DEL XI: EID Tekst: Solveig Roti Dahl (feltleiar) OMRÅDESKILDRING
Traseen kjem frå Ålfoten over Hundvikfjorden, og går oppover fjellsida kalla Uførene i Eid kommune. Kraftlinja går austover langs fjellrekka frå Veten mot Trollenykjen og vidare mot Nor. Ved Norsætra skrår linja bratt nedover og kryssar riksveg 15 ved byrjinga av Hornindalsvatnet. Linja går gjennom eit område med eit sandtak, og kryssar heilt aust i Eidselva. Linja går over Vedvika gard og opp ei bratt fjellside. Kraftlinja går nordover til Stigedalen, kryssar E39 og går på vestsida av vegen til linja igjen kryssar E39 ved Nestedalsflåa. Her skrår linja meir mot nordaust og held fram nordaust i Stigedalen forbi Movatnet fram til grensa i Møre og Romsdal. Landskapet er variert med ein del bratte fjellskrentar og kupert terreng. Der er fleire større myrområder og fjellområder som er relativt flate og oversiktlege å registrere i. Det er stort sett lite vegetasjon, og store delar av linja går over tregrensa. I enkelte små områder er det tettare vegetasjon, både granskog og lauvskog. Kraftlinja skal også gå gjennom eit område der det er fleire støylar. Det er mykje berg og myrlandskap ved desse støylane.
Oversiktskart over traseen i Eid. Sjå òg kartvedlegga bak.
361
GANGEN I ARBEIDET
Registreringane i Eid kommune vart gjennomførte i perioden 20/7-13/8-09. Arbeidet blei utført av Oddhild Dokset og Solveig Roti Dahl frå 20/7 til og med 7/8, og av Anne Mette Haugen og Solveig Roti Dahl frå 10/8 til og med 13/8. Det vart totalt sett nytta 38 dagsverk i felt og 13 dagsverk til rapportarbeid, totalt 51 dagsverk. Feltarbeidet i Eid kommune gjekk veldig greitt. Langs fjellrekka som går frå Hundvikefjellet til Norsætra er det mange gode stiar opp på fjellet, så sjølv om det til tider tok litt tid å komme til traseen var det lett å komme til. I enkelte områder som i Uførene, i Vedvika, og ved Nestedalsflåa var det ikkje mogleg å gå heile traseen på grunn av bratte, steile fjell. Området er like fullt godt granska, fordi ein har delvis kome til frå andre sider og fått ei oversikt over områda. Enkelte stader i Stigedalen måtte vi gå litt omvegar for å kome til traseen. REGISTRERINGA NE I EID
I Eid kommune registrerte vi 22 lokalitetar. Av desse er 21 nyare tids kulturminner i form av tufter, steingardar og støylar. Ein lokalitet har fått førreformatoriske dateringar. Dette er R 130134, og er automatisk freda jamfør kml § 4 og 6. Det er registrert 10 støylar i samband med denne undersøkinga. Det er òg registrert tufter, steingardar og grensemarkørar. R 130134 er eit seteranlegg med rydningsrøyser, ei tuft, ei tjøremile og ein mogleg eldstad med dateringar frå vikingtid og middelalder. K 130170 er eit mogleg kleberbrot. Ein kjenner til ulike steinbrot heilt tilbake til steinalder og fram til i dag. Kleber er ein mjuk steintype som til dømes blei brukt til å lage gryter av. Kleber har vore i bruk i Noreg frå sein bronsealder, og var vanleg gjenstandsmateriale i jernalderen og middelalderen (Østmo og Hedeager 2005:16). Kleberstein har også vore nytta i nyare tid. Ved denne lokaliteten ser ein ikkje spor etter førreformatorisk bruk, og lokaliteten er derfor ikkje freda. K 130107 er ei stor rasblokk der folk over tid har hogge inn initialar og bumerke. Lokaliteten har stor lokalhistorisk verdi. K 130091 (SETERANLEGG , LOK 125, GBNR 16/ 1) Enkeltminnekategori Tuft
Tal 3
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering i landskapet Lokaliteten, K 130091, ligg like aust for vegen som går over Hundvikefjellet, og like nord langs anleggsveg 152. Terrenget er kupert og det ligg ein del naturleg berg i området. Støylen hellar litt nedover mot nord. Søraust for lokaliteten ligg det eit myrområde, medan terrenget er prega av skog og fjell i dei andre retningane. Lokaliteten blir avgrensa av topografien. Skildring av lokaliteten K 130091 er ein støl med to ståande bygningar og 3 tufter. Dei ståande bygningane ligg i hellinga mot nord, medan dei tre tuftene ligg sør-søraust på stølen. Tuftene er overgrodde av
362
gras og lyng, og berre ei av tuftene er godt synleg. Alle tuftene er bygd på naturleg berg, som har blitt ein del av oppmuringa. Det er truleg at tuftene er frå nyare tid. Vi gjekk over lokaliteten med stikkbor, men fann ingen bra stad for prøvestikking. Det var ujamnt terreng og blautt i enkelte områder. Det var også ein del berg på stølen. Tiltaket er i stor grad av konflikt med lokaliteten.
Kart over K 130091
Strukturskildring S1: Tuft 4,70 m x 7,90 m og 55 cm høg. Naturleg berg brukt som del av oppmuring. S2: Tuft 6,80 m x 4,50 m og 30 cm høg. Usikker lengd, vanskeleg å avgrense på grunn av attgroing. Det er brukt naturleg berg som del av oppmuring. S3: Tuft 4,20 m x 6 m. Tufta er svært overgrodd og vanskeleg å sjå. Naturleg berg brukt som del av mur.
363
Hanshjellen S1 tuft mot V (foto #8)
Hanshjellen S2 tuft mot N (foto #10)
S3 (foto #11)
K 130093 (SETERANLEG G , LOK 126, GBNR 139/1) Enkeltminnekategori Tuft
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering i landskapet Dalsætra ligg i kupert terreng bak ein fjellknaus sør for Eggene. Det går ein veldig synleg sti frå Ossætra til Dalssætra. Terrenget er relativt flatt, men hellar litt nedover i sørvest. Det er
364
ein del naturleg berg synleg i terrenget, og hovudsakleg myr og lyngkledde områder rundt lokaliteten. Skildring av lokaliteten K130093 har fire ståande bygningar, ein halvvegs nedrasa bygning og ei tuft. Bygningane vender seg mot sør-sørvest. På sjølve stølen ligg bygningane lengst mot nord med fjellknausen rett bak. Frå bygningane heller eit graskledd område nedover mot sør-sørvest. Sela er vedlikehaldne og langs enkelte av veggane ser det ut til at det er steinleggingar, slik at dei nye sela er bygd delvis over det som kan vere eldre tufter. Tiltaket er i liten grad av konflikt med K130093. Strukturskildring S1: Tuft 5,90 m x 6,35 m og 1,5 m høg. Oppmuringa syner godt, og det er grodd att med gras og busker inne i tufta.
Dalsætra S1 tuft mot V (foto #14)
365
Kart over K 130093, Dalsetra
K 130168 (SETERANLEG G , LOK 127, GBNR 11/ 2)
Terrengskildring og lokalisering i landskapet K 130168 ligg like nordvest for Osvatnet. Det er bratt å kome seg opp, men det går ein fin sti frå Osvika. Terrenget er flatt og prega av lyngvekst på nordsida av vatnet. I vest skrånar det litt oppover, og i sør og aust går det brattare oppover mot litt høgare fjell. Det går alt ei kraftlinje på nordsida av vatnet, og området nordaust er synleg påverka av dette. På sjølve stølsområdet er det mykje berg opp i dagen og lite lausmassar.
Ossætra mot SV (foto #21)
366
Skildring av lokaliteten K 130168 har 7 ståande bygningar i god stand. Sela ligg hovudsakleg på bergnabbar, men i den vestlege enden av vatnet er det litt meir skog og lyng rundt sela. Området med bygningar er stort sett flatt, og bygningane ligg plasserte nær vasskanten. Tiltaket er i liten grad av konflikt med K 130168.
Utsikt over Ossetra mot SV (foto #23)
Kart over K 130168, Ossetra
367
K 130097 (SETERANLEG G , LOK 128,GBNR 10/4 ) Enkeltminnekategori Tuft Bogestille
Tal 6 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0 0
Terrengskildring og lokalisering i landskapet Det går ein merka turiststi opp til stølen frå garden Rotihaug og ein frå garden Skipenes. Stølen ligg på eit platå dekka av gras og lyngvekst. Sør på støylen ligg det ein del store lause steinar i terrenget. I søraust ligg eit lite myrområde. I søraust går det bratt oppover mot Trollenykjen. Skildring av lokaliteten K 130097 har eit ståande sel, 6 tufter og ei oppmurt hole. Når ein kjem opp stien til setra ligg det ei tuft på høgre side, og nokre meter lenger sør på stien ligg to tufter og den oppmurte hola på venstre side av stien. Det ståande selet ligg vest på setra og avgrensar lokaliteten i vest. Det ligg ei tuft nokre meter søraust for det ståande selet. Eit stykke aust for tuftene, som ligg langs stien, ligg det to tufter som avgrensar lokaliteten i aust. I ein del av tuftene er det brukt store naturlege steinar i muren. Tuftene er truleg frå nyare tid. Tiltaket er i indirekte konflikt med K 130097. Strukturskildring S1: tuft 3,50 m x 3 m. Det ligg berre steinar nedst langs bakken i rektangulær form. Tufta er synleg fordi det er lite vegetasjon i området. S2: tuft 7 m x 4,20 m, varierande høgde, men som oftast 1 m høg. Tufta er godt synleg, det er brukt svært store steinar i delar av tufta.
Skipenessætra S1 tuft mot A (foto #24)
Skipenessætra S2 tuft mot N (foto #25)
S3: tuft 7,40 m x 5,50 m og ca 1-1,5 m høg. Tufta er attgrodd av einer og lyng. Det er brukt svært store steinar/naturleg berg i muren på tufta. S4: tuft 6 m x 5 m og 1-1,5 m høg. Tufta ligg like ved S3. Det er brukt både stor og mellomstor stein. Mykje lyng og einer veks i og rundt tufta.
368
Skipenessætra tuft S3 mot A (foto #29)
Skipenessætra tuft S4 mot NNA (foto #27)
Skipenessætra S5 mot S (foto #28)
Skipenessætra S6 mot SA (foto #31)
S5: hole som er ca. 0,5 m høg og ganske smal. Den ligg i samanheng med muren på S3. Hola var brukt som gøymestad då dei skulle skyte bjørn. Lokal munnleg tradisjon. S6: tuft 9,60m x 4,70m og ca 50 cm høg. Tufta ligg litt aust for dei andre, og er svært attgrodd av einer og lyng. Berre eine hjørnet syner godt, og det er vanskeleg å avgrense tufta i sør på grunn av attroing. Det er brukt mellomstor stein. S7: tuft 2,5m x 2,5m og 40 cm høg. Tufta er svært lita og overgrodd med lyng og einer. Ligg like aust for S6 og avgrensar lokaliteten.
369
SkipenessĂŚtra S7 mot SA (foto #30)
Kart over K 130097, SkipenessĂŚtra
370
K 130101 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 129, GBNR 9/1) Enkeltminnekategori Steingard
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering i landskapet K 130101 er ein steingard som ligg rundt eit rydda/dyrka beiteområde på garden Rotihaug. Det er ei stor flate med skog i sør og E39 i nord. Det går slakt oppover i sør. Skildring av lokaliteten K 130101 er ein ruskete steingard som går delvis rundt eit beiteområde. Steingarden går nesten i rektangel, men mur i nord og delvis i nordvest manglar. Steingarden er rasa saman fleire stader, og ser ut til å vere frå nyare tid. Tiltaket er i indirekte konflikt med lokaliteten. Strukturskildring S1: steingard som er alt frå 20 cm til 1 m høg. Lengda er ca 60-80 m lang, rektangulær form. Det er hovudsakleg brukt mellomstore steinar.
Rotihaug S1 steingard mot A (foto #32)
371
Kart over K 130101
K 130103 (BUSETTING/AKTIV ITETSOMRÅDE, LOK 130 ,GBNR 9/1) Enkeltminnekategori Løe
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering i landskapet K130103 ligg heilt sør ved anleggsveg 147 på garden Rotihaug. Det er dyrka mark som hellar nedover mot E39 i nord og nordaust. I sør er det granskog og terrenget hellar oppover mot fjellsida. Skildring av lokaliteten Lokaliteten er ei ståande uteløe som ligg øvst ved anleggsveg 147. Den er i svært god stand. Lokaliteten ligg like ved anleggsveg, som er i liten grad av konflikt med kulturminnet. Strukturskildring S1: Løe på 5 m x 10 m. Oppmuring av stor firkanta stein som truleg er moderne brotstein.
372
Rotihaug S1 mot V (foto #33)
Kart over K 130103
373
K 130104 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 131, GBNR 11/2) Enkeltminnekategori Løe Steingard
Tal 1 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0 0
Terrengskildring og plassering i landskapet K 130104 ligg i enden av anleggsveg 148 sør for Osvika. I nord, aust og vest er det dyrka mark, medan i sør er det skog og terrenget skrår oppover mot fjellet. Mot nord skrår terrenget nedover, medan i aust og vest er det nesten eit smalt platå. Skildring av lokaliteten Lokaliteten er ei uteløe og ein steingard som ligg på flata mellom den dyrka marka i nord og skogsgrensa i sør. Uteløa ligg i sørvestlege enden av lokaliteten, og steingarden går frå uteløa mot aust. Lokaliteten ligg like ved en anleggsveg, som kjem i stor grad av konflikt med kulturminnet. Strukturskildring S1: Uteløe 5 m x 3 m. Den er i dårleg stand. S2: Steingard som er synleg enkelte stader men den er attgrodd og nedrasa fleire stader. Vanskeleg å avgrense, skogvekst har øydelagt delar av den.
Kart over K 130104
374
Os steingard S2 mot SA (foto #35)
Os , uteløe S1 mot V (foto #34)
K 130106 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 132, GBNR 8/9 ) Enkeltminnekategori Steingard
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering i landskapet K 130106 ligg sør i Bjørlovatnet og er grense mellom gbnr 7/1 Bjørlo, 8/9 Roti og 6/1 Nornes. Lokaliteten ligg sørvest i Bjørlovatnet og strekkjer seg vestover opp mot fjellsida. Området er prega av myrområder vest og nordvest for Bjørlovatnet der det er litt flatare. I sørvest og vest skrår det oppover i myrlendt terreng, og i sør er det bratt fjell. Mot aust hellar terrenget litt oppover, og det er vått og prega av ei elv som renn gjennom området. Skildring av lokaliteten K 130106 er ein steingard, kalla Rotigarden, som strekkjer seg frå vatnet og opp mot fjellsida i vest. Ca. 10-20 m nord for steingarden går ei rad med grensesteinar i myra. Steinane går i same lengderetning som steingarden, men rada er ikkje like lang som steingarden. Det er også plassert ein grensestein like nord for steingarden med kross på austsida av steinen. Myra nord for lokaliteten er jernhaldig, men ein fann ikkje spor etter jernutvinning. Steingarden og alle dei ulike grensesteinane viser grensene til ulike teigblandingar i området. Traseen kjem i direkte konflikt med K 130106. Strukturskildring S1: Steingard som er godt synleg, den er alt frå 40 cm til 1 m høg. Steingarden er orientert mot sørvest. Det er brukt stein i fleire storleikar i muren. Lengda er målt inn med GPS.
375
Kart over K 130106
Bjørlovatnet mot N (foto #37)
Rotigarden S1 mot SA (foto #39)
Rotigarden mot SV (foto #42)
Grensestein ved Rotigarden mot VS (foto #43)
376
K 130107 (MERKESTEIN , LOK 133, GBNR 6/1) Enkeltminnekategori Risting
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering i landskapet Lokaliteten ligg sør for Bjørlovatnet. I området ligg ein del lause rassteinar, og det er litt vått og myrlendt terreng. Frå vatnet skrår det litt oppover, men det flatar ut eit lite stykke i sør før ein kjem til brattare fjellveggar. Skildring av lokaliteten K 130107 er ein stor stein som har rasa frå fjellet i sør og ligg nokre meter ovanfor sørenden av Bjørlovatnet. Det er rissa inn initialar og bumerke i steinen. Det er hovudsakleg innrissingar frå 1800-talet og 1900-talet. Traseen kjem i indirekte konflikt med lokaliteten. Strukturskildring S1: Stein som er 5-7 m brei og 10-15 m høg. Det er innrissingar over heile steinen.
Over: Utsnitt K 130107 mot S (foto #49)
Til venstre: K 130107 mot S (foto #47)
377
K 130108 (ANNAN TYPE LOKALITET, LOK 134, GBNR 6/ 1) Enkeltminnekategori Grensestein
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering av lokalitet K 130108 ligg i området mellom Lotsskaret og Reset søraust for Bjørlovatnet. Det er eit søkk mellom ei mindre fjellrekke i nord og større, høgare fjell i sør. Området vekslar mellom myr og skogområder med masse lyng. Det er hovudsakleg lauvskog i området. Skildring av lokaliteten Oppmuringa ligg i område med lyng og lauvskog. Det hellar svakt nedover i aust. Traseen kjem i direkte konflikt med K 130108. Strukturskildring S1: Oppmuring på 0,5-1 m, kvadratisk form. Murt opp av mest små og noko mellomstor stein.
378
Grensemarkør K 130108 mot V (foto #52)
Kart over K 130108
379
K 130109 (SETERANLEG G , LOK 135,GBNR 4/5) Enkeltminnekategori Kolgrop
Tal 1
C14-datering Tal på kolprøver 1680-1740, 1800-1940, 1950-1960 e.Kr. (Beta 1 264469)
Terrengskildring og plassering av lokalitet K 130109, Norsætra, er omringa av store flate myrområder i sør, vest og aust. Sjølve setra ligg på eit flatt område der det skrånar nedover i nord og hellar litt ned i aust. Sør for setra går det slakt oppover til ein støyter på relativt bratte fjellsider. Det er enkelte stader med små samlingar av barskog. Det er fleire skogsvegar som leier til stien opp til sætra.
Kart over K 130109
Skildring av lokaliteten Norsætra har tre ståande bygningar, eit nytt sel, ein eldre låve og eit eldre sel. Det nye selet avgrensar lokaliteten i sørvest og låven avgrensar i aust. Det er ganske flatt på seterområdet, men i nord skrår det nedover. Det ligg eit rydda område på eit platå nord for ståande sel, før det skrår nedover fjellsida. Det er fleire grensesteinar og gjerder som omkransar området. I sør er det ei elv som avgrensar lokaliteten. Seterområdet er dekka av gras, lyngvekst og ein del einer. Området blei gjennomgått med jordbor og spade men ein fann berre ei kolgrop. Kolgropa ligg midt på den rydda flata på setra sørvest for låven. Det blei teke to prøvestikk i gropa, eit midt i og eit i vollen. Tiltaket kjem i indirekte konflikt med K 130109.
380
Strukturskildring S1: hesteskoforma kolgrop. Ytre mål 4,20 x 2,50 m og indre mål 2,70 x 2,50 m. Den er 25 cm djup. Kolgropa syner seg som ei lita grop i bakken, med vollar rundt og ei opning i sør. Vollane er overgrodd av lyng. Det er ikkje helling i opninga i sør, og det går flatt utover i saman med terrenget. Det ser ut til at forma i botnen av kolgropa er flat. Kollaga går som beine renner i profilen. Vollane er ca. 25 cm høge. Det er også ei kolrand i prøvestikket i vollen (sjå bilete). Øvste lag var skogsbotn og lys brun jord. Laget under var raudleg fin sand, og under dette kom kolranda. Nedste lag var grå silt/sand.
Norsætra mot SV (foto #56)
Profil Ps 1 K 130109 mot SSV (foto #60)
Over: Profil Ps 2 K 130109 mot NV (foto #62)
Til venstre: Teikning av lok 135 PS 1 profil (teikna av Oddhild Dokset) Lok 135, Ps1 1) Torv 2) Kollinse. 3) Sandlinse, fin gulbrun sand. 4) Kollinse med nokre små stein, mogleg skjørbrente. 5) Undergrunn, brun sand og stein.
Det blei teke ut ei kolprøve frå lag 4, som er eit svært kolhaldig lag med nokre små steinar som kan vere skjørbrente. Det var òg nokre mindre brende kol-/trebitar i laget. Dateringane viste seg å vere frå nyare tid, og syner bruk i periodar frå 1680-1960. Det er ikkje vanleg med
381
etterreformatoriske kolgroper. Dateringane viser bruk i etterreformatorisk tid, og det kan vere mogleg at dette berre er ei grop der dei har brent boss eller liknande. K 130110 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 136,GBNR 4/5) Enkeltminnekategori Tuft
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprover 0
Terrengskildring og plassering i lanskapet Lokaliteten ligg i eit myrområde nordaust for Norsætra. Området er stort sett flatt, men skrånar oppover mot Norsætra i vest, og det er brattare fjell i sør. Det er enkelte små skogsområder med barskog. Skildring av lokaliteten K 130110 er ei tuft som ligg sør i eit flatt myrområde. Terrenget bak tufta skrånar forsiktig oppover, så tufta er såleis bygd inn i landskapet i sørveggen. Tufta er overgrodd med lyng, og det ligg bygningstømmer i og rundt tufta. Stakk med jordbor for å prøve å finne kol, men ingenting dukka opp. Tufta kan nok knyttast til Norsætra i og med at den ligg så nær. Tufta er truleg frå nyare tid. Tiltaket kjem i direkte konflikt med K 130110. Strukturskildring S1: Tuft 5,0 m x 4,50 m og ca 60 cm høg.
K 130110 tuft S1 mot SA (foto #67)
382
Kart over K 130110
K 130111 (BÅTSTØ -ANLEGG , LOK 137, GBN R 57/1) Enkeltminnekategori Steingard Naust
Tal 1 2
C14-datering
Tal på kolprøver 0 0
Terrengskildring og plassering i landskapet Lokaliteten ligg eit gardsområde som ligg i Vedvika, i ei vik heilt vest i Hornindalsvatnet. På utstikkaren som ligg ut i Hornindalsvatnet går det bratt opp i frå vatnet med mykje lyng og granskog. Rett nord for fjellknausen ligg det dyrka mark og dette strekkjer seg langs vika bort til bilvegen. Rett nord for vegen kjem det eit steilt fjell kalla Nakken. Skildring av lokaliteten K 130111 er ein steingard og to naust. Nausta ligg inne i Vedvika like ved bilveg. Nord for nausta etter vegen er det steil fjellvegg. Nausta er i dårleg stand. Steingarden ligg inne i vika sørvest for nausta. Steingarden går frå dyrka mark og ut i vatnet, og er svært overgrodd med høgt gras. Steingard og naust er frå nyare tid. Tiltaket kjem i direkte konflikt med K 130111. Strukturskildring S1: Steingard orientert mot aust. Den er omlag 7 m og går ut i vatnet. S2: Naust i dårleg stand. Det er eit grindbygg og ligg orientert mot sørvest S3: Naust i dårleg stand. Det er eit grindbygg og ligg orientert mot sørvest.
383
Vedvika K 130111 S1 mot SV (foto #80)
Vedvika S2 og S3 mot NNA (foto #83)
Kart over K 130111
K 130112 (SETERANLEGG , L OK 138, GBNR 57/1) Enkeltminnekategori Tuft
Tal 2
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og lokalisering i landskapet Lokaliteten ligg VNV for Vedviknibba. Det er mykje tett granskog i sør, aust og vest. Mot nord ligg det ein del rasstein og det er ulendt terreng. Det går ein sti frå traktorvegen ved Leivdalsmona, som held fram ut i Stigedalen, og ein kjem ikkje til lokaliteten om ein ikkje tek av stien og går opp i skogen.
384
Skildring av lokaliteten K 130112 , Vedviksætra, har to ståande bygningar og to tufter. Setra har ingen synleg sti og ligg i skrånande terreng. Det er mykje gras og myrlendt terreng på setra. Dei ståande bygningane ligg søraust på lokaliteten og den eine tufta ligg nordvest for ståande bygg like over myrlendt terreng som flatar ut i nordvest. Tuft S2 ligg eit lite stykke sørvest for dei andre bygningane på setra og har kanskje fungert som eit sommarfjøs. K 130112 ligg inntil anleggsveg 141, som kjem i stor grad av konflikt med lokaliteten. Strukturskildring S1: tuft 5,50 m x 4,50 m og 1 m høg. Tufta er overgrodd av busker, gras og lyng. Det ligg tømmer i og rundt tufta. S2: samanrasa bygning 3,50 m x 2,50 m og 2,0 m høg. Det er eit grindbygg med to langveggar der det er rissa inn initialar og årstal i veggane.
Vedviksætra S1 mot SA (foto #87)
Vedviksætra S2 mot SA (foto #90)
Vedviksætra S2 mot V (foto #91)
385
Kart over K 130112
K 130123 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 139, GBNR 57/1) Enkeltminnekategori Steingard
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprover 0
Terrengskildring og plassering i landskap Lokaliteten ligg i Leivdalsmona langs anleggsveg 142. I nord og sør ligg det store dyrka jordbruksflater. Vegen ligg på nordsida til steingarden. Skildring av lokaliteten Steingarden, K 130123 går frå ei ny fjøsbygning i aust og til bilveg i vest langs dyrka mark. Det er ei opning på 10 m midt i steingarden, men det går her eit moderne gjerde. Steingarden er frå nyare tid. K 130123 ligg ved en anleggsveg, som kjem i stor grad av konflikt med lokaliteten. Strukturskildring S1: Steingarden er bygd av små og mellomstore steinar. Den er 40 cm brei og ca 1-1,5 m høg.
386
Leivdalsmona K 130123 S1 mot A (foto #88)
Kart over K 130123
387
K 130125 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 140, GBNR 4/5) Enkeltminnekategori Steingard
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprover 0
Terrengskildring og plassering i landskapet Lokaliteten ligg eit stykke inne på garden Nor, der ein av skogsvegane opp til Norsætra byrjar. K 130125 ligg langs anleggsveg 144. Sør for lokaliteten er det skogsområde som skrår oppover. I nord er det dyrka mark. Skildring av lokaliteten K 130125 ligg langs anleggsveg 144, og ser ut som grensa mellom skog og dyrka mark. Det er skogsvegar som går i fleire retningar i området. Lokaliteten ligg langs anleggsveg, men går mot aust, og anleggsvegen som skal brukast går oppover mot sør. Det er likevel fare for stor grad av konflikt med ei utbetring av anleggsvegen. Strukturskildring S1: Steingarden er bygd med mellomstor stein og er orientert aust/vest.
Nor K 130125 S1 mot A (foto #89)
388
Kart over K 130125
K 130130 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LOK 141, GBNR 56/3) Enkeltminnekategori Tuft
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprover 0
Terrengskildring og plassering i landskapet Lokaliteten ligg i området Djupedalen som går langs riksveg 15. Langs vegen går ei elv frå Storesætervatnet til Alflotvatnet, området ligg i sørenden av Alflotvatnet. Området er delvis dekka av myr, lauvskog og lyng. Terrenget er svært flatt, men i aust kjem det steile fjellet Nestedalsflåa og det er vanskeleg å komme seg opp der. Det går ein sti som er einaste veg opp på fjellet. Skildring av lokaliteten K 130130 ligg på flate søraust for Alflotvatnet med ein del myr i vest. Det skrånar slakt oppover i aust til ein kjem til bratt fjellvegg. Tufta er truleg frå nyare tid. Tufta ligg midt i traseen, som kjem i direkte konflikt med kulturminnet. Strukturskildring S1: Tufta er svært samanrasa og det er vanskeleg å sjå forma. Lafta tømmer ligg i og rundt tufta.
389
K 130130 S1 tuft i Djupedalen mot V (foto #93)
Kart over K 130130
390
R 130134 (SETERANLEG G , LOK 142, GBNR 97/2) Enkeltminnekategori Tuft Rydningsrøys Tjøremile Mogleg eldstad/kokegrop
Tal 1 6 1 1
C14-datering
1280-1400 e. Kr. (Beta 264471) 720-740, 770-790 e. Kr. (Beta 264470)
Tal på kolprover 0 0 1 1
Terrengskildring og plassering av lokaliteten Ein må køyre opp til garden Ytre Torheim og vidare opp traktorveg/anleggsveg 152A. Det er eit bratt område og det pregar heile området på denne sida av Hundvikfjellet. Sjølv om det er bratt er det ein del sol her og det er eit gunstig klima for til dømes frukttre. Oppover langs anleggsvegen flatar det ut på begge sider av vegen og det er her lokaliteten er plassert. Det er delvis rydda områder, myrterreng og ein del granskog.
Kart over R 130134
Skildring av lokaliteten R 130134 er automatisk freda, og Vårsætra har fleire typar kulturminner. Vårsætra ligg like ved anleggsveg 152A. Lengst nordvest på lokaliteten i ei skråning oppover ligg ei tuft i god stand. I sørvest, sør og søraust for tufta ligg det fleire rydningsrøyser. Det er ein del grasvekst i området. Vest for lokaliteten ligg det dyrka mark. Grunneigar fortel at då dei dyrka opp området etter 2. verdskrig, fann dei spor etter ein eldstad i det dyrka området. I sør og søraust på lokaliteten ligg det myrterreng. Tjøremila ligg like nord for myrområdet i graskledt terreng, der det hellar litt nedover. Lokaliteten blir avgrensa av skog i nord og nordaust, vegen i sør og eit gjerde mot den dyrka marka i vest. Gjekk over området med jordbor og grov ein del prøvestikk. 391
Lokaliteten ligg ved en anleggsveg, som kjem i indirekte konflikt med kulturminnet. Strukturskildring S1: Tuft 8,40 m x 6,30 m og er ca 3 m høg. Det er ein del gras og lyng inne i tufta. Den er i god stand med kraftige murar. Det ligg ein del treverk inne i tufta.
Vårsætra R 130134 S1 tuft mot NV (foto #98)
Vårsætra R 130134 S6 rydningsrøys mot V (foto #99)
392
S2: Rydningsrøys med mellomstor stein. Overgrodd av lyng og gras. S3: Rydningsrøys med små og mellomstor stein. Den er svært stor, det kan sjå ut som to rydningsrøyser går i kvarandre. S4: Rydningsrøys av små og mellomstor stein. Dekka av mose og gras. S5: Rydningsrøys av små og mellomstor stein. S6: Rydningsrøys av mellomstor og små stein. Gror gras og lyng over. S7: Rydningsrøys av mellomstor og små stein. Mose og gras på røysa. S8: Byrja som prøvestikk og blei utvida då ein fann kollag og brent stein. Blei ei sjakt på 70 cm x 125 cm x 35 cm. Grov ned til undergrunn SSA i profil. Det var framleis ikkje mogleg å få ei avgrensing, eller å finne ut om det var ei nedgraving. Det blei grave prøvestikk 4,5 m vest for og 1 m aust for S8, men ein fann ikkje att kollaget i dei stikka. Det kan vere ei kokegrop eller ein eldstad. I S8 blei det funne eit keramikkskår. Det er svakt kurva med fin magring og glasur på ei side. Skåret er tynt, men den svake kurvinga indikerer at karet har vore relativt stort. Yttersida er svartbrend og har noko ru overflate. Innsida av skåret er dekka av eit tynt lag glasur med olivengrønt skjær. Den svarte utsida og glaserte innsida tyder på at dette kan vere eit kokekar, mogleg ei ”trefotsgryte” (Petterson 2008:16). Glasering på innsida blir fyrst vanleg på 1400talet. Det er ikkje mogleg å kategorisere funnet nærare med eit so lite fragment, men det er truleg frå 1400-1600-talet. Skåret er 4,3 cm langt, 2,1 cm breitt og 4 mm tjukt.
Profilteikning av S8 (teikna av Oddhild Dokset)
Lok 142 S8 Ps 1 1) Torv. 2) Svært kolhaldig jord med noko stein. 3) Brunoransje sand med noko stein.
393
Det blei teke ut ei kolprøve frå lag 3, laget var svært kolhaldig og hadde ein del brent stein i seg. Dateringa på laget er 720-740 e. Kr. og 770-970 e. Kr. Ein har fått to svært ulike dateringar på denne strukturen, C14 og keramikk. Den er vanskeleg å tolke, men truleg er det ein eldstad frå vikingtid. Dateringane syner at området har vore i bruk i lang tid. Det har vore mykje aktivitet og det er derfor sannsynleg at keramikkskåret har kome ned i eldstaden på grunn av omroting i området.
Keramikkskår innside (foto #133)
Keramikkskår utside (foto #134)
R 130134 S8 profil mot SSA (foto #102)
S9: Rydningsrøys av små og mellomstor stein. Den er overgrodd av lyng, mose og små busker.
394
S10: Tjøremile som er hesteskoforma. Ytre diameter; 13,20 m x 14 m. Indre diameter 8 m x 9 m. Den er 1 m djup. Vollane er mellom 0,5-1 m høge. Tjøremila er godt synleg i terrenget, og både sjølve mila og vollane er dekte av gras. Det er einebusker i den sør-søraustlege enden av tjøremila. Mila er nesten flat i SSA. Kolprøva blei teken ut frå eit prøvestikk midt i tjøremila. Det var to lag i prøvestikket, lag 1 er eit kolhaldig lag og lag 2 er raudbrun undergrunn med kolspettar og grus. Prøven blei teken ut frå lag 1. Massen var eit tjukt kolhaldig lag utan stein og svært lite grus. Kolprøva er teken ut i profilveggen på prøvestikket og er frå ein sikker kontekst. Dateringa frå lag 2 blei 1280-1400 e. Kr. og tjøremila er derfor automatisk freda.
Vårsætra R 130134 S10 profil mot N (foto #103)
Profilteikning av prøvestikk i S10 (teikna av Oddhild Dokset) Lok 142 S10 Ps 2 1) Svart kolhaldig lag. 2) Raudbrun undergrunn med kolspettar , små stein og grus.
Tjøremile R130134 S10 mot NV (foto #106)
Tjøremile R 130134 S10 mot A (foto #107)
Oddhild er målestokk i tjøremila R130134 S10, mot NV (foto #109)
395
K 130139 (SETERANLEG G , LOK 143, GBNR 97/ 3) Enkeltminnekategori Steingard Tuft
Tal 1 1
C14-datering
Tal på kolprover 0 0
Terrengskildring og lokalisering i landskapet Lokaliteten ligg like sør på sida av anleggsveg 152A på Ytre Torheim. Lokaliteten ligg på ei flate med ein del naturleg berg oppe i dagen, det er litt gras- og lyngkledd rundt. Det er granskog, og det skrånar oppover i sørvest, sør og søraust.
Kart over K 130139
Skildring av lokaliteten K 130139 er ei samanrasa tuft og ein steingard som ligg på eit lite seterområde. Det er mykje berg og lite lausmassar. Det er ein ståande bygning vest i lokaliteten. Frå den ståande bygningen går steingarden mot vest ned til ei lita elv. Lokaliteten blir naturleg avgrensa av topografien, skog, elv og veg. K 130139 ligg ved anleggsveg, som kjem i stor grad av konflikt med kulturminnet viss anleggsvegen blir utbetra. Alle strukturane er truleg frå nyare tid. Strukturskildring S1: Samanrasa tuft med nedrasa tømmer. Overgrodd med gras og lyng. S2: Steingard bygd på naturleg berg, brukt hovudsakleg liten og mellomstor stein. Den er 0,51 m høg og ca 7 m lang.
396
K 130139 S1 tuft mot N (foto #111)
K 130139 S2 steingard mot SV (foto #113)
K 130140 (SETERANLEG G , LOK 144, GBNR 56/8) Enkeltminnekategori Rydningsrøys Tuft
Tal 2 1
C14-datering
Tal på kolprover 0 0
Terrengskildring og lokalisering i landskapet Lokaliteten ligg eit stykke frå anleggsveg 138A som går opp til Movatnet i Stigedalen. Den ligg i eit område med fleire setrar langs vegen. Det er prega av myrlandskap, ein del flater og fjell på begge sider langs vegen.
Kart over K 130140
397
Skildring av lokaliteten K 130140 er Leivdalsætra som har tre ståande bygningar, ei tuft og to rydningsrøyser. Terrenget er flatt med myr i sør og søraust. I vest og nordvest skrånar det slakt oppover og der ligg mykje stor laus stein. Lokaliteten blir avgrensa av myr og elv i sør, aust og nord. Tiltaket kjem i indirekte konflikt med lokaliteten. Strukturskildring S1: Rydningsrøys delvis dekka av lyng og gras. Bygd med mellomstor og små stein. Ca 3 m x 5 m. S2: Rydningsrøys med stein i alle storleikar. Overgrodd av mose og lyng. Ca. 7 m x 4 m. S3: Tuft 2,5 m x 2 m og 1 m høg. Tufta er svært dårleg, ustødig bygd. Den har berre 3 attståande veggar, opning i aust.
Leivdalsætra K 130140 mot VNV (foto #124)
Rydningsrøys K 130140 S1 mot V (foto #125)
Rydningsrøys K 130140 S2 mot NA (foto #126)
Tuft K 130140 S3 mot NV(foto #127)
K 130169 (SETERANLEG G , LOK 145, GBNR 56)
Terrengskildring og plassering i landskapet Lokaliteten ligg ved anleggsveg 138A i Flådalen i eit landskap med fleire setrar langs vegen. Det er mykje myr og ein del store vatn i området. Landskapet er kupert. Skildring av lokaliteten K 130169 er ei seter som ligg på ei lita høgde ved anleggsveg 138A. Det er rydda mark sørvest på setra men ingen rydningsrøyser. Det er svært mange sel og fleire fjøs på sætra, det 398
er mange bruk som har eigedomsrett. Det ligg også eit restaurert kvernhus vest for setra på vestsida av elva som skil setra frå kvernhuset. Anleggsvegen kjem i stor grad av konflikt med lokaliteten.
Kart over K 130169
Sagesætra mot S (foto #129)
399
K 130170 (TRADISJONS LOKALITET, LOK 152, GBNR 9 OG 10) Enkeltminnekategori Klebersteinsbrot
Tal 1
C14-datering
Tal på kolprøver 0
Terrengskildring og plassering i landskapet Lokaliteten ligg i overkant av Ulvedalen, mellom Ulvedalen og Bjørneskarnakken. Det går ein traktorveg eit stykke oppover, men i aust må ein ta av frå vegen og gå opp råsa i Ulvedalen. På austsida av lokaliteten opp Ulvedalen er det svært bratt og ulendt med ein del rasstein og lauvskog. K 130170 ligg som ein lang bergnabb som strekkjer seg frå aust mot vest. Både på nedsida og oppsida er det bratt og ulendt med rasstein og lauvskog. Langs bergnabben ligg det eit platå som endar i eit trakk vestover, som fører til stien som går opp til Skipenessætra.
Kart over K 130170
Skildring av lokaliteten K 130170 er ein tradisjonslokalitet. Munnlege kjelder fortel at det er eit kleberbrot som har vore brukt litt tilbake i tid, det er uvisst kor lenge. Sjølve lokaliteten er ein lang bergnabb orientert aust/vest. Det er ikkje tydelege spor etter uttak, men fleire stader på bergnabben er det kleber, og ulike stader er det små holer som kan ha kome av at ein har teke ut kleber. Kleber er lett å forme, og har blitt brukt til mellom anna kar, støypeformer og lampar (Østmo og Hedeager 2005:216). Kleber har vore i bruk i Noreg sidan sein bronsealder, men blei vanleg i yngre jernalder og mellomalder (ibid). Lokaliteten er ikkje freda sidan ein ikkje har funne spor etter førreformatorisk bruk. Tiltaket kjem i indirekte konflikt med lokaliteten.
400
Kleberbrot utsnitt mot S (foto #71)
Kleberbrot mot A (foto #76)
Kleberbrot utsnitt mot V (foto #77)
OPPSUMMERANDE KOMMENTARAR FOR EID
I Eid kommune registrerte vi 22 lokalitetar, 21 lokalitetar er nyare tids kulturminner i form av stølar, steingardar og tufter. Ein lokalitet er automatisk freda jamfør kulturminnelova. Dette er R 130134, med tjøremila og den moglege kokegropa/eldstaden.
401