Brev til Fylkesmannen i Hordaland om vern av Ullensvang prestegård

Page 1

Fylkesmannen i Hordaland v/ seksjonssjef Egil Hauge Postboks 7310 5020 Bergen

Bergen, 1.2.2012

Oppstart av vernearbeid Naturvernforbundet Hordaland (NVH) ser positivt på Fylkesmannen sitt initiativ for vern av 1 km 2 av Ullensvang prestegard som edellauvskogreservat, like frå busetnaden og opp på snaufjellet 1 000 meter over havet. Dette blir eit verdfullt supplement til edellauvskogplanen som kom på 1990-talet. I tillegg til det som er nemnt i brevet, vil NVH understreka verdien av å få verna eit samanhengande natur- og kulturlandskap i indre Hardanger, like frå fjorden og opp på fjellet, med alt som høyrer til av utslåttar, styvingstre, gamle steingardar og uteløer, og med vekslande skog- og vegetasjonstypar oppover mot fjellet. Av kulturminne vil vi særleg peika på dei såkalla Munketrappene, som etter tradisjonen er ein eldgamal ferdsleveg frå middelalderen, bygd av munkar frå Lysekloster, som går frå Lofthus og heilt opp på fjellet nær Solbjørgstølen, der det gamle steinbuer. Nær ved kastar den verna Opo-elva seg utfor i fossen som kallast Rjukande, ned i Opedalen. Den gamle ferdslevegen held fram frå Solbjørgstølen innover fjellet til dei kjende fiskevatna i Kinsovassdraget, Veivatnet og Omkjelsvatnet, som munkane frå Lysekloster hadde fiskerettane til. Kinso var med på den første verneplanen for vassdrag, som kom i 1972. Naturvernforbundet meiner at dersom dette verneforslaget skal ha noko meining, så bør alle granplantefelt innanfor grensene for reservatet hoggast, også småplanter. Registreringar som er gjort tidlegare, viser nemleg at grana foryngar seg naturleg frå plantefelt i indre strok av Hordaland, og på Voss har det vore naturleg gran sidan kring år 1200. Lukke til med verneplanarbeidet! Med helsing for Naturvernforbundet Hordaland

Oddvar Skre Leiar

____________________________________________________________________________________________________ Adresse: Postboks 1201 Sentrum, 5811 Bergen – Telefon: +47 55 30 06 60– Faks: +47 55 30 06 50 E-post: hordaland@naturvernforbundet.no – Internett: www.naturvernforbundet.no/hordaland


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.