- Kartfesta kunnskap
Om GeoAtlas … me lærar masse om ting ikkje så
GeoAtlas er ein nettressurs for skuleverket som gjer det mogeleg å lage tverrfaglege læringsopplegg samtidig som ein utviklar digital kompetanse. Lærarar og elevar skriv og publiserer artiklar med utgangspunkt i sine nærmiljø. Tema kan vere henta frå natur, kultur og historie på heimstaden, og ein kan kombinere realfag, praktisk estetiske fag, samfunnsfag og språk. Ved å bruke GeoAtlas kan elevar og lærarar bidra til å kartlegge, forvalte og informere om lokale kulturminne. Kunnskap vert teken vare på for framtida og elevane kan motiverast ved at dei gjer ein viktig og verdiskapande jobb. Erfaringar syner at elevar som deltek i dette arbeidet vert meir bevisste sitt nærmiljø.
mange veit noko om. Og så gjer me meir enn berre å sitje på stolen og skrive. Me har besøkt plassar og personar som fortel oss om det me skal skrive om. Det er og kjekt å vite at andre kan ha glede av det me skriv og lærer noko nytt. Så får me øvd masse på rettskriving, skriving på data og å forme tekstar og setningar. - Eira 7. klasse
Mi erfaring er at når me jobbar med Geoatlas er elevane lette å engasjera
Kunnskap om kultur, natur og samfunn vert forankra i nærmiljøet, og i tillegg til det faglege innhaldet vil elevane lære om lisensar og bruk av bilete og video på nett, nettpublisering, skriving og redigering av samansette tekstar, og digital kartfesting.
og både aktive og interesserte. Me får variert undervisning gjennom td ekskursjonar og intervju, og på denne måten knyter me og tettare band med lokalsamfunnet. Mange
GeoAtlas er gratis å bruke. Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for tenesta og kan arrangere kurs for skular som vil jobbe med GeoAtlas. Ressursen finn ein på geoatlas.no. Vi har satt i gong ein prosess for å oppgradere sida og kjem til å kome med ny layout og ny funksjonalitet (Wordpress-løysing) i 2014. Ta kontakt med Sigrun Espe for meir informasjon: sigrun.espe@sfj.no / 990 44 666.
fag kan koplast inn, td naturfag, samfunnsfag, norsk osv. At artiklane blir publiserte og ser så profesjonelle ut er også ein motivasjonsfaktor og gjer at elevane blir stolte av det dei lagar. - Mia, lærar