Fusa på veg mot storkommunen

Page 1

HOVUDPROGRAM 2015-2019

FUSA PÅ VEG MOT STORKOMMUNEN Facebook “f ” Logo

Følg oss på Fusa FRP

CMYK / .ai

Facebook “f ” Logo


Våre kandidatar Namna på kandidatane til Fusa FrP ved kommunevalet 2015. Dei 3 fyrste er kumulerte: 1.

Magne Djuvik, Vinnes

9. Arne Holmefjord, Holmefjord

2. Kristine Hjartnes, Eikelandsosen

10. Arild Ernst Legland, Strandvik

3. Roger Hoel, Vinnes

11. Arne Adland, Holmefjord

4. Anita Fugleberg, Strandvik

12. Stian Kvam, Holmefjord

5. Ole Johnny Ådland, Holmefjord

13. Hanne Aakre, Vinnes

6. Carl Johan Haugen, Sævareid

14. Børje Skåtun, Vinnes

7.

15. Linda Katrin Bjaanes Søiland, Sævareid

Egil Rosvoll, Eikelandsosen

8. Svenn Idar Nordtveit, Nordtveitgrend

Facebook “f ” Logo

Følg oss på Fusa FRP

CMYK / .ai

Facebook “f ” Logo

CMYK / .ai


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Samfunnsutviklinga i møte med kommunereforma Fusa er ein god kommune å leva og bu i. For FrP er det svært viktig å ta vare på dei gode kvalitetane Fusa samfunnet har. Eit stort fleirtal på Stortinget har vedteke at Noreg skal gjennomføra ei kommunereform. Målet er større og færre kommunar. Dette er ei reform som betyr noko for alle landets kommunar, også Fusa. Det er FrP sitt syn at me no må gjera kloke val slik at arbeidsplassar og tenester i så stor grad som råd er vert i dagens Fusa. Eit viktig tiltak i møte med kommunereforma er å utvikla dagens kommunesenter i Eikelandsosen til eit attraktivt handlesenter for denne delen av fylket. Utbygging av Fjord’n senter med plass til fleire butikkar, eit breiare vareutval og andre aktivitetar er heilt nødvendig å få til no. Gjennom gode tenester, god arealplanlegging og gode kommunikasjonar er det og viktig å styrkja dei mange bygdene me har rundt i heile Fusa. Dersom det er aktuelt vil FrP gå inn for rådgjevande folkerøysting.

FrP vil vera offensive i møte med kommunereforma og arbeida for å sikra innbyggjarane i dagens Fusa eit godt offentleg og privat tenestetilbod også i framtida.

”Detta får me te, dersom du e me” – stem FrP 14. september!


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Servicekommunen

Skule og barnehage

Både for politikarar og for administrasjon er det viktig å hugsa på at kommunen er til for innbyggjarane.

FrP ser det som heilt avgjerande at me har ein skule med god kvalitet. For å få det til er både økonomi og organisering viktig.

Det betyr at både den politiske og administrative delen av kommunen si oppgåve, er å finna løysingar for folk. Som politikarar er me både den enkelte og alle innbyggjarane i Fusa sine talspersonar. Som eit offentleg forvaltningsorgan med monopol på mykje av det me driv med, kan enkeltpersonar føla avmakt i sitt møte med politikarar og byråkratar. For FrP er det viktig at alle vert høyrde.

FrP vil vera folk sine ombodspersonar i møte med offentleg forvaltning

Det er FrP sitt syn at Fusa kommune tidleg i komande valperiode må ha ein grundig gjennomgang av skulestrukturen. Det er viktig at slike prosessar vert gjennomført på ein god måte slik at alle vert høyrt. Når det gjeld barnehage så er det også her viktig med eit godt tilbod. FrP vil og arbeida for at Fusa framleis skal ha full barnehagedekning.

FrP vil arbeida for ein grunnskule med god kvalitet og at eventuelle endringar i struktur skal tuftast på gode prosessar som skapar aksept hos innbyggjarane

”Detta får me te, dersom du e me”


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Helse og velferd FrP meiner at me må sikra eit godt tilbod til funksjonshemma, eldre og sjuke. Dei mest pleietrengande må ha høgast prioritet. Eit område som er lite på den politiske dagsorden er kommunen sine velferdstilbod, spesielt då tilbodet til menneske med nedsett funksjonsevne. Fusa kommune har ansvar for å gje eit godt tilbod til funksjonshemma i alle aldersgrupper. FrP sitt syn er at her er det mykje ugjort både når det gjeld aktivitetstilbod, fritidstilbod og vaksenopplæringstilbod.

FrP vil arbeida for: syta for at dagsenteret for eldre på Baldersheim vert oppretthalde. å ha nok sjukeheimsplassar/avlastingsplassar funksjonshemma som ønskjer det kommunale tilbodet i heimen skal framleis få det. å realisera «Familiens hus» som og inkluderer eit nytt og moderne legesenter. Oppretthalda dagens legevaktordning i Eikelandsosen.

FrP vil arbeida for eit godt og framtidsretta helse og velferdstilbod til dei som treng det, uavhengig av alder og funksjonsnivå

Stem FrP 14. september!


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Idrett, kyrkje og kultur Fusa har eit rikt kulturliv. Frivillige lag og organisasjonar er grunnstamma i kultur og idrettsliv. Kommunen si oppgåve er å leggja forholda best mogeleg til rette for dei frivillige organisasjonane. Kyrkja i Fusa gjer godt arbeid på alle område. Det er viktig at kyrkja har rammevilkår til å halda fram med dette i åra som kjem. FrP meiner det er viktig å sikra meir midlar til vedlikehald både av kyrkjebygg og kyrkjegardar. FrP har i denne perioden teke initiativ til at Fusa skal få ei felles storstove med tilbod til dei som er interessert i teater, musikk, kino og andre aktivitetar. FrP vil arbeida for at denne vert etablert i komande periode.

Bustadpolitikk Dei som ønskjer å busetja seg utanfor regulerte felt kan i dag møta på mange hindringar. FrP vil arbeida for at kommunen skal vera ein JA-kommune i slike saker. Alle som ønskjer å etablera seg i Fusa kommune skal vera velkomen hit. FrP vil leggja til rette for at det vert fleire bustadområde i heile Fusa. Partiet vil arbeida for at den lovfesta saksbehandlingstida vert overhalde. FrP vil at Fusa kommune skal oppretta ein portal på si heimeside der dei som ønskjer å selja hus og bustadtomt kan få leggja inn dette gratis

FrP vil at Fusa skal vera ein JA-kommune, vil du bu i Fusa skal du få lov

For å betra barn sine symjeferdigheiter vil FrP arbeida for at barn i alderen 6 til 10 år får gratis tilgang til symjebassenget i Eikelandsosen. Opningstidene skal følgja skuleåret.

FrP vil at frivillige lag, organisasjonar og kyrkja skal vera viktige berebjelkar i Fusa samfunnet. Det er derfor viktig at kommunen legg til rette for gode driftsvilkår

”Detta får me te, dersom du e me”


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Næringspolitikk For å gjera det meir attraktivt å driva næring i Fusa er det viktig at kommunen har ein aktiv næringspolitikk. Det betyr at Fusa kommune gjer det ein kan for at det skal bli attraktivt og lønnsamt å driva næring i kommunen vår. Fusa er ein stor kommune innan fiskeoppdrett. Det er ei næring med mange gode arbeidsplassar som det er viktig å gje gode rammevilkår. Landbruk er og ei stor og viktig næring i Fusa. For FrP er det viktig å arbeida for at landbruksnæringa også i framtida skal ha gode vilkår her i Fusa. For FrP er det viktig at jordbruksareal i størst mogeleg grad vert teke vare på. Partiet er imot utholing av eigedomsretten ved til dømes ekspropriasjon, planlegga omdisponering av areal mot eigars vilje osv

FrP vil arbeida for: lågare prisar på kommunalt næringsareal. reduserte avgifter ved kjøp av næringsareal, inkludert landbruk. god standard på kommunale vegar. unge som vil etablera seg i Landbruket får 1. driftsplan. betalt av Fusa kommune. for å ta vare på dyrka jord innfører kommunen eit grøftetilskott på kr 1000 per dekar. arbeida mot at samanhengande landbruksområde vert «punktert». setta av nok område i sjø til fiskeoppdrettsanlegg.

FrP vil verna den private eigedomsretten og arbeida for å gje alle næringar i kommunen gode driftsvilkår

Stem FrP 14. september!


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Skatt, avgifter og kommuneøkonomi

Samferdsel

Skal kommunen oppnå viktige målsetjingar som auka folketal og auka verdiskaping, meiner FrP at ein må arbeida for å redusera offentlege avgifter.

FrP er glad for at tunnelen bak Tysse no er realisert. For Fusa er det viktig at kommunen gjennom ei bruløysing får ei god på kopling til E39. Vidare er det viktig at kommunen arbeider vidare med å utbedra vegnettet i Fusa. Spesielt er vegen Eikelandsosen – Fusa viktig. Det same med tunellen frå Sævareid til Eikelandsosen.

Dersom Fusa ligg høgare enn andre kommunar i samla skatt- og avgiftsutrykk, vil færre velja å busetja seg her, og færre vil velja å driva næring her. FrP er mot eigedomsskatt. Årsaka er at det er ein usosial skatt som råkar dei med lågast inntekt hardast. Partiet vil gjera det som er mogeleg for å redusera/fjerna denne usosiale skatten. Dersom det framleis skal vera bra å bu i Fusa er det heilt avgjerande at kommunen får betre samsvar mellom inntekter å utgifter. Kommunen må slutta med å bruka meir pengar enn ein tener.

FrP vil arbeida for å redusera kommunale avgifter og me skal framleis arbeida for å fjerna eigedomsskatten

For Fusa er det viktig at RV 48 vert rusta opp til fullgod standard.

Det er FrP sitt syn at det ikkje er aktuelt å overføra kommunale vegar til privat vedlikehald. FrP vil arbeida for utbygging av gang og sykkelvegar i Fusa, spesielt strekninga Skjelbreidkrysset til Eikelandsosen

FrP vil ha aktivitet i alle bygder, derfor vil me arbeida for betra kommunikasjonar både i og ut av kommunen

”Detta får me te, dersom du e me”


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Arbeidsgjevarpolitikk Fusa kommune har mange dyktige medarbeidarar i alle ledd i organisasjonen. Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs. Det er difor viktig at politikarane som arbeidsgjevar viser at ein vil bruka ressursar på å vidareutvikla kompetanse, ta vare på tilsette i ulike livssituasjonar og ikkje minst skapa eit inkluderande arbeidsmiljø i heile organisasjonen. For å få utført alle dei oppgåvene som er tillagt kommunen er det heilt avgjerande at ein har dyktige medarbeidarar som er kreative og løysingsorienterte. I møte med kommunereforma vert det ei svært viktig oppgåve for Kommunestyret som arbeidsgjevar å ta vare på dei tilsette i dagens Fusa. FrP vil endra personalreglementet slik at det som tilsett i Fusa kommune skal vera lett å få inntil 1 års ulønna permisjon.

FrP vil at dei tilsette i kommunen sin kompetanse skal takast vare på, vidareutviklast og verdsetjast. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs for å yta gode tenester

Stem FrP 14. september!


FUSA FrP HOVUDSAKER 2015-2019

Samfunnsutviklinga i møte med kommunereforma FrP vil vera offensive i møte med kommunereforma og arbeida for å sikra innbyggjarane i dagens Fusa eit godt offentleg og privat tenestetilbod også i framtida.

Servicekommunen FrP vil vera folk sine ombodspersonar i møte med offentleg forvaltning.

Skule og barnehage FrP vil arbeida for ein grunnskule med god kvalitet og at eventuelle endringar i struktur skal tuftast på gode prosessar som skapar aksept hos innbyggjarane.

Helse og velferd FrP vil arbeida for eit godt og framtidsretta helse og velferdstilbod til dei som treng det, uavhengig av alder og funksjonsnivå.

Idrett, kyrkje og kultur FrP vil at frivillige lag, organisasjonar og kyrkja skal vera viktige berebjelkar i Fusa-samfunnet. Det er derfor viktig at kommunen legg til rette for gode driftsvilkår.

Bustadpolitikk FrP vil at Fusa skal vera ein JA-kommune, — vil du bu i Fusa skal du få lov.

Næringspolitikk FrP vil verna den private eigedomsretten og arbeida for å gje alle næringar i kommunen gode driftsvilkår.

Skatt, avgifter og kommuneøkonomi FrP vil arbeida for å redusera kommunale avgifter og me skal framleis arbeida for å fjerna eigedomsskatten.

Samferdsel FrP vil ha aktivitet i alle bygder, derfor vil me arbeida for betra kommunikasjonar både i og ut av kommunen.

Arbeidsgjevarpolitikk FrP vil at dei tilsette i kommunen sin kompetanse skal takast vare på, vidareutviklast og verdsetjast. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs for å yta gode tenester.


Fusa sin neste ordførar Magne Djuvik er FrP sin kandidat til ordførarvervet. Til dagleg arbeidar Magne som leiar ved NAV kontoret i Samnanger kommune. Han har vore i kommunestyret sidan 1991 og har såleis mange års erfaring frå kommunalpolitisk arbeid. I tillegg kjenner han kommunen godt. Som styremedlem i Hordaland FrP har Magne god kontakt med mange av dei som sit på Stortinget i Regjeringsapparatet og på Fylkestinget. Magne er og medlem av ei referansegruppe for landbruk som er oppretta av FrP si Stortingsgruppe

Til deg som skal stemma 14. september

Til deg som ska røysta for første gang

Eg er så heldig at eg er valt som FrP sin kandidat til vervet som ordførar i Fusa kommune. Eg er takknemleg for tilliten partiet har vist meg. Samtidig er eg audmjuk for den oppgåva som ventar.

Eg ønskjer at du skal finna Fusa så attraktiv å bu i at du ønskjer å busetta deg her. Dersom eg vert vald til ordførar vil eg gjera alt eg kan for at du ønskjer å busetta deg i ei av dei vakre bygdene me har her i kommunen. Eg vil gjerne at du kontaktar meg og fortel meg kva eg må gjera for at du skal velja Fusa som framtidig bustad.

Kven som vert Fusa sin neste ordførar skal du vera med å bestemma. Ønskjer du at eg vert ordførar må du stemma på FrP ved valet 14. september. Du lurer gjerne på kva ordførar får kommunen om du stemmer på meg? Eg skal prøva å gje nokre svar: Ei viktig oppgåve dei neste åra vert å rusta Fusa til møte med kommunereforma. Eit døme på tiltak som må på plass fort er nytt legesenter i Eikelandsosen. Som ordførar er det viktig for meg å veta kva du meiner. Eg vil derfor vera lett tilgjengeleg for deg og alle andre Fusingar. Som ordførar vil eg engasjera meg i arbeidet med å få til ein enno betre arbeidsgjevarpolitikk. Det å ta vare på kommunen sin viktigaste ressurs, dei tilsette, er svært viktig. Spesielt viktig i dei åra som kjem. Få orden på Fusa kommune sin økonomi gjennom god økonomistyring og effektiviseringstiltak. Me startar neste periode med eit opparbeida underskot frå denne perioden. Dette vil eg snu slik at Fusa ved utløpet av komande periode har overskott og ein sunn økonomi.

Til deg som vurdera å busetta deg i Fusa kommune Du skal veta at du er velkommen til Fusa same kvar du vel å busetta deg. Dersom eg vert valt til ordførar vil eg gjera alt eg kan for at du skal ta steget å busetta deg i ei av dei vakre bygdene me har her i kommunen. Eg vil gjerne at du kontaktar meg og fortel kva kan eg gjera for at du skal ta steget å busetta deg i denne flotte kommunen. Det er mange kandidatar til ordførarvervet. Det er bra for slik skal det vera i eit demokrati. Gjennom mange år i Fusa-politikken kjenner eg Fusa godt. I den perioden me no starta på skal store og viktige saker avgjerast ikkje minst Kommunereforma. Då kan det vera lurt å ha ein ordførar som kjenner Fusa godt men som og kjenner politikarar frå ulike parti i andre kommunar. Det kan og koma godt med at ordføraren kjenner, og har kontaktar på Stortinget, i Regjeringsapparatet og i Fylkestinget. Desse kontaktane har eg, og vil bruka dei til beste for deg og Fusa kommune.

Magne Djuvik ORDFØRARKANDIDAT

Godt Val!


Ynskjer du ein JA-kommune? - då ynskjer du Fremskrittspartiet Stem FrP 14. september!

Facebook “f ” Logo

Følg oss på Fusa FRP

CMYK / .ai

Facebook “f ” Logo


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.