2 minute read

Min Jobb: Andreas Bjorland

Next Article
Nye bedrifter

Nye bedrifter

MIN JOBB

Yrke/tittel Verksmeister

Advertisement

Navn Andreas Bjorland

Alder 41 år

Arbeidssted

Åna fengsel

+ KVIFOR BLEI DU VERKSTMEISTER PÅ ÅNA FENGSEL?

Eg begynte i eit vikariat i 2010. Eg syntest det var ein spanande arbeidsplass med mange gode kollegaer.

+ KVA FOR EI UTDANNING MÅ DU HA?

For å arbeide i verksdrifta (aktivisering av innsette) må me ha ei yrkesutdanning/fagbrev. Det er også krav om ei etatsutdanning etter tilsetting.

+ KVA ER DINE ARBEIDSOPPGÅVER OG

ANSVARSOMRÅDE?

Eg har ansvar for uteområdet og gardsdrifta ved fengselet. Innsette kan her ta fagbrev innan veg og anlegg, landbruksmekanikar, anleggsgartnar/gartnar, skogbruk og naturbruk. Me har også stort fokus på dei som ikkje ønsker eit skuleløp, men treng eit positivt innhald i soninga. Då er arbeid med dyr ein viktig aktivitet.

+ KVA UTVIKLINGSMOGLEGHEITER MEINER DU Å HA I

STILLINGA?

Eg synes Åna har ein god kultur der nye forslag til utvikling av arbeidsplassen blir møtt med positivet. Eg synes fengselet har gjort mange gode grep for at innsette skal få eit rehabiliterande innhald i soninga.

+ KVA FOR NOKRE EIGENSKAPAR SYNES DU ER VIKTIG Å

HA I DIN JOBB?

Det viktigaste er å kunne omgås mange forskjellege typar folk. Det mest motiverande med jobben er å sjå innsette som får ei positiv endring gjennom soninga.

+ KVA ER ARBEIDSTIDA?

Vi har arbeidstid frå 07.20 – 14.50

+ KVA ER DET BESTE MED JOBBEN?

Det er arbeidsmiljøet og moglegheitene til å gjere ein forskjell for personar i ein sårbar situasjon.

+ KVA SYNES DU ER MEST UTFORDRANDE MED JOBBEN?

Det kan være utfordrande å ha nok tolmod når innsette ikkje er motivert eller viser dårlege haldningar.

+ KVA VILLE DU VALT DERSOM DU SKULLE HATT EIT ANNET

YRKE?

Eg er godt fornøgd med arbeidet eg har. Dersom eg likevel skulle gjort noko anna har eg tenkt at å hjelpa personer som står utanfor arbeidslivet inn i arbeid måtte vore givande. Når me hjelper innsette med arbeid møter me mange positive bedrifter i området.

+ NOKO DU GLER DEG TIL I JOBBEN FRAMOVER?

Det forgår nå ei utviding av Rødgata på Åna (open soning). Dette vil gje fleire moglegheit til å sona på eit lågare sikkerheitsnivå. Dette er positivt og er kjekt å følgja framover.

+ VIL DU ANBEFALE ANDRE Å BLI VERKSTMEISTER I

FENGSELET?

Sjølvsagt. Det er ein givane jobb i eit godt arbeidsmiljø.

PÅ TIDE Å BYTTE BEREDER?

Hva med en etterlengtet og nyskapende SMART bereder, for å kontrollere strømforbruket og unngå effekttoppene!

TA KONTAKT MED OSS FOR ETT UFORPLIKTENDE TILBUD

Høiax CONNECTED -smart varmtvannsbereder med skyløsning.

Vesthagen 9, 4344 Bryne TLF 51 77 82 00 | POST@BRYNEROR.NO

This article is from: