Fjærland Info jula 2010

Page 1

Fjærland Bygdautval

Redaktør: Bygdautvalet i Fjærland Jula 2010

Beste rundballefestivalen nokon gong! Tilbakemeldingane frå publikum var eintydig positive. Dei mange frammøtte hadde ein flott oppleving på Rundballefestivalen, og fleire roste arrangementet for eit imponerande program. Nye tilbod som mjølkesmaking, rundballe- rock og rundballevideo, fungerte etter planen. Rundturen med veteranbuss for å sjå på bøndene sin rundballekunst, var så populær at det vart satt opp ekstraavgang. Takka vere solid dugnadsinnsats frå mange lag, vart dette eit arrangement som mange kan vere stolte av! Fotograf Oddleiv Apneseth var årets festivalkunstnar, og bidro med to bilete. Med generøs støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane, lukkast det sikre bileta i bygdas eige. Bileta er no stilt ut på henhaldsvis fuglekikkartårnet på Bøyaøyri, og på ferjekaien. Også økonomisk vart rundballefestivalen ein suksess, og ekstra kjekt var det å få kr 50 000 i støtte frå sjølvaste Norsk Kulturråd!

Me har utfordra to utanfrå bygda til å bidra med synspunkt på at bommen er nedlagt.

Galne Fjærland? Fjærland. Bygda ein berre driv forbi. Faktisk akkurat no. Når eg skriv dette. For eg sit på bussen, som vanleg. Eg driv ofte forbi Fjærland. På veg til. Eller frå. Til eller frå kva? By`n, vel. Eller Førde som han også vert kalla. På Twitter har det akkurat tikka inn ei melding frå @boyum. Om eg kan skrive nokre ord til superlokalavisa i Fjærland? Klart dèt!

Eg driv forbi bygda under breen, forbi museet og markene, der snakkande rundballar har ropt fortvila etter oss forbidrivande. Les meg! Les meg! Eg hugsar ikkje kva som sto der, men eg hugsar at det var noko morosamt. Men èin ball hugsar eg….

Eg driv vidare oppover forbi Berge. Inn i tunnellen og tenkjer: Kor tid sist var eg i Fjærland? Utan å berre drive forbi? Eg hugsar ikkje. Det må ha vore ein gong i førre årtusen, ein gong. Dei siste åra har eg ikkje hatt nokon grunn til å stoppe. Ikkje anna enn for å løyse billett i Bommen.

Har eg fått dei gode grunnane no? Visst er det gratis og mykje enklare å reise til Fjærland, men er dèt åleine nok? Eg har vore i bokbyen. Eg har vore på museet. Eg har gått over breen og nedatt via Flatbrehytta. Eg har vore brisen på hotellet. Èin gong. Og eg har køyrt litt sakte forbi rundballane attmed vegen. Vore der. Gjort det.

Men eg klarer jo ikkje å dra kanina opp av hatten, heller; svaret på alle bygdautvals evige mandat: Korleis skape utvikling? Svaret sit de med sjølv. Om de torer. Om de torer å sleppe dei kreative sjelene eg veit de har der (endå) meir laus!

Og medan de leitar etter utviklingseliksiret – vis alle de kjenner inn hit: http://bit.ly/this_is_fjaerland

- slepp galskapen laus og vi vil kome!

@sognataggen/Jan Erik Kvaale

Sognataggen sine ord og bilete vert som oftast ført for tastaturet av @kvaale.

Årets Avløysar i Sogn og Fjordane Han blei utnemd til årets avløysar fordi han er pliktoppfyllande, fleksibel og inspirerande. Prisen fekk han saman med tre andre avløysarar i Sør-Noreg. Bak utmerkinga står Norske Landbrukstenester, ein medlemsorganisasjon for alle avløysarlaga og landbrukstenestene over heile landet. Nils Lidal er tilsett i Landbrukstenester Sogn.


SIDE 2

Bjåstadlegatet har tilført 2,6 millionar kroner til Fjærland Legatet har kome mange i Fjærland til nytte. Eirik Bjåstad (1839-1926) var eigar av garden Bjåstad i lag med broren Sjur. Sjur var m.a. ordførar i Balestrand. Eirik dreiv mykje handel med jordbruksvarer som ost, smør og skinn. Han hadde god økonomisk sans og la seg opp pengar på handelen sin. Brørne hadde ikkje direkte etterkomarar og Eirik gav bygdi eit legat til gode føremål. Mellom anna jorddyrking og skogplanting. Pengane skulle vera ”hjelp til sjølvhjelp” som det står i legatet sine vedtekter frå 1929. Pengegåva var opprinneleg på 90.000 kroner. Det tilsvarar snaut 2,7 millionar omrekna til kroneverdien i dag. Legatet har heile tida vore styrt av dei til einkvar tid sitjande kommu

nestyremedlemmane i Fjærland. Utdelingane har vore tru mot legat-vedtektene. Dei fleste har gått til landbruksrelaterte føremål men dei seinare åri har utdelingane vore til ”andre gode tiltak”. Samla har legatet betalt ut kr 2.466.176 (2009-kroner) til tiltak i Fjærland. I tillegg kjem attverande sum i legatet som var kr 145.640 i 2009. Kasserar for legatet var Amund A. Mundal frå starten og fram til 1965, Ivar H. Haugen frå 1966 til 1997 og Laura Kvamme frå 1998 til 2008. I 1930 var det utdelt kr 5.740,50 (157.843 2009-kroner) frå legatet. Siste utdeling var i 2004, med kr 8.750. Etter lovendring er slike legat no pålagt å ha profesjonell revisor og å betale årleg avgift til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Dette førte til altfor høge administrative kostnader i høve til avkastning. Legatstyret vedtok difor i 2007 å oppløyse legatet. Avviklingsstyret, leia av Knut P Bøyum, gjorde 17.12.2009 slikt vedtak : ”Legatsummen vert ført over til Bygdautvalet i Fjærland. Midlane skal vera urørde til hovudstolen når kr 150.000. Etter den tid skal hovudstolen framleis vera urørd, men renteinntektene kan nyttast av Bygdautvalet i Fjærland. Som hovudregel skal ¼ av avkastningi leggjast til hovudstolen, medan ¾ skal nyttast til drift av Bygdautvalet eller gode føremål

Bom fallera! Det er noko med Fjærland, og det er definitivt noko med fjærlendingane. Etter at eg det siste året har byrja som journalist - igjen har eg opplevd flatbygda under breen på nært hald fleire gonger. Det var heilt fantastisk når eg kunne oppleva Vamp på nært hald på kaia i Mundal. Det var og utruleg kjekt når fekk sjå reaktoren med bedehuset som næraste nabo i aksjon. For meg vitnar dette om ei bygd og eit bygdefolk som ønskjer å skapa noko. Dei bygdene som ikkje klarar å skapa ny aktivitet, døyr. Det trur eg fjærlendingane har forstått. Noko ein fekk synleg prov for

under fylkestinget nyleg, der Fjærland fekk prisen for idérike bygder. For meg som utanforståande ytresogning var det ei ære å få rapportera frå denne hendinga. Då eg byrja som journalist for mange år sidan, var Fjærland ei relativt sett isolert bygd i Balestrand kommune. No går det veg (gratis!) i alle endar, også til politikarane i Sogndal. Fjærlendingar og sogndøler må samarbeida betre for utvikling, no er det i alle fall ingen fysiske stengsler for dette. Mi oppmoding er klar, lat ideane fløyme vidare og syn fram bygda i alle samanhengar. Det skapar vekst!

Geir Bjarte Hjetland, Journalist


SIDE 3

Ny æra for Jokerbutikken i Fjærland?

som er innom. Gjev seg tid til ein liten prat, og jobbar vidare for at service og anna skal vera på plass.

Bygdafolket stilte opp med ca. ¾ millioner i aksjekapital i sumar. Har dette gjeve dei positive utviklingane som ein forventa?

Er det slik at bygdafolket støttar meir opp om butikken sin?

Utan denne pengeinnsprøytninga

Ein ser det ikkje på totalomsetnaden før på nyåret, men det ser ut som at bygdafolket er meir bevisste på å nytte butikken. Kjeda satsar mykje på til-

hadde ikkje eg drive butikken no, seier Ann Elisabeth. Ho er ein av hovudaksjonærane i butikken slik den er i dag. Om ikkje andre hadde teke over, så er det vel fare for at butikken hadde vore borte, om ikkje bygdafolket viste si interesse slik dei gjorde, understrekar ho.

Saman med Bente hastar dei to gjennom butikklokalet, og ser etter at varer er på plass, og blide som lerker ekspederer dei kundane

Konklusjonen må vera at det er viktig at bygdafolket nyttar butikken sin.

Tekst: Svein Høylo

Opningstider Jula: Julafta 09.30 - 12.00 Romjul 09.30 - 13.00 Nyttårsafta 09.30 - 12.00 Ønskjer alle våre kundar God jul og eit godt nyttår!

bodskampanjar no, kva utslag gjer dette? Det er viktig med gode tilbud til kundane. Nye vareslag? Vi prøver å skaffa det kundane etterspør. Det kundane vil ha skaffar me, så sant det let seg gjera, men vi er avhengige av at kundane kjøper det, og at vi ikkje brenn inne med varene, hevdar Ann Elisabeth.

Fjærland Skulekorps

Fjærland Skulekorps har hatt årsmøte, og valgt nytt styre. Det nye styret er: Svein Høylo leiar, Inge Rauboti kasserar, Hanne Haugen sekretær, Hilde Supphellen styremedlem, Ove Skeide styremedlem. Mette Bøyum og Sølvi Mundal er varamedlemmer. Korpset har hatt eit svært aktivt år, og i tillegg til vanlege korpsoppdrag har dei delteke under Rundballefestivalen med eit nykompnert verk til denne. Dei spelte også ved opphenginga av bilete om Fjærlandsbønder ved Fugletårnet, samt ved bomfallet. Det er også teke opp 5 nye aspirantar i år, noko som ellers skjer annakvart år. Maryan Georgsdotter Mundal er dirigent for desse. Hanne Haugen

har vikariert for Eivind Ødegård som dirigent for hovedkorpset. Dette tyder at for tida har korpset 3 svært dugande dirigentar, noko som er unikt for eit korps. Korpsmarknaden vart også i år ein kjempesuksess, og brutto kom det inn heile kr. 56764,-. Ny rekord, og styret i Fjærland Skulekorps vil nytta høvet til å retta ei stor takk til bygdafolket for denne støtta. Slik støtte gjer at korpset no kan kjøpa nye instrument og nye uniformer. God Jul og Godt Nyttår frå alle i Fjærland Skulekorps.


SIDE 4

Ny familie i Skrea Maryan Mundal flytta frå bygda som 16 åring. No flyttar ho heim og har med seg både mann og to ungar. Maryan (43) og Svein (62), saman med ungane Inger Lise (13) og Geir Martin (9) har tidligare budd i Arna like utanfor Bergen. No har familien busett seg i Georg-huset i Skrea. Fjærland har alltid vore ferieparadiset vårt og vi har likt oss godt i bygda, derfor var det naturlig å flytte hit fortel Svein. Korleis er familien blitt motteke her i Fjærland? Ungane fortel ivrig med ein gang eg stiller spørsmålet at dei føler seg veldig velkommen og inkludert i samfunnet her. Vi har fått oss mange nye venner her og vi trivast godt. Både Inger Lise og Geir Martin har alltid ønskja å flytte til Fjærland. Grunnen til dette er den friske lufta og det gode skulemiljøet her. Maryan fortel om mange positive kommentarar frå bygdefolk etter at ho kom tilbake til heimstaden. - Sidan den gang eg reiste her ifrå, har bygda utvikla seg positivt. Det er blitt et bra bygdesamfunn som er opent, mottakleg og inkluderande. Så her føler eg at det har skjedd noko og det er veldig kjekt. Kva er det største saknet/ forskjellen med å flytte frå ein storby til ei lita bygd? Folk er mykje meir vennelige og meir opne her. Lufta er friskare, og ein får meir lyst til å være ute. Til

og med hunden er blitt meir aktiv fortel Inger Lise entusiastisk. Det største saknet er vennene våre i Bergen, utanom det er alt betre her. Vi ser at ungane våre har det betre her i Fjærland. Dei har blitt mykje meir aktive her inne og det er tryggare å sleppe ungane på besøk til andre. Generelt har vi det mykje betre med oss sjølv og vi er trygge her seier Svein.

ning før han kom til bake til kvardagen igjen. Det var under denne treninga han blei fakir. Dei neste 10 åra var han frilansjournalist før han gjekk over til å være uføre pensjonist. I dag er han husfar, hobbyfiskar og aktiv innafor musikk og kultur. Elles legg han til at han er meir seriøs enn kva han ser ut til med det lange skjegget og håret. Maryan Mundal er utdanna musikkpedagog og har vore i fleire stillingar innafor musikkundervisning. Ho har og bachelor i generell psykologi, musikkpedagogikk og sosial antropologi (studie av menneske i små samfunn). I dag er ho kultursjef i Sogndal Kommune og stortrivast i jobben. Saksbehandling med innslag av kulturaktivitetar gir ho ei variert og spennande stilling. Yngstemannsom heiter Geir Martin er skuleelev og går i 4. klasse på Fjærland oppvekstsenter. Inger Lise er i 8. Klasse og går på Sogndal ungdomsskule. Begge stortrivast og fortel om godt skulemiljø.

Maryan og Svein, nemnar knivepisodar og fulle folk som hyler rundt til alle døgnets tider. Vert å vite om familien i skrea

På fritida er familien godt integret i aktivitetar. Maryan driv med opplæring av skulemusikk asperantar og Svein prøver å få i gang eit kor og musikkteater. - Ungane er med på dans, klatring, musikk og andre aktivitetar både i Fjærland og Sogndal. Dei er stort sett på farten fem dagar i veka, seier foreldrene.

Elles vil familien prøve å bidra til posetiv utvikSvein Høylo er oppvoksen på Oster- ling i Fjærland, sjå på ting med nye auger, å få øy og har teke utdanning innafor gamle idear realisert. marknadsføring og teke fleire fag Til slutt vil vi seie at familien vår er ikkje innan bedriftsøkonomi på BI. Han nokon moderne familie. Vi ser på dei har og vore salssjef i eit kjemikalieenkle løysingane. Den største moderne firma. I tillegg har han teke fagbrev investeringa vår er flatskjermen i stova. i forskalingssnekkring og jernbinElles ser vi på oss som ein litt spesiell famiding. I tillegg var og er han styrelie og er på tvers av alle miljø, seier medlem i mange lag og organissasjoSvein og ser på Maryan som er heilt nar. einig. Etterkvart begynna han å studere juss, men blei brått ramma av hjer- Alle fire er vertfall heilt einige om ein ting, å det neslag. Dette medførte at han måtte er at Fjærland er den flottaste og beste plassen å bu. igjennom ein lang prosess med tre-


SIDE 5

Byggjer ny fjøs på tuftane For om lag eit år sidan bestemte bonde Hans Erlend Skeide seg for å bygga ut fjøsen sin for å få plass til fleire mjølkekyr.

Når vi er ferdig med bygginga flyttar det inn 64 mjølkekyr. Per i dag har eg 30 mjølkekyr.

Han gjekk saman med Anders J. Bøyum og Terje Mundal for å få meir mjølkekvote. Saman kallar dei seg Bøyum samdrift. Korleis er eigarfordeling og arbeidsfordeling i dette? Eg byggjer fjøsen sjølv, men Bøyum samdrift skal leige og drive fjøsen. Eigarfordeling av Bøyum samdrift er Hans Erlend 70% , Anders J. 20%, og Terje 10%. Arbeidsfordelinga er 80% på Hans Erlend og 20 % på Anders fortel Hans Erlend. Arealet til eigarane blir halde utanom, og samdrifta kjøper opp av eigarane i drifta. Kor mange kvadratmeter blir fjøsen utvida? No blir fjøsen utvida med om lag 1000 kvadratmeter. Frå før hadde eg ca 400 kvadrat så totalt blir det 1400 med det nye og gamle seier Hans Erlend.

Når trur du fjøsen er klar til bruk? No har bygningsarbeidarane permittert seg grunna kulden. Vi kan ikkje støype så lenge det er tele i bakken. Men vi satsa på at det skal være ferdig til seinsommaren 2011. Vil du fortelje litt om økonomien i dette?

Fjøsbygginga er kalkulert til 7,8 millionar kroner og det er med ombygginga av den gamle fjøsen. Nedbetalingstida er rundt om kring 20 år. Med ein mjølkekvote på 400 000 liter årleg vil driftsinntektene liggja på rundt 2,5 millionar kroner. Arbeidstida er rekna til ca 2 årsverk i fjøsen, og då er arealet utanfor. Avsluttande fortel Hans Erlend at han trivast godt i yrket som bonde. Ein blir jo ikkje rik av dette, men så lenge ein får det til og gå rundt økonomisk er dette kjekt. Som bonde har ein mykje fridom og kan gjere mest som ein sjølv vil. Byggeherre er Fjøssystemer AS. Dei står for bygging, innreiing av fjøsen og installering av mjølkerobot.

SH Artistformidling

SOGN MUSIKKTEATER

Vi hjelper deg med. Underhaldning, Artister, Skriver sanger og talar, Familieunderhaldning. Ingen oppdrag for små ingen for store Kontakt: shartistformidling@hotmail.com Svein Høylo 57693137 mob 91684802

Eit tilbod for born og unge Mellom 10 og 20 år i heile Sogn Opplæring i song, drama, dans Og musikk, samt framføring av Musikaler Sogn Musikkteater Smedheim 6848 FJÆRLAND 57693137 mob. 91684802

sveinhoeylo@hotmail.com

Sogn Musikkteater No er Sogn Musikkteater ein realitet, og hovedsetet er i Fjærland. Kva er så Sogn Musikkteater? Det er eit tilbod til born og unge mellom 10 og 20 år i heile Sogn. Tilbodet er meint for dei som ønskjer å være med på kulturfronten, og vil samordna drama, song, dans og musikk. Det er Maryan Georgsdotter Mundal og Svein Høylo som

står bak . Båe to var med å grunnleggja Bergen Musikkteater, tidlegare Arna Musikkteater, som på 5 år har vorte ein kjempesuksess. Dei har sett opp musikaler som Fame, Disco Inferno, Annie jr., Highschool Musikal, Rent, Oliver samt ei rekkje andre. Maryan har stort sett teke seg av sonnginstruksjon, samt regi. Svein har teke seg av dramainstruksjon, rolleutvikling og regi. Danseinstruksjon har vi overlete til andre.

Planen er å gjera det same her i Sogn, og sidan vi bur i Fjærland så vil drifta skje her i frå. Kan det verta for mange fritidstilbod? Nei, men det kan ofte førekoma kollisjonar, og sidan dette er eit tilbod til heile Sogn, så vonar vi at dette ikkje skal undergrava dei andre tilboda i Fjærland. Vi vonar å koma i gong på nyåret, og dei første forestillingane vil nok koma til hausten.


SIDE 6

Bygdautvalet Bygdutvalet har hatt denne samansetjinga fram til årsmøte 16.nov. 2010 : Sverre Tufte Mundal leiar, Marianne Supphellen nestleiar, Hans I Haugen og Eivind Ødegård. Jo Marius Bøyum har møtt som vara. Laura Kvamme var vald av kommunestyrerepresentantane. Av viktige saker som har vore handsama kan nemnast: ·

Kryssløysning etter bommen forsvinn 26.11.2010. Utvida gruppe der Laura er leiar. Jobben er ikkje ferdig så denne gruppa jobber vidare. Samferdselminister Kleppa hadde med 5 mill kr til kryssløysing.

·

Butikken vår med folkemøte og aksjeteikning.

·

Breiband til heile bygda ei sak som har vorte jobba med heile året og som me må ta med oss vidare. Denne saka har Eivind stått på med.

·

Politiske saker: 10 på topp og som berører bygda. (badebaseng, vegar, fergekai,)

·

Sentrumsplanen for Mundal

·

Utsiktsrydding langs vegar i Fjærland. Rusulterte i 65.000,- til rydding langs rv 5 i Bøyadalen. Arbeidet har pågått i år også. Det står at litt pengar så denne saka er ikkje ferdig.

·

Plassering av bosscontainar ved Firda Billag sin garasje.

Frå årsmøte 16.nov 2010 har Fjærland Bygdautval denne samansetninga: Hans I Haugen leiar, Eivind Ødegård nestleiar, Ingvar Supphellen skrivar, Bente Resaland Skeide . Eline Orheim er vald av kommunestyrerepresentantane frå Fjærland . Jo Marius Bøyum møter som 1.vara og Kjell Juklestad som 2.vara. Arbeidet vidare framover: ·

Bu vil arbeide kontinuerleg med at viktige saker for Fjærland blir teke med i budsjettet og økonomiplanen til kommunen.

·

Næringsutvikling i Fjærland

·

Tilflytningsprosjekt

·

Mundal sentrum

·

Heimeside for Fjærland

·

Ladestasjon for E-bil

· Merkevareoppbygging (Fjærlandskjøtt) · Fleire reguleringsklare bustadtumter

Hans I. Haugen Mob: 97003631 E-post: hans@rovas.no


SIDE 7

Kraftverk i Fjærland Utbygging av vannkraft i Fjærland er avhengig av ei ny linje ut frå Fjærland. Sognekraft as har fått godkjent ei linje frå Lidal til Grinde,men vedtaket er påklaga og ligg til behandling i Oljeog energidepartementet (OED ). Det er heller ikkje høve til å starte opp nye kraftverk i Sogn og Fjordane før

420 KV linja gjennom fylket er på plass. Utbyggingar som ventar på linjekapasitet er Småkraft AS, som har fått godkjenning på 5 kraftverk langs Fjærlandsfjorden (Rommøyri, Lidal, Jordal Hatlestad og Bjåstad/ Berge ), og Mundal Kraftverk og Bøyum kraft som har søknad inne hjå NVE. Sogndal kommune utarbeidde i 2005 ein samla plan for småkraft i Fjærland, der det

kjem fram at det også er andre potensielle utbyggingsprosjekt i Fjærland. frå 2013 og utover kan det verte stor aktivitet med anleggsdrift. Horpedal Kraft AS, som starta produksjon i 2004 med 2MW, har i desse dagar utviding på gang med 650 kw. Horpedal II utvidinga vart godkjent av NVE i 2010, og vert fram til ny linje kjem, nytta til å betre utnytting av vinter vannmengde.

Dette er bilete frå Horpedal Kraft, eksisterande bygg til venstre, bygget som erunder oppføring til høgre.

Mundal sentrum med nytt ansikt ?

er viktigast å få gjennomført. På bygdamøtet 15.desember vart planen for opprustinga lagt fram. Det vart ein god debatt, med mange innspel. Bygdamøtet samla seg om desse prioriteringane:

Det har i fleire år vore arbeidd for ein opprusting av området mellom og hotellhagen i Mundal. Målet er å tilrettelegge for såvel tilreisande Fikse opp fronten mot fjorden, med som fastbuande, med pen fasade mot fjorden, gjestebrygge, og myld- trapp og kai. Bygdamøtet ville ikkje re- og parkområde. Det er også eit ha den føreslegne plastringa (“skrå mur”), men ville heller ha tradisjonell mål å få tydeleg oppmerka parkekai. Den føreslegne trappa med lange ringsplassar slik at arealet vert og breie trinn vart godt motteke, der betre utnytta. skal folk kunne sitte og slappe av. Sogndal kommune har i 2010 kjøpt Ordna parkeringsforhold som ivaregrunn i Mundal, og det ligg dertek behov for parkering, samt buss/ med til rette for gjennomføring av planen. Både kommunen og fylkeskommunen har løyvd pengar til opprustinga, tilsaman står det no 1, 4 mill til rådvelde. Dette er ein stor sum, men neppe nok til å gjennomføre alt. Kommunen har difor bedt bygda prioritere kva element som

bu- bil parkering. Tilrettelegge myldre- og parkanlegget. Bygdautvalet har i etterkant formidla signala frå møtet til kommunen, og bedt kommunen lyse planen ut på anbod slik at ein får pris på dei ulike elementa. Bygdautvalet vil vere aktive for å få gjennomført mest mogleg av planen, og har sakt seg villig til å vil søkje fond, bankar, stiftingar om ytterlegare finansiering. Det kan også verte tale om å ta mindre deler av arbeidet på dugnad for å få gjennomført mest mogleg. Opprusting av Mundal vil gjere det enno trivelegare å vere i Fjærland, og vil vere ein styrke for både fastbuande, tilreisande og næringsdrivande i bygda.


Fjærland kåra til Idérik bygd 2010 Fjærland gjev rom for tilflyttarar og nye idear, og har vist seg som ei kreativ bygd i lang tid, heiter det i grunngjevinga frå Fylkeskommunen, som deler ut prisen. Juryen la vekt på at Fjærland er ei tradisjonell og velstelt jordbruksbygd som har vore open for det som er nytt. Bremuseet og Bokbyen vert nemnt som døme på nyskapande bedrifter. Juryen trakk også fram Rundballefestivalen som eit varemerke for Fjærland, og bioenergi- prosjektet. Måten

det vert jobba på i bygda vart også kommentert: idear og tiltak vert kanalisert gjennom Bygdautvalet, og saker som vedkjem bygda vert drøfta i fellesskap på bygdamøter. Prisen vart delt ut under fylkestinget 14.desember. Bygdautvalet ved leiar Hans I. Haugen, Eline Orheim og Jo Marius Bøyum, tok imot prisen på vegner av Fjærland, og fekk stor applaus frå ein fullsett fylkestingssal. Diplomet skal henge i bygdahuset, og pengesummen på kr 30 000 står på Bygdautvalet sin konto. På bygdamøtet 15.desember vart det diskutert korleis pengane best kan nyttast. Eit forslag er å bruke summen som startkapital eller eigenfinansiering i eit prosjekt for å skape tilflytting til bygda. Diskusjonen vert teken opp att seinare. Bygdautvalet takkar alle for små og store bidrag gjennom åra. Det var eit breitt grunnlag for pristildelinga. No må vi ikkje kvile på lauvbæra, men ta Fjærland til nye høgder!

Vinnarar av konkurransar under Den Tredje Internasjonale Rundballefestivalen 2010 Rundballekunst: Gunnvor Haugen Filmkonkuransen: Delt første plass mellom Paint Ball og Gøy på landet Beste mjølk: Trude og Ivar Supphellen Rundballe VM: Anders K. Mundal og Arild Holsen.

Fjærland på Internett No kan du finne lokalnytt og hendingar i Fjærland på internett. Adressa er www.fjaerland.origo.no. På sida kan du registrere deg som medlem, å bli med å leggja ut bilete, nyhende, hendingar og diskutere ting om Fjærland.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.