Lederforum nr 1 - 2022

Page 11

Eline på komitémøte i Madrid, høsten 2021. Fra venstre: Paula, Eline, Petra, Stephanie og Agnes.

HELSING FRÅ

WAGGGS Intervju med leiar av Europakomiteen i WAGGGS, Eline Marie Grøholt. TEKST: Anna Elise Pedersen

og Ingvild Berge Conradsen

ELINE MARIE GRØHOLT (31 ÅR) har dei to siste åra vore leiar for Europakomiteen i World Assosiation of Girl Guides and Girl Scouts (WAGGGS) – ein av verdas største organisasjonar for jenter og unge kvinner.

Ein føremiddag før jul tok Ingvild og Anna Elise i internasjonalt utvalg ein prat med Eline om vervet hennar. ELINE KJEM FRÅ OSLO, og har vore KFUK-

KFUM-speidar i 23 år. Speidarkarriera starta i lokalgruppa Bryn 1, og sidan det har ho vore medlem i landstyret og leiar for Rovernemnda. Arbeidet som leiar av Europakomiteen går ut på å halde kontakt med, og følgje opp, medlems­organisasjonane. Vi legg til rette for at dei kan byggje sterke nasjonale speidar­organisasjonar. DEI SISTE ÅRA har pandemien vore hovudutfordringa for mange grupper, og ein har blitt

Her har vi intervju til artikkelen på Google Meet. Til venstre Anna Elise, Eline i midten og Ingvild til høgre.

nøydd til å tenkje nytt om korleis ein driv speidararbeid. Også Europakomiteen har måtta avlyst arrangement, og fysiske møter har blitt gjennomført på nett. Eline seier at dei faktisk opplever visse fordelar med online-møter, då dette har ført til at dei når mennesker som på grunn av økonomi eller store geografiske avstandar ikkje før har kunne vore med. Ho påpeikar likevel at solidaritet og vennskap på tvers av landegrensene også krev fysiske møter, og at dette difor må prioriterast når det blir mogleg igjen.

engasjement er viktig for at WAGGGS kan nå måla sine, fortel Eline.

– Det jobbast for godt samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, mellom anna med World Organization of the Scout Movement (WOSM) og med EU. Utveksling av erfaringar, felles møter og komitéar, og politisk

HAR DU SPØRSMÅL om korleis du eller

ELINE TEK MED SEG mange gode erfaringar,

nye perspektiv og mykje kunnskap frå arbeidet sitt i WAGGGS. Ho oppfordrar alle som kjenner på eit ekstra engasjement til å tørre å ta det neste steget, anten det er nasjonalt eller internasjonalt. – Tørr å hive deg ut i det, sjølv om du må gjere det åleine. Seier ein ja til ei moglegheit kjem det fort fleire seinare, seier Eline.

speidarane dine kan engasjere seg inter­ nasjonalt? Send mail til internasjonalt utvalg på internasjonalt@kmspeider.no.

LEDERFORUM • 11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.