Chester Laquian - Illustrator for the movie Jul i Flåklypa

Page 1

Pakkeløysing

Vikingblod-slepp til romjula

TYSDAG 8. OKTOBER 2013 Nr. 117 – Veke 41 65. årgang – Laussal kr 25,– firdaposten.no

– saman gjer vi kvardagen din enklare!

SIDE 8

Elektrifisert innebandy set Florø på kartet

«Fiskebas» til Florø i november

SIDE 14 OG 15

SIDE 7

Det er fali’ det Skuffa over politidirektøren Polititillitsvald Espen Gulliksen meiner det er ille at sentralmakta ikkje tek omsyn til distrikta når dei planlegg ny struktur for politiet. Side 12

Kreativ leiar i Pixelwerk i Florø, Chester Laquian, har «farlege» dagar på jobb. Han er med i teamet som illustrerer Ludvig og gjengen i Flåklypa. Filmen «Jul i Flåklypa» har premiere i november. Side 4–15

«EU-domstolen slår no fast at land som Norge må ta større omsyn til FN sin barnekonvensjon når det gjeld asylborna.» Les leiar side 6

VARMT GJENSYN: Chester Laquian smiler attkjennande til Ludvig når han ser traileren til filmen «Jul i Flåklypa».

Foto: Heidi Hattestein


4

FIRDAPOSTEN • TYSDAG 8. OKTOBER 2013

Større fartøy får fiske i fjordane

Nytt

Fiskeri- og kystdepartementet opnar for fleire unntak frå forbodet mot å fiske innanfor fjordlinjene med fartøy over 15 meter. Det skriv Fiskeri- og kystdepartementet. Det blir no opna for fleire unntak frå denne føresegna, nærare bestemt i fisket etter brisling, makrell og sild og for linefiske etter hyse og sei.

Chester illustrerer elleville «J ■ Florøillustratør

gir liv til Solan & co FLORØ: Det er jul og påske på ein gong for Chester Laquian når han ser att sine eigne illustrasjonar i «Jul i Flåklypa». HEIDI HATTESTEIN

heidi.hattestein@firdaposten.no

Qvisten Animation har gått tilbake til god, gammaldags animasjonsteknikk i den nye heilaftens teiknefilmen «Jul i Flåklypa». Produksjonsselskapet har brukt ekte dokker og kulisser. Dei har fotografert dokkene bilde for bilde og sett bilda saman til film, såkalla stop motion. Til å designe dokkene og dei fysiske omgjevnadene har dei hyrt inn ein liten gjeng illustratørar. Chester Laquian i Pixelwerk i Florø er ein av dei. – Eg er stor fan av Kjell Aukrust. Og ingenting er kjekkare enn å kunne gå på kino og sjå sitt eige arbeid på stort lerret, seier Laquian.

barnleg sinn for å setje pris på Felgens genistrekar, seier Laquian.

CHESTER LAQUIAN ■ Frå Oslo, blei lokka til Florø av kjærleiken ■ Er autodidakt, det vil seie sjølvlært. Har inga utdanning innan faget. ■ Elles kjent for kua som prydar Stratossjokoladen.

Oppfinningar i fri dressur Blant dei mange oppfinningae som Laquian har illustrert er ein vindmølledriven kaffitraktar, ein rakettkjelke, ein vedhoggemaskin og ikkje minst ein småskummel presserobot. Presseroboten har forskjellige modus, alt frå gravejournalist til stuntreportar. Han har også ein boksehanske i tilfelle orda kjem til kort. - Presseroboten er den eg er absolutt mest fornøgd med. Eg ser på traileren at den er uforandra frå teikneblokka mi. Det er klart at det er kjekt! Laquian begynte på skissene i 2009. Ting tek tid når ein skal lage heilaftens animasjonsfilm på gamlemåten, og eit enormt apparat er i sving. Det er ikkje teiknefilmar Pixelwerk driv på med til vanleg, men

programeringstenester og front end design til gigantar som Telenor Group.

Langt lerret – «Jul i Flåklypa» er eit personleg prosjekt for meg. Det er ikkje teiknefilmar vi tener pengar på i Pixelwerk, men det er teiknefilmar som gjer at døtrene mine synest eg er dødskul, smiler han. Laquian er i kontakt med barnet i seg, som det heiter på fint. Med andre ord: Han sit i sofaen og speler dataspel med døtrene og kranglar med dei om kva dei skal sjå på TV. - Born liker å sjå ting om att og om att. Repetisjonshumor er liksom den store greia. Eg må argumentere godt for å få skifte film innimellom.

Likt, men ulikt Traileren ligg på filmweb.no. Ludvig, Solan, Reodor Felgen og resten av gjengen i Flåklypa er gjennkjennelege frå Ivo Caprinos univers, men samstundes annleis. Laquian og dei andre illustratørane har gått tilbake til Flåklypa-skapar Kjell Aukrust for å finne inspirasjon. Samstundes har dei teikna inn gjenstandar frå nyare tid, datamaskiner og kaffitraktarar for eksempel. Kronen på verket er ei rekkje oppfinningar som du ikkje veit at du treng. – Det vedunderlege med oppfinningane til Reodor Felgen er at dei openbert ikkje fungerer i det verkelege liv. Men i teiknefilmverda går alt an. Ein må ha eit

FRÅ BLOKK TIL FILM: Presseroboten slik Chester Laquian teikna han.

1R HU GHW YLQWHUGHNN NDPSDQMH KRV RVV

T SÅ VÅR SJÅ OG VAL AV UT E R O ST

6MHNN YoUH SULVDU

R KTBsaIs.LnoA BRU www.opu

MANNEN BAK STREKEN: Chester Laquian håpar at han har mest til felles med Solan.

Byr på gratis hjortejakt SVANØY: Norsk Hjortesenter tek oppatt suksessen frå i fjor, og inviterer unge førstegongsjegerar på gratisjakt på Svanøy. SVEND ARNE VEE

svend@firdaposten.no

Førde Halbrendsøyra, 6800 Førde Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

Sogndal Granden 23, 6856 Sogndal Tlf. 57 62 57 57 www.opusas.no

Ifjor melde over 80 ungdommar frå heile landet si interesse for å jaktdebutere på sjølvaste hjorteøya Svanøy, der det i tillegg til hjortefarmen finst ein stor bestand av villhjort. I år blir det

ny runde med gratisjakt for fire heldige, som må vere førstegongsjegerar og under 25 år for å få delta i loddtrekninga. – Vi gjer dette for å bidra til jegerrekrutteringa, seier initiativtakar Johan Trygve Solheim. Fyller du krava og er interessert, kan du sende ein epost til hjort@hjortesenteret.no og bli med i trekninga som skjer om kort tid. Årets jakthelg er den første i november, med start fredag 1. november.


FIRDAPOSTEN • TYSDAG 8. OKTOBER 2013

5

Stabil industriproduksjon

Opnar for gratis kulturskuletilbod

Produksjonen i industri og bergverk fortsette på eit høgt nivå i august, men fall 0,9 % frå juli. Det syner ferske tal frå Norsk Industri. Produksjonen ligg no 3,3 % høgare enn i august i fjor. Indeksen er på 122, noko som er årets tredje høgaste verdi bak juni og juli. Metall, plast og kjemiske råvarer auka aktiviteten frå juli til august, medan dei andre bransjane reduserte den sesongjusterte aktiviteten.

Regjeringa vil lovfeste kommunen sin plikt til å tilby elevar på 1. til 4. årstrinn eit gratis kulturskuletilbod i tilknyting til skuledagen og eller SFO-tida, og sjølvsagt i samarbeid med Kulturskulen. Det skriv Kunnskapsdepartementet. Dette forslaget har ingen innverknad på det eksisterande tilbodet i musikk- og kulturskulen, skriv departementet.

Jul i Flåklypa»

Fryktar organisert kjøtsmugling i fylket FLORØ: Laurdag blei eit nytt parti på over 400 kilo smuglarkjøt kverrsett her i fylket. Berre sidan i sommar er over 1,2 tonn ulovleg kjøt beslag-lagt i Sogn og Fjordane. SVEND ARNE VEE

svend@firdaposten.no

Seint laurdag kveld 5. oktober blei ein bil stogga på E39 i Jølster av ein politipatrulje. I bilen fann politiet over 400 kilo kjøt som personane i bilen ikkje kunne forklare korkje opphavet til eller kven som var mottakar, men bilen var på veg vestover, truleg mot Førde/Flora-området. – Vi ser på dette som ei smuglarsak og vi fryktar det berre er toppen av isfjellet, seier straffesaksansvarleg i Sunnfjord, Knut Hansen, og viser til at det seinast i sommar blei kverrsett over 800 kilo smuglarkjøt i ein annan aksjon her i fylket.

Neppe til privatmarknaden

«Det er teiknefilmar som gjer at døtrene mine synest eg er dødskul»

Chester Laquian

– Alle vil vere Solan, han er jo den kulaste fyren, seier mannen bak streken.

Foto: Heidi Hattestein.

Politiet mistenkjer at privatkundar neppe er marknaden for kjøtet når det er snakk om så store kvantum som i desse tilfella. – Faren for at publikum utan vitande kan få servert slikt kjøt på utestader og restaurantar er nok heilt klart til stades, trur Hansen. Smuglarkjøt kjøt som kjem landevegen har tradisjonelt sett ikkje vore noko stort problem i vårt fylke, men at dette no også har blitt ein faktor her, meiner Hansen dei siste beslaga er eit prov på. – Dette er ikkje bra. Vi anar ikkje noko om opphavet til kjøtet, eller kva tilhøve det har blitt transportert under. Slik sett kan det godt vere lite eigna som menneskeføde, slår han fast. Personane som blei stogga på Jølster like før midnatt var utlendingar, men Hansen kan førebels ikkje seie noko om kva land dei kjem frå. Smuglarforsøket på 800 kilo kjøt tidlegare i

NYTT KJØTBESLAG: Straffesaksansvarleg Knut H. Hansen fryktar at kjøtsmuglinga inn til Sogn og Fjordane aukar sjansen for at ulovleg kjøt av dårleg kvalitet blir servert til folk her i fylket. Foto: Firda

sommar blei utført av somaliarar.

Neppe til privatmarknaden - Dette er nok berre transportørar. Det vil vere naivt å tru at det ikkje er godt organisert og truleg står det bakmenn bak og trekkjer i trådane. Men å få oversikt over kven desse er, er ikkje enkelt, seier Hansen. Det er Førde og Naustdal lensmannskontor som får oppgåva med å etterforske saka vidare, og etter det Firdaposten kjenner til, har ikkje personane som blei stogga på Jølster så langt vore samarbeidsvillige når det gjeld kva planar dei hadde for kjøtet.

«Dette kjøtet kan vere dårleg eigna som menneskeføde.» Straffesaksansvarleg Knut Hansen

Får tollar-hjelp Hansen har no kontakta Tollvesenet i Bergen om saka, og vil innleie eit samarbeid med dei i den vidare etterforskinga. – Tollvesenet har betre kunnskap om dette enn oss, og om vi samarbeider aukar det sjansen for at vi kan få oppklart saka, seier Hansen.

57 90 pr. kg

KARBONADEDEIG AV STORFE 5 % FETT

FISKEGRATENG M/MAKARONI

NORVEGIA

GILDE 400 g, 83,33/kg. Ord. pris 49,90/stk

LERØY 430 g, 17,44/kg. Ord. pris 10,90/pk

TINE 1 kg, 57,90/kg

For nærmeste butikk og åpningstider, se bunnpris.no / mobil.bunnpris.no

Gjelder t.o.m. 13. oktober og kun private husholdninger. Forbehold om prisendringer, trykkfeil og utsolgte varer.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.