Bankmagasinet 2008: Leiar ved Knut Oscar Fleten side 2 · Ny profil i SpareBank 1 side 6 · Utdrag frå årsmelding side 30-31
Bank-
2008
magasinet
Keisarrinneleg stormannsgalskap side 8-11
Verdspremiere i Hemsedal Ko følk kan få se te å gjæra
side 14-15 side 24-25
Musikalsk trivsel på Fagernes side 26-27
Finn deg ei blomstereng side 16-17
2
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
EI PLIKT OG EI GLEDE SpareBank 1 Hallingdal
SpareBank 1 Hemsedal
SpareBank 1 Valdres
Vi har eit sterkt samfunnsengasjement i banken. Ikkje berre fordi det er vår plikt gjennom sparebanktradisjonen, men også fordi det er ei stor glede for oss å kunne bidra til eit rikare organisasjonsliv i Hallingdal og Valdres gjennom økonomisk stønad. Hallingar og Valdrisar legg kvart år ned tusenvis av av timar på frivillig arbeid i lag og organisasjonar. Så veks det då også opp unge talent innan idrett og kultur, og lokalsamfunnet vårt blir endå litt rikare å bu i. Men sjølv om viljen er stor og dugnadstimane mange trengs det ofte litt pengar for å kome i mål. Gjennom dei som spør oss om sponsorstønad ser vi mangfaldet i lags- og organisasjonslivet. I løpet av eit år støtter banken alt frå eldretreff med nokre hundrelappar i annonsestønad til hundretusenar av kroner for nye kunstgrasdekke. Eit godt bilete på det rike fritidstilbodet vi har! Med Bankmagasinet ynskjer vi å gje deg eit lite innblikk i noko av det banken har engasjert seg i gjennom året, og ein liten smakebit på det som kjem. I år som i fjor kan vi love at vi skal halde fram arbeidet med å bidra til det rike idretts- og kulturlivet vi har.
TUSEN TAKK TIL ALLE DE SOM DRIV MED FRIVILLIG ARBEID! DET ER EI GLEDE Å SAMARBEIDE MED DYKK! Knut Oscar Fleten Adm. banksjef
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
3
Innhald Stasmusikk Ål kulturhus
side 4-5
Ny profil
SpareBank 1 i moderne drakt
side 6
Beijing
på åtte dagar
side 8-11
Hemsedal Jazzfestival
side 14-15
Fotomontasje
Finn deg ei blomstereng
side 16-17
Årets julegåve til Foreningen Tiltak
Hallingrittet
Sykkelritt på Halling
Fagernes
- Kastar glans over tilveret
side 19
side 24-25
side 26-27
Magasinansvarlig: Stian Møllerplass Tekst:
Knut Erik Jetlund
Famsidebilete:
Thor Østbye
Foto:
Knut Erik Jetlund Sigmund Krøvel-Velle Torbjørn Gunhildgard Kjell Bergom Svein Rosseland Thorgeir Røer Thor Østbye Ole J. Brye
Layout:
Hallingdølen AS
Trykk:
Dagblad Trykk AS
4
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Forsvarets Stabsmusikkorps. Foto: Forsvarets Stabsmusikkorps.
Spelt i 65 år: Han begynte då han var seks år, nå er han 71. Foto: Forsvarets Stabsmusikkorps.
Stasmusikk
Forsvarets Stabsmusikkorps, representasjonskorpset framfor nokon – på høgde med dei profesjonelle symfoniorkestra, Ole Kristian Ruud – internasjonalt etterspurd dirigent med fantastiske kritikkar, Arve Tellefsen – verdsartisten. Den 16. februar i 2007 kom dei også inn på merittlista til Ål kulturhus! «Taktfast applaus frå ein fullsett sal møtte Forsvarets Stabsmusikkorps i Ål kulturhus fredag kveld – før dei hadde spela ein einaste tone. Det var tydeleg at publikums forventningar var høge. Og dei vart ikkje skuffa. FSMK er Norges største og fremste militære korps og dessutan forsvarets representasjonsorkester. Ikkje uventa baud dei på ein fargerik, flott og feiande konsert. Den viste kvifor korpset går under tilnamnet ’stasmusikken’. (…) Å sette saman fiolin og blåseorkester kan i utgangspunktet høyrast vågalt ut. Ein skulle tru at den spinkle fiolinen lett blir overdøyvd. Men i Max Bruch sin fiolinkonsert hevda Arve Tellefsen solistpartiet godt opp mot det langt meir robuste korpset.» (Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen).
Drog lasset saman: Frå høgre: Solist Arve Tellefsen, kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi, Stian Møllerplass og Jostein Sørbøen frå SpareBank 1 Hallingdal. Foto: Bjørn Halfdansen.
Arve Tellefsen Kjend og kjær for alle, fødd i 1936, spelt fele sidan han var seks år gamal - talentet vart sikkert lagt merke til frå fyrste bogedraget. 20 år gamal vann han Prinsesse Astrids Musikkpris, i 1962 Harriet Cohen International Award, London «Young musican of the year». Dét vart òg starten på ei eventyrleg karriere, som på ingen måte er slutt ennå; i desse dagar driv han – sikkert mellom mykje anna – og førebur Oslo Kammemusikk Festival 2008, den tjuande i rekkja. Han tok sjølv inititavet til festivalen og er framleis kunstnerisk ansvarleg. Arve Tellefsen har spelt over heile verda og fått uhorveleg mange prisar, gull og diamantplater for den tekniske briljansen, den unike varme og
vibrerande tonen, den lidenskaplege intensiteten. Han fengslar tilhøyrarane, kommuniserer med dei – også langt utover tonane. Ole Kristian Ruud Debuterte som dirigent med Oslo Filharmoniske orkester i 1985. Sidan har han gjesta ikkje berre alle norske, men òg orkester i Frankrike, Spania, England, USA og Japan. Frå 1987 til 1995 var han kunstnerisk leiar i Trondheim symfoniorkester, frå 2000 til 2003 hadde han same stilling for den norske profilen i Stavanger symfoniorkester. I perioden 1996-1999 var han sjefsdirigent i Norrkøping symfoniorkester. Forsvarets stabsmusikkorps kom han til i 2006. Ole Kristian Ruud har dertil vore svært aktiv med innspeling av norsk musikk og fått strålande kritikkar. Han er professor på Norges musikkhøgskole med ansvar for dirigentutdanninga, og kvar sommar er han leiar for Ungdomssymfonikerne under festspela i Elverum. Forsvarets Stabsmusikkorps Er landets viktigaste representasjonsorkester og deltek ved parader som Kongen, Regjeringa og Forsvaret arrangerer. Oppgåvene er mange i både inn- og utland. Korpset samarbeider mellom anna med Den Norske Opera, og dei 39 fast tilsette musikarane held eit svært høgt nivå. Repertoaret omfattar både klassisk og samtidsmusikk, jazz og populærmusikk.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
5
FLAMENCO «de mi Alma»
Ål kulturhus - 13. april 2008 i samarbeid med Sparebank 1 Hallingdal Artister: Marco Flores – dans/Spania
(Årets prisvinner av «Concurso Nacional de Arte Flamenco de Córdoba»)
Jesús Fernandez – dans/Spania Juan Manuel Mora – sang/Spania Pedro Obregon – sang/Spania Antonia Jiménez – gitar/Spania Jesús Morente – gitar/Spania-Norge «Elena» – dans/Norge Et forrykende flamencoshow med fantastiske flamencoartister fra Spania, i samarbeid med flamencodanser «Elena» fra Centro de Flamenco i Oslo!
Foto: Centro de Flamenco.
Ål kulturhus, 13. april:
F lamenco de mi Alma Det bør bli rift om billettane til forestilinga i Ål kulturhus den 13. april. Då kjem unge flamencoartistar frå toppeliten i Spania! Mellom dei er også Marco Flores, vinnaren av den prestisjetunge konkurransen «Concurso Nacional de Arte Flemenco de Córdoba». Karen er mykje omtalt i spansk presse for tida og er ein ettertrakta artist over heile verda. Det kjem truleg til å koke i kulturhuset denne kvelden. Høyr berre: Flemenco har røttene sine i Andalucia i Sør-Spania. Opphavet er songen åt sigøynarane, som etter kvart fekk fylgje av gitaren og dansen som ein del av det totale uttrykket vi kjenner i dag. Flamenco er den komplette opplevinga av ei særeigen musikkform med temperamentsfull og sensuell dans, akkompagnert av karakteristisk sjelfull song og gitarspel. Uttrykket blir fullendt med suggererande rytmar frå «palmas» (klapping i hendene) og spontane «jaleos» (tilrop). Samspelet skaper ei kjensleladd og lidenskapleg atmosfære, som uttrykt i tittelen på forestillinga: «Flamenco frå mi sjel». Forestillinga vil by på alt dette – gjennom solonummer og koreografert dans med musikarar på både eiga hand og i samspel med heile ensemblet. Gled deg!
Til denne produksjonen har jeg valgt å invitere et spesielt utvalg av unge, etablerte flamencoartister fra toppeliten i Spania. Spesielt vil jeg presentere flamencodanser Marco Flores, som er årets vinner av den prestisjetunge konkurransen, «Concurso Nacional de Arte Flamenco de Córdoba», som går av stabelen hvert tredje år. Denne elegante og kraftfulle danseren er for tiden mye omtalt i spansk presse og er en ettertraktet artist både i Spania og på scener verden over. Flores og de andre utøverne vil garantert få salen til å koke denne kvelden! Flamenco er en kunstart med røtter fra Andalucia, Sør- Spania. Opprinnelig startet det med sigøynernes sang, deretter ble gitaren og dansen en viktig del av det totale uttrykket. De fleste assosierer gjerne flamenco med den ildfulle dansen, som igjen har vært sterkt medvirkende til at flamenco idag er utbredt verden over. En komplett opplevelse av denne særegne musikkformen består av temperamentsfull og sensuell dans, akkompagnert av karakteristisk sjelfull flamencosang og gitarspill. Uttrykket blir fullendt med suggererende rytmer skapt gjennom palmas (håndklapping) og spontane jaléos (tilrop). Gjennom dette samspillet skapes det en folkelig, følelsesladd og lidenskapelig atmosfære! Eller for å uttrykke det gjennom vår tittel - «Flamenco de mi Alma» (fra min sjel) Forestillingen er bygget opp av en harmonisk blanding av solonummere og koreograferte dansenummere. Musikerne vil gjennom hele forestillingen briljere i egne solonummer og i samspill med hele ensemblet. Denne spektakulære forestillingen vil ha en varighet på ca 2 x 45 minutter.
Thor Olav Fjellhøi, kulturhusleiar.
6
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Det vi ynskjer skal bli varig, må vi endra Sanneleg har det ikkje snart gått tolv år sidan SpareBank 1 såg dagsens ljos i 1996. I dag er denne alliansen ei av Norges sterkaste merkevarer. Det store kvite eittalet med den raude myntranda rundt er for mange synonymt med den lokale kvalitetsbanken. Designet har tent oss godt desse åra. Likevel endrar vi det i 2008.
skyggje for at på både produkt og kompetanse er vi minst på høgde med dei store finanskonserna i Norge. I tillegg er det jo hyggeleg å snakke med ein rådgjevar som kjenner deg, ikkje sant?
I takt med tida Vi er og skal alltid vera ein bank i utvikling – moderne og spennande. Då må det grafiske uttrykket vera i takt med tida, slik at nye kundar finn lettare fram til oss. Men det må òg vera slik at du kjenner oss att, du som veit at banken fyrst og fremst er dei menneska som arbeider der – servicen du får og tenestene dei tilbyr.
Ikkje keisarens nye klede I internettsamfunnet er tolv år nesten som ei lita æve. Berre eit fåtal entusiastar brukte internett som ein del av dagleglivet i 1996. I dag har vi attpå til fått fleire andre tekniske vidunder til å kommunisera med. Den gamle logoen vår vart ikkje designa med tanke på elektroniske flater - dataskjermar, mobiltelefonar, TV-ar, GPS-ar... Dette stiller andre krav til utsjånad – til skrifttyper og fargar for å kunne vera godt leseleg. Den nye drakta vår er altså på ingen måte keisarens nye klede.
Traust Målingar viser at merkevara SpareBank 1 blir oppfatta som traust. Ein positiv verdi, det òg, men han må ikkje få
Labb og Line Spareklubb
Trygg start på livet – heilt gratis! • Fødselsgåve • God innskotsrente • Bursdagshelsingar og gåver • Aktivitetar med Labb og Line La barnet ditt oppdage verdien av å spare saman med Labb og Line. Hugs at grunnlaget for ein sunn økonomi legg ein gjerne i barne- og ungdomsåra.
8
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Beijing på åtte dagar I fjor haust arrangerte SpareBank 1 Hallingdal den aller fyrste kundeturen sin – til sommarens OL-land. Berre vellukka, så truleg vart han starten på ei lang rad spennande reisemål – med Cuba som det neste. Og deretter? Kvifor ikkje vin- og fjellvandring i Italia!
På muren: Glade vandrarar på Den Kinesiske Muren. Frå venstre: Atle Fosse, Tordis Fosse, Ola Bøygard, Elise Røysi, Eirik Røysi og Margit Øygard. Hattane kjøpte dei på muren og forma dei slik dei sjølve ville ha dei. Foto: Kjell Bergom.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
9
10
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Morgontrim: - Eg så ikkje einaste tjukk kinesar, fortel Kjell Bergom. Kanskje er dette grunnen: Dagleg morgontrim klokka sju. Thai Chi er også åndeleg føde.
Snurrig bord: Det er alltid velfylte bord i Kina, og det er berre å snurre dei rundt så kjem maten til deg. Frå venstre: Arne Moslåtten, Bernt Liland (reiseleiar) og Svein Steinbråten.
Keisarpalasset: Berre ein liten del av Keisarpalasset med sine 9999 rom.
Marmorbåten: Berre til stas og eit utslag av keisarrinneleg stormannsgalskap. Alle foto frå Beijing: Kjell Bergom.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
11
Beijing på åtte dagar – Vi var heldige med veret; regnet dei siste dagane hadde reinska lufta til vi kom, og vi såg sola dagstøtt, fortel reisevert Kjell Bergom når vi spør han om korleis han hadde det i Beijing i fjor haust. Slettes inga sjølvfylgje, dette, når ein skal besøkje den gigantiske hovudstaden i Midtens Rike, ein av dei mest forureina byane på heile kloden. Men dermed var også suksessen sikra, for alt det andre som vedkom opplegg og opplevingar, visste reiseverten ville halde mål. - Operatøren Norsk Tur har godt ord på seg, og vi hadde både norske og kinesiske guidar, fast sjåfør og i det heile teke berre flinke folk over alt, forsikrar Kjell. Åtte døgn Dei 46 deltakarane gjorde unna både hovudstaden og Den Kinesiske Muren. Dei fekk med seg «alt» på dei åtte døgna dei var heimafrå: Den Himmelske Freds Plass – verdas største torg, Den Himmelske Freds Port, Maos Mausoleum, Folkets Store Hus og Monumentet for Folkets Helter, for å nemna mykje men ikkje alt! Våre eigne stadnamn blir sanneleg puslete til samanlikning. Merkeleg at dette folket et maten sin med små trepinnar. 9999 rom Kontrastane er store i Beijing – breie gater og enorme bygningar vegg i vegg med små hytteliknande buområde. Keisarpalasset, kalla Den Forbodne By, er den største attraksjonen. Her skal vera 9999 rom. 9 var både eit heilag tal og talet til keisaren, som det budde 24 generasjonar av i palasset – i ufatteleg rikdom. Marmorbåten Sommarpalasset er også verd eit besøk – med Den Lange Korridor, 800 måleri taket og Marmorbåten som ei av keisarrinnene absolutt ville ha i den kunstige innsjøen sin.
Her dominerer også fantastiske hageanlegg og kunstig landskap. Her er fleire palass og tempel. Kanskje hugsar reisefylgjet likevel best det bugnande kinesiske ritualmåltidet med Pekingand som den store finalen?
Typisk: Etepinnar, Mao er framleis på pengesetelen og den uforståelege skrifta, som i dette tilfellet betyr Kjell! Illustrasjon: Knut Erik Jetlund.
Muren Sidan gjekk turen til «Udødelighetens Vei» der 13 Ming-keisarar ligg gravlagde. Deretter til Den Kinesiske Muren, verdas største byggverk, meir enn 6 000 kilometer lang. Det er forresten ikkje sant at han er synleg frå månen! Trafikken – Det var uhorveleg mange filer i breidda – 13 minst. Eg såg rundkøyringar med opptil åtte – utan trafikkreglar, altså heller inga høgrevikeplikt! Syklistane måtte tråkle seg i slalåm mellom bilane og håpa på det beste. Alt gjekk så utruleg roleg for seg, fortel Kjell som var like forundra over korleis dei greidde å stappe bussane fulle. Prutekulturen God handel kan ein gjere på mangt i den kinesiske hovudstaden, særleg på klede. Pruting er ein sjølvfylgje. Målet er å kjøpe for ein fjerdedel av prisen. Då er du på omkring tiandeparten av kva same merkevara kostar i Norge. Det er ei kjend sak at når kinesarane har gjort ferdig det bestilte kvantumet til den utanlandske oppdragsgjevaren, lurer dei seg til å lage ein del ekstra som dei sel sjølve i heimlandet. Men pass deg når du får tilbod om ti «Rolex»klokker for 300 kroner. Dei ser nok ekte ut, men du er heldig om éi av dei går – ei stund!
Reiseverten: Kjell Bergom er ein reiseglad bankmann. I oktober tek han kundar med seg til Cuba. Foto: Knut Erik Jetlund.
Kanskje hugsar reisefylgjet likevel best det bugnande kinesiske ritualmåltidet med Pekingand som den store finalen.
13t18 – for deg mellom 13 og 18
Ta kontrollen – heilt gratis! NettBank, Mobilbank og Visa-kort gjer det enklare å bruke banken og ha kontroll over økonomien din. Det krev også større sjølvdisiplin. Er du klar for fridomen og ansvaret? Å bli 13t18 kunde hjå oss vil seie at bruk av banken ikkje koster noko. Er du allereie kunde hjå oss, men ikkje med i 13t18? Ring oss på telefon 03202 eller kom innom lokalbanken din.
18t30 – for deg mellom 18 og 30
Kom i gang – heilt gratis! Med 18t30 treng du ikkje betale for å bruke banken. Bruk kortet ditt så mykje du vil i Norge og utlandet og betal rekningane dine i NettBank – heilt utan kostnad. Ring oss på 03202 for å bli 18t30-kunde
14
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Det jazzar i Hemsedal - Musikarar frå alle verdshjørne har spora opp Hemsedal Jazzfestival. Og det berre halvanna år etter at vi starta. Like gledeleg er det at dei som har vore her før, ber om å få koma att, seier Svein Rosseland – alias Mr. Jazz Hemsedal. Opphavsmannen er ikkje i tvil om at dalen, vatna, fossane, ufsene og urdene skaper klang og farge som ingen annan stad. Ei sjølvkonstruert gamme på hi sida av Hemsila er også konsertlokale. - Publikum måtte stiltra seg over ei hengjebru medan saxofontonar fylgde dei frå skogen og inn i gamma til ei ugløymeleg stund, fortel han og drøymer seg tilbake til den fyrste festivalsommaren 2006. Utfordrande musikklab - Men dei utanlandske musikarane som skal få spela her, må ha noko å tilføre, og dei må vera genuint interesserte i å utforske den norske samtidsjazzen med vindauge mot verda. Her skal vera ein utfordrande musikklab for både utøvarane og tilhøyrarane, den skal utvikle seg under sitt absolutte særpreg, understrekar han og er sjølvsagt glad for attraktiviteten.
Gründaren: Til sommaren arrangerer Svein Rosseland den tredje festivalen sin.
Potensial for kommunen Svein er også svært glad for den økonomiske støtta han har fått tidlegare. Nå håpar han at både kommunen og næringslivet ser seg i stand til å bli med vidare og støtte eit tiltak det tek tid å etablere. – Eg er er klar over at eg må innrette ambisjonsni-
vået etter kva dei kan gå inn med av sponsormidlar – ut ifrå deira eigen økonomi og eiga interesse. Men eg veit også at båe er genuint opptekne av å utvikle eit reisemål prega av kvalitet, mangfald og særpreg. Då må vi ha både breie og smale tilbod. Det nyt eg godt av, seier han og legg til: – Målet er ikkje å bli stor. Festivalen skal vera liten, men betydningsfull. Her skal ingen konsertar gå parallelt; publikum skal kunne få med seg alt, og musikarane skal få høyre kvarandre. Verdspremiere Tomas Strønen er internasjonalt anerkjend komponist og den fyrste europeiske trommeslagaren med kontrakt på det prestisjetunge selskapet ECM, og har vore med på eit førtitals plateinnspelingar. Han deltek berre på dei festivalane der særpreget stemmer med hans eigen musikalske integritet. I fjor var han «Artist of Recidence» i Hemsedal. Til overmål spelte han saman med to andre av stort internasjonalt format, den norske saxofonisten Tore Brunborg og den nederlandske cellisten Ernst Reijseger. Her snakkar vi altså om tre så internasjonalt kjende musikarar at dette vart omtalt som ei verdspremiere.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
15
Hemsedal Jazzfestival 2008: 26.-29. juni. Det er ennå eit stykke att før alt er klart, men at det blir ungdoms-workshop, er heilt sikkert. Og «Artist of Recidence» er like klar: Ole Morten Vågan Fødd i Brønnøysund i 1979 Eit av Norges største talent på kontrabass
Dei som var der, gløymer det ikkje; den magiske stunda framfor det store vindauget på Skarsnuten Hotell, med regn og skodde utanfor, som så letta – akkompagnert av den fantastiske musikken. Hemsedal bibliotek er òg ei av scenene, forresten lovprist av songarrinna Anne Lise Berntsen for framifrå akustikk. På Hemsedal café tonar mainstream 60-talsjazz, eit lite avvik frå særpreget, kanskje, men viktig for sine entusiastar. I draumen til Svein er ein konsert ved Hydalsvatnet! Workshop for ungdom - Eigentleg det viktigaste arrangementet. Tre dagar med kurs for dei frå 15 år og oppover, som vil lære meir improvisasjon og samspel. Kurset er for alle – same kva musikalsk bakgrunn dei har. Fleire av instruktørane er internasjonalt kjende artistar, smiler den optimistiske festivalgründaren.
Nå håpar han at både kommunen og næringslivet ser seg i stand til å støtte eit tiltak det tek tid å etablere.
Verdspremiere: Tre store musikarar spelar saman for fyrste gong. Frå venstre Tomas Strønen, Tore Brunborg og Ernst Reijseger. Foto: Svein Rosseland.
Utdanna på Jazzlina på NTNU Han debuterte i jazzsamanheng i Nord-Norsk Ungdomsstorband på slutten av 90-talet, som førte til både turné og radiokonsert for NRK P2. Han har leia bandet Motif og fått NOPAs komponistpris og Young Nordic Jazzcomets-pris i København. Han er med i Maria Kannegaards Trio og har vore med på fleire plateutgjevingar med Tore Johansen. Ole Morten Vågan har mellom anna også vore bassist i A Tribute to Lars Gullin, har samarbeidd med Roger Kellaway, Frode Nymo, Atle Nymo, Jonas Kullhammar, Knut Riisnæs og Vigleik Storaas. Nemnast må også at han samarbeider på fast basis i Bugge Wesseltofts «New Conception of Jazz». Foto: Sigmund Krøvel-Velle.
Hemsedølar: Are Rosseland (23) har nettopp kome inn på Jazzlina på NTNU. Kristin Andresen (25) er tidlegare student der. Foto: Torbjørn Gunhildgard, Hallingdølen.
Alt går an
Ikkje noko er gale, og ingen ting er rett når barn får utfalde seg slik det fell dei inn. Og alle kan spele musikk. Geilingen Terje Isungset – trommeslagar, perkusjonist, multiinstrumentalist og komponist – tok dei med inn i sitt heilt eigne musikalske univers. Han hadde ikkje på førehand bestemt innhaldet i konserten, det måtte barna vera med og styre. Målet var å skape god musikk. Fekk dei det til? Ja, det vart ein suksess!
16
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Når sommaren kjem, må du òg finne deg deg ei vakker blomstereng i fjellbjørkeskogen. Set deg på kne, kjenn og sjå artsrikdomen: grasartane, engsoleia, skogstorkenebbet, engsmella, tyrhjelmen, skogstjerneblomen ..., sommarfuglane og alle dei andre insektene ho lokkar til seg.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
1. rekke f.v: Brun blåvinge Brunflekket perlemorvinge Engringvinge Fjellblåvinge Fjellperlemorvinge Fløyelsringvinge 2. rekke f.v: Idasblåvinge Myrblåvinge Myrgulvinge Myrperlemorvinge 3. rekke f.v: Oransjegullvinge Piggsvinspinner Vanlig blåvinge
Foto: Thor Østbye
17
Nyt livet
Nyt livet – heilt gratis! Nyt livet er vårt beste tilbod til deg som har passert 64 år. Vi hjelper deg med å gjere banktenestane enklare så du kan bruke tida di på det du har lyst til. Legg opp faste rekningar med AvtaleGiro og motta andre fakturaer i nettbanken din. Så kan du gjere det du vil, og la banken segle sin eigen sjø. Med Nyt Livet kostar det ikkje noko å bruke banken, dersom du gjer det på smartaste måte.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
19
Reisemål: Langedrag Naturpark. Foto: Sigmund Krøvel-Velle.
Foreningen Tiltak Kreft- og Hjertesyke barn
Dette er ei uavhengig foreining som samlar inn pengar til spennande opplevingar for alvorleg sjuke barn. Besøk i Oslo Spectrum, fotballkampar, konsertar, kino, teater og revyar for å nemne noko av det dei inviterer til. Akkurat nå er foreininga i ferd med pusse å opp leikerommet på augeavdelinga på Ullevål sjukehus. Og så må vi sjølvsagt nemne Langedrag Naturpark, som er eitt blant mange reisemål.
Kvar jul gjev SpareBank 1 Hallingdal ei gåve til ein nasjonal humanitær sak. I 2007 gjekk ho til Foreningen Tiltak for Kreft- og Hjertesyke barn.
20
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
KUNDESENTER Desse møter du på tlf. 03202
Kari Gjerdalen kunderådgjevar
Bjørg Jordet
Tove Kinnebergbråten
Anne Karin Langehaug kunderådgjevar
Heidi Ringstad kunderådgjevar
avd. banksjef
kunderådgjevar
Gro H. Storebråten
Else Birgit Østro
kunderådgjevar
kunderådgjevar
Dei som jobbar her Vi byrjar å bli ein stor gjeng!
Her finn du bilete av alle som har jobben sin i SpareBank 1 Hallingdal. Du kan også sjå kor dei jobbar og kva dei driv med. Nokre fjes er ganske nye, mens andre har vore med i ei årrekkje. Sjansen er stor for at du finn nokon du kjenner.
Ål
Sunniva Vikøy Berg
kundemedarbeidar
Sissel Eiklid
kundemedarbeidar
kunderådgjevar
Ann Cathrin Erga
kundemedarbeidar
Gunvald Frydenlund
Avd. banksjef
Kåre Gåsbakk
leiar daglegbank
Vidar Isungset
kundemedarbeidar
Halle Perstølen
kunderådgjevar
Siv Hanne Søla
Marit Tormodsgard kunderådgjevar
kunderådgjevar
Liv G. Bjella
Bjørnar Hallset
Lars Lindmo
Hallgeir Mythe
Unni Sundt
Knut Sandåker
Vera Magnussen
Mona Øino Øen
Hanne Øverby
Valhall
Pål Braathen
bedriftsrådgjevar
Kari Anita Brenna
bedriftsrådgjevar
bedriftsrådgjevar
bedriftsrådgjevar
Avd. banksjef
bedriftsrådgjevar
bedriftsrådgjevar
bedriftsrådgjevar
bedriftsrådgjevar
bedriftsrådgjevar
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
21
Hemsedal Fra 1. april er Jan Fransson tilsett som kunderådgjevar i Johannes Haraldsen
avd. banksjef
Anja Langehaug Rukke kundemedarbeidar
Marte Hole
kunderådgjevar
Siw Jostad
kunderådgjevar
Frode Kristoffersen kunderådgjevar
Mona Limbodal
kunderådgjevar
Ellen M. Mythe
kunderådgjevar
Hemsedal og
Marit Storeskar Bråten kunderådgjevar
Hege Nyhus som kunderådgjevar
Fagernes Bente Moe Svoldal
kunderådgjevar
Vigdis Thorset
kundemedarbeidar
på Ål.
Steinar Hagen
teknisk medarbeidar
Bodil Rudlang
Avd. banksjef
Ola Hermann Bakken kunderådgjevar
Ann Kristin Bakkene
kunderådgjevar
Liv Brestad
kunderådgjevar
Gol
Arve Kinnebergbråten Avd. banksjef
Kjell Bergom
kunderådgjevar
Bjørn Hermundsgård
kundemedarbeidar
Gerd Engebakken
kunderådgjevar
Wibekke-Helén Viken kunderådgjevar
depotsjef
kunderådgjevar
Gerd S. Arnegard
depotmedarbeidar
Ann-karin Nytvedt depotsjef
Wenche Engene
depotmedarbeidar
Birgit Hallingstad
depotmedarbeidar
Leif Ove Helling
plassering
Stab/administrasjon
Knut Oscar Fleten
adm. banksjef
Stian Møllerplass marknadssjef
Ellen Intelhus
kunderådgjevar
Kristin Bakke
kunderådgjevar
Wenche Køso
kundemedarbeidar
Guri Søndreli
leiar daglegbank
Fagsjefar
Depot
Ludvig Munkejord
Nelly K. Bjørnebråten
Marit Medhus Breie
rekneskapsmedarb.
Ann Karin Oppheim
personalsjef
Tove Buseth
innkjøpar
Knut Arne Svarteberg ikt konsulent
Bjarne Dokk
administrasjonssjef
Marit Hefte Vindegg
rekneskapssjef
Sigrid Anna Grøthe controller
Øystein Walle
banksjef kunderetta verksemd
Erling Hagen
økonomisjef
Bjørg Baklien
forsikring
Stian Rygg
banksjef fagretta verksemd
Vidar Solheim
kunderelasjon
Gro Haugstad
betalingsformidling
KF62 DINAMO Foto: Lars Botten
Bonus.
Kasko.
Og puuuh.
Bank. Forsikring. Og deg.
Kjøp og salg av bolig og fritidseiendom
En handel du skal leve med Kjøp og salg av bolig eller fritidsbolig er blant de viktigste avgjørelsene du tar. Derfor er det viktig å velge en megler som du kan stole på. EiendomsMegler 1 har lang erfaring og god kunnskap om markedet i Hallingdal. Du finner oss i Hemsedal, Geilo og Gol. Velkommen til å kontakte oss! HEMSEDAL
tlf 3205 5200
GEILO GOL
tlf 3208 7360 tlf 3202 9900
E-post: em1@em1hallingdal.no
www.eiendomsmegler1.no
24
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Kan du tenkje de noko bære enn å sita på sykkelen å trø i sumarværmen, turre fine vega og ei strålandes sol som gjer kroppen brun og ven? Ja, kan livet bi noko særle bære enn som so? Vel, det kan nøk ikkji dei trædve Andebarkjeradn som sykla Hallingrittet svara deg på.
Alle foto: Thorgeir Røer.
Sykkelritt på halling DETTA E ANDEBARKJI TSK
Andebarkji TSK er ein terrengsykkelklubb for Hallingdal, og har rundt 220 medlemma. «Andebarkji» er eit originalt hallinguttrykk. «Ande» tyder å puste. «Barkjen» kan oversetjast med tungpusta, ein som geispar etter luft. Andebarkji TSK vart offisielt skipa 6. juni 1998 på Tørpo. Klubben har per dags dato stor aktivitet og era medlem i Norges Cykleforbund.
Hallingrittet 2007 - noko lortut! I år va det ikkji mykje tå noko tå det nei. Det va blautt både ovante og nedante. Nokre tryna slik at det vart vått frå sia me! Hutte me tu, ko følk kan få seg te å gjæra. Mang ei kjæring og mor vart nok noko arg i dag ja, førr sykkelkleudn dei lyt nok vaskast ette 42 km på gjørmutte vega og stiga... 510 deltakera Omlag trædve Andebarkjera sykla Hallingrittet på Golsfjellet. Totalt va det rundt rekna 510 deltakera på sjølve rittet, noko som e ein durable bra vekst frå fjorårets 300. Om detta fortsett, ja då bi`re trøngt på parkeringa og i dusjen på Oset.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
25
Labb og Line sykkelfestival Sundagen ette lurdagen med Hallingrittet arrangerte Andebarkji på vegne tå SpareBank 1 Hallingdal Labb og Line sykkelfestival på Golsfjellet. Det var blautt frå absolutt alle kanta. Vatnet som fyst kom ovante seig so inn neante, samstundes som ivrige unga spruta frå sia. Me are ord, alt låg te rette førr eit skikkele gødt arrangement. Storkosa seg Isbjødnadn Labb og Line kom sprettandes som om dei voro blod-dopa, båe to i gummistøvla. Mule valet tå skoty skyldes den globale uppværminga som gjer at polisen smelta, men det veta
mål Moro: Eirik Hesla Berget i godt selskap mellom Line og Labb.
me ikkji heilt sikkert. Ungadn, heile 38 stykk, storkosa seg ute i regnet. Regnet slutta faktisk te og me, slik at dei vaksne ikkji vorto so blaute som dagen fyriåt. Dei minste sykla ein runde gjønnom ulike hinder, fyri dei la ut på ein strabasiøs runde på baksida tå hotellet. Førr dei eldste ungadn kan det nøk ha vørte lite kjedele, sidan me måtte legga om traseen på grunn tå alt vatnet. Te neste år sko me laga ei bære løype førr dessa me. Dugnadsgjengen gjorde ein framifrå jobb. So bra voro dei at Eirik Hesla frå Gol sa te mor si at: «Line e jo heilt galen i dag!».
Labb trødde til: Ingeborg Olsøybakk kom heilt frå Trondheim for å sykle om kapp. Var godt å få litt starthjelp av Labb
Kjelde: Henta på heimesida til Andebarkji terrengsykkelklubb. Du finn mykje meir på www.andebarkji.com
26
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Ein av verdas beste
Fagernes har fostra fleire musikarar som har blitt rekruttert til norske elitekorps. Den fremste så langt er Tormod Flaten, opprinneleg frå Vestre Slidre. Han har etablert seg mellom dei fremste i verda på euphonium, og har nettopp lansert sin tredje solo-CD, From the Deep.
Kvalitet, konkurranselyst og trivsel står i høgsetet hos Fagernes Musikkorps
Kastar glans over tilveret Korpsets «grand old man», Svein Johansen, er 75 og skal snart blåse sin syttande mai nummer 64. Yngstemann, Einar Rime, er 14 og har spelt i seks. Dei synest det er like moro båe to. Korpset sjølv blir hundre i 2011, eller kanskje er det i 2013; ingen er heilt sikker. Nokre år låg det også nede, men ildsjeler fekk det på føtene att. I dag tel mannskapet 30. Gjennomsittsalderen ligg mellom 35 og 40. – Vi strevar litt med rekrutteringa, men låner frå andre korps – og det er alle partar tent med. Vi blir fleire, musikarane får meir utfordringar og har med seg erfaringar tilbake til eigne korps, fortel leiar Birgitta Eraker. Mange prisar Og kvaliteten er god. Alle har som mål å gjera sitt aller beste. Flotte resultat har dei også oppnådd: I 1986 gjekk dei til topps i 3. divisjon i norgesmeisterskapen. I 2005 var dei nede i 4. divisjon, men vann. I 2007 gjekk dei til topps i 3. divisjon på den internasjonale Grenland Brass Festival, dit dei reiser kvart einaste år. Dåverande dirigent Tor Arthur Hagen vart kåra til divisjonens beste dirigent, Marte Skattebo til beste solist. Musikken betyr mest – Konkurransane er viktige. Dei gjer at vi skjerpar oss. Mest betyr dei nok for ungdommane, som vil ha noko å strekkja seg etter, fortel korpsleiaren, men understrekar at det sjølvsagt er musikken som betyr mest. – Og så koblar du så godt av, gløymer alt anna, legg ho til – Eg gjer dette for å kaste glans over tilveret for andre, seier veteranen
Svein Gyldenskog spøkefullt. Men han meiner det nok, kva hadde nasjonaldagen vore utan ...? Ny konkurranse – I skrivande stund er det hardøving fram mot årets Grenland Brass Festival i dagane 25. til 27. april det handlar mest om. Melodien Three Gentle Gigants går om att og om att. Målet er å terpe seg fram til det perfekte – og kanskje ny siger! Sidan går det slag i slag med 1. mai og 17. mai. Siste laurdagen i mai er dei med i vertskapet når Garden kjem til Fagernes. Sidan er det fullt haustprogram, mellom anna med showkonsert på Fagernes Hotell i november. På menyen står pop- og filmmelodiar. I fjor var det full sal! Fekk du lyst til bli med? I så fall er du hjerteleg velkommen. Sjå meir på www.fagernesmusikkorps.no
«Konkurransane er viktige. Dei gjer at vi skjerpar oss. Mest betyr dei nok for ungdommane, som vil ha noko å strekkja seg etter.» Birgitta Eraker
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Kornettrekkje: Bjørn Magne Nyhagen, Marina Eraker Hjønnevåg, Hege Marit Gyldenskog, Birgitta Eraker, Anne-Grethe Kolstø og Anette Gunderhuset.
Trombonar: Anne Bråten Tvenge (t.h.), Ingvild Vidste og Tonje Kolsrud. I bakgrunnen Kent Hømanberg på tuba. Kanskje like greit å skjera vekk sistemann?
Trivsel: Korpsleiaren mellom yngste- og eldstemann i korpset. Foto: Knut Erik Jetlund.
27
Røyrklokker: Nataniel Eraker Hjønnevåg i full konsentrasjon.
28
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
SuDoku
Kryssord
Regler: 1. Hvert av kvadratene med 3x3 ruter må fylles med noen av tallene fra 1 til 9. 2. Hver vannrett og hver loddrett linje må også inneholde alle tall fra 1 til 9. 3. Et tall skal ikke forekomme mer enn en gang per rad (vannrett og loddrett) eller kvadrat.
Kakuro
Regler: Hvert av de hvite feltene skal inneholde et av tallene fra 1 til 9 (null er ikke tillatt). Når tallene i de hvite feltene legges sammen, skal summen tilsammen være som angitt i det svarte feltet. Som hjelp for å komme igang, er noen av tallene i de hvite feltene allerede på plass. For hver sum må alle tallene i de hvite feltene være forskjellige. For eksempel kan summen 4 med to tall skrives enten 1+3 eller 3+1 (2+2 blir ikke godkjent, fordi det er samme tall).
Hjernetrim Problem: Hvor mange hvite prikker mangler på den soppen vsom ikke har noen prikker?
Oppgulp Av Lars Lauvik Tips: -1
Løsninger Løsning Hjernetrim: 8. Den minste soppen har alltid én prikk mindre enn den store.
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
Bompibjørnene
Sudoku
Kryssord
Sudoku CC0001
© Bulls
Sudoku CC0002
© Bulls
Tiger
Marvin
29
30
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
UTDRAG FRÅ STYRET SI ÅRSMELDING I løpet av året er eit nytt selskap kome til, EiendomsMegler 1 Geilo AS (tidlegare Terra Eiendomsmegling Geilo AS) der banken har kjøpt 85 % av aksjane. Banken skal profilerast som ein lokalbank med evne til å framstå som nær og dyktig med behovstilpassa løysingar for kundane. Vidare skal banken vere ein aktiv og sterk samarbeidspartnar for næringsliv og offentleg sektor, og i tillegg ein aktiv støttespelar som gir verdi for lokalsamfunnet. Strategisk samarbeid i SpareBank 1-alliansen SpareBank 1-alliansen har som overordna målsetting å produsere og levere konkurransedyktige finansielle tenester og produkt, samt å ta ut stordriftsfordelar i form av lågare kostnader og/eller høgare kvalitet, slik at privatpersonar og bedrifter opplever lokal forankring, dyktigheit, og ein enklare kvardag. SpareBank 1 Hallingdal si verksemd i 2007 I 2007 har vore nok eit år med markant utlånsvekst. Spesielt innafor bedriftsmarknaden merka banken høg etterspørsel etter finansielle tenester. Den tiltakande veksten me såg mot slutten av 2006 har held fram i 2007. Innafor privatmarknaden har veksten avteke noko, men er framleis på eit nivå som er over den private kredittveksten i Noreg. Plasseringsområdet har vore prega av ein uroleg børshaust og Terrasaka som verserte i media i lengre tid. Dette har sett ekstra fokus på ulike plasseringsprodukt. Spesielt strukturerte produkt har vorte trekt fram som eit spareprodukt som er komplisert for kundane og stiller store krav til rådgjeving. Ein marknad med stigande rente og dårlegare børsavkastning har også forsterka risikoen med slike plasseringar, dersom den er lånefinansiert. Som eit ledd i å betre kvaliteten på rådgjeving av kundane start banken i 2007 med segmentering av kundar etter bidrag og produktbreidde. I tillegg blir rådgjevarane tildelt ei portefølje som skal følgjast opp for å knytte sterkare band mellom bank og kunde. Arbeidet har starta i Hemsedals-avdeling og blir sett i verk på dei andre kontora i 2008. Oppfølging av kundar ved spesielle hendingar har vore ein suksess. Det viser seg at SpareBank 1 Hallingdal mistar færre kundar i alderen 18-30 år enn andre SpareBank 1 bankar. Det godskriv me den oppfølginga me gjer overfor denne kundegruppa. SpareBank 1 Boligkreditt AS er eit selskap som er etablert med føremål å overta dei beste bustadlåna frå bankane, lån innafor 75 % av takst. Med sikkerheit i slike lån kan selskapet utstede såkalla «særskild sikra obligasjonar» (covered bonds) i den norske eller
internasjonale marknaden til god pris. Dette blir difor eit finansieringsinstrument for bankane som delvis kan erstatte ordinære innlån, og samstundes vere med på å sikre at banken kan gje lån med god sikkerheit til ein konkurransedyktig pris også i framtida. Banken har førebudd overføring av lån til selskapet i 2007 og vil starte overføring for fullt i 2008. Kompetanseheving Morbanken held i 2007 fram med si satsing på kompetanseheving. Fleire tilsette deltok på vidareutdanningsprogram, i hovudsak innafor BI-systemet. I 2005 var banken delaktig i å få på plass eit utdanningsprogram innafor alliansen, læringshuset PM (privatmarknaden). Implementering av dette er gjennomført og det er eit stort kompetanseløft som er gjennomført i banken på dette området dei to siste åra, blant anna: 671 e-læringsmodular er gjennomført og bestått. Alle tilsette (inkl. lengre vikariat) har gjennomført 1,5 dagers kurs i Etikk og god rådgjevingsskikk. Alle tilsette (inkl. lengre vikariat) har godkjent og bestått e-læringsmodul for den nye Kvitvaskingsloven, samt at alle i kundeposisjon har gjennomført minimum 1 times internopplæring i temaet. 30 tilsette har gjennomført 2 dagars kurs i Sparing i rentemarked 29 tilsette har gjennomført 2 dagars kurs i Porteføljeteori 17 tilsette har gjennomført eit 6 månaders selgerutviklingsprogram 31 har godkjent systemtrening i Skadeforsikring PM 38 har godkjent systemtrening i Personforsikring PM 35 har godkjent systemtrening i Finansiering PM 42 har godkjent systemtrening i Betalingsformidling PM 33 har godkjent systemtrening i Plassering PM 51 har godkjent systemtrening i rådgjevingsverktøyet Rådgiver PM Banken er ein av dei SpareBank1-bankane som har kome lengst i implementeringa av kompetanseløftet. Kompetanseløftet vil halde fram i dei komande åra. Banken sine lokale er i tur og orden rusta opp dei siste åra gjennom fleire ut- og ombyggingar. I 2007 vart ombygginga i Hemsedal ferdigstilt og har gjort dette bygget meir tidsmessig og funksjonelt Resultatet for 2007 i morbank Driftsresultatet før tap og skatt i morbank vart 50,4 mill. kroner eller 1,1 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. I høve til 2006 er dette ein auke frå 40,5 mill. kroner, eller 1,0 %. Resultatbetringa skuldast i hovudsak auka renteinntekter som følgje av høg utlånsvekst og høgare rentemargin. Resultatet før skatt er på 44,7 mill. kroner og uendra frå 2006. Etter
BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal
fleire år med netto inntekter frå tapspostane gjennom reduksjon i avsetningane, har banken i år bokført 5,6 mill. kroner i tap. Resultat etter skatt enda på 31,8 mill. kroner mot 32,7 mill. i 2006. Dette gir ein eigenkapitalrentabilitet etter skatt på 4,8 %, og er som forventa, men noko lågare enn banken si målsetting i strategisk plan. Banken har gjort store investeringar dei siste åra. På personalsida gjennom fleire tilsette og satsing på kompetanseheving, bygningsmessig gjennom nye og moderne lokale tilpassa ønskje om ei kvalitativt betre rådgjeving av kundane. Styret forventar at desse investeringane skal gje auka inntekter i åra framover og har godkjent noko høgare kostnader ei periode. Utsiktene for 2008 Etter betydeleg renteoppgang i Noreg dei to føregåande åra, er det venta ei utflating i 2008. Dette vil kunne føre til sterkare konkurranse på innskots- og utlånsvilkår, spesielt frå nyetablerte bankar med smalare produktspekter. Aktivitetsnivået er venta å blir høgt i entreprenørbransjen i 2008 ettersom ordrereservane er gode. Fleire store eigedomsprosjekt frå 2007 blir vidareført i 2008 og mange førehandsselde hytter skal førast opp. Vintersesongen 2007/2008 vil bli svært god. Førehandsbestillingane er 15%-20% opp frå i fjor, og det er ein god indikasjon på forventa vekst for heile vintersesongen. I tillegg er svært gode snøtilhøve med på å auke trafikken. Prisnivået på fritidsbustader er forventa å halde seg på dagens nivå i 2008. Høgare rentenivå er ikkje venta å påverke prisane vesentleg. Etterspørselen er også forventa å vere god ut året. Banken har lykkast med si satsing på eigedomsmekling i Hallingdal. Med nytt kontor i Hemsedal og oppkjøp av Terra Eiendomsmegling AS på Geilo er EiendomsMegler 1 vorte den største meklaren i Hallingdal. Denne posisjonen vil forsterkast i 2008. Innafor jordbruket har banken fått ein leiande posisjon på finansiering av omstillingar. Banken har ei målsetting om å oppnå same posisjon innafor energisektoren og då relatert til minikraftverk. Den omtala interne satsinga på kompetanseheving der rådgjevarane handterer heile produktspekteret er venta gje ein positiv inntektseffekt som blir meir synleg i året som kjem. Banken forventar i 2008 eit resultat på i overkant av 50 mill. kroner før skatt.
I løpet av året er eit nytt selskap kome til, EiendomsMegler 1 Geilo AS (tidlegare Terra Eiendomsmegling Geilo AS) der banken har kjøpt 85 % av aksjane.
31
KF62 Dinamo
Kanskje unødvendig å si det så stort, men de
pensjonen din. Går du med planer om å gjøre noe med
kommer, rynkene. Enten vi vil det eller ikke. Akkurat
sparepengene dine, eller med planer om å spare penger,
som den siste arbeidsdagen. Da kan det være godt å tenke
skal du vite at ODINs aksjefond historisk kan vise til
på summen som har vokst frem av din månedlige sparing
gjennomgående gode resultater. Dette mener vi skyldes
de siste årene. Hadde du spart 1000 kroner i måneden
grundighet, tålmodighet og dyktighet. Kontakt oss på
i ODIN Norden de siste 15 årene, hadde pengene i
telefon 22 01 02 04, så forteller vi deg mer om langsiktig
dag vokst til 605 851 kroner. Et behagelig tilskudd til
sparing og om avkastningen i våre aksjefond.
ODIN Forvaltning AS. Gjennomsnittlig årlig avkastning for spareavtale i ODIN Norden siste 15 år har vært 14,80%. Tall pr. 31.03.2008. Historisk avkastning er ingen garanti for fremtidig avkastning. Fremtidig avkastning vil bl. a. avhenge av markedsutviklingen, forvalteres dyktighet, fondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen kan bli negativ som følge av kurstap.
Sats/Montasje: Hallingdølen AS - Trykk: Dagblad Trykk AS - Tillegg til Hallingdølen 8. april 2008.
www.odinfond.no