![](https://assets.isu.pub/document-structure/210511124557-f33866e9faafcba3aae91aee0266c57d/v1/519414259d736170938f48813d4bd785.jpg?width=720&quality=85%2C50)
6 minute read
Kronikk: Sirkus Stensland
SIRKUS STENSLAND
På Facebooksida si, har stortingsrepresentant Sveinung Stensland lagt ut eit sitat av den amerikanske journalisten og humoristen Robert Quillen – til ettertanke for alle som ikkje har tenkt nok over dette: «Diskusjon er en utveksling av kunnskap, krangel er utveksling av uvitenhet». Sidan Stensland er oppteken av helse, kan det i denne samanhengen vera på sin plass å nemna at Quillen, trass i årelange helseutfordringar, unngjekk legar og fortsette å røykja til sin døyande dag. Wikipedia seier ingenting om dette var grunna mangel på kunnskap, eller om han var ein kranglevoren fyr som ikkje visste sitt eige beste.
Advertisement
AV JOHN PETTER LINDELAND, STYRELEIAR NHH
TWITTER-POLITIKARAR I laupet av den tida eg har følgt med på Stensland sin politiske karriere, er det ein del som tyder på at fyrste setninga i sitatet ovanfor ikkje er implementert som ein vedvarande del av han sin offentlege framtoning. Og han er ikkje aleina! Generasjonen av twitter-politikarar med sirkustendensar, har hatt god rekruttering dei siste åra, og kongen av alle er nå iferd med å abdisera – men kjem nok til å reinkarnera i annan skapnad med same fargeskala på paletten som han alltid har hatt: svart og kvit. Verda er enkel, det er berre å gjera slik eller slik, så ordnar resten seg. Om argumenta ikkje heng på greip, er strategien å berre dura fram i same lei og i tillegg koma med nokre anekdotiske innspel som media kan bruka som feite overskrifter – slik som: «jeg har snakket med kreftpasienter som er blitt kontaktet av alternative behandlere som tilbyr kurer, gull og grønne skoger. Nå må vi rydde opp i denne jungelen (VG)» 1). Kven desse behandlarane er, kort stort omfang dei utgjer, er dei organisert osb? - ser ut til å vera uinteressant for Stensland. Og som eg har skrive tidlegare: den som har kritisert denne sektoren for utelukkande å koma med anekdotisk dokumentasjon, har eit spesielt ansvar for at saksutgreiingar ikkje byggjer på eit slik fundament. Spesielt når ein har eit tillitsverv som burde borga for at alle blir tatt på alvor og behandla på ein ryddig og sakleg måte. Dessverre er det mykje som tyder på at Stensland ikkje har teke til seg ein slik lærdom, men markerer andre forvaltningsprinsipp som kan minna om politiske fargenyansar eg ikkje skal nemna her. «Vi har mer enn nok utredninger, og vi har et Storting som elsker å vedta nye utredninger» - var det lett ironiske svaret til spørsmålet om ikkje mva på alternativ behandling burde fylgjast opp av ei forsvarleg utgreiing.
VARSLINGAR Stensland sine varslingar om sterk inngripen i rammevilkåra for naturterapi og alternativ behandling, har aldri blitt møtt med dialog. Dei har tvert i mot blitt framført med generelle karakteristikkar av ein mangfaldig sektor som i juridisk forstand sorterer under Lov om alternativ behandling av sykdommer med forskrifter. Her er utdannings- og profesjonaliseringsnivået like ujamn som ein dårleg vedlikeholdt bygdeveg i Engerdal kommune. Likevel blir retorikken spissa mot at dette gjeld alle aktørar innanfor denne lova. I staden for å luka det ugraset som ikkje er ynskjeleg, sprøytar ein heller heile åkeren med politisk glyfosat-vedtak. Etterveksten etter slike radikale tiltak samsvarar ikkje alltid med det ein forventar. Målretta tiltak – som fagorganisasjonane i sektoren har etterlyst i mange år – ville derimot ha ført til utvikling i samsvar med det som var intensjonen i lova og forarbeida.
FARMASIBAKGRUNN OG FORSKING Stensland sin farmasibakgrunn, skal ikkje diskvalifisera han som politikar frå å meina noko om naturterapi og alternativ behandling – sjølv om yrkesmessig bakgrunn kan farga dei standpunkta ein kjem fram til. Det er likevel mykje som tyder på at det siste i litt for stor grad fargar Stensland sitt syn på sektoren, kombinert med eit anekdotisk kunnskapsgrunnlag. Det biokjemiske hegemoniet innan medisinen har skapt ein vitskap som på mange måtar underkjenner individualisert og persontilpassa behandlingspraksis og framhevar det ein i dag kallar for evidensbasert praksis, der kontekstfri tilnærming er målet. Den biokjemiske medisinen er som skapt for RCT-desig-
Stensland bør koma seg opp av den einsidige biokjemiske og farmasøytiske djupmyra han er opplærd i.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210511124557-f33866e9faafcba3aae91aee0266c57d/v1/fd1c86c11457c88437772c96b4050b7f.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Sveinung Stensland
ikamentell tilnærming og behandling av helseplager er eit aukande problem. Forsking på ikkje-medikamentelle eller låg-invasive behandlingsmetodar bør difor vera svært aktuelt framover – også ut i frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Her bør kost/nytte-analyser ved ulike behandlingar prioriterast. Stensland bør også tona ned myten om det vel-dokumenterte behandlingsregimet innan offentleg helsevesenet. NNH har ved fleire høve påpeika at det å bruka forsking/dokumentasjon som avgrensingskriterium i samband med meirverdisaka, blir urimeleg i denne samanhengen 2). KRANGEL OG FÅKUNNE Stensland har varsla at «det kommer mer før jeg gir meg. Denne bransjen har litt for lenge fått operere under samme betingelser som ordinære helsetjenester». Når han her brukar nemninga «samme betingelser», er dette ei overdriving som burde fått korrekturlesaren i VG til å bruka rødpennen. Fritaket for meirverdiavgift på alternativ behandling er ikkje ei subsidiering av terapeuten, men av ei teneste som ein stor del av den norske befolkninga vurderer som nyttig helsehjelp Stensland sin farmasibakgrunn, skal ikkje tivet, og innsjå at den – og som avlastar det offentlege systemet. diskvalifisera han som politikar frå å offentlege medisinen si forståing av at liDriftstilskot og tilbod om arbeid med løn innan statleg eller kommunal helsetemeina noko om naturterapi og alternativ dinga her og nå er neste, er det nok ingen av oss naturterabehandling. sjukdomen - at den er lokal og avgrensa i tid peutar som har opplevd. Om ein på tampen skulle koma med net, men røyndomen og levd liv seier – ikkje gjev betre helse på sikt. Bruk av eit godt råd til Sveinung Stensland, måtte noko anna. Innan naturmedisinen er midlar/intervensjonar som primært mot- det vera at han gjer sitatet til Robert Quøkologisk tenking grunnfundamentet for verkar eller dempar det lokale utslaget, illen om til eit repeterande mantra for å både å forstå sjukdom og utarbeiding av skal me sjølvsagt bruka når dette er nød- motverka politisk grøftekøyring og såleis ein behandlingsstrategi der samanheng/ vendig – men ikkje i det omfanget me ser heva ordskiftet opp til eit sivilisert nivå. samspel mellom ytre og indre faktorar er nå. Stensland bør koma seg opp av den NNH kjem til å tvihalda på at me er ein sentrale – både fysiske, psykiske, mentale einsidige biokjemiske og farmasøytiske organisasjon som kviler på det sokratiske og sosiale. Forskingsdesign og metodar djupmyra han er opplærd i, og innsjå at prinsippet om dialog 3), sjølv om media må i framtida ta høgde for dette perspek- biverknadane og kostnadane ved med- og Stensland ynskjer sirkus.
1. https://www.vg.no/nyheter/i/1nEwXK/krever-lovendring-maa-rydde-opp-i-jungelen-av-alternative-behandlere 2. https://ebm.bmj.com/content/22/3/88 | https://forskning.no/fysioterapi/forskere-vet-lite-om-fysioterapi-na-skal-de-finne-ut-hvordan-det-gar-med-pasientene/1270673 https://www.fhi.no/publ/eldre/kunnskapsoppsummering-om-manuelle-behandlingsformer/ 3. https://no.wikipedia.org/wiki/Sokratisk_dialog
PROBIOTIC med sporer
NYHET
EAST PARK TM PROBIOTIC CARE 10 MILLIARDER
Dette er en melkesyrebakterie i sporeform som har en sterk overlevelsesevne. Bacillus Subtilis tåler både magesyre og temperaturforandringer. Den aktiveres og formerer seg raskt i tarmsystemet. Den vil hjelpe til med å regulere fordøyelsen samt styrke immunforsvaret.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210511124557-f33866e9faafcba3aae91aee0266c57d/v1/39ba08f5445b0df5858837422bc762f2.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Styrker immunforsvaret Styrker immunforsvaret Styrker immunforsvaret
EAST PARK TM PROBIOTIC TARM 80 MILLIARDER
Beregnet for personer med kroniske eller akutte plager i tarmene. Har høykonsentrerte melkesyrebakterier fra 11 stammer.
EAST PARK TM PROBIOTIC KVINNE 50 MILLIARDER
Har en helt unik sammensetning av 9 stammer som er spesiallaget til kvinner for å gjenopprette bakterie-
Den kan hjelpe mot urinveisinfeksjoner og vaginal soppinfeksjon.
East Park TM Probiotic er bra å bruke i forbindelse med bruk av antibiotika. D på reise.
EAST PARK ™EAST PARK ™
OLIVENBLADEKSTRAKTOLIVENBLADEKSTRAKT
Olivenbladekstrakt fra East Park TM kan gi bedre immunforsvar, Olivenbladekstrakt fra East Park™ kan gi bedre immunforsvar, Olivenbladekstrakt fra East Park™ kan gi bedre immunforsvar, Godt mot både mindre symptomer og kroniske plager. Godt mot både mindre symptomer og kroniske plager. Fin å bruke etter antibiotikakur og på reiser. Brukes mot både mindre symptomer og kroniske plager. East Park ™ Olivenbladekstrakt er et 100 % East Park ™ Olivenbladekstrakt er et 100 % naturlig produkt med vegetabilske kapsler. naturlig produkt med vegetabilske kapsler.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210511124557-f33866e9faafcba3aae91aee0266c57d/v1/e00a9abdafac5f149c3c8bc5821451d6.jpg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210511124557-f33866e9faafcba3aae91aee0266c57d/v1/762b0d532cd4cee4c7486422fe98b2ca.jpg?width=720&quality=85%2C50)