Bjørnefjorden utdanningsmesse 2013

Page 1

Arrangør: Os Lions Club

20.-21. NOVEMBER NORE NESET, OS TIPS TIL UNGDOM OG DEIRA ARBEIDSGJEVARAR Konkurransa om å få jobb kan opplevast, og er for enkelte, knallhard. Vi har fått arbeidstilsynet til å koma med tips om kva ein bør tenkja på.

Ein alternativ veg til legeyrket

STORTRIVST SOM JENTE I FORSVARET

Bendik Hodneland Sundfjord (16) starta i haust på TAFHelse ved Fusa vidaregåande skule. To dagar i veka er han ute i praksis hjå Helse Bergen.

Forsvaret ønskjer fleire jenter velkomne. Solveig Sønnøve Hamre (18) er ei av dei som har vald å ta utdanninga si i forsvaret som lærling.

Treng flinke folk i oppdrettsnæringa Sjøtroll Havbruk og Lerøy Vest gjer det dei kan for å rekruttera nye fagarbeidarar til akvakulturnæringa. I haust starta 7 nye lærlingar på anlegga deira.


Os Lions Club har på vegne av dei fem Bjørnefjord-kommunane, Austevoll, Fusa, Os, Samnanger og Tysnes gleda av å ønskje velkomen til utdannings- og yrkesvalsmessa “Bjørnefjorden Utdanningsmesse” 20. og 21. november 2013. Messa er lagt til Nore Neset Aktivitetshus kor vi håper å kunne bringa saman næringslivet, utdanningsinstitusjonar, offentlege verksemder og elevar i ungdoms- og videregåande skuler i regionen til utbytterike dagar. Ein viktig funksjon for messa vil vera å synleggjera moglege læreplassar i verksemdene. Politisk og administrativt nivå i Os kommune har over tid uttrykt trong for ei utdanningsog yrkesvalsmesse for Bjørnefjordsregionen. Samstundes har næringslivet i regionen uttrykt ønskje om meir kontakt med relevante utdanningsinstitusjonar. Vi i Os Lions Club er glade for å kunne møte desse ønskja som vertsskap for den første “Bjørnefjorden Utdanningsmesse”.

Følg draumen Vi har vald mottoet “Følg draumen” for messa. For oss i Os Lions Club handlar det om å gje unge og ungdom moglegheiter og å gjera dei i stand til å ta så rette val som mogleg når dei skal velja utdanning og yrke. Vi veit at fråfallsprosenten er stor i vidaregåande utdanning. Ved å eksponera privat næringsliv, offentlege verksemder og vidaregåande utdanning på ei messe, håpar vi å synleggjera eit tilbod som både unge og deira føresette sjeldan møter på ein gong. Skal ein klara å hidra fråfallet og å stimulera til vidare utdanning trur vi det er viktig å følgja draumen. Os Lions Club ynskjer å takke alle dei som har hjelpt oss til å realisera messa som utstillarar, gjennom annonser i denne avisa eller på andre måter.

Ein spesiell takk går til Hordaland fylkeskommune og Bjørnefjorden næringsutvikling, som er med å finansierar Bjørnefjorden utdanningsmesse.

Per Solberg President, Os Lions Club

PROGRAM 20.-21. NOVEMBER Onsdag 20. November 09.00

Messa opnar Velkommen til Bjørnefjorden utdanningsmesse 2013 med Presidenten i Os Lions Club : Per Solberg Helsing m/ordførar Terje Søviknes

09.15

Kunstnarisk innslag v/ Kongshaug Musikkgymnas

09.30

Pressefrukost. Møte med presse og andre inviterte

09.30

Messa opnar for elever

15.30 – 17.00

Pause for utstillarar. Servering av middag

17.00 – 19.00

Messa opnar for publikum

19.00 – 20.00

Seminar/foredrag. Seminar/foredrag. «Samarbeid mellom NHIL*,NAV og andre gode krefter for å hjelpe ungdom som strever i sitt «videregående liv» v/ Roald Olsvold

Torsdag 21. November

09.00 – 14.00 “Stø kurs” i Os havn. Austevoll videregåande skule

09.00 – 14.00 “Stø kurs” i Os havn. Austevoll videregåande skule

09.30 – 11.30

Austevoll ungdomsskule

09.00 – 11.00

Os gymnas

09.30 – 11.30

Os Ungdomskule trinn 9

10.20 – 12.20

Tysnes ungdomskule

09.30 – 11.30

Søfteland Ungdomskule

10.20 – 12.20

Fusa ungdomskule

11.00 – 13.00

Nore Neset Ungdomskule

11.30 – 13.30

Os ungdomskule, trinn 10

12.00 – 14.00

Kongshaug musikkgymnas

12.00 – 14.00

Os vidaregåande skule VG 3

12.30 – 14.30

Os vidaregåande skule Vg2

14.00

Messa stenger

14.30 – 17.00

Messa er midlertidig stengt

14.45 – 15.30

“Entreprenørskap” – samarbeid skole-arbeidsliv

v/Inger Grete Strømme, NHO-Hordaland.

Daglig leder av «Ungt entreprenørskap»


Tips til ungdom

og deira arbeidsgjevarar

Konkurransa om å få jobb kan oppleves, og er for enkelte, knallhard. Dei unge som er så heldige å få ein jobb, er ofte så glade og takknemlege for det, at dei verken vil eller tør stilje krav eller seie frå om noko er galt eller følast utrykt. - Unge arbeidstakarar skal ha det bra på jobb. Arbeidsgjevarar med unge tilsette har eit heilt spesielt ansvar. Dei må ta omsyn og tilpassa arbeidet etter dei unge arbeidstakarane sin modenhet, erfaring og ferdigheit, seier Rune Joar Ravnestad, tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Vestlandet. Skal ha arbeidskontrakt -Unge arbeidstakarar skal ha skriftleg arbeidskontrakt og arbeidsvilkår som er i tråd med reglane i arbeidslivet.

Takk for uvurderleg økonomisk støtte:

BJØRNEFJORDEN

NÆRINGSUTVIKLING

Følg Draumen Design: Tekst:

Loops AS Midtsiden AS

Foto: Forside: s6: s8:

©Getty Images Loops AS Loops AS

Trykk: Schibsted Trykk Flesland AS Opplag: 10.000 Papir:

60g Norstar

Ansvarleg arrangør for Bjørnefjorden utdanningsmesse er Os Lions Club

- Vi vil gjera ein innsats for å betre tryggleiken til dei som er nye i arbeidslivet. Mange av ulukkene og skadene som skjer kunne vore unngått. Difor er det så viktig at gode rutiner etablerast tidleg, seier Ravnestad. Kor mykje kan ungdom jobbe? For ungdom mellom 15 og 18 år som ikkje er skulepliktig, skal arbeidstida ikkje overstige 8 timar i døgnet og 40 timar i veka.

Unge arbeidstakarar er ofte i midlertidige tilsettingar, har ofte lav bevisstheit om risiko og er ikkje i stand til å vurdera konsekvensane av handlingane sine på same måte som eldre kollegaer påpeikar Ravnestad.

– Ungdom skal òg ha ferie, påpeiker Ravnestad. Når skuleferien byrjar kan ikkje unge arbeidstakarar jobbe heile tida til skulen byrjar igjen. Arbeidsmiljøloven seier kor mykje ferie ungdom skal ha. Dei som er under 18 år og går på skule, må ha minst fire veker fri i året. Minst to av dei skal vera lagt til sommaren, forklarar Ravnestad.

– Dei har òg lite kunnskap om rettar og pliktar. Tryggleiken til ungdom i arbeidslivet er det for lite fokus på. Manglar på arbeidskontrakt eller mangelfulle kontraktar er òg noko som går att, fortel tilsynsleiaren.

I skuleferiar som varar minst ei veke, kan ungdom som er skulepliktige eller under 15 år arbeide opptil 7 timar i døgnet og 35 timar i veka. Er du mellom 15 og 18 år, og ferdig med ungdomsskulen, kan du jobba inntil 8 timar i døgnet og 40 timar i veka.

Betre tryggleik 18 til 24 åringar er 50 prosent meir utsett for arbeidsulukker enn arbeidstakarar i alle andre aldersgrupper, ifølgje tall frå EU.

Opplæring Alle nye arbeidstakarar har krav på opplæring i jobben. Det gjeld korleis sjølve jobben skal gjerast, og kva spesielle reglar ein må følgja med omsyn til tryggleik og helse.

I Arbeidstilsynet Vestlandet ser ein at det ofte er unge som er utsatt for dei alvorlegaste ulukkane. På dei 12 siste månadane har det vore fire dødsulukker med arbeidstakarar under 30 år i regionen som Arbeidstilsynet Vestlandet dekkjer. Det er fire for mykje, seier Ravnestad. Omlag halvparten av arbeidstakarane mellom 16 og 24 år jobbar utanom ordinær dagtid. – Det kan for eksempel vera i tillegg til studier. Kor opplagt er ein til å gå på jobb etter ein lang studiedag. Kva med tryggleiken då, spør Ravnestad retorisk. Dette er ting som både arbeidsgjevar og arbeidstakar må ta omsyn til. Ny i arbeidslivet Arbeidstilsynet skal gjennom satsinga “Ny i arbeidslivet” spreie kunnskap til unge arbeidstakarar, deira arbeidsgjevarar og nyetablerte verksemder om rettar, plikter og kva som skapar eit godt arbeidsmiljø.

– Å læra medarbeidarane opp til å meistre jobben høyrer med til arbeidsgjevaren sine plikter. Difor er opplæringa ein del av vanleg arbeidstid, og arbeidstakaren kan ha krav på løn for den tida opplæringa pågår, seier Ravnestad. Løn Det finnst inga lov som bestemmer løna. Den avtalast i ungangpunktet fritt mellom partane eller ved tariffavtale. I nokre bransjer finnst det allminneleggjorte tariffavtalar med krav om minsteløn. – Uansett, alle arbeidstakarar har krav på ein skriftleg oversikt - ein lønsslipp - som forklarar kor mykje dei har fått utbetalt og kva trekk som er gjort, til dømes skattetrekk, seier Ravnestad som oppmodar foreldre til å følgje med når undommane får sine første jobbar. Les meir på www.arbeidstilsynet.no/ung


Utstillere

På yrkes- og utdanningsmessa vil vi at du skal få moglegheiten til å treffe næringsliv, utdanningsinstitusjonar og andre offentlege instansar. Det er eit mål for oss at du kan få knytta kontakter med moglege framtidige arbeidsgjevarar eller lærebedrifter. Bedrifter ABC Mur og Flis Aker Solutions ARKA AS Bjoarvik Trafikk skole AS Bolaks og Sævereid Fiskeanlegg Bjørø Kobber og Blikk Byggmester Kjell Aarvik BKK Engevik Rørleggerservice AS Fjord 1 Fløysand Tak Frank Mohn-TAF Goodtech Inge Hjelle Entreprenørforretning Kværner Stord MESTA maskin Os Buss Os og Fusa posten Oselvarverkstaden Rolls Royce-TAF Sjøtroll havbruk. Lerøy Vest Skretting AS Sparebanken Vest Statoil VA-Teknikk Vestlandske Limtreindustri

plass 6 24 20 48 25 8 10 23 17 53 10 29 33 16/ute 32 21 Ute 1 3 30 27 31 37 34 11 15

Opplæringskontor Blikkenslagermestrene Maler og byggtapetsermestrenes opplæringskontor

8 9

Murerfagets opplæringskontor

6

OKAB – opplæringskontor for Anleggsmaskin og bergverk

18

Transportfagene i Vest Vestlandske takentreprenørers opplæringskontor

2 10

Vidaregående skuler Austevoll vidaregåande skule Fusa vidaregåande skule-TAF/TIP Hjeltnes vidaregåande Skule International School of Bergen Kongshaug musikkgymnas Krokeide videregående skole Os gymnas Os vidaregåande skule Slåtthaug videregående skole Stend videregående skole Voss jordbruksskule

plass 26 28 46 50 51 19 52 35/ute 43 47 49

Fagskuler Austevoll maritime fagskule Bergen tekniske fagskole Fusa fagskule

26 44 12

Universitet og høgskuler Across the Pond – Studier i Storbritania BI Forsvaret Høgskolen Stord Haugesund Politi Universitetet i Tromsø

45 36 39 40 38 42

Offentlege Institusjonar Arbeidstilsynet Haukeland Universitetssjukehus NAV Os Os kommune Forsvar, Politi (se høgskoler)

7 41/ute 22 14 19

Os kommune

12

Havforskningsinstituttet

13

Andre Fagforbundet Ungdom og LOs ungdoms Utvalg i Hordaland

5

Hjelp Moldova Solidaritetsaksjonen

4

På stand utanfor vil Os Buss vise to forskjellige busstypar, Os Vidaregåande skule hjullastersimulator, Haukeland Universitetssjukehus ein ambulanse, Inge Hjelle Entrepenørforretning ein borerigg. Austevoll vidaregåande skule har båten ”Stø Kurs” ved Os kai. Transport mellom messen og Os kai.


46 45

47

44

48

40 13

43

49

39

38 50

42 37

31

22

30 21 29 20

12 11 10

51

41

36

28 19 09

52

27 18 35 26 17

53 34

25 16 33

08 07 06

24 15 32

05 23 14 04

Messekontor

Lasteomr책de

01

02

03



Ein alternativ veg

til legeyrket Bendik Hodneland Sundfjord (16) starta i haust på TAF Helse ved Fusa vidaregåande skule. To dagar i veka er han ute i praksis hjå Helse Bergen, nærare bestemt ved Kysthospitalet i Hagavik. Den unge guten frå Os har planane for framtida klar. Om ti og eitt halvt år satsar han på å kunne kalla seg lege. – For meg var det eit naturleg val å velgje TAF Helse. Her får eg både fagbrev som helsefagarbeidar og spesialisert studiekompetanse slik at eg kan søka direkte på medisin. – Eg kunne vald gymnaset med realfag og søkt meg til medisinutdanninga etter tre år, men eg ville ha med meg den praksisen eg får gjennom å jobba to dagar i veka, fortel Bendik. Ligg i slekta Kvifor han ville bli lege veit han ikkje heilt, men med fleire i slekta innanfor helsefaga falt det naturleg. – Mor mi er helsesøster, to av onklane mine er lege og ei tante er operasjonssjukepleiar, så det kan vera derifrå eg har det. Uansett, så får eg meg studiekompetanse og kan velgje noko anna om eg ombestemmer meg etter dei fire åra på TAF, smiler han. Lang utdanning Mange ville bli svette av å allereie som 16-åring ha staka ut kursen dei neste ti åra. – He, he, eg ser den, men eg prøver å ikkje tenkje på det. – Eg tek eitt år om gangen. Samstundes så tenkjer eg at om det er ting eg gjer no som eg ikkje likar, så veit eg at eg ikkje treng gjera det same når eg er ferdig utdanna, smiler ungguten. Første i Helse Bergen Saman med fire elevar frå Knarvik er Bendik det første kullet som har praksis hjå Helse Bergen.

– Det er nytt i år at dei har elevar. Vi var først på tre vekers opplæring på Haukeland, kor vi fekk opplæring i mykje, alt fra IKT til stell av pasientar. – No skal eg vera på “Kysten” det første året, så skal eg ha eitt år på forskjellige avdelingar på Haukeland, før eg på tredje året er i heimesjukepleien og ved eit bufellesskap. Det siste året skal eg jobba tre dagar i veka på Haukeland, forklarar TAF-eleven. Liker pasientkontakten Etter eit par månader i virke har ungguten funne kva han liker og kva han ikkje er fullt så glad i. – Kontakten med pasientane. Det å ta imot nye når dei kjem på avdelinga er noko av det kjekkaste eg gjer. – Stellet, som å følgje dei til toalettet og liknande er ikkje like kjekt, men ein del av jobben det òg. Eg håpar jo at eg i løpet av året også skal få lov til å vera med på ein operasjon for å observera. Eg har fått signal på at det kanskje lar seg gjera. - På “Kysten” har eg faste instruktørar som fortel kva og korleis ting skal gjerast. Samstundes så har eg jo byrja å læra meg rutinane og kva oppgaver som er på avdelinga, så eg blir stadig meir sjølvstendig. Er det noko eg lurar på, så spør eg berre dei andre på avdelinga. Vil du anbefala andre å velgja denne utdanninga? – Ja, sjølvsagt. Det er veldig lærerikt og spesielt om du har ein plan på kva du har lyst til å bli, slik som eg hadde då eg tok til. Eg stortrivst, avsluttar Bendik Hodneland Sundfjord.

DETTE ER TAF: Tekniske og allmenne fag (TAF) er eit samarbeid mellom vidaregåande skule og bedrifter i distriktet. I Bjørnefjordsregionen er det Fusa vidaregåande skule som tilbyr ordninga. Du er elev ved Fusa vgs dei 2 første åra og deretter lærling ved bedriftene dei 2 siste, men du har heile dagar i skule / bedrift alle 4 åra. Etter 4 år fører denne utdanninga fram til: – Kompetanse – Fagbrev – Studiekompetanse med fordjuping i matematikk og fysikk. Elevane opparbeider 4 veker praksis kvar sommarferie. I tillegg arbeider dei i bedriftene når skulen har undervisningsfrie dagar i løpet av skuleåret, t.d. i haustog vinterferie, planleggingsdagar, m.m. På Fusa vgs kan du velga TAF på tre studieretningar: − TAF Mekaniske fag − TAF Marine fag − TAF Helse Læreplanar for TAF er satt saman med felles allmennfag for alle dei tre utdanningsprogramma og programfaga i dei respektive utdanningsprogramma mekanisk, marin og helse.

Les meir om TAF på taf.no


Stortrivst som jente i forsvaret Forsvaret ønskjer fleire jenter velkomne. Verneplikt for jenter er vedteken av Stortinget. Solveig Sønnøve Hamre (18) er ei av dei som har vald å ta utdanninga si i forsvaret som lærling. Måndag 22. juni 2013 gjekk ungjenta inn porten på Sjøforsvaret si rekruttskule på Madla – KNM Harald Haarfagre. Klar for å ta fatt på to år som lærling i resepsjonsfaget.

– Det andre, og siste året, går eg på lærlingekontrakt. Då får eg litt meir utbetalt enn eg gjer no, men framleis bur og et eg i leiren. Så eg tykkjer eg kjem godt ut av det, smilar den unge soldaten.

– Då eg såg meg om etter læreplass og fekk informasjon om at forsvaret var ein moglegheit, tenkte eg “Kvifor ikkje?”.

Berre positive opplevingar Forsvaret er tradisjonelt ein mannsdominert arbeidsplass. Hamre fortel at det har ikkje vore noko problem.

– Her får eg moglegheiten til å ta påbygg samstundes med at eg tek fagbrevet og det nesten utan at det kostar meg noko. Forsvaret har særs gode støtteordningar, så eg måtte berre slå til, fortel menig Hamre. Ho innrømmar at det var med ein god del sommarfuglar i magen ho gjekk inn porten på KNM Harald Haarfagre. – Dei vel 8 ukene på rekruttskulen gjekk fort. – Vi hadde det veldig kjekt. Vi var ein så bra gjeng som passa veldig bra saman. Det trur eg var med å på gjera det ekstra kjekt.

– På rekruttskulen var vi det største kullet med jenter som nokon sinne har kome inn. I troppen min var vi nesten like mange jenter som gutar. – Det har heller ikkje vore noko problem etter at eg blei overførd til Haakonsvern. – På Briggen er vi åtte gutar og ti jenter som er menige eller lærlingar. Det kan jo ha noko med å gjera at eg går resepsjonsfaget, men inntrykket mitt er at jentene i vakta har det like bra som meg, sjølv om gutane er i fleirtal der. – Kva tenkjer du vidare då? Blir du i forsvaret?

– Det var ikkje hardt då? – Eg trudde det skulle bli verre. Vi hadde ei feltveke, massevis av sanitetsopplæring, etikk og trening. I tillegg hadde vi ein eigen lærlingedag. Om det er andre jenter som vurderar forsvaret er det ingenting å vera redd for, forsikrar Hamre. Eitt år som menig Før ho gjekk inn i forsvaret hadde ho eitt år på service- og samferdsel og eitt på reiseliv. – Det første året går eg som vanleg menig med dagpengar slik som alle andre menige, men så er jo både kost og losji dekka. I tillegg så reiser eg så mykje eg vil når eg har perm med 90% rabatt på både tog og buss om eg nyttar uniformen. – Tenesta mi er jo annerleis enn for andre menige. Eg er lærling på Briggen ved Haakonsvern og går i fast turnus saman med dei andre lærlingane i resepsjonsfaget.

– Det kan godt vera. Eg trivst veldig godt og ei karriere i forsvaret virkar litt gøy, men eg har ikkje bestemt meg. – For eitt års tid sidan var draumen om å bli landslagstrenar for herrelandslaget i handball. Den er ikkje like sterk lenger, men eg draumer framleis om å bli ein topptrenar. – Det trur eg tida i forsvaret kan hjelpa meg med. Eg har lært utruleg mykje om meg sjølv, om samarbeid og opplever at eg har utvikla meg mykje i løpet av dei månadane eg har vore inne. – Det er erfaringar og lærdom eg kan ta med meg inn i ei framtidig trenergjerning, avsluttar Solveig Sønnøve Hamre.

LÆRLING I FORSVARET

Forsvarets er Noregs største lærebedrift med meir enn 600 lærlingarfordelt på 30 forskjellige fagområdar i alle forsvarsgrener. Forsvaret tilbyr tre forskjellige lærlingeordingar: lærling med førstegongsteneste, lærling med befalsutdanning og sivile lærlingar ved forsvaret sine verkstader. Lærling med førstegongsteneste Lærling med førstegongstjeneste betyr at du tek heile læretida som menig, der førstegongstjenesta blir teken parallelt med læretida det første året. Det andre året fungerar du kun som lærling, men militært tilsett. Læretida består normalt av to års læretid/ verdiskapning. Læretid med lederutdanning (befalsutdanning) Når du tek lærling med befalsutdanning kombinerar du læretida med befalsutdanning. Utdanninga gir lederutdanning, fagbrev, generell studiekompetanse og førstegongstjenesten inkludert. Det finnst to variantar av lærling med befalsutdanning i Forsvaret. Den eine er 3-årig mens den andre er 4-årig. Det er viktig å presisera at sjølve læretiden ikkje er så lang. Ein følgjer normalt utdanningsløp og går opp til fagprøve etter normalt tid. Sivil lærling ved Forsvaret sine verkstader Forsvaret treng sivile lærlingar ved Forsvaret sine verkstader. Du kombinerar ikkje læretida med førstegongstjeneste, men vil gjennomføra læretida ved ein av avdelingane til Forsvarets logistikkorganisasjon Vedlikehold (FLO V). (Kjelde: Forsvaret.no/utdanning-karriere/larling)



Treng flinke folk i

oppdrettsnæringa

Sjøtroll Havbruk og Lerøy Vest gjer det dei kan for å rekruttera nye fagarbeidarar til akvakulturnæringa. – I år tok vi inn 7 nye lærlingar på anlegga våre, fortel Nina Møgster, leiar for industri og administrasjon i selskapet. Akvakultur, eller oppdrettsnæringa om du vil, har utvikla seg til å bli Noreg si nest største eksportnæring etter olja. Bransjen har tru på at veksten vil halda fram. – Akvakultur er ei framtidsretta næring. Eg trur vi berre har sett starten på det næringa vil ha å by på i framtida. – Laksen er etterspurt på alle bord i heile verda, så det er absolutt ei bransje med moglegheiter for å gjera karriere, fortel Møgster. Ønskjer fagfolk Fisken dei produserar sysselset tilsaman 800 menneskje i alt frå produksjon via pakkeri og videreforedling til sal og marknadsføring. – I alle desse delane av selskapet treng vi dyktige fagfolk. Sjølv om ein har lyst å driva med sal og marknadsføring, så er det å gå vegen om naturbruk, akvakultur og to år lære ein smart veg å velgja. Har ein fagkunnskapen på fisk, så har du enno betre forutsetningar for å lykkast med sal, forklarar Møgster.

Fem jenter Sjøtroll/Lerøy Vest satsar difor tungt på lærlingar og videreutdanning av dei tilsette. – Per no har vi vel 17 lærlingar i bedrifta. Då vi hadde oppstartsmøte i haust var fem av dei seks nye lærlingane jenter. Det er noko eg tykkjer er veldig kjekt. – Vi samarbeidar tett med både Austevoll og Fusa vidaregåande skuler og strekkjer oss langt for å tilby lærlingeplass til så mange som mogeleg. Vi tilbyr og TAF-plassar i Marine fag. – I tillegg til lærlingane og TAF-elevane tek vi mot mange av elevane frå dei to skulene i praksis slik at dei får eit innblikk i bransjen tidleg i utdanningsløpet. Frå lærling til ansvarleg Ein av dei som har gått vegen om læreplass i Sjøtroll/Lerøy Vest er Robin Jarnes. Robin jobbar no som lokalitetsansvarleg for eit av anlegga.

Auka satsing mot fråfall gjev resultat Den auka satsinga på mindre fråfall og betre gjennomføring i vidaregåande skule, gjev resultat. Det viktigaste tiltaket Ny Giv er det viktigaste tiltaket Hordaland fylkeskommune har mot fråfall i den vidaregåande skulen. Prosjektet starta i 2010 og forventa resultat er knytt til gjennomføring og fråfall over ein periode på fem år. I 2015 blir tala klare. Men tiltaka som fylkeskommunen gjennomfører, har alt gjeve verknader. Siste tilstandsrapport for dei vidaregåande skulane i fylket viser at fleire elevar fullfører vidaregåande skule enn før. Talet er gått opp frå 70 til 72 prosent i Hordaland. Meir medvitne Ny Giv er ei nasjonal satsing mot fråfall i regi av Kunnskapsdepartementet. – Etter at vi sette i gong Ny Giv-prosjektet har vi fått sikrare statistikk på fråfall, og vi er blitt meir

medvitne på dette. Kunnskapsdepartementet har som mål å heve gjennomføringa frå 69 til 75 prosent på landsbasis, mens vi i Hordaland har sett oss eigne mål - å kome opp i 80 prosent gjennomføring. Det er vedteke av fylkesutvalet, fortel Svein Heggheim, Opplæringsdirektør i HFK. Lærarar på kurs for å hindre fråfall Den nasjonale satsinga på Ny Giv er delt i tre: Betre overgangen frå ungdomsskule til vg1, få betre oppfølging av dei som har falle ut eller står i fare for å falle ut, og betre statistikk. Satsing mot stryk Heggheim fortel at Hordaland fylkeskommune jobbar annleis enn før for å få elevar til å gjennomføre. – Vi ser at mange av dei som fell ut, ikkje manglar så mykje på å halde fram. Vi ser på dei som stryk i eit anna perspektiv. Har ein elev stroke i eit fag, bør merksemda vere retta mot det som skal til for å bestå.

– Eg var vel ferdig som lærling og tok fagbrevet i 2009. Berre eitt år seinare fekk eg tilbodet om å ha anvaret for anlegget like ved Jektevik på Stord, fortel Jarnes. Tek vidareutdanning på si Jarnes, som kjøpte sin første båt som 8-åring, var ikkje tvil om at det måtte bli noko med sjø då han skulle ta utdanninga. – Eg vurderte båt, men kom fram til at eg ville satsa på akvakultur for å få ein meir forutsigbar arbeidsdag. Det har eg ikkje angra på. Oppgåvene er, og har vore, varierte og spennande heilt frå første dagen. I Sjøtroll/Lerøy Vest fekk eg lov til å vera med på alt, frå foring og merskifte til vedlikehald og levering av ferdig fisk. – No har eg starta på teknisk fagskule ved sidan av jobben, godt støtta av selskapet, fortel Jarnes. – Nettopp det er noko av det vi satsar på. Å videre- og etterutdanne medarbeidarane våre. Fleire av dei som jobbar for oss gjer som Robin og tek vidareutdanning ved sidan av. For oss er det viktig å gjera akvakultur til ein attraktiv utdanningsveg, supplerar Møgster, som nemner fiskehelsebiologar/veterinær som ein mogleg veg om ein ønskjer ei høgskuleutdanning innan næringa.

Alle som stryk, får brev om å satse vidare og melde seg opp til ny prøve. Dette har vi god oppslutning om. Kvar blir dei av? Hordaland fylkeskommune prøver og å finne ut kvar det blir av dei som fell ut. – Vi ser at det er elevar som ikkje bryr seg om karakterane og som ikkje bryr seg om å søkje vidaregåande skule. Vi har elevar med helserelaterte problem eller som ikkje orkar å vere på skulen over tid. Vi har ei oppfølgingsteneste som går så langt som å ringe dei som ikkje svarar på annan måte for å følgje dei opp. Vi har aldri før hatt betre oppfølging av elevane. Det har skjedd noko med innstillinga. Å gjennomføre vidaregåande skule er blitt eit samfunnsansvar. Konsekvensane av å falle ut er alvorlege. Framleis håp Men håpet er ikkje ute om dei ikkje fullfører – Om ein elev ikkje fullfører innan fem år, har vi mange som kjem attende og fullfører fortel Svein Heggheim.


Vi gir deg jobbmulighetene du drømmer om! Goodtech utvikler og leverer løsninger innen elektro, kraft, maskin/mekanikk, automatisering og industriell IT. Som ingeniør/tekniker i Goodtech får du muligheten til å jobbe i store og viktige prosjekter, på land eller til havs, i Norge eller internasjonalt. Vi har den lokale virksomhetens nærhet og den store virksomhetens muskler!

www.goodtech.no/jobb

Finn den rette jobben for deg… • • • •

Grafisk design Møt os Marknadsføringskonsulent utda s på nning Fotojournalist messa sJournalist

tlf. 56 30 29 50 e-post: post@osogfusa.no www.osogfusa.no


Eit spesialsjukehus for planlagde operasjonar i musklar og skjelett (ortopedisk kirurgi). Kvart år utfører vi 1600 - 1800 operasjonar i heile rørsleapparatet, ca 9 000 vurderingar hos legespesialist og ca 14 000 røntgen undersøkingar.

vi vil ha deg om bord

Vi er ei forskings- og undervisningsavdeling ved Universitetet i Bergen. Sjukehuset har ansvar for utdanning av legar, sjukepleiarar, radiografar, fysioterapeutar og helsefagarbeidarar.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus Vi har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Kvart år tilsett vi ca 1000 nye medarbeidarar. Vi tilbyr jobb med meining. Er du vår neste kollega?

Les mer på www.helse-bergen.no

Fjord1 er i sterkt vekst, med aktivitetar til sjøs og på land. No er selskapet på jakt etter å styrkje staben med medarbeidarar innanfor maritime yrkesgrupper og tilbyr fleire spennande stillingar.

Er du ein av dei nye kollegaene våre? Mange av våre tilsette har hatt eit heilt yrkesliv i selskapet. Det vel vi å ta som eit teikn på at folk trivst hos oss, og at vi har ein spennande arbeidsplass å tilby. Fjord1 er svært oppteken av miljø og er i dag leiande i verda når det gjeld bruk av miljøvennleg gass som

ferjedrivstoff. Vi er ein aktiv medspelar for å utvikle ny teknologi på riktig måte, derfor har vi valt å samarbeide med andre leiande selskap på ei rekkje spennande prosjekt. Spennande arbeidplass Tilsette i Fjord1 har gode og fleksible skiftordningar, nærleik til heimen og eit stabilt og godt arbeidsmiljø om bord på miljøvennlege fartøy. Kombinasjonen av fleksibel og føreseieleg arbeidstid gjer at ein kan følgje opp barn og familie på heimstaden, samtidig som ein har ein spennande jobb og eit sosialt miljø i arbeidsperiodane.

Mange moglegheiter Vi ynskjer spesielt å komme i kontakt med unge menneske som kan tenkje seg ein maritim karriere i eit tradisjonsrikt og innovativt selskap med gode lønns-og pensjonsordningar. For kvalifiserte personar tilbyr vi både lærlingplassar og kadettplassar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Finnmark. For meir informasjon, besøk heimesidene våre på www.fjord1.no.

Fjord1 er i dag størst på ferjedrift i Norge, med drift av 44 ferjesamband – frå Finnmark i nord til Rogaland og Buskerud i sør. Selskapet har 78 fartøy og omsette i 2012 for 2,39 mrd. kroner. Fjord1 er ått av Sogn og Fjordane fylkeskommune (59 prosent via Fjord1 Holding AS) og Havilafjord AS (41 prosent) og har hovudkontor i Florø.

www.fjord1.no

AUSTEVOLL VIDAREGÅANDE SKULE Austevoll maritime fagskule

“Stø kurs mot nye horisontar” • Vidaregåande utdanning Vg1 Naturbruk Vg2 Fiske og fangst Vg2 Akvakultur

• Maritim teknisk fagskule 2-årig sjøkapteinutdanning

• Fagskuleutdanning i akvakultur

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon Vg1 Elektro Vg2 Maritime fag

Tlf.: 56finn 18 20du00 - Fax.: 56 18 20 01 Meir informasjon E-post: post.aus@hfk.no på http://fia.hfk.no

Vg1 Studiespesialiserande program Vg1 Helse og oppvekst

Meir informasjon Tlf.: 56 18 20 00 - FAX 56 18 20 01på http://fia.hfk.no E-post: post.aus@hfk.no

Søknadsfrist: 1. mars Teknisk fagskule 15. april


KONGSHAUG MUSIKKGYMNAS

Norges eneste kristne musikkgymnas med internat. Skolen ligger tre mil sør for Bergen i naturskjønne omgivelser.Vi tilbyr generell studiekompetanse og fordypning i musikk. Elevene våre kom mer fra hele landet, og får et studietilbud med faglig tyngde, mange utfordring er og et godt kristent og sosialt miljø.

D U ER VELKOMME N T IL Å SØ KE! Søknadsfris t: 1 . ma rs L e s me r o m o ss på: Ko ng shaug .no

gsHjulstillin l kontrol

950,kun kr

eks.mva

Service på alle ! bilmerker

n Reparasjog og skiftin e! t av frontru

www.skaathunbilverksted.no

Tlf: 56 57 48 88

A karos lt i s lakke eri og Perso ring nbile lasteb r og iler


Også du kan vokse deg stor hos oss Bolaks og Sævareid Fiskeanlegg produserer laks i Fusa kommune Vi lager rogn fra egen samfisk. Rogna klekkes og blir til små stamfisk som voksertil sjøklar smolt i settefisk anlegget på Sævereid. I sjøen lever den videre i store merder frem til mesteparten er slakteklar. Noen få fisk går igjen og blir til ny stamfisk. Vi har hele syklusen fra start til slutt, noe som gjør det både allsidig og spennende å være lærling/TAF-elev hos oss. Å jobbe med fiskeoppdrett er bilogisk, teknisk og krever datakyndighet. Mulighetene er også mange til å ta høyere utdanning etter fullført fagbrev/ studiekompetanse. Det gode studiegrunnlaget dannes hos oss!

Les mer på www.bolaks.no eller www.sevareid.no

AS Sævareid Fiskeanlegg

Skolebowling, Discobowling, Ungdomsbowling, Familiebowling

OS VIDAREGÅANDE SKULE HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Sportsbar med fotball og sport 7 dager i uken

Bowl så mye du vil

kr

99,-,-

pr. person

Bowl så mye du vil med Pizza

kr

199,-

kr 155,- for barn t.o.m 10 år

TLF: 56 30 63 40

• Teknikk og industriellproduksjon • Bygg- og anleggsteknikk • Elektrofag • Helse- og oppvekstfag • Service og samferdsel • Arbeidstrening • Kvardagslivstrening I tillegg har vi Allmennfag påbygging som byggjer på Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram (gir generell studiekompetanse).

Åpningstider: Søndag - torsdag Fredag - lørdag

Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram:

11 - 22 11 - 23

Os VGS har også landslinetilbod innan anleggsteknikk og for yrkessjåfør.

osv.hfk.no


FOTO: SCANPIX

FOR TENÅRINGER. ONLY. VI ER HER. SPV Du får snart ansvar for egen økonomi, det er stas. Men, det innebærer forpliktelser, og da er det viktig å ha en bank som hjelper deg. spv.no / 05555

Laks, ørret, torsk og kveite er delikat, sunn og trygg mat. Blant annet fordi fisken har spist godt. Skretting er en verdens ledende produsent av fôr til oppdrettsfisk og en fremtidsrettet aktør i norsk oppdrettsnæring.

Har du utfordringer som gjør at du trenger ekstra oppfølging for å gå på skole?

Trenger du hjelp til en ny start?

Elevene våre følges opp av erfarne pedagoger, rådgivere og spesialisert helsepersonell som hjelper elevene til å fullføre utdanningen og bli klare for arbeidslivet.

Vårt fagtilbud:

Vi hjelper deg å lykkes!

Yrkesrettet fagutdanning for voksne

• Service og samferdsel • IKT-servicefag • Dataelektroniker

Søknadsfrist 30. mars 2014 For spørsmål om opptak, kontakt skolen på tlf 55 10 87 00, eller les mer på

www.krokeide.vgs.no


Realiser potensialet ditt! Kværner er på stadig jakt etter dyktige, engasjerte og motiverte personar og tilset lærlingar, fagarbeidarar, ingeniørar og personell innan økonomiske- og administrative fag. I Kværner kan du vera med å realisera gigantiske og utfordrande prosjekt, samstundes som du realiserer ditt eige potensial.

Kværner er ein leiande, spesialisert leverandør av engineering, innkjøp og bygging av

offshore olje- og gassplattformer og landbaserte anlegg. Konsernet har over 3000 HMSfokuserte, høgt kvalifiserte og erfarne medarbeidarar i ulike verksemder. Kværner er ein internasjonal leverandør som planlegg og realiserer nokre av dei mest krevjande prosjekt i verda, som ein føretrekt partnar for olje- og gass-selskap innan både opp- og nedstrømsverksemd, industriselskap, samt ingeniør- og fabrikasjonsleverandørar.

Besøk oss på Bjørnefjorden utdanningsmesse på Nore Neset i Os.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.