ORDFØRARKANDIDAT: SIGBJØRN FRAMNES
FRIDOM, TRYGGLEIK OG HANDLEKRAFT FOR STORD
2. KANDIDAT: JOHAN INGE SÆRSTEN
3. KANDIDAT: LINDA GRUNDTVIG
4. KANDIDAT: INGER LILL AASHEIM
5. KANDIDAT: STIG L. MYKLEVOLD
Kjære veljar! Kvifor ynskjer nettopp eg å væra med å bidra i lokalpolitikken på Stord? I ein kommune - der me slit med å få «endane til å møtast» - der me lyt føreta prioriteringar som vil skapa alt frå glede til harme – der me som politikarar stadig får «på pukkelen» for å ikkje gjera nok for innbyggjarane våre
Kvifor vil eg være med på dette? Forklaringa er like enkel som logisk. Eg har tru på at også mitt bidrag kan gjere vår region enno betre å veksa opp i, enno betre å bu og arbeida i, og ikkje minst enno betre å verta gamal i. Eg trur eigentleg alle ynskjer akkurat dette, men vegen til målet er me ofte ueinige om: - kva prioritering lyt me gjera for å få «endane til å møtast» - korleis skal me få dette til – og ikkje minst kvifor vil me handla som me gjer FrP ynskjer å legge til rette for å «tenkja nytt» - ikkje berre for å oppretthalde økonomisk handlefridom og stabilitet innan kommunal forvaltning, men også for å leggje til rette for vidare utvikling innan oppvekst og utdanning, næring og samferdsle, helse og omsorg og kultur og idrett. FrP kommunen er ein JA –kommune, og er det ein slik kommune du ynskjer for deg og dine, må du røysta på lista til Stord FrP!
Sigbjørn Framnes ORDFØRARKANDIDAT
Stord FrP seier JA! JA til streng økonomistyring og budsjettkontroll. JA til prioritering av lovpålagde oppgåver. JA til åremålstilsetjing i toppleiarstillingar i kommunen. JA til konkurranseutsetjing av vareproduksjon og tenesteyting. JA til kommunen som ein god arbeidsplass for dei tilsette. JA til kommunesamanslåing for å styrkje Sunnhordlandsregionen.
STORD FrP 2015-2019
Næringsliv og økonomi For å sikra gode oppveksttilhøve og gode levekår for innbyggjarane i Stord kommune, treng me eit aktivt og framtidsretta næringsliv som gjev gode arbeidsplassar og trygg sysselsetjing. Og – så treng me ein sterk kommune med handlefridom, robust økonomi og eit godt, breidt tenestetilbod.
STORD FRP VIL ARBEIDA FOR Å: Oppretthalda god kommunal budsjettdisiplin og økonomisk styring. Fjerna eigedomsskatt ved å konkurranseutsetja deler av tenestetilbodet i kommunen. Redusera det kommunale bruksarealet gjennom arealeffektivisering i dette. Ha ei JA-haldning innan forvaltning og reguleringssaker, blant anna ved å leggja til rette tomteareal og bustader for fyrstegongskjøparar. Sikra god kvalitet på tenesteleveransar til brukarane i kommunen bl.a. ved å ta i bruk systematiske brukarundersøkjingar. Styrkja den tekniske kompetansen i leiargruppa i kommunen. Leggja til rette for turisme ved å vidareutvikle eksisterande gjestebåthamner og turistmål som t.d. gruveområdet på Litlabø, Stord Maritime Museum og Jensaneset. Utvikla eit kundevenleg Leirvik Sentrum ved å skape føreseielege rammevilkår for dei næringsdrivande. Leggja til rette for gode og framtidsretta næringsareal i Sagvåg, på Heiane og i Leirvik.
Stord FrP synest slett ikkje at Stordpakken er noko god løysing
STORD FrP
Samferdsle Stord FrP vil arbeida for gode og trafikksikre kommunale vegar både for bilistar, syklistar og gåande. Stord FrP er heilt imot at lokaltrafikken i Stord skal vera med på å finansiera gjennomgangstrafikken på E39. Me seier difor nei til Stordpakken.
STORD FRP VIL ARBEIDA FOR Å: Skjerma Landåsen ved å leggja E39 i tunnel frå Djupadalen (Heiane) til Ådland bru. Vidareutvikla gjestehamner og leggja til rette for sentrumsnær bubilparkering. Styrkja vedlikehaldet på dei kommunale vegane ved å auka øyremerkja midlar til dette. Prioritera gang- og sykkelveg på FV 67, Litlabøvegen. Sei nei til nye ferjestø på Stordsida. Byggja eit nytt, framtidig ferjesamband mellom Huglo/Tysnes og Kvinnherad.
Stord Frp synest slett ikkje at fleire ferjestø på Stordsida er noko god løysing
2015-2019
Oppvekst, skule og utdanning Stord FrP vil at born og unge i Stord kommune skal ha ein god – og gjerne mobilfri skule. Der krevjande, utviklande og støttande læringsmiljø, som er prega av ro, orden og god trivsel er kvardagen.
STORD FRP VIL ARBEIDA FOR Å: Innføre eit mobbeombod. Halda fram samarbeidet med MOT. Leggja til rette for meir bruk av praktiske aktivitetar i undervisninga. Byggja sunne og tenlege skulebygg, t.d. den nye ungdomsskulen på Vikahaugane samt ny ungdomsskule i Sagvåg/Litlabø-området, her knytt opp til ny fleirbrukshall. Utvikla ei skulefritidsordning (SFO) som tek omsyn til både borna og foreldra sine behov. Handsama private og kommunale barnehagar likt. Vidareutvikla Kulturskulen, blant anna ved å syta for at alle etablerte kor, korps og orkester skal kunna kjøpe dirigenttenester gjennom Kulturskulen Byggja ny barnehage i Sagvåg/Litlabø-området, gjerne i nærleiken av Litlabø skule.
Stord FrP synest at det å innføra eit mobbeombod er ei god løysing
STORD FrP
Kultur og idrett Stord FrP støttar «eldsjelene» som gjennom sitt friviljuge arbeid - i lag og organisasjonar, bidreg til at innbyggjarane i Stord kommune kan velje fritt i eit breitt og variert aktivitetstilbod.
STORD FRP VIL ARBEIDA FOR Å: Sikra at lag og organisasjonar som driv med førebyggjande arbeid for born og unge skal få gode rammevilkår, som t.d. direkte økonomiske tilskot. Vidareutvikle talent og elite i lag og organisasjonar, uavhengig av aktivitetsform. Setja i gong bygging av ny fleirbrukshall i Sagvåg/Litlabø-området for å sikra eit variert tilbod av idretts- og kulturaktivtetar for innbyggjarane her. Gjera kommunen sitt bibliotek meir synleg, tilgjengeleg og brukarvenleg ved at både lokaliseringa og opningstidene vert betre tilpassa brukarane sine behov. Kanalisera mest mogleg av kulturmidlane til brukarane og samstundes redusera dei administrative funksjonane. Byggja nytt sanitæranlegg og bårehus ved Stord kyrkje.
Stord FrP synest at ny fleirbrukshall i Sagvåg/Litlabø-området er ei god løysing
2015-2019
Omsorg, helse og sosial Stord FrP vil arbeida for å sikra trygge rammer i alle områda innan helse- og omsorgssektoren.
STORD FRP VIL ARBEIDA FOR Å: Tilby omsorgs- og sjukeheimsplass for alle som treng det - uavhengig av årsak, alder og medisinsk behov. Oppretthalda gode dagtilbod på Sæbø gard og Vidsteentunet. Auka talet på verna arbeidsplassar (Podlen-type plassar). Konkurranseutsetja omsorgstenester for å kunna auka valfridomen for brukarane av desse. Styrkja den førebyggjande rusomsorga ved å vidareføre SLT-koordinator sine funksjonar. Etablere eit regionalt senter for rusbehandling og ettervern i Sunnhordland. Styrkja den faglege kompetansen i barnevernstenesta i kommunen. Knyta Stord sjukehus meir opp til Haukeland Universitetssjukehus (Helse Bergen) for å sikre ein breiare fagleg kompetanse og eit betre pasienttilbod. Byggja ny sjukeheim i Sagvåg/Litlabø-området. Støtta og styrkja familievernarbeidet.
Stord FrP synest at det å gjera Nysæter Ungdomsskule om til ein aldersheim er ei god løysing
Våre kandidatar Namna på kandidatane til Stord FrP ved kommunevalet 2015. Dei 4 fyrste er kumulerte: 1. Sigbjørn Framnes
11. Jørn Kenneth Myhre
2. Johan Inge Særsten
12. Martha-Linn Vik Maraas
3. Linda Grundtvig
13. Odd Ståle Larsen
4. Inger Lill Aasheim
14. Marte Tveita Djuvsland
5. Stig L. Myklevold
15. Sigmund Jo Landa
6. Torbjørn Marthinsen
16. Ole Kristian Angeltveit
7. Stig-Tommy Bertil Ling
17. Nils Gunnar Waage
8. Ani Hystad
18. Hilde Framnes Neset
9. Lars Stuve
19. Kenneth Aasheim
10. Mette Laukhamar Hauge
20. Lars Åge Førland
Me seier JA til at du ikkje skal krevjast for bompengar i nærmiljøet ditt for å finansiera lokale vegprosjekt og statlege Europavegar (E39). Me seier JA til at borna sine oppvekst-, skule- og utdanningsvilkår skal verta tekne vel vare på. Me seier JA til at krava dine til kommunal tenesteyting vert tekne vare på utan auke i skattar og avgifter.
Ynskjer du ein JA-kommune? - då ynskjer du Fremskrittspartiet røysteretten din er Ved å gjere deg nytte av eigen heimstad du med på å utforma din
- Me ynskjer alle eit Godt Val!
www.frp.no