3 minute read

HYTTEDØLEN

Ferdaminne frå sommaren 2019

Ivar Losnedal, pensjonert norsklærer med hytte i Solheimsdalen, har feriert i Sirdal siden han var liten guttunge og er stadig oftere i Sirdal. Her deler han Sirdalsbetraktninger fra sitt ståsted som hyttedøl.

Advertisement

Nydelig utsyn utover Mjåvatn. Foto: Ivar Losnedal

Eg stel noko av overskrifta frå boka til Aasmund O. Vinje – vandringa han gjorde frå Oslo til Trondheim for nær 180 år sidan. Med han i tankane begynte ein lenge tenkt fottur å ta form – men då i mindre målestokk. Dessutan – opplevingsferiar var jo i vinden – alle skulle vere sin eigen tonesetjar og eventyrar i denne kollektive trenden. Det gjaldt å utfordre seg sjølv – og syne resultata undervegs og i ettertid til likesinna – gjennom blogger, poserande på instagram eller andre innslag på den sosiale mediahimmelen. Litt utanfor denne verda stod me i alle fall klar på Donsen – optimistiske og lett euforiske – med vermelding som gladmelding – med vårt bidrag.

Førebuing. Førebuing og planleggjing synest å vere dei to store løysingsorda for ein vellukka ekspedisjon. Formen var tilpassa terrenget og me trong ikkje ekstra økter med bildekk på slep. Nye sekker med tilrådd passform blei kjøpt inn – samt liggjeunderlag med søvngaranti. Fjellteltet fekk kanskje ein renessanse – det var ikkje sikkert dei moteriktige hengjekøyene fann nokre tre i denne høgda. Ulikt utstyr plukka me elles frå XXL sine hyller – tørrmat var proviantert og turdrikke i ymse varianter godt planta i sekkene. Ruta var gjennomgått – både på kartet og i hovudet. Langeid i Setesdalen var målet – derifrå buss via Nomeland til Sinnes. Det var bare å kome i gang.

Turen. I stigninga opp frå Sandtjønn kjende eg det – sekken var lovleg tung. Eg djupdukka i motivasjonsbanken, men fann ikkje hjelp. Samstundes såg eg at kona mi også sleit oppover steinura. Eg kjende meg som ein deltakar i meistranes meister – hald fokus var deira mantra. Heldigvis kasta ho inn eit lite handklede først. Kommandoen lydde ein time slit – så pause. Etter ein liten stopp ved sandstripa langs Haugevatn – og eit par polarbrød og ein suppepose lettare – såg me ein lysare gråtone i tunnelen.

Stranda ved Mjåvatn var i siktet då eg høyrde eit primalskrik bak meg. Eg rekna med at ein veps hadde kome inn i komfortsona hennar. At ho låg og kraup i lyngen syntest eg likevel var ein overdriven strategi. Med blanda kjensler forstod eg snart at turen ville ende her. Som to såra soldatar sjangla me – støttande til kvarandre – ned til vasskanten – ein med dobbel ryggsekk – ei med ankelen ute av lage.

Telt og anna utstyr kom litt etter litt på plass og finveret blunka til oss. Etter ein lapskaus rett i posen – med ein raudvin som passa til alt – var livet meir smilande. Me tende etterkvart bålet som Monsen ofte har problem med. Morgendag fekk vere morgendag – me hadde ein spesiell kveld og natt foran oss.

Retur. Neste morgon blei me vekt av det lydlause rundt oss. Foran låg naturens eigen spegel. Det var bare å forsyne seg av dei vakre bilete den gryande dagen synte oss. Me såg likevel bare ein veg nå – han gjekk tilbake – godt støtta av fjellregel nr. 8. Sjølv om det var mest like mange stopp som skritt – og aukande galgenhumor – fota me oss ned mot parkeringsplassen tidleg kveld.

Terrassen. Rundt bålpanna seinare på kvelden forbanna me alt fancy utstyr. Tunge sekker var motebransjen si skuld – sjølv gjekk me under radaren. Men noko var viktigare; målet ligg ikkje alltid i lengderetninga. Noko heiter her og nå. Denne såkalla mislukka turen blei den mest vellukka me har hatt på lenge – og vil bli ei kjelde til mange gode historier – og skrøner – i tida framover.

VI REALISERER DINE

modena.no

BRYNE Hålandsveien 24, Man-Fre 7-16, Tors 7-18, Lør 9-14 EGERSUND Sokndalsveien 140, Man-Fre 7-17, Tors 7-19, Lør 9-14 FORUS Gamle Forusvei 14, Man-Fre 9-19, Lør 10-15 SANDNES Brannstasjonsveien 22, Man-Fre 6-16, Lør 9-14

This article is from: