1 minute read
BREMANGER
Tongane kystfort blei bygd av den tyske okkupasjonsmakta under 2. verdskrig, men er i dag ei fredeleg perle med ei interessant historie. Festningsverka var bakgrunn for strid under Måløyraidet i romjula 1941, og mykje av anlegget er framleis intakt og tilgjengeleg. Det er sett opp fleire tavler med kart, bilde og annan informasjon, og heile festningsområdet er urørt, utan hytter og hus.
To Hotell Med Mykje By P
Ved reiselivsbedrifta Knutholmen i Kalvåg (bildet) kan du bade i havet og hoppe rett i ein varm sauna der du kan nyte utsikta til den fantastiske bygda på øya Frøya. Her kan du oppleve kysten på sitt beste med klart vatn og fargerike trehus som står på bryggene i det gamle fiskeværet. Hotellet tilbyr god mat og overnatting i flotte omgjevnadar. Det andre hotellet i kommunen, Bremanger fjordhotell, ligg i Svelgen. Hotellet er samlokalisert med biblioteket og byr på mange rom til overnatting, matservering og underhaldning i helgene. I Svelgen kan ein også nytte høvet til å oppleve bygda si rike industrihistorie, og der finst både hjørnesteinsbedrifta Elkem å sjå og kulturhistoriske løyper å gå.
Det Gode Liv
Bremanger Kommune
Kalvåg - Svelgen
Tlf. 481 40 488
E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no
LEVE, VIRKE, NYTE - HEILE LIVET!
Creedence Forever Fre
Lau Donkeyboy Fre Halva Priset
Linnea Dale Lau
JAM TORSDAG!
FAMILIEDAG MED SPENNANDE AKTIVITETAR OG FAMILIEKONSERT.
Arrangør: Iglandsvik utvikling
Billettar kjøpes på tikkio.com
Arrangør: Opplev Bremanger