Bjørnefjorden utdanningsmesse 2014

Page 1

FULL OPPLÆRING I BEDRIFT - FLEIRE VILLE TATT FAGBREV MED DENNE OPPLÆRINGSMODELLEN Side 3

MEKANIKAREN SOM BLEI DOKTOR Side 6

ORDFØRARANE OM UTDANNING Side 7

På rett kurs Side 8-9

12.-13

NOVEMBER

2014

-GLER SEG TIL Å JOBBE

offshore

Side 10

NORE NESET, OS

PROGRAM FOR MESSA Side 2 OVERSIKT OVER UTSTILLARANE Side 4-5

Arrangør: Os Lions Club


Os Lions er glade og stolte over å kunna vera vertskap for DEG på denne utdanningsmessa også.

Gode elev, lærar, utstillar, verksemd, medarrangør, kommunalt og statleg tilsette, bygdafolk, ferdafolk og anna publikum:

For oss i Os Lions Club handlar dette om å gje nærlingsliv, verksemder og skular høve til å møta både framtidig arbeidskraft og kunnskap. For framtida, det er dei UNGE. Fråfallet i vidaregåande skule er større enn ønskjeleg. Samstundes veit vi at det kan vera knapt med både studieplassarog læringeplassar innan enkelte fag. Begge delar burde vore annleis. Kan hende ei messe kan bidra til dialog og forståing for korleis verda eigentleg er utanfor skuleporten?

På vegner av kommunane som omkransar Bjørnafjorden - Samnanger, Fusa, Tysnes, Austevoll og Os; er det er ei sann gleda for oss i Os Lions Club å ønskja velkomen til årets yrkesvals- og undervisningsmesse her i Os den 12. og 13. november. Årets messe er den andre i rekkja så difor: velkomen til deg som er ny - og velkomen tilbake, du som var på messa vår i fjor. Messa er i år som i fjor lagt til Nore Neset Aktivitetshus der me håpar privat såvel som offentleg nærlingsliv og verksemder, skular- og utdanningsstader og - ikkje minst - elevar både på ungdomsog vidaregåande skular får både gjevande og nyttige dagar. Hovudmålet for messa er å synleggjera moglege læreplassar i ulike verksemder og innan ulike fagfelt. Leiinga i Os kommune har som kjent uttrykt ønskje om ei utdannings-og yrkesvalsmesse for dei fem kommunane som soknar til Bjørnafjorden. Vi tok dei på ordet - her er messa igjen.

Då er det viktig at ungdomen får høve til å få informasjon som gjer at dei tar dei gode yrkesvala, den nødvendige utdanninga, og kan treffa dei vala som kjennest rett for dei sjølv ut i frå eigne evner-, kompetanse- og interesser. Slik at dei når måla sina og kan realiserer draumen sin. For det vil gagna samfunnet. Dersom det vert knytt slike kontaktar mellom unge og vaksne, mellom elevar og næringsliv på denne undervisningsmessa her i Os, - ja, då har vi nådd det målet med messa.

Vi i Os Lions vil gje honnør alle dei som har hjelpt oss med å gjera Bjørnefjorden Utdanningsmesse om til røyndom i år òg, anten som utstillarar, annonsørar i messeavisa, som messemannskap eller på andre måtar. - Takk skal de ha! Ei særskilt takk til Hordaland fylkeskommune og Os kommune som er med å finansiera kostnaden med denne messa.

Terje Hatvik, President i Os Lions Club

PROGRAM 12.-13. NOVEMBER 2014 ONSDAG 12.NOV.

TORSDAG 13. NOV.

09.30

Messa opnar for elevar

09.30

Messa opnar for elevar

09.00 – 14.00

«Stø kurs» i Os hamn. Austevoll vidaregåande skule

09.30 – 11.30

Os ungdomsskule trinn 9

09.00 – 14.00

«Stø kurs» i Os havn. Austevoll vidaregåande skule

10.10 – 12.10

Austevoll ungdomsskule

09.00 – 11.00

Os gymnas

10.20 – 12.20

Tysnes ungdomsskule, 9. klasse

10.20 – 12.20

Tysnes ungdomsskule, 10. klasse

11.00 – 13.00

Fusa ungdomsskule

10.20 – 12.20

Os ungdomsskule trinn 10

12.00 – 14.00

Kongshaug musikkgymnas

11.30 – 13.30

Nore Neset ungdomsskule

12.30 – 14.30

Os vidaregåande skule Vg2

12.00 – 14.00

Os vidaregåande skule VG 3

14.00

Messa stenger

14.30 – 17.00

Messa er mellombels stengt

14.30 – 17.00

Pause for utstillarar. Servering av middag

17.00 – 19.00

Messa opnar for publikum

19.00 – 20.00

Ope foredrag

”Ungdom og Rus” v/ Anne Lyssand,

ansvarleg for førebyggande arbeid ved Os lensmannskontor.

Ansvarleg arrangør for Bjørnefjorden utdanningsmesse er Os Lions Club

2

Takk for uvurderleg økonomisk støtte:

Design og produksjon: Loops AS Tekst: Ragnhild Stende Bjaadal Foto: s. 1, 3, 6 Loops AS Foto: s. 9, 10 Ragnhild Stende Bjaadal Trykk: Schibsted Trykk Flesland AS Opplag: 8.000 • Papir: 60g Norstar


ALTERNATIVE SKULELØP: FULL OPPLÆRING I BEDRIFT

-Fleire ville tatt fagbrev med denne opplæringsmodellen FULL OPPLÆRING I BEDRIFT Fagopplæring er yrkesutdanning på vidaregåande nivå som fører fram til fageller sveinebrev. Du kan ta fagbrev etter å ha gjennomført og bestått vidaregåande skule og hatt læretid i bedrift. Men du kan òg ta såkalla “full opplæring i bedrift”, dersom lærebedrifta vil signere lærekontrakt utan at du alt har relevante skulefag. Du tar då fellesfag og programfag undervegs i læretida. Læretida blir forlenga til fire år. For meir informasjon, ta kontakt med rådgivar på skulen din.

- Ordninga med full opplæring i bedrift gir skuletrøytte ungdomar langt betre moglegheit til å fullføre utdanninga, seier dagleg leiar ved Murerfagets Opplæringskontor i Bergen, Trond Hansen (til høgre).

Debatten om framtida for yrkesfag i Noreg er aktuell som aldri før. Fråfallet i vidaregåande skule er høgt, og aller høgast i yrkesfaga. Samstundes er det mangel på fagarbeidarar ute i bedriftene. Kva kan gjerast for å snu denne trenden? Trond Hansen ved Murerfagets Opplæringskontor i Bergen meiner full opplæring i bedrift er ei god løysing. Då startar du i lære rett etter 10. klasse, og går fire år med éin skuledag i veka. Dagleg leiar for Murerfagets Opplæringskontor i Bergen, Trond Hansen, meiner skuledelen av yrkesfagopplæringa har blitt dårlegare etter innføringa av Kunnskapsløftet. - Kunnskapsløftet har på mange måtar ført til eit dårlegare samsvar mellom kva eleven kan og kva lærebedriftene faktisk treng. Det skuldast ikkje åleine at det er for mykje teori i skulen, men òg at skulane manglar faglærarar med kunnskap i kvart yrkesfag. Når til dømes ein tømrar skal undervise både murarar, sveisarar og målarar, seier det seg sjølv at fagkunnskapen er mangelfull når elevane skal ut i lære, seier Hansen.

Høgt fråfall Heile 32,4 prosent av elevane droppar ut av vidare-gåande skule. Fråfallet er størst på yrkesfag, kor 54 prosent av gutane og 39 prosent av jentene ikkje fullfører i løpet av fem år. Mange har forsøkt å finne årsakar og løysingar. Nedvurdering av praktisk fagkunnskap og manuelt arbeid får mykje av skulda for at for få vel yrkesretta utdanning - og at endå færre av desse fullfører lærlingtida. Teoretisering av yrkesfaga, med for mykje skulebenk og for lite praksis, får òg ansvar for at skuletrøytte unge blir endå trøyttare. Industrien blir lagt ned eller flytta til lågkostland. Auka arbeidsinnvandring legg prispress på handverksbedriftene, som igjen legg press på lærlingordninga, særleg i byggebransjen. Resultatet er at rekrutteringa sviktar til yrke og fag-utdanningar Noreg har stort behov for.

Fleire lærlingar i murarfaget Trass i dei dystre spådomane, er det nokre lyspunkt å spore. Hansen meiner løysinga ligg i å rekruttere andre enn berre dei som har fullført VK2. Murarfaget i Bergen opplever ei 25 prosent auke i lærlingsøknader. Løysinga med fire års læretid, der lærlingen er fire dagar i arbeid og éin dag på skulen i veka, har vist seg å vere svært vellukka. - Fleire ville tatt fagbrev om dei følgde dette løpet. Dei som startar i lære rett etter 10. klasse får både løn i to år meir og blir betre fagarbeidarar. Dei får like mykje skulegang som elevane som går det vanlege skule-løpet. I tillegg gjev ordninga skuletrøytte ungdomar ein langt betre moglegheit til å fullføre heile løpet fram til fagbrev, seier Hansen.

3


Utstillarar På yrkes- og utdanningsmessa vil vi at du skal få moglegheiten til å treffe næringsliv, utdanningsinstitusjonar og andre offentlege instansar. Her kan du få knytta kontaktar med moglege framtidige arbeidsgjevarar eller lærebedrifter.

DESSE UTSTILLARANE KAN DU TREFFA Elevar frå desse skulane vil besøke messa Austevoll ungdomsskule Fusa ungdomsskule Os ungdomsskule Nore Neset ungdomsskule Tysnes ungdomsskule Os gymnas Os vidaregåande skule Kongshaug musikkgymnas Vidaregåande skular med stand Plass Austevoll vidaregåande skule . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Austevoll maritime fagskule . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Bergen tekniske fagskole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 54 Bergen maritime videregående skole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 13 Fusa vidaregåande skule . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8 Fusa fagskule . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7 Hjeltnes vidaregåande skule . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 Kongshaug musikkgymnas . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 51 Krokeide videregående skole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 33 Os gymnas . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 52 Os vidaregåande skule . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 50 Os vaksenopplæring . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 61 Sandsli videregående skole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 53 Skoleskipet GANN . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12 Slåtthaug videregående . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 47 Stend videregående skole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 32 Voss jordbruksskule . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23 Studiari utlandet Across the pond - Studier i Storbritannia . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 41 American Field Service - AFS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 42 Folkehøgskuler Folkehøgskolene i Norge v/Fana Folkehøgskole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 57 Molde folkehøgskole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 58 Høgskoler Handelshøyskolen BI - Bergen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Høgskolen Stord/Haugesund . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 5 Høgskolen i Telemark . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 6

4

Opplæringskontor Plass Byggmesternes servicekontor AS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 36 Murerfagets opplæringskontor Bergen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 37 OKAB=Opplæringskontoret for anlegg- og bergfag . . . . . . . . . . . . . . . . . . 48 Opplæringskontoret for elektrofag i Bergen og Omegn . . . . . . . . . . . . . . 38 Opplæringskontoret for rørleggerfaget i Hordaland . . . . . . . . . . . . . . . . . . 39 Transportfagene i Vest . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 50 Offentlege etatar/kommunar Maler og byggtapetmestrenes opplæringskontor i Bergen . . . . . . . . . . . 40 Arbeidstilsynet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 2 Havforskningsinstituttet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10 Helse Bergen/Kysthospitalet i Hagavik . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 4 NAV . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 43 Os kommune . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 56 Bedrifter og næringslivsorganisasjonar Aker Solutions . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Amfi Os/Hurtigruta Carglass . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 44 Beredt AS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 60 Bjoarvik Trafikkskole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 45 Bjørø Kobber & Blik . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 29 BKK . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 28 DOF Group . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 21 Bookkeeper Os AS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 27 AS Bolaks og AS Sævareid Fiskeanlegg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9 DELTA Os kommune . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 55 Frank Mohn Fusa AS Marine Division . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17 Fløysand Tak . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 31 Goodtech Projects & Services AS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25 Heggland Heiltre AS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 35 Helland Elektro og VVS AS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 30 Kværner Stord . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20 Lerøy Sjøtroll . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Mesterhus – Os, Bjørn Døsen AS . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 36 Oselvarverkstaden . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 3 Rolls Royce Marine . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Skaathun Bilverksted . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 46 Sparebanken Vest . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 Statoil ASA . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 19 Tide ASA . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 59 VA-teknikk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 26


55

54

53

52

51

56

13

40 57 22

12

38

30 21

11

49 37

29 20

10

48 36

28 19

09

47 35

27 18

08

46 34

26 17

07

45 33

25 16

06

32

24 15

05

50 39

58

31

59 60

61

43

44

42

41

Messekontor

23 14

04

Lasteomr책de

01

02

03

5


TEORI OG PRAKSIS:

Mekanikaren som blei

doktor

- Eg er like stolt av fagbrevet mitt i industrimekanikk som eg er av doktorgraden i geofysikk, seier Trond Kvarven. Ei yrkesretta, praktisk utdanning og ein høgare universitetsgrad blir gjerne sett på som ytterpunkt i utdanningskartet. Trond Kvarven har tatt båe delar. Han ser store fordelar ved båe retningane - og ved å kombinere dei. Då Trond gjekk siste året på yrkesskulen på Rubbestadneset, ringte personalsjefen på den mekaniske verksemda Wärtsilä til skulen for å høyre om dei hadde nokre potensielle lærlingar. Trond greip sjansen og tok fagbrev som industrimekanikar i 1989. Deretter gjennomførte han ingeniørutdanning ved Høgskulen i Bergen. Etter 15 år i arbeid som ingeniør, tok han fatt på bachelor- og mastergrad i marin geofysikk ved Universitetet i Bergen. Utdanninga fullførte han på si, i tillegg til ein travel jobb og ein veksande familie.

-Avhandlinga mi var del av eit større internasjonalt forskingsprosjekt der ein forsøkte å finne ut kvifor vi eigentleg har fjell i Noreg, fortel Trond. Teori og praksis 45-åringen frå Bømlo hadde ikkje nokon klar karriereplan då han starta på utdanninga si. - Mykje er tilfeldig. Men eg har tatt sjansane som har bydd seg og aldri følt meg låst sjølv om eg har tatt yrkesretta utdanning. Universitetet er langt meir forskingsretta enn yrkes- og høgskulen, og det er spennande å få forskarperspektivet på toppen av den praktiske kunnskapen, fortel Trond, som i dag er busett i Bergen.

Etter fullført ph.d.-grad, jobba Trond som senior geofysikar hos Weatherford Petroleum Consultants i Bergen, fram til selskapet la ned Bergens-kontoret i vår. No ynskjer Trond seg tilbake til bransjen han kom frå, til mekaniske og maritime verksemder. - Eg opplever det som ein stor fordel å ha praktisk fagkunnskap i botn. Det kjennest godt å verkeleg kunne eit fag, og ikkje berre meistre teorien. Fagbrevet har gitt meg ein tryggleik i botn som eg trur har gjort det lettare for meg å ta fatt på nye oppgåver. Fagbrevet er òg eit klart pluss på CV-en for ein ingeniør, og noko som gjer at ein skil seg positivt ut i jobbsøknadsbunken hos mange arbeidsgjevarar, meiner Trond Kvarven, mekanikar, ingeniør og ph.d.

- Det gjekk med utstrekt bruk av skippertak og nattarbeid, smiler Trond. Deretter blei det doktorgrad innan same fagfelt. I 2013 disputerte han for ph.d.-graden med ei avhandling om den geologiske utviklinga av det nordlege Atlanterhavet.

PH.D-GRADEN Frå latin: Philosophiae doctor, eig. filosofisk doktor. Forskarutdanning. Den høgaste akademiske utdanninga ved universitetet. For å kunne starte på ph.d.-utdanninga må du ha gjennomført eit masterprogram eller tilsvarande. Utdanninga er todelt, og består av ein opplæringsdel og ei avhandling/eit sjølvstendig forskingsarbeid. Det er vanleg at ph.d.-stipendiatar underviser studentar på lågare grad, og publiserer forskingsarbeid undervegs i graden.

6

- Det kjennest godt å verkeleg kunne eit fag, ikkje berre meistre teorien, seier Trond Kvarven, som starta si karriere med fagbrev i industrimekanikk.


Kva synest ordføraren at du bør bli når du blir stor?

Ordførarane i Bjørnefjordkommunane gjev deg sine beste råd. Kjetil Hestad, ordførar i Tysnes kommune: Kva synest du er viktigast å tenkje på når ein vel vidaregåande eller høgare utdanning? - Eg trur det er viktig å tenkja på kva ein sjølv har lyst til å jobba med, og så trur eg det er viktig å tenkja litt fram i tid også. Slik eg ser det, er utdanning innan yrkesfag aldri feil. Kva utdanningsveg tok du? - Eg gjekk vidaregåande skule, og sidan studerte eg juss og samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Kva hadde du lyst til å bli då du var 17 år? - Eg hadde lyst til å jobba i Forsvaret Kva skulle du ynskje du visste den gong, som du veit no? - At tida går fort - det er viktig å bruka ho godt. Kva meiner du unge i din kommune bør utdanne seg til? Kva treng kommunen? - Tysnes kommune treng lærarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og ingeniørar. Bedriftene våre treng folk i stort sett alle kategoriar. Marit Aksnes Aase, ordførar i Samnanger kommune: Kva synest du er viktigast å tenkje på når ein vel vidaregåande eller høgare utdanning? - Slik eg ser det, er det viktigaste å velja utdanningsløpet sitt slik at ein kan byggja vidare på det ein startar på. Unntaket er dersom ein er heilt sikker på kva yrke ein vil ha. Men det er det kanskje ikkje så mange som er i dag? Kva utdanningsveg tok du? - Eg tok ”engelsklinje på gymnaset” som det heitte då – no heiter det vidaregåande skule. Eg prøvde meg som lærarvikar eitt år etterpå, var kort innom lærarskulen, men søkte meg fort over på sjukepleien. I etterkant har eg tatt praktisk pedagogikk og fått undervisningskompetanse i helse- og sosialfag i vidaregåande skule. Eg har òg tatt etterutdanning i rettleiing. Kva hadde du lyst til å bli då du var 17 år? Kva skulle du ynskje du visste den gong, som du veit no? - Eg hadde lyst å verta sjukepleiar då eg var 17 år. Mor mi og to flotte tanter var sjukepleiarar. No tenkjer eg at eg gjerne skulle ha hatt eit meir nyansert bilde av meg sjølv den gongen, men eg er framleis stolt av og takknemleg for sjukepleiarutdanninga mi! Kva meiner du unge i din kommune bør utdanne seg til? Kva treng kommunen? - Me treng mangfald! I ein kommune som min har me bruk for ulike fagfolk. I dag ser det ut til at ein er meir fleksibel og villig til å pendla også.

Terje Søviknes, ordførar i Os kommune: Kva synest du er viktigast å tenkje på når ein vel vidaregåande eller høgare utdanning? - Å tenkje gjennom kva ein likar å drive med, om det til dømes er praktisk arbeid eller meir teoretisk. Og sjølvsagt vurdere i kva for sektorar ein trur det er lettast å få seg jobb, og kva lønsnivå det er i ulike typar jobbar. Deretter bør ein finne eit utdanningsløp som gjev moglegheit til å realisera draumen om yrkesval. Kva utdanningsveg tok du? - Eg tok studiespesialiserande, eller det som heitte realfag på gymnaset den gong, og deretter ingeniørhøgskule og siviløkonomstudiet ved NHH. Ville heile tida bli økonom, men måtte innom ingeniørutdanninga for å sanka poeng. Kva hadde du lyst til å bli då du var 17 år? - Økonom. Kva skulle du ynskje du visste den gong, som du veit no? - Ikkje noko spesielt, eg var rimelig bevisst på vala mine før eg begynte å studere. Og i dag føler eg at eg har fått godt utbytte av studiane - også i jobben som ordførar. Kva meiner du unge i din kommune bør utdanne seg til? Kva treng kommunen? - I Os kommune treng vi alltid ei rekkje yrkesgrupper, men skal eg peika på to må det vera omsorgsarbeidarar/sjukepleiarar og ingeniørar. Kommunane er ein langt meir spennande arbeidsgjevar enn mange i utgangspunktet tenkjer! Hans Vindenes, ordførar i Fusa kommune: Kva synest du er viktigast å tenkje på når ein vel vidaregåande eller høgare utdanning? - Ein må velje det ein har lyst til, men òg vurdere kva for utdanning som gjev gode jobbmoglegheiter, særleg om ein ynskjer å bli buande i vår region. Kva utdanningsveg tok du? - Eg gjekk på Bergen Ingeniørskule og utdanna meg til det som i dag blir kalla logistikkingeniør. Kva hadde du lyst til å bli då du var 17 år? - Eg var heilt klar på at eg skulle bli radioog TV-reparatør. Kva skulle du ynskje du visste den gong, som du veit no? - Ei utdanning kan brukast til så mykje. Mange tilfeldigheiter spelar inn i arbeidslivet. Ved å ta ei utdanning vel du ikkje nødvendigvis akkurat kva du skal bli - du vel snarare vekk kva du ikkje skal bli. Det ligg alltid mange moglegheiter framom deg. Kva meiner du unge i din kommune bør utdanne seg til? Kva treng kommunen? - Fusa har mykje mekanisk industri og oppdrettsnæring. Vi vil alltid ha bruk for dyktige fagarbeidarar og folk med høgare teknisk utdanning. I tillegg treng vi sjukepleiarar og andre helsearbeidarar.

Fra venstre: Kjetil Hestad, Marit Aksnes Aase, Terje Søviknes, Hans Vindenes og Renate Møgster Klepsvik

Renate Møgster Klepsvik, ordførar i Austevoll kommune: Kva synest du er viktigast å tenkje på når ein vel vidaregåande eller høgare utdanning? -Det viktigaste er å velja noko du kan sjå for deg at du vil trivast med, og som kanskje kan spegla interessene dine. Har du ei magekjensle for kva du vil, men er ikkje heilt sikker? Då meiner eg du skal fylgja magekjensla! Kva utdanningsveg tok du? Eg har gått to ulike utdanningsløp. Fyrst studerte eg økonomi på Handelshøgskulen BI. Seinare tok eg eit oppgjer med meg sjølv, og det enda med lærarutdanning på Høgskulen Stord- Haugesund. Kva hadde du lyst til å bli då du var 17 år? -Då eg var 17 år, var eg veldig klar på at eg ville verta lærar. Både fordi eg hadde ynskje om å læra frå meg, og fordi eg tenkte at ein lærar er i stadig utvikling og lærer mykje om både seg sjølv, andre menneske og fag heile livet. Men eg var litt usikker og litt redd. Var eg trygg nok? Eg var jo litt sjenert på den tida. Kva skulle du ynskje du visste den gong, som du veit no? -For det fyrste: På høgare utdanning vert du klar for det du utdannar deg til. Det er ikkje berre fag som er i fokus, men òg det å skapa sin eigen identitet innanfor yrkesvalet. For det andre: Ein treng ikkje gjera ein vitskap av det å velja utdanning! Det går an å velja om att, og uansett er inga utdanning bortkasta. All utdanning og alle erfaringar er med på å byggja deg som person. Kva meiner du unge i din kommune bør utdanne seg til? Kva treng kommunen? -Her må eg attende til magekjensla! Det hjelper ikkje med mange sjukepleiarar og lærarar fordi kommunen treng det, om desse sjukepleiarane og lærarane ikkje “har det i seg”. Dessutan trur eg at dei fleste kommunar treng alle typar kompetanse. Både lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar, juristar og andre. Det kan vera du må kniva og kjempa for å få stillinga, men dersom du har følgt magekjensla og tatt den utdanninga som er rett for deg, vil du stilla sterkt i konkurranse om jobbane. Me brukar mange timar gjennom mange år på arbeidsplassen, og då er det viktig at ein jobbar med noko ein likar, og med kollegaer ein kan identifisera seg med. 7


På rett kurs - Kom dykk vekk frå havaristen! Finn noko å halde fast i! lyder kommandoen. Sola skin frå skyfri himmel over Fedje, havet er blikkstille, og elevane frå Austevoll vidaregåande skule er på kurs for å lære seg å handtere naudssituasjonar til sjøs. Det er ikkje mykje naud over korkje vêret eller situasjonen denne dagen, men dei tredvetals elevane frå vg1 Naturbruk følgjer likevel oppmerksamt med på formaningane frå instruktørane ved Fedje Sikkerhetssenter. Sikkerheitskurset er ein viktig del av opplæringa for desse elevane, kor mange siktar seg inn mot eit yrkesliv i og ved sjøen. I løpet av to dagar på Fedje, lærer dei tryggleiksprosedyrar for båthavari og brann. - Eg hadde eigentleg tenkt å velje helsefag og bli sjukepleiar. Men då eg tok ein test på ungdomsskulen, kom Naturbruk betre ut, fortel Henriette Tranøy (15). Etter knappe to månader av det fyrste skuleåret, føler ho at valet var rett. Neste år har ho lyst til å gå vidare på VG2 Akvakultur,

som på sikt vil føre fram til fagbrev og jobb i oppdrettsnæringa. Etter to år på skulen, ventar to år i lære. - Eg jobbar allereie på Engesund Fiskeoppdrett heime på Fitjar. Sjølv om eg kanskje kunne ha jobba utan vidare utdanning, oppmoda sjefane meg der til å ta fagbrev i akvakultur, fortel Henriette. Naturbruk-elevar kan òg velje å gå vidare på VG2 Fiske og fangst. Dette utdanningsprogrammet gjev til slutt fagbrev som yrkesfiskar, og kan vere eit steg på vegen mot ein karriere som sjøkaptein. Ormen Lange Iført store, oransje tørrdrakter, hoppar éin etter éin ut i hamnebassenget og tar seg bort til redningsflåten som ligg nokre hundre meter lenger vekke.

VG1 NATURBRUK Naturbruk er eit program for utdanning innan primærnæringane (jordbruk, skogbruk, fiske og fangst). Det er eit felles VG1-kurs for mellom anna akvakultur og fiske.

Dei hjelper kvarandre oppi flåten, set seg i stjerneformasjon for å balansere farkosten og syt for at botnen er tilstrekkeleg oppblåst, slik at kulda frå sjøen ikkje skal trengje gjennom tørrdraktene og gjere dei våte. Etterpå er det tid for å symje i formasjon, der kvar og ein legg seg godt til rette mellom kameratens bein og slik dannar ei lang, lang, symjande rekkje. - Padle med hendene. Når alle padlar i takt, går det mykje raskare og lettare. Tenk dykk at de er på eit vikingskip. Eit taktfast rop hjelper dykk å halde takta. Kom igjen! oppmodar instruktør Roald Gullaksen. Dei to lange, oransje elevrekkene skyt fart og nærmast fossar fram i hamnebassenget til taktfast hoiing - og velfortent skryt frå instruktørane.

AUSTEVOLL VIDAREGÅANDE SKULE Vidaregåande skule eigd av Hordaland fylkeskommune.

• Kurset er samansett av teori og praksis. Alt etter kva interesser du har, får du prøva deg i praksis i ulike fag.

Skulen tilbyr følgjande fag:

• Naturbruk gir deg både allmennkunnskap og yrkeskompetanse med sjanse til å ta fagbrev.

• Vg1 Helse og Oppvekst

• Fagbrev kan du ta etter fire år: to år på skule og to år i lære. Etter to år på skule kan du ta allmennfagleg påbygg slik at du får studiekompetanse.

• Vg1 Elektro • Vg1 Naturbruk • Vg1 Studiespesialiserande • Vg1 Teknikk og Industriell produksjon (TIP) • Vg1 Arbeidslivstrening • Vg2 Akvakultur • Vg2 Fiske og fangst • Vg2 Maritime fag austevollvgs.no

8


Elevane ved VG1 Naturbruk på Austevoll vidaregåande skule hoppar i det.

Henriette Tranøy (15) er svært nøgd med utdanningsvalet sitt. Neste år planlegg ho å ta VG2 Akvakultur.

9


-Gler seg til å jobbe

offshore F.v. Elise Beyer Riisnes, Celine Holgersen Hagseth og Hedda Vik Askeland tar alle VG2-kurset Brønnteknikk.

Mange unge drøymer om jobb i Nordsjøen. På Bergen maritime videregående skole søkjer fleire av dei seg til VG2 Brønnteknikk, faget som er sjølve utgangspunktet for olje- og gassproduksjon i Noreg. -Du må ha gode karakterar for å kome inn på denne lina. Det gjer at elevane her er meir motiverte, og då blir det òg lettare å jobbe hardt. Det synest i alle fall eg, seier Celine Holgersen Hagseth (17). Saman med klasseveninnene Hedda Vik Askeland (18) og Elise Beyer Riisnes (17) har ho valt VG2 Brønnteknikk, etter fyrst å ha gjennomført VG1 Teknikk og industriell produksjon (TiP) ved Bergen Maritime. Dei tre stortrivst med faget og skulen, og ser for seg fordjuping i boring og etter kvart ein karriere i Nordsjøen.

ein spennande arbeidsplass, er jentenes hovudmotivasjon for val av utdanning. Eller som dei seier det: - Vi vil i alle fall ikkje berre sitje på eit kontor.

- Det er lettare å få læreplass i Nordsjøen om du vel brønnteknikk, enn om du vel andre liner, fortel Elise. Utsikter til god løn, turnusordning og ikkje minst

- Vi er nok alle glade i praktisk arbeid. Her får vi teori i kombinasjon med praksis, slik at ein lettare ser samanhengen mellom dei to, fortel Celine, som føler ho tok ein sjanse då ho valde teknisk studieretning.

(Eit skyvelære er ein målereiskap som brukast til å måle djupne, pluss utvendig og innvendig lengde på objekt svært nøyaktig.)

BERGEN MARITIME VIDEREGÅENDE SKOLE

VG2 BRØNNTEKNIKK

Vidaregåande skule og maritim fagskule. Ein av Noregs største utdanningsinstitusjonar innan maritime fag og petroleumsteknologi. Den vidaregåande skulen tilbyr følgjande fag:

Brønnteknikk er utgangspunkt for aktivitetar i olje- og gassverksemd. Her lærer du det du treng for å jobbe på boredekket på faste og flytande installasjonar. Etter eksamen kan du søke lærlingplass og jobbe mot eit fagbrev. For å ta VG2 Brønnteknikk, må du fyrst ha gjennomført Teknikk og industriell produksjon (TiP), eller elektrofag på VG1-nivå

• VG1 Teknikk og industriell produksjon

• VG2 Elenergi

• VG1 Elektrofag

• VG2 Maritim fagretning

• VG2 Industriteknologi

• VG2 Automatisering

• VG2 Brønnteknikk

• VG3 Automatisering

bergenmaritime.no

10

Hadde aldri skrudd på ein motor Hedda tok fyrst eit år med studiespesialisering, men følte det blei for generelt for henne. - For meg passar det mykje betre å ta ei utdanning der eg faktisk blir noko etter fire år. Min motivasjon steig kraftig då eg kom hit, fortel ho.

- Eg hadde aldri så mykje som skrudd på ein motor! Eg trudde alle i klassen ville vere mykje flinkare enn meg. Men så viste det seg heldigvis at det var mange som meg. Dei visste til dømes heller ikkje kva eit skyvelære var, smiler Celine.


Maritim teknisk fagskule

2-årig sjøkapteinutdanning

AUSTEVOLL VIDEREGÅANDE SKULE Fagskuleutdanning i akvakultur ●

Vidaregåande utdanning

Vg1 Naturbruk Vg2 Fiske og fangst Vg2 Akvakultur

“Stø kurs mot nye horisontar” Maritim teknisk fagskule

• Vidaregåande utdanning 2-årig sjøkapteinutdanning

Vg1 Naturbruk Fagskuleutdanning Vg2 Fiske og fangsti akvakultur Vg2 Akvakultur Vidaregåande utdanning Vg1 Vg1Naturbruk Teknikk- og industriell produksjon Vg2 og fangst Vg1Fiske Elektro Vg2 Vg2Akvakultur Maritime fag

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon Vg1 Elektro Vg2 Maritime fag

Søknadsfrist: Vg1 Studiespesialiserande program Vg1fagskule Helse og oppvekst 1. mars • Maritim teknisk 2-årig sjøkapteinutdanning Teknisk fagskule 15. april

• Fagskuleutdanning i akvakultur ●

Maritim fagskule Tlf.:teknisk 56 18 20 00 - Fax.: 56 18 20 01

Meir informasjon finn du 2-årig sjøkapteinutdanning E-post: post.aus@hfk.no på www.austevollvgs.no

Fagskuleutdanning i akvakultur Meir informasjon på Tlf.: 56 18http://fia.hfk.no 20 00 - FAX 56 18 20 01 ● post.aus@hfk.no Vidaregåande utdanning Vg1 Naturbruk Vg2 Fiske og fangst Vg2 Akvakultur ●

Vg1 og industriell produksjon Vg1TeknikkStudiespesialiserande program Vg1 Vg1Elektro Helse og oppvekst ● Vg2 Maritime fag Maritim teknisk fagskule

2-årig sjøkapteinutdanning

Vg1 Studiespesialiserande program Vg1 Helse og oppvekst

Fagskuleutdanning i akvakultur Vidaregåande utdanning

Vg1 Naturbruk

Tlf.: 56 18 20 00 - Fax.: 56 18 20 01 Vg2 Fiske og fangst E-post: post.aus@hfk.no

Vg2 Akvakultur

Meir informasjon på http://fia.hfk.no

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon Vg1 Elektro Vg2 Maritime fag

Med fokus på lærlingar

Vg1 Studiespesialiserande program Vg1 Helse og oppvekst

- Vel ei utdanning for framtida!

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon Å velja kva ein skal bli, er kanskje eit av de viktigste Vg1 Elektro vala ein gjer livet. Tlf.: 56 18 20 00 - Fax.: 56 18i 20 01 Ei utdanning i samarbeid med Vg2 Maritime fag Frank Mohn Fusa AS, gjev deg mange mogelege yrkesval. E-post: post.aus@hfk.no Vg1 Studiespesialiserande program Vg1 Helse og oppvekst

Dette gjev deg utsikter til spennande, utfordrande og på ikkje minst framtidsretta jobbar. Meir informasjon http://fia.hfk.no

Les meir om våre ulike fagområde på

www.framo.com Tlf.: 56 18 20 00 - Fax.: 56 18 20 01 E-post: post.aus@hfk.no Meir informasjon på http://fia.hfk.no


Er du kreativ og praktisk? Bli møbelsnekker!

Stand for gasselskapet Gassco på ONS-messen i Stavanger i august 2014, levert av Heggland Heiltre AS. Standen ble kåret til messens beste.

loops.no

ER DU KREATIV OG PRAKTISK?

BLI MØBELSNEKKER! Heggland Heiltre AS er totalleverandør av spesiallagde innredninger. Vi produserer og monterer alt fra restaurant- og hotellinteriører til messestands for store bedrifter, lekeapparater, trapper og eksklusive møbler til private boliger, som for eksempel Statsministerboligen.

VI ØNSKER OSS FLERE LÆRLINGER

Vi er en godkjent lærebedrift. Som lærling hos oss får du være med i hele den spennende prosessen fra vi mottar et oppdrag, via planlegging og formgiving til ferdig resultat. Vi kan love deg en variert og interessant læretid. For å bli lærling hos oss, må du først ha gjennomført VG1 Design og håndverk eller VG1 Bygg og anlegg. Ta kontakt med oss for mer informasjon.

heggland-heiltre.no T: 56 30 99 85


Realiser potensialet ditt! Kværner er på stadig jakt etter dyktige, engasjerte og motiverte personar og tilset lærlingar, fagarbeidarar, ingeniørar og personell innan økonomiske- og administrative fag. I Kværner kan du vera med å realisera gigantiske og utfordrande prosjekt, samstundes som du realiserer ditt eige potensial.

Kværner er ein leiande, spesialisert leverandør av engineering, innkjøp og bygging av offshore olje- og gassplattformer og landbaserte anlegg. Konsernet har over 2800 HMSfokuserte, høgt kvalifiserte og erfarne medarbeidarar i ulike verksemder. Kværner er ein internasjonal leverandør som planlegg og realiserer nokre av dei mest krevjande prosjekt i verda, som ein føretrekt partnar for olje- og gass-selskap innan oppstrømsverksemd, industriselskap, samt ingeniør- og fabrikasjonsleverandørar.

Besøk oss på Bjørnefjorden utdanningsmesse på Nore Neset i Os.

Foto: Anders Bergersen/Thor Brødreskift

Ønsker du en ny start på utdanningen? Har du fysiske eller psykiske utfordringer som gjør at du trenger ekstra oppfølging for å fullføre skolegangen din? Da kan Krokeide videregående skole være det rette for deg!

Søknadsfrist 30. mars ✓ ELEKTROFAG ✓ SERVICE OG SAMFERDSEL ✓ IKT-SERVICEFAG

www.krokeide.vgs.no tlf 55 10 87 00


NEOLAB by Knowit FOTO: FRED

Ta med deg regnskapet! Med vår egenutviklede app får du tilgang til dine tall hele døgnet. Bookkeeper gjør regnskap enklere og mer attraktivt for både kunde og regnskapsfører. Ta en titt på «økonomisjefen i lommen» på Youtube. Du finner oss på Amfi Senter Os.

Bookkeeper.no

Vi snakkes på Utdanningsmessen!

BLI MED OSS INN I FREMTIDEN! I BKK blir du en del av et av Norges ledende kompetansemiljø innen energi og infrastruktur. Søk på lærlingplass hos oss, og få erfaring fra en spennende bransje i stadig utvikling. Les om jobb og karrieremuligheter på bkk.no/jobb Søknadsfrist er 1. mars

Vidaregåande tilbod

Vaksenopplæringstilbod

Fusa vidaregåande skule Postboks 113 5649 Eikelandsosen

Vi gir deg jobbmulighetene du drømmer om! Goodtech utvikler og leverer løsninger innen elektro, kraft, maskin/mekanikk, automatisering og industriell IT. Som medarbeider i Goodtech får du muligheten til å jobbe i store og viktige prosjekter, på land eller til havs, i Norge eller internasjonalt. Vi har den lokale virksomhetens nærhet og den store virksomhetens muskler.

www.goodtech.no/jobb

Fagskuletilbod


OS VIDAREGÅANDE SKULE

Trenger du ny regnskapsfører?

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Kontakt Amesto AccountHouse for gratis rådgivningstime

Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: • Teknikk og industriellproduksjon • Bygg- og anleggsteknikk • Elektrofag • Helse- og oppvekstfag • Service og samferdsel • Arbeidstrening • Kvardagslivstrening I tillegg har vi Allmennfag påbygging som byggjer på Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram (gir generell studiekompetanse). Os VGS har også landslinetilbod innan anleggsteknikk og for yrkessjåfør.

osv.hfk.no

ÅR

SP

RIS

0,-

GE

H for Hvitt Kort BY R

0,-

For studenter mellom 18 og 33 år Kostnad ved bruk av kreditt på MasterCard: Nom. Rente 18,60%/eff. Rente 20,27%, kr 15.000 0/12 mnd. Totalt kr 16.321. Kurspåslag ved bruk i utlandet 1,75%. Prisen er per 01.01.14 og kan bli endret.

dnb.no


Fusa kommune er ein stor arbeidsplass med behov for kompetanse innan ulike område, som til dømes helse, omsorg og opplæring. Vi tilbyr læreplassar for deg som ynskjer å ta fagbrev i barneog ungdomsarbeid, helsefag og ei lang rekkje andre fagutdanningar. Som lærling i kommunen får du verdifull praksis i ei stor og profesjonell verksemd, samstundes som du får løn under utdanning. Ring oss på 56 58 01 00 eller send e-post til post@fusa.kommune.no for meir informasjon om læreplass i Fusa kommune. Vi gler oss til å høyre frå deg!

loops.no

LYST TIL Å UTDANNE DEG OG JOBBE I FUSA? VI I KOMMUNEN YNSKJER DEG SOM LÆRLING!

Postboks 24 | 5649 Eikelandsosen | Telefon 56 58 01 00 | Ekspedisjonstid 09.00-14.30

Ta fagbrev i Os kommune Os er ein kommune i stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skapar resultat.

Os kommune er lærebedrift innan ei rekkje fagfelt, og kan tilby ein spennande lære- og arbeidsplass for deg som har lyst på ei meiningsfull utdanning og eit givande yrke. Vi kan tilby læreplassar innan mellom anna desse faga:

Brannførebyggjande arbeid, feiing og tilsyn Helsefagarbeidar Barne- og ungdomsarbeidar

Treng du relevant arbeidspraksis? Vi treng òg ferievikarar og ekstrahjelp innan mange fagområde. Les meir på oskommune.no. Velkomen til ein spennande læreplass!

loops.no

Vel ei utdanning som inspirerer!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.