Veronika Erstad
KATTEJENTA i l lust r ert av b o gausta d
Materie_2k.indd 1
30.06.15 15:31
Materie_2k.indd 2
30.06.15 15:31
Juleferie Det er siste skuledag før juleferien. Kva skal du gjere i jula? spør Kristin. Vere saman med August, svarar eg. Kan eg vere saman med deg i dag? spør ho. Eg svarar ikkje. Eg veit ikkje kva eg skal svare. Eg har ikkje lyst til å vere saman med Kristin i dag. Eg har andre planar. Eg kjem bort og lagar julelenke etter middag, seier ho og spring inn. Eg veit ikkje om eg kan, ropar eg, men det høyrer ho ikkje, eller ho lèt som ho ikkje høyrer. Kristin høyrer det ho vil høyre.
Materie_2k.indd 3
30.06.15 15:31
Materie_2k.indd 4
30.06.15 15:31
Kristin er ei hundejente. Ho har ein labrador som heiter Jonathan og ein terrier som heiter Lisa. Jonathan er døv på det eine øyret. Lisa kan høyre at eg kjem før eg tar i døra. Då reiser ho seg på bakbeina og ser mot døra. Eg trur Lisa kan lese tankane dine, seier Kristin. Hundane til Kristin er ganske ville.
Materie_2k.indd 5
30.06.15 15:31