1 minute read

KONKURRANSEN

VINN EI KOSEHELG I BERGEN MED GAMLE GODE JAN EGGUM

OVERNATTING I SUITE PÅ EIT AV SCANDIC SINE HOTELL I BERGEN! og showbillettar til "En natt forbi" med Jan Eggum.

Advertisement

I redaksjonen kosar vi oss etter beste evne med å laga små utfordringar for lesarane våre. I dette magasinet trur vi du vil finna mykje interessant å lesa om.

I konkurransen denne gongen har vi gøymt litt jordbær, desse fantastiske velsmakande bæra som no er blitt raude og er klare til å gleda deg og smaksløkane dine. Norske jordbær er ei smaksoppleving.

Litt konkurranse i sommarsola må vi ha. Vår gode samarbeids-partner i Bergen stiller med suite, og show som premie. Ei oppleving du seint vil gløyma, seier vi. Tidlegare vinnarar har sagt at dei hadde store forventningar, men at det likevel vart enno kjekkare.

Det likar vi å høyra, og legg alt vi kan i potten for at du som vinn skal få ei oppleving litt utanom det vanlege.

I magasinet har vi denne gongen gøymt nokre jordbær. Sjå oppe på sida. Dei er strødd ut rundt om i magasinet, og berre ventar på at du skal finna dei. I svaret må du ha rett tal på jordbær som er gøymde, og kva sidetal du fann dei på. Svaret ditt må vi ha innan 20. august og du må senda svaret på e-post til sigurd@vikorenmedia.no.

Eit lite tips frå redaksjonen: Når du trur du har funne alle, så ta ein runde til. Mange av svara vi får manglar ofte berre ein av dei vi har gøymt.

Lukke til, kos deg!

God sommar! frå oss i redaksjonen! frå oss i redaksjonen.

This article is from: