Del_IX_Flora

Page 1

DEL IX: FLORA Tekst: Oddhild Dokset (feltleiar) og Solveig Roti Dahl OMRÅDESKILDRING

Traseen går frå grensa mellom Flora og Naustdal kommune over Svartehumleheia før den kryssar Rv 5 og fortset nordvest mot Torsvatnet. Ved Storebru kryssar traseen Syninga ved Endestad og fortset nordvest mot Eikefjorden. Frå Eikefjorden går traseen nordvest mot Rustamyra, over mot Fløgen, kryssar Norddalsfjord og fortset vidare opp Skalia til Memyra. Frå Memyra fortset traseen mot Grytadalen og grensa til Bremanger kommune på Myklebustfjellet.

Oversiktskart over dei registerte områda i Flora. Sjå óg kartvedlegga bak.

Traséalternativet mellom Memyra og Grytadalen var ikkje avgjort på det tidspunktet registreringane pågjekk, og begge traséalternativa vart derfor registrerte. Terrenget var varierande. Mykje av planområdet var mellom lågland og fjell og var derfor prega av mykje og tett vegetasjon. Der traseen gjekk i fjellområde var terrenget prega av bergknausar og myr mellom desse. Det var generelt dårleg med lausmassar. Planområdet var også generelt dominert av bratte, steile bergveggar/knausar og store rassteinar.

319


Oversikt over landskapet ved traseen Heiaskora mot NNV (foto #75)

Oversiktsbilete over landskapet ved traseen frå Kvilehaugen og vestover (foto #91)

GANGEN I ARBEIDET

Registreringane i Flora kommune vart gjennomført i perioden 18-28/5, 2-3/6, 16-17/6, 24/6, 29/6-7/7 og 9/7 av Solveig Roti Dahl og Oddhild Dokset. 17/9, 30/9 og 1/10 registrerte Anne Mette Haugen og Solveig Roti Dahl området Reiret i Norddalsfjord. Prosjektleiar Ingar M. Gundersen deltok i 1 dag. Det ble totalt sett nytta 49 dagsverk i felt og 7 dagsverk til rapportarbeid, totalt 56 dagsverk. Feltarbeidet i Flora kommune bar preg av ein del utfordringar i form av å ta seg fram langs delar av traseen. Ein del stader der traseen går mellom lågland og fjell (til dømes deler av Eikefjorden og Grytadalen), var vegetasjonen så tett at det var vanskeleg å ta seg fram og ikkje minst ha oversikt over heile planområdet. Områda skal likevel vere godt granska. Somme stader møtte vi på bergheng og stupbratte skråningar og vi måtte ofte gå lange omvegar for å kome forbi desse områda og inn på traseen att. Vi fann det umogleg å gå ned Skalia ved Nordalsfjord. Sidan det var nokre flater ved sjøen der vi ville undersøkje, måtte vi ordne oss med båttransport frå Firda Settefisk.

Oversiktsbilete over trase frå Fløgen mot Skalia (trase t.v. for eksisterande linje) (foto #44)

Oversiktsbilete over landskapet ved traseen frå Bjørnaknoltren mot NV (foto #95)

320


REGISTRERINGANE I FL ORA

I løpet av undersøkinga registrerte vi 10 lokalitetar. Av desse er 7 nyare tids kulturminne i form av tufter, kvernhus og steingardar. 3 av lokalitetane fekk forhistoriske dateringar, R 129191, R 129196 og R 130269 er såleis automatisk freda i høve til kml § 4 og 6. Storparten av lokalitetane er nyare tids kulturminne i form av tufter, steingardar og eit kvernhus. R 129191 er ei tjøremile, medan R 129196 er ein heller med ein steingard i front. I helleren vart det registrert eit kollag med datering til yngre bronsealder/førromersk jernalder. Steingarden framfor er truleg frå nyare tid. K 129194, Tonheimsli, er eit nedlagt gardsbruk som har røter tilbake til 1600- talet. R 130269 er eit busetjings/aktivitetsområde med fleire tufter og dateringar frå neolittikum til moderne tid. R 129191 (TJØREBRENNINGSANLEGG , LOK 106, GBNR 50/1) Enkeltminnekategori Tjøremile

Tal 1

C14-datering 1020 – 1220 e. Kr. (Beta 260850)

Tal på kolprøver 1

Terrengskildring og plassering i landskapet R 129191 ligg om lag 16 m aust for stien som går frå bygda og garden Tonheimsli, opp mot Ytre Strandastølen. Mot sør skimtar ein så vidt fjorden. Aust for lokaliteten er det steile bergveggar, medan eit lett kupert terreng dominerer i dei andre retningane. Tjøremila ligg på ei flate, det er noko vått og myrlendt, elles er vegetasjonen prega av gras, lyng, einebusker, enkelte låge bjørketre og open barskog. R129191 ligg i så god avstand til traseen at det vil bli indirekte konflikt. Skildring av lokaliteten Lokaliteten er ei tjøremile. «Framsida» er vend mot sør og er forma i ein svak halvsirkel. I midten er renna, og på begge sider av denne er det ein steinmur. Den vestlege muren er mest synleg, medan muren på austsida er meir tilgrodd av lyng, mose og einer. Rett over, frå ytste stein på kvar side, er tjøremila 6 m brei. Renna er open og synleg som ein ca 3,5 m lang gang. Denne er 0,50 m brei. Framme i midten, er muren ca 1,1 m høg. Steinane som er synlege i muren er relativt store. Vi stakk med jordbor og påviste eit tjukt kollag framfor (sør for) renna og muren. Området her var svært blautt, og då vi grov eit prøvestikk for å ta ut kolprøve fylte det seg straks med vatn. Vi fekk ikkje teikna profilen, men det var ca 25 cm med torv og myr, så eit kollag på ca. 20 cm. Under kollaget var det fin grå sand med kolbitar. Vi tok ut prøve frå nedste del av kollaget og fekk datering til 1020 – 1220 e. Kr., det vil seie tidleg mellomalder.

321


Utsikt frå R 129191 utover Eikefjorden (foto #52)

R 129191, Tjøremile (foto #48)

Kart over R 129191

Tjørebrenning har ein lang tradisjon i landet og dei eldste tjøremilene går tilbake til 1000tallet. Tjøremile av konstruksjonstypen tilsvarande R129191, er vanlegvis rekna som eit nyare tids kulturminne. Liknande tjøremiler er nytta fram mot 1900-talet. Men det er ikkje undersøkt så mange tjøremiler på Vestlandet, så ein har lite sikker kunnskap om kor langt tilbake i tid denne typen strekkjer seg. Ei datering til tidleg mellomalder var såleis svært spennande og overraskande. Strukturskildring S1: Tjøremile.

322


K 129193 (BUS ETTING/AKTIVITETSOMR ÅDE, LOK 107, GBNR 5 1/3) Enkeltminnekategori Steingard

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering i landskapet K 129193 ligg nordaust for Storehaugane og aust for stien som går frå Tonheimslia til Fiskevatnet. Steingarden ligg i sørsøraustleg hellande terreng, med utsikt over Eikefjorden i same retning. Landskapet er kupert og prega av berg opp i dagen, og elles nokre våte graskledde flater. Området er i ferd med å gro att med skog og busker. Nord for lokaliteten er ein stor heller, der sauer i dag søkjer ly. Vi tok 3 prøvestikk i helleren, men alle var negative. K 129193 ligg innanfor traseen, som derfor er i direkte konflikt med lokaliteten.

Kart over K 129193

Skildring av lokaliteten K 129193 er 1 steingard, denne er orientert SSA-NNV. Steingarden er 24,5 m lang og mellom 40-60 cm brei. Han er ikkje særleg godt markert i terrenget og er berre opp til 40 cm høg. Det er ikkje i dag teikn til ein oppbygd mur, meir store steinar som er lagt saman på ei rekkje. Steingarden ligg delvis på berg og delvis på ei våt gras/myrkledd helling. Funksjon og alder er ukjent, men strukturen er tolka som nyare tids kulturminne. Steingarden er delvis attgrodd av einebusker og mose.

323


Solveig leitar forgjeves etter slått mylonitt i heller (foto #11)

K 129193, steingard (foto #12)

Strukturskildring S1: Steingard. 24,5 m lang, 40-65 cm brei, mellom 10-40 cm høg. K 129194 (GARDSANLEG G , LOK 108, GBNR 50/ 1) Enkeltminnekategori Tuft

Tal 4

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering i landskapet Nordvest for garden Tonheimslia ligg K 129194. Lokaliteten ligg mellom dei to eksisterande kraftlinjene og rett nord om ei nyare hytte. I eit sørleg hellande område er det 4 tufter og fleire rydningsrøyser, lokaliteten er avgrensa av ein steingard i aust og ei elv i vest. Like aust for steingarden går stien frå Tonheimslia til Ytre Strandastølen. Området har tidlegare vore dyrka/slåttemark, men er i dag nytta som beite. Det er svært blautt og lite lausmassar før ein kjem ned på berg. Lokaliteten ligg i god avstand til traseen, som vil vere indirekte konflikt med kulturminnet. Skildring av lokaliteten På lokaliteten er det 4 tufter, fleire rydningsrøyser og ein steingard. Berre tuftene er målt inn og gjevne strukturnummer. Steingarden er alt markert på øk-kart, og rydningsrøysene låg så tett at ei innmåling med ein GPS ville gjeve for stor feilmargin. Tuftene er godt markerte i terrenget. 2 av tuftene er mellom 3-4 x 3-4 m, dei to andre er noko større, mellom 6-7 m x 4 m. Rundt tuftene ligg fleire rydningsrøyser, og desse er av varierande storleik. Nokre er store haugar, til dømes sør for S3, der det ser ut til at stein er lempa i store mengder nedover bakken. Andre stader er det berre eit par steinar som er lagt opp på berg, som er synlege i dagen. Vi gjekk systematisk rundt lokaliteten og stakk med jordbor for å finne eigna stader til å grave prøvestikk for å sjå etter dyrkingsspor eller avsviingslag. Stort sett var det berre opp til 20 cm før vi traff berg. Ein stad fann vi likevel meir lausmassar, omlag 60 cm. Eit prøvestikk viste berre brun matjord, utan kol eller stratigrafi. Det lukkast oss dermed ikkje å ta ut prøver til datering. Det var heller ikkje kol i tuftene. Tonheimslia har ei gardshistorie som går attende til 1600-tallet. Det er dermed et visst potensiale for at garden også har vore i drift i sein mellomalder. 324


Kart over K 129194

Tonheimsli, rydningsrøyser (foto #19)

Tonheimsli, oversiktsbilete (foto #27)

Strukturskildring S1: Tuft. 3,30 x 3m, opp til 90 cm høg. Godt markert i terrenget med restar av 3 ståande veggar, opning mot sørvest. Ein del stein ligg inne i sjølve tufta. Tufta ligg rett sørvest for ein liten bergknaus. S2: Tuft. 6,5 x 4,10 m, opp til 60 cm høg. I midten er ein opning, denne er murt opp med stein, og har truleg fungert som kjellar. Opninga er 2,5 x 2,2 m og 65 cm djup. Sjølve tufta ligg i bakkeplan, og kan sjåast som ei lita forhøging i terrenget. Murane er delvis grodd att av mose og gras, men enkelte steinar er synlege. Tufta ligg 10 m NV for S1. 325


S3: Tuft. 3,8 x 3,10 m, opp til 1,3 m høg. Godt markert i terrenget med restar av 3 ståande veggar, og med opning mot nord. Det er ein del utrasa stein i midten. Steinmurane er tilvakse med mose, elles veks det einebusker inne i tufta. S3 ligg 17 m vest for S2. S4: Tuft. 6 x 4,5 m, opp til 1,5 m høg. Godt markert i terrenget med restar av 4 ståande veggar. Inngang til bygningen i aust. På nordsida av tufta er muren i bakkeplan, bygd opp etter ein bakke. Inni tufta er det utrasa stein, gras og einebusker. S4 ligg 24 m N for S3. Tufta ser ut til å vere bygd saman med ein liten steingard. Dette kan vere ein geil inn til fjøset.

129194,Tonheimsli, S1 (foto #25)

K 129194, Tonheimsli, S2 (foto #23)

K 129194, Tonheimsli, S3 bakarst i biletet, S4 i framgrunnen (foto #17)

326


R 129196 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 109, GBNR 49/ 1,2) Enkeltminnekategori Heller Steingard

Tal 1 1

C14-datering 780 – 390 f. Kr. (Beta 260851)

Tal på kolprøver 1 0

Terrengskildring og plassering i landskapet R 129196 ligg nord for Rv 5, på ei lita flate nord for der tursti/veg til Hatlesetnipa gjer ein knapp venstresving. I aust renn ei lita elv, steile bergveggar dominerer i nord og aust. Vegetasjonen er dominert av lauvskog og open furuskog med ein undervegetasjon av lyng og mose. Enkelte parti er våte og myrlende. Traseen ligg i indirekte konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten Lokaliteten er samansett av to strukturar, ein heller (S1) og ein steingard (S2). Steingarden ligg om lag 10 m sør for helleren, i enden av bakken ned frå helleren. Der ligg steingarden oppå ein stor stein. Området er i ferd med å gro att av lauvskog, busker og bregner.

Oversiktsbilete R 129196; heller og steingard (foto #34)

327


Kart over R 129196

Innanfor dråpefallet er helleren om lag 1,70-2 m høg. Det tørre området er opp til 8 m langt og 3,5 m breidt. Det er verd å merke seg at det var svært vått i undergrunnen, sjølv innanfor dråpefallet. PS 1 vart raskt fylt av vatn. Der var vanskeleg å obsevere stratigrafien, og vi valde å avslutte prøvestikket då vi kom ned på eit kolhaldig lag. Det er det same som i PS 2. I PS 2 var det noko tørrare, og det var mogleg å grave prøvestikket ferdig før det byrja å fylle seg med vatn. I prøvestikket vart det registrert eit opp til 10 cm tjukt kollag. Kollaget vart sålda, men det vart ikkje gjort noko funn. Vi tok ut kolprøve til datering frå PS 2, lag 3. C14-prøven viste ein datering til 780-390 f. Kr., det vil seie yngre bronsealder/førromersk jernalder. Vi har ikkje eksakt avgrensing på kollaget, men det var i begge prøvestikka og ein må rekne med at det er i heile området innanfor dråpefallet. Det er vanskeleg å tolke kva funksjon steingarden har, og om den eventuelt skal sjåast i samband med helleren. Plasseringa av steingarden oppå ein stein gjer det mindre truleg at det er rest av ein lengre steingard nytta som gjerde o.l. Han synest også noko høg og upraktisk til å fungere som bogestille. Med omsyn til bevaringsgrad og høgd på muren må det iallefall vere rimeleg å rekne med at muren er yngre enn kollaget i helleren, og eit nyare tids kulturminne. Men helleren kan også ha vore nytta i nyare tid, og muren kan vere bygd i samband med dette. Strukturskildring S1: Heller. 8 x 3,5 m, opp til 2 m høg. S2: Steingard. Svakt boga, 5,10 m lang, 70-120 m brei og opp til 1,35 m høg. Godt markert i terrenget. 328


Planteikning over R 129196-1 (teikna av Oddhild Dokset)

329


Over: R 129196, S1, profil i PS2 (foto #31) Til høgre: R 129196, S1, profilteikning av PS2 (teikna av Oddhild Dokset)

Solveig skal til å grave prøvestikk i heller, R 129196, S1 (foto #30)

Steingard, R 129196, S2 (foto #35)

K 129197 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 110, GBNR 51/1) Enkeltminnekategori Steingard

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering i landskapet K 129197 ligg like ved anleggsveg 240, på sørsida av denne. Nord for Rv 5. Landskapet er prega av furuskog, lyng og gras. Terrenget er lett kupert. Skildring av lokaliteten Lokaliteten er 1 steingard. Steingarden er lett boga, bygd opp av relativt store steinar og flate heller. Fleire av hellene dannar små «vindauger» i muren. Muren er plassert på ein liten rygg i terrenget, mellom anleggsveg 240 og eit juv. Kanskje er resten av muren øydelagd av vegen. Orientert tilnærma SN. Tiltaket er i indirekte konflikt med K 129197.

330


Kart over K 129197

Strukturskildring S1: Steingard. 20 m lang, 0,5 m brei og opp til 80 cm høg.

Solveig ved K 129197 (foto #55)

331


K 129198 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 111, GBNR 50/1) Enkeltminnekategori Kvernhus

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering i landskapet K 129198 ligg ved elva, nordaust for Marabergholten. Landskapet rundt er prega av lett furuskog, lyng og graskledde flater og mindre myrområder. Terrenget rundt er sterkt kupert, med flatare område mellom bakkane.

Kart over K 129198

Skildring av lokaliteten Lokaliteten er eit kvernhus, S1. Bygningen ser ut til å vere i god stand, med bølgjeblekk på taket. Kvernhuset er eit nyare tids kulturminne og er lokalisert eit stykke utanfor traseen. Tiltaket er i liten grad av konlikt med lokaliteten. Strukturskildring S1: Kvernhus.

332


K 129198, Kvernhus (foto #54)

K 129199 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 113, GBNR 14/1) Enkeltminnekategori Steingard

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering i landskapet K 129199 ligg søraust for Selhaugen, under den eksisterande linja, vest for Heiaskora og aust for anleggsveg 236b. Landskapet er kupert og svært tilgrodd av einebusker og lauvskog. Det er ein del rasstein i området. Skildring av lokaliteten K 129199 er ein steingard. Denne er svært tilgrodd med einebusker og berre deler av strukturen er synleg. Steingarden går frå ein bergvegg i aust og til anleggsveg 236b i vest. Muren er omlag 32 m lang. Der muren var synleg, var breidde og høgde varierande, men omlag 0,5 m brei. Tiltaket ligg i indirekte konflikt med K 129199. Strukturskildring S1: Steingard. 32 m lang, om lag 0,5 m brei.

333


Kart over K 129199

K 129199, Steingard (foto #73)

334


K 129200 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 114, GBNR 14/1 OG 15/1) Enkeltminnekategori Steingard

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering i landskapet K 129200 ligg på Heiaskora, eit platå mellom Heia og Gamlestølen. Området er kupert med mykje rastein. Vegetasjon er prega av lauvskog, busker, gras og lyng. Det er ein del stiar/dyretrakk i området. Steingarden ligg i traseen, som derfor vil vere i direkte konflikt med lokaliteten.

Kart over K 129200

Skildring av lokaliteten K 129200 er ein steingard. Denne er ca 23 m lang. Den kan vere lengre, men det var noko vanskeleg å avgrense då det er mykje stein i området. Muren er orientert NA-SV. Den ligg på grensa mellom gbnr 14/1 og 15/1 og representerer såleis kanskje skilje mellom eigedomane. Strukturskildring S1: steingard. Om lag 23 m lang.

335


K 129200, Steingard (foto #81)

K 129201 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 115, GBNR 63/5) Enkeltminnekategori Steingard Tuft

Tal 1 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0 0

Terrengskildring og plassering i landskapet K 129201 ligg i eit skogkledd område. Lauvskog, enkelte furutre og einebusker dominerer. Terrenget er sørleg hellande, og vått med tørrare parti i mellom. Området er generelt prega av lite lausmassar og berg i dagen. Lokaliteten ligg nord for Knollane. Traseen vil gå over lokaliteten, og tiltaket vil såleis vere i direkte konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten K 129201 er samansett av 2 strukturar, 1 tuft (S1) og 1 steingard (S2). Tufta er plassert direkte på ein bergknaus, rundt denne er det vått og myrlendt. Vest for tufta går ein steingard, orientert tilnærma nord- sør opp til tufta. Steingarden fortset også austover frå S1. S1 er ikkje særleg tydeleg i terrenget. Murane er låge og tildels grodd att av gras, mose, lyng og einer. Men til dømes søraustleg hjørne er godt synleg og fint oppbygd av store syllsteinar. Det ser ut til at tufta har hatt to rom, skilt med enkel steinrekkje. Den vestlege kortveggen er ein kraftig mur, bygd opp mot berget. Steingarden er bygd opp av store steinar, denne er delvis grodd att av småbusker og mose, og i ferd med å rase saman. 336


Kart over K 129201

Strukturskildring S1: Tuft. 13,8 (9,30) x 4,50 m, opp til 50 cm høg. Orientert aust-vest S2: Steingard. 40 m lang, om lag 50 cm brei og opp til 70 cm høg.

K 129201, tuft S1 (foto #110)

K 129201, steingard S2 (foto #113)

337


R 1302 69 (BUSETTING/AKTIVITET SOMRÅDE, LOK 146, GB NR 73/1) Enkeltminnekategori Tuft Oppmuring Bakkemur Grøft Kulturlag/dyrkingslag

Tal 4 1 1 1 1

C14-datering

PS10 lag 2: 1520-1950 e. Kr. (Beta 265616) PS10 lag 3: 1270-1010 f. Kr. (Beta 265615) PS10 lag 4: 1280-1010 f. Kr. (Beta 265614) PS10 lag 5: 3350-3020 f. Kr. (Beta 265617)

Tal på kolprøver 0 0 0 0 4

Terrengskildring og plassering i landskapet R 130269 ligg på Reiret i Norddalsfjorden på nordvestsida av fjorden. Ein må ha båt for å kome seg dit. Sjølve lokaliteten ligg på ei flate på berget. På lokaliteten veks det mykje høgt gras og det er svært fuktig der. Delar av flata har små myrområder, og det ligg nokre svære kampesteinar på flata. Lausmassane varierer frå å gå ein meter ned før ein treff undergrunnen til at ein kjem rett ned på berg under torva. Ei elv avgrensar lokaliteten i sørvest. I nordvest går det steilt oppover ei fjellside og i SV er lokaliteten avgrensa av bratte berg som går rett ned i fjorden. I NA er det også berg og store blokksteinar som ligg langs fjorden. I søraust går det rett ned til fjorden. På sjølve lokalitetsområdet veks det litt lauvskog i utkantane, og lenger utforbi er det barskog langs fjella. Traseen kjem i direkte konflikt med lokaliteten.

Kart over R 130269

338


Kart over R 130269

Skildring av lokaliteten Lokaliteten er plassert på eit platå langs fjorden. Dei 4 tuftene ligg stort sett lengst nord og nordvest på lokaliteten, med unntak av ein bakkemur og ei lita oppmuring som ligg bak to av tuftene. Området nær bakkemuren ser slått ut, men der var ikkje spor etter dyrking. Det ligg ei dreneringsgrøft like ved to av tuftene, som leier vatnet ned til ein stor kampestein på flata nedanfor. Dei 7 registrerte strukturane som er frå nyare tid ligg plasserte lengst NNV på lokaliteten og ligg i ei helling oppover mot fjellet. Nedanfor strukturane finn ein den rydda flata. S1 og S2 avgrensar lokaliteten i nord. Sørvest for S1 og S2 ligg S4 lengst nordvest på lokaliteten, og like nedanfor ligg S6. Eit par meter søraust for S6 ligg S5 og S3. Eit par meter nord for S5 og S3 ligg S7. Søraust for desse strukturane ligg flata der det blei grave 10 prøvestikk. Dei fleste prøvestikka blei gravne på flata som ligg mellom stukturane og ein stor kampestein. Vi gjekk over flata med jordbor og fekk avgrensa området der det var lausmassar. Det blei grave 10 prøvestikk, der eitt av dei blei utvida til ei sjakt på ca 1 m x 70 cm, og omlag 1 m djup. I dei fleste prøvestikka viste det seg å vere dei same massane med ein del kol i alle laga. Det er dermed grunn til å tru at det er det same dyrkings-/kulturlaget som strekkjer seg over heile flata. Forklaringa på at eit prøvestikk blei utvida var at det her kom fram ei tjukk kollinse under noko stein omlag 70 cm ned i profilen. Ein prøvde å utvide for å sjå om det kunne vere eldstad eller kokegrop, men det var ikkje mykje stein, og dei var heller ikkje brende. Det blei teke ut prøvar frå 4 lag i sjakta. Det blei funne brent bein i prøven frå lag 2. Prøvane gav ei datering til tidleg neolittikum, to til overgangen mellom eldre og yngre

339


bronsealder, og ei til nyare tid. Det er dermed nærliggjande å tolke lokaliteten som ei tidleg jordbruksbusetting ved Norddalsfjorden. På grunn av det svært våte terrenget måtte ein prioritere sjakta og ikkje dei andre prøvestikka ved prøveuttak. Det seiv ut vatn frå profilane og prøvestikka, og sjakta fylte seg med vatn. Det var òg ein del kraftige regnbyger den dagen, som gjorde at sjakta og prøvestikka fylte seg endå raskare med vatn.

Oversikt over flata på Reiret mot S (foto #134)

Tuft S1 mot NV (foto #136)

Tuft S2 mot NV (foto # 137)

Tuft S3 mot S (foto #139)

Strukturskildring S1: Tuft på 7,5 m x 3,5 m og 1,10 m høg. Tufta er bygd på naturleg berg. Oppmuringane er tydelege med små og mellomstore steinar. Det ser ut som tufta har to rom og med inngang som vender ut mot SA. Tufta er attgrodd med einer og lyng. S2: Tuft på 8 m x 4 m og 0,5 m høg. Tufta er oppmura med små og mellomstore steinar. Har inngang i søraustleg vegg. Tufta er attgrodd av mose, lyng og einer. S3: Tuft på 7 m x 5 m. Tufta ligg på naturleg berg og er attgrodd med einer og lyng inni. Bygd av små og mellomstore steinar, og har inngang vendt ut mot SA. S3 er knytt saman med S5, og det ligg ein steinhaug på ca 3 m x 3 m der S3 og S5 deler ein veggmur. S4: Er ei kvadratisk oppmuring på 1 m x 1 m x 30 cm. Den er bygd med små og mellomstore steinar. Oppmuringa er attgrodd med lyng og busker. 340


Oppmuring S4 mot N (foto #140)

Tuft S5 mot NV (foto #142)

Bakkemur S6 mot NV (foto #143)

Dreneringsgrøft S7 mot N (foto #144)

S5: Tuft på 5,5 m x 5 m og ca 1 m høg. Tufta er bygd på naturleg berg og oppmura av små og mellomstore steinar. Tufta ligg inntil S3. S5 er attgrodd av mose og lyng, og har ein inngang som vender ut mot SA. S6: Bakkemur på omlag 7 m og omlag 0,5-1 m høg. Muren ligg like ovanfor (NV for) S3 og S5 og gjerdar inn ei rydda flate som skrånar oppover i nordvest. S7: Dreneringsgrøft som ligg nord for S6. Det ser ut til at grøfta leier vatn vekk frå S3 og S5. Det er brukt mellomstor og stor stein, og avgrensinga er uklar. S8 (PS10): Dyrkings/kulturlag. Sjakta var 1 m x 70 cm x 1 m, og det var 5 lag. Det øvste lag 1 var eit torvlag på ca. 10 cm. Lag 2 er eit brunt kompakt jordlag med røter og kolspett. Det blei òg funne litt brent bein i lag 2. Lag 2 har dateringar frå 1520 til 1950 (P3, Beta 265616). Lag 3 er eit raudleg jordlag med ein del grus og nokre nevestore steinar. Dette laget har ein del kolspettar. Lag 3 er datert til 1270-1010 f. Kr. (P2, Beta 265615). Lag 4 er kollinsa med mindre steinar og røter. Laget er datert til 1280-1010 f. Kr. (P1, Beta 265614). Lag 5 var eit gråbrunt lag med kolspettar. Laget er datert til 3350-3020 f. Kr. (P4, Beta 265617).

341


S8 profil mot NNV (foto #150)

Solveig tek ut prøvar frå S8 (foto #152)

Teikning av profilen i PS10 (teikna av Solveig Roti Dahl, reinteikna av Oddhild Dokset) S8 PS10: 1) Torv 2) Brun kompakt jord med røter og kolspett 3) Raudleg kolspetta jord med ein del knyttnevestore steinar 4) Ei kollinse med ein del mindre steinar og røter 5) Mørk gråbrun jord med kolspett. Meir kolspett enn i dei andre laga. Meir grus og noko større steinar mot botnen av laget

342


OPPSUMMERANDE KOMMEN TARAR FOR FLORA

I Flora blei det registrert 10 lokalitetar. 3 har fått førreformatoriske dateringar og er automatisk freda, jamfør kml. Dette er R 130269, R 129196 og R 129191, som er høvesvis ei tidleg jordbruksbusetting, ein heller og ei tjøremile. Resterande lokalitetar er nyare tids kulturminne i form av steingardar, tufter, eit kvernhus og eit nedlagd gardsanlegg.

343


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.