Del_VII_Førde_og_Jølster

Page 1

DEL VII: FØRDE OG JØLSTER Tekst: Oddhild Dokset (feltleiar) og Solveig Roti Dahl OMRÅDESKILDRING

Traseen går frå grensa mellom Naustdal og Førde kommune ved Sletteholten og held fram mot søraust mot Kvinestølen og vidare gjennom Erdalsdalen. Traseen kryssar vidare aust for Førdsnipa og kryssar Anga ved Kvamsfossen. Traseen held fram søraust mot Blåane og grensa til Jølster kommune. Traseen kryssar E39 ved Moskog. Landskapet er dominert av kuperte, skrinne fjellområde med bergknausar og myrparti, større område med myr og skogkledde skråningar lågare i landet. Traseen går også over dyrka mark der traseen kryssar E39 ved Moskog. I området der grensa går mellom Jølster og Førde skal det byggast ein trafostasjon. Området er relativt flatt, der er mykje lyng og skog og fleire myrområder. Herifrå går det to traséalternativ. I første alternativet, trasé 1.2.4, kryssar linja riksveg 13 og held fram mot Åsevatn. Terrenget er prega av bratte fjellknausar og myrområder. Linja held fram oppover Åsen vest for Rabbegga mot Tuna og Liastølen, og går aust for Blomfjellet langs Gravvatnet til Gaulargrensa. Terrenget her er kupert og til tider svært bratt. Det er fuktige myrområder, fleire elvar og det veks ein del lauvskog i enkelte områder.

Oversiktskart over dei registrerte områda i Førde og Jølster. Sjå òg kartvedlegga bak.

275


Det andre alternativet, trasé 1.20, byrjar ved planlagd trafostasjon og kryssar riksveg 13 lenger aust enn alternativ 1, og går gjennom ein del flate, dyrka områder. Linja skal gå heilt aust i Åsevatnet, og der er svært blautt her. Traseen går aust for Rabbegga i bratt og ulendt terreng langs Husetuftene. Linja skal gå i fjellsida, og der er ein del blokkstein og skog. Traseen går sørover opp mot Nydalen gjennom eit myrlendt litt flatare terreng. Med Knauene skrår linja aust-søraustover opp til Kvanngrødvatnet og grensa mot Gaular. Terrenget her er prega av mykje berg og vatn/myrområder. Traseen skal også gå over elva Anga og krysse vidare oppover mot Førdsnipa. Terrenget er bratt og ulendt, prega av barskog og lauvskog, før ein kjem opp til fjell med lyngvekst.

Trasé mot Gravvatnet mot S (foto #87)

GANGEN I ARBEIDET

Registreringane i Førde og Jølster kommune vart gjennomført i perioden 4/5-5/5 og 8/5-14/5 av Oddhild Dokset og Solveig Roti Dahl, og 14/9-16/9, 18/9 til og med 21/9, 24/9-29/9, 6/108/10 av Anne Mette Haugen og Solveig Roti Dahl. Prosjektleiar Ingar Gundersen var med 8 dagar. Det vart totalt sett nytta 46 dagsverk i felt og 5 dagsverk til rapportarbeid, totalt 51 dagsverk. Arbeidet gjekk utan større problem, om lag heile traseen kunne nåast til fots. Unnataket var opp Glyrva, Skjemmdalsgavlen og siste stykket opp til MF 296 på Blåane. Men her var det så uframkomeleg, bratt og ulendt, at funn av kulturminne omtrent kan utelukkast.

276


Det var for det meste lett å kome seg til traseen i områda. Det var fleire skogsvegar ein kunne køyre og traseen låg fleire stader nær bilvegen. I nokre områder mellom riksveg 13 og nord for Åsevatn, og ved Husetuftene, var det nokre svært bratte parti der ein måtte gå ein del omvegar. For å kome opp til traseen som skal gå opp mot Førdsnipa måtte vi gå stien opp til Hjellesætra, og ikkje langs traseen, det meste av vegen opp på grunn av bratt og ulendt terreng.

Solveig ute i stygt ver (foto #86)

REGISTRERINGANE I FØ RDE OG JØLSTER

I Førde kommune vart det registrert 11 lokalitetar. Av desse har 3 fått førreformatoriske dateringar og er såleis å rekne som automatisk freda kulturminne, jamfør kml. Dette er R 130424, R 130425 og R 130305. R 130424 og R 130425 er stølar med ståande bygningar, steingardar og tufter. Det er ingen synlege automatisk freda kulturminne på lokalitetane, men det er kolhaldige lag på begge stølane med førreformatoriske dateringar. R 130305 er ein slåtteteig med to tufter og ein steingard, her er heller ingen synlege automatisk freda kulturminne - men funn av kolhaldig lag med førreformatorisk datering. K 130303 er ein heller med eldstad, dateringa viser bruk berre i nyare tid. K 129203 og K 129204 er nyare tids kulturminne i form av steingard og vegfar. K 130262, K 130266 og K 130267 er nyare tids kulturminne i form av steingardar og grensestein. K 130265 og K 130268 er stølar med ståande bygningar, tufter og steingardar.

277


K 13030 3 (BUSET TINGS/AKTIVITETSOMRÅD E, LOK 100, GBNR 47/ 1) Enkeltminnekategori Heller

Tal 1

C14-datering PS1: Alt frå 1500-1950 e.Kr. (Beta 260846)

Tal på kolprøver 1

Terrengskildring og plassering K 130303 ligg like ved anleggsveg 275A, på vestsida av denne, om lag 230 m NNV for Mostølen og 20 m sør for eksisterande kraftlinje. Lokaliteten ligg i bratt og kupert terreng med mindre og svært våte myrparti. Vegetasjonen består hovudsakleg av granskog utan undervegetasjon, og parti med open furuskog og lyng. Anleggsveg 275A kjem i stor grad av konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten Helleren ligg i eit fuktig område med eit mindre myrparti i vest. Ein bekk renn frå myrpartiet vidare langs helleren og fungerer som avgrensing av lokaliteten. Aust for helleren og vegen, fell terrenget kraftig mens terrenget stig gradvis mot myrpartiet i vest. Helleren er nordvendt. Berget over hellertaket viser teikn til brot frå nyare tid og området kan ha blitt skada i samband med bygging av vegen. Det drypp vatn frå taket i helleren, noko som fører til at det er litt vått og rått i «rommet».

Kart over K 130303

Det var funn av kol i helleren, truleg ein eldstad då større steinar var plassert fint rundt. Men dateringsprøvane viste berre bruk i nyare tid, 250 +/- 50 BP (Beta 260846), det var ingen andre funn i helleren. Helleren kan ha vore brukt i samband med jakt, eller kanskje også i samband med bygging av vegen. 278


Strukturskildring S1: Heller. 12 m lang, 2 m brei og om lag 2,5 m høg.

Heller, K 130303, blĂĽ stikke markerer eldstad mot SV (foto #38)

Profil i PS1 i eldstad mot N (foto #43)

Planteikning av K 130303 (teikna av Ingar M. Gundersen, renteikna av Oddhild Dokset)

279


R 130424 (STØLSANLEGG , LOK 101, GBNR 16/1 ) Enkeltminnekategori Tuft Kulturlag

Tal 3 1

C14-datering PS1: 380-550 e. Kr. (Beta 260847)

Tal på kolprøver 0 1

Terrengskildring og plassering Rotenesstølen ligg mellom MF 278 og 279, søraust for Kloppstadstølen. Stølen ligg i sørvendt og hellande terreng, omkring er det våte myrparti og tørrare høgder kledd med lyng, gras og busker. Ei større elv renn aust for stølen. Stølen ligg nærast i ein liten dal med stigande terreng i aust og vest. Traseen kjem i direkte konflikt med kulturminnet.

Kart over R 130424, Rotenesstølen

Skildring av lokaliteten På lokaliteten er det to ståande bygningar, samt ein steingard som omkransar stølen. I tillegg er der 3 tufter. To av tuftene er godt markerte med høge murar, medan den siste er lite synleg i terrenget. Eit prøvestikk vart gravd inne i denne tufta, men resultatet var negativt. Området rundt lokaliteten er generelt vått, dei fleste bygningane er plasserte i skråninga. Der er det grasmark. Lenger nede på lokaliteten er det flatare, men også mykje våtare og myrlendt. Vi grov 2 prøvestikk for å sjå etter teikn til forhistorisk dyrkning. I PS 1 vart det registrert eit grått lag med kolbitar. Laget var sandig med litt humus. Dette låg under opptil 14 cm med torv og brun matjord. Det vart teke ut dateringsprøve frå laget, resultatet viste ei datering til folkevandringstid. På bakgrunn av eit lite prøvestikk er det noko vanskeleg å fastslå kva dateringa representerer og om ein kan dra slutning om utstrakt aktivitet og bruk av området i

280


folkevandringstid. Prøvestikket er plassert inntil steingarden. I dei andre prøvestikka var det ikkje mogleg å skilje ut ein stratigrafi.

Rotenesstølen mot NV (foto #24)

Prøvestikket der det blei teke ut datering, blei seinare utvida for å sjå om vi kunne slå fast dyrkingslag, men laget med kolbitar var ikkje å finne att vidare i det utvida prøvestikket. Det er ikkje mogleg å seie kva dette kollaget representerer på grunn av at ein ikkje kunne følge det vidare i noko retning, det er av for lite omfang til å kunne seie om det er spor etter dyrking, avfall eller kulturlag. Det kan vere mogleg at stølen har vore i bruk i lang tid med tanke på andre dateringar frå vikingtid frå ein støl i nærleiken. Rotenesstølen ligg heller ikkje så langt frå Fossen gard. Denne garden er nemd i skriftlege kjelder alt på 1500-talet, og er truleg eldre enn dette. Dette kan tyde på langvarig bruk av området. Strukturskildring S1: Tuft S2: Tuft rektangulær ca 3 x 4 m S3: Tuft rektangulær ca 3 x 5 m S4: Kulturlag

281


Rotenesstølen PS1 profil (foto #54)

Teikning av PS1 i profil (teikna av Oddhild Dokset) R 130424 PS1 1) Torv 2) Grått sandlag 3) Grått sandig lag, humushaldig, nokre få kolbitar. Det grå laget har innslag av lysare parti. 4) Gulbrun aur/undergrunn

Rotenesstølen tuft S1 mot N. PS1 blei teke bak til høgre for tufta (foto #55)

Ståande bygningar på Rotenesstølen, med tuft S1 i bakgrunnen (foto #57)

Ingar og Solveig ved tuft på Rotenesstølen (foto #58)

282


R 130425 (STØLSANLEG G , LOK 102, GBNR 16/ 1) Enkeltminnekategori Tuft Kulturlag

Tal 3 2

C14-datering PS6: 900-920, 950-1040 e. Kr. (Beta 260848) PS1: 1500-1600, 1610-1670, 1780-1800, 19501960 e. Kr. (Beta 263375)

Tal på kolprøver 0 2

Terrengskildring og plassering R 130425 ligg sør for kraftlinja og vest for Rotenesstølen. Terrenget rundt lokaliteten er prega av kupert terreng kledd med lyng, gras og busker, og enkelte gran- og lauvtre. Sjølve stølen ligg i ei gryte med bratt terreng rundt. Traseen kjem i indirekte konflikt med lokaliteten.

Kart over R 130425, Klopstadstølen

Skildring av lokaliteten På stølsanlegget er det 2 ståande bygningar, i noko dårleg stand. I tillegg er det 3 tufter, desse er godt markerte i terrenget. Tuftene har restar etter treverk innvendig, og alt tyder på at det er nyare tids kulturminne. Ein steingard omkransar stølen. Ei elv renn gjennom stølen i den vestlege delen.

283


Kloppstadstølen tuft mot NA (foto #50)

Kloppstadstølen profil PS 6 mot NNA (foto #52)

Kloppstadstølen steingard mot N (foto #51)

Kloppstadstølen profil PS 1 mot NA (foto #49)

Ståande bygningar på Kloppstadstølen (foto #53)

Dei ståande bygningane ligg i dag på ein liten tørr voll. Tuftene ligg også høgt, i nær samband med steingarden. Midt på lokaliteten er det svært vått og det har danna seg myr. Truleg har ein ved å flytte husa oppi skråningane freista å unngå det våtaste området. Grunna mykje myr var det også vanskeleg å finne eigna stader å undersøkje evt. dyrkingslag ved hjelp av prøvestikk. To prøvestikk vart tekne på den tørre vollen nær dei ståande bygningane. Der vart det registrert kolhaldige lag, men igjen er det vanskeleg ut frå to små prøvestikk å fastslå kva kollaget representerer. Om ein ser på dateringar frå områder i nærleiken kan ein tolke det som

284


at det har vore menneskleg aktivitet her ganske lenge, men det er vanskeleg å seie noko sikkert med så lite materiale. Prøvestikk 1 fekk dateringar til moderne tid og prøvestikk 6 til vikingtid (sjå tabell). Strukturskildring S1: Tuft S2: Tuft S3: Tuft S4: Kulturlag

Teikning av profil i PS1 (teikna av Oddhild Dokset)

Teikning av profil i PS6 (teikna av Ingar M. Gundersen, reinteikna av Oddhild Dokset)

R 130425 PS 1 1) Gras/torv. 2) Grått kolhaldig lag,svært fint sandig humushaldig lag spetta med brun humushaldig masse. 3) Som lag 2, men mykje sterkare innslag av den brune massen. 4) Som lag 2, men noko lysare mot botnen. 5) Raudorange sand/grus undergrunn. 6) Lomme med porøs masse – rot?

R 130425 PS 6 1) Torv. 2) Blanda masse, finkorna sand, humushaldig med svakt kolsjikt i botnen. Lys gråbrun farge, nokre spettar med brunt og grått. 3) Utvaskingslag, lysgrå finkorna sand. 4) Anrikingslag, raudbrun silt/sand. 5) Undergrunn, gul og brun sand/silt.

R 1303 05 (STØLSANLEGG , LOK 103, GBNR 18/1) Enkeltminnekategori Tuft Steingard Dyrkningslag

Tal 2 2 1

C14-datering

PS1: 50-230 e. Kr. (Beta 260849)

Tal på kolprøver 0 0 1

Terrengskildring og plassering Tuftene R 130305 ligg mellom MF 285 og 286, like ved Tuftehammaren. Lokaliteten er delt i to av ein veg, i enden av denne, aust for R 130305, ligg ei nyare hytte. Området rundt er kupert, prega av lauvskog og busker med ein undervegetasjon av lyng, gras og mose. Lokaliteten ligg like ved foten av ein bratt fjellknaus i nordaust, det er eit større myrområde i austsøraust, og ei stor elv renn søraust for lokaliteten. Traseen kjem i direkte konflikt med lokaliteten.

285


Kart over R 130305

Skildring av lokaliteten R 130305 er samansett av to tufter, 2 steingardar og eit positivt prøvestikk med eit mogleg avsviingslag. Lokaliteten er delt av ein veg. Nord for vegen ligg ei tuft, S1, ein steingard og det er her det positive prøvestikket vart grave. Alt dette er på ei lita flate. Nedanfor er det hellande terreng ned til vegen. Sør for vegen er tuft S2 og resten av steingarden. Verken S1 eller S2 er særleg godt markerte i terrenget. Lokaliteten ber preg av å vere ei slåtteeng, med sine graskledde flater og skråningar. Einebusker og lauvtre dominerer i utkanten av lokaliteten. I PS1 vart det observert stratigrafi. Under om lag 15 cm torv og gras er det eit grått, sandig, kolhaldig lag, tolka som mogleg dyrkningslag. Under dette laget er ei kollinse, tolka som mogleg avsviingslag. Kollinsa viser ein datering til romersk jernalder (Beta 260849). Dei andre strukturane på lokaliteten er nyare tids kulturminne. Strukturskildring S1: Tuft. 4,20 x 4,20 m., opp til 50 cm høg. S2: Tuft. 4,30 x 4,50 m. S3: Steingard. S4: Steingard. S5: Dyrkingslag/kulturlag

286


S2 tuft mot S (foto #61)

Over: S4 steingard mot SA (foto #62)

S1 tuft mot NV (foto #60)

287


R 130305 PS1 1) Torv. 2) Grått dyrkingslag, silthaldig med enkelte kolbitar. 3) Er kan hende avsviingslag. Mørkare og meir kolhaldig enn lag 2. 4) Som lag 3 men spetta med utvaskingslag. 5) Utvaskingslag. 6) Brunorange sand/grus. Over: Teikning av profil i PS1 (teikna av Ingar M. Gundersen, reinteikna av Oddhild Dokset Til høgre: Profil i PS1 mot SA (foto #64)

288


K 1292 03 (BUSETTING/AKTIVITETS OMRÅDE, LOK 104, GBNR 24/3) Enkeltminnekategori Steingard

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering K 129203 ligg nordvest for hovudvegen, ovanfor ein teig dyrka mark like ved vegen. Sjølve steingarden ligg i utmark, i ein granskog. Ein del stein pregar området. Nordvest for steingarden stig terrenget i ei bratt, skogkledd skråning. Traseen kjem i direkte konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten Lokaliteten er ein steingard, midt i traseen er ein 11 m lang bevart del av steingarden, det er eit opphold på begge sider, men steingarden fortset i begge retningane. Strukturskildring S1: Steingard.

K 129203, steingard, mot SV (foto #65)

289


Kart over K 129203

K 129204 (VEGANLEGG , LOK 105, GBNR 24/3) Enkeltminnekategori Vegfar

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering K 129204 ligg nordvest for hovudvegen, ovanfor ein teig dyrka mark like ved vegen. Terrenget er prega av mykje blokkstein og barskog. Traseen kjem i direkte konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten Skogsvegen går i hårnålssvingar opp ein bratt bakke. I dag er det eit granfelt over eit ganske stort område. Vegen er pent murt opp, og er truleg frå nyare tid. Strukturskildring S1: Vegfar.

290


Kart over K 129204

K 129204, vegfar, mot NV (foto #67)

291


K 130262 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅE, LOK 153, GBNR 49/5) Enkeltminnekategori Steingard

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering Lokaliteten ligg ved anleggsveg 303 i Åsen, Førde. Lokaliteten ligg i eit område med mykje dyrka mark på alle kantar. Det skrår oppover i sør med dyrka mark før det går over i granskog. Nordover ligg det større flater med dyrka mark som heller svakt nedover. I aust og vest er landskapet kupert og prega av vegbygginga. Anleggsveg 303 kjem i stor grad av konflikt med lokaliteten. Skildring av lokaliteten Lokaliteten ligg på nordsida av anleggsveg 303. Den er oppmurt med ein del stor stein og overgrodd av mose. Steingarden ligg oppå bakkenivå og er truleg av nyare dato. Steingarden går vidare på sørsida av vegen, men der ser det ut til at det er samla maskinelt. Om vegen blir utvida kan lokaliteten kome i konflikt med tiltaket. Strukturskildring S1: Steingard som går både mot NS 3 m og AV 7 m. Den er ca 0,5-1 m brei og 1 m høg. Oppmura av stor og ein del litt mindre stein.

Steingard S1 mot N (foto #100)

292


Kart over K 130262

K 130265 (STØLSANLEG G , LOK 154, GBNR 14) Enkeltminnekategori Tuft

Tal 4

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering Nydalsstølen ligg heilt i enden av skogsveg/anleggsveg 307 i Nydalen. Stølen er vedlikehalden og ser ut til å vere mykje i bruk. Den er plassert i enden av dalen og er omkransa av fjell i vest, sør og aust. Det går ei stor elv aust for stølen, elva renn vidare nedover dalen. Det er mykje lyngvekst og ein del myrområder. Det veks litt lauvskog i området. Stølen blir avgrensa av ein steingard, som truleg går rundt nesten heile området. Ei utbetring av vegen kan gjere at det kan bli stor grad av konflikt i dette området. Skildring av lokaliteten Nydalsstølen har svært mange bygningar i god stand og fire tufter. Det er sameige, så det er både gjerder og steingardar inne på stølen. Det er hovudsakleg flatt terreng, men det hellar nedover mot aust lengst sør på stølen. Det er store rydda flater på begge sider av vegen som går gjennom stølen. Ei av tuftene er i god stand, men dei andre er ruskete og ikkje like lett å sjå. Ligg på gbnr 14/3.

293


Kart over K 130265

Strukturskildring S1: Tuft på 5 m x 3,5 m ca 20-40 cm høg. Den er orientert NS. Den har uklar avgrensing, det ligg ein rydda steinhaug i vestre vegg, dette ser nytt ut. Det er tydelegast mur i sør og aust. Ingen mur i nord. S2: Tuft på 5 m x 3,5 m ca 20 cm høg. Orientert NS. Den ligg omlag 40 m SV for ståande bygg på gnr 14/3. Det har vore mykje aktivitet i nyare tid. Det er bygd opp steinbord og steinbenkar i tufta, og ein grillplass i utkanten. S3: Tuft på 8,5 m x 5,20 m og 1,5 m høg. Den er orientert AV. Tufta er kraftig oppmura av tilhogd stein, og den er tørrmura. Det er døropning i aust og vest, vindauge i nordre vegg. Det ligg tømmerstokkar på toppen av muren. Inne i tufta er det hellelagt og bygd ein utedo. S4: Tuft 4 m x 3 m og ca 5 cm høg. Den er orientert NS. Tufta er lite synleg men det er synleg mur i aust og vest. Det ligg ei rydningsrøys sør i tufta. Det er ståande bygningar 3 m vest for og 5 m aust for tufta. Vi byrja å grave eit prøvestikk langs tufta, men etter å ha fjerna 5 cm torv kom vi rett ned på berg. Tufta er bygd direkte på berget. Tufta er vanskeleg å sjå, men er truleg frå nyare tid.

294


Nydalsstølen S1 tuft mot N (foto #74)

Nydalsstølen S2 tuft mot S (foto #75)

Nydalsstølen S3 tuft mot S (foto #76)

Nydalsstølen S4 tuft mot S (foto #77)

K 130266 (ANNAN TYPE KULTURMINNE, LOK 155 , GBNR 13/2) Enkeltminnekategori Grensestein

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering K 130266 ligg i grensa mellom innmarka og utmarka på garden H. Røykjavik. Lokaliteten ligg i eit område som er kupert, og der veks granskog med innslag av lauvskog. Det går oppover mot fjellsider i sør og hellar nedover i nord mot dyrka mark. Lokaliteten ligg midt i traseen, noko som gir direkte konflikt. Skildring av lokaliteten K 130266 er ein grensestein som ligg langs eit nyare gjerde. Steinen står på ei flate, men det skrånar nedover i nord. Dyrka mark i nordvest. Det er granskog og lyngvekst i området. Strukturskildring S1: Grensestein som er rektangulær, 5 cm tjukk, 20 cm brei og 40 cm høg. Den har innhogd kross på vestsida.

295


Kart over K 130266

Grensestein mot A (foto #79)

296


K 130267 (BUSETTING/ AKTIVITE TSOMRÅDE, LOK 156, G BNR 14) Enkeltminnekategori Steingard

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering Lokaliteten ligg i Nydalen eit stykke frå anleggsveg 307. K 130267 ligg ikkje så langt frå eksisterande kraftlinje som strekker seg austsøraustover mot Kvanngrødholten. Terrenget er prega av store myrområder, og kupert terreng med ein del bratte fjellnabbar. Det er mest gras og lyngvegetasjon, og litt lauvskog i dei nedre områda nærmast vegen. Steingarden ligg midt i traseen og utbygginga kjem derfor i direkte konflikt med kulturminnet. Skildring av lokaliteten K 130267 er ein steingard som er svært overgrodd og er ikkje lett synleg i terrenget. Det er sett opp ståltråd/nytt gjerde på same stad. I aust startar steingarden ved bergknaus og går omlag 15 m nedover mot vest, før det svingar mot SV i omlag 5-6 m. Steingarden svingar så mot vest igjen i 5-6 m. K 130267 ligg i helling mot vest i område med mykje store myrar.

Kart over K 130267

Strukturskildring S1: Steingard som er overgrodd av mose og lyng. Den er ca 30 m lang, 1 m brei og ca 0,5 m høg. Steingarden går først 15 m mot vest, så 5-6 m mot sørvest og vidare 5-6 m mot vest.

297


Steingard S1 mot S (foto #82) K 130268 (STØLSANLEGG , LOK 157, GBNR 23/2 ) Enkeltminnekategori Tuft Oppmuring

Tal 1 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0 0

Terrengskildring og plassering Slåttestølen ligg i lia nord for vegen i Angedalen, og sør for Hjellsætra. Det går ein tursti til Førdsnipa frå tunet i nordleg retning. Stølen ligg i terreng som hellar mot sør, i eit lite dalsøkk med elv som renn i aust og vest. Området er prega av myr, lyngvekst og litt lauvskog. Det ligg ein del berg oppe i dagen. Traseen skal gå rett gjennom stølen og kjem i direkte konflikt med kulturminnet. Skildring av lokaliteten På stølen er det ein ståande bygning som står delvis på naturleg berg, og det er oppmuring for å jamne ut under bygningen. Det ligg ein kraftig tørrmura steingard nord på stølen, og stien til Førdsnipa går langs denne. Muren er somme stader opp til 1,5 m høg. Tufta ligg omlag 50 m aust for ståande bygning. Det går ein steingard som er AV-orientert ut frå det nordvestre hjørnet, og ein steingard ut frå midten av austre langvegg. Struktur 2 er ei mogleg grue som ligg omlag 10 m NV for ståande bygning, og ca. 2 m sør for steingard som går AV retning. Området er svært fuktig. Der veks gras, men det er ikkje spor etter dyrking. Det har truleg vore slåttemark.

298


Strukturskildring S1: Tuft på 10 m x 5 m, 1-1,5 m høg og ca 1 m tjukk mur. Tufta er orientert NS. Den er tørrmurt og det er brukt mykje heller og stor stein. S2: Oppmuring ca 80 cm x 60 cm og 20-40 cm høg. Rektangulær oppmuring med flate heller, manglar vegg i nord.

Kart over K 130268

Slåttestølen S2 N (foto #96)

Slåttestølen S1 tuft mot ASA (foto #95)

299


OPPSUMMERANDE KOMMEN TARAR FOR FØRDE OG JØLSTER

I Førde og Jølster blei det registrert 11 lokalitetar. 3 har fått førreformatoriske dateringar og er automatisk freda, jamfør kml. Dette er R 130424, R 130425 og R 130305, og alle lokalitetane er stølar. Resterande lokalitetar er nyare tids kulturminne i form av steingardar, tufter og grensesteinar.

300


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.