12 ONSDAG 8. JUNI 2022 NYTT I UKA
20
KJAPPE Kor kjem interessa di for historie og lokalhistorie frå?
Eg har alltid vore fascinert av tanken på at det har vore nokon før som har levd eit anna liv. Som liten gut var eg oppteken av westerns og Lucky Luke, som jo er rein fiksjon, men likevel basert på noko verkeleg. I Ålesund har vi jo òg mykje historie med oss, som bybrannen, jugendstilen og Wilhelm II. Dessutan hadde eg ei bestemor som voks opp under krigen og som fortalte om den tida. Som vaksen har eg blitt interessert i lokalhistorie som eit uutnytta potensiale for å fortelje om dei store nasjonale og internasjonale samanhengane.
Kva er du mest oppteken av no?
Å bli ferdig med karakteroppgjeret før sommarferien. Eg underviser i norsk og historie på andre- og tredjeåret på vidaregåande.
Kva bruker du fritida di på?
Familien, gardsbruket eg bur på, vedhugging og slikt. Og så set eg stor pris på å teikne, lese og skrive.
Kva er den største kulturelle opplevinga di?
Den har eg ikkje opplevd enno … Eller la oss seie det var å gå inn i Borgund stavkyrkje med heile familien. Det er eit fantastisk byggverk, ein skjør trebygning som rommar så mykje av den norske historia, frå katolisismen, via reformasjonen og til notida. Berre tenk på alle de menneska som har gått inn og ut der og teke del i bøner og song. Eg drøymer om at eg snart skal få oppleve Urnes stavkyrkje òg.
Kva for ei bok ligg på nattbordet?
«Krigsbrev», av den svenske historikaren Peter Ullgren. Det er ei samling med brev som blei skrivne av svenske soldatar i Noreg i 1716, under Den store nordiske krigen, som varte i tjue år. Breva var meinte for
Foto: privat familiane heime i Sverige, men blei snappa opp av dansk-norske spionar og kom aldri fram. Dei endte i staden det danske Riksarkivet og blei funnen av Ullgren for nokre år sidan. Den store nordiske krigen er nok meir kjent i Sverige enn i Norge, då han endte med at Sverige tapte mykje land og ikkje lenger var ein europeisk stormakt. Det vi nordmenn kjenner best til, er nok Tordenskiolds siger ved slaget i Dynekilen i 1716 og at Kong Karl XII blei drepen i Halden – eller Fredrikshald som byen heitte den gongen – i 1718.
Favorittmusikk?
Akkurat no går det mykje i strupesong frå Tuva. Elles høyrer eg mykje på hard musikk – metall. Og så er eg glad i litt rock frå 60-talet, helst meir obskure ting.
Kva ser du på TV og strøymetenester?
Særs lite. Eg ser nyhende og dokumentarar, pluss tyske TVseriar. Babylon Berlin er veldig bra! Ja, og så liker eg å sjå Norge Rundt, særskilt Norge Rundt Jukebox med gamle sendingar frå 70- og 80-talet. Filmavisen liker eg òg godt.
ELEGANT TERRASSEMARKISE
-30% Til 10.07.
GRATIS BEFARING
911 50 200
fasadeprodukter.no
Kva er den viktigaste politiske saka for deg?
FAKTA KVEN? Oddbjørn Hofseth, 44 KVA? Historikar og lektor FAMILIE: Kone og barn BUSTAD: Stange i Hedmark (Innlandet); oppvaksen på Gåseid AKTUELL MED: Torsdag denne veka kjem han til tilstellinga «Stå opp for lokalhistoria» på Sunnmøre museum for å snakke om lokalhistorie og korleis ho kan gjerast «større enn seg sjølv». Laurdag kjem han til Ålesund bibliotek for å presentere eit lokalt mysterium som utspelte seg kring jul og nyttår 1945/46, då fleire vitne melde om ein revolverdesperado på Aksla, som den gangen var eit nyleg demilitarisert område.
Like moglegheiter for alle individ og gode oppvekstvilkår for barn.
Er du nøgd med kollektivtilbodet der du bur?
Det finst ikkje! Kollektivtilbodet i Stange er så dårleg at eg har ikkje ord for det. Men slik er det jo når ein bur på bygda …
Kva er du mest nøgd med med heimplassen din?
Gåseid har forandra seg så mykje sidan eg budde der, at det kan eg ikkje seie noko om. Vallset i Stange er ein kulturbygd der det vet gjort ein utruleg bra dugnadsinnsats og mykje frivillig arbeid. Det er mykje som skjer her!
Kva gjer du om ti år?
Då sit eg nedgraven i gamle dokument, og etterpå går eg rundt med motorsagen.
Kva ville du ha gjort om du fekk ti millionar kroner?
Mykje forskjellig, alt frå norsk, kraftig og smaksrik tradisjonskost til sushi og annan sjømat.
Teke med ein haug vener og familie til byen Rochester i staten New York, der kona og eg budde ei tid for mange år sidan. Ho studerte fotoarkivering der, medan eg var husfar.
Kva for ein app ville du ikkje klart deg utan?
Kva er den beste oppfinninga gjennom tidene?
Favorittmat?
To ulike: Instagram og Riksarkivet sin app for å lære å lese gotisk handskrift. Det er mellom anna eit dokument frå ein prest på 1600-talet som var stemna for retten for heterodoksi – altså ein avvikande kristentru, det motsette av ortodoksi – som eg gjerne vil klare å lese.
Skriftspråket, utan tvil. Det gjorde det mogleg å overføre tankar og språk og er ei oppfinning som er så stor at historikarane deler inn historia i før og etter. I Mesopotamia fekk dei skriftspråket for 5000 år sidan, medan vi i Noreg berre har hatt det i 1000 år.
Kva er favorittreisemålet ditt?
Antibes i Frankrike, Berlin og Ålesund. Antibes er en veldig provençalsk by, med mykje å sjå og gjere, mykje god mat. Og så får eg øvd litt på skulefransken.
Kva kunne du tenke deg å lære?
Å tyde gotisk skrift, pluss fleire språk. No for tida skulle eg ønskje eg kunne russisk, slik at eg kunne forstå kva Putin seier.
Kva er det mest unødvendige du eig?
Eg har mykje rart på loftet … Men det aller mest unødvendige må vere ei høgfjellssollampe frå 70-talet som eg kjøpte på loppemarknad for 15 år sidan. Eg planla å gjere ho om til ei kul og dekorativ leselampe til å ha på eit bord eller i ei bokhylle, men eg har berre hatt ho med på ei rekke flyttelass, frå leilegheit til leilegheit og hus til hus. Lurer på om eg nokon gong kjem til å gjere noko med ho …
Kva gjer du for miljøet?
Eg kildesorterer. Det er vel det eg kan skryte på meg.
Kva er meininga med livet?
Å finne ut kva ein har lyst til og gå for det, gripe dei sjansane som byr seg og ha det så gøy som mogleg. Kenneth Kamp kenneth@nyttiuka.no