Ruinar på ryddige rekker

Page 1

Ruinar på ryddige rekker

HÉLÈNE CIXOUS Ruinar

på ryddige rekker

Omsett frå fransk av Grete Kleppen (MNO)

solum bokvennen 2023

Ruines bien rangées

Copyright © Éditions gallimard 2020

© Solum Bokvennen, 2023

Omslagsdesign: Aina Griffin

Printed in Latvia by Livonia Print, Riga 2023

Innkjøpt av Kulturrådet

ISBN 978-82-560-2672-2

ISBN 978-82-560-2673-9 (e-pub)

instagram.com/solumbokvennen

facebook.com/solumbokvennen

www.solumbokvennen.no

MIDT I SENTRUM AV VERDA

5
6

– Kvar skal vi?

Boka hadde allereie byrja, eg sprang, eg mintest eg gløymde eg leitte: eg hadde knapt funne før eg mista, eg rota vekk, meir og meir, eg følgde gater, fauk over plassar, på skrivebordet mitt hopa det seg opp med eit tital omslag, permar, notatbøker, skrivebøker, utan overdriving var det hundrevis av sider og år, frå det eine arket til det andre var eg i 1648, i 9, i 1561, 1942, 2020 og to tusen år før meg, altså samstundes to tusen år etter meg, så plutseleg var eg midt i, på bymuren rundt Troja der eg noterte samtalen mellom Priam, den vedunderlege gamlingen som liknar på venen min Marcel Dulas, eller det er denne baskaren med krølla hår som liknar på Priam, eg sat saman med ei ulykkeleg ei som ikkje er den same som eg, for Hélène er namnet til oldemor mi frå Osnabrück, Helene Jonas født Meyer for nesten to hundre år sidan, sett frå boka si side har ikkje tida noko tidspunkt ikkje tid

og medan vi går over plassen framfor Katedralen med stadig raskare steg, som om vi var oss sjølve, mor mi og eg,

7

ser vi bilar som minnest at dei har vore hestar, ser mor mi gå framfor Domen då ho var lita, ho hoppar framfor kalesjevogna til borgarmeisteren i Osnabrück, eg høyrer, trur eg, ei folkemengd eller fleire mengder som roper stygge ord i desse fine gatene, dei ligg så rolege i den klåre lufta, så seint som i dag tidleg strekte dei seg tomme og lysande ned mot elva. Ord skrik mot døden.

– Kvar skal vi? seier mor mi. Kvar gong hundreåringen Ève og eg går arm-i-arm gjennom gangen frå rommet hennar til midten av huset, då er strekninga uendeleg lang for alderen hennar, for meg tek det ikkje lengre tid enn ei lita side. – Kvar skal vi?

– Til midt i verda, seier eg. Som vanleg.

8
Den kjende Jonas-bygningen i Osnabrück, Nikolaiort 2, fotografert av den store fotografen Lichtenberg i byrjinga av 1900-talet.

Vi veit at ingen i Tyskland veit kvar Osnabrück ligg. Osnabrück er ein fiksjon. Kvar gong eg studerer eit kart over Tyskland, leitar eg etter byen. I bøkene – det er mange av dei på kontoret mitt og i hyllene mine – flaumar byen over alle stader, i form av kart, avhandlingar, arkiv som eg går meg vill i så snart eg finn fram, eg spring over plassane i byen, gjennom gatene, opp på bymurane og ser byen som kvar gong verkar ny og samstundes har vore legendarisk sidan han blei døypt av Karl den store, til og med lenge før den tid. I kraft av å vere minne kjenner eg dei alle saman, og eg kjenner alle dei tende tidene, dei lyser som nattlamper i tidstempelet

Og for ei overrasking denne 12. februar 2019! Her er det ikkje snakk om at det er akkurat sytti år sidan far min gjekk over til den andre verda, det tenker eg ikkje på eingong. Det er første gong eg er i Osnabrück Draum! No er det Etterkomaren eller Etterslekta som held til i huset (det på fotografiet til Lichtenberg, fotografen som har teke vare på byminna sidan fotograferinga blei oppfunnen). Her har vi noko innlysande som er handfast og namnlaust. Kvar er mamma og bestemor mi Omi? Dei har gått ut, seier Draumen. Eg godtek situasjonen. Eg har gitt frå meg nøklane. Men eg tek vare på ein av dei. Seier til meg sjølv at ein nøkkel må gøymast unna, for framtida. Kvar? Det finst ikkje noka postkasse: det kjem ikkje til å ta lange tida før dette hundreåret blir postkasselaust. Ei blomsterpotte? Men ein kan fort gløyme kva for potte det var.

Er det morgon eller kveld?

9

På bordet ligg det ei mengd med dokument og fleire brune konvoluttar, uopna med limband. Eg vil lure meg til å lese namnet på – Etterkomaren – men no kjem han. Ein høg vakker mann med forunderleg svart hår (hadde eg venta meg ein kvithåra Etterkomar?). Huda er heilt kvit, like kvit som eit papirark. Det som forundrar meg: nasen er pen, rett, kort, det er altså ikkje ein Jonas? Han har vore arbeidar. No skriv han, eg spør: – Kor lenge har du skrive? –Det berre blei slik, seier han. Eg venta at han skulle vedgå at han hadde byrja då han hadde lese det eg hadde skrive. Han seier: Plutseleg blei det ein lidenskap. Eg seier: det er alltid noko som forskyver seg litt.

Forskjellige framtoningar går forbi. Ein høyrer stega til fiktive personar i trappa, slik som i medvitet mitt, dei verkar (som om dei var) heimevande. Alle er nakne. Det vil eg ikkje ha noko av: eg skal ta eit laken rundt kroppen min. Etterkomaren skal legge seg. Eg kysser han på tinningen. Sett i profil kunne han minne om Felix Nussbaum: det er tydeleg at han tenker på bilete. Eg ser inn i rommet. Det er mørkt der midt på dagen. Han har trekt for gardinene, gjort det dunkelt, bortsett frå ei dempa rosa nattlampe. Alle store bøker byrjar slik, på eit soverom, i eit lite skin. Ordet skin bankar lett. Eg nyttar høvet til å sjå på posten hans, namnet er framleis ei gåte

Eg går ut. Garasjen er open, eller det er ei slags løe slik som dei på landsbygda omkring, garasjen er fylt opp til taket med trekanta lerretsekkar, store stablar, det er noko urovekkande over dei, er det ryggsekkar? sekkar med ryggar?

10

Beinrestar? Eller er det førebuing til avgang? Kva for ein?

Det er alltid ope her, kunne noko bli stole?

På plassen inst til høgre ser vi dei kvinnelege arbeidarane stå med ryggen til, i kvite kitlar, dei fjernar seg, det verkar litt spøkelsesaktig, dei går inn i det smale smauet Hexengang, går ned, forsvinn, har dei kvite sjukesøsterkitlar? eller er det jordmødrer? dei forsvinn

– Det er første gong eg møter etterslekta mi, seier eg til meg sjølv

– Det er du i motsett utgåve med den nasen, seier dotter mi, ein arbeidar som skaper noko

La oss følgje dei, vi tek Hexengang. Eg kjenner godt dette smauet. Eg går fort nedover saman med mamma. Det verkar som om vi gjekk etter henne i går slik vi gjer i dag.

På Osnabrück-tida var mor mi enno ikkje jordmor, ho hadde ikkje noka aning om det. Seinare: dukka det opp. Ein lidenskap. Eg meiner det var ein algerisk lidenskap. I Osnabrück kastar dei hundre og tjuesju jordmødrer i vatnet, bind venstre stortå til høgre tommelfinger, dei gjorde det framleis i 1641, tingkroppen med ryggsekkform og hovud, tingen blir rulla og fell tungt ned i vatnet, dersom sekken søkk med det same, er ho uskuldig, flyt han opp igjen, er det berre mogleg med hjelp frå djevelen og dermed er ho skuldig

Jordmor, seier mor mi, er det finaste yrket i verda, men

11

Det finst ein stad der Historia byrjarsluttar, det vil seie historia om ei historie, staden er ein smal høg scene, der oppe står vi og ser framtida til fortida kome, men fortida hopar seg opp hulter til bulter og legg seg i ein stor haug ved foten av borgmuren.

Herifrå ser vi korleis alt set seg saman og blir oppsummert, har vore – er – kunne ha vore – alt er her samstundes på like fot, like utilgjengeleg og like tydeleg synleg. Vi byrjar å skjelve, det er så overveldande. Og vemodig.

Her finst vi ikkje lenger. Blir ikkje lenger fødde. Er ikkje lenger. Veit ikkje om oss sjølve. Vi veit, men berre via det vi anar, ikkje via vissa

Eg minnest, men det er no, eg ser oss, eg følgjer oss på nært hald, vi er lykkelege utan å vite det, det er det som er lykka, å vere i dagen i dag, gå i dei små smale gatene, nyte kor tronge dei er, dei fører til – er det eit minne?

Eg minnest, er det eit minne? Turen vår fører oss fort av stad, forbi Domen der vi ikkje stansar, vi går ikkje inn i katedralen, ikkje rett inn i klosterhagen heller, først to gonger til venstre og heilt inn i kråa der vi kan sjå gjennom vindauget, ut på gravene i den fine hagen med rosene og dei døde – alle er erkebiskopar – gamle graver som er evig unge slik som rosene, dei tel ikkje hundreåra, her er det freden som søv, ein liten draum i den store strenge borggarden til tida, vi tek heller hundre steg på plassen, som vanleg verkar

12

han enorm, stor og brei som ein stabel papirpakker som stampar med frambeina medan dei ventar på at linjer og teikn skal kome og sette seg, vi fyk forbi, tek Hegerstrasse, vi skal tilbake hit, forbi Hegertor utan å saktne farten, som om vi hadde det travelt, som om mamma visste kvar vi skal, ho trampar fram i traktorskor, Eg veit ikkje kva dei kallar det på tysk, det er eit ord for mor mi, eit ord på trakk og trakt, det er noko hamrande over det, noko som veit kvar vi skal, «det er framleis like fint vêr», tenker vi, her har vi ei setning som seier mykje om stemninga vi er i og om kva som er i vente, noko pirrande, eit drag i lufta, det høyrer til Byen per definisjon, til denne Byen og Kvar ein By, Det er likevel uventa at ein by på desse kantar er så vakker, han ligg i Niedersachsen, eit geografisk kaldt område som historisk sett er vatna med blodige elvar og tårer slik som slektstreet til mor mi

At vêret er fint og blomstrande over hovuda på oss, er eit teikn, kvar gong denne setninga kjem opp, er det alle vilkåra for menneskeslekta som sukkande melder seg, eg snakkar altså om det same vêret som låg over borgmuren i den tredje songen i Iliaden, den morgonen då eg stod opp og gret stille, skriv Hélène

Kvit-Hand i ein draum der eg såg meg veve eit stort stoff som skulle skildre kampane mellom hestefolket trojanarane og dei bronsebrynja akhaiarane, då hadde eg ei kjensle av at det var ein allegori, det var ikkje ein draum, det var biletet som skildra røynda, alle ville absolutt ha den gruvsame kri-

13

gen, eg også, eg var som vanleg gruvsam og skrekkslegen av mi eiga drivkraft, slik eg alltid har vore sidan kvar og ein av barndomane mine

i minnet om draumen min, noterte Hélène, var det nokre som trampa på kvarandre og skreik som fuglar, medan andre gjekk stille fram, det er alt som er igjen av draumen, skrika og stilla, det gjalla som slutten på eit rasande hulk, det er alt, to motsette gjall

og rett etterpå ser eg meg kome fram til borgmurane rundt byen, eg møter igjen Priam, den gamle stefar min som sit på muren ved Tårnet og ventar på meg, det elda andletet lyser, han verkar nysgjerrig som eit barn, den gamle seier: kom opp hit og sei meg kven han er, han der i det fjerne, han som verkar større enn dei andre, minst eit hovud høgare, han fører seg som om han var med i eit teaterstykke på 30-talet, eg vil helst ikkje kome inn på det, men det er Agamemnon, svogeren til ho som eg var, men det er så lenge sidan, det er i ei anna historie, eller i ein annan draum, «dersom det nokon gong har vore», seier Hélène til seg sjølv, veverske i Troja, uttrykket veltar livet og jorda over ende som ein apokalypse, det roper som den femte scenen av femte akt i tragedien, dette skjelvande sambandet mellom fortid og notid, «dersom denne fortida nokon gong har vore verkeleg», det er Dette, smerta der litteraturen lagar seg leie og ly, dersom det kom ein dag som verkeleg var slik, her har du meg slik eg var, kviskrar skuggen av setninga, dersom – (denne) – dagen – har vore ein dag,

14

men himmelen er så vakker, han er udødeleg blå, slik som første mars 1571, fødselsdagen hans, den dagen då skrivinga hans blir født. Medan han framleis brenn etter å skrive den heilt nakne boka om heile seg heilt naken, kjem Montaigne inn og tek fatt på den siste vesle strekninga han har igjen, i tårnet med måleri og minne, eit tårn som inneheld alle tenkande tagale bøker og inst i sjela si har han Roma Paris og alle tider, frå fjerde høgda i tårnet har han utsyn over skogane på jorda og den høge himmelen som er vedunderleg rein og blå, då plutseleg ser han det for seg, i sjela si ser han Byen som har blitt Bok utan stad, utan stein, utan mørtel, utan tre, men likevel udødeleg, dess trongare den indre plassen er, dess lenger ser sjela, det er grenselaust, himmelen er strekt ut lengst nede med alle stjernene sine, som ei teikning av Kepler, men han er likevel like blå som midt på dagen

La oss vende tilbake til turen vår, det er fint vêr i Osnabrück, det er denne himmelen, blåfargen, tenker vi, han har den same magiske krafta som sceneteppet på teater, det er nok å sjå godt på det, med det same lidenskapelege blikket som smugtittaren, han som ser alle tider frå trappa i Sodoma og Gomorra, sjå godt for å bli frakta tilbake, mor mi og eg, til generasjonane og arkiva i dei indre og ytre tårna våre,

15

det rare er, seier eg til dotter mi, er at eg først blei født av far min i ein by utan tårn og utan elv. Etterpå blei eg alltid født av mor mi med tårn og elv, i den eine byen etter den andre, forskjellig kvar gong, Eg veit ikkje om vi kan kalle det ein Tur, denne forhasta gløymsame springinga vår som fører oss gjennom Hexengang og dermed ned til elva Hase, endepunktet for Heksene. Det er ikkje lange vegen, men langt likevel. Det har sin sjarm, ein gløymer det forferdelege, kjenner seg så utruleg levande, dei små brusteinane av murstein er framleis røde, i dag som for fem hundre år sidan, lys og skugge flakkar over dei no også, Gangen verkar lang, men det er sikkert på grunn av dei varierande partia i smauet, ein tunnel der enden ligg i det fjerne ein stad, ein sving og så ein sving til, litt oppover mellom to høge vegger, vi ville ha vore heilt innestengde dersom dei var nokre meter høgare, det er noko forførande labyrintisk heile vegen, eit lite følgje mellom store dystre bygningar, til høgre for Domen, til venstre for Gymnasium Carolinum mellom Kyrkja og Imperiet, det er berre mellom klokka tolv og to at sollyset greier å smyge seg ned i mørkeret i menneskehjartet. Tjue meter lenger framme er det døden. Tjue dødssteg, dei tjue siste. Fru Skiper var allereie i den førdøde tilstanden som ho kom inn i då ho blei arrestert fengsla forhøyrd og mishandla i Bucksturm. I dette tårnet er det i dag eit museum med skrika til dei som snart skulle bli avretta. I gjennomsnitt tjue skrik per dømd ifølgje Meister Dietrich, bøddelen som legg fram tala 133 + 121 + 44 x 20 skrik, det blir

16

5960 skrik som han noterte i rapportane i løpet av karrieren sin, inkludert åra utan avrettingar.

Om berre Hase kunne snakke, slik som elva Scamander, ville ho ha vitna om all den krenkinga og valden ho blei utsett for, ho blei tvungen til å sluke heile kvinnekroppar, den vesle elva blei heilt kvalm. Men ho blei tvungen til togn, slik som smauet, korridoren forma som ei trakt, slik det er for alle stader som blir utsette for overgrep og tilsulka

17
Hexengang, heksesmauet i Osnabrück.

Eg minnest sjølv om eg aldri har vore der saman med deg av kjøt og blod i den ytre røynda, berre saman med skuggen din.

– Minnest du Frau Skiper? seier eg.

Mor mi: – Sydama? Ho tok livet av seg allereie i 39.

H: – Nei, jordmora. Ho blei dregen gjennom her, med føtene bundne til handledda, allereie festa til stigen, klar for å bli kasta ut i Hase for Wasserprobe, og då bøddelen Meister

Dietrich løfta stigen, var ho allereie død, alle såg det. Då sa han at det var nok djevelen som hadde knekt nakken på henne, noko alle kunne sjå. Sjølv hadde han berre brekt beina hennar, det var ikkje heilt utan møde og arbeid, nicht ohne Mühe und Arbeit. Men ifølgje mor mi hadde Frau Skiper heilt sikkert teke livet av seg i 1561, ho hadde ikkje ein sjanse. I 39 kunne derimot sydama Frau Skiper ha kome seg til hattesyerska Frau Engers i Amsterdam. Ein prøver trass alt å tru at det umoglege kan vere mogleg

– Ilex, kjenner du til han? seier mor mi. Ikkje? Mogleg eller ikkje, det får meg til å tenke på den stakkars mannen. Journalisten som våga å vere antinazist, rett overfor der vi budde prenta han avisa si om natta, Den vesle Frie Illegale. Ilex var ikkje det rette namnet hans, Ilex får meg til å tenke på Silex utan sil, til slutt blei han sparka og slegen med køller, dregen berrføtt gjennom heile byen med eit tau rundt halsen, omringa av ei buande folkemengd, heilt ned til Hase. Omi ville ikkje at eg skulle sjå det, eg var på besøk hos henne på fødselsdagen hennar, det var altså i april 33,

18

eg ville be henne bli med Eri og meg til Paris, eg vil ikkje vere til bry, sa ho, det var både sant og usant, ho ville ikkje at eg skulle sjå det eg såg, men Baruth følgde etter han heilt fram og eg ser ein kortvaksen kar omringa av folk, dei var ikkje så mange, alle var høge, SA-folk, forbipasserande smiler til fotografen, butikkeigarar, stakkars vesle Ilex, han må halde høgt opp ein plakat der det står Ich bin Ilex med store gotiske bokstavar, ingen visste kva Ilex tydde, eg reiste vekk igjen og Omi blei verande. Ilex var det motsette av Hitler sa Baruth frå preikestolen i synagoga og det er alt. Ilex, det vil seie han som verken var nazist, jøde eller ariar, berre ein rettvis mann, sa Baruth og han var kanskje den siste av den sorten i Osnabrück. Stakkars vesle Hase, seier mor mi. Og den 14. oktober 35 blei Herr Pinkus funnen død i hagen sin, død av sorg, den 14. var fødselsdagen min, det var Herr Pinkus som skreiv dikt til fødselsdagane våre, minnest du det? Hadde han teke livet av seg eller var det sorga som drap han, det er ikkje heilt klart, alltid det same spørsmålet og det same svaret, ein er drepen, elvane og hagane er fulle av sorgar

følg meg, seier mor mi, det er merkeleg med draumar og magiske turar, ho spring alltid fort framom meg trass i dei hundre og tre åra sine, ein skulle tru at ho var ei geit og etter henne kjem eg pesande som i ein allegori om «skapinga» av ein tekst, det er han som hastar framom meg, eg snublar, eg tenker berre på transportmiddel, bil, tog, i går var det atlanterhavsbåt, eg er redd for at båten lettar anker

19

utan meg, men det er ikkje nokon allegori og eg følgjer etter mor mi i dei mytologiske byane hennar, her har vi Schwedengasse, det var den vegen eg tok til gymnaset seier mor mi, i 1925 saman med Toni Cantor dotter til den rike fjørkrehandlaren, heile familien hennar blei drepen ho lever framleis i Israel, i 1925 tenkte eg framleis på den første Krigen, dagen før hadde far min drege av stad for å bli drepen i den tyske infanteristuniforma si og trur du at vi visste at vi sveva akkurat midt mellom to krigar på den tida? Dersom far min hadde overlevd, ville han då ha blitt deportert slik som venen hans Philip Nussbaum, han som først var offiser under den første krigen og enda som det motsette under den andre?

tidene legg seg oppå kvarandre, eg tek Schwedengasse

Eg tek Schwedengasse, endå ei smal gate, men ho slår fast at det var her svenskane gjekk dei forferdelege åra då heile Europa reiv sund heile Europa, kvar skulle dei, tungt væpna og svoltne, Byen hadde blitt slukt rå av okkupantane, svolt, svolt, eg kjem fram bak teateret og smyg meg inn i klostergarden der dei døde kviler under den vesle hagen, det er der eg set meg ned, som i ei stille frå ei anna tid.

Kva gjer eg her? spør eg meg sjølv, kvifor har eg kome til Osnabrück? Spørsmålet blir ikkje lei av å stille seg framfor meg, det forundrar meg, forundringa veks stadig opp igjen, ho blir aldri oppbrukt, eg brettar ut bykartet på fanget mitt, eg går gjennom landskapet slik det er teikna og oppsummert, studerer det med svolte blikk, som om eg ville finne

20

svaret på dette kartet, slikt kan skje i ei historie av Edgar Poe. Eller ikkje. Det er ikkje snakk om noko «Tilbakekome». Eg har aldri hatt trong til noko Tilbakekome. Etter mi meining finst det ikkje noko slikt, aldri nokon stad. Ingen kjem nokon gong til å kome tilbake til Osnabrück.

Det er arkeologi. Det gjeld å finne løyndomen bak krafta i denne byen som er så uimotståeleg, som trekker meg til seg slik orkideen trekker til seg humla, ei kraft som er så sterk at den proustianske forteljaren kunne finne nok drivstoff til å føre undersøkingane sine heilt fram til utkanten av det menneskelege. Det er mange forheksa stader i Byen. Reine festen for spøkelsa. Det ligg siger i lufta, noko heilt spesielt, som om Tipasa hadde blitt grove fram og bygd opp igjen akkurat slik det var før, eller Pompeii eller Troja. Dei siste bombingane øydela seksti prosent av byen etter dei sju første øydeleggingane. Oppblomstring følgjer etter øydelegging. Alex Café: det var her eg kjende skjelvinga av ein virtuell kannibalisme. Alex Café har borda sine på plassen vår, seier mor mi, alt er i staden for alt i denne vesle byen, den eine tida fortærer den andre, her bur familien Jonas og dersom dei ikkje fanst, desse fotografia av Nikolaiort 2 som framleis levde i Lichtenberg-museet for å prove at huset Jonas Lêr og Skinn stod her i 1882 og dermed står her framleis, kven kunne då sjå det eg ser her eg set meg ved eit bord under ein parasoll saman med mor mi. Medan ho studerer Speisekarte, lèt auga fare gjennom kvar linje i menyen slik ho

21

les offentlege dokument linje for linje, for ikkje å miste ein smule av denne kannibalske lista, heilt oppsluken i Alex slik som Jonas i kvalbuken, noterer eg dei innsmigrande orda til Alex, etterfølgjaren til familien Jonas, Herzlich Wilkommen

In deinem Alex Osnabrück

1–2 Nikolaiort

Reserver bord for to personar hos din Alex Osnabrück

Det er så fint vêr i dag

Kom og ta lunsjen på den kjære terrassen din

Og nyt vår deilige mat

Eg ventar på deg

Din Alex som tenker på deg

Nudlar i kvitvinssaus? Hos din Alex slik som heime

Ligg midt i hjartet av Osnabrück

Din Alex er perfekt

Din Alex er Alt-i-eitt Kafé Bar Bistrorant morgon middag kveld og alltid for alle aldrar alle generasjonar, inkludert hundar gastrokonsept, har alltid vore fremst i den frie tyske gastronomien og blir verande det for all tid

Ein fransk smak av livet med tysk Teft, det er Feelingen til Din Alex Livsnyting med croissantar frå 8 om morgonen og avslappa gjestmild hundfreundlich fridom

For hundar er Din Alex bra

Tital, hundre foto av iskremar, kaker, dagens rettar, morgondaganes, hundrevis, det er dette vi har blitt, seier eg til mor mi, eit etehus, ikkje langt frå Kjellaren, Gestapo-Keller im Schloss Osnabrück, den andre vomma, konservert i slot-

22

tet, ei trong og kvelande celle der opptil tjuefem fangar blir haldne heile dagen, stuva saman heile tida, fram til augneblinken då det siste skinet av håp blir kvelt og døyr

kva tenker dei samanstuva, kva tenker til dømes ein av dei? – dagen før stod han i den store klesbutikken sin med mykje plass rundt seg i Grosse Strasse og no er det ikkje lenger aktuelt med omgrepa eingong, verken Stor Plass høg himmel luft eller stad, no er det Buret, ein lukka flåte

då Medusa forliste den 2. juli 1816, på dagen hundre år før forliset til bestefar min Michael Klein, blei dei forliste innestengde i det maritime helvetet på flåten og i tanken byrja dei å ete kvarandre men berre i tanken, når skjer det, spør eg meg sjølv, og korleis ser dei for seg måltidet? Ifølgje Dante er det etter fire dagar, når ein er i kjellaren, når kjem augneblinken då alt håp blir sløkt, går i oppløysing, då det lidande håpet blir ei skjelvande spirande håpløyse?

men ifølgje dødebøkene kjem dei innestengde samanstuva dømde unna det uunngåelege, sidan alle har blitt uetelege. Det går så fort å bli skilt frå den verda ein var i dagen før, då sov eg i senga mi, vi budde der, huset fanst framleis, med koppar og kar, gardiner, kakkelomn, om det då nokon gong verkeleg var slik, og plutseleg, seier mor mi, er det ikkje eingong noko «plutseleg» lenger, det er som om, og så er det ikkje noko «som om» lenger heller, spegelen er ein Meny med dei tallause delikatessene til Alex, i fargebilete

hadde vi ikkje hatt alle døma som Ovid samla til oss,

23

ville det ikkje ha vore mogleg å tenke seg kor fort forvandlingar kan skje. Plutseleg har ein blitt av eit anna slag og kan ikkje eingong minnast at det skjedde.

Det var nettopp det som hende med dei fleste som mor mi kjende i Osnabrück, dei som framleis var tyskarar onsdag, oppdaga at verda hadde blitt ein Politistasjon torsdag.

Alt er i går. I Schwedengasse er folk som om dei aldri hadde eksistert. Berre brusteinen ligg der som før

Det er dette mor mi må ha opplevd då ho heilt uventa blei henta tilbake til Osnabrück lenge etter at verda hadde gått under. Ordet: tilbakehenting. Ikkje noko heimkome slik Ulysses kom heim igjen. Dei som hadde blitt kasta ut ein gong for alle, skulle no hentast tilbake. Det finst enno ikkje noko ord for akkurat dette. Berre ei mental spesifisering. Med hjartet i full narkose.

– Eg tek ein Liège-kaffi, med piska krem, seier mor mi. Som om huset Jonas Lêr og Skinn aldri hadde ligge akkurat

her, her,

Det heilt motsette av meg. Eg blir tiltrekt. Eg har ikkje blitt jaga.

Dette er gåta: akkurat når kom Ève tilbake då ho blei henta tilbake til Osnabrück? Vi byrjar å krangle om det.

H seier: på 90-talet. Rett etterpå skreiv eg Osnabrück som var det hemmelege namnet til Ève i 1999. Didi seier: ikkje før, og provet er året då ho gifta seg med Pierre-François, son min matematikaren. Dateringsdama vår, Karin, seier:

85. H seier: 94? I 94 skreiv eg at eg aldri skulle skrive om mor mi. Arkivaren seier ikkje eit ord. Ord veit ikkje.

24

H tenker: eg skreiv med det same Ève kom tilbake. Tilbake til Ève. Gåta seier: og om du hadde skrive Osnabrück lenge lenge etterpå? Ord seier: H daterer ikkje noko. Alle desse dateringane er ikkje sanne. Så sender Osnabrück ut Marina Sellmeyer, ho som har leia undersøkingane i heile landet og i andre land for å kartlegge den Brutale Byhistoria ein gong for alle heilt fram til deg, vi møter henne i ei gate, slik Telemakhos møter Athene i skapnad av Taphios og ho seier: 85 eller 86. Vi blir ikkje einige. Dateringsdama Karin seier at Ève ser så ung ut på biletet. PF seier at ho alltid ser ung ut. Sellmeyer seier: kva seier arkiva til O Z, den vise avisa i Osnabrück? Vi ventar.

Morgonen er iskald og vakker. I Osnabrück er det mange møte. Det dukkar alltid opp ein guddom frå før i tida. Det vakre andletet til Sellmeyer oppsummerer tida der ho står framfor sjukehuset, ho er ikkje arkivar lenger. Dersom ho ikkje hadde reist dette makelause lysegrå monumentet som tek meir og meir plass i det indre livet mitt, denne pyramiden av glansa papir, ville det ta meg årevis å få ut alle skattane og oskene der

– Peter er død, seier ho. Eg græt inni meg over Peter Junk då ho seier det.

Han var ein indre ven, nærmare enn ein slektning, ein utsending til gjenopplivingane, eg kunne aldri ha kjent han i live.

Eg har nesten kome for seint, seier eg til meg sjølv.

25

Det er den tredje førstegongen at eg kjem til denne byen som ikkje berre er ein by. Her har vi ein by som du ikkje sluttar å kome-til-for-første-gong, seier eg til meg sjølv, og det finst ikkje andre slike byar. Før i tida var dette byen som eg aldri-skulle-til. Osnabrück eksisterer ikkje lenger for mor mi. Slik som Nikolaiort 2 der Din Alex no er i full sving utan å ane at han dansar på ei grav som er fullstendig bomba og jamna med jorda. Men mor mi kom likevel tilbake eller kom til Osnabrück, ein einaste gong, medan ho aldri drog tilbake til Alger og ville aldri ha drege tilbake dit i draume eingong. Det rare er at ho ofte drog tilbake til Barberousse, ho både såg det for seg, drøymde det, framkalla det og hallusinerte det, som om dette fengselet ikkje var Alger, fengselet blei ikkje teke frå henne og ho tok vare på det. Som om fengselet Barberousse var ein fristat, ei indre internering i byen, ei eiga verd, eit mystisk land som berre var for visse innvigde. Mor mi passar på det slik ho passar på den store ringen sin, ingen har stole fengselet, ho har teke vare på det, Det er noko ærleg over Barberousse, tenker mor mi, det er eit fengsel som ikkje fornektar seg, medan Osnabrück gøymde fengselssjela si bak dei fine fasadane sine og dette (forferdelege) falske var der allereie i 1927, det siste året på gymnaset gjekk dei spydige setningane allereie rundt i klasserommet, til og med før den tid. I 1926 var det velkjent at den kvite kaninskinnkragen til veninna mi Toni Cantor var full av jødeskit, ein skit som var skitnare enn vanleg skit, samstundes sat Omi bestemor mi saman med tante Meta og Frau Engers og kosa seg med dei legendariske kakene på

26

konditoriet Leysieffer der dei alltid blei møtt med imøtekomande smil, slik som hos trollkvinna Kirke

Dei hadde knapt fått bestilt i 27 eller 28 før dei blei fanga i garnet, det stramma seg til, Klakk medan mor mi allereie var langt unna garnet og det merkelege er, seier eg til son min, er at det ikkje var i Osnabrück ho blei arrestert og fengsla, men i Alger der ho hadde full fridom

Eg dreiar rundt Osnabrück som om eg dreia rundt Sola, sa eg undrande, eg vedgjekk det og blei nysgjerrig, ser meg

sjå at eg ser på den utspjåka bykarusellen som snurrar sakte rundt

du kunne seie det motsette, seier son min, som Sola

dreiar rundt Jorda, det som dreg meg, er blandinga av lys og mørker

det som dreg meg, er mysteriet i denne tiltrekkinga

ein så liten by, seier mor mi, det var ikkje universitet der eingong, berre ei elv, borgmurar, tårn frå mellomalderen, fangehòl, tre, fanst ikkje synagoge der eingong, ikkje før bestefar min fekk ideen om det, kven skulle ha trudd

– og likevel dreiar eg rundt, kvar kjem krafta i denne byen

frå, ein by som ikkje er hovudstad ikkje Venezia ikkje Roma, og likevel er byen midtpunktet i verda, navet som driv

meg

27

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.