1 minute read

Byr på nye namn under den populære kyrkjekonserten

Next Article
PROGRAM

PROGRAM

Arrangørane lovar ein fyldig konsert når dørene til Sør-Vågsøy kirke opnar 3. august. I år blir det også noko nytt på programmet.

Når Elvisfestivalen inviterer til kyrkjekonsert pleier publikum å få gospelsongar, krydra med eit par rock and roll låtar. Det skal dei få i år også, men festivalen byr også på noko nytt.

– I år skal vi ha ein god del duettar, fortel festivalsjef Helge Hjelle.

– Vi har med oss den fenomenale songaren Sanni Luis frå Tyskland og ho skal synge duet- tar med fleire av dei mannlege songarane våre, utdjupar han. På programmet står 25 låtar frå superstjerna sin katalog og blant dei fleire duettar. Mellom anna får publikum høyre duettar Elvis gjorde med dottera Lisa Mari og duetten som fann stad etter at Elvis døydde, via eit hologram, med Celine Dion.

I tillegg til Sanni Luis står verdas beste tributeartist Victor Trevino Jr. og Jimmy Holmes frå USA, Morgan Vøien, Isak Søraa, Odin Brennhaug, Terje Våge og Sverre Søraa på scena. Dei får også følge av Elviskoret og Sideshow Bob.

MARIANNE S. ROTIHAUG marianne@fjt.no

This article is from: