Dyrsku'n Husflid brosjyre 2015

Page 1

11. - 13. SEPT. ‘15

HUSFLID

Årets høgdepunkt for interesserte i moderne og tradisjonell husflid. Møt nær 150 av landets fremste handverkarar.

3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 80 000 BESØKANDE 150 MÅL MARKNADSOMRÅDE www.dyrskun.no


HUSFLID ER SÅ MYKJE MEIR ENN DU TRUR Husflidsutstillinga er eit samarbeid med Norges Husflidslag og har som siktemål å få fram det fantastiske mangfaldet næringa har å by på. Her er det mykje både for dei som har handverket som hobby og dei som lever av det!

DYRSKU’N ER NOREGS STØRSTE MARKNADSPLASS!

<< DYRSKU’N ER DEN MESSA HVOR

JEG SELGER ABSOLUTT MEST!

Jeg får bedømt håndverket mitt av dyktige dommere og får vist frem håndverket mitt til et stort publikum. Jeg syns også det er svært lærerikt å delta på husflidtevlinga, og det er spennende å knytte nye bekjentskaper

>>

Stian Eriksen, Knivmakar og student ved Akademiet på Rauland

Utsti l hand larar inn a v gjen nom erk seld n e s n for 5 9 00 ittleg var e 0 i 201 kroner r 4!

Tall basert på analyse utført av CPM Scandinavia

For mange er messa blitt ein fast tradisjon på lik line med 17.mai. Det er no 149. gong den arrangerast. Kvart år får me besøk av over 80 000 gjester og 700 utstillarar.


HUSFLIDSTEVLINGA 2015 Den årlege husflidstevlinga på Dyrsku’n speglar dei rike husflids- og handverkstradisjonane, nyskaping og mangfald. Tevlinga skal og bidra til ei auka rekruttering til husflid og handverksfaga og ivareta nyskapinga, bredda og mangfaldet i næringa.

kven kan delta?

Dei som har handverket som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra.

nyskapingspris

Nyskapingsprisen vert delt ut under mottoet «Nye skot fra gamle røter», med atterhald om at tevlinga får inn produkt som oppfyller krava til denne prisen.

<< PÅ DYRSKU’N SI HUSFLIDSTEVLING

KAN DU VISE ARBEIDET DITT FOR EIT STORT OG INTERESSERA PUBLIKUM >>

stimuleringspris

Prisen vert delt ut til ein handverkar som utmerkjer seg med særs godt arbeid. Prisen er ein gåvesjekk på kr 5000 samt eit diplom.

særutstilling: gamalt design i ny innpakning

I år er temaet på særutstillinga tatovering. Her viser me fram spennande tatoveringskunst frå dyktige tatovørar. Galleri Dragedalen viser tatoveringskunst i hall B.

premiering

Dei beste arbeida vert premiert og stilt ut i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n. Berre dei som har oppnådd fyrsteplass blir premiert.

© Dark Matter Norway AS Foto: Juliana Kate Loomer


KATEGORIAR MED KLASSER OG UNDERGRUPPER • Rekrutt • Handverk • Formgjeving Undergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging, sveiping, neverarbeid, o.l), eksperimentell form.

tekstil

• Rekrutt • Handverk • Formgjeving Undergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form.

sylv

Alle arbeid må vere påmeldt av utøvar. I klassene for formgjeving, kunstsmiing og eksperimentell form må utøvarane ha vore med i prosessen frå ide til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, utprøvingar mm.

• Rekrutt • Eggverkty/verkty • Kunstsmiing • Eksperimentell form

Arbeida må vere utført i perioden 2013-2015

Arbeidet kan ikkje vere stilt ut tidlegare i annan konkurranse, og eit arbeid kan ikkje vere påmeldt i fleire klasser

• Rekrutt • Brukskniv • Staskniv • Open klasse

I klassa for eggverkty skal det sendast inn eit blad til knekking

smiing kniv

rosemåling

• Rekrutt • Rosemåling • Lasering/dekormåling

Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr 250 som blir fakturert utøvar etter påmelding. Arbeidet sendast til adressa under. Spørsmål kan rettas til Eva Flatin på telefon: 906 07 875 eller epost: husflid@dyrskun.no. Påmeldingsfristen er 10. august 2015.

forsikring

• Rekrutt • Handverk • Formgjeving Undergrupper: Filigransarbeid, gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form.

Arbeid som vert sendt er forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS, det vil sei frå arbeidet er motteke av oss til arbeidet er returnert. Postgangen er ikkje forsikra av Dyrsku’n Arrangement AS.

Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon: 35 06 57 70 Faks: 35 06 57 84 E-post: post@dyrskun.no

Husflidstevlinga vert arrangert i samarbeid med Norges Husflidslag

www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord www.dyrskun.no

handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv

Foto: DAAS, Gry m. Grindbakken.

tre

KONKURRANSEREGLAR


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.