
2 minute read
Kva skal vi ete på tur?
MAT PÅ PATRULJETUR
TEKST: AMALIE DALHAUG HALLELAND
Kva skal vi ete på tur?
Det er mange ting å ta omsyn til når ein skal planleggje mat på tur. Kor mykje veg det, tek det lang tid å lage, er det nok energi i maten og viktigast, smakar han godt?
Mål: F4
Kor lang turen er, er også vesentleg. Skal de gå veldig kort, og det er ein varm dag, kan de godt bere med dykk ein heil vassmelon! På lengre turar og i kaldare vêr er det lurt å tenkje meir på vekt, type mat og næringsinnhald.
Eit godt tips er å velje mat som inneheld lite vatn. Det kan óg vere turka matvarer som ferdiggryter. Skal de på tur der det er fare for minusgradar, er dette ekstra viktig, vassmelonen blir nemleg til ein knallhard kanonkule når temperaturen kryp godt under null.
Ikkje ta med dykk meir mat enn de treng. Oppbevar maten i solide, tette boksar. Om de har mat igjen etter turen, ikkje kast han, men putt han i kjøleskapet.
UNNGÅ BRØDMOS! Det finst fleire moglegheiter for å berekne kor mykje mat akkurat din patrulje treng til ein helgetur. Hugs at du brukar mykje meir energi når du ber tung sekk og må halde deg varm ute, så planlegg for å ete meir enn du gjer på ein vanleg skuledag. Å lese på emballasjen kor mykje ein treng per porsjon er ein god start. I tillegg må kvar enkelt tenkje ut kor mykje dei et til frukost og lunsj. Ta gjerne med brød, men smør ferdig matpakker på førehand. Då slepp de å bere for mykje pålegg og de unngår å kaste masse most brød når de kjem heim.
PRØV NOKO NYTT Det finst mange gode og enkle rettar å lage på tur, så tor å prøve nye ingrediensar og oppskrifter! For sjølv om ferdiggryter er ei lett løysing, kan det bli kjedeleg i lengda. Nøkkelen ligg i førebuingane: Smøre skiver, steike kjøttdeig på førehand eller kutte grønsaker. Ei heimelaga «torogryte» kan bli ein super middag og eit gøy førebuingsmøte. Då turkar de maten sjølv i steikeomnen. Sett omnen på 50 gradar varmluft og omnsdøra på gløtt. Det tar lang tid, så ver tolmodig! I SPEIDEREN nr. 2/2019 finn du ei sak med gode tips om turking av mat (sjå issuu. com/speiderforbund).
Havregryn er óg perfekt turmat. Det blir ein super grautfrukost om de puttar oppi litt tørrmjølk, rosiner og kanskje nøtter. Et med syltetøy eller kanel og sukker. Til graut reknar ein ca. 75–100 gram havregryn per porsjon turfrukost. God appetitt og god tur!

Når det er kaldt treng vi mykje energi for å halde varmen på tur. Det er om å gjere å ete godt.
UNNGÅ TOMGANG PÅ TUR Putt turka frukt, sjokolade, marsipan, nøtter, kjeks eller anna kaloririk snacks i jakkelomma (proteinbarar er dyre og ikkje betre enn desse forslaga). Då har du til kjapt påfyll viss du blir svolten mellom måltida. Det er bra for både energinivået og humøret! De kan og lage gode turkaker på eit patruljemøte før turen. Det finst oppskrifter på til dømes havrebomber, loganbrød og bjørnekaker på nett.