Peiestokken november 2016: Fantastisk i forhold

Page 1

| KULTUR |

Fantastisk i forhold Å få seg kjæraste i Volda kan forandre kvardagen. To kjærastepar fortel at etter å ha gått frå stadiet «singel» til «i eit forhold» er ein mindre ute på Rokken enn før.

Tekst: Mariell Midtbø Bøyum

Nokon gongar er vi så opptatte at det blir ein 30 minutters date i kantina.

24

IDA BJERKAN

NOVEMBER 2016

Tekst/foto: Helene Solheim


| KULTUR |

Til vanleg er Ida Bjerkan ei utåtvendt jente, men når ho først møtte Sondre Styrk blei ho plutselig stille og litt nervøs. Likevel prøvde ho seg og enda med å sjølv bli sjekka opp. Sondre ville nemleg teste ut eit sjekketriks som ein kompis hadde fortalt han om. Dette gjekk over all forventning. – «Vil du bli med heim og kline?», spurte eg Ida, og då ho svarte ja, blei eg litt sjokka. Så vi måtte no berre gå heim og kline, sidan eg hadde sagt det.

Rett på sak Halvard Roald Kvamme brukte og litt same taktikk etter å ha møtt Christina Andersen som frivillig under Dokumentarfilmfestivalen i fjor. – Christina hadde sett på meg og smilt bredt når vi dansa i lag. Så tok eg sjansen og berre kyssa ho! – Det gjekk jo veldig bra då, flirer Christina. Etter ein knapp månad saman, annonserte Christina og Halvard at dei var blitt saman på Facebook. Men alle i Volda visste vel dette allereie? – Det var eigentleg aldri nokon hemmelegheit at vi holdt på. Folk visste det frå dag ein, fortel Christina. Ingen dates på Marias Å gå frå stadiet å «halde på» til å bli i lag er ikkje alltid ein like enkel prosess. Kanskje vil ein ikkje at folk skal vite at ein heng i lag, eller så

bryr ein seg ikkje. Og korleis veit ein eigentleg om ein er i lag? Skal ein spørje slik som på barneskulen: Vil du vere kjærasten min? Det var nettopp dette Sondre gjorde. – Det var vel meir at Styrk spurde meg om han kunne fortelje mor si at han hadde fått kjærast. Så sa eg ja, seier Ida og ler. Det å vere kjærast på ein liten stad som Volda synast ikkje paret er noko problem. Bortsett frå at ein ikkje kan gå på «date» på Marias, for då spør alle om ein er på date. Derfor blir det enda kjekkare når ein reiser utanfor bygda. Ein gong dei skulle sjå ein romantisk film på Volda Filmteater, fekk Sondre spørsmål om kor mykje han fekk betalt for å bli med. Sondre legg til at før han fekk kjærast brukte han tida på akkurat det han ville. – Før kunne eg game ti timar i strekk, gå på spontan-fylla på ein måndag og ete grandis til frukost. Eg var nok rimeleg egoistisk og brydde meg vel berre om meg sjølv og når neste fest var.

Betre liv Begge kjærastepara er einige om at det er viktig å vere flinke til å prioritere og planleggje tid til kvarandre. Når dei ikkje bur ilag byr det på ein del logistikkproblem. – Nokon gongar er vi så opptatte at det blir ein 30 minuttars date i kantina, fortel Ida. Dette er noko også Halvard kjenner seg igjen i. – Vi er ikkje med på like mykje som Ida og

Styrk, så vi har kanskje litt meir tid til kvarandre. Men uansett ligg der litt planlegging, fortel han. Men kva gjer eit typisk par på i Volda? Spring opp på Rotsethornet og har ein liten piknik ved Rotevatnet? Alle fire fortel at «netflix and chill» er noko eit kjærastepar faktisk gjer på. Dei fortel at etter å ha gått frå stadiet «singel» til «i eit forhold» er ein mindre ute på fest enn før. – Eg har blitt meir ærleg, meir glad i å kose meg framfor TV-en ein laurdagskveld framfor å reise ut kvar helg og har til og med begynt å trene meir. Har generelt sett eit betre liv, legg Christina til. Dei er einige at ein blir meir sjølvsikker, open og trygg på seg sjølv når ein er i eit forhold. – Eg har for første gong i mitt liv eit lite snev av struktur, noko som er herleg, fortel Halvard og smilar. Framtida Kva framtida bringar etter Volda, veit dei ikkje endå. Men kven treng å haste seg vekk frå Volda når ein har kvarandre? I følgje para har ein ingenting å tape på å satse og bli i lag - bortsett frå om det blir slutt. Kjærastepara synast det er viktig å ta ein dag om gongen. Dei fortel at det hadde vorte kleint om det blei slutt sidan Volda er ein liten plass. Då ser du kven eksen flørtar med i baren, og heile bygda veit kanskje kven den neste kjærasten blir før ryktet når deg?

NOVEMBER 2016

25


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.