Er du klar for en spennende fremtid?
Vi søker deg som er nysgjerrig, engasjert og klar for nye utfordringer!
Vi har følgende godkjente lærefag:
• Anleggsmaskinmekanikerfaget
• Industrimekanikerfaget
• Anleggsmaskinførerfaget
• Elektrofaget
• Automatiseringsfaget
• Fjell og bergverk
Nye lærlingplasser blir utlyst i januar, med søknadsfrist 31.01.2025.
Besøk vår hjemmeside for mer informasjon om våre ledige stillinger og lærlingplasser.
• Kjemiprosessfaget mibau-stema.no/jobb/ledige-stillinger
Innhald
Teknologisk karriere
Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!
–
du feil, kan du alltid byte
Espeland (19), lærling som prosessoperatør ved Eramet og medlem av Ungdommens Fylkesråd i Rogaland
Veit du kva du vil bli?
Rekrutteringsmagasinet
Arbeids:kraft er utvikla av Næringshagen i Ryfylke v/ Yrkes- og utdanninsgsmessa for Suldal/Sauda.
Magasinet er produsert av Omega 365 Design.
Framsidefoto: Jan Inge Haga
Opplag: 1000
Trykk: Skipnes
Støtta av
Å velje yrkesretning når ein er usikker på kva ein vil utdanne seg til, eller jobbe med er ikkje enkelt. For nokre er det rett å ta studieførebuande, både for å tenkje litt meir på kva ein vil, og for å sikre seg studiekompetanse. For andre kan yrkesfag vere ei smart løysing, og gi eit verdifullt lærebrev i andre enden.
Det viktigaste er uansett å finne svara på dei viktige spørsmåla: Kva skal eg bli? Kva ynskjer eg å jobbe med? Kva interesserer eg meg for? Skal eg studere, og isåfall kva? Viss du etter å ha stilt desse spørsmåla, til dømes finn ut at du vil bli elektrikar er det lurt å velje yrkesfag. Når ein vel yrkesfag, får ein eit innblikk i ulike fagområde, noko som kan hjelpe deg med å finne ut om det er noko for deg eller ikkje. Sjølv om det aldri er for seint å snu, eller endre retning i utdanninga, så er det verdi i å velje noko praktisk for dei som ynskjer det. Å velje yrkesfag kan difor vere ein tryggare veg for å utforske karrieremoglegheiter og finne ut kva som verkeleg interesserer deg. I tillegg er yrkesfag ofte meir praktisk orientert, noko som kan gjere læringsprosessen meir engasjerande. Yrkesfag opnar dører til mange spanande karrierer som du også seinare kan bygge videre på, til dømes via fagskulen.
Målet er uansett å treffe noko du ynskjer, og som er rett for deg. Eg slår gjerne eit slag for yrkesfag, og vonar lærebrevet får den statusen det fortener. Samstundes er det så mange vegval som er rette for kvar einskild, og studieførebuande er sjølvsagt eit smart val for dei som veit dei ynskjer å studere vidare.
Lukke til med valet!
Dei som skapar SITT EIGE
Mange drøymer om å skapa sin eigen arbeidsplass. Her fortel tre gründarar om korleis dei lukkast.
Etter mange års draumar om eiga bedrift, starta Ingvild Erøy Prestårhus og Hege Fiskå teknologibedrifta Kakadu i 2020. Nå har dei store kundar som BankID, VG og Kolumbus. Foto: Jan Inge Haga
– Den perfekte timinga finst ikkje. Det er ei herleg befriande setning!
Det seier gründarane av teknologibedrifta Kakadu, Hege Fiskå (38) og Ingvild Erøy Prestårhus (36). I 2020 sa dei opp marknadsføringsjobbane sine og starta bedrifta, som driv med digital inkludering. Kundane deira er bedrifter som treng steg-for-steg-vegleiing for dei minst digitale brukarane sine, som for eksempel eldre eller andre som treng bistand til alt frå nettbank til kollektivreiser.
Hadde lenge ein gründerdraum
Ingvild hadde alltid hatt lyst til å starta noko, og ville starta softis-sjappa midt på ekra som lita.
– Kva var det verste som kunne skje? Me ville gjera det skikkeleg, og satsa, seier Ingvild.
Ho bur i Erfjord og pendlar til kontoret i Stavanger. Dei andre fire tilsette held til i Stavanger, medan Ingvild også har heimekontor i Erfjord. Bygdeprofilen skil Kakadu ut frå mengda, og er noko folk hugsar bedrifta for.
– Kva må du vera god på og kva kan du læra undervegs som gründer?
– Det er viktig å kunna noko om marknadsføring og kommunikasjon, fordi du må ut å snakka om at du finst. Så må du gjera mykje forskjellig og vera nyfiken på ny kunnskap. Eg har lært meir på desse fire åra med Kakadu enn på skulebenken, seier Ingvild.
Kakadu
• Teknologibedrift med fem tilsette grunnlagt av Hege Fiskå og Ingvild Erøy Prestårhus i 2020, med kontor i Stavanger og Erfjord
• Tilbyr vegleiingar til tenester på nett, som skal gjera digital kvardag enklare for alle
• Målgruppa er eldre eller andre som ønskjer digital vegleiing til for eksempel
å bruka nettbanken eller planleggja reis med kollektivtransport
• Har store kundar som BankID, Schibsted, Sparebank1, VG, Kolumbus og Farmasiet, i tillegg til kommunar kakadu.no
Drivkrafta er å løysa samfunnsproblem
For å starta bedrift, trengst drivkraft og god timing for det du kan tilby. Ingvild vil anbefala å ta utdanning først, slik at ein har kunnskap i botn. Og så må ein brenna for det ein skal løysa. Kakadu-gründerane sin største motivasjon er å løysa eit samfunnsproblem, samstundes som dei er ei bedrift som skal veksa. Ambisjonen er å etablera seg i Noreg, før dei tar nordisk og internasjonal marknad.
– Mogleg å gjera det du elskar
– Det er fleire fordelar ved å starta eiga bedrift i bygdene, seier entreprenørskaps-forskar Even Sønnik Haug Larsen.
– For å finna kundane dine som gründer, må du bruka nettverket ditt. I ei bygd er det mange som kjenner kvarandre, og det er lettare å komma i kontakt med folk.
Det seier Even Sønnik Haug Larsen, som underviser i entreprenørskap ved OsloMet og forskar på entreprenørskapsutdanning.
Stort nettverk i bygdene
– Å starta eiga bedrift er ein moglegheit til å driva med det du elskar og potensielt få betalt for det. Det verste som skjer er at du lærer masse på vegen, seier Even.
– For å starta noko sjølv, må du vera klar over kva du likar å gjera og kva du er flink til. Så må du finna ut kven du kjenner som kan hjelpa deg, seier Even.
I bygder finst ofte store bedrifter og sparebankar med tilskotsordningar, og det kan vera enklare å få mediedekning i lokalavisa, ifølgje Even.
Først lokalt, så globalt
– Alle bedrifter treng kundar. Du må ganske raskt finna den første kunden din – og det er ofte det vanskelegaste. Den kan du finna kor som helst, seier Even.
– Uansett kor dei er, vil eg anbefala dei fleste gründerar å byrja og læra mest mogleg i eit mindre geografisk område. Så kan ein utvida til nasjonal, nordisk og europeisk marknad når bedrifta er klar for det.
Amelie Aldner
• Artist, låtskrivar og produsent innan soul-pop
• Kjem frå Sverige, busett på Sand og jobbar frå heimestudioet
• Samarbeider med produsent
Claudia Mills i New York
• melie er også prislønt operasongar som har jobba på Den norske opera og ballett ameliealdner.no
Produsent i New York
Lenger inn i fjorden sit Amelie Aldner (41) og skriv, øver, spelar inn og produserer musikk frå heimestudioet på Sand. Artisten, som gir ut eigne låtar på Spotify, snakkar også om marknadsføring og læringsvilje. – Som artist lagar eg og promoterer eigen musikk. Du må vera din eigen marknadsførar, og gjera mykje forskjellig. Du må ha styr på forretningsutvikling og marknadsføring – så du har gjerne mange forskjellige yrker på éin gong, seier ho.
Amelie er utdanna og har jobba som operasongar, men det er innan soul og pop ho vil etablera seg framover. Det er ein krevjande bransje med mange om beinet – men Amelie har ei stemme i verdsklasse og låtar som har fått gode kritikkar i ulike kanalar. Sidan Amelie har internasjonale ambisjonar, så kan ho like godt ha base på Sand.
– Produsenten min er jo i New York! Det er kortare dit frå Sand enn frå Oslo, ler Amelie.
Drøymer om store scenar
Amelie lagar ikkje typisk norsk eller skandinavisk musikk, og er inspirert av alt frå Whitney Houston til The Eagles.
Det er ikkje noko alternativ å ikkje jobba med musikk. – Noreg er eit lite land der få sjangrar får veldig mykje merksemd, så eg tenkjer at musikken min bør få ut internasjonalt frå byrjinga av. Der er publikummet til artistar som liknar meir på meg, seier artisten, som drøymer om å nå ut til så mange som mogleg, og om dei store scenane.
Inspirert av naturen
For Amelie er det uansett viktig å byggja eit publikum som følgjer henne framover, og det er også viktig lokalt, presiserer ho. Amelie får mykje støtte og kjenner at ho blir sett stor pris på av publikummet i heile Suldal.
– Når eg jobbar digitalt, blir dei som er fysisk i nærleiken veldig viktige. I ein by er det lettare å ha tette spelejobbar, opptre på forskjellige typar scenar og testa ut material på ulike publikummarar. Det er mange du kan møta og skapa noko saman med. Fordelen her er at folk kjenner meg, og blir glad i meg og musikken. Dei blir meir engasjerte og lojale – og dei treng ein som musikar, seier Amelie.
– Eg blir dessutan inspirert av roen her og å vera nær naturen.
Kerstin
Alfred
• Møteplass utan faste opningstider i Sauda sentrum, starta og drive av Kerstin Geelmuyden Rød
• Har eit rikt program med alt frå strikkekafé og politikk til heavy metalog elevkveldar
• Samarbeider med lokale bedrifter og organisasjonar
• Arrangerer blant anna Sauda smeltedigel, ein møteplass for tilflyttarar facebook.com/matogdrikkesauda
Geelmuyden Rød (ståande) er både vinkelner og lærar. Etter mange år i utlandet starta ho møteplassen Alfred. Foto: Aasta Eik Nes
Sommelier og lærar som starta kafé
Kerstin Geelmuyden Rød (43) hadde ikkje tenkt å starta bedrift sjølv. Nå driv ho møteplassen Alfred i Sauda sentrum, samstundes som ho jobbar som språklærar på Sauda vidaregåande skule. Frå før har ho mange års studiar i Latin-Amerika og Asia. Då ho flytte til Oslo, byrja ho å jobba på restaurant, og tok etter kvart utdanning som sommelier, altså vin-kelner.
– Eg likte stemninga i restaurantbransjen, og at det fanst alle moglege folk der. Samstundes blir ein ofte ikkje så gammal i den bransjen, seier Kerstin.
Mest mogleg bruk
Då ho flytte tilbake til Sauda, ville ho skapa møteplassane ho hadde hatt i hovudstaden, og starta med vinsmaking.
– Så balla det på seg. Sanitetsforeningen ville ha barselkafé, bedrifter ville samlast, folk ville diskutera politikk. Når ulike folk tar kontakt, kan du skapa noko nytt. Eg kan ikkje alt, men me kan få til mykje kjekt saman, seier Kerstin.
– Målet er mest mogleg bruk av huset, og skapa ein stad der folk får pusterom i kvardagen. Mange seier at dei er glade for at Alfred finst, seier Kerstin.
Touch av det urbane
I tillegg til kafé, skjer det mykje forskjellig på Alfred, med alt frå elevkveldar til strikkekafé, quiz, heavy metal-treff og ostesmaking. Kerstin vil skapa noko urbant, særleg med arrangement-serien Sauda smeltedigel, der tilflyttarar møtest.
Studiar i språk og samfunn og erfaringa frå restaurantbransjen har ho fått god bruk for som gründer, når ho skapar ein møteplass for alle, uansett alder og bakgrunn. Dessutan har ho med seg eit godt team.
– Eg er den som får det til å skje, og gjennomfører det eg har sagt at eg skal gjera – men mange rundt meg bidreg med hjelp og idear. For å starta noko sjølv, trengst startkapital, men du må ikkje investera millionar, seier Kerstin.
TEKST:
HANNA MARIA VAN ZIJP
Kva er entreprenørskap?
• Entreprenørskap er det same som gründerskap, og betyr det å driva fram innovasjon og etablera nyskapande bedrifter
• På engelsk bruker ein ordet entrepreneur som gründer
• Sidan entreprenør på norsk også betyr eit selskap som driv anleggs- og byggjeverksemd, er det mange som nyttar orda gründer og entreprenørskap
Kjelde: Store norske leksikon
Kva er ein gründer?
• Ein gründer startar og driv eiga bedrift, gjerne basert på ein nyskapande idé eller produkt
• Mange gründerar har fag-bakgrunn frå bransjen dei jobbar i, for eksempel at ein sjukepleiar startar bedrift innan helseteknologi
• Det er mogleg å få økonomisk støtte frå staten, fylkeskommune og Innovasjon Norge, samt lokale ordningar som Ulla-Førre næringsfond
• I Noreg finst dessutan mange faglege nettverk, kurs og andre ordningar for gründerar
Kjelde: Store norske leksikon, Utdanning.no
Nyfiken på å starta eiga bedrift?
• Even sitt beste tips for unge som synest det verkar spennande med eiga bedrift, er å snakka med læraren sin om skulen kan ta kontakt med Ungt entreprenørskap
• Ungt entreprenørskap er ein organisasjon som tilbyr ulike læringsprogram for at barn og unge skal utvikla kreativitet og skaparglede
• Programma blir gjennomført i samarbeid med lokale bedrifter og arbeidsplassar
• For deg som skal studera, kan du finna studiar i entreprenørskap ved fleire store høgskular og universitet over heile Noreg Sjå ue.no/program
i Statnett?
Statnett bygger, eier og driver det sentrale kraftnettet i Norge, og sørger for sikker levering av strøm til alle deler av landet. I Statnett finner du et av Norges sterkeste fagmiljø i kraftbransjen og meget gode muligheter til å utvikle deg videre.
For mer informasjon om Statnett, se www.statnett.no
LAKS ER FRAMTIDA
Alsaker Fjordbruk er eit av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg. Hjå oss produsera dyktige medarbeidarar laks til heile verda, frå lokalitetar i 14 kommunar langs kysten av Rogaland og Hordaland.
Vil du bli læring i akvakultur, eller maritime fag hjå oss?
Besøk oss på messa 21. november, eller sjå heimesida vår for meir infomasjon.
Læretid I PROSESS
Eina Jordebrekk Fermann (26) og Daniel Ljung (18) er begge godt i gang med læretida som prosessoperatør. Sjølv om dei deler målet om fagbrev, er vegen fram ganske ulik.
– Vis at du er interessert og har lyst til å jobbe. Det er det viktigaste, fag kan du alltid lære deg, er tipset frå rettleiar i Mibau Stema på Jelsa, Svein Andre Lilleskog. Han er ein av dei som fylgjer opp lærlingane i selskapet, og er klokkeklar på at innsats og vilje slår det meste av fagleg kompetanse og kunnskap.
– Det viktigaste er å møte opp på jobb på morgonen og vere pliktoppfyllande. Og så er det kjekt å sjå den gode utviklinga dei har frå dei kjem inn her og til dei får fagbrevet. Eina har hatt ei kjempegod utvikling sidan ho starta her, seier rådgjevaren.
Den Svein Andre snakkar om, er Eina Jordebrekk Fermann, lærling i kjemiprosessfaget. Ho var ikkje sikker på kva ho ville etter at å ha tatt studiespesialisering ved Sauda vidaregåande skule. Suldølen valde å reise til Stavanger for å jobbe i butikk, etter kvart vart ho assisterande butikksjef og fekk med seg verdifull erfaring.
– Det var heilt rett for meg å kome ut i arbeidslivet litt
og tenkje på eg eigentleg ville vidare, seier ho. Tenketida gav resultat og etter kvart tok ho kjemiprosess gjennom vaksenopplæring – først på Bryne og så på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund. I sommar hadde ho sommarjobb i Mibau Stema, og i august starta ho på læretida i same selskap.
– Du er aldri for gamal til å gjere det du vil, og det er vanskeleg å ta det store valet når ein er 15 eller 16 år. Om du ikkje er sikker, så er det heilt lov å ta eit år der du jobbar og tenkjer, meiner Eina.
– Følg draumen din, og ikkje høyr altfor mykje på kva andre meiner. Trivst du ikkje kan ein byte retning eller starte på noko anna.
– Spør gjerne om hjelp
Eina tenkte først ho ville bli sveisar, men etter ei utplassering der ho fekk teste yrket, endra ho meining.
Gode råd frå Rytopp
Rytopp er opplæringskontoret i Ryfylke, med medlemsbedrifter frå Sauda i nord til Forsand i sør. Avdelingsleiar Hans Sæther har desse råda til den som skal velje yrkesretning:
1. Vel noko du interesserer deg for Kva verdiar og interesser har du? Det er lettare å gjennomføre studiar og få gode resultat dersom du vel noko du likar.
2. Ta omsyn til eigenskapar og ferdigheiter
Kva har du anlegg for? Er du teoretisk eller praktisk anlagt?
3. Finn relevant informasjon Finn mest mogleg informasjon om utdanningar og yrke du vurderer.
4. Vurder jobbmoglegheitene Sjekk jobbutsiktene innan ditt fag.
5. Fullfør utdanninga Viss du fullfører utdanninga er sjansen for å få jobb stor. Hugs at du ikkje forpliktar deg til utdanninga du vel for resten av livet. Det er vanleg å velje utdanning fleire gonger.
– Det var kjekt og prøve, men eg fann ut at det ikkje var det eg skulle jobbe med vidare. Eg kjente fleire som var prosessoperatørar og landa på at eg hadde meir lyst til det.
Som lærling som prosessoperatør er ho med på dei faste daglege arbeidsoppgåvene der ein skal sikre at produksjonslinjene går som planlagt.
– Me sjekkar at dukar og sikter er trygge og i orden. Er noko slitt eller det er brot nokon stad, må me skifte det ut, her er det tryggleiken som står i sentrum. Jobben er variert, plutseleg er det jobb i kontrollrommet før ein skal inn på laben. Me må uansett syte for at alt går på skinner, og at produksjonen ikkje stoppar opp.
Sjølv om ansvaret som prosessoperatør er stort er ho ikkje skremt av det ho har fått sett på jobb. Ho skryt av god opplæring, godt arbeidsmiljø og flinke kollegaer.
– Ein må berre ikkje vere redd for å spørje om hjelp, det er mykje god kunnskap å hente hjå dei andre. No er målet
å sikre seg fagbrev, og trivs eg like godt framover som eg gjer i dag så håpar eg å jobbe her lenge, seier Eina. Læringskurva har vore bratt, ifølgje henne sjølv.
– Det er mykje teknisk å lære seg, og hugse namnet på. Men eg trur nok at erfaringa frå arbeidslivet kjem godt med i læretida. Eg visste jo mykje om korleis bedriftene fungerer frå før.
– Dette passar meg godt
Daniel Ljung visste ikkje heller heilt kva han skulle lande på etter vidaregåande. Inspirert av faren, som har lang fartstid som prosessoperatør, valde Daniel å satse i same retning. Som lærling på Eramet i Sauda får han blant anna prøve seg på kontroll av omnar, dersom nokon stoppar opp eller det blir registrert feil må prosessoperatøren hente inn kompetansen som trengs for å fikse det.
– Det er eit stort ansvar, ein må vere sjølvstendig for å jobbe med dette. Her er det alltid ein prosessoperatør på kvar omn, men det er bra dei hjelper kvarandre.
– Eg angrar ikkje på at eg valde dette faget, eg veit dette fagbrevet er godt å ha på baklomma uansett kva ein vel å gjere seinare, seier Daniel, som framleis ikkje veit kor vegen går vidare etter at fagbrevet er sikra.
I jobben som prosessoperatør ligg det også eit ansvar for HMS og risikoanalyse, det viktigaste er at alle kjenner seg trygge på jobb, og at ingen arbeidsoppgåver er farlege for dei tilsette.
– Eg vil absolutt anbefale denne jobben til andre. Her er det og eit godt arbeidsmiljø, kjekke folk og arbeidsoppgåver. Eit stort pluss er det og at ein får diverse sertifikat og kurs med seg som er gode å ha på CV-en vidare, seier Daniel.
– For meg er dette heilt perfekt, eg var ikkje så glad i skulen, så for meg var det viktig å kome seg raskt ut i arbeidslivet.
TEKST:
JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR FOTO: HANNA MARIA VAN ZIJP
Treng fleire tømrarar
Tor Gunnar Eide, dagleg leiar i Suldal Hyttebygg, meiner lærlingar og utplasserte elevar er nøkkelen for å kapre flinke fagfolk.
Byggjefirmaet har lang tradisjon for å ha lærlingar i tømraryrket.
– Me har ikkje lærling akkurat no, det har rett og slett ikkje vore nok tilgang på lærlingar til alle bedriftene dei siste åra. Det er ei utfordring å få ungdommane til å velje tømrarfaget som yrkesveg og, meiner han.
Tor Gunnar er klar på at ein må byrje tidleg med rekruttering av gode fagfolk. Alt i ungdomsskulen opprettar dei kontakt med interesserte ungdommar som dei får på utplassering, og gjerne seinare i arbeidspraksis då dei går tømrarlinja på vidaregåande.
– For oss er dette soleklart den viktigaste måten me kan rekruttere på, gode fagfolk vekst ikkje på tre. Skal me rekruttere flinke folk, må me og legge til rette for at det skal vere godt å bu her, det tener me på alle, slår han fast.
Kva vil du bli?
Lilly Lucas Sauda ungdomsskule
Kva vil du gjere vidare?
Idrettsfag med Park- og frikjøring med studiekompetanse for eg har lyst til å studere. Eg har lyst å bli advokat, det synst eg virke veldig interessant, og då må ein ha generell studiekompetanse.
Kor vil du gå?
— Det blir vidaregåande i Sauda.
Sondre Madsen Sauda VGS påbygg VG4 med fagbrev
Kva vil du gjere vidare?
—Eg har jo tatt fagbrev som elektrikar. På sikt blei det å sette seg inn på kontor drømmejobben.
Kor vil du gå?
—Eg vil gå på teknisk fagskule. Kanskje det blir Stavanger. Eg satsar på at det blir sånn som nå, for nå har eg 100% stilling i tillegg til skulen.
Mohamad Ziad Ibrahim Sauda ungdomsskule
Kva vil du gjere vidare?
—Eg tenkte å gå bygg og anlegg på VGS etter 10. klasse, og å få best mogleg karakterar. Eg har lyst til å bli tømrar. Eigentleg så er det drøymejobben.
Kor vil du gå?
—Det blir på Bygg og anlegg på Sauda vidaregåande skule.
Nora Herabakka Tveiten
Suldal ungdomsskule
Kva vil du gjere vidare?
—Eg har tenkt å søke på studiespesialiserande. Eg har lyst til å bli dyrlege. Eg har alltid likt dyr, så det verkar interessant.
Kor vil du gå?
—Eg har tenkt meg inn på Sauda, og etter det har eg ikkje planlagt enda.
Odd Inge Bakka Suldal ungdomsskule
Kva vil du gjere vidare?
— På VGS har eg tenkt å gå TIF, og industrimekanikar etterpå. Eg likar å halde på med praktiske ting, med skrurar og slikt.
Kor vil du gå?
— Eg vil gå på skule i Sauda, og satsa på å kome off-shore og i lære der. Kor veit eg ikkje heilt.
Kristoffer Birkeland Knudsen
Sauda VGS - 3. klasse Idrett
Kva vil du gjere vidare?
—Eg har vurdert å gå/studere i militæret. Har ikkje heilt bestemt for kva, men ein form for utdanning i militæret.
Kor vil du gå?
— Noko innan leiing. Eg har sett på ein som var marineingeniør innan leiing. Det blir i Bergen isåfall.
Andre såg leiarpotensialet til Beate
Kristine Asbjørnsen (34) før ho gjorde det sjølv. Nå leier ho eit arkitektkontor med 23 tilsette – og teiknar framleis bygningar.
Arkitekten
I LEIARSTOLEN
Eit år etter Beate Kristine Asbjørnsen hadde byrja å jobba som arkitekt ved AROS Arkitekter i Sandnes, organiserte ho studieturen deira til Rotterdam.
Det var ingen tvil om at ho hadde stålkontroll på gjengen med 18-20 vaksne på tur. Mest sannsynleg var det derfor eit av styremedlemmene som var med på turen, sa at «der er den nye daglege leiaren vår».
— Kjekt når andre ser potensialet
Det fekk ho rett i. I 2022 skulle dagleg leiar Odd Magne Vatne pensjonera seg. Vatne, som var med og starta AROS, ville føreslå Beate som arvtakar. Ho var langt frå sikker, ho kjende seg for ung, og hadde ikkje denne typen leiarambisjonar på det tidspunktet.
— Det var ikkje noko eg gjekk og tenkte på. Eg visste
at det å vera dagleg leiar, er eit stort ansvar, fordi eg er vaksen opp med foreldre som har drive bedrift. Etter å ha tenkt litt, svara ho ja.
— Når moglegheita baud seg, kvifor ikkje? Det er kjekt at folk ser potensialet i deg sjølv om du har sett deg i ein annan boks som ung og uerfaren.
Har alltid tid
Nå har Beate ansvar for økonomien, prosjekta og dei 23 arkitektane, landskapsarkitektane, interiørarkitektane, ingeniørane, tekniske teiknarane og byplanleggjarane som arbeider i AROS. Ho har kontroll på rekneskapen, tilset folk, driv salsarbeid, og har ansvar for at dei tilsette har det bra i jobben.
— Som leiar må du vera viljug til å stå for avgjerder til det beste for bedrifta for eit lenger perspektiv enn her og nå. Du må også ta deg tid til dei tilsette. Alle kan komma til meg om dei har noko på hjartet – eg har alltid tid og alltid fem minutt. Sjølv om det kanskje blir meir jobb i andre enden, så er det veldig viktig for eit godt arbeidsmiljø at alle kjenner seg sett og høyrt, seier Beate.
Held seg oppdatert
— Kva du bør kunna frå før og kva kan du læra deg som dagleg leiar?
— Det meste kan lærast, men for å vera ein god leiar, må du vera genuint opptatt av korleis dei tilsette har det, og kva dei treng for å gjera ein god jobb, seier Beate.
Drift og økonomistyring av bedrifta kan ein læra seg – men utover det overordna ansvaret, er ei av dei viktigaste oppgåvene som leiar å hjelpa og støtta medarbeidarane.
— Nøgde tilsette vil gjera ein betre jobb og gi meir nøgde kundar, som igjen bidreg til omdømme og fleire prosjekt, utdjupar Beate.
Praktiserer som arkitekt
Beate held seg også fagleg oppdatert med føredrag og kurs om leiing. Men ho har ikkje forlate jobben som arkitekt. I tillegg til rolla som dagleg leiar, praktiserer Beate som arkitekt på ulike prosjekt. AROS Arkitekter gjer alt frå industribygg til skular og gjenopning av elvar, og Beate trivst med å vera tett på faget.
Ho visste tidleg at ho ville bli arkitekt. Derfor er ho også opptatt av at unge som er interesserte i faget, ikkje nøler med å få arbeidspraksis for å testa det ut. — For eksempel har me i AROS ofte praktikantar inne, og har eit fast opplegg som passar for unge.
TEKST:
HANNA MARIA VAN ZIJP
FOTO: AROS ARKITEKTER
Beate Kristine Asbjørnsen (34)
Oppvaksen på Sand
Arkitekt og dagleg leiar i AROS Arkitekter i Sandnes
Har master i arkitektur frå Arkitektskolen Aarhus i Danmark
Under utdanninga drog ho på utveksling til Chile, og hadde eitt års praksis ved arkitektkontoret Helen&Hard i Stavanger
Arbeidde som arkitekt i AROS før ho tok over jobben som dagleg leiar
Er du nyfiken på arkitektfaget?
Beate sitt beste tips for unge som er interesserte i arkitektur, er å bruka arbeidsveker til utplassering på arkitektkontor. Finn ein stad du har overnattings moglegheiter hjå familie eller kjende.
Du kan studera arkitektur ved Bergen arkitektskole (BAS), NTNU – Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet i Trondheim, eller Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Mange norske arkitektstudentar drar til Danmark, slik som Beate, som tok graden ved Arkitektskolen Aarhus.
NTNU baserer opptaket på karakterar og har høge poenggrenser. BAS, AHO, Arkitektskolen Aarhus og andre studiestader har opptaksprøvar og andre måtar å ta inn studentar på.
Som arkitekt kan du jobba på arkitektkontor, i staten, fylkeskommune, kommune eller andre stader som har bruk kompetanse innan formgjeving av bygg.
Kjenner du til alle studieretningar innan arkitektur og byutvikling? Sjekk også interiørarkitektur, byggingeniør, landskapsarkitektur, urban design eller by- og regionplanlegging.
STARTEN PÅ EN SPENNENDE YRKESKARRIERE
OKAB.no
Fra Ryfylke og ut i verden?
Sterling søker deg som vil ta din utdanning i Ryfylke – og ha en spennende jobb innen sjømat og akvakultur.
Interessert i anleggsarbeid?
Brødrene Selvik as er godkjent som lærebedrift for:
• Betongarbeid (forskaling, armering og støping)
• Anleggsmaskinfører
• Anleggsmaskinreparatør
– Noe for den praktiske som også er glad i Sauda!
Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no
Et hav av muligheter
Vi har læreplasser i fagene:
Vi har læreplasser i fagene:
Vi har læreplasser i fagene:
Vi har læreplasser i fagene:
Vi har læreplasser i fagene:
• Akvakultur
• Akvakultur
• Akvakultur
• Havbruksteknikker
Akvakultur • Fiske og fangst
• Fiske og fangst
Akvakultur • Fiske og fangst
• Fiske og fangst
• Fiske og fangst
• Matros
• Matros
• Matros
• Motormann
• Motormann
Vi har læreplasser i fagene:
Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576
Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576
Vi har læreplasser i fagene:
• Skipsmotormekaniker
Vi har læreplasser i fagene:
• Sjømat
• Sjømat
Vi har læreplasser i fagene:
Akvakultur • Fiske og fangst
Akvakultur • Fiske og fangst
Matros •Motormann • Sjømat
Akvakultur • Fiske og fangst
For meir informasjon, kontakt
For meir informasjon, kontakt
Akvakultur • Fiske og fangst
Matros •Motormann • Sjømat www.ffor.no
Matros •Motormann • Sjømat www.ffor.no
For meir informasjon, kontakt: Kjersti Beate Rosland
Epost: kjersti@ffor.no
Kristin Haver Sevheim e-post: kristin@ffor.no tlf. 481 18 576
Matros •Motormann • Sjømat www.ffor.no Følg oss på Facebook! FOR
Tlf. 99 60 75 17
Kristin Haver Sevheim e-post: kristin@ffor.no tlf. 481 18 576
Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576
Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576
Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576
Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576
Følg oss på Facebook!
Matros •Motormann • Sjømat www.ffor.no
Matros •Motormann • Sjømat www.ffor.no
Kristin kristin@ www. Følg oss på Facebook!
Haver Sevheim kristin@ or.no, Telefon www. or.no Følg oss på Facebook!
www.ffor.no Følg oss på Facebook!
Kristin kristin@ www. Følg oss på Facebook!
www.ffor.no
Teknologisk KARRIERE
Kunstig intelligens, robotikk og ei digital utvikling i racerfart pregar næringslivet. Møt Solveig Stensvåg Eriksen (40) og Gunnar Skålheim (24), som begge har funne sine drøymejobbar i teknologien.
Solveig er så vidt i ferd med å lande etter å ha vore med som initiativtakar og arrangør av Girl Tech Fest i Sauda. Ho jobbar til dagleg som utviklar i konsulentselskapet Bouvet, som også er nasjonal samarbeidspartnar for teknologiarrangementet for jenter i 5. klasse over heile landet. I Sauda gjekk arrangementet av stabelen for andre gong i år. Alle dei 33 jentene som går i 5. klasse i Sauda deltok, og dermed måtte kommunestyresalen bli tatt i bruk i tillegg til biblioteket. Suksessen var eit faktum!
– Her fekk dei prøve seg på micro:bit for å animere eit hjarte til å slå og få armane til ei sprelledukke til å røre på seg. Dei fekk og prøve seg på Scratch-programmering, VR-briller og stein, saks og papir med micro:bit.
– Det er så viktig at jentene får leike med teknologi. Me ser at mange jenter misser den interessa i 10–12-årsalderen, så dette arrangementet skal vere med på å bidra til at dei forblir interesserte og kanskje etterpå vil vurdere ei teknologisk utdanning. Det treng me, seier Solveig engasjert.
Ni kvinnelege rådgjevarar frå Bouvet, Ryfylke IT Samarbeid, Eramet og Statkraft stilte opp denne dagen for å dele sin kunnskap og inspirere jentene som deltok.
Frå olje til IT
Solveig er sjølv ei av dei som ikkje mista den teknologiske interessa i ung alder. Foreldra kjøpte tidleg PC til heimen, og då Intel 286 kom i hus, vart det opna ei heilt ny verd for unge Solveig. Plutseleg kunne ho spele med folk frå heile verda og til og med prøve seg på å bygge opp nettsider. – Eg vart tidleg introdusert for dette, eg trur jo at det har hatt noko å seie. Vidare vart det allmennfag og bachelorgrad i multimedieteknologi og design ved Universitetet i Agder. Etter ferdig utdanning kom Solveig inn i oljesektoren og jobba i mange år med brukargrensesnitt for oljeproduksjon og oljeboring. I 2016 vart tidene i næringa tøffe, og ho mista jobben.
– Då gjekk Bouvet ut i media og sa dei gjerne ville kurse arbeidsledige oljeingeniørar til IT. Eg heiv meg på og har ikkje angra på det. Bakgrunnen min frå oljenæringa kom og godt med, sidan me jobbar med mange kundar frå same sektor. Avdelinga mi jobbar med blant anna 3D, teknisk informasjon, digitale tvillingar og applikasjonar for oljenæringa.
I dag leiger Solveig kontor hjå Eramet, og er på Bouvet sitt kontor i Stavanger når ho har lyst, eller det trengs eit fysisk møtepunkt saman med kollegaene.
Ekstrem utvikling
Ho er klar på at kunstig intelligens og digitale verktøy må lærast og brukast for at ein skal klare å få ut verdi frå dei.
– Utviklinga går så enormt fort, og det blir viktig å stadig
"– Det var heilt fantastisk å sjå, knallkjekt
å få lov til å vere med på noko slikt!
SOLVEIG STENSVÅG ERIKSEN
lære seg nye ting og henge med. Kunstig intelligens blir stadig viktigare i kvardagen til utviklarane, men den kan ikkje erstatte jobben som blir gjort endå. Kjeldekritikk blir berre viktigare og viktigare.
– Eg trur det vil bli mange spanande jobbar framover. Me treng mykje ulik kompetanse inn i vår bransje, me har behov for prosjektleiarar, utviklarar og designarar, for å nemne nokre. Eg merkar at eg har med meg mykje kunnskap frå oljenæringa over til IT-bransjen, så det er alltid verdi i arbeidserfaring sjølv om ein bytter bransje etterkvart. Finn noko som interesserer deg, det er mitt beste tips, seier ho.
Kybernetikk og robotikk
Gunnar var guten som det siste året i barnehagen fekk med seg små lappar med matte-oppgåver, som mor hadde stukke i lomma hans slik at han skulle ha noko å bryne seg på når han trong ein pause frå sandkassa.
– Du må jo ha vore eit genibarn?
– Nei, det var eg nok ikkje. Men litt spesielt er det nok, seier han og ler godt.
Etter studiespesialiserande på Sauda vidaregåande var suldølen fast bestemt på å slå gjennom som fotballspelar. Han satsa og reiste til Stavanger for å gå på toppidrettslinje. Men livet tok ei anna retning, og interessa for fysikk, kjemi og å studere meir matematikk vart vekt.
– Plutseleg såg eg at ein kunne anvende matematikk i den verkelege verda, og realfaga vart interessante igjen.
Etterpå vart det masterstudiar i kybernetikk og robotikk ved NTNU. Kybernetikk er vitskapen om korleis dynamiske system, som til dømes robotar eller industrielle prosessar, oppfører seg, og korleis ein styrer slike system automatisk. Robotikk handlar om å avlaste mennesket frå tærande oppgåver ved hjelp av automasjon.
– Eg har alltid interessert meg for teknologi. Ei stund hadde eg lyst til å jobbe i bilindustrien og gjerne med sjølvkøyrande bilar. I dag er eg veldig godt nøgd med jobben som sivilingeniør i Equinor, her får eg jobbe med support ut til dei som er i Nordsjøen. Det er veldig spanande å få jobbe med overgangen til fornybar energi i bransjen.
No er han lokalisert i Bergen, i første omgang fram til våren, då ferda går vidare til ein av dei andre lokasjonane til Equnior.
To sider av kunstig intelligens
Gunnar er klar på at det er viktig å ta omsyn til dei etiske utfordringar som dukkar opp i utviklinga av kunstig intelligens.
– Shit in-shit out. Gir ein eit kunstig intelligent verktøy slappe rammer og dårleg treningsdata, kan ein ikkje forvente at produktet er eit superverktøy. Her kjem ansvaret til utviklarane inn med rammesetting og datafiltrering. I eit så raskt tempo som teknologiutviklinga går i no, er det veldig viktig at ein har tunga rett i munnen og ikkje mistar kontrollen. – Korleis trur du utviklinga ser ut om 50 år?
– Då trur eg me har blitt flinkare til å finne alternative energikjelder, og eg trur me har utvikla kjernekraft som eit trygt alternativ. Energibehovet vårt er ikkje stagnerande, det veks stadig, samstundes som me må gjere noko med utsleppa våre.
– Du følgde draumen din. Har du eit tips til dei som står framfor utdanningsvalet no?
– Det er viktig å ikkje skrive planen du har i stein, skriv den heller med blyant slik at den kan viskast ut dersom det trengs. Lag deg ein plan og jobb mot den, men godta at ein kanskje må endre retning eller ta nye val. Det gjer ingenting.
TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR
Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!
Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke– til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar
som «Kva yrke treng me i framtida».
Det er viktig å kanskje ikkje lytte for mykje til vener og foreldre når det gjeld sjølve valet. Menbruk dei gjerne til å diskutere med, og la dei få utfordre deg med spørsmål om vala dine.
1. Sjekk ut kor det er jobbmoglegheiter
Det er viktig at du vel noko som ligg innanfor ditt eige interessefelt – men du bør òg sjekke om det faktisk er jobbmoglegheiter i framtida innan det du vel, der du ønskjer å bu.
Det er og viktig å sjå om det gir det inntektsgrunnlaget du kan tenkje deg å leve med.
2. Skaff deg digital kunnskap - uansett val
I framtida kjem mange jobbar til å krevje breiddekompetanse og gjerne samansett kompetanse, det kan difor vere lurt å ta fleire utdanningar innan fleire retningar. Til dømes kan det vere klokt for mange akademiske yrke å ta IT-fag i tillegg. God digital kunnskap i framtida er like viktig som å kunne lese, skrive, snakke eller slå spikar har vore til no.
3. Tenk fleirfagleg fagbrev, fagbrev og fagbrev!
Kravet til kompetanse aukar både i praktiske og meir teoretiske yrke. Det betyr at å skaffe seg fagbrev dersom ein vel yrkesfag, vil vere viktig for å vere attraktiv på arbeidsmarknaden. Krav om fagbrev ligg ofte inne i kontraktsvilkåra til bedriftene, og gjer det endå van-
skelegare for dei utan fagbrev å kome inn i praktiske yrke. Dersom du ikkje er flink med teori og skulefag, kan ein ta læreløp som er meir praktisk orienterte.
4. Søk skuleplass uansett!
Tenk deg nøye om før du vurderer eit år utan studiar. Det kan vere vanskeleg å få jobb med lite utdanning og erfaring. Eg vil anbefale at du søkjer skuleplass uansett, og jobbar hardt med å skaffe deg jobb så snart som mogleg. Sei ikkje frå deg skuleplassen før du har jobb i boks.
5. Ta initiativ, vis engasjement
Det er òg lurt å tenkje på å «bygge CV» når ein er ung. Altså å velje å delta på aktivitetar, skaffe seg deltidsjobb, bidra i frivillig arbeid, ha hobbyar og så vidare som støttar opp om yrkesvalet ein tar. Då vil ein lettare skilje seg ut frå mengda etter utdanninga.
6. Unngå å avbryte!
Prøv å unngå å droppe ut midt i noko! Spør heller om hjelp til å få gjennomført, så tidleg som mogleg. Det finst hjelp å få om ein treng tilrettelegging både på skulen og som lærling. Sjekk ut dette før du vel å avslutte noko for tidleg. Samansett kompetanse frå fleire retningar kan vere veldig bra på arbeidsmarknaden, men då må du fullføre for at det skal vere nyttig for deg!
Lukke til med valet ditt!
Vasskraft gjev livskraft
Sidan turbinhjula i kraftverka i Røldal-Suldal starta opp på 60-talet har dei bidrege til viktig livskraft for lokalsamfunnet vårt. I arbeidet vårt med å skape ei berekraftig framtid har vi saman med Lyse planar om å videreutvikle og oppgradere vasskraftanlegga våre. Framover vil vi ha bruk for fleire flinke ingeniørar, fagarbeiderar og lærlingar. Vil du vera med?
Finn ut meir på hydro.com/energi
vår stand på yrkesmessa
Vi vil ha behov for lærling i industrimekaniker faget frå hausten 2025. Følg med på våre nettside www.statkraft.no Statkraft er eit leiande internasjonalt selskap innan vasskraft og den største leverandøren av fornybar energi i Europa. Konsernet produserer vasskraft, vindkraft, gasskraft og fjernvarme, og er ein global marknadsaktør innan energihandel. Statkraft har 6000 tilsette i meir enn 20 land.
Likar du å bygge, skape, reparere, jobbe kreativt eller hjelpe andre?
Då kan yrkesfag vere aktuelt for deg.
Fag-/svennebrev - kva må til? Me er på yrkesmessa!
ALT TIL LANDBRUK, HAGE OG HYTTE!
Verkstaden vår har høg kompetanse og butikken er rik på det du treng til landbruk, hage og hytte. Me tilbyr sal, rådgjeving og vedlikehald av snøscooter, ATV, traktor, hage - og skogsutstyr, reiskaper og utstyr til storfe og småfe. autagro.no
Arbeids:Kraft Nyheitsbrevet
For deg som er interessert i å jobbe, leve og bu i Suldal og Sauda for framtida!
Ved å melde deg på nyheitsbrevet vårt
Arbeids:Kraft vil du motta nokre faste årlege oppdateringar med informasjon om arbeidsog utdanningsmoglegheiter i vår region.
Du melder deg på ved å scanne QR-koden, og kan stoppe abonnementet kva tid som helst.
Vil du satse på en TUNG kompetanse?
Vi har lærlinger i yrkessjåfør – og logistikkfaget, og over 60 medlemsbedrifter!
Ta kontakt med oss for mer informasjon
Ida 92610830 ida@larlingkontoret.no
Camilla 92887590
camilla@larlingkontoret.no
www.lærlingkontoret.no
Saudefaldene er et kraftselskap eid av Orkla med 85% og Sunnhordaland Kraftlag med 15%. Selskapet har driftansvar for 6 kraftstasjoner med tilhørende regionalnett. Selskapet har kontor i Sauda.
Saudefaldene er en engasjert og moderne bedrift i energibransjen.
Saudefaldene er en engasjert og moderne bedrift i energibransjen.
Saudefaldene ble etablert i Sauda i Rogaland i 1913, og har siden 1919 produsert elektrisk kraft. Bedriften har i dag 36 ansatte og en årsproduksjon på ca 1,8 TWh (ca 1,5 % av all kraftproduksjon i Norge på et år).
Saudefaldene ble etablert i Sauda i Rogaland i 1913, og har siden 1919 produsert elektrisk kraft. Bedriften har i dag 36 ansatte og en årsproduksjon på ca 1,8 TWh (ca 1,5 % av all kraftproduksjon i Norge på et år).
Vi er alltid på jakt etter dyktige medarbeidere. Aktuell utdanning og kompetanse:
• fagarbeidere energioperatør, energimontør og industrimekaniker, evnt. byggfag og elektriker • ingeniører bygg, elkraft, evnt. mekanisk • økonomi og ledelse
Vi er alltid på jakt etter dyktige medarbeidere. Aktuell utdanning og kompetanse:
• fagarbeidere energioperatør, energimontør og industrimekaniker, evnt. byggfag og elektriker • ingeniører bygg, elkraft, evnt. mekanisk • økonomi og ledelse
Vi er på web og er sosiale på Facebook www.saudefaldene.no
Vi er på web og er sosiale på Facebook www.saudefaldene.no
For Iryna, Jon og Hildegun har vegen frå utdanning til arbeidsliv tatt retningar dei ikkje hadde sett føre seg i starten. Men sjølv om det ikkje vart plan A, skulle det vise seg at Plan B var vel så god.
– Vel du feil, KAN DU ALLTID BYTE
Iryna Krochuk (31) hadde jobba ti år som jurist i Kiev, då krigen braut ut. På kort tid var eit stabilt liv med kvardag og familie snudd opp ned og dei måtte flykte frå landet. Ho og dottera kom til Noreg i juli 2022 og var først på eit mottak i Hå kommune, før dei flytta til Sand i august same år. Å reise frå ein millionby i heimlandet til ein liten vestlandskommune med eit anna arbeidsliv og språk, gjorde ho lite optimistisk for jobbmoglegheitene sine.
– Eg var veldig bekymra for at yrket som jurist var det dårlegaste når ein flytter til eit anna land. Det er nye lovar og reglar, og eg hadde kun kunnskap om det ukrainske lovverket.
Likevel skulle ho oppdage at sjølv om det ukrainske vitnemålet ikkje kunne godkjennast i Noreg, hadde ho opparbeidd seg verdifulle erfaringar – også i det norske arbeidslivet. Etter to månadar på norskkurs hjå Introsenteret, fekk ho stilling som miljøarbeidar i NAV. Vidare fekk ho ei prosjektleiarstilling i «Alle skal med» som hadde som mål å inkludere folk som står utanføre jobb. Frå september i år har ho vore tilsett i 100 prosent stilling som rådgjevar i NAV. På kort tid hadde ho gjort eigne tankar om ulemper i arbeidslivet til skamme.
– Sjølv om eg ikkje nyttar utdanninga mi direkte, er arbeidserfaringa mi kunnskap som eg brukar kvar dag i jobben min i Suldal. Eg er til dømes van med å lese lover, skrive dokument og kommunisere med folk. Så, eg tenkte feil i starten. Utdanninga mi var ikkje den beste, men den var heller ikkje den dårlegaste.
I dag følgjer ho opp folk som er sjukemelde og på arbeidsavklaringspengar. Ho trivst godt med arbeidsoppgåver, kollegar og det gode miljøet på jobb. På spørsmål om kva råd ho vil gi til unge menneske som står på terskelen til yrkesval og utdanning, er ho klår. – Ver avslappa! Eg hugsar det kjendes ut som om det var eit val for heile livet, men om du vel feil, kan du alltid byte. Om du ikkje prøver, vil du aldri vite. Det er også lurt å ha kunnskap og erfaring på fleire område, å vere multifunksjonell!
Ville legge til rette for meistring
Jon Eriksen Vold jobbar i dag hjå Grieg Seafood i Erfjord samstundes som han tek ein bachelorgrad i havbruk. Vegen fram til dette yrkesvalet, hadde nokre heilt andre mellomstopp undervegs.
– Eg vaks opp i Suldal og tok allmennfag (no: stud.spes) ved Sauda vgs. Etter førstegongsteneste som vart avbrote etter eit halvt år grunna ein brekt fot, starta eg på byggingeniør i Stavanger. Då eg hadde vore student i eit halvt år skjønte eg at eg ikkje var klar, og fekk heiltidsjobb i ein byggevarebutikk. Der blei eg i to-tre år.
Under tida i byggevarebutikken jobba han mellom anna med ungdom som hadde havna utanfor skulen. Han treivst godt med å vere arbeidsleiar for dei og legge til rette for meistring. Ei ny yrkesretning vart interessant.
– Eg søkte meg inn på barnevernspedagogikk i Sogndal. Eg kjende fleire som hadde gått der og som hadde mange lovord. Å få ei utdanning som kunne spissa seg mot unge vaksne var interessant.
Ferdigutdanna som barnevernspedagog gjekk vegen heim til Suldal. Planen var å vente på kjærasten eit år, medan ho gjorde seg ferdig med studiar i Danmark. I mellomtida skulle han ha eit vikariat på Sand skule.
– Gjennom året vart eg usikker på om eg ville jobbe med venene mine sine ungar. Det hadde blitt enda tettare på lokalsamfunnet om eg skulle ha gått barnevernsvegen.
Motivert av resultatbasert arbeid
Då han starta å tvile på yrkesvegen, tok han kontakt med den gamle sommarjobben sin, Erfjord stamfisk, som no heiter Grieg Seafood. Etter få veker fekk han full jobb. I dag har han tatt fagbrev og jobbar som teknikar. Parallelt tek han ein bachelor i havbruk, deltid på Høgskulen på Vestlandet. Han er ikkje i tvil om at ein lengre veg til draumeyrket var verd det.
– Det har langt i frå vore ein klar plan bak alt, det er fleire tilfeldigheiter involvert, men det har gått veldig bra! Eg har hamna på heilt rett hylle og trivst særs godt med arbeidsoppgåvene. Eg trudde det å jobbe med menneske var min veg å gå, men så viser det seg at å jobbe resultatbasert og å kunne påverke eit produkt, er noko som motiverer meg veldig.
Om han skal gi eit råd til ungdom i dag, vektlegg han trivsel.
– Prøv å finne ut kva du syns er kjekt, -ikkje berre tenk at du skal ha ein jobb. Det er veldig vanskeleg som 15-16 åring å stake ut ein kurs, men ein har mange moglegheiter til å endre retning, snu og prøve noko heilt anna.
– Visste ikkje kva eg skulle bli
Hildegun Solheim (30) visste lenge ikkje kva ho skulle bli, og følgde fritidsinteressa. I dag driv ho Nuten Sport i Sauda, som ikkje var ein yrkesveg ho hadde fremst i tankane, då ho gjekk på vidaregåande.
– Eg tok vanleg studiespesialiserande då eg ikkje visste kva eg skulle bli. Undervegs tok eg 2. året som utvekslingsstudent i USA og så gjekk turen til Bali med eit semester med idrettsfag. Då eg kom heim, fann eg ut at eg kunne ta resten av studiet i Sogndal, og slik få eit årsstudium i idrett.
Friluftsliv og idrett var noko som har vore ein sterk del av oppveksten hennar i Sauda. Det vart difor ein god veg å utvide årsstudiet til ein bachelor med to spesialiseringar. Ein med fordjuping i fysisk aktivitet og helse og ein
i friluftsliv. Då ho nærma seg studieslutt i Sogndal, byrja tankane å vandre mot yrkeslivet. – Me visste me ville flytte tilbake til Sauda, og eg byrja å sjå på jobbar. Eg fekk tilbod om mange småjobbar som PT på treningssenter, miljøterapeut i omsorgsbustad, vikariat på Sauda vidaregåande skule og ei prosjektstilling i kommunen. Etter å ha jobba eit år i ulike småstillingar, måtte eg tenkje meg om kva eg eigentleg ville bli. Og om Sauda hadde dei jobbmoglegheitene eg var på leit etter.
Skapte sin eigen arbeidsplass
Tanken byrja å spinne mot å skape sin eigen arbeidsplass. Med lidenskap for friluftsliv og tidlegare deltidsjobbar i sportsbutikk, opna ho butikken Nuten Sport i 2018. Det som var berre ei lita spire, er no blitt arbeidsplass for fleire,
"– Eg trudde det å jobbe med menneske var min veg å gå, men så viser det seg at å jobbe resultatbasert og å kunne påverke eit produkt, er noko som motiverer meg veldig.
JON ERIKSEN VOLD
med fysisk butikk, nettbutikk, og kundegruppe over heile landet. – Eg sakna ein nisjebutikk etter å ha budd vekke og sett kva andre plassar har. Det er ikkje ein fullsortimentbutikk, men spissa mot tur og friluftsliv. No driv eg butikk innanføre noko eg brenn for og elskar å halde på med. Då får du ein ekstra motivasjon og meistring. Det er kjekt å kjenne at du får til noko heilt sjølv!
I dag jobbar ho fulltid i butikken men har også gruppetime på treningssenteret Frisk og Rask. Om ho skal gi eit råd til dei som kjem etter, er rådet å lytte til seg sjølv.
– Det er viktig å gå for noko som du trur du kan trivast med. Ikkje vel noko fordi andre vel det. Eg har mange gonger lurt på kvifor eg gjekk studiespesialisering og ikkje idrettsfag, eg som likte så godt idrett! Men der og då følgde eg straumen av vener som valte studiespesialisering. Det er ikkje farleg å velje dei meir spissa linjene, ein kan alltids ta påbygg i etterkant.
TEKST: INGA KLOKKERSTUEN WANGENSTEEN
Rådgjevarane gir råd
Til deg som går på ungdomsskulen
Ingrid Nafstad Lyftingsmo, rådgjevar på ungdomsskulen på Sand
Det er du som må kjenna aller mest etter på kva du vil trivast med. Når folk trivst med det dei gjer, kjem motivasjonen meir av seg sjølv. Kjenn etter, og sett opp pluss- og minus-sider ved ulike val. Til deg som har klare planar, kan me som rådgjevarar vera med å tenkja framover, og visa at det fleire vegar til målet. Kjenner du behov for ein meir praktisk skuledag, er yrkesfag eit godt alternativ. Der får du større variasjon og kan komma relativt raskt ut i jobb om det er arbeidslivet som fristar mest. Dersom du vil ta høgare utdanning, kan du alltid ta påbyggingsår for å få generell studiekompetanse. Hugs at du kan dyrka interesser medan du byggjer studiekompetanse – ta gjerne idrett, musikk, dans og drama, media og kommunikasjon eller kunst, design og arkitektur. Det viktigaste er å fullføra ei utdanning, uansett om det er fagbrev eller studiar.
Gro Melstveit, rådgjevar på Sauda ungdomsskule
Når du skal velja vidare utdanning, er det viktig å ha tenkt godt i forkant. Du må ha informasjon om utdanningsprogram og om skulen du vil søkja til. Ta utgangspunkt i eigne interesser og ønske. Du kan få informasjon på skulen, yrkes- og utdanningsmessa, venner og kjende, familie og på gode nettsider. Bruk rådgjevarane rundt deg, både oss som jobbar med det på skulen, og dei som kjenner deg ekstra godt. Oppsøk informasjon, senk skuldrene og kjenn på kor spennande denne tida i livet er. Prøv å ikkje bli for mykje påverka av kva alle andre vil velja, men still spørsmålet «Kva vil eg?». Du har garantert talent og evner du kan utvikla framover, som både du og samfunnet vårt har god nytte av. Når du skal over i vidaregåande skule, kjem du til å læra enormt my kje, både fagleg og personleg. Dersom du gjer så godt du kan, er det som regel meir enn godt nok.
Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Til
deg som går på vidaregåande
Lillian Nordengen, yrkes- og utdanningsrådgjevar på Sauda vidaregåande skule
Vel noko som interesserer deg og tenk meir på kva du skal læra enn kor du skal vera. Ikkje søk deg på ti ulike studiar i Bergen, for å studera i Bergen. Dersom du veit at du vil studera vernepleie, søkjer du på det fleire stader. Uansett om du er sikker eller usikker i valet: Iblant er det nokon som vil oppleva at dei har valt ei utdanning som ikkje passa heilt for dei. Det kan vera vondt å kjenna på, men det er inga skam å snu, tvert imot har du fått ei verdifull erfaring og ny kunnskap med deg vidare i livet. Til deg som ikkje har bestemt deg: Finn informasjon og spør erfarne folk rundt deg, men hugs at det er du som skal velja for deg! Ikkje bli det pappa har drøymt om heile livet, dersom det ikkje er rett for deg. Då får du heller senda pappa på vidareutdanning.
Til deg som er vaksen
Kristin Bruknapp, avdelingsleiar og rådgjevar vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule
Er utdanning noko du som vaksen tenkjer på og vurderer, er det viktigaste rådet å ta kontakt! Samtalen med oss rådgjevarar er heilt uforpliktande, og du får drøfta valet med nokon. Du får også informasjon om kva for er mogleg for deg. Dersom du vurderer vidaregåande opplæring eller høgare utdanning, bør du tenkja på kva yrke som passar for deg og din livssituasjon, og kva behov som finst i arbeidsmarknaden. I tillegg kan ein tenkja på kva erfaring og praksis du har, som du kan byggja vidare på. Det som er spesielt viktig for vaksne studentar, er at utdanningsløpet blir tilpassa livssituasjonen og økonomi, og
Ny retning I SAME FAGET
Byggingeniør Berge
Marius Stople (29) er godt i gang med læretida som tømrar, medan
vernepleiar Hilde Kvaløy (33) har utfordra seg sjølv som avdelingsleiar ved Åbøtunet. – Kunnskapen
ein har med seg frå før er gull verdt, meiner dei to.
Ute på Jelsa reiser det seg ein ny einebustad som truleg står ferdig og klar til våren. Midt i det nye reisverket står Berge Marius Stople, han er langt frå fersk i byggebransjen, men som tømrarlærling kan han ikkje sjå tilbake på så mange månadar. Byggingeniøren frå Sandeid kom nemleg til eit punkt der han ville prøve noko nytt, og helst eit fysisk arbeid der han fekk vere ute om dagane. Valet falt på tømraryrket, og dermed starta ingeniøren på eit læreløp på 3,5 år. Etter eit halvt år som lærling i Etne flytta han og familien til Sand, og ein ny arbeidskvardag, denne gongen i KV Bygg Suldal.
– Då eg skulle ta valet om å gå på vidaregåande vart eg oppmoda om å ta studiespesialiserande og studere etterpå. Eg meistra realfag som matte og fysikk, det fekk eg til, så då var ikkje vegen så lang til ingeniørstudiet.
– Og mange arbeidsoppgåver som ingeniør trigga meg, spesielt det som gjekk på konstruksjonsteknikk. Korleis vil bygget tole vind, snø og andre naturkrefter. Etter eit år på maskiningeniør i Trondheim vart det difor byggingeniør-studiar på Gjøvik.
– Likevel låg nok det praktiske latent i meg alltid. Eg er vaksen opp på gard og har alltid likt å løyse ting, arbeide og få til noko. Det er ekstra kjekt som tømrar, ein byggjer noko som står igjen etter ein.
Trivsel som motor Etter ferdig utdanning fekk Berge Marius jobb i Omega 365 Areal.
– Og eg likte jo det veldig godt! Kjekke kollegaer, arbeidsoppgåver og problemstillingar ein kunne røyne seg på. Men det vart mykje kontor, og ofte får ein ei litt kontrollerande rolle ute på byggeplassen. Ein skal passe på at alt er gjort skikkeleg og stemmer, då er det kjekkare å vere blant dei som faktisk skal bygge det opp.
Sjølv om læretida er ganske så fersk, så veit Berge Marius godt korleis ein byggeplass fungerer.
– Eg er nok heldig der, eg blir ikkje så overvelda av å kome inn på ein byggeplass. Og eg veit korleis ein les teikningar, seier han og ler.
– Likevel har eg mykje å lære om faget, og det er kjekt å jobbe med dyktige kollegaer. Trivselen er motoren i jobbskiftet her, og eg sit igjen med ei betre kjensle når eg får brukt kroppen fysisk på jobb.
– Har du eit råd til dei som skal velje yrkesveg?
– Det aller viktigaste er å finne noko som ein kan trivast med, då kjem mykje anna gratis. Hadde eg valt på nytt så hadde eg nok valt yrkesfag. Yrkesfag er absolutt noko ein bør framsnakke meir, eg både trur og håpar statusen til yrkesfag har vakse dei siste åra, seier Berge Marius.
Vil jobbe med folk
Hilde Kvaløy frå Sauda har alltid visst at ho skulle jobbe med menneske. Etter utdanning som vernepleiar og fleire år der ho jobba i arbeids – og inkluderingsbedrifta Rysteg samt i bufellesskap i Sauda kommune, har ho no blitt avdelingsleiar ved Åbøtunet.
– Det grunnleggande for meg er å jobbe med folk, og kunne gjere ein forskjell i nokon sitt liv. Det er givande å vere til støtte for nokon som har utfordringar, og som treng hjelp frå systemet, seier ho.
– Eg kjenner jo somme gonger på at eg saknar faget mitt i kvardagen, likevel er faglege spørsmål veldig viktig for meg i leiarrolla. Eg skal vere rådgjevar for dei som er tilsett i mi eining, og vere ein pådrivar for fagleg utvikling. Det er ein spanande del av jobben.
På plass som leiar
Sjølv om ho har mange år i den kommunale helsesektoren bak seg så var overgangen til leiarjobben ganske stor.
– Det vart ein brå overgang ja. Eg måtte flytte fokus litt frå brukarane av tenestene til og å vere på plass som ein synleg og god leiar, som fylgjer opp personalansvaret og turnuslivet på ein annan måte. Men eg trivst veldig godt, eg har eit godt team rundt meg.
– Det er kjempeviktig at eg som leiar har nokon å snakke med når ting kan bli vanskeleg og utfordrande. Leiarskap handlar jo mykje om god relasjonsbygging internt i avdelinga eller selskapet.
Etter studiespesialiserande på vidaregåande skule i Sauda hadde Hilde mål om å utdanne seg til sosionom. Men då tilbodet om å ta desentralisert vernepleieutdanning i
Sauda dukka opp i 2010 heiv ho seg på der.
– Det er jo ei utdanning som ikkje ligg så langt frå sosionom, sjølv om det er meir helsefag i denne retninga. Det var jo flott å kunne ta utdanning desentralisert, her fekk me digital undervisning på Sauda vgs, og elles reiste me på samling ein gong i semesteret i tillegg til praksis.
Alt har verdi
Etter ferdig utdanning fekk ho jobb i arbeids- og inkluderingsbedrifta Rysteg som jobbkonsulent. Då pendla ho til avdelinga dei har på Sand i Suldal, før yrkesvegen gjekk mot Sauda kommune og jobb som vernepleiar i avdelinga for tilrettelagde tenester. Ho har jobba med rus, psykatri og med fagleg oppfølging av brukarar som må ha bistand for å klare å ta vare på seg sjølv. Ho har jobba som plasstillitsvald og i Fagforbundet.
– Eg har vore innom forskjellige jobbar og ser jo at ein tar med seg viktig kompetanse og kunnskap vidare frå alt ein held på med. Eg hadde ikkje gjort ein like god leiarjobb her om eg ikkje hadde denne faglege ballasten med meg, meiner Hilde.
TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR
FOTO: HANNA MARIA VAN ZIJP
Viktige nettsider for deg som skal på vidaregåande skule: vilbli.no utdanning.no Vigo.no er søkjeportalen for vidaregåande skule. All søking er digitalt og dei loggar inn med feks MinID eller BankID.
Søknadsportalen VIGO opnar i januar. Elevane kan endre søknaden sin inne i VIGO fram til fristen for søking går ut.
Søknadfrist som står i VIGO er den som gjeld. Rådgjevar på din skule hjelper deg om du er i naud. Er du vaksen og vil ta vidare utdanning? Du kan søkje og få rettleiing heile året.
Les meir om utdanningsval og yrker i Ryfylke sjå www.utdanningiryfylke.no
til deg som skal søkje skuleplass, læreplass eller studiar!
Andre søketips:
• 1. februar for søkjarar med fortrinn, individuell behandling, minoritetsspråklege og lærekandidatar.
• 1. mars 2025 er frist for ordinære søkarar til skule.
• Folkehøgskulane har ingen søknadsfrist, men frå i år startar dei opptaket allereie 15. nov.
Kjelde: www.folkehogskole. no/nyheter/folkehogskolene-har-ingen-soknadsfrist
• Her søkjer ein lån og stipend når ein har fått inntaket: lanekassen.no/nb-NO/ www.noroff.no/
• Privat Høgskule. Noroff fagskole og Noroff Høyskole har løpande opptak, og ein kan søkje heilt fram til studiestart 11. august 2025. Det blir anbefalt å søkje tidleg for å sikre seg plass, sidan nokre studiar opplever ventelister. Søknad kan kan leggast inn her: www.noroff. no/sok/soknadsprosess
Fagskoleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring. Alle studiar har løpande opptak.
Høgskuleutdanning gir bachelor og byggjer på vidaregåande opplæring.
Nokre viktige fristar for søknad til høgare utdanning:
• 15. april: Søknadsfrist i Samordna opptak (viktigaste fristen for høgare utdanning)
• 1. juli: Omprioriteringsfrist (fram til denne datoen kan ein bytte mellom vala i søknaden)
• 20. juli: Tilbod om studieplass
• 24. juli: Svarfrist samordnaopptak.no
Søk læreplass i Ryfylke!
Du finn oversikt over godkjende lærebedrifter og ledige læreplassar på nettsida rytopp. no.
• Det kan lønne seg å ta kontakt med bedrifter sjølv om dei ikkje har lyst ut ledige læreplassar. For den rette søkjaren kan det likevel ordne seg!
• Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand kommune har søknadsfrist 10.02.25, mens private
bedrifter har ulike søkefristar for læreplassar.
• Ta gjerne kontakt med Rytopp dersom du treng hjelp til å finne læreplass.
• I tillegg til å søke direkte til bedriftene må alle som søker læreplass registrere seg i Vigo innan 1.mars 2025.
www.byggopp.no/rytopp/ byggopp-for-larlinger2/hvordan-soke-lareplass/
Drømmer du om en fremtid i transport?
Bli lærling hos Nor-log!
Vi søker engasjerte talenter til å sette standarden for transport i Norge.
Opplæring fra bransjens beste
Trygg arbeidsplass med utviklingsmuligheter
Karrierefokus på kvalitet og presisjon
Klar for å ta steget?
Send søknaden til jobb@nor-log.no!
Sauda næringsutvikling
Me jobbar for vekst og utvikling i Sauda. For å få til dette trengs det flinke folk i mange bransjar og næringar.
Her ventar spennande muligheter. Du
Platearbeider
Sveiser
Industrimekaniker
Industrirørlegger
Hva kan vi tilby?
Godt arbeidsmiljø
Personlig utvikling
Varierte oppgaver
post@weldone.no
I mer enn 35 år har Grieg Seafood Rogaland produsert sunn laks i fjordene i Rogaland. Fisken eksporterer vi til hele verden.
Havbruksnæringen er i rivende utvikling og har en stor fremtid i Ryfylke. Grieg Seafood Rogaland vil fortsette å skape gode jobber og positive ringvirkninger i regionen også i årene som kommer. www.griegseafood.com