2 minute read

FAGNE

Next Article
SVAR PÅ JULEQUIZ

SVAR PÅ JULEQUIZ

NAMNET REFLEKTERER AT ME:

• set samfunnsoppdraget vårt høgt og brenn for å ta vare på den viktigaste • infrastrukturen i regionen • er eit raust og inkluderande selskap • tek vare på kvarandre, på kundane våre og på lokalsamfunnet • gler oss over nye moglegheiter og omfamnar nye utfordringar • helsar den fornybare framtida varmt velkomen

Advertisement

HK NETT SKIFTAR NAMN TIL

Frå og med årsskiftet skal HK Nett framstå i ny drakt. Det nye namnet er Fagne – ein hyllest til regionen si norrøne historie og til selskapet der “alle seier hei”.

Namnet Fagne AS blei endeleg vedteke av konsernstyret den 30. august etter tilråding frå ei intern prosjektgruppa og med tilslutning frå konsernleiinga.

Bakgrunnen for namnebytet er ei forskriftsendring vedteken av Olje- og energidepartementet. Lovendringa stiller krav til at større nettselskap, innan den 1. januar 2022, skal skilja seg klart frå kraftleverandørar og andre selskap i same føretak. Dette gjeld både selskapsnamn, logo og andre forretningskjenneteikn og varemerke.

Endringa er til kunden sitt beste, og blir gjort for å tydeleggjera skiljet mellom monopolverksemda og kommersiell verksemd. Dette gir oss moglegheit til å rusta oss enda betre for framtida og skapa større aksept for nettselskapet sitt samfunnsoppdrag og sentrale rolle i det grøne skiftet.

DETTE BETYR FAGNE

Fagne [fa:`gn ] kjem frå norrønt “fagna”, som betyr å helsa, ta i mot, gleda, ønskja velkomen, hylla, prisa. Namnet er ein honnør til regionen si norrøne historie og til eit selskapder alle helsar på kvarandre.

I tillegg gir Fagne assosiasjonar til “å famne”. Nettet vårt famnar heile regionen, bind lokalsamfunn saman og legg til rette for vekst, verdiskaping og berekraftig utvikling. Me ser framover og omfamnar dei utfordringane framtida fører med seg. Fagne er eit trygt, varmt, solid og visjonært namn som også er eit verb - “me fagnar framtida”

PROSESSEN BAK NAMNEBYTET

Arbeidet med å finna nytt namn til HK Nett starta i april 2021. Ei breitt samansett prosjektgruppe, med representantar frå HK Nett, morselskapet og HK Fiber, fekk i oppgåve å finna forslag til nytt namn.

Det nye namnet skulle mellom anna skilja seg ut, vera lett å hugsa, lett å lika, relevant og forståeleg, peika framover, respektera fortida, helst vera norsk og lokalt forankra og kunne knytast opp mot eit tilgjengeleg domene.

Totalt har nærmare 200 namneforslag vore oppe til vurdering. Heile 137 av desse kom frå tilsette i HK, og fleire av desse var blant sluttkandidatane. I tillegg utarbeidde prosjektgruppa sine eigne forslag, med bistand frå byrået ANTI. Mange gode forslag måtte skrinleggast undervegs, mellom anna fordi merkevaren/namnet var tatt og/eller domenet utilgjengeleg. Etter ein grundig prosess med mange gode diskusjonar og undersøkingar med omsyn tilkrav, assosiasjonar og tilgjengelegheit, var det eitt namn som stilte aller sterkast:

FAGNE

VEGEN VIDARE

Namneendringa trer først i kraft ved årsskiftet. Før den tid gjenstår mykje arbeid med å få på plass eit såkalla “funksjonelt skilje” i praksis. Gunn Margareth Lassesen og Svein Hvidevoll har fått i oppdrag å leia dette arbeidet, som omfattar ny logo og grafisk profil, oppdatering av datasystem og nettside, formelle myndigheitskrav og retningslinjer frå NVE, informasjon til eksterne samarbeidspartnarar – og ikkje minst involvering og kommunikasjon internt. Alle tilsette vil få fortløpande informasjon om framdrifta fram mot årsskiftet.

This article is from: