Dyrsku'n Matlyst brosjyre 2015

Page 1

11. - 13. SEPT. ‘15

MATLYST DYRSKU’N Frå jord til bord

3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 80 000 BESØKANDE 150 MÅL MARKNADSOMRÅDE www.dyrskun.no


BLI UTSTILLAR PÅ DYRSKU’N

- NOREGS STØRSTE MARKNADSPLASS Dyrsku’n er Noregs største marknadsplass, og er blitt ein tradisjon på lik line med 17. mai i Telemark. Her samlast over 80 000 menneske og 700 utstillarar over tre intense og hyggelege dagar i september. Dyrsku’n vart starta i 1866, der Telemarkskyri var den største attraksjonen. I år, 149 år seinare, er Dyrsku’n veka der Seljord 25-doblast i storleik. Vi er svært fornøgde med utstillarar som kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn om at deltaking på Dyrsku’n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.

FORNØGDE UTSTILLARAR! Sagt av utstillarar:

<< Bra organisert, positivt personell som står på for utstillerne. >>

<< Dyrsku’n 2014 var ei god oppleving for verksemda vår. Vi hadde mange innom vår stand og er nøgd med å ha fått kontakt med mange nye kundar og potensielle kundar. Vi kjem gjerne att neste år. >>

<< Dyrskun er det beste enkeltarrangementet vi deltar på og hvor vi selger mest. >>


Tall og kommentarar basert på analyse utført av CPM Scandinavia

68 % kjøpte matvarer på Dyrsku’n

Nær ni av ti seier dei fekk inngått dei avtalene dei ynskte i løpet av Dyrsku’n

98 % av utstillarane seier dei er fornøgd eller svært fornøgd med Dyrsku’n

MATLYST DYRSKU’N Matlyst på Dyrsku’n aukar år for år, kvart år samlast lokalmatprodusentar frå fjern og nær, for å tilby spennande og smakfulle produkt. Gjestene våre er på skattejakt etter gode smakar og pengane sit laust i lomma. Landbruk og mat gjeng hand i hand på Dyrsku’n, her kan ein møte dyra, sjå korleis maten blir til og kjøpe god lokalmat. Matlyst Dyrsku’n skal gje gode matopplevingar, inspirere, engasjere og gje kunnskap om mat. I Pop-up kjøkkenet skal det lagast enkle smakfulle rettar av produkt frå lokalmat-utstillarane. Her kan ein såleis få profilert produkta sine på ein god måte til matlystne gjester. Kvart år er det kåring av årets matprodukt med premiering, heider og ære. Primært skal prisen inspirere til kreativitet innanfor produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar. Ein stand på Dyrsku’n er gull verdt! Her ligg alt til rette for godt sal, marknadsføring mot tusenvis av matinteresserte og moglegheiten til å knytte viktige kontaktar innan matmiljøet.

FRÅ JORD TIL BORD I STERKE NILS-TUNET På Sterke Nils-tunet kan ein oppleve gardsdrift og matproduksjon på gamalt vis. Her kan ein følgje produksjonen frå jord til bord. Kua blir mjølka i det gamle fjoset og mjølka blir separera til fløyte og skumma mjølk. I Ystebua kinnar budeia fløyten til ekte smør av beste kvalitet, av mjølka blir det yst dei beste ostar. Her kan ein møte nokre av våre beste produsentar og bli innvigd i seterkulturen sine rike tradisjonar.


SJÅAST VI

Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

PRISAR: Lokalmattelt (ikkje serveringsmat): kr 4500 + mva pr. modul à 6 kvm. Lokalmattelt serveringsmat: 16% provisjon av brutto omsetning pr. modul à 6 kvm. Utebod: kr 3200 + mva.

Telefon: 35 06 57 70 Faks: 35 06 57 84 E-post: post@dyrskun.no

www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord www.dyrskun.no

handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv

Foto: Dag Jenssen, Arne Morten Berntzen DAAS, og Leif Jamtveit

Vi håpar du finn dette interessant og ynskjer å delta på årets Dyrsku. Søknadsskjema finn du på vår heimeside www.dyrskun.no og søknadsfristen er 1.april. Har du spørsmål eller treng du meir informasjon, ta gjerne kontakt med oss på post@dyrskun.no eller på telefon 35 06 57 70.

SØKNAD SFRIST 1.APRIL


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.