
1 minute read
Jobben er grunnmuren i mange liv
Next Article
Me har studentar på jobben min nett no. Dei er eit kjærkomme årleg innslag. Først snur sola, så er det nytt år- og så kjem studentane. Som eit lite vårslepp får me besøk av unge krefter som jagar mørketida ut og får oss til å ville visa oss frå vår beste og mest faglege side.
- Av dei som havnar utanfor arbeidslivet opplever dei fleste av dei eg bistår samansette vanskar. Då er det sjeldan rett fram å finne sin veg til arbeid. Familie og vener, eller nokre gongar mangel på akkurat det, er store krefter i mange jobbsøkarar sitt liv. Med kunnskap frå familieterapien tenkjer eg at me kan arbeide enno betre for at samspelet med og rundt arbeidstakaren ? både innanfor og utanfor arbeidstida- vert eit best mogleg sikkerheitsnett som forebygger nye dropout.