1 minute read

NOVELLER OM NATUREN OG KJÆRLEIK

Next Article
EN ENGEL TIL BORDS

EN ENGEL TIL BORDS

Marit Olaisen

Ei kvinne dreg ein vakker mann opp av myra. Ei ung jente busett i ein trong dal lengtar etter havet. Ei eldre kvinne driv med paragliding, men må løyne det for mannen sin som er livredd. Ein ung gut dreg til fjells og gøymer seg for menneska som ikkje kan akseptere han slik han er. Ein kornåker gror og blømer i takt med bonden og kjærasten sin kjærleik. Ei byjente blir redd for, fascinert av, og dregen mot den store, opne fjellvidda.

Det er om kjærastar, det er om kjærleik, det er om skog og fjell og hav og himmel.

Naturen sin innverknad og påverknad på menneska og dei menneskelege relasjonane er eit gjennomgåande tema. Naturen kan vere ein ven, naturen kan vere ein fiende. Naturen kan helbrede, naturen kan drepe.

ISBN: 978-82-8330-399-5

Marit Olaisen er pensjonert bibliotekar. Ho har vakse opp på Jørpeland, har gått på Statens Bibliotekhøgskole og studert Folkloristikk og Nordisk språk og litteratur. . Ho har arbeidd ved Stavanger Bibliotek, ved Kolding Bibliotek i Danmark, og ved Rana Bibliotek. Dei siste førti åra har ho budd på Hadeland, der ho arbeidde ved Gran Bibliotek, Jevnaker Bibliotek, Lunner Bibliotek, og ved Roa videregående skole. Frå før har ho gitt ut Lunner Bibliotek 1911-2011. Hundre års historie.

Marit Olaisen debuterte som skjønnlitterær forfattar med novellesamlinga Inn i løynde rom på Liv forlag i 2019. I 2020 gav ho ut novellesamlinga Åleine. Også den på Liv forlag.

This article is from: