12
|
on s dag
7. j u l i 2 02 1 |
20
KJAPPE Kva tenkjer du om at du er utvald til å vere festspeldiktar på Dei nynorske festspela neste år? Det er kjempespennande! Sidan eg debuterte som forfattar i 2008, har eg hatt eit nært tilhøve til Festspela og Aasen-tunet. Eg trur dei fleste forfattarar som skriv på nynorsk, har lyst å vere festspeldiktar der ein gong, men eg hadde ikkje venta at det skulle skje med meg allereie no. Det var ei overrasking! Kva er du mest oppteken av no? Nett no er eg kjempeglad for at eg fekk vaksinen for to dagar sidan, og at sambuaren skal få over helga. Forhåpentleg blir verda snart meir normal att. Kva bruker du fritida di på? Som småbarnsmor har eg ikkje så grueleg mykje fritid … Dessutan lever vi jo i ei spesiell tid elles òg, men før pandemien song eg mellom anna i kor og dreiv ein del med yoga. Eg har vore med på nokre digitale korøvingar i koronatida, men då høyrer eg berre dirigenten og ikkje dei andre, så det blir mest som ein slags stemmeøving. Elles er eg aktiv i fleire forfattarforeiningar; forfattarpolitikk og kulturpolitikk er interessant. Kva er den største kulturelle opplevinga di? Det var eit stort spørsmål … Men det slo meg no at eg hadde ei fantastisk oppleving på Det Norske Teatret for nokre år sidan, då Ane Dahl Torp og ektemannen hennar, Sjur Miljeteig, sette opp «Solaris korrigert», eit sci-fi-stykke av lyrikaren Øyvind Rimbereid. Det var ei utruleg sterk oppleving, og eg vil gjerne sjå stykket på ny om eg får høve til det. Kva for ei bok ligg på nattbordet? Der ligg det mange … Den eine eg les no, er «Djuphavsslettene» av Hilde K. Kvalvaag. Det er ein sjølvbiografisk roman om sonen som tok livet sitt for tre år sidan. Det er sterkt og vakkert og trist, men samstundes er det òg eit veldig godt driv. Ei anna bok eg held på med no, er ei novellesamling av, Laura Djupvik, som heiter «No fær huset». Eg jobbar forresten litt med å skrive noveller sjølv for tida. Favorittmusikk? Eg er ikkje så oppteken av ny musikk lenger, men musikk var veldig viktig for meg i oppveksten, og eg gjekk mellom anna musikklina på vidaregåande. I dag heng eg nok framleis fast i musikk frå 90- talet og litt ut på 2000-talet; til dømes er eg veldig glad i PJ Harvey, Patti Smith og Radiohead.
(Pressefoto: Tove K. Breistein)
Kva ser du på TV og strøymetenester? Mykje! Særskilt no under koronaen … I det siste har eg sett ein god del HBO-seriar, mellom anna «Mare of Easttown» med Kate Winslet. Og så har eg sett litt film, mellom anna «Et glass til», om gleder og problem ved alkoholen, av Thomas Vinterberg. Favorittmat? Det var vanskeleg, men det må bli taimat, gjerne noko med raud karri. Elles er eg generelt glad i asiatisk mat. Kva for ein app ville du ikkje klart deg utan? Eg hadde sikkert klart meg utan alle, men den eg set størst pris på, er nok podcast-appen. Alt anna kan eg jo gjere på datamaskina, men det å kunne høyre podcast på mobilen når ein fer rundt, er veldig fint. Kva er den viktigaste politiske saka for deg? Eg er oppteken av mange saker, men eg må seie fattigdom – og særskilt barnefattigdom. Vi har fått store klasseskilje i Noreg òg, og det at det finst så mange fattige barn i eit så rikt land som vårt, er noko vi har plikt til å gjere noko med. Det gjeld òg elles i verda. Er du nøgd med kollektivtilbodet der du bur? Ikkje nett no … Samanlikna med Giske, der det mesta ikkje går
buss i det heile, er det jo mykje betre her på Nesodden, der bussen går kvar halvtime. Men eg har blitt van med å bu midt i Oslo, der det kjem ein buss forbi kvart tredje minutt … Kva er du mest nøgd med med heimplassen din? Både på Giske og Nesodden er det nærleiken til sjøen og naturen. Frå Giske saknar eg dei kvite strendene, den grøne marka, skodda frå havet … Men noko av dette har eg òg funne på Nesodden, som jo er ei halvøy, med kort avstand til fine strender. Generelt trivst eg med at det er mindre tilhøve enn i byen, med eit godt lokalmiljø og betre kontakt med naboane.
kanskje eg kunne fått kjøpt meg ein bil – og gitt meg sjølv eit lite forfattarstipend.
FA K TA
Kva er den beste oppfinninga gjennom tidene? Vaksiner, datamaskina eller trykkekunsten. Klarer ikkje å bestemme meg …
KVEN: Aina Basso, 42 KVA: Forfattar FAMILIE: Sambuar, eitt barn BUSTAD: Nesodden (men kjem frå Giske) AKTUELL SOM: Festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2022
Kva er favorittreisemålet ditt? Eg er veldig glad i Italia, og særskilt Sicilia, der var eg med ein veninnegjeng for nokre år sidan. Det er kulturen – på alle vis: historia, kulturminna, maten, atmosfæren, språket …
Eg hadde ikkje venta at det skulle skje med meg allereie no. Det var ei overrasking! Kva gjer du om ti år? Forhåpentleg mykje det same som i dag: Eg skriv bøker og lever livet. Og så reknar eg med at eg er litt meir aktiv på den sosiale fronten og reiser litt meir enn nett no. Kva ville du ha gjort om du fekk ti millionar kroner? Betalt ned lån og bygd eit hus på Giske. Då hadde det sikkert ikkje vore så mykje att … – Men
Kva kunne du tenke deg å lære? Hmmm … Eg har gått 18 år på skule … Det eg har mest lyst å lære no, må vere å køyre bil! Eg kjem frå Giske, men kan ikkje køyre! Og no når eg har flytta ut av byen, hadde det vore nyttig. Kva er det mest unødvendige du eig? Eg eig i grunnen ikkje så mykje. Eg har flytta så mange gonger
og har lært å kvitte meg med ting. Men kan hende må det vere ei sånn sak til å ta ut stein av oliven med … Eg fekk han i gåve ein gong, og du skal liksom bruke han til å trykke ut steinen med, men det blir berre rot. Kva gjer du for miljøet? Eg kjeldesorterer, og eg har ikkje bil, så eg går mykje eller reiser kollektivt. Og så passar eg på at eg ikkje kastar plast eller anna boss i naturen. Sidan eg kjem frå Giske, blir det dessverre til at eg flyr ein del, sidan det er raskaste og enklaste måten å kome heim på. Kva er meininga med livet? Det er det ikkje nokon som veit, men eg tenkjer at så lenge vi er her, får vi prøve å gjere det beste ut av det, ha eit godt liv sjølv og bidra til at andre òg får eit godt liv. Kenneth Kamp kenneth@nyttiuka.no