UNGDOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 1/2020
104 .Å
R
GA
NG
tur
kul l a k o l e Levand Landsmøte 2020 • Bli med på sommarleir! • Fekteinstruktør i Bagabu Ungdomslag Storkurs i Stavanger • Bunad og UNESCO • Leikfest i Sarpsborg
Skal me forhandle
MED FRILYNT NORGE? Torbjørn Bergwitz Lauen Leiar i Noregs Ungdomslag
Redaktør: Guro Redalen Ansvarleg redaktør: Kai Roger Vatne Opplag: 4250 Bladbunad, trykk og annonsebyrå: Flisa Trykkeri AS Framsidefoto: Sandeid UL. Foto: Istoria Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo Telefon: 24 14 11 10 E-post: post@ungdomslag.no Generalsekretær: Kai Roger Vatne Tlf. 24 14 11 12, kai.roger@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Guro Redalen guro@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Inger Johanne Ruset inger.johanne@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Tora Skavhaug Vik Tlf: 24 14 11 14 tora@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Solveig Brekke Hauknes Tlf.: 24 14 11 15, solveig@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: 8101 07 00027 Organisasjonsnummer: 939 550 550 www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag instagram.com/ungdomslag Stoffrist neste Ungdom: 14. august
2 UNGDOM 01/2020
Sjølv med stadig nye gode tiltak å vise til, så må sjølv den mest hardnakka optimist innrømme at NU har vore i motvind i lang tid. Me er nøydd til å sjå på oss sjølv, inn i oss sjølv, og finne nye løysingar og metodar for at den frilyndte ungdomsrørsla igjen skal vekse og kome i medvind. I mange år har ulike styre i NU prøvd ulike tiltak. Gode tiltak. Men eit tilbakevendande tema er at me har lite ressursar, og det er vanskeleg å gjere anna enn å «halde skuta vedlike». Me treng ein boost, eit dytt, noko nytt og friskt. NU består av fylkeslag som har slutta seg til landssamskipnaden vår, men det var ikkje alle dei frilyndte fylkeslaga som slutta opp om NU. To av desse, Vestfold og Romerike, valde å stå utanfor grunna målsaka. I 1965 skipa dei det som i dag heiter Frilynt Norge. Heilt sidan førre hundreårskifte har NU samarbeida med ungdomslaga som av ulike grunnar valde å stå utanfor NU, og etter at Frilynt Norge vart skipa har me samarbeidd med dei òg. Det har vore eit godt samarbeid, og særleg dei siste åra har me kome enno nærmare kvarandre. På eit seminar før sommaren i fjor vart det lufta ei tanke om me skulle slå oss i hop, og i desember hadde arbeidsutvala i NU og Frilynt Norge eit sonderingsmøte for å sjå om det var aktuelt å snakke nærare om saka. Det meinte me, og no har styra i både
NU og Frilynt Norge vedteke å legge saka fram for landsmøta våre i april. Argumenta både for og mot ei samanslåing er mange, og eg vonar så mange som mogleg av dei blir ytra som ein del av diskusjonen. Men eg ønskjer å vektlegge at me no skal diskutere ei eventuell forhandlingsrunde med Frilynt Norge. Ikkje sjølve samanslåingsspørsmålet. Slik eg ser det er dette eit unikt høve for heile Noregs Ungdomslag å verkeleg sjå på oss sjølv, finne ut kva som fungerer og ikkje, sjå kva som er viktig for oss, kva er «sjela» til NU i dag?, og ikkje minst, kva skal NU vere framover? Eg inviterer difor alle medlemmar i NU, nye som gamle, både unge og dei litt meir vaksne unge, til å debattere, spørje, grave og diskutere litt til. I god gamal NU-ånd. Og så vonar eg det er mange som nyttar høve til å kome på landsmøtet vårt 25.-26. april. God debatt!
ANNONSERE I UNGDOM? Ta kontakt med Tone Merete Møllerud tlf: 489 53 391 tone@flisamedia.no
UNGTDEMOKRATI
KURS I DEMOKRATI OG LEIING Satsinga UngtDemokrati er meint som eit eksklusivt tilbod med høg kvalitet til ungdom rundt om i lokal- og fylkeslag. No vil vi gjerne ha inn forslag til deltakarar. Kan hende du kjenner nokon som passar til prosjektet?
I 2018 og 2019 gjennomførte Noregs Ungdomslag piloten Ungt Leiarskap med eit knippe unge deltakarar frå ulike lokallag i organisasjonen. Deltakarane som deltok på kursa var enormt nøgde og ga svært gode tilbakemeldingar. Dei opplevde å få ny og styrka motivasjon for å bidra i Noregs Ungdomslag, og veit no langt meir om korleis dei kan bruke eigen leiarkompetanse for å skape meir aktivitet både lokalt, regionalt og sentralt. Dei har blitt betre kjent med seg sjølve og fått tenkje stort rundt kven dei ønskjer å vere, og har blitt godt kjent med dei andre deltakarane. Noregs Ungdomslag ønskjer å byggje vidare på dette og skape nye eldsjeler, ressurspersonar og nettverk for organisasjonen vår. Derfor gjennomfører vi no ei ny runde, og alt vi treng er deltakarar. Dette er ikkje eit kursopplegg kor ein melder seg på. Dette er eit eksklusivt, og gratis, tilbod til dei deltakarane som får plass.
KVEN ER MÅLGRUPPA? Målgruppa for UngtDemokrati er dei mellom 14-25 år som ivrar for organisasjonarbeid, demokrati og immateriell kulturarv. Det er ikkje noko krav at ein sit med eit verv, eller har ein draum om å ein dag bli leiar i Noregs Ungdomslag, men dette er heller ikkje negativt. Deltakarane må vere førebudd på ganske intense dagar kor ein jobbar mykje med å bli kjent med seg sjølv og eigne kvalitetar. Dei vil få god innsikt i korleis ein kan jobbe i ulike grupper, dei vil få konkrete oppgåver og oppdrag undervegs, og på den måten få god erfaring i å handtere ulike situasjonar. Det er viktig at deltakarane er personar som tør å bli med, som tør å by litt på seg sjølve og kanskje utfordre seg sjølve litt.
NOMINER EIN UNGDOM! I år vil første samling vere samstundes
med Landsmøtet i Oslo siste helga i april. Vi oppmodar til at deltakarane på UngtDemokrati også blir sendt som delegatar til Landsmøtet frå sine lokallag. Utanom møtetida, vil det bli lagt opp til samlingar, seminar, diskusjonar og oppgåver for gruppa i UngtDemokrati. Dei neste samlingane vil finne stad på Trøndertun folkehøgskole under Sommarleiren 30. juni til 5. juli og Arendalsveka 11.-14. august. Kjenner du ein ungdom som er aktuell for UngtDemokrati? Det kan vere nokon i ditt eige lokallag, ein ungdom du kjenner frå andre lag, eller nokon du har lagt merke til. Meld interesse eller send dine tips til kandidatar med ei kort grunngjeving til inger. johanne@ungdomslag.no seinast 1. april. Etter fristen vil vi ta kontakt med dei nominerte for ein kort samtale, og ganske raskt deretter velje ut deltakarane for i år.
INNHALD 4 Landsmøte 2020 6 Sommarleiren 2020 8 Notisar 10 Storkurs i Stavanger 12 Fektekurs i Bagabu UL 14 Senjadans 15 Leikfest i Sarpsborg 16 Kon-Tiki 2 i BUL Oslo 18 BARNLEK 2020 20 Bunad og UNESCO 22 Søk vaksenopplæringsmidlar 24 Folk og røvarar i Sandeid UL
3 UNGDOM 01/2020
LANDSMØTE 2020
LANDSMØTE 2020 Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde i Oslo på Radisson Blu Hotel Scandinavia 25. - 26. april. Det formelle landsmøtet startar laurdag, men det er lagt opp til fagleg program alt frå fredag 24. april. Vi har same ramme på landsmøtet som i fjor, der også personar som ikkje skal delta på det formelle landsmøtet vil få tilbod med kurs og sosialt opplegg. Dermed kan også andre medlemmar frå lokallaget, i tillegg til delegatane, få vere med på NU-helga! TIDSSKJEMA NU-helga sparkast igang med eit seminar med temaet Korleis bevare dei organisasjonseigde husa våre. Det tek til kl 9.00, og er gratis og ope for alle. Frå kl 19 blir det mogleg å bli med på eit kortkurs i Drift av organisa-
4 UNGDOM 01/2020
sjoneigde hus og bygg, medlemssystemet Hypersys, Kræsjkurs i dansane som skal vere på landmøtefesten eller oppvarmingsleikar for teater. Følg med på www www. ungdomslag.no/lm for meir informasjon! Sjølve landsmøtet startar laurdag 25. april
kl. 09.00, landsmøtemiddag og fest frå kl. 18 til midnatt. Søndag 26. april startar landsmøtet kl. 09.30 og vert avslutta kl. 14.00. Meir informasjon om NU-helga blir publisert fortløpande på
LANDSMØTE 2020
nettsida: http://www.ungdomslag.no/lm/ Med atterhald om endringar om tidsskjemaet.
Les leiaren til Torbjørn Lauen Bergwitz på side 2 og saka om Frilynt Norge.
LANDSMØTESAKER
Laga kan kome med forslag til fråsegner som ein ønskjer landsmøtet skal handsame. Desse kan sendast inn på førehand til post@ungdomslag.no, eller presenterast på møtet. Med fråsegn blir det meint ein politisk uttale frå landsmøtet til eksterne partar (t.d. kulturministeren), eller eit dokument som fatset eit politisk standpunkt/retning internt i organisasjonen.
Endeleg sakliste blir kunngjort på nettsidene våre, samt sendt til dei påmeldte utsendingane 20. mars.
FØREBELS SAKLISTE: 1. Opning og konstituering 2. Årsmelding 2019 3. Rekneskap 2019 4. Arbeidsprogram 2021-2022 5. Budsjett 2021-2022 6. Innkomne saker frå laga 7. Fråsegner 8. Val (av leiar, styremedlemmar, revisor og valnemnd)
FRÅSEGNER?
Vi ønskjer laga våre velkomne til landsmøtet 2020!
KURS I TEATER OG DANS UNDER NU-HELGA! Til dei som ikkje er landsmøtedelegatar: Det blir instruktørkurs i turdans med Marianne Dahl 25.-26. april. Det blir teaterseminar 24.-25. april. Fredag kan de velje mellom kortkurs eller å sjå generalprøva til musikalen Tolvskillingsoperaen på Det Norske Teatret. Der blir det også teatersminkekurs på laurdagen. Følg med på www.ungdomslag.no/lm for meir info og påmelding! Påmeldingsfrist 3. april!
5 UNGDOM 01/2020
SOMMARLEIREN
F.v. Ingvild Nese, Ida Haugen Skulstad, Nina Byttingsmyr og Ola Gjerde.
MINI-INTERVJU MED LEIRUTVALET 2020 Nina Byttingsmyr (27 år)
Emma Alexandra Lirhus Miro (21 år)
Froland Ungdomslag
Bergen Ungdomslag Ervingen
– Kor mange sommarleirar har du vore på: – 8 stykk. – Korleis er det å vere i leirutvalet: – Kjekt å kunne være med å påvirke korleis leiren skal bli, og arbeide for at den skal bli så bra som mulig. Samt arbeide for at fleire skal få vite om leiren og ha sjansen til å delta. – Kva vert det beste med årets leir: – Å kunne utnytte dei fantastiske lokala på Trøndertun, med lydstudio og dansestudio.
– Kor mange sommarleirar har du vore på: – Min første sommarleir tror eg var i 2015 så har eg vært på alle utenom én siden då! – Korleis er det å vere i leirutvalet: – Det e kjempegøy! Føler at eg har lært mye nytt om sommarleiren og alt arbeidet som ligger bak og e veldig glad for at eg fikk være med. – Kva vert det beste med årets leir: – Ikkje bare er årets utvalg en gruppe knall flinke og flotte folk, men kursene som ska holdes og aktivitetene vi har planlagt e det bare å glede seg til!
Ola Gjerde (18 år) Bondeungdomslaget i Stavanger – Kor mange sommarleirar har du vore på: – 3 stykk. – Korleis er det å vere i leirutvalet: – Det er litt løye, for ein får sjå korleis leiren ein har vore med på vert utarbeidd. – Kva vert det beste med årets leir: – Å sjå folk att i tillegg til å koma seg på gode kurs.
6 UNGDOM 01/2020
Ida Haugen Skulstad (16 år) Nordbygda Ungdomslag – Kor mange sommarleirar har du vore på: – Eg har vore på 3 Sommarleirar – Korleis er det å vere i leirutvalet: – Eg syns det er kjempe kjekt, spennande og utfordrande. Men mest av alt er det veldig kjekt, spesielt å få moglegheiten til å vera
med på så mykje ein elles aldri ville opplevd. – Kva vert det beste med årets leir: – Hmmm, trur egentleg alt blir super bra! Men om eg må velje noko som blir best må det vera å sjå alle folka igjen, og at me skal vera på ein skule som eg trur passar Sommarleiren veldig bra!
Ingvild Nese (18 år) Norsk Målungdom – Kor mange sommarleirar har du vore på: – 3 stykk – Korleis er det å vere i leirutvalet: – Eg trur det skal verte ein veldig morosam prosess. Når ein er med og arrangerar ein sommarleir, får ein eit heilt anna syn på slike arrangement og ein lærar mykje som kan vere verdifull erfaring til seinare. – Kva vert det beste med årets leir: – Det beste med årets og eigentleg alle sommarleirene er alle menneska ein vert kjend med. Kvart år samlast unge frå heile landet og ein får mange nye vener!
SOMMARLEIREN
VELKOMMEN TIL TRØNDERTUN! S ommarleiren 2020 f inn st ad p å Trøndertun i Trøndelag frå tysdag 30. juni til søndag 5.juli. I nesten ei veke vil ungdom mellom 13 og 25 år kose seg med sommar, sol og kjekke aktivitetar!
PÅMELDING Mellom 1. mars - 20. mai Sommarleiren 30. juni - 5. juli
PRIS: 1800 kr for medlemmar, 2800 kr for ikkje-medlemmar.
KVAR: Trøndertun folkehøgskole i Melhus, Trøndelag.
KVEN KAN VERE MED? Alle som har fylt 13 år!
KVAR MELDER DU DEG PÅ? Påmelding og all informasjon om sommarleiren finn du på: www.sommarleiren.no Sommarleiren er for deg som vil lære noko nytt, møte nye og gamle vener.
Mykje er likt som tidlegare, men årets leir vil også by på nye ting. Ein av dei er at i tillegg til at samarbeidet med Målungdommen held fram, blir Norges Husflidslag med og skipar til leir. Dei skal halde kurset Fikselaug der du kan lære å fikse og reparere klede. Bra
Sommarleiren er eit rusfritt arrangement for og av ungdom. I år vert sommarleiren arrangert i saman med Norsk Målungdom og Norges Husflidslag.
LANGKURSA: • Friluftsliv • Teater • Fikselaug - Norges Husflidslag • Språkkurs- Norsk Målungdom • Moderne dansar • Folkedanskurs • Samspel i studio – med musikar og studioteknikar UngtDemokrati (Les meir på side 3)
EIT UTVAL AV SOMMARENS KORTKURS: • Leiravis • Fikselaug • Improteater og rollearbeid • Opp i trea
for både lommeboka og miljøet! Trøndertun har lydstudio, dansesalar og mykje meir som gir gode rammer for ein vellykka leir. Så følg med på www.sommarleiren.no, følg oss på Facebook, Instagram og Snap for meir informasjon.
• Folkemusikk • Songdans • SFX – effektsminke • Dans (jazz, hiphop..) • Dialektar i Noreg • Humorskriving • Førstehjelp på tur • Folkedans • Hårfletting • Teiknspråk • Bading • Styrkeløft • Overrasking!
UTFLUKT I fjor var vi på Stiklestad, men kvar skal vi i år? Følg med på Snapchat, Facebook og Instagram! Nettside: www.sommarleiren.no Facebook og Instagram: sommarleiren
7 UNGDOM 01/2020
VI SØKER VERTSKAP FOR INSTRUKTØRKURS I DANS NU skipar kvart år fire instruktørkurs i dans for å styrke opplæringa lokalt, utvikle nye instruktørspirer, gi fagleg påfyll og motivasjon som igjen vil kome medlemene og laga til gode. Vi ynskjer at kursa skal treffe så mange som mogleg og difor er det viktig for oss å ha gode arena spreidd rundt om i landet der vi kan skipe til kurs. Til no har me t.d. lagt instruktørkurs til storkurs, festivalar, dansefestar, seminarhelger eller konsertar. No er vi på utkikk etter fleire stader der vi kan skipe til instruktørkurs og ynskjer tips til lokallag å samarbeide med og om arrangement som vi kan legge instruktørkurset til. Vi ser at det er ein fordel å legge kursa til ei helg med også sosialt og fagleg innhald utanom kurstida. Samarbeid med lokal- eller fylkeslag vil gå ut på å vera eit lokalt vertskap som er til stades under kurset og ordnar med praktiske omsyn som mat, lokale, registrere
oppmøte osb., i tillegg til noko kontakt med sentralleddet i NU i forkant og etterkant. Instruktørkursa er nasjonale kurs som er ope for alle (medlemer og ikkje-medlemer), og det er sentralleddet i NU som har ansvar for kurset, både fagleg og økonomisk. Det vil seie at lokal- eller fylkeslaget ikkje tek noko økonomisk risiko ved å vera med som vertskap. Høyres dette interessant ut for ditt lag? Har du tips om andre lag eller arrangement å samarbeide med? Eller ynskjer du deg berre eit instruktørkurs i ditt område? Ta kontakt med NU-kontoret (solveig@ungdomslag.no).
SETT PÅ INSTAGRAM Det skjer mykje rundt om i lokallaga våre, her er ferske drypp frå bildedelingstenesta Instagram.
8 UNGDOM 01/2020
UTDELIGNA: (F.v.) Fylkesordførar Jenny Følling, Ann Lundekvam, Bjørg Hovland, saman med Karen Marie Hjelmeseter.
Fagdagane i bunad og folke drak t på Fage rnes. Foto : Anne-Marte Før.
FYLKESKULTURPRIS FOR ARBEID MED BUNADAR Ann Lundekvam og Bjørg Hovland tok imot fylkeskulturprisen under det siste fylkestinget i Sogn og Fjordane. Dei fekk prisen for sitt arbeid med drakt- og bunadstradisjonar i fylket. Både Ann Lundekvam frå Gaular og Bjørg Hovland frå Luster har gjort eit stort arbeid med å ta vare på og føre vidare kunnskap om drakt- og bunadstradisjonar i Sogn og Fjordane. Dei har bidrege til mangfald i kulturlivet ved å vise fram drakter og bunadar og motivere folk til å bruke dei, står det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei to prisvinnarane fekk 30.000 kroner kvar, diplom og blomster.
– BIND SAMAN GENERASJONAR – Både Ann og Bjørg er damer med eit stort engasjement for det lokale kulturlivet. Vi snakkar ofte om at kultur er limet i samfunnet. Eg tenkjer at desse damene er gode døme her. Dei bind saman generasjonar og aktivitetar og skapar samhald, dei formidlar verdien i tradisjonar og legg grunn for vidareføring, utvikling og nyskaping. For tradisjonane vert alltid omskapte, sa leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter då ho delte ut prisen.
Slik grunngjev fylkeskommunen kva dei to vinnarane har gjort: – Dei to kvinnene har kombinert praktisk kunnskap om handverk og tradisjon med god teoretisk innsikt i kulturhistoria og samfunnsutviklinga. Dei har gjort ein stor jobb med å gjere oss kjende med ein viktig del av historia vår, historia om korleis folk har kledd seg til kvardags og fest. Dei har også lært opp yngre generasjonar i eit handverk som er på veg ut.
TAKKA FOR AT ARBEIDET BLIR SETT PRIS PÅ Lundekvam var overraska då at ho fekk prisen. – Eg vart veldig overraska då beskjeden kom. Eg kom inn i arbeidet med folkedrakter gjennom Sunnfjord ungdomslag, det var der dette drakteventyret starta. Sidan vart det Sogn og Fjordane ungdomslag, som har teke arbeidet vidare. Eg vil takke alle organisasjonane og musea som har støtta arbeidet, sa Ann Lundekvam til fylkestinget. Lundekvam og Hovland er dei to siste som får fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. Tekst: Erik Hovland, Firda 11. 12.19.
9 UNGDOM 01/2020
STORKURS I STAVANGER
Samarbeid er nøkkelen
Ungdomslagsfolk frå fjern og nær kjem inn døra for registrering. Med seg vidare inn i ei lærerik helg får dei ”goodiebag” med mellom anna NU-effektar og papirlommetørkle. TEKST/FOTO: ROGALAND UNGDOMSLAG
Siddis-stova i Stavanger er fylt med smil, lærelyst og friviligheit helga 31. januar - 2. februar. I eine rommet høyrer vi Per Inge Torkelsen snakke om revyhistorie, i neste rom kan vi nesten sjå for oss dei store ballkjolane mens Tove og Kenneth Fosserud viser og instruerer. I storsalen er det vakkert felespel frå Tuva Færden og ivrige folkedansarar og instruktørspirer som fyller rommet. Vi lar oss imponere av måten Anbjørg Myhra Berwitz og Audun Grüner-Hegge evner å engasjere kvar enkelt. Kaffistova er pauserom. Her har bunadsnemnda i Rogaland UL sett opp ei utstilling som viser rogalandsbunaden gjennom 100 år. På golvet finn barna til arrangørar og kursdeltakarar saman i leik. - Denne møteplassen er ein viktig arena for medlemmene og laga våre. Vi hadde ikkje
10 UNGDOM 01/2020
fått det til utan det gode samarbeidet med Telemark, Vest-Agder og Aust-Agder UL, fortel leiar i Rogaland UL, Jostein Apeland. Det blei for mange år sidan teikna ein samarbeidsavtale, og sidan har Storkurs blitt arrangert kvart år. - Med fire år mellom kvar gong det er vår tur, er det mogleg å mobilisere både deltakarar og frivillige, seier Jostein. Vi klarer på denne måten å tilby laga våre eit variert kurstilbod med høg kvalitet. Fylkesstyret i Rogaland er eit godt lag, og oppgåvene enkle å fordele. - Når kan vi gjere dette igjen? spør Håvard Ims med eit lurt smil. Vi er strålande fornøgd og stolt, og med tett samarbeid med Ryfylkemuseet som er arrangør av dansekvelden FUGLEN, Clarion hotel Energy,
NU-kontoret og BUL Stavanger, klarte vi i fylkesstyret å organisere kurs med lunsj til over 80 deltakarar og lærarar! - Vi har laga eggerøre av til saman 120 egg, kutta 16 agurk, ete 5 kilo ost og kokt 24 pakkar kaffi, fortel kjøkkensjef Solgunn Liestøl. Det er første gong ho har hatt ansvar for å lage mat til så mange, men skal vi døme etter stemninga i matsalen er ikkje dette siste! - Vi i NU bør arbeide for delingskultur, arenaer for erfaringsutveksling og fleire tilgjengelege arrangørverktøy. Læringskurva bør jo ikkje vere like bratt på kjøkken som på kursromma, smiler Solgunn. Storkurset er eit samarbeid mellom Aust-Agder ungdomslag, Vest-Agder Ungdomslag, Telemark Ungdomslag og Rogaland Ungdomslag.
STORKURS I STAVANGER
11 UNGDOM 01/2020
GJESTEINSTRUKTØR
LÆRTE Å FEKTE SOM ZORRO Vinteren 2019/2020 sette Bagabu Ungdomslag opp musikalen Zorro – for første gong i Noreg! Zorro er ei førestilling som er full av skurkar, heltar, sterke kjensler, fantastisk musikk og ikkje minst fekting. TEKST AV SUNNIVA TUSVIK SÆTER
Då fektekompetansen i ungdomslaget ikkje var til å skryte av, vart det sendt ein søknad til Noregs Ungdomslag om å få ein gjesteinstruktør på besøk. Helga 23.-24. november 2019 kom scenefektar Kristoffer Jørgensen frå Arctic Action i Tromsø til Bagabu. Han har drive med stuntmann-verksemd og undervisning i scenekamp i over 25 år. 53 born og ungdom deltok i oppsetjinga, og 20 av desse deltok på fektekurset. Gaute Røli, som spelar sjølvaste Zorro, var svært
nøgd med instruktøren som hadde gitt god opplæring og tydelege tilbakemeldingar til alle aktørar Det var mest morosamt å legge koreografi til kampscenane, seier Gaute, og legg til at det var gøy å lære noko nytt. Gaute/Zorro og hans motspelar Jonas Bjerkem, som spelar Zorros erkefiende Ramon, fekk laga fektekoreografi til to scenar i stykket. Jonas fortel at det var kjempeartig å læra fekting, og spesielt bra at det skal brukast i førestillinga. Maja Bratberg speler ein av sol-
datane, og ho deltok på kurset begge dagane. Ho synes det mest morosame var å læra sceneslåsting , og fortel at det vart laga nokre store scenar med mykje slåsting og fekting. Fektekurset gjekk over to dagar, og det vart gitt opplæring i nærkamp, fallteknikk og fekting. Det var lydhøyre og engasjerte born og unge som deltok. Aktørane fekk eit godt grunnlag etter fektekurset til å skina i vinterens mest spanande oppsetjing – Zorro!
GJESTEINSTRUKTØR
Erlend Røli og Kristian Saur.
Korleis gjekk det eigentleg til at eit ungdomslag vart dei fyrste i Norge til å få rettigheitene til den kjente førestillinga Zorro? Jo, dei tok rett og slett direkte kontakt med rettigheitsinnehavar i London og omsette førestillinga frå engelsk til norsk sjølv!
GJESTEINSTRUKTØR GJENNOM NU! 1. mars opna søknadsskjemaet for å få gjesteinstruktør i juli-desember 2020. Du finn søknadsskjemaet inne på heimesida til Noregs Ungdomslag www.ungdomslag.no Kva treng laget ditt ein gjesteinstruktør til? Innanfor dans: Songdans? Turdans? Swing? Hip-hop? Runddans? Bygdedans? Linedans? Eller noko heilt anna? Innanfor teater: Teatersminke? Oppstart til manusskriving? Rollebygging? Scenografilaging? Stand-up? Impro? Stemmebruk? Scenekamp? Eller noko heilt anna? Send inn ein søknad om gjesteinstruktør innan 1. mai!
Fra venstre: Kristoffer Jørgensen (instruktør), Gaute Røli (Diego de la Vega / Zorro), Kristian Saur (Jorge), Sindre Rønning (sersjant Garcia), Erlend Røli (Unge Diego) og Jonas Bjerkem (Ramon de la Vega). 13 UNGDOM 01/2020
SENJADANSEN
Senjadansen
– UTFORDRENDE DANSEPROSJEKT PÅ EVENTYRØYA 20 ildsjeler gikk sammen da 4 kommuner på Senja skulle slås sammen, og gruppen Kulturkraft Senja ble opprettet for å rette søkelyset mot kulturarbeidet i den nye kommunen. I løpet av ei helg ble seks ulike forestillinger gjennomført rundt om på øya. Dansen var representert med prosjektet Senjadansen. TEKST: ODDVAR V. ERIKSEN, FOTO: SVEIN ERNSTSEN
Sammen med Senter for læring og integrering fikk Gisund Leikarring utfordringen med å skape Senjadansen. Koreografen Einar Reynisson Grimsby utfordret danserne til å gå utenfor komfortsonen med uvante danseuttrykk. Med stikkordene «sitte, ligge,
stå» skulle de bevege seg fra sin sitteplass blant publikum, og ende opp på scenen. Hvor man med ulike bevegelser skulle gjenskape bevegelser som er vanlig på Senja. I ulike hastigheter ble fisketurer, fjellturer, skiturer, snøballkasting og lignende innøvd.
Med dansere fra Afrika fikk Gisund leikarring utvidet sitt utvalg av internasjonale danser med kongolesisk dans. Og enda mer fart og formasjon ble det da ukrainsk dans ble koreografert inn i Senjadansen. En tålmodig om dyktig dansepedagog fra Ukraina reduserte tempoet for å få koreografien i bein og armer på nye og gamle senjaværinger. Som klokelig holdt seg i ro da koreografen hadde en forrykende solodans foran de andre danserne. Leikarringen, som også driver med irsk dans, fikk vist litt av den, i tillegg til den lokale varianten av «Kjerringa med staven» fra Senja. 12 dansere fra 6 til 76 år gjennomførte to forestillinger av Senjadansen, godt støttet av våre musikere, som spilte norsk og irsk musikk på harpe, fløyte og fele. Det var interessant å se reaksjon hos publikum, da danserne i små grupper forlot sine plasser, og i ulikt tempo og bevegelser forflyttet seg til scenen. Før de etter hvert kunne innta mer eller mindre vante dansesteg fra Kongo, Irland, Norge eller Senja.
14 UNGDOM 01/2020
BUL SARPSBORG
Dansen er for unge og for eldre! Hogne Telnes og Tonje J. Stabbetorp.
Polonese.
LEIKFEST BUL SARPSBORG BUL Sarpsborg inviterte til sin tradisjonelle Leikfest lørdag 25. januar i Folkets Hus Greåker og nær 90 dansere fant vegen dit sammen med Syvers orkester som spilte til dans og Elise Tegnér som spilte til bygdedans. TEKST: TONE EIDSVOLD, FOTO: RUNHILD HEGGEM
Dansegolvet var fullt nesten hele tiden. Det kom unge dansere og godt voksne dansere fra hele Østlandet, så det ble servert lapskaus med følge før dansen og kaffe og kaker litt lenger ut på kvelden. En flott og stilig polonese åpnet dansen, og rekkedansene kom tradisjonen tro etter maten før riler og feiare satte fart i danserne. I tillegg til gode økter med gammaldans, pols og polska,
fikk de som ønsket trø springar og gangar til hardingfela til Elise. Torbjørn Bergwitz Lauen ledet sangdansen med stor entusiasme som smittet over på danserne. Ungdomsringen Austlandet - URA - hadde lagt sin samling til nærmeste skole denne helga og Leikfesten var en del av programmet deres. Mange satte pris på det ungdomme-
lige innslaget som satte futt og fart i festen. BUL Sarpsborg har lang tradisjon for Leikfestene sine. Det er godt over 50 år siden den første gang ble arrangert. Vi tilstreber alltid å ha god dansemusikk på Leikfesten, og vi fikk nok en gang stor oppsluttning om festen og godord fra festdeltakerne. Vi ønsker velkommen tilbake lørdag 30. januar 2021!
15 UNGDOM 01/2020
TEATERLAGET I BUL OSLO
Teaterlaget i BUL Oslo – ein glad gjeng. Her med instruktør Knut Nærum i front og leiar Endre Flatmo ytst på venstre flanke.
FLÅTEFERD FOR GLADE AMATØRAR Til sommaren skal Teaterlaget i BUL Oslo segle over Stillehavet med Kon-Tiki 2, og det med skaparen Knut Nærum som guide på reisa. TEKST OG FOTO: INGER JOHANNE RUSET
For nokre år sidan gjekk Knut Nærum på kino og såg filmen Kon-Tiki, basert på den kjende reisa til oppdagaren Thor Heyerdahl og teamet hans. Filmen hadde fått kritikk for at det hadde blitt smurt vel tjukt på, men Nærum fortel at han syntest regissøren kunne ha smurt på endå tjukkare først som sist. - Då vi gjekk ut frå salen sa eg til den eg var på kino med: Eg sakna sjørøvarar!
FILM PÅ TEATER Som sagt, så gjort. Med fersk inspirasjon frå kinoopplevinga, skreiv Knut Nærum 25 sider om ei alternativ Kon-Tiki-reise; komplett med sjørøvarar og andre artige,
16 UNGDOM 01/2020
spennande element han følte for å ha med i historia. Først vart teksten gitt ut i form av eit mini-filmmanus, men vart utvida til eit teaterstykke i 2016 etter ein førespurnad frå Arendal Dramatiske Selskab – Noregs eldste amatørteatergruppe.
og triggar fantasien deira. Til dømes likar han å vise ting som eigentleg ikkje «passar» på ei teaterscene – slik som dinosaurar og flåteferder. - Å lage teater av ting som eigentleg høyrer heime i film eller bøker, det synest eg er gøy.
Knut Nærum har gitt ut fleire bøker og har jobba mykje med TV og radio, men han likar teatret spesielt godt på grunn av stemninga det gir. - Det er noko eige å få reaksjon frå eit levande publikum, seier Nærum. Erfaringa hans er at verkemiddel på lågt teknisk nivå slår godt an blant publikum
ROLLER TIL ALLE Då Nærum skreiv stykket, hadde han i bakhovudet at det skulle vere eit kjekt stykke å sette opp for eit amatørteater-ensemble. - Til Kon-Tiki 2 treng ein nok minst tolv personar, men fordelen med denne teksten er at ein kan stappe inn så mange skodespelarar ein har, seier Nærum.
TEATERLAGET I BUL OSLO
TEATERLAGET I BUL OSLO • Vart stifta som Spellaget i 1914 • Er teatergruppa til Bondeung- domslaget (BUL) Oslo • Har 25 medlemmar i alderen 25-73 år • Spelar i Nynorskens hus, i det som var Det Norske Teatret sin første sal
KON-TIKI 2: THOR HEYERDAL I LANDET UNDER HAVET • Teaterkomedie frå 2016 skrive av Knut Nærum • Tek for seg den ukjende delen av Kon-Tiki-ferda til Thor Heyerdahl • Blir sett opp av Teaterlaget i BUL Oslo med framsyningar 30. mai til 5. juni 2020
- Alle som er på scena skal ha noko artig å jobbe med. Stykket har teaterleik, latter og fryd – men også tilløp til alvor, legg han til. Leiar i Teaterlaget i BUL Oslo, Endre Flatmo, seier det rike persongalleriet er mykje av grunnen til at dei valde akkurat dette stykket. - Det som kan vere avgrensande for oss, er at vi ønskjer mange roller å tilby. Dess fleire stykke ein set opp, dess vanskelegare blir det å finne stykke som passar til eit såpass stort ensemble som teaterlaget har blitt, seier Flatmo.
DRAMATIKAREN SOM REGISSØR Ekstra stas denne gongen er at Teaterlaget i BUL Oslo har fått dramatikaren som instruktør når dei no set opp Kon-Tiki 2 for første gong. Knut Nærum var nemleg blant publikummarane då laget sette opp Jorda rundt på 80 dagar i fjor vår. Etter førestillinga tipsa Nærum inn Kon-Tiki 2 til ein han kjende i gruppa frå då han hadde vore instruktør ti år tidlegare. - Det syntest vi var gøy, og vi syntest også
Knut Nærum trivst i rolla som instruktør for Teaterlaget i BUL Oslo.
manuset var bra, fortel leiaren i teaterlaget. Sidan dei hadde gode erfaringar med Nærum som instruktør frå før, spurte dei samtidig om han kunne tenkje seg å stå for regien av sitt eige stykke. - Det hadde han heldigvis lyst til, smiler Flatmo.
ENTUSIASME FOR AMATØRAR Ifølgje instruktør Knut Nærum er mykje av appellen med amatørteater er den ektefølte entusiasmen til deltakarane. Endre Flatmo i teaterlaget seier seg einig. - Vi betalar jo pengar for å gjere dette. For min del handlar amatørteater om det kunstnariske, sidan såpass mykje av kvardagen, jobb, og livet generelt gjerne er knytt opp til høgre hjernehalvdel. Det å få høvet til å leike, vere kreativ og prøve nye ting har vore veldig viktig, seier han. Teaterlaget i BUL Oslo har både erfarne og uerfarne medlemmar i alderen 25 til 73 år. Det gir ei stor spennvidde i erfaring og
Endre Flatmo er leiar i Teaterlaget i BUL Oslo.
bakgrunn, men Flatmo meiner det er eit pluss. - Det skapar fin og spennande energi i gruppa, fordi folk er ikkje så faste i noko mønster eller ein måte å gjere ting på. Det er artig for oss som er med å bli kjent med så mange ulike menneske, men eg trur også publikum får noko ut av det. Det er ikkje så ofte ein ser ein så forskjellig gjeng som dette stå på scenen saman.
TEVLINGSMEISTRAR Teaterlaget i BUL Oslo har dei siste åra gjort det svært skarpt i Noregs Ungdomslag si nasjonale kunnskapstevling Kven Veit?, og vann også i 2019. Flatmo trur det kan ha ein samanheng med nettopp det faktum at medlemmane i teaterlaget deira er ulike. - Eg trur at mange på utsida ser på teaterfolk som ein type folk, men her har vi både studentar og dei som har vore i arbeidslivet lenge, med ulike yrke, bakgrunnar og interesser. Det er ein styrke, seier han.
17 UNGDOM 01/2020
BARNLEK
Bilda er frå BARNLEK på Færøyane i 2017.
BARNLEK
– NORDENS STØRSTE BARNESTEMNE Tre år har snart gått sidan 500 unge dansarar og musikarar var samla på Færøyane, og tre år er det til neste gong i Finland. Det er sjølvsagt BARNLEK me snakkar om, men heldigvis kan du oppleve det store stemnet allereie til sommaren. Stemnet vert berre skipa kvart tredje år, så dette er ein moglegheit av dei sjeldne. Då BARNLEK vart skipa på Færøyane var det eit avgrensa tal deltakarar som fekk vere med, men i
18 UNGDOM 01/2020
2020 er det inga grense – alle er velkomne. Arrangørane ventar opp mot 2000 deltakarar frå heile Norden.
spel og song, spennande utfluktar, store festar, spektakulære konsertar og feststemte stemnetog fem dagar til ende.
Det er sommardagane 15.-19. juli 2020 det heile skjer i Mölnlycke, like utanfor Göteborg i Sverige. Stemnet er for born og ungdom i alderen 8-16 år, men både yngre og eldre deltakarar er også velkomne. Arrangørane lovar gode verkstader innafor både dans,
DANS OG MUSIKK – OGSÅ FOR DEI ELDSTE Gjennom stemnet deltek ein på mange forskjellige verkstader i dans og musikk for ulike aldersgrupper, der ein får lære dans og musikk frå alle dei nordiske landa. Nytt av
BARNLEK
året er ein eigen verkstad kalla «Tilsammans i Norden» for dei aller eldste i alderen 13-16 år. Her skal dei som gruppe lage eit spektakulært opplegg som til slutt skal visast på laurdagen under avslutningsfesten. Deltakarane får arbeide saman med to profesjonelle utøvarar innan dans og musikk, Carin Muren (dans) og Jenny Elisabeth Gustafsson (spel).
STOR KONSERT Ein av godbitane som arrangørane ser fram til er den store konserten med gruppa Spöket i köket. Gruppa med røter frå mellom anna Danmark og Sverige består av 10 musikarar som spelar på eit 20-tals instrument og syng på fire ulike språk. Dei spelar tradisjonelle og nye låtar med ei herleg blanding av mellom anna polka, ril, viser og vals.
FOR GAMMAL TIL Å VERA MED SOM DELTAKAR? Er du ikkje ung nok til å vera deltakar på stemnet? Fortvil ikkje, men bli med som frivillig. Stemnet har bruk for mange personar til å hjelpe med stort og smått gjennom veka. Informasjon om kva du kan gjere finn du på nettsida til arrangøren, hugs også å registrere deg som frivillige i skjema der.
SAMDANSAR Alle dei nordiske landa har valt ut ein samdans som vert presentert i forkant av stemnet. I tillegg har kvart land sitt eige samdansprogram. Alle desse dansane er tilgjengelig for deltakarane og laga å øve på i forkant på arrangøren si heimeside. Dansane vert dansa fleire gonger under sjølve stemnet også. Frå Noreg er det desse dansane som gjeld: halling, seksmannsril, sorte ormen og klappdans. Fleire av dansane finn du også på www.folkepedia.no.
PÅMELDING Den ordinære påmeldingsfristen er 15. mars, men dersom det er ledige plassar vil det vera mogleg å melde seg på til ein høgare pris etter denne fristen også. Ta kontakt med NU-kontoret eller direkte med arrangøren for påmeldingsinformasjon etter denne fristen. Meir informasjon: www.barnlek2020.se og www.ungdomslag.no. 19 UNGDOM 01/2020
UNESCO
Bunadsbruk i Noreg på UNESCO Den folkelege og allmenne bunadsbruken i Noreg står i ei særstilling i internasjonal samanheng. Det er få andre land som har ein så brei tradisjon for bruk av nasjonaldrakter som Noreg. Vi bruker bunaden uavhengig av alder, kjønn, bustad og sosial status. Bunaden er tett knytt til kulturell identitet og står sentralt i kulturarven vår. Den levande bunadstradisjonen i Noreg er sterk, men den er òg trua ved at handverkskunnskapen gradvis blir mindre. TEKST: TORA SKAVHAUG VIK. FOTO: INGER JOHANNE RUSET
20 UNGDOM 01/2020
UNESCO
KVIFOR NOMINERER VI BUNADSBRUK I NORGE TIL UNESCO? Vi ser at bruk og produksjon av bunadar i Norge er under press frå mange hald. Utdanningssystemet vårt bidreg ikkje godt nok til rekruttering av produsentar og handverkskunnskapen er minkande. Ein aukande masseproduksjon av bunader i utlandet gjer det stadig meir krevjande for handverkarar å leve av å produsere bunadar i Noreg. Som eit resultat av dette, vert mangfaldet av bunadar og lokale handverkstradisjonar svekka.
KVA VIL DET BETY OM BUNADSBRUKEN I NOREG VERT SKRIVEN INN PÅ UNESCOS REPRESENTATIVE LISTE OVER IMMATERIELL KULTURARV? Ved å innskrive bunadsbruk på denne lista, visar det internasjonale samfunnet i UNESCO at den levande bunadstradisjonen i Noreg er verdifull og er verdt å vidareføre. Den norske staten vil dermed måtte føle på ei forplikting til å ta vare kulturarven vår. Noko som vil gjere det enklare for bunadsprodusentane å leve av yrket sitt, men og vidareføre kunnskapen om bunadsproduksjon.
KVA HAR SKJEDD I ARBEIDET MED NOMINASJONEN: I 2017 vart det inngått ein intensjonsavtale mellom Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF), Norsk folkedraktforum (NFF), Noregs Ungdomslag (NU), Studieforbundet kultur og tradisjon (SKT) og Norges Husflidslag (NH) om å saman arbeide fram ein søknad for å nominere Bunadsbruk i Norge til UNESCOs representativ liste over immateriell kulturarv. I 2018 vart Camilla Rossing (NBF) og Solveig Grinder (NH) prosjektleiarar og NU fekk ei koordinerande rolle i prosjektet. Vi fekk avslag om stønad frå den norske Unescokommisjonen og frå Norsk Kulturråd. Det vart òg levert ein søknad til Sparebankstiftelsen DNB. Faldaren “Bunadsbruk i Norge” vart produsert og filming til introduksjonsfilmen til prosjektet og andre filmar vart satt i gong.
Det vart oppretta ei facebookside, «Bunad på unesco-lista». I 2019 fekk vi tildelt 775.000kr frå Sparebankstiftelsen DNB til fire ulike formidlingstiltak. 9-12 år, 13-16 år, 16-25 år og regionale samtalar. Arbeidet med dei ulike prosjekta vart satt i gong med ein gong. 9-12 år: Heftet “Bunad- Hva er det?” vart utarbeida av Ung Husflid teamet og vart utseld før året var omme. Arbeidet med ei ny, redigert utgåve vart satt i gong. 13-16 år: NU og SKT utarbeida eit undervisningsopplegg til ungdomskular og vidaregåande skuler. 16-25 år: Vi produserte Heftet “Veien til bunadtilvirker” og måleband som vi delte ut på Utdanningstorget i Lillestrøm, der vi fekk stå saman med til Tradisjonshåndverks opplæringssenter, ei avdeling ved Musea i Akershus. Vi fekk forlenga prosjektet til 2021. Så langt i 2020: Restopplaget med “Veien til bunadtilvirker” vart sendt til skuler som tilbyr VG2 design og tekstil. Vi besøkte studiemessa “tautdanning.no” for inspirasjon til å ha eigen stand. Vi arbeider med ein ny utgåve av “Bunad- Hva er det?”. Linda Thiis i NH har teke over ansvaret for undervisningsopplegget til ungdomskulane og dei vidaregåande skulane, vi har og fått på plass pilot-skulane som skal teste ut undervisningsopplegget.
VEGEN FRAMOVER: 9-12 år: Nytt opplag av “Bunad- Hva er det?” vil vere klart og vil verte lagt ut for sal i løpet av våren 2020. 13-16 år: Undervisningsopplegget skal testast ut i nokre pilot-skular våren 2020, før vi skal tilby undervisningsopplegget gratis til alle skular. Vi har vore i kontakt med «Kompetansesenter for kunst og kultur i opplæring» som er interreset i å formidle opplegget til skulane hausten 2020.
bunadtilvirker”, etter at fylka har bestemt kva skuler som skal tilby dei ulike faga. Vi skal lage vår eigen stand og delta på ulike utdanningsmesser hausten 2020 og våren 2021. Regionale samtalar: Våren 2020 vil gå til planlegging av dei ulike samlingane som skal gå føre seg hausten 2020 og våren 2021 i heile landet. Skrive og sende nominasjons-søknaden til Kulturdepartementet hausten 2021. Noregs Ungdomslag skal sende ein søknad om å verte NGO-akkreditert hos UNESCO. Da vil vi kunne følgje nominasjonsprosessen på nært hald, men òg få meir tyngde hos dei politiske organa i Norge innanfor dei ulike fagfelta vi driv med i NU.
SJØLVE NOMINASJONSPROSESSEN: Det er ein nokså lang søkeprosess. Det er staten, ved Kulturdepartementet som lyt sende inn søknaden på vegne av innbyggjarane i Noreg. Vi driv no med del ein av prosjektet, synleggjering av bunadtilverkerfaget og den alminneleg bunadsbruken i Noreg til dei unge innbyggjarane Noreg. I del to av prosjektet, som startar hausten 2020, skal vi samle informasjon frå dei vaksne innbyggjarane på “regionale dialogmøter”. Samtalane her vil byggjast opp rundt dei ulike spørsmåla vi lyt svare på i søknaden. Etter at søknaden er skreve av prosjektleiarane sendast den til vurdering i Kulturdepartementet. Det kan ta nokre rundar før dei godkjenner søknaden. Fyrst når Kulturdepartementet godkjenner søknaden, sender dei den inn til UNESCO. Etter at UNESCO har motteke søknaden vil det 2 år før den vert behandla i det store mellomstatlege komitemøtet. Vi håper søknaden vår vert behandla i år 2023.
KVA KAN DU GJERE? Følg Facebooksida “Bunad på unescolista”, legg ut ei bilete av deg sjølv der, eller på Instagram med emneknaggen #bunadtilunesco. Møte på dei regionale samtalane hausten 2020 og våren 2021.
16-25 år: Lage ein ny versjon av “Veien til
21 UNGDOM 01/2020
SØK OM PENGAR!
VAKSENOPPLÆRINGSMIDLAR Studieforbundet kultur og tradisjon disponerer penger som blir løyvd til vaksenopplæring over statsbudsjettet. Noregs Ungdomslag er ein av medlemsorganisasjonane i studieforbundet, og dette gjer at alle lokalog fylkeslag kan søkje om støtte derifrå. Frå 2020 er er støtta 100 kr per time med lærar og 40 kr per time utan lærar. For å få kursstøtte, må kurset vere innmeldt hos studieforbundet på førehand, kurset må vere på minst 8 timer, og minst 3 deltakarar må ha møtt fram på 75% av kurset. Godkjent studieplan må være med i søknaden. Les meir og send søknad gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon sine nettsider: www.kulturogtradisjon.no
22 UNGDOM 01/2020
DØME PÅ KURS SOM UNGDOMSLAG FEKK STØNAD TIL I 2019: • Tradisjonsmat • Kostymer • Samspel • Vev • Kunnskapstevling, Kven veit? • Manus og tekst • Lyd og lys • Livssyn og filosofi • Markedsføring av forestillinger • Film, forståelse og fordypning • Bunad • Engasjement i klima- og miljø-utfordringer • Treskjæring • Strikking • Yoga • Slektsforskning
• Hip-hopdans • Samspel • Seniordans • Skinn og lær • Folkeleg dans • Song • Teatersminke • Revy • Søm
Bu på hotellet midt i hovudstaden
Trygghet i møte med fremtiden
Nytt deg av avtalen med Noregs Ungdomslag og få ein betre pris på di overnatting. Ring oss på 23 21 41 00 eller send oss ein e-post til bookingoffice@bondeheimen.com
Velkommen til Bondeheimen
FOTO: OLE EKKER
kniftrygghet.no | privat@kniftrygghet.no | 23 68 39 00
BENNETT
Sy Sydin dinegen egenbunad bunad med veiledning med veiledning
-søm av nye bunader -søm av nye bunader - dame og herre - søm av - nye damebunader og herre -omsøm - dame og herre -omsøm Sy din egen -fagbrev ogbunad lærlingbedrift - omsøm -fagbrev og lærlingbedrift med veiledning -søm av nye bunader www.bergogblaane.no mesterbrev - dame og herre www.bergogblaane.no -omsøm Sy din egen bunad -fagbrevBerg og lærlingbedrift og Blåne As med veiledning www.bergogblaane.no
Berg og Blåne As
www.bergogblaane.no -søm av nyeHovtun bunader Hovtun Prestegårdsalleen 4 - dame og herre Prestegårdsalleen Berg og Blåne As -omsøm4 3490 KLOKKARSTUA -fagbrev og lærlingbedrift 3490Hovtun KLOKKARSTUA annekari@bergogblaane.no Prestegårdsalleen 4
annekari@bergogblaane.no 3490 KLOKKARSTUA tlf. 924 08035 www.bergogblaane.no annekari@bergogblaane.no tlf. 924 08035
TRØNDERSKE BUNADER
SYDD FOR HÅND OG MED
tlf. 924 08035
Berg og Blåne As
Hovtun Prestegårdsalleen 4 3490 KLOKKARSTUA annekari@bergogblaane.no tlf. 924 08035
Velkommen til oss i Olav Tryggvasons gate 18
23 UNGDOM 01/2020
Returadresse: Noregs Ungdomslag, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo
Postnord AS
Aud Sigrid Flesland hadde kostymedesignet til framsyninga.
BARN OG UNGDOM TRIVEST PÅ TEATERSCENEN! Sandeid ungdomslag har i ei årrekkje drive barne-og ungdomsteater i bygda. Dette har vist seg å vera ein viktig rekrutteringsarena til vaksenteatergruppa som starta opp i 1982. I år sette dei opp «Folk og røverar i Kardemommeby», og ikkje uventa vart dette ein suksess. Gruppa turnerte, og mellom anna Skare UL og Rosendal fekk besøk helga etter premieren.
Det oppstår ofte eit vakum etter ei framsyning. Me har valt å berre køyra teater for denne aldergruppa i den mørke årstida, men me har jo ein del unge som vil ha meir teater. Som eit resultat av det arrangerte me Sommarteaterskule i fjor sommar. Jan Fredrik Grøndal Henriksen var instruktør for nær 20 deltakarar.
Denne suksessen med Sommarteaterskule vil me gjenta til sommaren. I tidsrommet 30. juni til 2. juli vil ein på ny ynskja teaterspirer frå 9-15 år velkommen til Sommarteaterskule i Sandeid. Tekst: Josten Apeland, Sandeid Ungdomslag Foto: Istoria