5 minute read
Julestemning i heile desember
Gledeleg jul
- I HEILE DESEMBER
Vi i Knarvik Senter elskar jul og førjulstid! I år pyntar vi senteret og fyller det med julestemning, julemusikk, kjekke aktivitetar og julemoro for små og store gjennom heile adventstida. Redd for å gå glipp av noko? Her kan du lese om kva som skjer i desember.
FREDAG 26. NOVEMBER KL. 18.00
Julegateopning
I år vert det igjen tradisjonell opning med sjølvaste julenissen, musikalsk nisseshow og ei lita gåve frå nissen til borna. Få elles med deg alle dei gode Black Friday-tilboda denne dagen frå kl. 07.
FREDAG 10. DESEMBER
Peparkakekonsert
med elevar frå Alver kulturskule. På Sentrumstorget kl. 15.30-17.
FREDAG 10. - SØNDAG 12. DESEMBER
LAURDAG 27. NOVEMBER
Konsert med smil
Siv Brundtland Eide og vener frå Alver Kulturskule og Læringssenteret opptrer med song og julemusikk.
TORSDAG 2. DESEMBER
Bokgilde
Ein heil dag med Bokgilde - forfattarbesøk, signering og underhaldning. Samarbeid mellom Strilabiblioteket, Norli og Knarvik Senter.
Superweekend
med knallgode juletilbod og langope fredag til kl. 22. Totto-Toget køyrer turar fredag og laurdag.
SØNDAG 12. DESEMBER KL. 15
Julejazz
med Alverflaten Jazzband søndag 12. desember kl 15.00 på Sentrumstorget.
Musikalske godbitar
Taffelmusikk med korps og andre musikarar i senteret gjennom heile desember!
SØNDAG 19. DESEMBER
Juleshow & Lysfest
• Juleshow kl. 16 og 18 med Lisa-Maria og ZingZang. Koseleg juleprogram med glade julesongar, dans og koreografi. • Lysfest kl. 19.
Den tradisjonelle lysfesten med fakkeltog og fyrverkeri.
NYTT PÅ SENTERET
Det store bokgildet
Torsdag 2. desember feirar vi litteraturen i Knarvik Senter. Det blir program i senteret frå tidleg ettermiddag til seint på kvelden. Vi presenterer forfattarar av skjønnlitteratur, sakprosa, barnelitteratur og litt lokal litteratur. Du kan møte kjende forfattarar som Gunnar Staalesen, Jørn Lier Horst, Gunnar Garfors og Bård Ose. Etter kvar program- og sjangerbolk blir det boksignering.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Norli Knarvik, Strilabiblioteket og Knarvik Senter, og vil gå føre seg på Strilabiblioteket, hos Norli og på Sentrumstorget. I tillegg har Damas sin eigen bokgildemeny denne dagen, og du kan nyte god mat medan du går frå det eine arrangementet til det andre. Alle som er med som publikum er med i trekninga av fine premiar. Les meir på www.strilabiblioteket.no
Frå kulissane
Hår og make-up er ein viktig del av juleantrekket, og vi er så heldige å ha mange flinke frisørar på senteret.
Til julefotograferinga i år fekk vi god hjelp av E.T Hårstudio og Vice Capo til å fikse håret. Skin Tonic la ein delikat jule-makeup på modellane våre.
Villa Kids
Har du sett den nye barnebutikken som har opna i Knarvik Senter? Villa Kids finn du i dei tidlegare lokala til Farmors hus, og butikksjef Ingeborg Sletten Borge satsar på klassiske og flotte klede frå baby- og opptil størrelse 14 år.
Borge driv også butikken Wagner & Savoy, og har lenge tenkt på å starte med barneklede. No var tida inne, med riktig lokale, optimisme på senteret – og «butikkbabyen» var plutseleg klar:
- Det har vore eit sakn etter større utval av barneklede i senteret, så når eg først hadde bestemt meg var det berre å hive seg rundt for å opne før jul.
Hovudleverandøren er danske Name it, og etter kvart vil det dukke opp fleire spanande barnemerker.
- Name it er eit kjend barnemerke, med god kvalitet, greie prisar og mykje fint til både baby og større born.
Takk til Fagmøbler
Vi fekk «flytte inn» i den stilfulle og julepynta møbelavdelinga rett over vegen hos Fagmøbler for årets julefotografering til SenterAvisa. Her fekk vi boltre oss og ta flotte julebilete blant juletre og lune utstillingar, i glamorøse velursofaer og i ein gigantisk dobbelseng.
Interiørkonsulent Tina Haugland hos Fagmøbler fortel litt om årets juletrendar på møbelfronten.
- Folk vil gjerne ha det lunt og koseleg i varme fargar. Mykje av julepynten i år går i brunt og bruntonar, men vi har og eit stort utval av det tradisjonelle juleraude, fortel Haugland.
Julestemning på Salto
Salto har ope kvar vekedag frå kl. 13.30 fram til jul. Her blir det høg julefaktor med julelys, peparkaker og nissestrekar. Er du mellom 13-20 år? Ta gjerne turen innom!
ÅRETS HERLIGSTE JULEGAVER
HUDPLEIE MEDISINSKE INJEKSJONER MEDISINSKE BEHANDLINGER FOTTERAPI (aut.fotterapeut) VIPPER/BRYN HÅRFJERNING MASSASJE
JULEGAVESETT FRA DR. SCHRAMMEK
VI HAR LEKRE GAVEKORT!
Gi bort en nydelig opplevelse til en du setter pris på. La en av din kjære få fi nne ro, la tankene hvile og få påfyll av energi. Velkommen til oss, et kompetansesenter innen hud-helse. Dette er gaven som skal nytes!
140x200, 140x220 og 200x220 cm
50%
TA E NGSENGESETT UTVALG STØRST
S * princessbutikken.no
Marna sateng 30%. Tilbudet fortsetter. Gjelder ikke Marna og allerede nedsatte varer. Kan ikke kombineres med andre tilbud. Gjelder t.o.m. 23.12. * Sammenlignet utvalg hos 7 store aktører i Norge
VELKOMMEN TIL E.T PÅ KNARVIK SENTER
ALLE DUNPUTER 50x70 cm 50%
BEST I * TEST Vi er best på dun
SVANEMERKET
2039 0037
La oss hjelpe deg til å få frem den beste utgaven av deg selv.
VI HAR:
Meget dyktige frisører Vi tar hull i ørene Senioraba Vi har gavekort i salongen/ digitale Klikk & Hent Kundefordelsprogram Treet Du kan bestille time hos oss 24/7
LEDIGE TIMER FØR JUL!
Går du til vår hjemmesiden eller App kan du Last ned vår app se når vi har ledig. eller bestill time på ethaarstudio.no eller du kan ringe oss på tlf. 56 35 88 00