Dyrsku'n Vårmarknad brosjyre 2015

Page 1

møt våren på dyrskuplassen - våryre aktivitetar for store og små! www.dyrskun.no

handel nytt & bruka motorsport veteranbilar

mat bilutstillingar folkeliv


vårens vakraste eventyr Vårmarknaden på Dyrskuplassen er staden å gå for eit hyggeleg møte med forsommaren. Her kan du gå på skattejakt og finne antikvitetar og motordelar du har leita lenge etter, eller du ikkje visste at du trong.

brent asfalt og svidd gummi Terje Håkonsen er ein av dei store innan dragster-racing i Noreg. Han kjem til Vårmarknaden med dragster og buss!

Er du motorinteressert eller vil få med deg halsbrekkande stunts på trial-sykkel, er dette staden for deg! Her vil både små og store finne noko å sjå på og gjere.

fleire hundre flotte veteranbilar for dei motorinteresserte Veteranbilutstillinga samlar eit hundretals veteranbilar og køyretøy, blankpussa og klare for årets fyrste luftetur. Har du eit køyretøy som er over 30 år, kan bil og sjåfør delta gratis på utstillinga både fredag og laurdag. Me oppmodar om å stille i tidsriktig klede. l år gledar vi oss over at landstreffet for Pontiac Club Norway er lagt til Vårmarknaden. Kom og sjå nærare 100 bilar i all si prakt!


heftig sykkelakrobatikk Trialfantomet Marius Christiansen kjem til Vårmarknaden for å showe med trial-sykkelen sin. Her blir det fart og halsbrekkande stunts!

ting og tang På Vårmarknaden kan du gå på oppdagelsesferd eller gjere eit ordentleg kupp! Marknaden er overfylt av spennande antikvitetar og det nyaste nye - moglegheitene er mange på Vårmarknaden!

svolten? På Vårmarknaden treng du ikkje gå langt for å finne noko som freistar både ganen og magen. Her finnast tilbod både for den middagslystne, den som vil ha med seg noko i handa eller ta med seg varer heim.

leikepark og underhaldning for dei minste Som alltid er det moro å vere born på Dyrskuplassen! Vi har leikepark og mange aktivitetar som passar for store og små born.

CAMPING Dyrskuplassen er Noregs finaste og best utbygde festivalplass med alle fasilitetar. På Vårmarknaden har me eigen marknadscamping frå torsdag til sundag: PRIS Torsdag/fredag – sundag kr 400 pr pers. Laurdag – sundag kr 250 pr pers. Born under 16 år gratis Prisane inkluderar straum og inngang til marknaden fredag og/eller laurdag. For andre overnattings- og aktivitetstilbod i Seljord, sjå: www.seljordportalen.no


Foto: Guro Mæland, DAAS

har du noko å selje ? På Vårmarknaden kan alle få plass, ingen er for små og ingen er for store. Pris for utstillarar på begge dagane (inkl. mva.); Utestand: kr 150 pr frontmeter (djubde 5-7m) Innestand: kr 100 pr m2 (Husdyrhallen) Born får gratis stand for sal av leiker, sportsutstyr m.m. på reservert salsområde. Søknadsfrist 11. mai. Etter fristen er det moglegheit for ledige plassa ved personleg oppmøte. Ta kontakt med oss for meir informasjon!

opningstider Fredag 29. mai kl 12.00 – 20.00 Laurdag 30. mai kl 09.00 – 17.00 For utstillarar vil det vere ope på plassen frå kl 08.00

inngangspris på marknaden Born under 16 år GRATIS | Vaksen kr 100 Parkering GRATIS

Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon: 35 06 57 70 Faks: 35 06 57 84 E-post: post@dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord www.dyrskun.no

VEST-TELEMARK MOTORHISTORISKE KLUBB www.vtmk.net


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.