Planprogram klima og energi, Austrheim

Page 1

Naturvernforbundet Nordhordland v/Jan Nordø Hoplandsjøen 74 5943 Austrheim

7. november 2010

Austrheim kommune 5943 Austrheim

Uttale til planprogran for klima og energi Endringar i klima- og energipolitikken er vår tids største miljømessige utfordring. I så måte er det positivt at kommunane vert utfordra på konkret handling, også Austrheim. Det er viktig at planen ikke blir eit skrivebordsprodukt som hamnar i rådmannen sin skuff, men resulterer i heilt konkrete tiltak med tydelege fristar, t.d. til fjernvarme, sykkel- og gangstiar, pant på oljekaminar, kommunale el-bilar, energikrav til bustader osb.. Naturvernforbundet Nordhordland meiner kommunen særleg må arbeida med energibruken (frå olje til fornybart og enøk), infrastruktur og transport (miljøvenleg busetnadsmønster) og haldningar (kvifor er det så få som syklar og går når avstandane er så små?). Fjernvarme i Mongstadområdet er eit svært positivt tiltak, men Naturvernforbundet vil be Austrheim kommune om å utfordra Statoil også på andre område. Dei store CO2-utsleppa utan reinsing frå raffineriet, er ingen god klimapolitikk korkje for Statoil, Austrheim eller Lindås. Med helsing Jan Nordø Leiar

Postadresse: Postboks 1201, 5811 BERGEN Besøksadresse: Bryggen 23, Jakobsfjorden 3 etg. Tlf: 55 30 06 60 Faks: 55 30 06 50 Bank: 9013 05 39377 e-post: hordaland@naturvern.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.