![](https://assets.isu.pub/document-structure/211216130334-3e4c14f6d408a4d8936f2b09ea0fc1e9/v1/f47ac241f4755fc5199147c01bb2d3fc.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
2 minute read
HARDANGER SAND OG KOMPOST
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211216130334-3e4c14f6d408a4d8936f2b09ea0fc1e9/v1/9d4c013649d92067b85a99fc5cfc3377.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211216130334-3e4c14f6d408a4d8936f2b09ea0fc1e9/v1/0bc6b7846d7ef04dbb5c5886fc6a2abc.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Advertisement
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211216130334-3e4c14f6d408a4d8936f2b09ea0fc1e9/v1/8361a0392f1d5cafa91274d3bc643044.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
HARDANGER
Sand og Kompost AS
Svein Arne Tyssebotn og Tore Tveit starta våren 2021 Hardanger Sand og Kompost etter at dei overtok kompostanlegget til Lindum i Simadalen.
På dette anlegget komposterar HSK avløp-slam. Av komposten vert produsert bio-jord som vert selt både lokalt og levert på vestlandet med bil eller båt. I tillegg til Lindum tek vi og mot slam frå Norva 24.
For at firmaet skulle få ein fot til å stå på og ein aktør som kunne gi god synergieffekt så kjøpte dei same karane hausten 2021 firmaet Øygard Vest AS som har drive to sandtak i Simadalen. HSK har no overteke denne drifta, samstundes som det nye firmaet driv å jobbar med å skaffa seg konsesjon for eit tredje område for masseuttak.
-Me jobbar no med godkjenning av massane me har i Simadal. Når dei er klare skal me prøva og selja massar inn til betong industrien, seier Svein Arne Tyssebotn.
Utbygging av hyttefelta i Sysendalen er ein stor avtakar av massar. Elles leverer vi til heile vestlandet, Vi har svært gode hamnefasilitetar og kan difor tilby leveranse med båt, noko som er ei effektiv måte å skipa ut massar til mange.
Vi leverer singel, sand og veggrus, eigentleg det aller mesta. Om vi ikkje skulle ha på lager det du spør etter, så lagar vi på førespurnad.
Masseuttak og bio-jord gjev oss to gode bein å stå på. Dessutan går det med store mengder sand til å blanda inn i komposten, slik at vi får eit toppprodukt.
Vi leverer mykje jord i Bergen med båt, m.a. har vi levert bio-jord til bybaneprosjektet i Bergen.
Det er stor aktivitet i Sysendalen i sommar-halvåret så det var det viktig for oss å få kjøpt Øygard Vest slik at me kunne sikra tilgangen for utbyggingar i Eidfjord.
Det me har fått til i Simadalen hadde ikkje vore mogleg utan økonomisk hjelp av Eidfjord kommune og hjelp til formelle prosessar frå Næringshagen i Hardanger. Begge skal ha kredit for å hjelpa oss å koma i koma i gang.
Målet vårt er 5-6 heilårsarbeidsplassar i produksjonen. I september tilsette vi tredje mann i bedrifta.
Lindum er den største leverandøren til oss i HSK. Lindum har i tillegg stilt med masse kompetanse og rådgjeving slik at me skulle lukkast med overtakinga av drifta med kompostering.
No om dagane er det full drift i sandtaket slik at me sikrar nok masse til våren når byggeaktiviteten stig.
Framtidsvoner er å auka volum på sal av massar gjennom å tilsetja ein seljar. Skapa noko lokalt der pengane vert lagt att lokalt. Byggja opp lokalt eigarskap, seier Svein Arne.
I dag er vi 3 tilsette i bedrifta.