Del_X_Bremanger

Page 1

DEL X: BREMANGER Tekst Solveig Roti Dahl (feltleiar) OMRÅDESKILDRING

I Bremanger byrjar traseen sør for Magnhildskartunnelen, går over fjellet, og kjem ned i Myklebustdalen. Over Magnhildskaret er det berrt fjell med fleire fiskevatn. Når ein kjem ned i Myklebustdalen er det svært omrota og prega av vegbygging og anleggsarbeid i sør. I Myklebustdalen er det eit smalt område mellom elva og steile fjell i vest, og det er her traseen skal gå. Terrenget er lettare kupert med ein del lyng og lauvskog. Det ligg òg ein del blokksteinar i området som går oppover mot fjellveggen. Like ved elva finn ein fleire tørre flater og myrområder. Traseen går på vestsida av vatna i Myklebustdalen, og kryssar riksveg 614 ved Slettebakken og går vidare aust-nordaustover mot Indrehus. Før traseen kryssar vegen går den gjennom eit plantefelt med tett granskog, og det held fram med bratt terreng og tett granskog fram til eit juv i Instevika. Traseen vekslar mellom å gå over berre fjell og tett granskog fram til Ingebrektshola, der det kjem eit lite område med blokkstein. Når ein kjem opp mot Risestølen flatar terrenget litt ut, og der er ein del myrområder. Linja skrår mot nordaust og går over Knoltrevatn og ned fjellsida mot Svelgen. Traseen går over Risevatn og opp den neste fjellsida. Traseen går til Storefossvatnet og skrår vidare mot nordaust over Vestrebotnen og over Rabbane. Terrenget her er kupert og lite oversiktleg med mykje skog og ein del blokkstein. Linja går vidare over Iverelva og opp mot Hjelmevatnet i bratt og skogkledd terreng. Traseen går litt opp i fjellsida nord for Hjelmevatnet og vidare langs Løkevatnet. Langs Hjelmevatnet og Løkevatnet vekslar linja på å gå i bratt skogkledd terreng og langs bratte berg. Traseen går austover, og går på sørsida av Fessevatnet der det er bratte berg. Linja går gjennom Førdedalen på sørsida av vatna i dalen. I Fremstemyra skal det liggje ein trafostasjon, og linja går vidare derifrå mot Førdspollen. Langs traseen i Førdedalen vekslar terrenget mellom myr, skog og store områder med rasstein. Traseen går langs fjorden ved Øykevika og skrår over vegen og går langs den bratte fjellsida forbi Åskåra kraftverk. Når linja kjem til Fureneset skrår den bratt oppover fjellsida mot Litlenakken og Dauremålsvatnet. Linja går austover langs nordsida på Dauremålsvatnet. Her vekslar terrenget mellom flatt og kupert, og det er lite lausmassar. Det veks ein del lyng og små bjørkebusker i området. Linja går sørover i nordenden av Nevreskorvatnet. Her er terrenget prega av bratte bergknausar og det er litt uoversiktleg. Linja skrår deretter bratt nedover i skogkledd lende like aust for Insteelva. Terrenget er fullt av bergknausar og blokkstein, og er lite oversiktleg.

345


Fiskevatn over Magnhildskartunnelen mot N (foto #14).

Hjelmevatnet mot SV (foto #43).

346


Oversiktskart over dei undersøkte områda i Bremanger. Sjå òg kartvedlegga bak.

GANGEN I ARBEIDET

Registreringane i Bremanger kommune vart gjennomført i perioden 4/6-15/6, 18-23/6 og 2526/6 av Oddhild Dokset og Solveig Roti Dahl og 14/8-4/9 av Anne Mette Haugen og Solveig Roti Dahl. Prosjektleiar Ingar Gundersen var med i 4 dagar. Det vart totalt sett nytta 64 dagsverk i felt og 5 dagsverk til rapportarbeid, totalt 69 dagsverk. Arbeidet i Bremanger kommune var enkelte gongar svært krevjande. Det er steile fjell i området, og fleire stader var det svært uoversiktleg. Særleg i områda frå Hjelmevatnet og ned til Fessene var det bratt og tidvis umogleg å gå langs traseen. Det var også svært bratt i området frå Yksneelvane mot Metteneset. Det blei brukt helikopter for å kome opp til Hjelmevatnet. Enkelte stader måtte det ein del omvegar til for å komme til traseen. Det var likevel fleire stader i Svelgen og Ålfoten der ein kom lett til traseen ved hjelp av gode skogsvegar.

347


Registrering i tett skog (foto #18)

TrasÊ i Førdsdalen mot S (foto #75)

348


REGISTRERINGA NE I BREMANGER

Gjennom denne undersøkinga registrerte vi 6 lokalitetar. Av desse er 5 nyare tids kulturminner, og ein lokalitet er eit lausfunn av eit økseemne frå eldre steinalder. Av dei nyare tids kulturminna er det to stølar og tre grensesteinar. K 130298 (STØLSAN LEGG , LOK 112, GBNR 38/1, 38/3,38/4, 38/ 5) Enkeltminnekategori Steingard Tuft

Mengd C14-datering 1 1

Mengd kolprøver 0 0

Terrengskildring og plassering Det går ein godt merka sti frå utkanten av Svelgen sentrum, nær skulen, opp til Risestølen. Stølen ligg vest for Vestre Knoltrevatn. Terrenget i nærleiken av stølen er relativt flatt med små kuperte områder. Det veks ein del lyng og lauvskog rundt stølen. Det er òg ein del myrområder i nærleiken. Langs Knoltrevatna er det ein del flater, og det er svært steinete der. Det blei grave prøvestikk langs Vestre Knoltrevatn, men dei var alle negative. Risestølen ligg eit lite stykke frå traseen og linja kjem derfor i indirekte konflikt med lokaliteten.

Risestølen mot Trollfjellet mot S (foto #29) Rydningsrøyser på Risestølen mot V (foto #31)

Skildring av lokaliteten Risestølen er ein støl med fleire ståande bygningar, nokre er restaurerte medan andre er i dårleg stand. Det ligg ei tuft midt på stølsområdet og restar av ein steingard aust på stølen. I sør og søraust er det rydda flater med enkelte gjerdestolpar rundt, men det var ikkje spor etter dyrkingslag. Vi gjekk over området med jordbor og tok prøvestikk for å sjå etter dyrking, men undersøkinga gav ikkje resultat. På sjølve stølsområdet var det rydda flater med ein del rydningsrøyser rundt. Strukturskildring S1: Restar av ein steingard. Den er omlag 20 m lang, 40 cm – 1 m brei og 1,5 m på det høgaste. Steingarden er orientert mot aust, og delar av den er attgrodd med einer og lyng. Den er truleg eit nyare tids kulturminne.

349


S1, Risestølen (foto #26)

S2, Risestølen (foto #33)

350


S2: Tuft på 5,50 m x 5,20 og omlag 1 m på det høgaste. Tre av veggane er synlege, men berre den mot aust har noko særleg høgde. Tufta er bygd slik at ho går inn i landskapet, som er litt brattare i vest. Tufta er mest sannsynleg frå nyare tid.

Kart over Risesetra

K 130224 (ANNAN TYPE LOKALITET , LOK 147, GNR 117 ) Enkeltminnekategori Grensestein

Mengd C14-datering 1

Mengd kolprøver 0

Terrengskildring og plassering Grensesteinen ligg nord for eksisterande traktorveg, og 10 m sør for Sagelva i Førdedalen. Området er skogkledd, og dominert av barskog og lyng. Det er mykje stor stein i området. Terrenget hellar mot vest og nord ned mot elva. Grensesteinen ligg utafor traseen, og linja og anleggsveg 154 kjem derfor i indirekte konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten K 130224 er ein ståande grensestein som ligg på ei flate omlag 10 m sør for Sagelva. Det er ein del lyngvekst og vått terreng på lokaliteten. Strukturskildring S1: Steinen er 35 cm høg, 39 cm brei og omlag 5 cm tjukk. Det er hogd inn ein kross på vestsida av steinen. Grensesteinen er eit nyare tids kulturminne.

351


S1 Grensestein (foto #73)

Kart over K 130224

352


K 130225 (ANNAN TYPE LOKALITET, LOK 148, GNR 117 ) Enkeltminnekategori Grensestein

Mengd C14-datering 1

Mengd kolprøver 0

Terrengskildring og plassering K 130225 ligg på sørsida av Sagelva i eit stort myrområde. Området er relativt flatt og det er litt barskog i områda rundt. Skildring av lokaliteten Lokaliteten ligg i området for planlagd trafostasjon i Førdsdalen. Grensesteinen ligg omlag 30 m sør for Sagelva. Tiltaket er i stor grad av konflikt med lokaliteten. Strukturskildring S1: Grensesteinen er trekantforma. Den er omlag 10-20 cm tjukk, 20 cm brei og 40 cm høg. Grensesteinen er truleg eit nyare tids kulturminne.

S1 Grensestein (foto #74)

Kart over K 130225

353


K 130226 (ANNAN TYPE LOKALITET, LOK 149, GNR 117 ) Enkeltminnekategori Grensestein

Mengd C14-datering 1

Mengd kolprøver 0

Terrengskildring og plassering K 130226 ligg på ei rydda flate ved traktorvegen som går opp Førdsdalen på nordsida av Sagelva. I områda langs vegen er det mykje lyng og granskog. Det er også svært fuktige områder. K 130226 ligg nær anleggsveg 225, som kjem i indirekte konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten Lokaliteten ligg på ei rydda flate 10 m nord for vegen. I nord er det granskog før det går nedover mot Sagelva, og i sør går traktorvegen. Strukturskildring S1: Grensestein som er 15 cm tjukk, 30 cm brei og 40 cm høg. Det er hogd inn ein kross på austsida av steinen. Grensesteinen er truleg eit nyare tids kulturminne.

S1 Grensestein (foto #77)

Kart over K 130226

354


K 130261 (STØLSANLEG G , LOK 150, GBNR 117/1 -3) Enkeltminnekategori Grensestein Tuft

Mengd C14-datering 2 1

Mengd kolprøver 0 0

Terrengskildring og plassering K 130261 Førdsstølen ligg eit stykke opp i Førdsdalen aust for Osvatnet. Stølen ligg i flatt lende på nordsida av Sagelva. Der er store rydda flater, men dei er svært fuktige. Det var ikkje spor etter dyrking. Rundt dei rydda flatene ligg det bar- og lauvskog i nord, og Sagelva ligg i sør. Skogsvegen går gjennom lokaliteten. Utbygginga kjem i stor grad av konflikt med kulturminnet, sidan anleggsveg 225 går gjennom lokaliteten. Skildring av lokaliteten Lokaliteten ligg på begge sider av skogsvegen som går oppover Førdsdalen. Det står ei ny hytte på sørsida av vegen, og på nordsida står to eldre bygningar. Det er rydda i området rundt bygningane, og det er ganske vått terreng. S1 og S2 ligg aust og nordaust for dei ståande bygningane på nordsida av vegen. S3 ligg på ei tørr flate litt høgare i terrenget enn dei ståande bygningane. Den ligg omlag 20 m NNV for ståande bygningar.

S1 Grensestein (foto #78)

S2 Grensestein (foto #79)

Førdsstølen (foto #81)

S3 (foto #80)

355


Strukturskildring S1: Trekanta grensestein som er 9 cm tjukk, 12-30 cm brei og 40 cm høg. Grensesteinen ligg ca. 10 m nord for vegen. Grensesteinen er truleg frå nyare tid. S2: Grensestein som er ca. 10 cm tjukk, 30 cm brei og 22 cm høg. Steinen står oppreist i ein tilnærma sirkelrund steinpakning som er overgrodd av mose. Steinen står omlag 15-20 m nord for vegen, og omtrent 10 m aust for ståande bygning. Ligg omlag 30 m vest for S1. Grensesteinen er truleg eit nyare tids kulturminne. S3: Tuft på 5,50 m x 4 m, 30-40 cm høg. Tufta er orientert aust-vest. Tufta er svært overgrodd og vanskeleg å sjå. Det er ikkje oppmuringar, men steinane ligg i ei ganske klar rektangulær form. Det er vanskeleg å seie noko om alder på tufta, men den er truleg frå nyare tid.

Kart over Førdssetra, K 130261

R 130400 (FUNNSTAD, LOK 151) Enkeltminnekategori Lausfunn (øks)

Mengd C14-datering 1

Mengd kolprøver 0

Terrengskildring og plassering Lokaliteten ligg på ein tursti som går opp til Hjelmevatnet. Det er skilta til Dolsen og Hjelmevatnet frå riksveg 614. Området ligg sør for Sørdalsvatnet og søraust for riksvegen. Landskapet er prega av steile fjell, flate myrområder og fleire vatn som ligg ganske tett. Frå funnstaden er det berre nokre få km i luftlinje til helleristingsfeltet i Vingen. Tiltaket kjem i liten grad av konflikt med funnstaden.

356


Skildring av lokaliteten Lokaliteten ligg på ein bergrygg, (omlag 450 m.o.h.), som går i NA-SV retning. I sør renn det ein foss, elles er det steilt fjell 200-300 m sør for lokaliteten. Mot N og NA hellar terrenget ned mot Dolsevatnet. Området er skrint med mykje myr og berg. Det er tynt jordsmonn enkelte stader. Der veks lyng og noko skog, hovudsakleg lauvskog. Øksa vart funne under ei synfaring i slutten av april 2009, og låg eksponert i stien. Området blei seinare undersøkt ved overflateregistrering, jordbor og prøvestikking, men det vart ikkje gjort fleire funn. Funnet syner likevel eit visst potensial for funn av steinalderbuplassar ved Hjelmevatnet. Funnskildring R 130400 er eit lausfunn som kan vere anten eit økseemne, eller ei mesolittisk øks som liknar Nøstvet-typen. Artefakten har ei sterkt forvitra overflate, noko som gjer det vanskeleg å sjå om den har vore slipt. Den ser ut til å vere intensjonelt tilvirka ved eggen og har eit trekanta tverrsnitt. Ein del slitasjespor er synlege på ryggen, men desse er truleg av nyare dato, og kan skuldast at gjenstanden har vore eksponert over lang tid på funnstaden. Materialet er vanskeleg å definere, men minner om lys gråleg sandstein. Overflata er ru og full av porar etter forvitring. Øksa/økseemnet er 14 cm lang, 4,5 cm brei og 3 cm høg (målt ved bakre del av eggen).

Økseemne/mesolittisk øks (foto #118)

Økseemne/mesolittisk øks (foto #119)

357


Dolsen, lok 151, sti mot Hjelmevatn (foto #105)

358


Utsikt frå Dolsen (foto #104)

Kart over funnstaden for mogleg øks/økseemne

359


OPPSUMMERANDE KOMMEN TARAR FOR BREMANGER

I Bremanger kommune registrerte vi 6 lokalitetar. 5 er nyare tids kulturminner i form av grensesteinar og stølar. R 130400 er eit lausfunn og lokaliteten er derfor ikkje freda. K 130225 ligg i området for planlagt trafostasjon, og utbygginga er derfor i stor grad i konflikt med lokaliteten. Anleggsveg 225 er i stor grad av konflikt med K 130261. K 130224, K 130226 og K 130298 ligg i litt avstand til trase og anleggsvegane og er derfor i indirekte konflikt. R 130400 ligg i god avstand til linja og er i liten grad av konflikt med utbygginga. I Bremanger var det fleire områder langs fjellvatn som vart vurderte til å ha potensiale for funn. Ved desse vatna blei det overflateregistrert og grave prøvestikk, (sjå kartvedlegg): Ved vatnet austsøraust for Grytevatnet på Myklebustfjellet. Langs vatna og elva i Myklebustdalen/Myklebuststølane. Ved Vestre Knoltrevatn. Ved Storefossvatnet. Ved Vestrebotnvatnet. Ved Hjelmevatnet. Det blei også gjort undersøkingar langs delar av Dauremålsvatnet og vatna i Førdedalen, men her var det stort sett ikkje terreng til å prøvestikke i. Den planlagde traseen ligg også i litt avstand til Dauremålsvatnet og Hjelmevatnet.

360


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.