2 minute read
ORDTAK OG TRADISJONER
Det finst mange ordtak og tradisjonar som stammar frå kristendommen. Visste du til dømes at «bank i bordet» og fastelaven begge kjem derifrå?
TEKST: Astrid-Amalie Heldal
Advertisement
SOM KOMMER FRA KRISTENDOMMEN
«Bank i bordet»
Før trudde folk at dersom dei tok på korset til Jesus eller anna kyrkeinnreiing laga av tre så ville det beskytta dei mot ulykke. Nå er det vanleg at folk seier «bank i bordet» samtidig som me bankar på kva som helst som er laga av tre for å beskytta oss mot ulykke. Det er spesielt vanleg å gjera etter at me har snakka om oss sjølv eller nokon andre som heldige.
Hokus, pokus, filiokus
Visste du at trylleformelen «Hokus, pokus, filiokus» kan ha opphav i kristendommen? Under nattverd er det vanleg at presten seier «dette er mitt legeme». På latin er det «Hoc est corpus meum». Desse orda liknar på «hokus, pokus», og det er sannsynleg at trylleformelen på eitt eller anna vis stammer frå desse ordene. Filiokus kan koma av ordet «filioque» som betyr «og (fra) sønnen».
Namn frå kristendommen
I 2020 var Jakob, Noah, Filip og Lukas nokre av dei mest populære gutenamna i Noreg. Alle desse namna kan du finna igjen i Bibelen. Mange har namn som stammar frå kristendommen sjølv om dei ikkje reknar seg som kristne sjølv.
Sara, Anna, Rebekka, Maria og Eva er nokre populære jentenamn som òg stammar frå kristendommen.
Fastelaven
Før reformasjonen fasta mange kristne i 40 dagar før påska. Det vil seia at dei berre kunne ete mat mellom solnedgang og soloppgang. Å fasta er ein vanleg religiøs skikk, og det blir ofte brukt til å forbereda den religiøse til ei viktig hending. Å fasta i 40 dagar er ganske vanskeleg og tungt, difor var det vanleg å eta god mat, som for eksempel fastelavensboller, for å gjera seg klar til fasten.
Raude dagar
Dei fleste «raude dagane» i kalenderen stammer frå kristendommen, alt frå sundagen til påska. Sundagen vert rekna som heilag i kristendommen, og på denne dagen er det meininga at menneska skal kvile. I jula feirer me at Jesus blei fødd, og dei raude heilagdagane i påskan kjem av at Jesus blei krossfesta og stod opp igjen. Det gjorde han for at me menneska kan koma til himmelen sjølv om me har synda. På Kristi Himmelfartsdag feier me at Jesus fôr opp til himmelen, og i pinsen feirer me at Den heilage ande kom til apostlane.