12 ONSDAG 2. MARS 2022 NYTT I UKA
Foto: Kenneth Kamp
Kva er du mest oppteken av no?
At det må bli fred i Ukraina. Og av kvinnedagen.
20
Kva bruker du fritida di på?
Eg er glad i å gå tur. Så er eg frivillig i Kirkens SOS og har drive med speidararbeid i mange år. Og eg strikker, heklar og driv med anna handarbeid.
KJAPPE Kva betyr kvinnedagen for deg?
Først og fremst er det ein solidaritetsdag – ein dag for solidaritet med kvinner i heile verda. Eg har vore oppteken av kvinnespørsmål sidan eg var ung, og nett no er eg særskilt uroa for kvinnene i Ukraina. Her heime følgjer eg med på «Arne»-aksjonen der kvinner skifter namn til Arne på Linkedin for å vise kor vanskeleg det er for kvinner å få leiarstillingar. Eg er oppteken av at det er viktig for kvinner å finne seg sjølv og følgje sine eigne interesser. Ut frå den kristne trua er både kvinner og menn skapte i Guds bilete; difor er dei òg like verdfulle.
Kva er den største kulturelle opplevinga di?
Det som sit best, er nok «Mamma Mia» på Folketetatret i haust. Det var eit fantastisk sceneshow og stort trykk i songane – og så er jo oppvaksen med ABBA.
KVEN: Kari Vatne (59) KVA: sokneprest i Borgund kyrkje FAMILIE: mann, tre born, to barneborn BUSTAD: Blindheim, Ålesund AKTUELL SOM: medarrangør for 8.-marstilstellinga «Vår ære og vær makt» i Borgund-kyrkja
Kva ser du på TV og strøymetenester?
Der ligg det ikkje noka bok, for eg les ikkje på senga. For tida held eg på med Edvard Hoems «Felemakaren» på lydbok. Han skriv drivande godt og fascinerande, og eg har lese mykje av han. Dessutan kjenner eg mykje att i det historiske, sidan eg er oppvaksen på gard på Vatne.
Favorittmusikk?
Favorittmat?
Gospel! Ikkje nokre spesielle artistar, men gospel av ulikt slag.
911 50 200
- Solskjerming rimeligst NÅ!
fasadeprodukter.no
FÅ DAGER IGJEN!
TIL 06.03.
Potetball! Og dei skal serverast på tradisjonelt vis, med svinemør, kålrabistappe og poteter.
Kva for ein app ville du ikkje klart deg utan? GRATIS BEFARING
Facebook og Messenger er praktiske. Og så bruker eg Snap ein del – det er veldig kjekt.
Kva er den viktigaste politiske saka for deg? SOLSKJERMING – GARASJEPORTER
MARKISE – SCREEN – GARASJEPORT MARKISER – SCREENS – INTERIØRGARDINER
- INTERIØRGARDINER
Er du nøgd med kollektivtilbodet der du bur?
Nei! Eg har ei datter i Oslo, og der fungerer det veldig bra. Bussen her burde rett og slett gå oftare.
Kva er du mest nøgd med med heimplassen din?
At Ålesund er ein veldig fin by med fantastisk natur – fjell, sjø og fjord. Eg har stor glede av å vere ute i naturen.
Kva gjer du om ti år?
Eg strøymer lite. På vanleg TV har eg i det siste mellom anna sett Melodi Grand Prix og Kompani Lauritzen. Det siste er ei fornøyeleg serie, og så er det så flott natur på Åndalsnes! Ellers er eg veldig glad i programma til Leo Ajkic; han tek opp mange viktige og aktuelle tema som ligg hjarta mitt nært, no sist om utaforskap.
Kva for ei bok ligg på nattbordet?
VINTERSALG!
-30%
FAKTA
ke har rett til å bli respekterte for den dei er, uavhengig av slikt som legning og tru.
Menneskerettar! Alle mennes-
Då tenkjer eg at eg er pensjonist, men at eg framleis vil engasjere meg i kyrkja og i frivillige organisasjonar og generelt halde fram med å stille opp for andre.
Eg har vore oppteken av kvinnespørsmål sidan eg var ung
gjorde at folk flest kunne lære å lese og halde seg orientert; det gjorde at makta blei fordelt på fleire og det blei enklare å bestemme over sitt eige liv.
Kva er favorittreisemålet ditt?
Kroatia! Det er veldig vakkert, godt og varmt, og maten er god.
Kva kunne du tenke deg å lære?
Å spille skikkeleg på piano. Eg klimprer litt, men skulle gjerne ha vore så god at eg eg kunne bruke det til allsong og liknande.
Kva er det mest unødvendige du eig?
Eg kjem ikkje på noko. Eg prøver å vere nøysam og ikkje kjøpe meir enn eg treng.
Kva gjer du for miljøet?
Eg kjøper ikkje unødige ting, eg sorterer bosset og prøver å reparere kle og andre ting som blir øydelagde. Og så køyrer eg ikkje meir bil enn eg må, og eg er nøktern med reising.
Kva er meininga med livet? Kva ville du ha gjort om du fekk ti millionar kroner?
Eg hadde gitt ein del til borna og ein del til ideelt arbeid og frivillige organisasjonar som gjer ein viktig jobb.
Kva er den beste oppfinninga gjennom tidene?
Boktrykkjarkunsten! Det handlar om makt: Trykte bøker
Å bringe bodskapen om Jesu kjærleik vidare til andre menneske, og gjennom han finne krefter, tryggleik og hjelp for framtida, både for seg sjølv og andre. Kenneth Kamp kenneth@nyttiuka.no