8 minute read

4 LAAGEN

s teinsholt, l arvik kommune, v estfold s pring og ting: visitlaagen.no l ike ved elva Numedalslågen, rett nedanfor eit av dei kraftigaste stryka, ligg det eit underleg syn. Hytter i ulike fasongar og materiale er nærast strøydde rundt om i barskogen. Mellom dei underlege hotellromma og vassvegen snor det seg ein sti, medan det på andre sida av hyttene ligg ein populær klatrepark. Her hender det alltid mykje. Tre verksemder har gått i hop for å prøve å knekke ein kode innan ein nisje i reiselivet. Kan ein få bedriftsmarknaden til å velje vekk kjedelege kjedehotell i konferansesamanheng? Bedriftene Høyt og lavt, Agens og Nature Compact Living har trua på at norsk næringslivskreativitet får betre kår blant furer, grantre og bjørker enn i sterile og bynære konferanserom. Derfor er eit av bygga innreidd som møtesal, men med golv til tak-vindauge på alle sider og utsikt over skog og elv. På utsida ser vindauga ut som speglar, og fleire nysgjerrige turgåarar har prøvd å kike inn midt under alt frå middagar til styremøte i eit av landets største selskap. Berre for å få seg eit sjokk når dei med augo heilt inntil vindaugsrutene oppdagar at det er mogeleg å sjå folk som sit på innsida og glor attende.

59,34° n , 9,91° a | 30–42 moh .

Advertisement

«Vi prøver å trekkje folk ut av normale møterom. Her finn folk roa, blir meir kreative og innser at det er ein glimrande stad for prosessar, mat, møtefellesskap og godt handverk», sel Jan Ove Kjøndal i Agens inn.

Nokre brukar også klatreparken til lagbygging. Å suse over Laagen i zipline gjer noko med folk og dynamikken dei imellom. Bruk av både hovud og kropp ser dessutan ut til å generere nye og annleise idear, om ein skal tru tilbakemeldingane frå toppsjefar og prosjektleiarar. Over halvparten av kundane er likevel heilt ordinære feriegjestar som er på utkik etter noko annleis. Alle hyttene kjem med eigne kjøkken, men i konferansebygget har det blitt organisert pop up-restaurant med toppkokken Gunnar Hvarnes, som tidlegare var kaptein på det norske kokkelandslaget. Ein liten post på sosiale medium førte til stinn brakke og fullt belegg på få minutt.

I 2021 gjekk eit bilete av dei biletskjønne hyttene i den utrulege naturen sin sigersgang verda over, og brått strøymde det inn med meldingar frå sjølvutnemnde påverkarar med svært varierande tal på følgjarar. Målet var gratisovernatting. ikkje når det gjaldt transport. Ryggsekkar, korger, ja, til og med sko vart laga av fletta never, noko ein framleis kan lære på lokale neverflettingkurs. Imponerande brukskunst, Ingrid viser fram kor vellaga dei ulike gjenstandane er.

«Dei må stå for litt sunne verdiar. Det vart få folk med duckface, for å seie det slik», seier Trond Fagerland i Høyt og lavt før han ler hjarteleg.

Soveromma har gardiner, bortsett frå for takvindauget. Som ein kompensasjon for lysvare sjeler følgjer det med augebind. Vertane har hatt ein baktanke, dei vil skilje seg ut.

«Det er litt for å tvinge folk til å oppleve naturen når dei vaknar. Elles er dette som kva som helst anna hotellrom. Essensen er å bu i naturen, med dyr, tre og andre planter rundt seg», fortel Jan Ove.

Så er det heller ikkje uvanleg å oppdage ei ugle som kikar inn i hyttene, eller ein mår som smett forbi like utanfor veggane. Merkeleg nok er det nesten berre kvinner som tingar rom, anten for venegjengar eller for å ta med kjærasten.

På sikt er det von om at dei åtte hyttene skal bli til ti, om kommunen vil. Sidan skogshyttene ligg midt i eit landskapsvernområde, må alt gjerast forsiktig og på naturen sine premiss. I Laagen har dei fleire tankar om korleis destinasjonen kan utviklast vidare, men dei ønskjer å gå varsamt fram, og alt må gjerast utan å øydeleggje idyllen. Så har då også folk begynt å grine over kor fint det er her. Spesielt eitt takkebrev gjorde inntrykk. Ein mann sende superlativar herifrå til månen, og lovde å invitere heile slekta til 70-årsdagen. Kona hadde overraska han på 60-årsdagen og invitert fleire andre venepar. Felles for gjestane er at dei færraste er ute etter aktivitetar. Dei er meir enn nøgde med å sitje stille for å nyte og nærast inhalere ro, skogslukt og elvebrus.

«Folk pustar saktare etter eit opphald her. Det er vårt bidrag til sunnare vanar og eit meir saktegåande liv. Kanskje kan vi inspirere til å leve saktare også heime», håpar Trond.

På trass av erkenorsk lokasjon, med lokale møblar, fliser og gardiner, er ikkje alle hyttene heilnorske. Dei første vart teikna i Litauen, av alle stader. Primært på grunn av eit høgt innovasjonsnivå, men også litt for å redusere kostnader. Dei nyaste har derimot blitt produserte i ein hall i Våle i Vestfold, med Snøhetta om bord som arkitektkontor.

Så ligg prisane også på Bristol-nivå, for eit sjølvbetent hotell. Det tykkjer eg kvalitative naturopplevingar med lækjande tilsnitt og banebrytande estetikk er vel verdt. Ikkje finst det travle og bråkete bygater rundt hotellet heller.

Nordmenn som budde langs Glomma, lærte i si tid fletteteknikken, og dei etablerte relativt god kontakt med finnane. Heilt nært vart tilhøvet likevel ikkje, til det var det for mykje finsk svart magi som gjorde dei lettskremde og lite utdanna innfødde nervøse. Kanskje var det ikkje så dumt, rett over svenskegrensa er det til dømes eit korsmerke på bakken, graset gror som normalt rundt men ikkje oppå korset. Her stod uansett mytane om huldra og nøkken sterkt, det er ikkje rart at fantasien luskar løpsk i dei stille skogane.

«Roa her får meg til å ville sitje i skogen og gjere ingenting, tenkje på ingenting. Finn du ikkje roa her, så er løpet køyrt», humrar Jan Petter. Han jobbar fullt i Oslo, men rekk både skogsarbeid og bygging av skogsvegar i Finnskogen på fritida. Saman leier dei arbeidet med å restaurere ei gamal, finsk røykstove. Jan Petter syner meg det firkanta trehuset frå 1700-talet. Det er høgt under taket, og treverket over hovudhøgd er svart. For å halde varmen fyrte dei på ein slik måte at røyken la seg som eit teppe oppunder taket og heldt huset varmt. Oppussinga er omfattande, på sikt skal også røykstova langt inne i skogen leigast ut.

Finnane tykte likevel dei budde supersentralt, dei hadde alt dei trong rundt seg, og fann vasskjelder på mystisk vis ved hjelp av y-kvistar og grov deretter brønnar, stort sett alltid med hell. Litt etter litt vart finnetorpa fråflytta, ein medverkande grunn skal ha vore ei dame som ifølgje soga vart teken av ulv. Mannen fann i alle fall aldri spor etter ho, det skremde både han og fleire naboar frå området. No er naturen i full gang med revansjen, buplassane blir gradvis tekne attende og forsvinn. Det tykkjer ekteparet er litt vondt å sjå på, og dette er hovudgrunnen til røykstoverestaureringa.

Overnattingsgjestar nyt også godt av piknik i gapahukar og vedfyrt sauna. Medan det sjølv vinterstid er populært å bade i innsjøen. Då skjer Jan Petter hol i den tjukke isen med motorsag. Frysepinnar som ikkje vågar seg uti, kan heller fiske etter dei sju slaga fisk: gjedde, åbor, røye, sik, aure, lake og mort.

Ein gong fekk Ingrid ei oppringing frå politiet. Kongen skulle kome på privat besøk saman med seglevener, og Finnskogstua måtte tryggleiksklarerast. Ho fekk streng beskjed om å ikkje fortelje det til nokon. Vertinna tok instruksjonen på alvor, sjølv ikkje ektemannen fekk vite noko før same dagen. Han hadde undra seg over kor

Vanlegvis er både ho og trollmannen hennar både koselege og ufarlege. Smila sit laust hos dei begge, historiene sameleis. Katten

Lillepusdiezel er ikkje den einaste firbeinte her, når det gjeld popularitet blant gjestane får han sterk konkurranse frå nokre langhåra geiter og ikkje minst den vesle grisen Nugatti, som spring rundt og nøffar nøgd rundt beina mine. Hausten 2022 kom det eit par med ein sibirsk husky for å ete lunsj. Hunden såg på grisen som ein vandrande kotelett og gjekk plutseleg til åtak med sine skarpe tenner.

«Vi klarte heldigvis å bryte inn i den einsidige dødskampen, og fekk køyrt Nugatti til veterinær. Der låg han på operasjonsbordet i tre timar og vart sydd saman att. No er han like fin, men ikkje spesielt glad i hundar, så vi har måtta innføre bandtvang», fortel Halvor Nicolai.

Heksas Kjøkken har blitt ein spesielt populær stoppestad for veteranbilgrupper og motorsykkelgjengar. Dei set pris på stor parkeringsplass, eminent mat og god stemning. Så er ekteparet fulle av energi og arrangerer ofte konsertar eller marknader her. Ein norsk

Harley Davidson-klubb var så nøgde med besøket sitt eit år at dei kom med heile det europeiske nettverket sitt året etter. Dei meinte at det var den best eigna staden til å treffast i heile Europa.

Halvor leika overalt her då han var barn, og kjenner kvar krik og krok i området. På sikt ønskjer han å vidareutvikle Heksas Kjøkken med ytterlegare overnattingsmogelegheiter og aktivitetar. Med Telemarkskanalen som næraste nabo kjem mange tilreisande, det gjeld å stoppe veg- og kanalfarande før dei passerer. Kanalen som går forbi Lunde, vart bygd på slutten av 1800-talet og vart av dei lokale skildra som verdas åttande underverk. Så vart også store delar sprengde ut frå fjellet, i praktisk ingeniørkunst i verdsklasse. På andre sida av vassvegen ligg Kaninøya. Der ønskjer Halvor å byggje glas-igloar, slik at gjestar skal kunne nyte synet av både stjernehimmel og ørnene som hekkar oppe i lia. gamle silkemenyar frå Grand Hotell. Bestefaren jobba på hotellet der det i si tid gjaldt å sjå og bli sett. På Stasjonskafeen blir bestillingane tekne gjennom den gamle billettluka, men no er disken framfor luka fylt opp med freistande kaker, bollar og sandwichar. Bak luka står ei kaffimaskin i Rolls Royce-klassen, medan fargerik matemballasje i metall fyller opp hyllene i bakkant. Ved sida av heng det ein skokk med hjulvispar.

Menyen endrar dei ofte, sjølv om dei aldri vert heilt einige om korleis han skal sjå ut. Det er likevel Ruta som har det siste ordet, det er ho som verkeleg kan det å trylle på kjøkkenet. Gjestane set tydeleg pris på hekseriet, allereie første sesongen vart dei kåra til den trivelegaste serveringsstaden i Telemark. Utvalet er sesongbasert og inneheld mykje nærskote vilt, lokalprodusert spekemat og innbydande salatar. For ikkje å snakke om den dryge og velsmakande burgaren som er blant det møraste eg har ete.

«Den superpopulære elgburgaren vår er hemmeleg, ei heks gjev sjølvsagt ikkje ut oppskriftene sine», skrattar Ruta. Men utan verken hatt på hovudet eller nokon tannlaus kjeft skremmer ho ingen med det lange, raude håret sitt.

Truleg er ho nøydd til å trene noko meir på hekseaktig framferd. Elles kjem skuldingane fort om villeiande marknadsføring.

«Det var oldefar som fann opp hjulvispen», fortel ho som om det var det mest naturlege i verda, og viser fram eit eksemplar av originalmodellen frå midten av 1800-talet. Oldefar Karl Johan Eckmann gjorde på sitt vis kjøkkentenesta veldig mykje enklare. Heilt til mixmasteren gradvis tok opp konkurransen i 1930-åra.

Stasjonskafeen er kanskje den koselegaste kafeen eg har vore på, med tog som stoppar like utanfor fleire gonger i timen. Han skil seg ut på andre måtar også. Som det einaste servicetilbodet i bygda fyller Kaja uvanlege funksjonar, her kan kundane også kjøpe ferske blomebukettar, gratulasjonskort og heimestrikka vottar. Ja, til og med urter, grønsaker eller ein liter mjølk.

«Med seks kilometer til næraste butikk er det ikkje uvanleg at folk kjem innom og spør meg om salatblad eller kaffibønner. Då prøver eg alltid å hjelpe, eg veit kor stressande det kan vere å måtte ta den ekstraturen til Ski med kjas, mas og skrikande ungar. Men eg tek berre inn ting eg likar sjølv, eg er veldig selektiv», smiler ho. Og ønskjer to damer velkomne, med førenamn. Dei bestiller kvar sin kaffi og sandwich med roastbiff. Det er bestseljaren, saman med stasjonsbollane som det har gått 20 000 av på knappe to år. Dei fleste kundane er sambygdingar, men enkelte gjengangarar tek turen heilt frå Oslo og Mysen. I tillegg er det kvar veke eit par frå Rakkestad som stoppar i Kråkstad for kaffi og noko søtt. Så jobbar dei ein knapp time på kvar sin berbar PC før dei reiser vidare til kontoret i Oslo. Sommarstid sit dei gjerne ute på ein av ventebenkane som har eigne bord.

Snart opnar ein søsterkafé i stasjonsbygget i Spydeberg, og på sikt planlegg Kaja og hennar tre tilsette utvida opningstider på utvalde dagar. Dei må berre få toalettfasilitetane på plass først. For utan WC ikkje noko skjenkeløyve.

«Enkelte dagar skal det vere mogeleg å ta seg eit beger øl eller eit glas vin her. Og bobler til damene, sjølvsagt. Men det blir aldri nokon pub, altså», slår ho fast.

Heilt sikkert smart. Det vert dårleg PR om ustøe gjestar vert knalla ned av toget. Forretningsregelen «drep aldri ein kunde» gjeld her òg.

This article is from: