15 minute read
Elvekanten Visningsprospekt
from Elvekanten Visningsprospekt
by VOOKAL
Advertisement
Elvekanten – inspirert av Jølstra
Framtida er her – vi presenterer Elvekanten – Førde sitt mest moderne næringslokale.
Det er mange faktorar som skal til for å skape ei bedrift, men svært gode lokale på ei flott plassering er ein god start. Elvekanten blir det mest moderne næringslokalet i vår region – med etter vårt syn den beste plasseringa: I hjartet av Førde sitt handel- og servicesenter.
Med Elvekanten ønskjer vi å legge til rette for å skape eit spennande fellesskap av bedrifter, innan forretningar, handel, kontor og teneste yting, som kan skape eit levande, interessant arbeids miljø.
Alle seier Førde bør vende seg mot Jølstra - Elvekanten er det første næringsbygget som er designa med dette som hovudformål, og som verkeleg speler på lag med elva. Det gir ein perfekt
kombinasjon av urbane kvaliteter og tilgang til natur. Som leigetakar vil du aldri misse utsikta over Jølstra – du er jo på Elvekanten. Her får di bedrift det kanskje flottaste utemiljøet i Førde.
Når bedrifter skal velje lokale har dei mange spørsmål, som krev gode svar: Elvekanten svarar på desse i form av moderne lokale, god ventilasjon, rikeleg med lys, gode fellesfunksjonar, fungerande logi stikk og spennande naboar. Når du kombi nerer dette med eit framtidsretta bygg, med dei mest oppdaterte tekniske løysing ane, får di bedrift dei beste arbeidsvilkåra og ein «heim» dei tilsette vil trivast i.
Elvekanten blir det mest energieffektive bygget i vår region. Vi bygger for framtida sine behov, ikkje gårdagens krav: Det betyr eit bygg som både bruker mindre energi enn dagens standard,
og sjølv produserer energi. Dette er ein viktig faktor, som både tek vare på klimaet og gir lågare kostnadar for leigetakarar.
Solceller på tak og fasade leverer ca. 156.000 kWh straum, som driv ventilasjon og høg effektive varme pumper. Desse hentar energi frå Jølstra, eventuelt Fjordvarme frå Førdefjorden Energi. Elvekanten blir bygd i høve TEK 17 og dei energiøkonomiske krava der. Difor får Elvekanten eit straumforbruk til oppvarming og ventilasjon tilsvarande ca. 25% av bygn ingar bygd etter standarden TEK 10. Det betyr store summar spart for di bedrift på oppvarming og ventilasjon.
12 fordelar med Elvekanten
• Sentral plassering – med kort veg til alt i Førde sentrum.
• Fantastisk utemiljø ved Jølstra, elvesti, opparbeida uteområde og overbygde uteområde.
• Sogn og Fjordane sitt mest energiøkonomiske bygg, som gir reduserte kostnadar for leigetakar.
• Stor møblert fellesterrasse på taket av andre etasje, med utsikt over Jølstra.
• Moderne lokale med store glasfasadar som slepp inn mykje lys. Ekstra takhøgd gir god rom kjensle. Ein open korridor gjennom første etasje, bidreg til eit lyst og luftig inntrykk.
• Parkering for bil og sykkel i kjellar, med høve for lading av el-bil. Tilrettelagt for handi kappparkering.
• Lokale midt i Førde sentrum, med utsikt over Jølstra.
• Ligg midt i gang- og sykkelsti-nettverket i Førde, 120 meter frå rutebilstasjonen.
• Moglegheit for samdrift, til dømes felles resepsjon/mottakskontroll/kantine og sam bruk av møtelokale for leigetakarane.
• Spennande miks av bedrifter i eit bygg med gode arkitektoniske kvalitetar.
• Enkel logistikk til og frå Elvekanten.
• Elvekanten ligg i kryssingspunktet mellom gang-aksane skapt av elvestien aust-vest, og gangbrua nord-sør. Bygget er veldig synleg, frå begge bruene over Jølstra, og frå rundkøyringa. Det gir verdifull eksponering.
Totalt 5960 m² til leige
Elvekanten er eit kombinasjonsbygg beståande av forretning, restaurantar, kontor og bustadar, som skal byggast i Førde sentrum ved elva Jølstra. Samla oppvarma bruksareal er på 10.474 m2.
Plan 1-2-3 består av næringslokale, plan 4-5-6 består av leilegheiter.
Byggherre er Tober Invest AS, via eit heileigd selskap for oppføring og drift av bygget. Kjellar er satt av til parkering og tekniske rom.
Totalt areal til utleige:
1.etasje: 1955 m2, + mesanin på ca. 390 m2.
2.etasje: 2400 m2
3.etasje: 527 m2 i eine blokka, og 688 m2 i den andre.
Totalt 5960 m2 næringsareal BRA, inkludert fellesareal, trappegangar, heis og anna. Arealet kan kombinerast på ulike vis, og huse ein variasjon av bedrifter. 2400 m2 næringsareal på eit plan er eit unikt tilbod i Førde-området. Vi trur Elvekanten blir eit spennande hus for bedriftene som flyttar inn.
Kontaktinformasjon:
Om du har spørsmål, eller er interessert i å leige lokale i Elvekanten, kontakt: Torbjørn Berqvam toberqva@online.no, tlf. 913 33 022
Nullenergihus-standard
Første bygg i vår region som nærmar seg nullenergihus-standard
Elvekanten blir bygd i høve krava til passivhusstandard i TEK 17. Dermed blir det eit særs
energieffektivt bygg, eit signalbygg på dette feltet. Elvekanten blir det første bygget i vår region som nærmar seg nullenergihus standard, etter Futurebuild sin standard som krev 70 prosent forbetring i høve energikrava i TEK 10.
Dette krev svært gode bygningsmessige og tekniske kvaliteter, samt ein høgeffektiv lokal termisk energiforsyning. Elvekanten hentar straum til opp varming og styring av teknisk anlegg via solceller på tak og fasade, som også blir brukt til å drive varmepumper. Desse hentar lokal termisk energi frå Jølstra, eventuelt Fjordvarme frå Førdefjorden Energi.
Solcellene vil levere 156.000 kWh straum i året til teknisk anlegg, som via varmepumpene hentar ut 10 gangar så mykje varmeenergi tilbake.
Kva betyr dette for meg som leiketakar?
I praksis betyr det ein energibruk til ventilasjon og oppvarming/kjøling/tappevatn som svarar til ca. 25 prosent av forbruket til eit standard TEK 10-bygg. Energibruk til oppvarming/kjøling/ tappevatn i eit næringsbygg ført opp etter Tek 10 er berekna til ca. 200 kWh/m2 for året. Tilsvarande tal for Elvekanten er berekna til cirka 47,3 kWh/m2. Talet her er gjennomsnittstal for heile bygget, og vil varierer noko for bustad, kontor og næring.
Det gir ein kraftig reduksjon av straumutgiftene til leigetakarar– som igjen betyr lågare kostnadar for di bedrift.
Endeleg vender vi oss mot Jølstra
Førde har mange næringslokale som vender seg vekk frå Jølstra, og nokre som delvis snur seg mot elva. Elvekanten er det første næringsbygget som er teikna og plassert for å gjere Jølstra til sitt viktigaste trekk.
Vi meiner Elvekanten får Førde si beste plassering av eit næringsbygg: Ved Jølstra, midt i sentrumnordvest, vis a vis Naustøyna.
Denne flotte plasseringa gir Elvekanten ein unik tilleggsverdi: Her vil ein alltid vere sikra flott utsikt mot elva, sørsida av Førde og mot aust og vest. Nærleiken til elva skaper trivsel, og bidreg til eit attraktivt nærmiljø. Vi har lagt stor vekt på å skape eit bygg som speler på lag med nærmiljøet, og på å skape ei innbydande sone mellom Elvekanten og Jølstra. Vi trur dette samspelet blir eit smykke for Førde.
Førde sitt flottaste utemiljø?
Trivsel er ein nøkkelfaktor for å skape gode arbeids miljø. Vi er trygge på at Elvekanten blir eit bygg å trivast i. Og så skal også eit bygg bidra til byrommet. Elvekanten skal både invitere folk inn, og utfylle fellesromma i byen. Vi har lagt stor vekt på å lage eit nærområde rundt bygget som gir gode arenaer for folk å opphalde seg i.
Eit viktig mål med Elvekanten er å også skape uteareal som bidreg til urbant byliv. Når du ligg plassert ved elva, blir Jølstra eit viktig element. I nærområdet rundt bygget blir det laga gode arenaer for å nyte både byrom og natur: Vi har designa eit område på gateplan med benkar, og eit heva område med ei kunstig elv. Denne
tek igjen forma til Jølstra, og blir vakkert lyssett. Elvestien strekk seg forbi bygget, og trapper inviterer ned til Jølstra. Det blir også lagt til rette med rampe, så alle er sikra tilgang til elva.
Dette blir nydelege stadar for ein rask kaffipause, eller til å berre nyte livet på solfylte etter middagar. Vårt mål er at området rundt Elvekanten blir til glede for alle som bur i, eller vitjar, Førde.
I tredje etasje er det tenkt ei felles kantine, med utgang til ein stor møblert terrasse, som vender mot Jølstra og fyller området mellom tårna. Om vi kikar i krystallkula, trur vi dette blir ein ynda arena for å nyte lunsjen om sommaren, og eit naturleg samlingspunkt for dei som har sitt virke i Elvekanten. Her kan ein tenke seg mange andre bruksområde: Til dømes konsertar, kick-off og ulike arrangement.
Fantastisk inne-miljø, i eit vakkert bygg
Innemiljøet på Elvekanten blir særs innbydande. Bygget får store glasfasadar, som slepp inn rikeleg naturleg lys, og skaper trivelege lokale som speler på lag med utsida. Frå inngangspartiet blir det ope tvers gjennom bygget, slik at du ser ut på andre sida. I første etasje er det også moglegheiter for sambruk, i form av felles resepsjon/ mottakskontroll.
Alle etasjar har ekstra takhøgd, som skaper luftig lokale, og særs god romkjensle. I første etasje blir det også ein mesanin på ca. 390 m2. Det skaper eit område med særpreg, og flott utsyn over Jølstra. Første etasje har takhøgd på heile 5 meter.
Parkering i kjellar med tilgang til etasjane over i form av både heis og trapper sikrar enkel tilgang, både for gjestar og dei som jobbar her.
Dei vakre omgivnadane mot Jølstra har inspi rert fram ein innbydande fasade, med store vindauge flater. Fasaden tek opp i seg farge spelet i omgiv nad ane i skiftande lystilhøve for å skape eit interessant bygg, som speler på lag med Jølstra og nærområdet.
Få Førde si raskaste pendlar-rute
Over næringsarealet i første og andre etasje blir det ein stor felles terrasse, og to tårn på tre og fire etasjar. Tredje etasje i desse tårna er også næringslokale, medan dei øvste etasjane er sett av til leilegheiter. Her er det teikna inn 33 flotte, moderne leilegheiter, med areal frå 42-112 m2. Leilegheitene får store vindaugeflater, ekstra takhøgd, fantastisk utsikt og innglasa terrassar. Leilegheitene blir bygd i høve TEK 17 – med same høge energistandard som næringslokala – og same gunstige låge kostnadar til oppvarming og ventilasjon.
I tillegg til ei flott, framtidsretta leilegheit med høg standard, får du ein bustad med fantastisk utsyn over sentrum og Jølstra – og vissheita om at utsikta er sikra i all framtid.
Her kan du slå to fluger i ein smekk: Jobbe i ein av dei tre første etasjane, og bu i ein av dei øvste: Det gir verdas kortaste pendlar-rute – i heis.
Elvekanten – midt i alt
I dagens verd kan mange bedrifter ha kontor kvar som helst, men det har mange fordelar å vere sentralt plassert. Spesielt innan handel, forvaltning og tenesteyting. Elvekanten ligg midt i Førde sentrum, der tyngda av handel- og tenesteyting føregår, i gangavstand til «alt». Når du ser på bilete av Elvekanten – veit du at her er det kort veg til det meste.
Elvekanten ligg i kryssinga mellom gangaksane skapt av elvestien aust-vest, og gangbru nordsør. Bygget blir synleg og lett å sjå frå begge bruene over Jølstra og frå rundkøyringa. Det gir verdifull eksponering.
Den nye elvestien langs Jølstra knyt Elvekanten svært godt saman med gang-og sykkelvegnettet i Førde. Når gangbrua over til Sentrum Sør er på plass, vil sør- og nordsida av Førde bli betre knytt saman – og Elvekanten ligge enno meir sentralt plassert.
Elvekanten er det inga krise om du gløymer matpakka: Det er tiltenkt kantine på huset, og nærmaste matbutikk med varm-matdisk ligg 100 meter unna. Du finn også åtte rest a urantar/ kafear innan tre minutt gange. Det er eit sentralt mål å få inn restaurantar/kafear som leigetakarar i Elvekanten.
Sentralt plassert, enkel logistikk
I Elvekanten får ein enkel logistikk til og frå arbeid, anten du kjem med buss, med bil, til fots eller på sykkel. Og like lett er det for kundar og samarbeidspartar å finne deg. Når di bedrift skal ut i verda, er det like enkelt. Til dømes er det
berre 120 meter å gå til Førde Rutebil stasjon.
Elvekanten får parkering i kjellar med 104 parkerings plassar, samt handicapparkering. Det blir lag til rette for elbil lading, og satt av 120 plasser til sykkelparkering. Kjell aren har tilkomst til etasjane over via heis og trapper.
Spennande moglegheiter for restaurantar/ kafear
Plassering er det første eigedomsmeklarar snakkar om når det gjeld eigedom. Elvekanten si plassering er særs god, og kanskje spesielt for restaurantar/kafear.
Første etasje i Elvekanten byr på spennande moglegheiter, takka vere den flotte mesaninen. Ein restaurant/kafé her vil få eit vakkert lokale, med utruleg romkjensle, i eit allereie etablert restaurant/kafé-område. Ein restaurant med eit av Førde sine finaste uteområde ved elva Jølstra, med gode soltilhøve, det trur vi må vere eit særs godt tilskot til Førde sin fauna av stader å ete. Her kan ein verkeleg skape ein ynda stad for folk å nyte gode måltid, i ditto selskap.
Elvekanten – plass nok
Eit av måla med Elvekanten er å legge til rette for ein fin blanding av bedrifter, som skaper eit spennande, pulserande miljø. Elvekanten er eit romsleg bygg med mykje areal, som kan kombinerast i ei blanding av små og store bedrifter. Anten det blir ein spennande miks av bransjar – eller ei nærings klynge av likesinna.
Her kan di bedrift skreddarsy lokale til sine behov.
For dei som treng mykje plass gir 2400 m2 nærings lokale på eit plan eit unikt høve.
Totalt har Elvekanten 5960 m2 næringsareal BRA til utleige. Første etasje består av 1955 m2, + mesanin på ca. 390 m2. Andre etasje er på 2400 m2. I tillegg har ein i tredje etasje 527 m2 i den eine blokka, og 688 m2 i den andre.
Moglegheiter for felles resepsjon/mottakskontroll, kantine og møterom
Elvekanten er tiltenkt å huse ei blanding av små og store bedrifter, i lokale tilpassa deira ulike behov. Men nokre behov er alltid felles: Til dømes er det høve til å bygge felles resepsjon og mottaks kontroll i inngangsparti, som vil effektiviserer og profesjonaliserer denne sida av bedrifta di, samt reduserer kostnadar.
Det er også tenkt felles kantine i tredje etasje, knytt opp mot terrassen på plan tre. Det vil skape eit fantastisk samlingspunkt. For små bedrifter gir dette ei unik moglegheit til å sikre kantinetenester, utan å få for høge kostnadar.
Bedrifter treng gode, moderne møtelokale, med all teknologi ein forventar. Dette krev areal og investering i utstyr. I Elvekanten blir det høve til å spele på lag, i form av sambruk av møtelokale. Det reduserer utgiftene til den enkelte bedrift.
Elvekanten, i arkitekten sine ord
Prosjektet Elvekanten er unikt plassert i Førde sentrum, med sørvendt fasade mot Jølstra og det opne parkområdet langs elveløpet.
Det trafikale knutepunktet mellom elvepromen aden og den nye gangbrua over Jølstra, som skal knytte saman sentrum- nord og sør, ligg rett ved Elvekanten. I ein radius på 100 meter ligg gode offentlege uteareal, som Tangen og den grøne strukturen langs Jølstra. Bygget får også eit «grønt» preg, i form av 1100m² felles grøn takterrasse, og store inntrekte balkongar for leilegheitene.
Fasaden på gateplan har avrunda hjørne, som mjuknar overgangen mellom gata og bygget. Store glasfelt og ei innvendig «gate» gjennom bygget frå nord til sør, gjer lokala transparente og inviterande. Denne etasjen skil seg frå resten av bygget i utforming og byggematerialar. Her brukar ein ståande trekledning, eit varmt og taktilt materiale mot byrommet rundt.
Konseptuelt kan ein sjå føre seg eit objekt liggande langs elvebredda, der rørslemønsteret rundt bygget rundar av overgangane og framhevar det overliggande volumet, som er utforma kontrastfullt med ei tydeleg, skarp form. Fasaden mot elva og det opne byrommet skrår innover, for å understreke ei bevisst haldning til omgjevnadane ved å skape meir rom. Den skrå fasaden syner respekt for landskapsrommet langs elva og parken, og tar opp i seg Førdedalen sine naturlege
vinklar med bratte lier. Dei skarpe vinkl ane og hellande fasadane til bygget vil saman med det svakt skrånande taket gje ein særprega og interessant silhuett i bybilete, med ein bygningskropp som er løfta opp frå gata av det mjuke og avrunda gateplanet. Det gir eit variert og «svevande» dynamisk uttrykk.
Over grunnplan er bygget kledd med keramisk fasadeflis, med ei mørk og glasert overflate med djupe relieff. Dette gjer at fasaden oppfattast ulikt ut frå synsvinkelen. Eit varierande mønster, saman med kontrasten mellom ei reflekterande overflate og eit markert skuggefelt, refererer til vatnet i elva. Heile bygget er utforma med gode universielt utforma løsningar med tanke på tilkomst, både frå underetasje og grunnplan.
Plan 0 er ein parkeringskjellar. Innkøyringa skjer frå ein rampe, plassert i det opne byrommet aust for bygget. Parkeringskjellaren skal i framtida kunne nyttast som tilkomst til parkering for 2 tilgrensande byggjetomter, mot nord og aust. I kjellaren er det også sykkelparkering, tekniske rom og sportsboder for bebuarane.
Plan 1 er gateplan, med rom og funksjonar ein ynskjer skal få eit samvirke med dei offentlege byromma rundt bygget. Planet er primært tiltenkt publikumsfunksjonar, som kafear, restaurantar og småbutikkar. Store glasfelt knyt arealet til landskapsrommet langs Jølstra. Dei store glasfelta i ytterveggen, og i den innvendige gata, opnar opp planet og skaper ei kjensle av fellesskap.
Mot gata i nord er planet lukka i området med tekniske og underordna rom. Denne veggen er ein del av den avrunda veggen med trekledning, som skapar ei mjuk og varm kjensla mot uteareala rundt bygget.
Plan 2 er eitt samanhengande næringsareal, med eigen inngang mot gateplan og direkte kontakt opp til kantine og møterom på plan 3. Derifrå får dei også tilgang til takterrassen.
Frå plan 3 er golvarealet delt på 2 blokker. Plasseringa og utforminga av desse er gjort for å skape gode lystilhøve og godt utsyn til takterrassen med sørvendt areal, til glede for næringsarealet på planet og for bustadene høgare opp.
Plan 4, 5 og 6 er bustaddelen i prosjektet. Leilegheitene får romslege og inntrekte balkongar. Saman med desse balkongane, og felt med store vindauge, brytast fasaden opp i hjørna for å gjere bygget transparent. For å oppnå dette, og på same tid gjere linene i bygget tydelege, brytast hjørna i annakvar etasje med eit forskyvd mønster frå etasje til etasje. Vindauga er plassert i eit ikkje-repeterande mønster, for å unngå inndeling av fasaden. Utforminga og storleiken på felt med vindauge skal reflektere rombruken for kvar etasje, slik at det som er næring skal skilje seg i frå leilegheitene. Slik oppstår ein tydeleg og heilskapleg form, samstundes med at dei forskjellege bruksområda i bygget får sin eigen identitet.
Ledig areal
Plan 1
1955 m², + mesanin på ca. 390 m².
Plan 2
2400 m²
Plan 3
527 m² i eine blokka, og 688 m2 i den andre.
Elvekanten
Kontaktinformasjon: Om du har spørsmål, eller er interessert i å leige lokale i Elvekanten, kontakt: Torbjørn Berqvam toberqva@online.no, 913 33 022
Arkitekt: Salt Arkitekt, v/Idar G. Havn
Totalentrepenør: Consto Sfj AS Kontaktperson: Jan-Magne Fylkesnes Jan-magne.fylkesnes@consto.no, 476 39 926
Grafisk produksjon: Rein Design