11. - 13. SEPT. ‘15
bli utstillar på dyrsku’n - Noregs største marknadsplass!
3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 80 000 BESØKANDE 150 MÅL MARKNADSOMRÅDE www.dyrskun.no
NOREGS STØRSTE MARKNADSPLASS! Dyrsku’n er Noregs største marknadsplass, og er blitt ein tradisjon på lik line med 17. mai i Telemark. Her samlast over 80 000 menneske og 700 utstillarar over tre intense og hyggelege dagar i september. Dyrsku’n vart starta i 1866, der Telemarkskyri var den største attraksjonen. I år, 149 år seinare, er Dyrsku’n veka der Seljord 25-doblast i storleik. Vi er svært fornøgde med utstillarar som kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn om at deltaking på Dyrsku’n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.
98% av utstillarane seier dei er fornøgd eller svært fornøgde med Dyrsku’n
Ni av ti seier dei fekk inngått dei avtalane dei ynskte i løpet av Dyrsku’n
<< DYRSKU’N ER DEN VIKTIGASTE MESSA ME DELTEK PÅ! For oss er Dyrsku’n både ein fantastisk møteplass og handelsplass. Her møter vi både forbrukarar og kollegaer i bransjen. Det tverrfaglege og mangfaldige miljøet , saman med dei gode handelstradisjonane og folkelivet, gjer messa heilt unik.
>>
Kristen Bråthen Butikksjef Felleskjøpet Agri SA
handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv Tall basert på analyse utført av CPM Scandinavia
UTESTAND
INNESTAND
Underlaget er gras eller grus på utestandane. Mellom dei går det i all hovudsak gode asfalt- og grusvegar. Ordinære utestandar er 4-7 meter djupe, avhengig av områdeplassering. Det er lengda på fronten som tel når ein reknar ut prisen, og den er på kr 800 + mva pr. frontmeter. Pris på anlegg- og landbruksmaskinområdet er kr 80 pr kvm + mva. Landbruksog maskinutstillarar har ei minstebestilling på 50 kvm. Det vert rekna flat pris frå første kvm. Djubda på desse standane varierar frå 7-12m.
I hallane er det panelveggar og tette skiljeveggar. Det er ikkje tillate å setje opp faste installasjonar eller spikre i desse veggane. I Ridehallen er standane 3-4 meter djupe, med valfri breidde. Hallen har hovudsakleg utstillarar innan handverk, møblar, demo, småindustri m.m. Prisen per kvm er kr 680 + mva. I hall A vil utstillarar innan handverk og husflid bli prioritera*. Hallen er inndelt i modular på 6-8 kvm. Skilleveggane er opne, og kan dekkast til med stoff e.l. Prisen per modul er kr 5300 + mva.
MATKVARTALET Matkvartalet har både inne- og utestandar. Gjeld berre for dei som har lokalmatprodukt*. *Sjå eigne kriterier på våre heimesider.
Foto: Dag Jenssen, Guro Mæland, Arne Morten Berntzen
SØKNADSKJEMA OG REGLAR Søknadsskjema finn du på www.dyrskun.no. Søknadsfrist er 1. april.
PÅMELDINGSAVGIFT Det er ei påmeldingsavgift pr stand, også dersom ein utstillar bestiller fleire standar. Påmeldingsavgifta er kr 800 + mva pr stand utan omsyn til storleik. Det blir sendt faktura på beløpet når påmelding er registrert. Tildeling av stand skjer fortløpande etter at søknadsfristen er gått ut. Søknader som kjem inn etter fristen, vert lagt til side til første utkast av kartet er ferdig. Informasjon om plasstildeling og faktura vert sendt så fort det er klart, og seinast innan utgangen av juni. Utstillarlista med søkbart kart, weblink og vareslag vert lagt ut på nettsida. Lista kjem og i messeavisa som vert distribuera i store delar av Sør-Noreg. Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal komme inn på utstillarlista, må kvar enkelt registrere seg og betale påmeldingsavgift.
Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Telefon: 35 06 57 70 Faks: 35 06 57 84 E-post: post@dyrskun.no
www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord www.dyrskun.no