EIER:
SJANGRANE … ALLE 7 SLAGA
1. Artikkel 2. Novelletolkning (tolkning av litterær prosa) av 3. Dikttolkning 4. Retorisk analyse 5. Essay 6. Kåseri 7. Novelle
1/29
Sjekkliste: ARTIKKEL En artikkel skal ha en innledning og en avslutning, og hoveddelen skal ha en logisk og oversiktlig struktur. 1) Innledning •
Innledningen skal ikke være svar på oppgaven, ei heller en arbeidsbeskrivelse av typen: ”I denne artikkelen skal jeg ta for meg ….
•
Innledningen kan for eksempel gi en pekepinn på hvorfor temaet eller spørsmålet er interessant. Kan det knyttes til en debatt som pågår eller en episode som har funnet sted? Er det evig aktuelt?
•
Selv om artikkelsjangeren er en saklig sjanger, er det lov å åpne litt ”friskt”, med et sitat, et spørsmål til leseren eller en kort historie.
2) Hoveddel •
Les oppgaven nøye og gjør det som oppgaveteksten ber deg om. ”Å drøfte noe” og ”å gjøre rede for noe” er å presentere ulike sider eller meninger på en mest mulig objektiv måte. ”Å kommentere” og ”å vurdere” er å ta stilling til ulike sider eller meninger selv, og følgelig å være mer personlig eller subjektiv. •
Hvert moment skal ha et eget avsnitt. I artikler der ulike meninger blir presentert, kan man velge flere løsninger: Ett moment kan være en mening knyttet til et spørsmål, eller det kan være to eller flere ulike meninger knyttet til ett spørsmål. Det siste kan ofte fungere best. Her unngås en tekst av typen ”++++----”, som ofte kan bli litt kjedelig. •
Presentasjonen av de forskjellige (relevante) argumentene skal være respektfull, og egne meninger skal være klart atskilt i argumentasjonen. Vis gjerne til eksempler der det er interessant eller nødvendig. •
Vær nøye med rekkefølgen på momentene, og sørg for gode overganger mellom avsnittene. •
Hoveddelen avsluttes med en konklusjon.
3) Avslutning •
Etter å ha konkludert i hoveddelen, bør artikkelen rundes av med en generell betraktning.
•
Ikke gjenta noe du har sagt før og unngå selvfølgeligheter.
•
Ta gjerne opp en tråd fra innledningen slik at du får en sirkelkomposisjon, eller se fremover og filosofer litt over hva som vil skje i fremtiden. Husk fisken: La den slå litt med halen til slutt!
•
Husk tittel! Den skal si noe om innholdet i artikkelen, så denne skrives til slutt.
Oppgåve: Les Fredrik Ramm sin tekst ”En skitten strøm flyter utover landet” (vedlegg). Skriv ein artikkel om provoserande litteratur før og no.
Provoserande litteratur før og no Som alt anna må også litteraturen justerast viss den skal halde fram med å provosere. Mens romanar som Uten en tråd og Sangen om den røde rubin fekk enorm åtgaum og blei forbodne på 50- og 60-talet på grunn av sitt pornografiske innhald, skildrast hausten 2009 som ein seksuell bokhaust. Det er ikkje lenger erotikken som provoserer innafor litteraturen. Kva provoserer i dag, og vil det alltid skrivast provoserande litteratur? Vi kan dele provoserande litteratur inn i to: provoserande tema og innhald og provoserande skrivemåte. Dagens vulgære og outrerte samfunn har ført til at det no oftare er skrivemåte og forfattar som kommenterast og debatterast, framfor det tematiske. Vi lever i dag i eit samfunn der sex, vald, alkohol, rus, og stygg ordbruk dagleg er ein del av liva våre, anten det er gjennom den faktiske verkelegheita, gjennom tv, aviser, filmar, nett- eller tv-spel. Det er difor ikkje lenger desse emna som nødvendigvis sjokkerer eller provoserer oss mest. Slik har det ikkje alltid vore. For betre å forstå kva for ein omfattande prosess vi har vore gjennom for å kunne godta dagens «grisete» litteratur, og for å kunne drøfte provoserande litteratur før og no, er det avgjerande å vite kva som provoserte før i tida. Eg har plukka ut noen tidlegare forbodne bokutgjevingar: Hans Jæger sin roman Fra Kristiania-Bohêmen blei beslaglagt og brent av myndigheitene same dag som han kom ut i 1885. Boka synleggjorde moralske konfliktar og inneheld detaljerte skildringar av seksuelle forhold1. Christian Krohg si bok Albertine blei beslaglagt dagen etter at ho kom ut i 1886, etter ordre frå justisministeren. Hovudpersonen, Albertine, ei ung og uskuldig sypike, forførast av ein politifullmektig og endar i prostitusjon 2. Boka blei skrive som eit innlegg i 1880-åras moraldebatt, og var eit spark mot den offentlege, politikontrollerte prostitusjonen. Agnar Mykle si bok Sangen om den røde rubin kom ut i 1956, men blei i 1957 forboden. Årsaka var dei seksuelle skildringane. Den same grunngivinga blei gitt ti år seinare i 1967, da Jens Bjørnboe sin roman Uten en tråd blei forboden. Av dette forstår vi at det særleg var det seksuelle som provoserte innan litteraturen tidlegare. Pirrande og erotiske skildringar var slettes ikkje noe som høyrde til i den offentlege sfæren, eller noe som skulle delast med andre gjennom litteraturen. Dessutan godtok ikkje staten og autoritetane den kritikken som no og da skjulte seg bak desse forfattarane sine seksuelle skildringar. Striden rundt romanen Albertine framskynda elles avskaffinga av den offentlege prostitusjonen i Noreg, og bidrog med det til ei viktig endring av norsk politikk. Sjølv om erotisk og pornografisk litteratur framleis kan provosere i dagens samfunn, er det likevel ikkje lenger det seksuelle vi forbind med provoserande litteratur. Forfattarar kan i dag med fordel spele på pirrande skildringar og intime detaljar, da det er dette stadig fleire lesarar helst vil ha og synast er spennande. Det bognar i dag av seksuell litteratur. Bokhausten 2009 blei beskrive som ”heitare enn vanleg”, da fleire av landets etablerte forfattarar kom med bøker der den overskridande seksualiteten var temaet3. 1 http://no.wikipedia.org/wiki/Sensur_i_Norge 2 http://snl.no/Albertine 3 http://www.klassekampen.no/56591/article/item/null
3/29
I 2008 kom Alexia Bohwims bok Frognerfitter ut. Boka fekk stor åtgaum på grunn av tittelen og innhaldet, ikkje fordi det provoserte så veldig, men fordi det var direkte og spennande lesing. Folk ønskte å lese om den utagerande festinga på beste vestkant, om inntaket av kunstige stimuli som gjekk frå gøy til farleg, og om mannehistorier som gjekk frå spennande til triste 4. Debatten rundt denne boka handla i liten grad om innhaldet, og meir om i kva grad språket var godt eller dårleg. Denne vridinga av det provoserande frå innhald til språk, er ikkje unik eller sjeldan i dag. Stadig fleire bøker provoserer på grunn av skrivemåte og ordtilfang framfor tematikk. Det er i dag få tema vi ikkje toler å lese om. Så, kva provoserer eigentleg dagens lesarar? Eg har kome fram til tre emne: religion, sanning og forsking. Eit svært sensitivt område også innan litteraturen er religion, og da særleg religionskritikk. Eg vel ein tur utanlands for to gode døme. Bøkene The God Delusion og The Satanic Verses provoserte ei heil verd da dei kom ut, og provoserer framleis. Sistnemnde er ein av dei mest omstridde bøkene på 1900-talet, da ho av mange muslimar oppfattast som blasfemisk og krenkjande ved omtalen av profeten Muhammad5 Forfattaren Salman Rushdie blei i 1989 dømd til døden, og boka bannlyst av leiaren i Iran. Rushdie fekk politivern og levde meir eller mindre i skjul fram til 1998, da den iranske regjeringa gjorde det klart at dei ikkje lenger ønskte dommen fullbyrda6. Richard Dawkins avsannar gjennom boka The God Delusion (2006) all religion, og skapte med det sterke reaksjonar særleg i kristne miljø. Med temaet sanning meiner eg utleverande og personlege opplysningar, i dette tilfellet forfatta anten som ein biografi eller for å fortelje resten av verda om kva som eigentleg skjedde. Eg kjem ikkje utanom Karl Ove Knausgård, forfattaren som med sin debut i 1998 vant Kritikarprisen, og som i 2010 både har sjokkert og provosert med nettopp sin svært utleverande bokserie Min kamp. Knausgård skildrar nådelaust sitt eige liv og folka han har møtt opp igjennom åra. Boka kan beskrivast som til tider hudlaus, og blir med det for noen altfor dryg. Framstega vi har sett innafor forsking på til dømes stamceller og kloning dei seinaste åra, har vore revolusjonerande og for mange langt forbi det vi trudde var mogleg. Skal eg tippe på eit tema som mange ganske snart vil oppleve som provoserande og vanskeleg, også i litteraturen, blir det derfor forsking. Dagens teknologiske framgang gjer at liv reddast, samtidig som mange vil seie at også liv går tapt. Debattane internasjonalt rasar om kor grensene innan forskinga bør gå. Fordi dette området og temaet i så stor grad handlar om menneskeverd, vil naturlegvis litteraturen som tar for seg ulike sider ved slik forsking på mange verke provoserande. Det finnast ingen grenser for kva for ein litteratur som kan opplevast som provoserande, men den tydelegaste forandringa frå før til no handlar nok om den erotiske litteraturen. Denne har vi no nemleg godteke. Matias Faldbakken sa eingong at det ikkje lenger finnast provoserande litteratur. Eg skjønar kva han meiner, men eg synast ikkje det stemmer heilt. Vi provoserast heilt tydeleg av litteratur også i dag, men årsaka til at vi blir provoserte, er ikkje lenger så ofte det tematiske. Ser vi bort ifrå religion, går kritikken stort sett ut på form og språk. Litteraturliste 4 http://www.dagbladet.no/kultur/2008/01/23/524676.html 5 http://snl.no/Sataniske_vers 6 http://snl.no/Salman_Rushdie
1. http://no.wikipedia.org/wiki/Sensur_i_Norge 2.
http://snl.no/Albertine
3.
http://www.klassekampen.no/56591/article/item/null
4.
http://www.dagbladet.no/kultur/2008/01/23/524676.html
5.
http://snl.no/Sataniske_vers
6. http://snl.no/Salman_Rushdie
5/29
Sjekkliste: NOVELLETOLKING (OG TOLKING AV LITTERÆR PROSA) Det er relativt strenge reglar for oppbygging av ei novelletolking. Ei novelletolking (eller tolking av eit romanutdrag) skal ha ei innleiing og ei avslutning, og hovuddelen skal ha ein logisk og oversiktlig struktur. 4) Innleiing •
Innleiinga skal ikkje vere svar på oppgåva, ei heller ei omtale av korleis du vil leggje opp arbeidet ditt: ”I denne tolkinga skal eg ta for meg ….
•
Innleiinga kan for eksempel knyte novella (eller romanen) til ei litterær retning eller eit tema, eller du kan presentere forfattaren og den tida novella er blitt til i. Du bør også gjere det klart kva novelle du skal tolke, kven som har skrive ho og når ho vart publisert første gong.
5) Hovuddel •
Les novella (eller romanutdraget) nøye og gi eit kortfatta handlingsreferat.
•
Så presenterer du tolkinga di av kva som er tema. I det vidare arbeidet kan du velje mellom fleire framgangsmåtar, men uansett korleis du gjer det, bør du gi kvart moment eit eige avsnitt. Tenk deg at tolkinga di skal fungere som bevisføring for det du har påstått er tema i teksten. Unngå personlege meiningar som du ikkje kan føre bevis for!
•
Alt du seier om dei ulike verkemidla (forteljarmåte, synsvinkel, komposisjon, språk, personskildring, miljøskildring, språklige bilete) må følgjast av eksempel og kommentarar om kva dei betyr for tolkinga di. Følg tretrinnsmodellen: 1) påstand om verkemiddel, 2) eksempel på bruk (sitat) og 3) kommentar om verknad, gjerne knytt til forståinga di av temaet eller stemninga i novella (romanen).
•
Du bør fokusere på de verkemidla du synst er mest interessante sett i forhold til temaet du har påvist. Det er ikkje noko krav at alle verkemiddel skal kommenterast.
•
I tekstar der du tolkar fleire noveller (romanar) på same tid, bør du ”ta med deg” alle tekstane heile vegen. I hovuddelen er det såleis best om du ser på alle tekstane i tilknyting til dei ulike momenta parallelt, framfor å ta for deg ein og ein tekst. Dette skaper betre flyt, og samanlikninga vert tydelegare.
•
Ver nøye med rekkefølgja på momenta, og sørg for gode overgonger mellom avsnitta. •
Hovuddelen avsluttast med ein konklusjon.
6) Avslutning •
Etter å ha konkludert i hovuddelen, bør novelletolkinga rundast av med ei generell betraktning.
•
Ikkje gjenta noko du har sagt før og unngå sjølvsagte forhold.
•
Ta gjerne opp ein tråd frå innleiinga slik at du får ein sirkelkomposisjon, eller filosofer litt over for eksempel kva plass tema i novella (romanen) har i vår eiga tid. Hugs fisken: La den slå litt med halen til slutt!
•
Hugs tittel! Han skal seie noko om innhaldet i teksten din utan å røpe for mykje. Han må med andre ord skrivast til slutt.
Oppgåve: Tolk novella «Dansar du?» av Frode Grytten
Framleis jomfru! Novella “Dansar du?” av Frode Grytten blei gitt ut i 1990 i novellesamlinga “Langdistansesvømmar”. Handlinga utspelar seg om vinteren på ein ikkje namngitt stad, i nærleiken av ein “by”. Vi møter berre to personar, ein gut og ei jente. I byrjinga får lesaren vite at det nett har vore juleball, sannsynlegvis på gymnaset kor “guten går. Historia vekslar mellom «hans» og «hennar» perspektiv, og mellom møtet deira på ballet og turen heim etterpå. På ballet dansar dei, men mot slutten av kvelden skiljast dei. Om jenta får vi vite at ho er berre femten, men guten, sannsynlegvis eldre, får vi ikkje vite den eksakte alderen på. Novella handlar i stor grad om forelsking og seksuell lyst. Ho har følt han som ein “flamme i tankane hennar i eit halvt år”. Han opplever nærveret hennar som om ho “rissa
fine spor i hjartet hans”. Det kjem tydleg fram at båe er interesserte i den andre, og i like stor grad. Ho har tidligare merka seg han i gutane sin garderobe etter ein fotballkamp, spesielt “brystet blankt som eit skjold”. Han merkar seg dei “små brysta hennar”. Båe legg òg merke til håret til den andre. Synsvinkelen vekslar, men er ikkje jamt fordelt. Det er guten sitt syn som dominerer novella. Lesaren ser situasjonen via jenta sitt perspektiv berre nok til å vite kva ho føler for han. Dette gjer at det ikkje er knytt spenning til om ho føler det same som han, og novella sitt tema kjem tydlegare fram: gjensidig seksuell tiltrekking og frustrasjon. Mellom referata av kva dei tenker om kvarandre og dialogen dei imellom, refererast det til fleire popkulturelle og historiske personar, mellom anna Albert Einstein, Ernest Hemingway, Bob Dylan, Karl Marx og Elvis Presley. Spesielt musikken får mykje plass, gjennom orkesteret på ballet. Bandet er visst både dårleg og “nystrigla”, “Pusekattar i italienske silkedresser” som “plugga dei siste hitlåtane”. Vi får eit klart inntrykk av at guten ikkje liker bandet, og ho klagar over at musikken er for høg. Mot slutten av novella forbannar han orkesteret; det er gjennomgåande eit irritasjonsmoment. Det kan tenkast at det ikkje er bandet i seg sjølv, men heller alt som står i vegen for dei to unge som er irriterande. Han tenker at “Orda var fiendar” som “peikte på han med blåskimrande pistoler”. Alt som ikkje omhandlar dei to, framstillast som meiningslaust; han lurer på “kva faen skulle han seie” og nemner deretter eksempel som blir tåpelege i denne situasjonen. Å prate om politikk eller idrett tør han rett og slett ikkje. Han vil mykje heller “Ikkje sagt noko”, men “bare tatt handa” hennar. Elvis har “vore stein daud i fleire år”, så når bandet speler ein av dei rolege songane hans, verkar det meiningslaust for guten. Når dei to så byrjar å danse, prøver han å distrahere seg sjølv med Einar Gerhardsen, Marlon Brando og geografi, men danselokalet og jenta sniker seg inn i mellom. Grytten bruker desse referansane for å vise korleis hovudpersonen i alkoholrus og forelsking prøver å roe seg ned med ein tankestraum som ikkje er relatert til det som skjer rundt han, og kanskje for å minne lesaren på at dette er ei lita historie om to små menneske i ei stor verd. Grytten er ein forfattar som er kjend for referansar til populærkultur, men også for sine skildringar av seksualitet og sine bilete, samanlikningar og metaforar. Her er bileta ikkje samstemde, og dei verkar tilfeldig valde. Guten blir samanlikna med ein lakrisremse; brystet er “blankt som eit skjold”. Frostrøyken flagrar som “fuglar i lufta” og månen stikk “sølvknivar ned i snøen”. Samanlikningane er lyriske, men ikkje særlig konsekvente. Det er likevel nokre bilete som har samanheng med kvarandre; forholdet mellom jenta og guten er beskrivne med lys og varme, men vanskane med å nå kvarandre fysisk, og omverda, er skildra kjølig og mørkt. Orda er som “blåskimrande pistolar”; dei skyt han ned og gir ut ein blå, altså kald, røyk. Jenta frys på heimvegen og det nemnast fleire gonger at det er snø på bakken. Uskulda står som “ein mur av is” mellom dei, men lysta er “ei glødelampe”. Ho står “ny og flammande” ved sida han i ball-lokalet. Han har over lengre tid vore ein “flamme i tankane hennar”. Denne motsetninga er Grytten sitt tydelegaste og mest konsekvente bilete. Seksualiteten og frustrasjonen rundt denne blir framstilt både direkte og metaforisk. Mot slutten konstaterast det at guten “ikkje torde”; han er “framleis jomfru”. Dei seier god natt “utan å vere nær kvarandre”. Samstundes brukast flammebileta og fleire dramatiske bilete. Når jenta drar han med ut på dansegolvet, føler han det som “eit jordskjelv var i emning”. Å danse med henne og lukte sjampoen hennar, er som å vere “ei floge i eit whisky-glas”. Sjølv om Grytten presiserer at dei båe har lyst (underforstått seksuell lyst), spring jenta inn når han har følgt ho heim. Det er han som ikkje torde. Jenta er den som byr opp til dans, men det seksuelle initiativet ser guten som si oppgåve. Det er dermed naturlig at det er perspektivet hans som dominerer, da frustrasjonen hans ligg i å få til 7/29
noko seksuelt mellom dei. Eit dårlig band, temperaturen, samtalen; det verkar som alt står i vegen for den unge mannen sin seksuelle debut. Den unge mannen framstillast ikkje berre som seksuelt frustrert, men også ivrig etter å bli vaksen. Han tenker på Gershwin og Hemingway, og vurderer å prate med jenta om Marx sine teoriar og situasjonen i det sørlege Afrika (på tida denne novella er skriven, siktast det sannsynlegvis til apartheidregimet si gryande oppløysning i Sør-Afrika). Han har stole ein sigar av faren og smugla inn whisky, men får whiskyen i vrangstrupa og hostar av røyken så han får tårer i auga. Han er altså ikkje ein vaksen mann ennå – kanskje er det like greitt at det ikkje blei noko seksuelt mellom dei den kvelden? Til slutt lar Grytten hovudpersonen ta ut frustrasjonen sin verbalt på orkesteret. Dette betyr både at hovudpersonen skyldar på bandet for den uforløyste spenninga, og at han er tilbake til å kunne bry seg om trivialiteter. Slutten er dermed ikkje nødvendigvis trist. Grytten bruker relativt generelle referansepunkt, nokre samanhengande bilete og svært lite dialog for å få fram den seksuelle spenninga i løpet av ein kveld for to anonyme tenåringar. Resultatet er ein studie av to heilt vanlege personar ein heilt vanleg kveld i Noreg i ei var skildring av kjenslene og forvirringane rundt kjærleik og seksualitet. Det er kanskje ein overflod i norsk litteratur av små augeblikk i oppveksten på små stader. Den litterære arven vår er prega av realismen, og tradisjonen er framleis uanfekta av den overhengande faren for klisjéutvikling. Da er det godt at ein novelleforfattar som Frode Grytten maktar å gjengi det kvardagslige og allmenngyldige på ein poetisk og varsam måte, utan å ofre den realistiske tradisjonen.
Sjekkliste: DIKTTOLKING Det er relativt strenge reglar for oppbygging av ei dikttolking. Ein diktanalyse skal ha ei innleiing og ei avslutning, og hovuddelen skal ha ein logisk og oversiktlig struktur. 7) Innleiing Innleiinga skal ikkje vere svar på oppgåva, ei heller ei omtale av korleis du vil leggje opp arbeidet ditt: ”I denne analysen skal eg ta for meg …. • Innleiinga kan for eksempel knyte diktet/dikta til ei litterær retning eller eit tema, eller du kan presentere diktaren (diktarane) og den tida dikta er blitt til i. Du bør også gjere det klart kva dikt du skal tolke, kven som har skrive dei og når dei vart publiserte første gong.
•
8) Hovuddel •
Les diktet/dikta nøye og presenter tolkinga di av kva som er tema. Så følgjer ”bevisføringa” for ho, og her kan du velje mellom fleire framgangsmåtar. Uansett korleis du gjer det, bør du gi kvart moment eit eige avsnitt. Ein idé er å starte med ein presentasjon av diktet/dikta si form (strofer, linjer, rim) for så å gå vidare til språk, ordval og språklege bilete. Da har du eit godt grunnlag for å seie noko om tema og bodskap. Unngå personlege meiningar som du ikkje kan føre bevis for! • Alt du seier om dei ulike verkemidla (form, språk, språkelege bilete osb.) må følgjast av eksempel og kommentarar om kva dei betyr for tolkinga di. Følg tretrinnsmodellen: 1) påstand om verkemiddel, 2) eksempel på bruk (sitat) og 3) kommentar om verknad, gjerne knytt til forståinga di av temaet eller stemninga i diktet/dikta. • I tekstar der du tolkar fleire dikt på same tid, bør du ”ta med deg” alle dikta heile vegen. I hovuddelen er det såleis best om du ser på alle dikta i tilknyting til dei ulike momenta parallelt, framfor å ta for deg eitt og eitt dikt. Dette skaper betre flyt, og samanlikninga vert tydelegare. • Ver nøye med rekkefølgja på momenta, og sørg for gode overgonger mellom avsnitta. • Hovuddelen avsluttast med ein konklusjon. 9) Avslutning •
Etter å ha konkludert i hovuddelen, bør dikttolkinga rundast av med ei generell betraktning. • Ikkje gjenta noko du har sagt før og unngå sjølvsagte forhold. • Ta gjerne opp ein tråd frå innleiinga slik at du får ein sirkelkomposisjon, eller filosofer litt over for eksempel kva plass tema i diktet/dikta har i vår eiga tid. Hugs fisken: La den slå litt med halen til slutt! • Hugs tittel! Den skal seie noko om innhaldet i teksten din utan å røpe for mykje. Han må med andre ord skrivast til slutt.
9/29
EKSEMPELTEKST: Oppgåve: Tolk og samanlikn dikta ”Storby-nat” (1925) av Rudolf Nilsen og ”Byens metafysikk” (1933) av Rolf Jacobsen.
Når stjernene bleiknar Uansett korleis ein vrir og vender på det, er det gjerne ein klar samanheng mellom diktinga og verkelegheita. Døme på dette er industrialiseringa av Noreg frå slutten 1800-talet som sette fart på landet, men som hadde sine skuggesider. Byane voks og blei arena for økonomisk vekst og teknologisk utvikling, men og for forureining og rasering av naturen, aukande klasseskilje og menneskeleg liding. Mange diktarar har retta blikket på denne utviklinga gjennom byskildringar. Mellom dei er arbeidardiktaren Rudolf Nilsen med diktet ”Storby-nat” (1925) og modernisten Rolf Jacobsen med ”Byens metafysikk” (1933). Dei to diktarane opplever byen heilt forskjellig, for medan Rudolf Nilsen sitt dikt langt på veg er ein hyllest til Kristiania, teiknar Rolf Jacobsen mykje av eit skrekkscenario. I ”Storby-nat” er eg-et ”varm av lykke” og kjenner seg heime: ”i dette dyp har jeg mitt hjem, min rot”. I Jacobsen sitt dikt derimot er forholdet til den same byen skildra som slaveri: ”− de samme usynlige lenker av jern og kobber binder oss sammen”. Ettersom båe dikta tar for seg resultata av menneskeleg verksemd, er det nærliggjande å tolke dei som kommentarar til den industrielle utviklinga. Natur og teknologi er sette opp mot kvarandre både hos Nilsen og Jacobsen, men her sluttar likskapen. Naturen har nemlig fått motsette forteikn i dei to dikta. I ”Storby-nat” skildrast til dømes stjernene som ”stumme trusler”, medan naturen er knytt til solskin og ljos i ”Byens metafysikk”. Skilnaden mellom dei to dikta kjem tydelegast fram gjennom forma. Som kommunist og arbeidardiktar var det viktig for Rudolf Nilsen at dikta hans hadde ein klar bodskap. 7 Tradisjonell form pregar da også forfattarskapen hans, og ”Storby-nat” er ikkje noko unntak. Strofene og versa er regelmessige, og speglar harmoni. Det gjer også enderima som er gjennomgåande så å seie i heile diktet. Rimmønsteret brytast likevel i nest siste verselinje i dei to siste strofene, og det er på desse stadene ein finn dei få, men sterke språklege bileta. I den tredje strofa samanliknast byen med ”en kjempestor konkylie”, ein stad der det aldri er heilt stille. Her er ”monotone sus” ein positiv kontrast til dei skremmande ”tause hus”. Besjeling finn ein og i siste strofe, der stjernene trugar og jorda kviskrar: ”her hvisker ikke mulmet mot mitt øre”. Dei referansane ein finn til natur i ”Storby-nat” er altså stille, stjerner og jord, og dei har alle eit negativt forteikn. Rudolf Nilsen plasserer seg trygt som nyrealist i dette diktet. ”Storby-nat” er heimstaddikting god som nokon, for diktet er først og fremt ei kjærleikserklæring til Kristiania og til byproletariatet 8 der. Men vi møter og den revolusjonære diktaren når han sett den menneskeskapte byen framfor den uforståelege naturen. I sitt mest kjente dikt, ”Revolusjonens røst”, seier han dette i klartekst: ”Gi mig
7 Grip teksten, s. 177 8 http://www.vgskole.net/teachers/norsk/litteratur/forfattere/rudolf_nilsen.htm
de gudløse stolte, som ikke har trang til mystikk, men dristig vil skape sin himmel her efter sin egen skikk.”9 Medan Rudolf Nilsen hyllar menneskeleg verksemd og avviser oversanselege fenomen, har Rolf Jacobsen hatt på seg andre briller i ”Byens metafysikk”. Jacobsen er ein av dei mest kjente, modernistiske lyrikarane her til lands, og særpreget hans kjem godt til syne både i form og innhald i dette diktet. Modernismen som litterær retning er nært knytt til dei uheldige sidene ved den teknologiske utviklinga, og forureining og øydelegging av naturen får diktarane til å føle seg framande i verda. Dikta deira er ofte prega av angst, og for å skildre det som må karakteriserast som kaos, bryt dei med tradisjonell, regelbunden form og bruker nye og overraskande språklege bilete.
10
”Byens metafysikk” var eit av dikta i debutsamlinga Jord og jern frå 199311, og Jacobsen var frå første stund fascinert av forholdet mellom teknikk og natur. Han var tidleg ute med å sjå kritisk på utviklinga også, og i ”Byens metafysikk” er det skuggesidene ved byveksten han rettar merksemda mot. Besjeling er her brukt som verkemiddel for å skildre ei skremmande røynd. For diktets eg er byen nemleg .ein levande organisme der ”Telefonkablenes nervefibre. Gassledningenes hule blodårer” og ”Byens jernkledde innvolder” er døme på besjeling. Det er og kloakkane, som er bilete på forureining. Desse underjordiske installasjonane skremmer eg-et, noko som formidlast med negativt lada ord: ”gassledningenes syke hoste i avgrunnen.” Den same teknikken er brukt når kloakkane skildrast med ord som ”tordne”, ”slam” og ”stank”. Tidleg i forfattarskapen var Rolf Jacobsen kanskje meir nysgjerrig på enn kritisk til den nye teknologien, og han hadde ei relativt forsonande haldning til utviklinga 12. Han såg på teknikken som ein trussel mot menneska, men også som ein tener for dei. I ”Byens metafysikk” kjem dette til syne i dei to siste strofene. Her vender diktets eg seg til eit ”du”, og kontrastane til første del av diktet er slåande. Handlinga er flytta til jordoverflata, og mørket er erstatta med ljos. Ho som dansar med ”flammende fotsåler” er ein klar motsetnad til dei som er bunde av ”lenker av jern og kobber”. I siste strofe ber kastanjelauvet bod om at naturen vil sigre, og i englebiletet får det evige kretslaupet ein oversanseleg, metafysisk dimensjon. Rudolf Nilsen sitt dikt blei utgitt i 1925 i samlinga ”På stengrunn” og gir eit positivt bilde av byen. Han finn lykke i det menneskeskapte, og skremmast av allnaturen som han ikkje forstår. I Rolv Jacobsens ”Byens metafysikk” frå 1933 finn ein og positive sider ved byen, men diktaren er skremt av den teknologiske utviklinga som øydelegg naturen. Som lesarar i dag, ser vi at det nok var Jacobsen som hadde ”rett”. Han var forut for si tid og tok opp miljøspørsmål allereie på 1930-talet. Likevel vil nok dei fleste finne noko som angår dei i båe dikta, for sjølv om dikting og verkelegheit er i nær slekt, er dei ikkje eitt. Diktinga er noko meir. Litteraturliste: 9 http://www.vorhaug.net/kultur/rulle/samlede_dikt/gjensyn/revolusjonens_rost.html 10 Grip teksten, s. 96 11 http://no.wikipedia.org/wiki/Rolf_Jacobsen#Bibliografi 12 http://www.vgskole.no/teachers/norsk/litteratur/1940_dd/landskap_med_gravemaskiner_ped.php
11/29
1. Dahl, B. H. et al. Grip teksten. Norsk VG3. Studieforberedende utdanningsprogram. Aschehoug, Oslo 2008. 2.
http://www.vgskole.net/teachers/norsk/litteratur/forfattere/rudolf_nilsen.htm Lasta ned 6.2.2011
3.
http://www.vorhaug.net/kultur/rulle/samlede_dikt/gjensyn/revolusjonens_rost.html Lasta ned 6.2.2011
4.
http://no.wikipedia.org/wiki/Rolf_Jacobsen#Bibliografi Lasta ned 6.2.2011
http://www.vgskole.no/teachers/norsk/litteratur/1940_dd/landskap_med_gravemaskiner_ped.php. Lasta ned 6.2.2011Sjekkliste RETORISK ANALYSE
En retorisk analyse er sjangermessig en artikkel, og kravene til oppbygning er relativt strenge. Analysen skal ha en innledning og en avslutning, og hoveddelen bør bygges opp på en oversiktlig måte. Innledning Her gjør du klart for leseren hvilken tekst (reklame, leserinnlegg eller lignende) du skal behandle i teksten din. Hvem står bak teksten? Hvor/når er den publisert? Hvem er mottakeren? Hva handler teksten om (tema)? Hva er hovedsynspunktet i teksten (budskapet)? Må teksten ses i en bestemt sammenheng? Del av en pågående debatt? Noe nytt? Hoveddel Begynn med å presentere de viktigste ”åpne” argumentene i teksten. Presenter de viktigste retoriske virkemidlene som er brukt i teksten. Gi hvert virkemiddel et eget avsnitt. Pass på at du fokuserer på alle interessante sider ved språkbruk og bilde. Tenk at behandlingen din av disse skal fungere som bevisførsel for det du har påstått er hovedsynspunktet i teksten(e). Alt du sier om de ulike retoriske virkemidlene som er brukt i teksten, bør følges av eksempler og kommentarer om virkning. Følg tretrinnsmodellen: 1) påstand om bruk av virkemiddel, 2) eksempel på bruk (sitat), 3) kommentar om virkning (gjerne knyttet til din forståelse av hovedsynspunktet i teksten(e)). Du bør fokusere på de virkemidlene du synes er mest interessante sett i forhold til hovedsynspunktet du har påvist. Det er ikke noe krav at alle virkemidler skal kommenteres. Er det et bilde med i teksten, glem ikke dette! I tekster der du tolker flere tekster på samme tid, anbefales det at du ”tar med deg” alle tekstene hele veien, og at du i hoveddelen ser på alle tekstene i tilknytning til de ulike momentene du behandler parallelt, framfor å ta for deg en og en tekst. Dette skaper bedre flyt, og sammenlikningsaspektet blir tydeligere. Avslutning Her oppsummerer du de viktigste funnene i teksten din og konkluderer på bakgrunn av dette med hvordan du vurderer den analyserte teksten. Fungerer den bra/dårlig? Oppgåve: Analyser teksten ”Mellom venner” av Einar Økland (vedlegg). Bruk omgrep frå retorikken. Kommenter deretter det synet Økland har på bilisme.
13/29
Retorisk analyse og kommentar til «Mellom venner» Einar Økland har skrive ein tekst om holdningar til bilisme som heiter «Mellom venner». Han vart gitt ut i bladet Natur & Miljø i 1995, og i denne oppgåva skal eg analysere teksten med utgangspunkt i omgrep frå retorikken. Eg skal og kommenterer synspunkta teksten gir uttrykk for. Teksten byrjar med ein påstand om at fleire miljøvenar har vorte bilistar og omvendt. Dette vert ikkje vidare forklart, og Økland held fram med ei personleg historie om at han aldri har køyrt bil, og at det er derfor han vert kalla fanatikar. Han seier kva det nestverste og verste ein kan seie til bilistar er. Her kjem forfattaren med ein påstand: «Alle bilistar er imot skattar». Dette er ein tvilsam generalisering som ikkje held vatn i ein artikkel, men som kan fungere som overdriving i eit kåseri. I avsnittet om det verste ein kan seie til ein bilist, vert ei samanlikning nytta, og så følgjer det fleire: Parkeringsplassar er som søppelplassar, vegar er treningsbanar for kamikaze og skyting og bilisme er såkalla terrorøving. Til slutt skriv Økland at kvar gong ein bil vert øydelagd, vert han erstatta, men at mange naturvenar likevel støttar bilbransjen. Dermed gjer han det klart kva hans personlege syn på saka er. Økland nyttar ei personleg tone gjennom heile teksten, for han skriv heile tida om kva han meiner, seier og har opplevd. Det er vanskeleg å finne ein god raud tråd gjennom «Mellom venner». Det kan vere ekstreme miljøvener si haldning til bilistar, som forfattaren sjølv er representant for. Likevel er heile teksten ein stor digresjon, for det er vanskeleg å finne eit tema som gjennomsyrar heile teksten. Dette bryt med sjangertrekk for dei fleste skrivesjangrane. Mest lik er teksten eit kåseri, sjølv om den
15/29
og har nokre av lesarinnlegget sine sjangertrekk. I kåseri er digresjonar tillatne, men dei skal framleis ha ein raud tråd gjennom heile teksten. Teksten er for det meste refererande, men nokre stader nyttar Økland også dialog. Eit eksempel på dette er: «Men du er vel ikkje fanatikar heller, Einar?». Det er uklart kva desse brota på referat har i teksten. Teksten er i det heile tatt kaotisk og full av merkelege samanlikningar. Nokre av desse gir meining, men dei er likevel problematiske. Dette gjer at forfattaren ikkje gir lesaren ei klar oppfatning av logos, at det kan herske tvil om at det han skriv er sanning og verkar fornuftig 13. Å seie at ein parkeringsplass eigentleg er det same som ein søppelplass, held ikkje for dei fleste, fordi ein også parkerer syklar der, som ikkje skadar miljøet, og ein hentar bilen sin igjen. Dette gjer at lesarane ikkje trur at alt innhaldet er sant, eller ein gong sannsynleg. I tillegg til dette kjem forfattaren med mange påstandar utan nokre bevis, som at naturvenar støttar bilbransjen. Det høyrast utruleg ut, og derfor er det vanskeleg for lesarane å berre godta det, spesielt når forfattaren ikkje ein gong viser til kjelder. Alt dette gjer at han framstår som usakleg og lite seriøs. På ei anna side nyttar Økland patos14 på ein spesiell måte, som kan fungere bra. Forfattaren skapar kontinuerleg negative kjensle til bilisme, ved at han framsteller bilistar som hyklarar, samanliknar bilar med søppel og å køyre bil med terrorisme. Dette gir lesarane dårlege kjensler i forhold til saka til motstandarane hans, men det verkar ikkje som det automatisk skapar positive kjensler til saka til forfattaren. Han seier ikkje kva han vil, meiner eller vil gjere. Han berre kritiserer korleis han meiner nokre bilistar og naturvener er. I tillegg til dette er det eit så sterkt fokus på patos at det reduserer kjensla av sanning. Økland hadde sannsynlegvis overtydd fleire lesarar dersom han hadde appellert til kjenslene samtidig som han hadde lagt vekt på logos. Det er også vanleg i retorikken berre å nytte patos mot slutten. Økland gjer det gjennom heile teksten. Ethos, kor truverdig Økland framstår1, er svakt. Han har openbart ikkje greie på korleis bilar fungerer, for han aldri har køyrt sjølv, og lesarane veit truleg ikkje kven han er. Hadde han presentert seg sjølv i byrjinga av teksten, ville det nok har gjort han mykje meir truverdig. På ei anna side vert «Mellom venner» trykt i Natur & Miljø. Det er eit magasin for folk som allereie veit noko om miljø, og kanskje også kven Økland er. Då er det ikkje naudsynt med nokon presentasjon, og sidan målgruppa er nokså einsarta, reduserast også behovet for logos. I tillegg framstår Økland som ein fornuftig og reflektert mann: Han røyker ikkje og han kan trekkje gode samanlikningar. Dette gir han nok ein god del truverde hos lesarane til Natur & Miljø. Likevel skapar han ikkje noko kjensle av evnoia15, velvilje, hos lesarane. Dette er fordi han går til angrep på ei handling som ein stor del av befolkninga i Noreg utfører dagleg. Han er ikkje ein gong villig til å inngå eit kompromiss med bilistane, og han seier at dei stel frå andre. Dette gjer at han framstår som ekstrem, og det er truleg difor han fleire gonger prøver å gje uttrykk for at han ikkje er fanatisk. Viss han ikkje er ein ekstremist, vil han framstå som meir velvillig. Økland har heller ikkje god aptum16, for han vert ikkje oppfatta som høveleg og passande. Å kalle store delar av befolkninga i Noreg for tjuvar, er ikkje høfleg i eit blad som Natur & Miljø, og nokre vil nok oppfatte mange av dei andre samanlikningane hans også som lite passande. 13 Grip teksten, s. 290 14 Ib.id s. 290 15 http://folk.uio.no/khflyum/Geilo2003.pdf 16 http://folk.uio.no/khflyum/Geilo2003.pdf
Synspunkta til Økland er ganske spesielle, særleg viss ein tenkjer på at teksten vart gitt ut allereie i 1995. Han samanliknar bilistar som klagar over røykarar med tjuvar som seier at ein ikkje skal stele. Ein tenkjer gjerne at dette held jo ikkje, for røyking skapar ikkje global oppvarming. Men tobakksrøyk skadar likevel menneske og natur på andre måtar. I dag er det nærmast merkeleg å lese om miljøet, utan at forfattaren berre tenkjer på global oppvarming. Difor synest eg at denne samanlikninga held, men eg er framleis ikkje einig med Økland. Er det verkeleg gale å vere mot ei form for forureining, sjølv om ein sjølv lagar ei anna? Det vert litt som å kaste stein i glashus, men ein må samtidig kunne påpeike at andre gjer noko gale, utan at ein sjølv er perfekt. Med andre ord må ein kunne kritisere bilismen sjølv om ein røyker. Einar Økland ser ikkje ut til å forstå kva bilen er for mange. Han seier sjølv at han aldri har køyrt bil, og dette tyder at han ikkje er kvalifisert til å kalle bilar for korkje søppel eller emballasje. For ein del, særleg unge menn, har bilen stor verdi. Han er eit symbol på status og dei nyttar mykje av fritida si på og i bilen. Økland har ikkje grunnlag for å trekkje samanlikninga mellom bilar og søppel, då han sjølv ikkje anar kva bilen har å seie for folk. Om det er ein god ting å sjå på bil som fritidsinteresse og lidenskap, er eit heilt anna spørsmål. Å kalle vegane for skytebanar vert også feil. Poenget med å skyte er å øydelegge, medan formålet med ein bil er å kome seg frå punkt A til B. Å seie at bilar er farlege, er det ikkje noko gale med, men å skade folk er ikkje grunnen til at vi bruker dei. Då kunne Økland like gjerne ha kalla bilisme for ein usikker metode for sjølvmord. Skadar og ulukker er eit uynskt biprodukt av bilismen, og difor held ikkje denne samanlikninga mål. I slutten av teksten peikar forfattaren på at mange miljøvenar støttar bilbransjen og Norges Automobilforbund, og dette er han kritisk til. Her støttar eg han, for å vere for miljøet og samtidig for fleire nye bilar er eit paradoks. I dag har vi vel sett at bilindustrien ikkje har interesse av å verte miljøvenlege, for dei vil berre tene pengane sine så lenge som mogleg. Einar Økland har skrive ein tekst som etter mi meining eigentleg ikkje passar inn i nokon sjanger. Han er ein stad mellom eit kåseri utan nokon raud tråd og eit kaotisk lesarinnlegg. Teksten er gjennomgåande veldig personleg. Økland er ikkje nokon stor retorikar: Han er korkje sterk på logos eller ethos. Dette manglar ved at han nyttar usaklege samanlikningar, kjem med påstandar utan bevis eller skikkelege argument, og ikkje seier noko om bakgrunnen sin. På ei anna side klarer han å skape negative kjensler (patos) for saka til bilismen, mykje ved samanlikningane som speler på kjensler. Dessverre øydelegg dei same samanlikningane for logos. I tillegg framstår han heller ikkje som særleg velvillig og han kan også verte oppfatta som uhøfleg. Ein må spørje seg sjølv om kva han eigentleg vil oppnå med denne teksten. For meg er dette framleis litt uklart, sjølv om han openbart er mot bilisme og røyking, så er det ikkje noko klart bodskap i denne teksten. Viss ein nyttar retoriske verkemiddel, må ein faktisk ha noko å overtyde folk om. Synet til Einar Økland er ekstremt, og det er truleg difor han nemner ekstremisme og fanatisme fleire stader i teksten. Han trur kanskje at dette gjer at han framstår som meir moderat, men det fungerer ikkje slik. Eg er stort sett ikkje eining med han om noko, anna enn at ein ikkje burde støtte bilbransjen dersom ein er for miljøet. Kjelder: 1. Dahl, B. H. et al. Grip teksten. Norsk VG3. Studieforberedende utdanningsprogram. Aschehoug, Oslo 2008. 17/29
2. http://folk.uio.no/khflyum/Geilo2003.pdf
Sjekkliste: ESSAY Essayet kan beskrives som en lang ”artikkel” som ”prøver ut” én tanke. Det er drøftende og resonnerende og hører til saktekstene, men skiller seg fra dem ved bruk av litterære virkemidler. •
Åpning: Essayet skal ikke ha en innledning slik som en artikkel, men fange leserens interesse for eksempel gjennom en hendelse eller en personlig opplevelse som har gjort inntrykk. Det kan også åpne med et spørsmål eller et artig, merkelig eller klokt sitat.
•
Personlig: Forfatteren er tydelig til stede i teksten og jeg-formen er ikke uvanlig. (Dette betyr ikke at ”jeg” forekommer så veldig ofte.). Direkte leserhenvendelser som ”du” og ”deg” bør unngås fordi de gjør teksten for personlig. Forfatteren trekker gjerne inn personlige erfaringer for å belyse saken. Engasjement blir derfor et nøkkelord for essayet, og artikkelens saklig-orienterte stil blir i essayet byttet ut med den personlige, nesten subjektive, vinkling. NB: Personlig betyr ikke usaklig!
•
Tankesprang: Essayet beskrives gjerne som en ”spasertur med avstikkere”. Leseren ledes fremover på en vei full av småhistorier, anekdoter, skildringer, eksempler fra litteratur eller historie og frie assosiasjoner. Det er likevel en rødt råd i dette mylderet; alt skal være med og kaste lys over saken.
•
Lek med språket: Språklig skal et essay være elegant med gode formuleringer. Ordvalget må heve teksten ut over det hverdagslige, og teksten må ”høystemmes” ved bruk av språklige bilder som allusjoner, metaforer og symboler . Gjentakelser og kontraster, rytme i setningsbyggingen, ordspill og (bokstav)rim er også virkemidler som hører til essaysjangeren.
•
Åpen slutt: Målet med et essay er å undersøke et emne og sette tankene i gang hos leseren. I et essay må man derfor unngå å konkludere. Slutten kan gjerne vise til åpningen (sirkelkomposisjon), stille et spesielt godt spørsmål eller være en historie som oppsummerer ”alt”. Så blir det opp til leseren å trekke en konklusjon.
•
Tittelen: Skal fange interesse uten å røpe innholdet. Se eksempelteksten.
Menneskenes hjerter Forestill deg et menneske som aldri gjør noe galt. Et menneske som tenker de rette tankene og følgelig alltid handler rett. Dette mennesket er den personifiserte godhet. Han skyr umoralen som om den skulle vært Lucifer i egen person. Han hjelper de fattige, de syke og døende. Han ofrer seg selv for andre, og smiler selv om verden er grå. Om noen slår ham ned vender han det andre kinnet til. Han er glad i alle, selv de som vil ham vondt. Han er perfekt, selv om han aldri selv ville ha innrømmet det. Det er kun en ting man kan stille spørsmål ved vedrørende hans person. Finnes han? Går det mennesker rundt på kloden vår som aldri skader noen, aldri lyver, aldri stjeler eller aldri snakker stygt om andre? Er umoralen en del av menneskenaturen, eller kan den undertrykkes? I Decameronen av Giovanni Boccaccio står fortellingen om Peronella som gjemmer sin elsker i en tønne når mannen hennes kommer hjem tidligere enn hun hadde ventet. Peronella og hennes elsker klarer å lure mannen, og de får ham til å skure tønnen ren for så å bære den hjem til sin kones elsker. Ser man på historien med et bebreidende moralsk blikk, er det klart at konen og elskeren handler svært urettferdig ovenfor mannen. Ved utroskap bryter de en av de eldste og mest grunnleggende
samfunnsnormene som er. I tillegg er de slemme og lurer ham. Peronella fullfører lureriet ved å lyve mannen sin rett opp i ansiktet: “Var jeg fornuftig, så tok jeg meg en elsker jeg også, slik som andre folk gjør!” sier hun. Alle mennesker handler galt og umoralsk av og til. Alle mennesker lyver, jukser og stjeler. Jeg mener at et menneske som aldri noen gang gjør noe av dette ikke lenger er menneskelig, da fravær av perfeksjon er det naturlige. Et perfekt individ er ikke naturlig, og et menneske uten feil er ikke et ekte menneske. Betyr dette at vi kan forsvare umoral ved å si at alle handler galt en gang i blant? Kan det at Peronella er utro rettferdiggjøres fordi mange andre har gjort det samme både før og etter henne? Decameronen ble skrevet i tiden rundt svartedauden. Pestepidemien er sentral i verket siden det handler om en gruppe mennesker som rømmer for å unnslippe pesten. Nettopp slike tider, preget av kaos og løsere samfunnsstruktur, har ofte en tendens til å fremme umoral. Det kan godt hende at Decameronen aldri kunne ha blitt skrevet uten det store pestutbruddet. Med svartedauden som bakteppe kunne kanskje Boccaccio tillate seg å gå mye lenger i sine lystige skildringer. Det sies jo at anledning skaper tyv. Men ikke alle blir tyver selv om anledningen byr seg. Noen griper også anledningen til å gjøre godt, slik som for eksempel italieneren Giorgia Parlasca, som nærmest tilfeldig endte med å redde 5000 ungarske jøder under andre verdenskrig. (A-magasinet, 25.11.11). Han valgte å handle uselvisk der andre ville valgt egen vinning. Som nevnt er Decameronen en svært gammel tekst. Likevel er spørsmålene den tar opp og problemstillingene den presenterer fortsatt veldig aktuelle. Utroskap, som er den sentrale synden i fortellingen om Peronella, er fortsatt et tema sterkt preget av skam. I dagens samfunn har vi ikke lenger de sterke forpliktelsene ovenfor Gud, så det er ikke lenger trusselen om skjærsilden og helvete som er riset bak speilet. Du skal ikke lyve og du skal ikke stjele, står det i Bibelen. Utroskap er en handling som forutsetter løgn. Er det nettopp denne løgnen og bedraget som byr oss i mot, og gjør at vi føler skam hvis vi begår en slik udåd? Disse to budene som er og alltid har vært så sentrale både i religionen og i samfunnet er vanskelige for oss å bryte selv i dag. De har rett og slett blitt grunnsteiner i det som i dag utgjør normene i samfunnet vårt. Så selv om det har gått godt og vel 650 år siden Boccaccios tid, er problemstillingene hans fortsatt like aktuelle. Immanuel Kant taler klart: Man følger de gitte normene i et samfunn, slik handler man rett . Vil ikke mennesket føle seg bundet av å være tvunget til å følge ett gitt sett med regler til en hver tid? Hva med menneskets trang til frihet, til å kunne bestemme over eget liv og egne handlinger? I enkelte situasjoner er det jo faktisk menneskenes trang til å trosse autoritetene som har ført til rettferdighet, både i virkeligheten, men også i litteraturen. Hvordan hadde det gått for Edmond Dantès hvis han hadde akseptert sin dom og aldri prøvd å rømme fra Château d’lf ? Det ville i alle fall ganske sikkert aldri blitt noen greve av Monte Cristo. De norske motstandsstyrkene under andre verdenskrig er et annet eksempel. De hadde moralen på sin side, i følge dem selv. Tyskerne var nok neppe enige. Likevel bidro de til frigjøringen av Norge, og minnes som helter. Vi må igjen og igjen konkludere med at spørsmålene om hva som er moralsk riktig og ikke, er svært komplekse og kommer an på øyet som ser. Det å bryte normer for egen vinning er en kjent sak. Nettopp dette er jo bakgrunnen for omtrent all umoral. Peronella gjør det samme. Hun begår urett mot mannen sin, for å selv kunne ha det bra med sin elsker. John Stuart Mill sa en gang at det skulle være størst mulig lykke for det størst mulige antall. I følge hans konsekvensbaserte etikk handler Peronella faktisk etisk riktig. Hun gjør en tjeneste både for seg selv og elskeren sin, mens den eneste som kommer i skade for å bli såret er Peronellas mann. 19/29
Han vet heller ikke om hendelsen, bidrar dette til å rettferdiggjøre handlingene til hans kone? Det man ikke vet, har man intet vondt av. I saker som omhandler moral og etikk har alle en mening. Kant og Mill har sagt sitt, sammen med mange andre. Hvordan man velger å betrakte historier som den om Peronella fra Decameronen er opp til en selv. Jeg mener at ordtaket “det man ikke vet, har man ikke vondt av” er relativt gjennomsiktig. Store løgner som utroskap er vanskelige å skjule, og selv om den som blir lurt ikke er helt klar over det, kan det godt hende personen aner at noe ikke er som det skal. Det å leve i uvisshet er også ganske forferdelig. De grunnleggende samfunnsnormene vi lever etter i dag kan i mange tilfeller spores tilbake nesten til begynnelsen av vår sivilisasjon. Selv om både samfunnet og synet på religion, politikk og rettigheter har endret seg drastisk gjennom tidene, har ikke menneskenes syn på hva som er rett og galt gjort det samme. Vi kjenner det i kroppen når vi har gjort noe umoralsk. “Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres, og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.” (Sigrid Undset) Kilder: Giovanni Boccaccio: Decameronen, (ca. 1350) utdrag hentet fra Dahl m. fl.: Grip Teksten, Aschehoug: (2007) Immanuel Kant. Store norske leksikon. Hentet fra http://snl.no/Immanuel_Kant (25.11.11) Lars Kluge: “Man sier at anledning skaper tyv. Vel, anledningen gjorde meg til noe helt annet.” Artikkel i Aftenpostens A-magasin (25.11.11) John Stuart Mill. I Store norske leksikon. Hentet fra http://snl.no/John_Stuart_Mill (25.11.11) Sigrid Undset: Fortellinger om kong Arthur og ridderne av det runde bord (1915)
Sjekkliste: KÅSERI •
Kåseriet tar gjerne opp et dagsaktuelt tema på en underholdende måte, men under det morsomme kan det likevel ligge en alvorlig undertone. Det trenger ikke være saklig, men bør heller ikke være altfor usaklig.
•
Kåseriet er en vandring i emnet. Man veksler mellom assosiasjoner, små historier, situasjoner, innfall, ironiske kommentarer, refleksjoner og overdrivelser. Dette bindes sammen av en rød tråd som skaper sammenheng i teksten.
•
Husk at teksten bør ha en tydelig rød tråd. Denne bør være med i alle sidesprangene som skal være med for å belyse temaet. Disse kan gjerne være originale, men de bør altså også oppleves som relevante i forhold til temaet.
•
Bruk gjerne en rammefortelling – en historie av typen ”Den dagen jeg skulle på det lokale NAV-kontoret” som resten av teksten ”pakkes” inn i. Dette kan fungere bra hvis du veksler mellom historien og andre refleksjoner, og hvis du sparer et artig poeng til slutt. Det er viktig at ikke teksten blir bare fortellingen.
•
Pass på å skape variasjon. La for eksempel en refleksjon følge etter en morsom historie, før neste morsomme historie kommer.
•
Bruk en personlig skrivemåte, kontraster, overdrivelser, humor, ironi, (retoriske) spørsmål.
•
Lek med språket: overraskende ord og uttrykk, lag selv nye ord, ordspill, språklige bilder osv.
21/29
EKSEMPELTEKST: Det Praktiske Familiebilregimet Ferrari og Laborghini, Porsche og Aston Martin, Koenigsegg, Maserati og Corvette. Å, herregud for ei liste! For nokre bilar! Berre lyden frå ein bil frå ein av desse bilfabrikantane ville fått håra til å reise seg på ryggen til alle menn innanfor ein radius på 500 meter, så lenge du ikkje heiter Jan Thomas eller Blomster Finn då, dei bryr seg nok ikkje om kor mange hestekrefter ein bil har, eller kor mange sekundar han bruker frå null til hundre kilometer i timen. Akkurat det der er litt rart eigentleg. Jan Thomas vil jo for eksempel aldri trenge ein praktisk familiebil. Alt han treng er jo ein bli med plass til seg sjølv og ein barnestol til kjærasten sin. Men tilbake til dyrkinga av bil. Bilen er jo det som skil menn i frå kvinner. Der kor kvinner ser fire hjul, eit ratt og ein motor, ser mannen lidenskap, kjærleik og fridom. Nicolas Cugnot fann opp den første bilen i 1769. Hovudgrunnen var faktisk å ha noe å stikke av frå den illsinte kona si i. Dessverre oppdaga kona bilen, og ein mørk haustnatt sneik ho seg ut å øydela bremsane. Resultatet var at Nicolas køyrde bilen i grøfta i ein skarp venstreving. Du fryktar nok det verste, men sidan bilen bare gjekk i 4 kilometer i timen var både bil og førar så å seie intakte. Sjølv om kona hadde vunne den fyrste runden må du ikkje tru at Nicolas gav opp. Han lappa saman bilen, laga ein større motor og snart var han over alle haugar og fri frå den heksa av ei kone. Det er denne trongen til fridom som lever vidare i alle oss menn i dag! Mye av motivasjonen til menn som kjøper raske biler er jo det å komme seg lengst mogleg vekk frå kona så raskt som i det heile mogleg. Men dessverre er det altfor mange menn der ute som aldri får oppleve den herlege følelsen av å suse nedover motorvegen mens avstanden til kona aukar med 150 kilometer i timen. Dessverre er det mange kameratar som må lide under det såkalla «Praktisk familiebilregimet». Dette er ein form for undertrykking av den mannlege trongen til fart og fridom utvikla av «kvinnekampekstremistane» på 60- og 70-talet. Dei bestemte seg for at mannen og behova hans for fridom skulle kvelas. Måten dei gjorde dette på var at dei infiltrerte dei store bilfabrikantane gjennom å ta seg jobb som sekretærar. Når dei hadde fått jobben, brukte dei sin kvinnelege list, eller hjernevasking som er det riktige namnet på denne metoden, og lurte sjefane til å setje i gong masseproduksjon av dei såkalla praktiske familiebilane, som det til då hadde vore liten etterspørsel etter. Då det var gjort, let dei ordet bli spreidd på kvinnelege samlingspunkt, som syklubbar og «tupperware parties», om at alle skulle få ektemannen til å kjøpe ein praktisk familiebil. Om nødvendig skulle dei ta i bruk det verkemiddelet som ingen mann kan stå i mot: Dessert. Det er nemleg blitt forska på, og bevist at dessertar av forskjellege slag har ein uimotståeleg tiltrekkingskraft på det mannlege kjønn. Så alt kvinnene trengde å gjere, var å servere mannen sin favorittdessert, tilfeldigvis slenge inn spørsmålet om bil mens mannen var på sitt mest sårbare stadium, og vips, så stod det ein stygg og trygg, romsleg firedørs i oppkjørselen. Vel, trygg var den vel strengt tatt ikkje. Etter at regimet blei innført, auka trafikkulykkene med 54 prosent. Grunnen til denne drastiske aukinga var at mannen kjeda seg så mye bak rattet i den nye bilen, at han rett og slett sovna. Dette visste kvinnene å utnytte, og snart hadde dei tatt førarplassen frå oss også. Situasjonen såg svart ut.
Det auka salet av familiebilar gjekk utover sportsbilfabrikantane. Det såg ein periode ut som om dei skulle bukke under, men i Italia, sportsbilens heimland, starta dei ein motoffensiv. Når eg tenkjer over det, så har eg eigentleg alltid hatt lyst til å dra til Italia. Italia er liksom det perfekte landet. Der har dei den beste maten, dei beste damene og dei beste bilane. Bare tenk deg å rase nedover landevegen med vinden i håret, og eit smykke av ei dame ved sidan av deg. Dei italienske damene er faktisk dei einaste damene som ikkje var, eller er, med på undertrykkinga av mannen sitt ønske om fart og fridom. Dei er dei einaste frå det andre kjønn som forstår seg på den lidenskapen som det går an å føle for ein boks med eit ratt og fire hjul. Grunnen til dette er at dei er frå landet som har bilar som Ferrari, Lamborghini og Maserati. Dei har rett og slett fått det inn med morsmjølka. Derfor vil eg ta eit augeblikk med stillheit for å ære dei flotte italienske kvinnene, som ikkje bryr seg om kvinnekamp, men berre tenkjer på den neste veska, eller dei neste para med sko som dei skal kjøpe med kredittkortet tildei rike mennene sine, som jobbar for Ferrari eller Lamborghini. Slik, der var det augeblikket over. Nå tilbake til kampen mot dei som hatar menn. Kampen som italienarane starta mot kvinnene begynner endeleg å gi resultat. Salet av sportsbilar tar seg endeleg opp igjen og endeleg er det mogleg for ein rik forretningsmann over femti å realisere gutedraumen om å kjøpe seg ein Ferrari. Endeleg kan han setje seg inn i det nye, raude fartsmonsteret, endeleg kan han ruse motoren og kjenne hestekreftane vibrere gjennom bilen, endeleg kan han trampe pedalen flat, kjenne vinden blafre i det han har igjen av hår, ta eit blikk i sidespegelen og sjå at kona forsvinn, mens avstanden aukar med 150 kilometer i timen. Nå må vi naturlegvis ta med i betraktninga at vi i dag, i motsetning til på Nicolas Cugnots tid, har mobiltelefonar, og at mannen ganske snart vil få ein illsint telefon fra kona som lurar på kor i helvete han har tenkt seg. Han må da forstå at middagen ikkje lagar seg sjølv, og at sonen må køyrast på fotballtrening! Når denne telefonen kjem, er ikkje mannen like høg i hatten. Han må bite i det sure eplet og komme seg heim i ein rasande fart. Han fekk i det minste kjenne smaken av fridom ei kort stund.
Vegard Nymoen Vg3 (2009)
23/29
Sjekkliste: NOVELLE •
En novelle er mer enn en fortelling og må bygges opp rundt en idé, en situasjon eller en hendelse. Under den ytre handlingen ligger et tema som det er opp til leseren å avdekke. Derfor bør du unngå å fortelle ”alt”. Det som ikke blir sagt er ofte det som skaper spenning. (Eks: Er et brev viktig i teksten? Ikke fortell hva som står i det før det er helt nødvendig! Kanskje aldri…).
•
Det er særlig to måter å skjule temaet ”mellom linjene” på. Den ene er å variere referatet med replikker, den andre er å bruke språklige bilder som allusjoner, metaforer, symboler, gjentakelser, kontraster og liknende.
•
En novelle er en kort tekst, helst med få personer der handlingen utspiller seg innenfor et kort tidsrom og på et avgrenset sted. Vær varsom med miljøskildringer, og unngå innledende beskrivelser og presentasjoner. Start rett på! (in medias res).
•
Bruk de mulighetene tiden gir. Må alt fortelles fra A til B, eller kan noe som skjer etter noe annet, fortelles før? Skap spenning ved å bryte kronologien med tilbakeblikk (for eksempel i replikker) eller frampek (for eksempel ved språklige bilder). Pass på at spenningskurven er stigende frem til vendepunktet.
•
En novelle skal ha en åpen og/eller overraskende slutt: Hva skjedde egentlig? Og hva vil skje nå? eller Aha! Var det sånn det hang sammen! Tenk derfor på hvor teksten skal slutte før du begynner å skrive!
•
Tittelen er viktig! Den skal si noe hva novellen handler om uten å avsløre. Kanskje et frampek? Tittelen kan du altså ikke bestemme deg for før helt til slutt, når du vet hva som er innholdet i novellen.
OPPGÅVE: Skriv ei novelle der temaet et tilhøve mellom foreldre og barn. Lag tittel sjølv.
Når du blir betre Vinden slår inn frå vest og løfter havet i valdsame kast mot stranda. Regnet piskar ut frå tåka. Ein stad bak skydekket er sola på veg ned, og dagens gråtoner blir blåare og blåare. Vi fer gjennom landskapet i ein mørkeblå Ford. På radioen skurrar ei trafikkmelding. Fri flyt til lufthamna. Dei sett over til topplåtane. Markus har køyrt i litt over ein time. Han har sagt veldig lite. Og eg har vanskar med å bryte stillheita. Hovudet gjer for vondt. Eg ser ut av vindauget. Lange småelver med regn renn nedover ruta i sikksakk. Dråpe på dråpe på dråpe. Eg tek en stor slurk Powerade.
“Skal de feire jul hos oss eller heime?” Noko må ein jo prate om. Han rynkar på panna. “Vi har ikkje heilt tenkt på det ennå. Mamma pratar jo mye om kor rotete huset er for tida, så eg trur det sannsynlegvis blir heime hos oss igjen.” Eg nikkar. “Ja, så er det jo bursdagen til Thea den tjueandre. Ho vil vel bli glad for å feire heime.” Han ser kjapt bort på meg. Han verkar overraska. “Ja,” seier han, “det stemmer, det.” Eg ser tilbake ut av ruta. Vi er kome fram til ei lita bygd. Eg kan hugse å ha vore her med jobben på gjennomreise ein gong, men eg anar ikkje kva staden heiter. “Kan du halde på ein hemmelegheit?” spør han plutseleg. “Eg kjem ikkje til å ha så mange å fortelje ho til,” svarer eg, liksom som spøk, men det høyrast berre sutrete ut. Om han legg merke til det, viser han det ikkje. “Eg har tenkt å fri til Ann-Karin.” “Så fantastisk!” Eg meiner det òg. Markus og Ann-Karin har budd saman i sju år. Dei har to ungar saman, dei kranglar aldri og foreldra hennar, sjølv om dei ikkje kan fordra meg, er kjempeglade i båe Markus og mora hans. Han smiler. Eg klappar han på skuldra. “No blei eg stolt.” Eg fortel han om korleis eg fridde til kvinna eg har vore gift med i trettifem år. Han har sikkert høyrt historia før, men for ein gongs skyld gjer han meg ikkje merksam på det. Eg og Lisbeth hadde vore gode venar i fire år. Ho flytta til Bergen for å studere og kom heim ein sommar med ein langhåra austlending som spelte gitar og skreiv lesarbrev til Morgenbladet. Han hadde for vane å setje seg ned med meg og forelese om korleis eg for all del måtte halde auge med dei tillitsvalte i fagforeininga, så organisasjonen ikkje blei kuppa av kapitalen. Ein dag fekk eg nok. Det var fest på brygga og han stod og prøvde å overtale Lisbeth om å flytte til Aust-Berlin med han. Eg gjekk opp til dei. Eg har noko som kan halde deg heime, sa eg og kyssa ho rett på munnen. Så gjekk eg ned på kne og sa at sjølv om eg ikkje hadde nokon ring, så ville ho ha ei tryggare framtid her heime med meg enn på rømmen med ein kommunist. “Ho sa ja,” avsluttar eg, “Og det trur eg ho har vore glad for i ettertid. Han karen bur vel i Oslo og kjøper hasj for skattepengane våre.” “Eg er ikkje akkurat bekymra for at ein eller annan kommunist skal kome og stele Ann-Karin frå meg,” ler son min, “men du veit, det er ikkje like lett å berre gifte seg no lenger. Det er i ferd med å bli ganske umoderne.” “Ho seier ikkje nei til deg, veit du vel. Du er ein god mann.” Vi er framme i ei ny bygd, ein med båe kro og bensinstasjon. “Kan du stoppe her litt?” Han gir meg eit blikk. “Eg skal berre pisse.” Han nikkar, men det verkar som eg heilt har øydelagt den gode stemninga vi hadde for litt sidan. Det er ikkje så lett med denne mistenksame familien. Han vel å stoppe ved bensinstasjonen, nesten demonstrativt. “Ver rask.” Eg går på do, kjøper ei pakke Prince og ein Cola. Det dryp frå håret mitt og ned på femtilappane mens ekspeditrisa finn fram røyken. “Takk skal du ha og framleis fin dag,” seier eg. Jenta nikkar berre. Tilbake i bilen er det ikkje noko trivlegare. Eg skulle gjerne sagt eit venleg adjø til sonen min, men om han vil sitje den siste halvtimen i tystnad, er det heilt greitt for meg. Eg orkar ikkje å krangle ein siste gong uansett.
25/29
Eg tømmer Cola-flaska på nokre få minuttar. Eg trekker ut oskebegeret og ser bort på han, halvveis utfordrande, halvveis spørjande. Han registrerer kva eg gjer, men pustar bare litt oppgitt ut. Eg fyrar opp ein røyk og rullar vindauget litt ned så eit par dråper flyr inn og treff meg i panna og på augelokket. Plutseleg strekk han høgrehanda mot meg og eg trur eit augeblikk at han har tenkt å ta frå meg røyken og kaste den, men han gjer berre teikn om å få bomme ein. Eg smiler og rekker han ein. Vi sit og smugrøykjer i bilen til den ikkje-røykjande kjærasten til Markus. Noko kjapp, amerikansk rock speler på radioen og Markus skrur opp volumet og no er han ikkje like mye ansvarlig far og samboar som han er mitt eige kjøtt og blod; full av livslyst og energisk. Det er sonen min. Han er ikkje i stand til å hate, uansett kven som ber han om det. Lufthamna ligg der før vi veit ord av det, ein stygg, grå koloss mot ein mørkeblå himmel. Han parkerer bilen og snur seg mot meg. “Ja,” seier han. “Ja,” gjentek eg. Vi går ut av bilen og han hjelper meg med å få kofferten ut av bagasjerommet. Eg prøver ut handtaket og testar hjula. “Dei venter på deg i ankomsthallen. Hugs å ikkje kjøpe noko om bord på flyet, SAS overprisar alt.” Eg skjønnar kva han meiner og nikkar. “Når kjem du på besøk da?” Han ser opp på meg. Ei dråpe renn nedover det glattbarberte kinnet. Eg veit ikkje kor den kjem frå. “Når du blir betre,” seier han. “Vi sjåast uansett til jul,” seier eg. Han smiler og rekk meg handa, men eg trekk han inntil meg og held han ei god stund. Han luktar røyk og aftershave og han er så vaksen at det gjer vondt. “Ha det godt, pappa,” seier han, “Lykke til.” Eg slepp taket. “Ha det godt, Markus,” svarar eg, “Kom deg heim og skaff deg ei kone no!” Han ler, går rundt bilen til førarsetet og vinkar ein gong før han sett seg inn og køyrer av stad. Eg ser etter han med kofferthandtaket i handa og dråper med kaldt regn drypande nedover nakken. Han har klart det. Han har lært av meg og alle feila mine, og blitt ein god mann. Og eg kan ikkje skuffe han igjen, for no skylder eg han, om ingen andre, så i kvart fall han, ein betre meg. Til jul. Til jul skal han få sjå.