialekt gjev automatisk tillit – og eg har det slik overfor andre dialektbrukarar sjølv. Når eg møter folk som pratar dialekt og syner at dei er stolte av opphavet sitt, tenkjer eg automatisk at dei har eit solid verdigrunnlag, at dei er oppvaksne med eit godt apparat rundt seg og at dei er stødige folk. Det er sjølvsagt ganske fordomsfullt, og kanskje feil mange gonger – men det er i alle fall ein bonus ved å prate dialekt. Har du nokon gong blitt mistolka på grunn av dialekten? – Ikkje direkte, men folk spør gjerne oppatt. Då eg var yngre, hugsar eg at byfolka lo av meg og bror min når me prata halling i skibakken. Det brydde me oss faktisk aldri noko om. I dag avsluttar eg ofte telefonsamtalene

Nynorsk i Hallingdal I fjor hadde 39 prosent av alle barneskuleelevane i Gol nynorsk hovudmål, medan berre 18,2 prosent av ungdomsskuleelevane hadde det. I Hemsedal hadde 22,3 prosent av ungdomsskuleelevane nynorsk, og 14,7 pst av barneskuleelevane. I Ål hadde alle barneskuleelevane nynorsk, mot 68,4 prosent av ungdomsskuleelevane. På Gol vidaregåande skule hadde fire av 98 tredjeklassingar (4,1 pst) nynorsk i fjor, medan det på Ål vidaregåande skule var 15 av 216 elevar (6,9 pst) som hadde nynorsk. Ålingane, som utgjorde flest nynorskbrukarar både i barne - og ungdomsskulen, fall også tungt i frå som nynorskbrukarar på vidaregåande. På Ål vgs hadde 10 ålingselevar nynorsk i fjor, medan det på Gol vgs var tre ålingar på VK1, og berre ein åling med nynorsk i VK3.

9


skuleeksempla

I n n s pe l Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag

Solveigs nynorsktips Til læraren: Vis elevane at nynorsk er eit levande språk. Bruk bloggar, teikneseriar og gode bøker som gjer elevane så engasjerte i innhaldet at dei gløymer kva for målform det er skrivi på. Leik med språket og inviter elevane til å undre seg over ord og utrykk på både dialekt, nynorsk og bokmål.Varier undervisninga mellom å lesa tekstar og skriveoppgåver. Ikkje rett alt i ein tekst, men fokuser på ulike reglar av gongen, slik at eleven knekkjer kodane. Repeter den viktigaste grammatikken. Når elevane har skjønt substantivreglane og verbbøying, meistrar dei mykje.

Gode lærar! Om du som lærar stiller deg målpolitisk nøytral i den tospråklege skulekvardagen, bidreg du til å få endå fleire nynorskelevar til å skrive bokmål. Nynorskelevar treng språkleg støtte frå omgivnadene for å halde på nynorsk. Spesielt er dette viktig der nynorsken er i mindretal eller under press, slik som i Hallingdal. Ein lærar som brukar nynorsk i kvardagen og som vågar å framheva nynorsk som noko positivt, kan utgjera ein skilnad for ungdom som er språkleg usikre. Skifte frå nynorsk til bokmål i skulen skjer i stor mon på dei stadene der nynorskelevane hamnar i språkleg mindretal. Slik er det i Hallingdal, og slik er det i Valdres. Slik er det ikkje for dei som held fram utdanninga si i reine nynorskområde.

Til skulen: Innfør obligatoriske nynorskkurs for alle lærarar, og tilby vidareutdanning.Ver audmjuk overfor tilsette som slit med nynorsk, og verdset at dei prøver. Tilby hjelp og språkrådgjeving, og oppmod kollegaer til å dele av kunna si og til dømes lesa igjennom informasjonsskriv før dei blir sende ut frå skulen. Til foreldra: Vis ungane at du har eit like avslappa og positivt forhold til nynorsk som til bokmål. Les nynorske bøker, og les dei på nynorsk, ikkje omsett til halling. Ungane treng også å oppleva nynorsk som eit munnleg språk. Fortel ungane at dei er heldige som har høve til å bli like gode i nynorsk som i bokmål. Hugs at du er ungane sin fremste rollemodell, og at dine haldningar vil prege deira innstilling til skulearbeidet.

Nynorskklasse I Ål, Gol og Hemsedal er administrasjonsmålet nynorsk, medan Nes og Flå har bokmål. Hol er språknøytral. Om barnet ditt soknar til ein skule med bokmål som hovudopplæringsmål og de ynskjer nynorsk, har de krav på det om foreldre til ti born ynskjer det same. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar att. Foreldregruppa kan når som helst i løpet av 1.-7. steg krevje nynorskklasse. Skulen får kvart år melding frå kommunen om kven som skal byrje på skulen neste skuleår. Alle foreldre til barn som skal starte på skulen, har krav på å få utlevert lista. Med lista som utgangspunkt, kan du orientere dei andre foreldra om at de ynskjer nynorskklasse. Du kan også be skulen om oversikt over kven andre som har kryssa av for nynorsk. Meir info finn du på Noregs Mållag sine heimesider nm.no

Framtidsval I dag kan elevane sjølve bestemme kva for hovudmål dei vil ha når dei byrjar i 8. klasse, altså før dei har teke til med undervisning i sidemål og språkhistorie. I Hallingdal skiftar dei aller fleste av nynorskelevane til bokmål når dei hamnar i mindretal og blir omslutta av bokmål, anten i ungdomsskulen eller i den vidaregåande skulen.

10

Det frie valet er sterkt påverka av maktstrukturar og av kva status dei to språka har på staden. Nynorsken har lange tradisjonar i Hallingdal, men til skilnad frå i dei sterkaste nynorskområda har bokmålet også alltid hatt ein plass her. Som fleirtalsspråk har bokmålet no høgre status enn nynorsken i Hallingdal. Likevel er den nynorske skrifttradisjonen, som folk i Hallingdal har kjempa inn i skulekrins etter skulekrins, verd å ta vare på. Nokre elevar ser dette, og held fram som nynorskelevar i ein skulekvardag prega av bokmål. Dei har kanskje tenkt over at nynorsken er ein del av vår felles kulturarv, og at han er det språket, som i motsetnad til bokmålet, er ein fellesnemnar for heile det norske talespråket. Dei treng støtte frå lærar og skule i kvardagen.

«Ved ikkje å prate om målval og la bokmålet vera dominerande i all undervisning, er ein ikkje nøytral. Då tek ein stilling.» Solveig Vestenfor, lærar

Med hjartet på rette staden Solveig Vestenfor (41) meiner lærarutdanninga må ta sin del av skulda for at det politiske målet om jamstilling mellom nynorsk og bokmål framleis ikkje er nådd. Tekst og foto: Heidi Molstad Andresen

– Som lærarar er me både kulturformidlarar og rollemodellar. Me skal hjelpe elevane med å meistre faga, men formidlar også haldningar. Om ein norsklærar startar nynorskundervisninga med å sukke tungt og slenge «spynorsk» ordliste på kateteret, er kampen i grunnen tapt før undervisninga har starta. For ein må også ha hjarte for det ein skal lære frå seg. Solveig Vestenfor har jobba som lærar ved Ål ungdomsskule i mange år, og opplever at både kollegaene og elevane sine haldningar til nynorsk jamt over er gode. Det betyr ikkje at dei ikkje har utfordringar: – Mange av elevane som er sterke i nynorsk, skriv av ein eller annan grunn bokmål både i tekstmeldingar til oss lærarar og på Facebook. Det er nok eitt av fleire uttrykk for at mange ser på nynorsk som eit skulefag, og ikkje som

eit jamstilt kvardagsspråk. Der har me ein del å jobbe med. Solveig er tydeleg på at språk er meir enn berre kommunikasjon. Det hjelper ikkje at politikarane har slått fast at nynorsk skal vera jamstilt med bokmålet når grunnutdanninga for lærarar ikkje har fokus på kvifor det er slik. Diskusjonen om språkutviklinga her i landet, og alt ein veit om at fleirspråklegheit er ein styrke for elevane, er så godt som fråverande i utdanninga. Oppsummert; ein tek det meir eller mindre for gitt at lærarstudentane har kunnskap om og har positive haldningar til nynorsk. Det er lite fokus på undervisningsmetodikk, og tilsvarande manglande forståing for at ein somme gonger må gje minoritetsspråket særskilt oppfølging for å gjera det likestilt. – Eg reagerer til dømes på at Gol vidaregåande skule framstiller seg som ein språknøytral

arena som ikkje legg seg borti elevane sitt val av hovudmål. Ved ikkje å prate om målval og la bokmålet vera dominerande i all undervisning, er ein ikkje nøytral. Då tek ein stilling. Det er blitt ei «greie» at elevane vel bokmål på vidaregåande fordi dei opplever det som enklare. Og dèt er det sjølvsagt, når nynorske undervisningsbøker ikkje kjem i rett tid og tavlespråket i dei fleste fag er bokmål, seier Solveig. I vår var Solveig ferdig med etterutdanninga i norsk mellomfag frå Høgskulen i Sogndal. Undervegs prata ho med elevane sine på 8. trinn om ei undersøking som synte at bokmål som hovudmål var overveldande mange stader i landet, og at Ål var eitt av unnataka. Då ho spurde elevane kvifor dei trudde det var slik, svara dei at det kanskje hadde med dialektbruk å gjera. Så vart det diskusjon om kvifor så få av elevane på ungdomsskulen prata halling. Elevane fortalde at dei fleste skifta frå halling til bymål etter barneskulen – fordi alle andre gjorde det. Med andre ord: Om alle andre hadde prata halling, hadde dei også gjort det. Det var då Solveig fekk ideen. Kort tid etter starta dei opp elevforsøk i norsk, som gjekk ut på at alle skulle prate halling i ein viss periode. Berre éin av dei

26 elevane i klassen hennar var negativ. Resten syntest forsøket var så artig at dei ville ha med dei to andre klassane på 8. trinnet også. – Det viste seg snart at mange av elevane kunne prate halling, når det berre vart lagt til rette for og vart oppmuntra til det. Me hadde mange gode diskusjonar om at også språk er eit dagleg val, språk som kultur, og kvifor det er viktig med språkbevaring, fortel Solveig. I løpet av dei ti vekene prosjektet dreiv på, prata 70 prosent av elevane halling – i alle fall så lenge Solveig var i nærleiken. Ho ser ikkje bort frå at ho kjem til å gjenta forsøket. – Elevane var overraskande positive. I ettertid ser eg at prosjektet kunne ha vore meir tidsavgrensa, og neste gong vil eg ikkje bruke smilefjes som premie. Å kunne prate halling er jo ein premie i seg sjølv.

Undersøkingar frå Valdres syner at mange av elevane som skiftar språk, ikkje gjer det ut frå klåre negative oppfatningar om nynorsken. Det er ofte den stille bokmålsbekken som tek dei med seg nedover. Vekk frå nynorsken. For somme kan det vera det at det er vanskelegare å halda på nynorsken i ei klasse med nesten berre bokmålsskrivarar. For andre at alle bøkene kom på bokmål det året. Det er fleire strukturar som skubbar utviklinga for nynorsken i feil retning. For usikre tenåringar kan det vera noko så enkelt som at fleirtalet sitt språk vert oppfatta som det «nøytrale». Er det ikkje då fint om læraren eller skulen prøver å vega opp for dei strukturane som skubbar elevar frå nynorsk til bokmål, og heller gjera det lettare for dei som vil skriva nynorsk? Elevar som les nynorsk og som ikkje må forsvara språkvalet sitt, har lettast for å halda på nynorsken. Vil ein motverka språkskifte, bør ein gi elevane i Hallingdal meir nynorsk, sørge for at det vert undervist på nynorsk, og sjå til at nynorskbøkene kjem til rett tid. Og ikkje minst må lærarane snakka om kva som skil bokmålet frå nynorsken, korleis ein ser på dei to ulike språka, og kvifor. Som lærar er ein portvakta til forståinga av og læra om språkstoda vår. Det er ein svært viktig jobb. Når tilhøvet mellom nynorsk og bokmål er så skeivt som det er, og dårlege haldningar til nynorsk får rå, har skulen eit stort ansvar. Lærarane må visa særleg omsyn til dei elevane som kjem inn i skulen med det mest utsette språket. Av og til vil ei «nøytral» haldning til språkstoda vera med på å oppretthalda nettopp dette skeive tilhøvet, eller det fører til endå meir bokmål for alle. I ein tospråkleg skulekvardag er det mindretalet som treng ekstra merksemd, og lærarane må då gjera det lettare for nynorskelevane å halda på språket sitt, ikkje omvendt. Å lata dei vera i fred er diverre å lata dei gli, ut over kanten på bekken …

11


skuleeksempla

Leik med språkleg alvor Barnehagane får mykje av skulda for at dialektane er i ferd med å forsvinne. Det gjer førskulelærarane Jorunn Borge Knaldre og Nina Stensgård noko med.

Bremsar utviklinga: Jorunn (bak) og Nina deler engasjementet for hallingdialekta.

Tekst og foto: Heidi Molstad Andresen

Nina Stensgård og Jorunn Borge Knaldre har alltid vore engasjerte i språk. I 2009 tok dei vidareutdanninga «Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen», og då oppgåveskrivinga stod for tur, fall det seg naturleg å velja dialekt som tema. Begge hadde erfaring frå barnehagar i Gol, ei bygd der mange er einige om at dialektbruken er på veg ut. Mange meiner også at nettopp barnehagane har noko av skulda for dette. – Me hadde begge eit personleg engasjement for dialekt, og alt tyder på at barnehagen har svært mykje å seia for korleis barn lærer språk. Barn lærer ved å lytte på andre barn og på vaksne. Det ser også ut som om barn lettast lærer ved å lytte til andre ungar dei identifiserer seg med, og hermar etter deira målform. Alle barnehagar arbeider målretta med språkopplæring. Lova seier at me skal ha fokus på språkleg mangfald, og det er sjølvsagt også dialekta, fortel dei. Begge syner også til forsking som syner at det er ein klar samanheng mellom barnet si evne til å leike med språk og språkformer, og lese- og skriveutviklinga deira seinare. I barnehagen skjer ikkje språkopplæringa gjennom undervisning, men ved at dei lyttar og hermar, og ved at personalet snakkar om språk og undrar seg saman med ungane. – Når ungar blir bevisste på at det finst mange måtar å prate på, lærer dei å lytte meir konsentrert, og dei fangar opp skilnader i tonefallet til den som pratar. Slik lærer dei seg også fleire ord. Dei forstår at ord er sette saman av lydar, og

så høyrer dei mellom anna forskjellen på eintal og fleirtal og ulike bøyingar, seier Jorunn Borge Knaldre. Då arbeidet med oppgåva tok til i 2008, fann dei fort ut at det fanst lite inspirasjonsstoff til korleis ein kunne arbeide med dialektar. Både Rotneim barnehage og Vesterhuset barnehage hadde jobba med dette tidlegare, men Jorunn og Nina såg at dei laut samle alle ideane for å gjere det lettare tilgjengeleg for personalet. Dei ynskte også å finne ut noko om korleis dialektbruken var blant tilsette, og mellom barn og foreldre i barnehagane deira. Dei ville sjå om det var skilnad i dialektbruken i ein grendebarnehage og ein sentrumsbarnehage; både når det gjaldt kor mange ungar som nytta dialektord, og haldningane personalet og foreldra hadde til dialekt. Av svara dei fekk inn, synte det seg at 5 av 18 foreldre prata halling på Rotneim, medan 7 av 23 foreldre i Vesterhuset gjorde det. 2 av 18 ungar prata dialekt på Rotneim, medan 5 prata austnorsk standardmål/bymål og 9 prata blandingsdialekt. I Vesterhuset dominerte også bokmålet med austlandsk uttale hjå 11 av 23 ungar. 6 ungar prata halling, og like mange prata blandingsdialekt. På Rotneim svara alle foreldre med unnatak av ein at dei syntest det var viktig at ungane lærte dialekt, medan foreldra i Vesterhuset var delte i dette spørsmålet. Foreldra syntest derimot jamt over at det var positivt at barnehagepersonalet jobba med dialektarbeid,og det har både Nina og Jorunn gjort sidan.

Dei har ikkje formelt undersøkt stoda i barnehagane etter at oppgåva var ferdigskrivi, men Jorunn har inntrykk av at det no er nokon fleire ungar som nyttar dialektord som «e», «ikkje», «mjølk» og «søkka», sjølv om dei elles pratar austnorsk standardmål/bymål. Talet på ungar som pratar dialekt fast, er det same som før. Ho fortel at foreldra jamt over er positivt opptekne av dialekt, men at dei ikkje pratar så mykje med ungane sine om det. – Personalet har i desse åra hatt fokus på å bruke somme dialektord saman med ungane i det daglege. Me jobbar også med dialekt i temaarbeid og tilrettelagde aktivitetar, fortel Jorunn. I Vesterhuset meiner personalet framleis at foreldregruppa har noko mindre fokus på dialekt. Blant ungane ser det ut til at det no er færre som pratar dialekt til dagleg, og at det også er færre som pratar blandingsspråk med innslag av dialektord. Personalet har framleis den same positive innstillinga, og det blir arbeidd med tema der kultur, song, dialekt og leik i Hallingdal står sentralt. Dei har no fleire tilsette som har god kunnskap om dette. Nina Stensgård oppsummerer det slik: – Skilnaden mellom sentrum og grendene blir større, og det er trist. Språket er i stadig utvikling og endring, og det må sjølvsagt også me ta inn over oss. Kanskje må me senke kravet noko i høve til kva det vil seie å prate dialekt, ved å ha fokus på sjølve særtrekka ved dialektane, og samstundes akseptere at det dukkar opp fleire og fleire ord frå austnorsk standardmål/bymål.

Nye får nynorsk I haust får alle pedagogane i Hemsedal tilbod om nynorskkurs. Hemsedal er ein vekstkommune, og mange vaksne med og utan barn har flytta til bygda. Nokre av dei har mindre gode opplevingar frå sin eigen skulegang med nynorsk som sidemål: -Eg kan skjøne at dei lettare vel bokmål for barnet sitt med ei slik erfaring.Vi ser at mellom 60 og 70 prosent av elevane vel bokmål alt frå 1. trinn, eller at dei byter over frå nynorsk til bokmål seinare i skuleløpet, fortel oppvekstsjef Gunn Berit Nergård. - Me gir tilbod til dei pedagogane som vil oppdatere nynorskkunnskapen sin, for å trygge dei som brukarar av det nynorske skriftspråket. Me veit at mange av lærarane våre har hatt bokmål som hovudmål, og ynskjer også å gjera nynorsk meir tilgjengeleg alt frå barna går i barnehagen.

12

Gjennom arbeid med språket, til dømes med fokus på dialekt i song og tale og meir bruk av nynorske barnebøker, vonar me at me kan styrkje grunnlaget for val av nynorsk målform seinare. Barnehagelærarane får difor også det same kurstilbodet som skulelærarane. Hemsedal kommune har nynorsk som administrasjonsspråk, og det vil me ta konsekvensen av, seier Gunn Berit Nergård. Nynorskkurset går over tre timar, og blir halde av språkforskar Kristin Fridttun. Ho har også laga nettbaserte undervisningsvideoar som kurshaldarane kan nytte seg av i etterkant. Gunn Berit Nergård fortel at kurstilbodet er teke godt i mot blant både rektorar og styrarar, og vedgår at ho er spent på å høyre reaksjonane etter kursslutt. Ho ser ikkje bort frå at dette kan bli eit årleg tilbod for nye, eller andre som ynskjer ei oppfrisking.

Dette kan barnehagepersonalet gjere • Lese og fortel historier på dialekt • Nytt songar og songleikar på dialekt • Bruke dialektord i kvardagsaktivitetar • Høyr på musikk med lokal tekst (Hellbillies, Stein Torleif Bjella, Gunnlaug Lien Myhr) • Prat om skilnadene mellom dialektane våre og gjer ungane bevisste på kvifor me pratar ulikt • Gje foreldra ein kontaktperson som pratar dialekt, når ungane tek til i barnehagen • Innfør vekas hallinguttrykk/ord, og ha «hallingveker» innimellom • Heng opp ein plakat på personalrommet, der tilsette kan koma med dialektidear • Spel skodespel med lokal dialekt og lokalt innhald • Lyft fram personalet som snakkar dialekt Gode språkmodellar er viktig • Hjelp foreldra med å finne god barnelitteratur

på nynorsk og dialekt • Tilby foreldra ei ordliste med dei mest brukte orda og uttrykka på halling • Samle ord frå ulike dialektar, herm lydar og lytt på ulikheiter i språket • Framhev dei ulike dialekt- og språkgruppene som finst i barnehagen • Sjå til at den materielle kulturarven er ein del av utsmykkinga i barnehagen – gammal klesskikk, rosemåling, treskurd, skigard osb • Bruk nynorsk skrift på veggen, slik som «Eg heiter Ingeborg», i staden for berre «Ingeborg» på garderobe plassen • Bruk nynorsk i sjangrar barn brukar når dei teiknar og skriv, t.d. «Til mamma frå Ola», «Helsing Hanne» og «Eg håpar du har det bra», uavhengig av korleis ungane seier det

Dette kan alle gjere • Prat til barnet på dialekten din, sjølv om barnet svarar på austnorsk bymål/bokmål. Fortel kvifor du meiner det er viktig at me pratar dialekt, og kva slags mål du helst vil at barnet skal prate • Det er lov å korrigere og koma med innspel, som til dømes; «på halling heiter det ...» • Undre deg saman med barnet og snakk om skilnaden mellom konkrete dialektord og bokmålsordet/skriftordet • Prat om det å vera frå Hallingdal, kva det betyr, og korleis det skil seg frå å vera frå andre stader. Fortel kva fjell, elver, vegar og stader i nærmiljøet heiter, snakk om bunaden i dalen, lytt til lokal musikk • Lær ungane spesielle dialektord frå dagleglivet,

gjerne litt artige ord. Dialekt skal også vera moro! • Leit etter lokale ord og utrykk, samle, skriv ned, tel opp og gjer dei synlege • Finn ut kva for ord familie og vener brukar – om til dømes sokkar, bukse osb • Les og fortel variert; les på dialekt, fortel med eigne ord, les forfattaren sine ord ordrett. • Prat om før og no: om byggjeskikk, arbeidsreiskapar, leiker, mat osb • Ungar må også få møte den nynorske skriftnormalen og det nynorske lydbiletet, slik dei kvar dag møter bokmål. Difor er det viktig at ein også les, syng og skriv på nynorsk

Treng du inspirasjon? Pirion – kulturtidsskrift for barnehagen ( www. pirion.info) Bokklubben Blåmann (www.blaamannbok.no) www.tunkatten.no www.samlaget.no www.nynorskbok.no www.nynorsksenteret.no Heftet «Forteljingar, segner og eventyr frå Hallingdal», Hol mållag 1999

«Vil du vera vennen min» (CD), Buskmål a/s «Trolltakter» (CD), Buskmål a/s «Perler på ei snor», Gunnlaug L. Myhr, Buskmål a/s «I Halllingdal i Hallingdal» CD «Leug og mjuk», hefte med songar, Buskmål a/s «Lått og leik», regler, songar og eventyr v/ Einfrid Perstølen

13


skuleeksempla

40 fine barnebøker

Skap leseglede I haust har Hått Halling og Erna Osland vore på leseturné i barnehagane i Hallingdal. - Det er viktig at den vaksne likar det ho les. At både liten og stor har det hyggeleg, at begge opplever noko nytt, eller på nytt. For ungane som skal lese sjølve, gjeld det at boka er passeleg vanskeleg, og har eit tema barnet likar å lese om. Men barn likar mykje som dei ikkje har oppdaga, og det er det vaksne sitt ansvar å hjelpe dei med å finne fram til, seier forfattaren.

Når du går på ei bru: Er det bruer der du bur? Kva for bru er det? Kva er det som gjer ho så sterk at ho kan bere deg og dei andre når de går tur? Lag bru av fjøler, sugerøyr, ispinnar eller noko anna.

Venner med venger: Les om fuglar, og finn på oppgåver: kva farge har linerla og skjora? Same fargar? Om du berre har svart, kva fugl kan du teikne? Nasevis: Kva kan vi bruke nasen til? Kva lukter kan vi kjenne att med bind for auga? Koss ser nasen til hesten ut? Kua, hunden, rotta, elefanten, myggen? Lag nase i plastilina. Fint å ha far: Teikn ein far. Finn ord som passar til far. Leike far med dokkene eller kvarandre. Har alle dyr ein far dei får vere saman med? Kva dyr får bu med far? Brett ei bok: Det er gratis å laste ned “Brett ei bok”-­bøkene på nynorsksenteret.no. Her finn du små bøker de kan skrive ut og brette sjølv. Forteljingane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

14

Historia om alfabetet, 5–7 år. Sissel Horndal, Rabarbra Bokmakeri 2014. Kaia har byrja på skulen og slit med å lære bokstavane, men hjå bestemor får ho høyre soga om då bokstavane samla seg og vart til alfabetet. Illustrasjonane er både sprelske og stemningsfulle der dei syner oss rare bokstavar og magiske augneblinkar.

Påls smokk, 0-3 år. Barbro Lindgren og Eva Eriksson (illustratør) omsett av Samlaget, 1995. Pål har ein god smokk, og både hunden, katten og anda vil smaka. Anda greier å snappa smokken, men Pål daskar til anda og får smokken att. Peikebok. Lite tekst og ei historie som er lett å leva seg inn i. Eit høgdepunkt når barn og vaksne kan daska anda som stel smokken.

Prinsesser og drakar, 3–7 år. Christina Björk og Eva Eriksson, omsett av Marit Kaldhol, Samlaget 2012. Sju eventyr, eitt for kvar dag i veka. Me møter prinsessa som vil lære seg å sprute eld, prinsessa som er redd for såpe og ekorn, prinsessa som må redde veslebror sin frå ein drake, og mange andre. Eventyra er utradisjonelle og sprelske, og lengda gjer at dei høver godt til høgtlesing på senga.

Når mamma blir eit monster, 5-8 år. Marcus Sauermann og Uwe Heidschötter. Omsett av Runar Dahle. Fortellerforlaget 2013. Når mamma vert monster forandrar mykje seg. Ein vinn oftare i fotball og får meir godteri, men ein må av og til også trøyste eit trist monster og seie at alt er bra. Ei varm skildring av korleis eit samlivsbrot kan opplevast både for foreldre og born.

Kvar er mamma mi?, frå 2 år. Chris Haughton, Fortellerforlaget, 2013. Ugleungen fell ut av reiret og leitar etter mora si. Dyra i skogen er hjelpsame. Forviklingsvitsen der den vesle ugla skildrar mamma som til dømes VELDIG STOR, og ekornhjelparen tek henne med til bjørnen i skogen og andre feile mammaer, gjentek seg. Spørsmålet om Kvar er mamma mi kan utforskast ilag med dei vaksne – og til slutt finn ugleungen mora si.

Dyrebare venner: Treng vi venner? Kan vi vere venner om vi er veldig ulike? Ein stor og ein liten? Teikn din beste ven, eller den du ynskjer skal vera din beste ven.

Under ein stein: Leit etter småkryp, tel føtene deira (6, 8 eller veldig mange bein?) Eller kanskje ingen, som hjå makk og snigle? Teikn dyra, set på føter, lag tusenbein av kjøkkenpapirrullar, kongler og pinnar. Fotografer dyra.

Sov søtt, herr Spiss, 3-7 år Erna Osland og Inger Lise Belsvik (illustrasjon), Mangschou 2010. Fagbok og biletbok i eitt. Temaet er søvn, og lesaren får vite korleis og kvifor dyr og menneske søv. Historia om den vesle spissmusa herr Spiss som vimsar rundt på jakt etter svevn er fortald på rim og med levande illustrasjonar.

Vrimlebøkene (bokserie), 0-3 år. Rotraut Susanne Berner, Samlaget. I vrimlebøkene kan ein bla seg gjennom Vrimleby ein haustdag eller kanskje ei natt, og fylgja dyr og personar frå side til side. Kvar skal dama med det vesle barnet som sit på bussen? Eller kvar flyg papegøyen? Dei store boksidene med mange detaljar inviterer store og små til å utforska og snakka om det ein ser.

Aktivitetstips til nokre av Osland sine bøker: Skarpe tenner: Tel tennene til mor eller far, søsken, kvarandre eller på dyr de kjenner.

Sov søtt, herr Spiss: Har du sett nokon sove? Korleis ligg dei? Korleis ligg du? Har du eit kosedyr? Når legg det seg? Korleis søv hunden, veslesøster, hesten, hønene?

Mopp og Mikko (serie), 0-2 år. Kari Stai, Samlaget. Mopp og Mikko er alltid på jakt etter ting. Når dei finn noko, tek dei det med seg i køyretyet sitt, for dei har alltid med seg eit køyrety. Bøkene opnar for samtale og undring. Dei to siste sidene i bøkene har spørsmål til vidare diskusjon med borna.

Hengande halling: Syver er stolt av å prate halling – og – av den fine T-skjorta dei har laga i Hol barnehage.

Halling i heimelekse Syver Pålsson Medhus (6) fekk språkopplæring lenge før han tok til på skulen. Tekst og foto: Molstad Andresen

– Eg tenkjer ikkje på det. Eg berre pratar halling, eg. Syver sit djupt konsentrert over spikkekniven medan veslesyster Sigrid (3) forsyner seg av kjeksen mamma Tove har sett fram. Då Syver og Sigrid tok til å prate, var alle dei fyrste orda halling. Men så byrja Syver i barnehagen. Det tok ikkje lang tid før Syver skifta ut mange av hallingorda med standariserte bokmålsord. Alt i den fyrste foreldresamtala sette Tove og ektemannen Pål fokus på språkarbeid. Dei ville at barnehagen også inkluderte språk og tradisjonar frå Hallingdal, når dei lærte ungane om ulike kulturar. I dag har ungane i Hol barnehage eiga hallingsongbok, og dei lærer to nye hallingord kvar veke. – Dei fleste tilsette i barnehagen pratar halling sjølve, men det skjer noko i møte med ungane. Eg har fleire gonger opplevd at tilsette som pratar halling til meg, skiftar til bymål så snart dei snur seg og pratar til ungane. Dei gjer mykje positivt, men eg skulle ynskje dei hadde hatt mykje meir medvit om målarbeid, seier Tove. Tove og Pål veit det ikkje held at dei som foreldre pratar dialekt, dersom ungane skal prate halling. Til det er bokmålspåverknaden for stor. Dei har begge jobba målretta for å vidareføre målet til Syver. – Det blir nok ein del masing, ja. Eg kan fort stoppe opp midt i ein aktivitet, for å seie «det heiter ikkje det .., men ...» Syver kikkar opp frå kjeppen han spikkar på: – Du må vel ikkje masa på meg. Ei flis fell i bakken. – Du masar ikkje. Du berre seier det, og eg berre pratar det.

– Det var godt å høyre at du ikkje synest det er mas. Og du er blitt veldig flink no. Du snakkar ikkje så mykje bymål lenger. I alle fall ikkje her heime, seier Tove og ler. Med dialekten følgjer også kunna om gamle tradisjonar og handverk. Då Syver og dei andre ungane var på museumsbesøk før sumaren, kom han heim med fleire bortgløymde hallingord. No har han nesten gløymt dei att, han. Han legg frå seg kniven og rynkar bryna lenge Og der, der lysnar han opp: – «Karsask» var det! Karsask! Det er det dei brukte til å bera mat til kyrne i. I gamle dagar, altså. Sigrid puslar med nisteasken sin som ligg på hagebordet. Ho småpratar med seg sjølv. Mange av orda ho brukar, er bokmålsord. – Me har nok vore slappare med å korrigere Sigrid, men innsåg brått at me måtte ta tak. Difor bestemte me oss for å nytte sommarferien, når ho ikkje er i barnehagen, til å jobbe med språket. Alle i familien pratar halling, og dei har fått beskjed om å hjelpe oss med å følgje ho opp. Det er no eller aldri. Tove meiner barnehagane og skulane har eit særleg ansvar, og ho er glad for at holingane stemte for å halde på nynorsk som opplæringsmål ved Holet skule. Ho håpar det også vil bidra til å auke merksemda kring hallingmålet, no som Syver er skulegut. Grunnlaget er i alle fall lagt heime. Då Syver hadde sin siste barnehagedag i juni, skreiv han ei avskjedshelsing til barnehagepersonalet: – «Diko e snille. E har hatt det moro. E vil savne dikko.»

Unni og Gunni (serie), 1–5 år. Anna R. Folkestad, Samlaget 2012–2013. Bøkene (og appane) om dei to pingvinane Unni og Gunni kombinerer læringa frå peikebøker med fjas, moro og historieforteljing, og resultatet er høgst sjarmerande, anten dei to skal dekorere igloen sin eller dra på tur med det flygande teppet sitt. Mons Marius er ei løve, 2-5 år. Av Bente Bratlund og Stina Langlo Ørdal. Manschou 2010. Mamma er stressa! Ein travel kvardagsmorgon med frukost, påkledning og biltur i barnehagen blir magisk når Mons Marius tryllar seg om til mange ulike dyr kvar gong mamma gjev ein ny beskjed. Moro for dei små, tankevekkande for oss vaksne! Bø og Bæ (bokserie), 2-5 år. Olof og Lena Landström (omsett av Ragnar Hovland), Samlaget. Bø og Bæ er to små lam som opplever mykje som barn kan kjenne seg igjen i. Kvar bok handlar om ei hending: Dei går i bursdagsselskap, dei vaskar på rommet sitt, går på bærtur, og er ute i båt – mellom anna. Alltid møter dei ei utfordring eller to. Alltid vert det noko å le av. Og alltid går det bra til slutt. Lite tekst. Forteljande illustrasjonar. Kom til Lukas, 2-5 år. Akin Duzakin. Samlaget 2003. Ei fin biletbok for dei yngste: Lukas har fødselsdag, og gjestene kjem til han, ein etter ein, ved hjelp av ulike transportmiddel. Til slutt er alle elleve gjestene komne, og den store festen kan ta til. Det blir den beste bursdagen Lukas har hatt! Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar, 3-6 år. Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby, Skald forlag 2014. Vi møter ulike små dyr og skapningar som vi kan finne under steinar i fjøra, i vasskanten eller ute i sjøen. Gjennom små, leikne dikt og teikningar blir vi med til ei verd full av dyr frå hav, fjord og strand. Jakob og Neikob og det tomme rommet, 3-6 år. Kari Stai, Samlaget 2014. Dette er tredje boka om dei to venene Jakop og Neikop. Jakop som alltid seier ja og Neikop som alltid seier nei. Dei to venene ønskjer seg ein sambuar på det tome rommet på loftet. Men kven skal bu der? Snømannen kanskje? Og korleis skal Jakob få Neikop til å vere med opp på det tome rommet på loftet?

Nei! sa Veslemonster, 3–7 år. Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir, omsett av Tove Bakke. Skald 2011. Denne flotte biletboka er ein del av ein serie med bøker om dei sjarmtrolla Storemonster og Veslemonster. I bok nummer éin handlar det om å tore å seie nei. Alt er skildra med nydelege teikningar og ein klår og tydeleg forteljarstil. Himmelspringaren, 3-8 år. Av Sissel Horndal, Mangschou, 2008. I Gullullafjøsen på Rakkarhogen blir det fødd eit lam som ingen har sett maken til i heile fjorden! Ho er lilla! Men mor hennar, Fjellfjosa, vil ikkje ha noko lilla lam. Gjennom flotte illustrasjonar og frodig språk får vi vere med til fjells, der vesle Lilla blir den som reddar heile saueflokken når Kvasskjeften kjem. Det er fint med fleire fargar! Elefanten Tommy, 3–9 år. Øystein Runde, Cappelen Damm 2012. Elefanten Tommy har vondt i heile kroppen og legg seg for å døy. Men etter å ha filosofert litt over det med dauden, høyrer han plutseleg ein elefant som roper om hjelp, og livsgneisten kjem att. Boka om Tommy er noko so sjeldsynt som ei koseleg bok som opnar for gode samtalar om dauden, samstundes med at ho sluttar lukkeleg. Kakerlakken med den stygge frakken, 3–9 år. Martine Grande, Samlaget 2013. Kakerlakken slit med mobbing og haustdepresjonar, og vil helst berre forsvinne. Men plutseleg kjem det nokon flygande som kjem til å gjere livet ljosare for henne. Forteljinga om Kakerlakken finst både som animasjonsfilm, barnebok-app og bok. Liten-på-jord-Tor, 3-6 år. Annette Huber, Skald forlag 2009. Tor har nettopp funne ut at han er nesten ein meter høg, og han deler tankane sine om det å vere liten kontra det å vere stor, og det å bli større. Arkimedes og snøballen, 4-8 år. Hans Sande og Stina Langlo Ørdal, Gyldendal forlag, 2012. Jenta Eureka vil lage verdas største snøball. Snøballen trillar ut i sjøen og seglar heilt ned til middelhavet. Det blir ei fantasifull ferd der Eureka, faren og katten Arkimedes opplever mykje spennande. Månen som ville lyse som ei sol, 4-10 år. Av Elin Grimstad, Samlaget 2012. Månen er lei seg fordi sola får skine om dagen. Ho er større, lyset hennar er varmare og sterkare enn hans. Månen legg ein skummel plan! Berre for å finne ut at han treng sola. Og ho treng han! Sola og månen vert personifiserte gjennom kreative kollasjar. Historia er både spennande og morosam, den er også sann! Ekte mannfolk, 4-10 år. Av Manuela Olten, Skald forlag 2010. To kompisar overnattar saman. Dei pratar sjølvsagt om jenter: -Tenk, jenter er redde for spøkelse! Ha, ha ha! Plutseleg kjenner dei seg litt redde sjølve, men i rommet ved sidan av ligg storesyster med alle kosedyra sine og kan trøyste to ekte mannfolk. Lite tekst, mykje er fortalt berre gjennom teikningane.

Bøkene om Teo, 5-8 år. Av Solveig Blinheim Bendixen. Mangschou. Gjennom tre fine forteljingar blir vi kjende med førsteklassingen Teo. Det handlar om å vere ærleg, modig og god. I alle fall i noko. I minus, for eksempel, eller i å brette mjølkekartongar. Mest av alt handlar det om korleis det er å vere førsteklassing. Teo er lett å identifisere seg med. Teo gjer seg nokre dyrekjøpte erfaringar, som lesaren får ta del i og dermed også dele. Titlar: Teo i trøbbel, Teo tar sjansen, Tenk at det var Teo Under ein stein, 5-9 år. Erna Osland og Inger Lise Belsvik (illustrasjon), Samlaget 2014. Fagbok for born om småkryp som spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll og skolopender, med informative og vakre teikningar og lærerik tekst. Fin på sundagstur og som naturfagsressurs i småskule og førskule. Amanda sin medisin, 6-9 år. Atle Hansen, illustratør Inger Lise Belsvik, Cappelen Damm (Leseløve) 2012. Amanda opplever at veninnene ikkje vil leika med henne, og tek ein ganske oppfinnsam og ikkje spesielt snill hemn. Handlar om veninneintrigar som mange i småskulealder vil kjenna seg att i. Vi vil ha hund, 6-9 år. Ragnfrid Trohaug, illustratør Ella K. Okstad, Cappelen Damm (Leseløve) 2012. Tvillingane Jenny og Ole ynskjer seg så veldig ein hund, men mamma og pappa er vanskelege å overtala. Jenny og Ole bestemmer seg for å tjuvlåna ein. Mange kan kjenna seg att i det å ynskja seg ein hund, og drøyma om å tjuvlåna. Då er det godt ein kan gjera det i bøker. Spenning, saman med korte liner og stor skrift, gjer dette til ei god lettlesbok. Bøkene om Harry og Ivar, 6-10 år. Av Lars Mæhle. Det norske Samlaget. Harry er liten og tjukk. Og litt frekk. Ivar er lang og tynn. Og veldig snill! Dei bur i eit hus i skogkanten saman med hunden Kåre Albert. Som kan snakke, faktisk. Herifrå reiser dei til VM i plystring i Las Vegas, prøver å trylle jula inn i april, og lagar seg sitt eige detektYvbyrå! Humoren ligg i kontrastane, i Harry sine galne påfunn og Ivar si lojale gjennomføring i denne serien som tel fire bøker i alt. Huset Goggenheim, 6-12 år. Brit Bildøen, illustratør Lars Aurtande, Samlaget (Komet) 200+7. Maren og Magnus flytter frå byen og inn i eit gamalt hus på ei klippe. Snart byrjar dei å høyra lydar av springing i trappa og vakna av hunde-ånde. Spøkjer det i huset? Ei original og morosam spøkjelsesforteljing eigna til høgtlesing for dei yngste og å lesa sjølv for dei litt eldre. Monsterboka, 6-12 år. Antologi. Skald forlag 2013. Nyskrive forteljingar frå ei rekkje forfattarar: Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka samlar historier som tek kring eitt kvarter å lese høgt, høveleg for mangt slags bruk. I denne siste boka, er det monsterforteljingar som gjeld. I forteljinga om Grim, som Arnfinn Kolerud har skrive, lyt lensmannen ta stilling til om det i det heile teke er lov å vere monster. Moro! Og veldig godt fortalt.

Vaffelhjarte, 6-12 år. Maria Parr, Samlaget 2005. 2 utgåve 3.opplag 2011. Trille er sikker på at nabo Lena er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena. Med urokkeleg vilje og dreg Lena Trille med på dei viltraste påfunn, ofte inspirerte av noko dei har lært av dei vaksne. Likevel går alvoret ofte hand i hand med alt det morosame. Monsterøglene på Svalbard, 7-10-år. Torstein Helleve og Jørn H. Hurum, Cappelen Damm 2012. Småen og flokken hans er på jakt etter mat. Flokken blir angripen og ei av dei eldste fiskeøglene vert liggande på havbotnen. Slik får vi vite korleis eit fossil utviklar seg, og korleis forskarar jobbar i fossiljakta si. Hanna & Emma, 8 og 12 år. Bente Bratlund, Mangschou 2008-2014. Saman kan venninnene Hanna og Emma klare alt. Det er to spennande kvardagsforteljingar i kvar bok, til saman 10 forteljingar i fem bøker. Rosas buss, 8-12 år. Fabrizio Silei. Omsett av Guri Vesaas, Samlaget 2011. Biletboka fortel historia om Rosa Parks som i 1964 nekta å reise seg frå bussetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar. Det er bestefar til Ben som fortel om Rosa og hennar modige val. Historia kan også lesast som ei oppmoding om å setje grenser og kjempe for rettane sine på eit personleg plan. Forteljingar om Jolver, 8-12 år. Rune Belsvik. Cappelen Damm 2009. Åtte små forteljingar gir oss verda slik Jolver opplever ho. Han speglar seg i dei små hendingane rundt seg, medan han prøver å finne ut kven han er og kven han kan bli. Ei enkel bok om store tema: sjølvstende og morsbinding, døden, identitet, fiksjon og røynd, forandringar og kommunikasjon. Sirkus Spetakkel, 9-12 år. Kari Smeland, Samlaget 2014. Ni år gamle Ada lever sirkuslivet med dei to onklane sine. Ein dag dukkar den skumle sirkusdirektøren Rottekjeften opp og vil stikke kjeppar i hjula deira, og Ada må få hjelp av både nye vener og ein super-gris for å få halde fram med sirkuslivet. Det heile vert skildra med eit sprudlande språk krydra med uventa språklege bilete. Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen, frå 10 år. Ingunn Røyset, Samlaget 2014. Barneroman om Dagny som blir sendt på ei tidsreise tilbake til eit Noreg i krig. Ho vaknar til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar. Ein let seg rive med i denne romanen som skildrar 2.verdskrig slik mormora til Dagny opplevde den. Villheks (serie), 10 år og oppover. Lene Kaaberbøl, omsett av Øystein Rosse. Samlaget 2012–2014. Det har til no kome fem bøker om villheksa Clara. Medan utfordringane hennar i den fyrste boka var å klare seg og verte ei ekte villheks, er det i dei seinare bøkene etter kvart større ting som står på spel. Bøkene er spennande, og det tek ikkje mange sidene før lesaren er fanga.

Tilrådd av: Arild Torvund Olsen, Gudrun Kløve Juul, Liv Kristin Øvereng, Anne Marta Vadstein og Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret.

15


målmedvit

Frå bokmål til nynorsk Det var fyrst då ho skulle starte eigen blogg at Tone Oppsato (45) frå Ål innsåg kva som skurra. Etter 30 år som bokmålsskrivande, skifta ho til nynorsk.

Sjeldan slump: I dag pratar ikkje ungane dialekt av seg sjølv. Magny meiner faren Engebret sin umedvitne målpolitikk var heilt avgjerande for hennar del.

Som far, så dotter Engebret Hammersbøen (55) trur ikkje han gjorde noko spesielt for at ungane hans skulle prate halling. Dottera Magny (25) har ein litt annan versjon. Tekst og foto: Heidi Molstad Andresen

– Magny var kanskje tre–fire år, og såg på meg med store augo: «Papa, papa - er’e sant at e æ fødd med ullbrok og ski?» Engebret Hammersbøen humrar. I dag er dottera Magny 25 år, Siv 24 og tvillingane Stein og Andres 18. Dei pratar alle kav halling, slik dei gjorde gjennom heile oppveksten. – Sjølvsagt gjer dei det, seier Engebret – kva anna skulle dei prate? Engebret minnest at han syntest det var stas då andre vaksne påpeikte at ungane hans prata så breitt og fint. Men han reflekterte aldri vidare over at ungane hans prata halling, medan dei fleste jamaldringane på Geilo snakka bokmål. Han kan heller ikkje hugse om han eller ekskona Eva gjorde noko spesielt for at det skulle bli slik. Eldstedottera, som i dag jobbar som skreddar ved Det Kongelige Teater i København, hugsar litt betre. For Magny forstod tidleg at det var viktig for foreldra hennar at ho og syskena prata halling: – Dei var ikkje spesielt strenge i språkoppsedinga, men om det sneik seg inn eit bokmålsord når eg prata, kjentest det nesten som verre enn å banne. Magny kan hugse at foreldra ofte påpeikte skilnaden mellom bokmål og halling, og understreka at dei prata og brukte dei orda dei gjorde, nettopp fordi

16

dei budde i Hallingdal. Men mest av alt deg for øyro og nekta å svara dersom hugsar ho språkgleda heime: ungane dine prata bokmål. – Mamma og pappa har alltid vore – Haha. Det kan eg ikkje hugse. Men tydeleg stolte og glade i hallingdialekdet høyrest ut som noko eg kunne ha ten. Det trur eg har smitta. Dei brukte gjort, ja ... skikkelege hallingord. Dei sa «røtustøkk» i staden for «lathans», og bembil, Magny trur det har vore ein styrke titil og totil. Dei at heile slekta pratar forklarte også at halling. Å støtt vera på Geilo prata omgjeven av dialekt frå me på «ø» og dei nærmaste har gjort på Ål prata dei det til ein heilt naturleg på «å». Trøpp del av ho. Ikkje minst og tråpp, pøse trur ho foreldra si leiog påse, køyre kande og humoristiske og kåyre. Dei tilnærming til språket forklarte at i har gjort sitt: Danmark seier – Dei har vore flinke dei kartoffel, på til å finne morosame holing heiter det ord og uttrykk på kantefel og på halling, og det vekkjer Magny Hammersbøen (25) bokmål potet. både nysgjerrigheit Slike ting. og interesse for språk hjå ungar. «Det æ vondt å vante vet, men det æ verre å Det demrar ørlite for far Engebret også vante vøttu te veten», for eksempel. no. All song og høgtlesing gjekk også – Jau, me fortalde sjølvsagt kvifor føre seg på halling. Det var fyrst då me synest det er fint å prate dialekt. Og Magny vart stor nok til å lesa sjølv at ho så spelte me «Holsspelet» når me var på skjønte at mora hadde simultanomsett hytta, og der handla fleire av spørsmåla alt ho las, frå bokmål til halling. Magny om hallingord, om kva det og det ordet forstod ikkje korleis ho greidde det. skulle bety. Men bortsett frå det ... nei. Alle ungane frå Årset ved Geilo Me gjorde vel ikkje noko spesielt. gjekk i Lien barnehage, der mange av – Det går gjetord om at du heldt dei tilsette prata halling. Då Magny

«Mamma og pappa har alltid vore tydeleg stolte og glade i hallingdialekten. Det trur eg har smitta.»

byrja på skulen, høyrde ho at fleire av ungane la om til bokmål. Ho kan hugse at det gjorde ho meir bevisst på sin eigen dialekt. -Eg har aldri kjent meg annleis eller rar fordi om eg pratar halling, og eg vart ikkje særleg påverka av dei som prata bokmål på skulen. Eg trur hallingen hadde slått rot i meg alt då. Eg har vel heller aldri vore redd for å verke annleis. Far Engebret kjem enno ikkje på kva han gjorde for å få ungane til å bli stolte dialektbrukarar. – Bortsett frå å rette på dei når dei knota då – men, kven gjer vel ikkje det? spør han, heilt utan ironi. For Hammersbøane har alltid sett si ære i ikkje å knote. Det er difor med tungt hjarta Magny vedgår at ho syndar dagleg i København. Ho pratar halling med alle nordmenn, men danskane skjønar verkeleg lite av dialekten hennar. Med unnatak av kjærasten, som har gått i ein knallhard skule. Magny er ikkje i tvil om kva for mål ho helst vil at ungane hennar skal ha, når den tid kjem: – Eg har alltid tenkt at den dagen eg sjølv får ungar, skal dei gå i Lien barnehage og lære å prate halling. No er dessverre Lien lagt ned, og eg bur her. Men eg prøver alt eg kan å halde på dialekten. Eg skal nok finne ei råd!

– Eg hadde nynorsk på barne- og ungdomsskulen og ingen bestemte meiningar om det. Det var ingen alternativ, men eg oppfatta nok sidemålet som enklare og meir lettlese. På ungdomsskulen vart dette inntrykket forsterka, og eg knytte heller ikkje nynorsken direkte mot hallingdialekten. Så utan å ha særleg motstand eller vanskar med nynorsk, valte eg, som mange andre, bokmål som hovudmål då me kom til vidaregåande, fortel ho. Tone kan ikkje hugse at det var noko vidare informasjon eller diskusjon kring målbyte frå skulen si side. Slik sett trur ho kanskje det var dei som hadde det mest bevisste forholdet til dialekt og målform som beheldt nynorsken. Trass i at ho sjølv presterte godt i begge målformene gjennom skuletida, hadde ho heile tida ei klar oppfatning av at bokmål var lettare tilgjengeleg. Det var difor også mest naturleg å velje bokmålslitteratur. – Eg veit ikkje korleis eg fekk det for meg at nynorsk var så traust, men eg veit at det var rotfesta i meg. Kanskje det hadde noko med litteraturvalet me vart presenterte for gjennom barneåra? Det fekk meg i alle fall til å velje bort mykje god litteratur dei åra eg las aktivt. For eg heldt på bokmålet i 30 år.

Ål og hamna i ein diskusjon om mål, var det slett ikkje openbert at det skulle bli nynorsk. Ein kjenning hevda sin rett til å skrive bokmål og prate god halling, og meinte at det å kjempe for berre bokmål som skriftmål, ikkje var uforeinleg med å vera ein god dialektforkjempar. Ein lærar frå ei multikulturell skule i Oslo kom også med fleire døme på at mange ungar har nok med å meistre eitt skriftspråk. – Eg var så einig med begge to, dei sa det eg sjølv alltid hadde meint: skriv riktig bokmål og prat god halling. Og likevel begynte eg altså å skrive nynorsk, heilt plutseleg.

Vendereis: Tone skifta skriftmål på dagen. Tone flytta frå Hallingdal i 1994. Ho er utdanna innan kunst og handverk og grafisk design, og etter ti år i Galleri Osebro i Telemark, slutta ho og starta for seg sjølv i fjor. I dag er ho heimeverande handverkar, frilansar og bloggar i Porsgrunn, der ho bur i ein gamal sveitservilla saman med ektemannen Kjell og ungane Frøydis (19) og Jakob (15). Arbeidskvardagen består i alt frå boklayout, redesign av gamle lamper, og blogging om hus og restaurering på villasolstua.no Då Tone bestemte seg for å starte for seg sjølv, var det første steget å laga nettsider. Tone var ganske langt komen i arbeidet då ho begynte å tenkje på målform. Etter å ha vore heime ein tur på

Å lesa artiklane til medievitar Kjetil Aarseth var inspirerande, seier ho. Han skriv ein lett tilgjengeleg og moderat nynorsk som ho kjente seg heime i. Men heilomvendinga var fyrst og fremst personleg – og handla om å vera frå Hallingdal. – Eg har alltid syntes det er merkeleg å sjå innbarka hallingar skrive bokmål. Det er noko som skurrar skikkeleg, noko som ikkje er heilt. Eg har også fått høyre at det er rart at eg som pratar halling, skriv bokmål. Og då eg var i gang med nettsida mi, måtte eg tenkje over korleis eg ville stå fram. I kor stor grad skulle eg vera personleg? Eg innsåg at eg ynskte at alle som las det eg skreiv, også skulle

veta at eg fyrst og fremst er halling og opprinneleg bygdejente. Det får eg ikkje vist ved å skrive nynorsk sjølvsagt, men eg får det i alle fall ikkje til på bokmål. Det store valet vart kringkasta på Facebook 26. januar: «Jeg har hatt et oppgjør med meg selv og skal heretter bare skrive nynorsk. Eg meiner, frå no av vert det nynorsk. NYNORSK!» – Eg fekk kjemperespons – og folk påpeikte nettopp det eg ikkje hadde tatt inn over meg før då: Nynorsk er det mest dialektnære skriftspråket. Tilbakemeldingane har berre vore positive og hyggjelege. Om målbytet ekskluderer nokon frå bloggen min, skulle vera interessant å veta. Tone er tydeleg på at valet aldri var politisk. Ho ville ikkje ha kasta seg inn i ein kvass måldebatt, for så høgt elskar ho ikkje nynorsken. Men ho er svært glad i hallingdialekten sin, og jobbar for å bli betre i å prate halling kvar dag. – Eg synest det er litt vanskeleg med alle gradene av nynorsk, og blir usikker når det er så mykje som er lov. Eigentleg vil eg skrive konservativt og skikkeleg, men har valt å leggje meg på ei moderat og pragmatisk line. Eg vil jo at bloggen min skal vera inkluderande og nå fram til mange. Når eg tvilar, vel eg difor alltid lettaste utveg.

«Jeg har hatt et oppgjør med meg selv og skal heretter bare skrive nynorsk. Eg meiner, frå no av vert det nynorsk. NYNORSK!»

... og frå austnorsk til halling Christoffer Fauske Bjerkan (28) har prata bokmålsnært heile livet. No har han øvd seg på å svalle halling høgt på trikken. – Eg er veldig stolt av bygda mi, og har lyst til at folk skal høyre kvar eg kjem frå. Men det er ikkje alltid like lett. Bokmålet sit godt i etter så mange år. Christoffer har ingen forklaring på kvifor han prata bokmål, eller standarisert austnorsk som me helst kallar det, under oppveksten i Hemsedal. Den einaste grunnen han kan koma på, er at foreldra ikkje var eittspråklege – og at han kanskje freista å leggje seg ein stad midt i mellom mora frå Hemsedal og faren frå Kristiansund. Då han flytta til Hovden for å gå på skigymnas, forsvann dei få hallingorda han hadde att. Han gjekk lei av å måtte forklare opp att og bli herma etter, uansett kor kameratsleg tonen var. Det nynorske skriftspråket, som hadde vore hovudmålet hans i ti år, forsvann

same vegen som hallingorda. Christoffer trudde han ville skrive bokmål minst like godt som nynorsk, og vart overraska då han oppdaga kor mykje betre han eigentleg hadde beherska nynorsk. Men det vart bokmål likevel, både munnleg og skriftleg. Etterpå flytta han til Oslo. Og der, der kunne denne målhistoria enda. – Med åra er eg nok blitt meir og meir bevisst på kvar eg kjem frå og høyrer til. Mange har også stussa når eg har fortalt at eg er frå Hemsedal, ettersom eg ikkje prata dialekt. Så etter å ha vore heime ein tur for eit par år sidan, bestemte eg meg for å ta til å prate halling. Han byrja i det små. Skifta ut eit og anna bokmålsord med hallingord. Etterkvart kom heile setningar naturleg. - Eg skjønte fort at eg trong trening, og fortalte mor om kva eg hadde bestemt meg for. Eg sa at ho ikkje måtte få sjokk om eg prata halling når ho ringte – ho hadde jo høyrt meg snakke bokmål nesten heile livet. Så då vart det slik. Eg

prata halling med mor i telefonen, anten eg stod i butikkø eller sat på trikken. Det var mykje god øving i det. Det er det for så vidt framleis. Å skifte mål er ikkje gjort over natta. Christoffer tek seg framleis i å slå om til bokmål i mange samanhengar. Somme gonger fordi han trur det er enklare for folk å forstå, andre gonger fordi han gløymer seg bort. Han vedgår at han av og til får lyst til å gje opp heile prosjektet. Men så dreg han kanskje ein tur heim, og då sit både målet og identiteten i ryggmargen lenge etterpå. – Det er mange som heiar på at eg har lagt om, og generelt opplever eg at folk meiner det er positivt at ein tek vare på morsmålet sitt. Det er hyggeleg, og gir motivasjon til å fortsette. Så får eg heller leve med at eg fell attende til gamle synder av og til. Eg ser meir og meir kor viktig det er å ta vare på dialekten sin, og synest det er trist at så mange av dei unge hallingane pratar bokmål. Men det er aldri for seint å snu.

Heim til Hemsedal: Christoffer har nett teke til som arrangementskoordinator i Hemsedal, og pendlar mellom Oslo og heimbygda. - No som målgrunnlaget er lagt i byen, blir det forhåpentlegvis endå lettare å få gnist på hallingdialekten.

17


mediemål

Hallo og farvel Visst lurar Ragnhild Sælthun Fjørtoft (67) på om ho vil greie å nytte tida godt nok som pensjonist. Men ho er minst like uroa for korleis det skal gå med nynorskrøkta i NRK. Tekst: Heidi Molstad Andresen | Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

Tv-uret tikkar mot Dagsrevyen. Logen frå stearinlyset blafrar i ruta, der kanalvert Ragnhild Sælthun Fjørtoft kremtar, speglar seg i skjermen og festar blikket. Ho smiler ikkje lenger. Denne gongen er meldinga personleg. Tre, to, ein, direkte: – Eg er så lei av all sytinga. Forstår de ikkje kor priviligerte me er? Kor godt me har det her i landet? Og de bortskjemte unge kvinner, som ironiserer over feministane og tek alle rettar for gitt: Veit de korleis formødrene dykkar har kjempa? Veit de at det i store delar av verda framleis er ei ulempe å få ei dotter? At kastesystemet og medgiftskulturen i Asia fører til barnedrap, fordi foreldra til jentebabyar ikkje maktar å spare nok pengar til medgifta? At gifte kvinner blir drepne, for at mannen skal få seg ei ny kone og ei ny medgift? Slik kunne Ragnhild Sælthun Fjørtoft ha tatt oss i skule, om ho hadde prata om nett det ho ville på skjermen. Det har ho sjølvsagt aldri hatt høve til. I staden har ho leia oss stødig gjennom nyheiter og kvardagsdrama i 45 år. Før ho har dukka opp i ruta, ståande på fire tjukke treplater, har ho sett seg inn i programma, skrive manus og talt sekund. Ho har diskutert schedule, trailer og highlight med teknikarane, valt ut bakgrunnsbiletet og førehandsprogrammert all grafikken som skal på skjermen. Når studiolampa er tent, har Ragnhild vore det einaste menneskelege blant stoppeklokka og teknikken. – Då eg byrja som frilansar, kom eg om ettermiddagen og henta manus i tv-resepsjonen. Så var det sminke og frisering, og rett på lufta. Manusa var stort sett berre oppramsing. I dei seinare åra har me brukt to dagar på å førebu oss til sending. Etter at me fekk konkurranse, måtte me også gje folk lyst til å sjå programma. Selje, slik at folk ikkje skifta kanal. Det har i det heile vore ein langt meir omfattande jobb enn kva folk trur.

Gull i ruta: Takka vere Ragnhild og NRK er nynorsk blitt ein sjølvsagd del av den norske kvardagen. Engasjementet for språk og nynorsk lyrikk fekk ho av mora Ambjørg, som var frå Ål.

18

Ragnhild vaks opp på Ljøsne i Lærdal, med mora Ambjørg, faren Olaf, brørne Lasse, Nils Roar og Sander, og kyr, sauer, hest, katter og hundar. Det var langt til skule og leikekameratar mellom dei bratte fjella. Fjernsyn fanst ikkje. Ragnhild vart van med å underhalde seg sjølv. Ho arva også tidleg foreldra sin kjærleik til nynorsk lyrikk. Mora siterte ofte lyrikarar som Anna Skeide, Ingebjørg Kasin Sandsdalen og Halldis Moren Vesaas i dei mange talene ho heldt landet rundt som leiar av ulike kvinneorganisasjonar. Då antologien med Ragnhild sine favorittdikt kom ut på Det Norske Samlaget med tittelen «Under bergfall» for nokre år sidan, hadde ho samla eit

kremlag av mellom anna Olav H.Hauge, Tor Jonsson og Halldis Moren Vesaas. Sistnemnde har ho, som mora, eit særleg nært forhold til. Både fordi Vesaas sin lyrikk talar så sterkt til henne, men også for omsetjingsarbeidet hennar for Det Norske Teatret, der Ragnhild gjennom 13 år var leiar av vennelaget. Ein skal ikkje sjå bort frå at røynsla frå ungdomsåra der ho las dikt frå same scena som Vesaas, også bidrog til at Ragnhild våga å sjå for seg ei framtid i noko så eksotisk som eit fjernsynsstudio var den gongen. – NRK har vore min andre heim, og eg har alltid sagt at eg har hatt verdas mest spennande arbeidsplass. Ho smiler. – Men det veit eg jo eigentleg ingenting om. Eg har jo knapt vore nokon annan stad. Ragnhild har vore stolt av jobben og arbeidsplassen sin sidan ho som 22-åring debuterte med å annonsere barne-tv i svart-kvitt. I tillegg til programannonsering, har ho jobba som omsetjar, produsent, kommentator og programleiar. Fyrste gongen ho tok hallodametesten var ho berre 18 år. Ragnhild hadde utmerkt seg både som konferansier og skodespelar i tida på Firda gymnas. Det var skulekamerat Olav Helge Førde (ja, nettopp, bror til Einar som seinare skulle bli kringkastingssjef) som ymta frampå om at Ragnhild burde vurdere ei framtid i fjernsynet. Så då kullingane drog på russetur til København, hoppa Ragnhild av i Oslo for å prøve seg i rikskringkastinga. – Dei sa eg var for ung, men oppmoda meg om å koma att seinare. Eg hadde alltid drøymt om å bli lærar, og gløymde heile fjernsynet då eg tok til på lærarskulen i Tønsberg. Då skuletida gjekk mot slutten, var det faktisk mor mi som minte meg på det - at eg måtte dra attende til NRK og gjera eit nytt forsøk. Utan mor hadde eg nok aldri fått oppleva alt det utrulege eg har vore med på. Eg håpar eg fekk sagt til ho kor takksam eg er for alt ho gav meg ...

ingskomiteen, sosialkomiteen og forsvarskomiteen. Som bondekvinnelagsleiar jobba ho dessutan målretta for å sikre jentene odelsrett på lik line med gutane. I tillegg var ho, saman med mannen, aktiv folkedansar og vann fleire prisar på landskappleiken. – Mor er den som har forma meg mest. Det er fyrst no eg forstår kva for sorg dei ber på, dei som mistar foreldra sine tidleg. Mor vart 89 år, og likevel gjer det så vondt at ho er borte. Eg saknar ho framleis, seier Ragnhild alvorleg. Ragnhild har alltid vore ein del av ein utvida kjernefamilie. Ho har hatt ein heilt naturleg plass i tusenvis av heimar, og vore til stades gjennom glede og sorg. Sine eige bører har ho måtta løyne bak eit smil. – Det har nok skjedd at eg har sete i garderoben og gråte like før sending, fordi ting har vore vanskeleg privat. Men «the show must go on» som det heiter. Det er slett ikkje alle som greier å halde hovudet kaldt, og dei blir ikkje lenge. Men mange har også vore som meg - at dei synest det kan vera godt å gløyme privatlivet ei stund, og berre konsentrere seg om arbeidet. Som ansvarleg for uttak og opplæring av nye annonsørar, er det imidlertid språktesten Ragnhild har vore mest berykta for. Ragnhild har kravd at søkjarane er over snittet sterke i framandspråk (sjølv har ho lese både islandsk, tysk, engelsk, spansk, fransk og singalesisk), og at dei pratar plettfri, standardisert norsk. Privat bryt ho på både sogning, bokmål og nynorsk: – Eg kom til austlandet då eg var 19 år gamal. Den gongen var dialekt lågstatus i byen, og sognamaolet var vanskeleg å forstå. Det har heldigvis forandra seg heilt. No er det stas å snakke dialekt – til og med i Oslo! Det er ei utvikling som var utenkjeleg for 40 år sidan, og eg er veldig glad for at det er blitt slik.

«No er det stas å snakke dialekt - til og med i Oslo!»

Mora Ambjørg Ødelien frå Ål var aktiv på fleire frontar. Etter å ha fullført realskulen i 1938, tok ho husmorskule og vart sjukepleiarelev ved Ullevål sjukehus i krigsåra. I 1945 gifta ho seg med Olaf Sælthun og vart bonde og husmor. Alt i 1959 vart ho medlem av skulestyret i Lærdal. Sidan skulle ho bli den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten for Sogn og Fjordane, og Senterpartiet sin representant både i kyrkje- og undervisn-

Trass i at ho har budd over tretti år på Lørenskog, har det aldri falle ho inn å skifte til austnorsk. – Eg skriv bokmål og nynorsk like lett – og brukar begge målformene skriftleg, men absolutt mest nynorsk, sidan det er mest naturleg for meg. Eg kan også snakke bokmål om eg vil, men eg vil ikkje! Det følest så unaturleg. Eg går ut av meg sjølv på ein måte. Men eg gjer det når eg snakkar med svenskar eller danskar – for dei har store problem med å forstå noko anna.

Ragnhild har ofte fått høyre at ho har eit fint mål, og den slags kompliment trur ho ikkje er mange bokmålsbrukarar forunt. Mange av dei som skryter, anar likevel ikkje kva for mål ho pratar: – Bokmålsfolk veit lite om forskjellen mellom dialektar og nynorsk. Mang ein gong har folk i samtale med meg klaga over all nynorsken dei må høyre på i NRK. «Det er noe annet med deg, for du snakker jo så nydelig dialekt på tv,» seier dei. Dei blir forvirra når eg seier at eg aldri har prata dialekt i jobben min som kanalvert. Vi har alltid vore pålagde å snakke normert og korrekt nynorsk eller bokmål. Av ein eller annan grunn trur dei likevel at eg snakkar dialekt. Ragnhild er også svært glad i hallingdialekta. Den minner om mor, gofa og alle sumrane på Ål då ho var lita jente. Hytta mora bygde på Veståsen, høyrer framleis til familien.

dagsrevyen til kveldsnytt kjem ho likevel ikkje til å slutte med, og ho har heller ingen planar om å byrje å trene, sjølv om korkje kondisjonen eller beina er så gode som ho skulle ønskje. Men Ragnhild har alltid nytt fridomen i å kunne planlegge ein tur utan å ta omsyn til andre. Ho reiser rundt i verda aleine, og meiner målet om tosomheit gjer at mange går glipp av opplevingar. – Eg blir mykje meir oppmerksam på alt rundt meg når eg berre har mitt eige selskap, og storkosar meg når eg kan sitja for meg sjølv på kafe og observere andre. I vår tid kan det nesten verke som det er skam knytt til det å vera aleine. Då gløymer ein at det er stor skilnad på det å vera einsam, og det å velja å vera aleine. I motsetnad til ektemannen bur barnebarna Adam og August berre ein kort køyretur unna. Ragnhild tenkjer på dei mange gonger om dagen, og gler seg til å møte dei i helgene. – Dei er herlege, og eg synest det er fantastisk å kunne krabbe rundt på golvet, klatre i tre og gå på skattejakt. Slik sett er barnebarna eit fint alibi for å få lov til å leike. Ho humrar: – Rett nok synest eg mange er for opptekne av å ha selskap, men sjølv ikkje eg vågar meg ut på aketur aleine!

«Trugsmålet mot nynorsken er at han blir eit daudt skriftspråk.»

– Det er trist når stadig fleire unge vender seg mot bokmål i staden for å halde på dialekten. Kvifor? Dialekt er populært no! Ved å snakke dialekt fortel ein om røter og kvar ein kjem frå, og ein skil seg litt ut frå den store massen som snakkar bokmål. Kvifor gli inn i denne massen? Hadde Hellbillies vore like populære om dei ikkje song på dialekt? Det tvilar eg på! Der mora Ambjørg sitt samfunnsengasjement nådde nyheitene, har Ragnhild jobba meir i det stille. Men brenne, det gjer ho også. Den politiske oppvakninga kom for alvor då ho i 1971 gifta seg med dagsrevyreporter Arne Fjørtoft, som seinare vart leiar i Venstre og i årevis var sjef for medie- og miljøstiftinga Worldview International Foundation med base i Sri Lanka. Det er han framleis. Då sønene Rune og Roar var små, budde dei alle på Sri Lanka i fire år. Ragnhild var sterkt involvert i ektemannen sitt arbeid, og har sidan sete i styret til både UNICEF, FORUT, Strømmestiftelsen og Antislaveriselskapet i Norge. – Langt fleire unge menneske burde reist ut ein tur og fått litt perspektiv. Ein kan ikkje oppleve fattigdom og naud på nært hald utan å bli prega og engasjert. Eg skulle gjerne ha jobba meir med kvinner sin situasjon i utviklingsland. Kanskje no når eg er blitt pensjonist ..? Ragnhild vedgår at ho har kvidd seg for å takke av i tv-ruta. Mest av alt fryktar ho at dagane skal bli borte utan at ho har brukt dei. Timane i godstolen frå

Etter eit heilt yrkesliv i NRK kan ho sjå attende på både Kringkastingsringens språkpris, Kringkastingsprisen, Gullrutens hederspris og Storegutprisen. Ragnhild har vore ein tydeleg og profilert språkrøktar i statskanalen, og i fleire år var ho då også leiar av NRK sitt språkutval. Takka vere Ragnhild og NRK er nynorsk blitt ein sjølvsagd del av den norske kvardagen. Det er klart det har kravd si kvinne. Det er ikkje alle som har tatt språk på like stort alvor, sjølv om krava til språkleg mangfald lenge har vore talfesta i rikskringkastinga. Ho er spent på korleis målarbeidet hjå hennar gamle arbeidsgjevar vil bli i tida framover: – Det største trugsmålet mot nynorsken er at han kun blir eit daudt skriftspråk. På same måten som bokmålet må folk også få høyre munnleg nynorsk. Eg deler difor ikkje begeistringa til dei som meiner meir dialektbruk berre er eit gode, og er oppriktig bekymra for at dialektbruken i NRK skal gå ut over nynorsken. Så eg kjem nok til å følgje med. Sjølv om eg korkje har ansvar eller påverknadskraft lenger.

19


MEDIEMÅL

Kva seier redaktørane? 1. Får journalistar som ynskjer å skrive nynorsk, lov til det hjå dykk? 2. Er det same nynorskpraksis for spaltistar og kronikkforfattarar, som for fast tilsette? 3. Er det sannsynleg at avisa si offisielle haldning til nynorsk vil endre seg med det fyrste? John-Arne Markussen, redaktør i Dagbladet Foto: Dagbladet

1. Det er eigarane og styret som bestemmer avisa sitt formål og språknorm. Språket er ein del av forretningsideen. Språk er så viktig her i landet at vi har aviser som er konsekvent redigert på nynorsk – og som neppe vil opne for bokmål. Dagbladet brukar radikalt bokmål. Det betyr at journalistane hjå oss – som hovudregel - ikkje skal bruke nynorsk. Men ein skal ikke vere meir katolsk enn paven, og det finst unnatak: Skal du teikne personlegdomen til ein markant nynorskbrukar, vil det nesten vere rart om ein ikkje siterer vedkomande på nynorsk. Men sjølv om me har ei vedteke språknorm, trur eg den digitale utviklinga vil bety ei meir open line, også for oss. Nettet er meir forgjengeleg, og gjer det lettare å eksperimentere også med språk og personleg form.

Talegåva

2. Nei. Me har alltid late spaltistar og bidragsytarar på debattsidene bruke nynorsk. Når me pratar om avisa si språknorm, er uavhengige bidragsytarar definerte som unnatak frå hovudregelen.

Når nokon seier at det er lettare å skrive bokmål enn nynorsk, svarar humorist Are Kalvø (44) at han synest det er enklare med nynorsk. Men at om han prøver litt, så får han til bokmål også.

3. Nei. Me har ei norm, og skal ikkje forvirre lesarane. Dei har ei forventing til oss, også når det gjeld språk.

Torry Pedersen, redaktør i VG

Dialektattraksjonen

1. VG sitt språk er bokmål, og slik har det vore sidan avisa blei etablert i 1945.

3. Nei.

Foto: VG

2. Kronikørar som skriv på nynorsk, får gjere det.

Tekst: Heidi Molstad Andresen | Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Eirik Hoff Lysholm, redaktør i Dagsavisen Foto: Dagsavisen

1. Me har bokmål som nyheitsspråk, men lét journalistane nytte nynorsk om dei ynsker det når det passar til sjangeren. Det kan vere i personlege kommentarartiklar eller intervju av personar som uttrykker seg meir naturleg på nynorsk. 2. Praksisen er den same for fast tilsette og spaltistar. Vår musikkspaltist Roald Helgheim har fast jazzspalte på nynorsk kvar laurdag, og me har også hatt andre faste spaltistar som skriv nynorsk. Are Kalvø skreiv den personlige spalta«Kalvøkaden» i 20 år på nynorsk, men gjekk til Aftenposten i 2011. 3. I praksis vil det blir meir nynorsk i Dagsavisen framover. Denne veka har me hatt to nyheitsartiklar på nynorsk, av di med har ein ny stofflytavtale med avisa Vårt Land, som me er i same konsern med. Fleire av deira journalistar brukar nynorsk, og eg har bestemt at me ikkje skal omsette dei til bokmål, men trykke det slik journalistane har skrivi det.

Anna B. Jenssen, redaktør i Morgenbladet 2. Ja. 3. Nei.

20

Foto: Morgenbladet

1. Ja, det gjer avisa rikare.

Journalist Linda Eide (45) likar dårleg å bli sitert på bokmål i norske aviser. Difor hender det ho kliner til.

Då Linda Eide byrja på Bjørgum skule på Voss, var det ikkje noko val: Ho skulle skriva nynorsk. Lenge trudde ho det var det einaste skriftspråket i verda. Sidan har det vore dei to: – Nynorsk ligg nærmast til talemålet mitt, og nærmast hjarta mitt. For meg blir bokmål som å kyssa utan mi eiga tunge. Og det er så lite forlokkande at eg aldri har hatt bokmål oppe til vurdering. – Mange hallingar er i ferd med å forelska seg i bokmål. Kva seier du til dei? – Kjenn etter! Kva gjer best for hjarta? Kva tunge føler du at du kyssar med? Likar du framleis bokmålet best etter denne testen, er det sjølvsagt berre å gi gass. Står du att med nynorsk, er det berre å gi dobbelt gass. Som oppvaksen med vossamål trur Linda det ville verka rart og framandgjerande om ho skreiv personlege historier på bokmål. Slik sett meiner Linda ho har hatt flaks: – Det er heilt naturleg for meg å skriva nynorsk, men som i alle skriftspråk finst det ord som eg skriv annleis enn eg snakkar. Eg seier ikkje dykk, og eg seier ikkje kvifor, eller vasshovud. Men slik vil det jo vera. Skriftspråket skal prøva å ta opp i seg eit hav av talemåtar, og det vil aldri komma i nærleiken av alle fasettar og ord som finst i talemålet. Det vil alltid vera eit felles multiplum. Nynorsk er likevel eit oppdatert, aktivt og gnistrande skriftspråk som mange har glede av å skriva og lesa den dag i dag. Og som endå fleire

ville ha brukt – om det var lagt til rette for det på same måte som for bokmålet. – Men er det ikkje enklare å skriva bokmål? – Det er kanskje enklare å skriva, men i alle fall ikkje enklare å forstå. Sidan bokmål har fleire passive vendingar, kan ein faktisk skriva om ei sak ein ikkje skjønar sjølv, på bokmål. Det går som regel ikkje med nynorsk, som krev eit aktivt subjekt og er meir pang på. Linda har halde på dialekten sidan ho flytta til Bergen. Vossamålet vart hermetisert den gongen i 1988, og dei språklege endringane som er komne etter det, har ho heldigvis vore spart for. Og folk likar at Linda pratar dialekt på tv. I løpet av 21 program med Norsk attraksjon kom det ikkje ein einaste klage på dialekten, berre ros. Målet har gjort ho til ein attraksjon i seg sjølv. – Som journalist jobbar eg mykje med innhaldet i det eg formidlar. Å bli introdusert slik eg av og til blir; «no kjem Linda Eide, og når ho opnar munnen er det liksom ikkje så nøye kva som blir sagt, for ho har så fin dialekt», er litt rart. Det er alltid godt meint, men eg må alltid seia det ti gonger inni meg før eg greier å bli glad. Som journalist meiner ho det er flest ulemper med å bruka nynorsk – i alle fall om ein er oppteken av å kunna jobba kvar som helst. Det kan ein ikkje. Førebels. – Det eksisterer ein totalt uforståeleg nynorskangst i store delar av media og den frie pressa, og det er langt færre journalistjobbar for den

som vil skriva nynorsk. Gudmund Skjeldal gjer for tida ein strålande innsats i Morgenbladet. Den avisa tener stort på meir nynorsk. Om berre VG, Dagbladet, Aftenposten, Se og Hør og resten kunne forstått seg på mangfald dei, så hadde me fått mange nye pennar som stakk seg ut i avis- og vekebladverda. Dei kunne ha løfta språket frå det lett pratande, til det hardt treffande. Og der er ho over på fordelane. Linda trur ho som dialektbrukar og nynorskskribent har eit språk som skil seg ut, og som kanskje ruskar tak i lesaren og lyttaren på ein annan måte enn bokmål. Ho meiner det er liten tvil om at nynorskskrivande gjer svært mykje av seg, sjølv om dei er i mindretal. – No som det er Linda Eide lov å bruka dialekt på tv og i radio, kan ein formidla stoffet meir personleg. Det gjer det mykje lettare å få kontakt med publikum. Men å ha ein særeigen dialekt betyr ikkje at ein ikkje treng god formulerings-evne. Det ligg trass alt litt motstand i å formidla på ein dialekt som publikum ikkje er like van med som austlandsk bymål. Orda og språket, det må vera godt og engasjerande. Som målmenneske er det difor ekstra irriterande å bli sitert på bokmål. Linda kjenner ikkje att si eiga stemme når det skjer, og seier ho også blir opprørt reint fagleg. Ho forstår ikkje kvifor brorparten av norske medium lèt vera å ta i bruk eit godt og velfungerande språkleg verkemiddel.

– Dette landet er velsigna med to offisielle skriftspråk, dei bør brukast side om side til beste for formidlinga. Og for ein lesar kling eg definitivt betre på nynorsk, ingen tvil om det. Eg opplever uforståeleg ofte at dersom eg svarar på e-post når eg får spørsmål frå andre medium, så vert svara mine sett om til bokmål. Mi stemme vert tydelegare og meir personleg i ei nynorsk skriftform. Så kvifor bruka tid på å omsetta mine svar til bokmål? Slikt gjer ho forbanna. Ikkje der og då, men plutseleg har Linda fått nok. No sist laga ho rabalder under ein hyggeleg middag med framande folk. Ho er redd utbrotet slo ned som lyn frå klar himmel for alle kring bordet. – Om lag ein gong i året har det bygd seg opp så mykje irritasjon over alt det dumme og uvitande folk kan finna på å seia om nynorsk, og så eksploderer eg. Då er det ofte ingen som skjønar bæret av kvifor eg er så opprørt, og det har sjølvsagt liten nytte. Anna enn at eg får tømma meg og kan starta på nytt att, då. – Du er truande til litt av kvart. Kunne du, reint hypotetisk og om det var skikkeleg naudsynt, kledd deg naken for nynorsk? – Eg har synt meg fram i turkis bikini for ein million sjåarar, og eg hadde ikkje tenkt å gå lenger. Men om nynorsken verkeleg krev det av meg, kastar eg sjølvsagt resten også. For som Ivar Aasen sikkert sa: Ikkje spør kva nynorsken kan gjera for deg, men kva du kan gjera for nynorsken.

«Det eksisterer ein totalt uforståeleg nynorskangst i store delar av media.»

Det hender han må det i jobbsamanheng. Skrive bokmål. Når han skriv tekstar som skal framførast av skodespelarar som ikkje har spesielt nynorsknære dialektar, for eksempel. Han synest også det er greit at journalistar legg bokmålsord i munnen hans: «Du blir mykje – Eg vil heller bli sitert på lettare lagt merke bokmål, enn å bli sitert på til og kjem mykje nynorsk av ein journalist som ikkje kan nynorsk. Men om lettare til ting når den faste satiriske spalta mi i du skriv nynorsk.» Aftenposten hadde blitt omsett til bokmål, ville det vore meiningslaust. Det hender også han blir mistolka for målet sitt. At folk trur han meiner noko han ikkje meiner, fordi dei synest det passar nynorskfolk å meine spesielle ting. Det er sjølvsagt litt irriterande, men er noko han brukar aktivt som humorist. Fordelane med å vera nynorskbrukar er trass alt større: – Heilt klart: Du blir mykje lettare lagt merke til og kjem mykje lettare til ting når du skriv nynorsk. Sjølv har Are Kalvø budd mesteparten av livet på andre plassar enn i heimbygda Stranda på Sunnmøre. Han meiner det ville vore rart om måten han pratar på, ikkje var litt prega av det. – Eg har heilt sikkert ubevisst endra på ting i dialekten min gjennom åra. Det er ikkje verdas undergang. Reinheit og kompromissløyse er sterkt oppskrytt. Det er difor han synest nynorsk er enkelt også. Han tek ganske lett på somme av reglane. – Kva er det viktigaste argumentet for å bevare nynorsken? – Det er mykje bra folk som skriv nynorsk, som ville skrive dårlegare på bokmål. Eg, for eksempel. – Og det viktigaste argumentet for å la nynorsken døy ut? – Eg synest jo engelsk er eit stilig språk, så den dagen engelsk erstattar både bokmål og nynorsk, så er eg på glid. Men det skjer nok ikkje i mi tid. – Kva seier du til alle hallingane som slår over til bokmål både munnleg og skriftleg? – De kjem til å forsvinne i mengda. – Kunne du, reint hypotetisk og om det var skikkeleg naudsynt sjølvsagt, kledd deg naken for nynorsk? – Definitivt ikkje.

21


målmarknaden

Kva seier kua? Når Tine-kyrne rautar dialekt på tv, sel dei ideen om det unike og regionale. -Eg har alltid lagt merke til korleis folk pratar, og ikkje minst når dei endrar måten dei pratar på, anten det handlar om å skifte dialekt eller å endre på ord, tonefall eller trykk i somme situasjonar. Det openberre spørsmålet er sjølvsagt kvifor me gjer det, seier Tone Beate Gusland (28), som er lektor ved Nydalen Videregående skole i Oslo. Då hortensaren skulle skrive masteroppgåva si, valde ho å sjå på korleis reklamebransjen brukar ulike dialektar, og korleis målval blir sett i system. Gusland tok for seg seks reklamefilmar om mjølk frå Tine. Tre av dei var regionale filmar merka med dei geografiske namna «Lofoten», «Toten» og «Vestlandet», og kyrne hadde talemål frå regionane. Dei tre andre filmane fokuserte på sjølve mjølkeproduksjonen og hadde namna «Bonden», «Melkebilen» og «Fastlegen». I desse filmane prata kyrne eit standardisert austnorsk talemål, som ein finn i området kring indre Oslofjord. Standardisert austnorsk vart nytta når ein ville gje eit bilete på noko generelt, medan dialekten i dei regionale filmane vart brukt for å framheve noko meir spesielt. I dei regionale filmane var dialekten ein større del av heilskapen, og talemålet hadde som oppgåve å skape eit bilete av dei ulike regionane som svara til folk sine forventningar. I filmen om «Lofoten» er det til dømes

– Når me lever av reiseliv, må me vera autentiske. Dialekten forsterkar produktet vårt. Det er synd for Hallingdal at så få turistverksemder er medvitne om det å byggje ein eigen identitet. Samstundes er eg sikker på at bruk av halling gjev Høve Støtt eit konkurransefortrinn i høve til dei andre reiselivsverksemdene i kommunen. Akkurat det er sjølvsagt flott for oss, seier dagleg leiar Tove Sletto Medhus. Ho vaks opp på Torpo, og har alltid prata halling uansett kor i landet ho har budd.

22

Eit unikt bedriftsnamn er gratis marknadsføring.

ei geit som pratar om «ramsalte idiota» og «ramsalte tullinga». Kyrne i filmen «Vestlandet» er meir ordknappe og seriøse, medan kyrne i «Toten» er opptekne av korleis karane i regionen er «litt si’ i bokseræva (...) og litt træg te å gå (...) men snille da». Den regionale vrien opnar for å gjere reklamen meir underhaldande og morosam. Men dersom dialekt berre blir nytta for å stadfeste stereotypiar, kan bruksområdet raskt bli avgrensa. Det stadfestar også spørjeundersøkinga Gusland gjorde i samanheng med oppgåva: Det eksisterer ganske klare oppfatningar av kva for talemål som passar til ulike formål. Dei fleste meinte til dømes at hedmarksdialekten passa best til å reklamere for noko triveleg, medan nordlandsdialekten høvde best om ein ville lage ein morosam reklame. Då eg spurde kva for dialekt som eigna seg til seriøse reklamar, svara dei fleste oslodialekten. Det syner at dei fleste av oss har visse forventningar til ulike dialektar, og at det er dette reklamebransjen nyttar seg av. Tone Beate Gusland meiner det ikkje er nokon grunn til berre å bruke standarisert austnorsk i det breie og meir seriøse reklamespekteret – heller ikkje i Hallingdal. Etter eitt år på folkehøgskule på Gol i ungdomstida kjenner ho både dalen og dialekten vår godt: Å ha ein dialekt som fortel noko om kven du er og kor du kjem frå, er noko av det viktigaste ein kan ha med seg. Eg har lite til overs for argument som at bodskapen blir mindre forståeleg på dialekt eller nynorsk, og ser ingen grunn til at verksemder i Hallingdal ikkje skulle reklamere for produkta sine på nynorsk og hallingdialekt. Tvert i mot. Kanskje ville det skape ein endå sterkare regional identitet. Så til dei som vurderer å nytte dialekt og nynorsk i større grad; Gjer det!

Halling er gratis PR For turistverksemda Høve Støtt AS er dialekt eit konkurransefortrinn.

Skrifta på veggen

– Eg har halling i ryggmergen, og meiner språket mitt underbyggjer opplevingane me tilbyr. Me skil oss ut. Det betyr også at gjestene våre hugsar oss på ein heilt annan måte, seier ho. Tove meiner det er feilslått marknadsføringsstrategi å freiste å tilpasse seg turistane sitt språk. Turistane er på jakt etter det genuine, og der er språket ein viktig – og heilt gratis – identitetsskapar. – Å prate og selja produktet sitt på halling er den enklaste måten å skilja seg ut frå andre reisemål på. Er du ikkje stolt av bygda og tradisjonane dine, kan du heller ikkje formidle og smitte gjestene med den entusiasmen du vil at dei skal reise heim att med.

Frisørsalongen Sjå te å klypp de, Nes Innehavarar: Evy Helen Myhre og Elisabeth Røte

Råkkefot: Vinjerock var berre starten. No har Vang kommune sett seg endå høgare mål.

Tradisjon og innovangsjon Vang kommune vil ha like mange innbyggjarar som det er høgdemeter over havet på turfjellet Grindadn.Til det treng dei både nynorsk og dialekt.

gründerer og moglegheiten til å bu med det armslaget mange ynskjer i 2014. Naturen, og moglegheitene som ligg i den, treng ein knapt nevne, konstaterer Rogn.

Tekst: Heidi Molstad Andresen | Foto: Innovangsjon

Sidan 2011 har det har vorte lyst ut 81 nyskapte arbeidsplassar i kommunen. Innovangsjon har vore involvert i om lag 25 av dei. Under same tid har det også dukka opp 18 nye bedrifter i Vang som Innovangsjon har hatt litt eller mykje med å gjera. Samstundes meiner Hallgrim Rogn at det ikkje er så mykje som skil Vang og Valdres frå andre bygder: – Bra folk, fornuftige dosar lokalpatriotisme og vakker natur finn du i heile Bygde–Noreg. Og godt er det. Men her er i alle fall mange ja-menneske her som heilt bevisst har valt livet i Vang og Valdres på grunn av alle kvalitetane som ligg i det. Ei Vangs-t-skjorte med dialektuttrykk eller ein bensinstasjon som marknadsfører seg som «Statoil i Føsse» er båe eksempel på at språk og identitet heng tett i hop. Om ein ikkje prater dialekt sjølv, er ei slik t-skjorte med på å definere kven ein er. Det er klart bensinstasjonen vert meir min og din med eit dialektnamn. «Alle» i Vang og Valdres meiner jo at dialekten her er fin – sjølv dei som av ymse grunnar pratar bokmål. Heile dalen har no fokus på å bevare dialekten. Det i seg sjølv syner at språket er svært viktig for lokal identitet og dei verdiane ein ynskjer å formidle.

– For Vinjerock, der nynorskmannen Vinje og alt han stod for ligg i botnen for alt som vert gjort, har nynorsk og dialekt vore heilt avgjerande i marknadsføringa. Utan nynorsk ville me hatt mykje mindre truverdigheit. I festivalbransjen er «kunsten å vera seg sjølv» heilt avgjerande for å overleve. Ein lyt dyrke det som skil ein frå andre, og nynorsk og dialekt har vore eit av dei viktigaste trekka for Vinjerock i denne øvinga, seier Hallgrim Rogn, som er blestminister i nyskapinga «Innovangsjon». Alt starta med fem 21-åringar i ein sofa. Dei prata om framtida, og var samde om at om dei skulle bli i Vang, måtte det ein rockefestival til. Minst. Med ungdomeleg overmot og støtte frå kommunen, vart Vinjerock ein realitet i 2006. Sidan har det balla på seg. I 2011 etablerte dei «Innovangsjon SA», i samarbeid med Vinjerock og Vang Sparebank. Vang kommune har no ein innovangsjonsminister og ein næringsutviklar som jobbar heiltid med næringsutvikling, bustadutvikling og trivselstiltak. I tillegg har aksjeselskapet sjølv skaffa pengar til blestministeren og ein

videojournalist. – Me samarbeider tett med regionrådet og den regionale næringshagen der det er naturleg. Men hjarta våre bankar aller hardast for Vang sine 1503 kvadratkilometer, og å auke innbyggjartalet her. Det å vera heilt lokal gjer det lettare å vera tydeleg på kva for kvalitetar vi har, som også andre kan setja pris på. Me bur og lever her kvar dag, og kjenner på kroppen at dette livet fungerer, fortel Rogn. Målet er ikkje smålåtent: Gjennom «Innovangsjon» vil dei skape ti nye arbeidsplassar kvart år, og å auke innbyggjartalet i Vang frå 1600 til 1724 – slik at det blir like mange personar som det er høgdemeter over havet på kommunen sitt populære turfjell, Grindadn. Heller ikkje her er det tilfeldig kva for målform dei vender seg til potensielle tilflyttarar på: – For Innovangsjon er bruken av dialekt og nynorsk med på å gje bygda eit kvalitetsstempel vi ikkje ville fått med bruk av bokmål i kommunikasjonen ut mot verda. Nynorsk og dialekt ligg mykje nærare det Vang ynskjer å vera enn bokmål, seier blestministeren. Resultata har ikkje late vente

Ung innovatør: Hallgrim Rogn på seg. Det er skapt fleire sosiale møteplassar, velkomstvener for innflyttarar, bedriftsnettverk, bustadkartlegging og nyskapinga «1724». «1724» er eit fellesskap med 24 kontorplassar for kreative og teknologibaserte verksemder – deriblant «Innovangsjon», IT-bedrifta «LeoDesk», teknologibedrifta «TurApp» og arrangørbedrifta «Kosa Seg». Sistnemnte er eit av tre aksjeselskap som er etablert for å levere tenester til mellom anna Vinjerock, Jørn Hilme-stemnet, samt andre festivalar og produksjonar. Snitt-alderen på alle gründerane på Vangs-tunet i Vang sentrum er kring 33 år. – Innovangsjon ynskjer å formidle at det ligg store moglegheiter i bygdelivet, ikkje begrensningar. I Vang har du alt du treng for å leva eit godt liv. Bra folk, eit levande lokalsamfunn, jobbar i alle bransjar, eit miljø som applauderar

Kvifor valde de nettopp dette namnet? – Me ynskte eit namn som fenga og vart lagt merke til, og som også kunne assosierast med kva verksemda tilbyr. Kva for andre alternativ var aktuelle? – Me har bygd dette luftslottet av ein frisørsalong i mange år og drøymt oss vekk. Det fyrste namnet me valde, «Zinderella», spegla også dette. Men kvelden før me skulle sende inn alle papira fekk me det for oss at namnet var for kjedeleg, og at det sa lite om oss som personar og staden der me bur. Det var Elisabeth som kom opp med det nye namnet, og papira vart endra i hui og hast. Me har fått mange positive tilbakemeldingar og ein heil del gratis reklame. Me blir ikkje lenger overraska når turistar stoppar utanfor salongen for å fotografere skiltet, for å seia det slik. Det er både morosamt og veldig hyggeleg.

kva namnet tyder. Det er positivt. Då får ein sjansen til å forklare, og folk hugsar svaret. Gjennom både namn, produksjonar og innhald har Høve Støtt blitt ei svært sterk merkevare, og i 2011 vann me den nasjonale Reiselivsprisen. Namnet blir stadig trekt fram som noko mange hugsar og har lagt merke til.

Byggfirmaet Hendug AS, Ål Dagleg leiar: Ole Kolbjørn Viko Kvifor valde de nettopp dette namnet? – Me var opptekne av at namnet skulle ha ein relasjon til verksemda vår, og at det ikkje skulle vera stadbunde. Det var fleire namneframlegg, men me landa på Hendug, fordi det også representerte lokal tradisjon. For oss betyr Hendug det same som handy, at me er nevenyttige og flinke med hendene. Er det viktig for dykk at namnet er på halling eller nynorsk? – Opprinneleg var det ikkje viktig, men då me til slutt skulle velja namn, syntest alle det var artig med eit hallingnamn. Me var fyrst i tvil om det kunne bli for mykje og for vanskeleg for kundar utanbygdsfrå. I ettertid har me stort sett berre fått positive tilbakemeldingar. Dei fleste synest det er eit artig namn.

Reiselivsverksemda Høve Støtt AS, Geilo Innehavar: Tove Sletto Medhus Kvifor valde de nettopp dette namnet? – Me ville ha eit annleis og unikt namn – som kunne få merksemd berre i kraft av seg sjølv. Språk og dialekt har alltid vore eit sterkt identitetsmerke for grunnleggjaren Pål K. Medhus. Det måtte bli noko som var ekte og norsk, og som samstundes spegla haldninga i verksemda. Høve Støtt kling godt og er gode hallingord – og betyr at ein alltid er klar til å ta dei utfordringane som byr seg. Kva for andre alternativ var aktuelle? – «Glade menneske» Er det viktig at namnet er på halling? – Ein skil seg ut og får positiv merksemd rundt eit leikent hallingnamn. Me er stolte av bygda og dalen vår, så kvifor ikkje seia det høgt? Me byr på oss sjølve, me er’a hallinga! Det må henge saman for at folk skal tru på deg og det du tilbyr. Tilbakemeldingane på namnevalet har også vore utelukkande positive. Mange spør om

Husflidsverksemda STUGU Husflid, Hemsedal Styreleiar: Judith Hannele Aakre Kvifor valde de nettopp dette namnet? – Me ynskte at namnet skulle representere noko ekte og solid, og då me diskuterte namn, var det ein som sa «Ja, men dette er jo ei STUGU!». Kva for andre alternativ var aktuelle? – Ingen, eigentleg. Er det viktig for dykk at namnet er på halling eller nynorsk? – Ja, absolutt! Me bur i ei fjellbygd med ein flott dialekt. Husflid er tradisjon og ekte ting. Me ynskte å binde verksemda saman med bygda. Folk seier det er eit triveleg namn. Det er lett å hugse, og kort og greitt.

23


Slik svallar du halling

Kjakji So sea me her Gommo/goffa (bestemor og bestefar).

Det er aldri for seint å starte. Kjenner du til desse grunnreglane, er du godt i gang!

Brok (bukse). Undebrok (truse). Kjakji (klem); «e vil ha ein kjakji».

Tekst: Hallgrim Berg

Halling er ei klangfull dialekt med høg status. Ho er lett forståeleg i heile landet, og stadfester tilknyting til kultur, tradisjon, heimstad og lokalsamfunn. Om du vel å gå mot straumen og prate dialekt, er sjansen stor for at du blir sett på som meir uavhengig, fargerik og tillitvekkjande ute i storsamfunnet. Og det er aldri for seint å ta til – det er fyrst og fremst eit spørsmål om vilje. Du treng heller ikkje prate «perfekt» halling som dei gjorde på 1800- og 1900talet. Me som vaks opp på Sundre etter krigen, prata på langt nær så «perfekt» som dei gjorde i Leveld og på Torpo. Språket er i utvikling. Mobilitet og media påverkar oss alle heile tida. Den kulturpolitiske oppgåva i dag er å bevara viktige drag frå det tradisjonelle hallingmålet. Dette er nokre av særtrekka og grunnreglane det kan vera greitt å kjenne til: 1) Plukk ut nokre kjerneord som er meir eller mindre absolutte: E/eg framfor «jeg», og ikkji/ikkje framfor «ikke». 2) Utset deg sjølv for dialekt. Ver positiv, høyr etter – og ta etter – korleis andre dialektbrukarar ordlegg seg. Ver open for rikdomen i språket. I staden for å bli ergerleg når du høyrer eit ord eller uttrykk du ikkje kjenner, gjer som den jublande glade Oskeladden i eventyret: «Sjå, eg fann, eg fann!» 3) Alle midlandsmåla (frå Øvre Telemark til og med Gudbrandsdalen) er austnorske og skil seg ut ved at dei har kløyvd infinitiv (å hoppe og springe, men å vera og veta).

4) Eit anna lettkjenneleg målmerke i austnorsk er den tjukke l-en, som i skrift opptrer dels som l og dels som rd (fæle folk, gjerde)

Skriput (arg, kjælen, sutrande); «han er ein skripaladd». Ein bløyg (vrient menneske, ein vrangfant); «han Ola er so bløygjin» (kranglevoren). Skalle (huvu/hovud).

5) I midlandsmålet er det tale om vokaltreklang a – i – u i fleirtalsord. Slik har det vore sidan vikingetida! (hest – hesta, skjor – skjøri, jente – jentu).

Våe (stakkarsleg person som ikkje greier noko).

6) Somme seier det er vanskeleg å bøye sterke verb. Det er god hjelp i engelsk (spring, sprang, sprung, å springe, sprang, har sprunge).

Fu (bakende).

Mange eldre hallingar brukar også framleis fleirtalsformer i verb: (e va[r], me voro, e kom, me kommo, e sprang, me sprungo, e gjikk, me gjingo [gungo]

Garpeprat (usømeleg prat, grovprat).

7) Tale og skrift heng i hop. Halling og nynorsk er så samanfletta at ein stundom ikkje kan høyre kvar det eine sluttar og det andre tek til. Vil ein prate halling i dag, gir orientering mot nynorsk eit betre ryggstø enn riksmål-bokmål. (Halling: Far min kjem heim att i morgo/mørgo. Nynorsk: Far min kjem heim att i morgon).

Gådn (garn).

8) Øv! Les Hallingdølen, Norsk Barneblad, Dag og Tid, Klassekampen m.fl. Kjøp òg høveleg litteratur for born og unge. Då oppdagar dei etter kvart historisk-språklege samanhengar og kan ta eit standpunkt om personleg målbruk, og ikkje berre skli innunder bokmålsvogna.

Lære meir? Dialektmangfaldet er ei norsk skattekiste. Vil du veta meir, er det greitt å begynne med Kjell Venås: So sea me her. Ei lita bok om hallingmålet. Boka som Ål og Torpo Mållag gav ut i 2005, Me og uss, de og dikko, inneheld òg mykje interessant, er morosam og lett å lesa. Ho gjeld for heile dalen. Hugs berre på at det er «godt med ein kopp kaffi» i Ål, men at det er «gødt med ein køpp kaffi» i Hol, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Eller som han sa det, den gamle stordansaren og konferansieren på Nesbyen, Tor Myre: «Uff, dessa ålingadn, dei råle på med desse å’adn støtt og stadigt!»

Gådn

Stupeskalle (ein som er stupen, tankelaus). Flomeskalle (uvørden, uforsiktig person). Doning (bil, traktor, kjerre = framkomstmiddel). Dretu (diaré). Vera fesfull (ha mykje luft i tarmane). Flettande god (veldig god). Tantrebikkje (hund som gøyr i eitt; snakkesalig person); «ho er så tantren»). Snugge (pynte, stelle i stand). Hådn/hødn (horn). Jødnbane (jernbane). Gutu (vegstubb med gjerde på begge sider). Issta (i stad, no nettopp, eller snart); «han var her nettopp / han kjem att snart». Bekar (ein vêr). Kjåbekar (innpåsliten person). Tærig (triveleg, høveleg); «det var ein tærig kveld, ho er ei tærig jente». Væt (vetter, vinter), «det er mykje snø i væt». Snudden (småpussa). Ændereisande (overstadig full). Det va længji sea sist! • Ko driv du mæ? • Koss går dæ? • Jammen va ræ artikt råkæ på de! • Me svallast! • Kan du sea me vægen te BŁomestølen? • Vil du sea me fyry koss e fær upp denne bommen? • Kan du fortælja me kor e kan få kjøft me ein matbete? • Ko langt li ræ på daji? • Dæ æ veldigt so drivande vær dæ æ no, dæ æ øŁ i luft’n. • Dæ æ hæitt i dag. • Dæ æ vær te gå utta skjurtæ å åkkŁeskodd no! • Dæ mistra å rægna noko ijår. • Dæ va bra ræ kom noko vætæ. • Jammen, kom dæ ikkji ei sjæmmæskur (= øydela fôrturken). • Du skulldæ væŁ ha noko pæng hjå me, ru? • Æ ru klen? • Dæ murra i tænno. • Dæ syg får bringun. • E fyse so på saltmat. • De få lea rikko innåt boŁe no, og ikkji la rikko bea. • No må re ta affe! • Takk, men e æ drabbmætt. • Æ ru kjetall? Ł = tjukk l


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.