BLI EKSPERT
TEKST: AMALIE HALLELAND І FOTO: SIGURD TOVEN GAUTUN І ILLUSTRASJON: ANNE MARIT GAUP
Mål: S-13
Åtte årstider på eit år Sommar, haust, vinter og vår er ikkje den einaste måten å dele inn året på. I samisk kultur har ein eit anna årshjul, med åtte årstider ! Frå gamalt av blei samane kalla «dei åtte årstiders folk» fordi dei levde eit nomadeliv, der dei følgde reinen på vandring gjennom dei åtte årstidene. Reinen beiter ute heile året og vandrer mellom ulike beiteområde, frå fjell til kyst, for alltid å finne den beste maten. Lav, lyng og kvist er vanleg vintermat, gras, urter og sopp er sommar- og haustmat. Årstidene har namn etter kva som skjer i reindrifta, til dømes er vi no inne i čakča, det betyr haust og paringstid. I oktober–november vandrer reinen til haustbeitet, og her parar den seg. Etter čakča kjem čakčadadálvi, som
20 | SPEIDEREN #4.2022
betyr haustvinter og slaktetid. Slik går ein gjennom året og knyter saman endringane i naturen og reindrifta. REINDRIFT Reindrifta er bygd på tradisjon og på at kunnskapen blir ført vidare frå foreldre til born hos samane. Borna deltek i reindrifta frå dei er små. Allereie då får dei sine eigne rein. Reinsdyra vandrar opptil 600 km kvart einaste år, langsmed urgamle vandreruter mellom årstidsbeita. Om sommaren held dei til ved kysten, medan på hausten, haustvinteren, vinteren
og vårvinteren trekker dei lengre inn på vidda. Dette skjer ikkje berre i Troms og Finnmark, men òg langt sør i landet. I dag er det ikkje like mange samar som før som flytter med reinsdyra sine, men heile 40 % av Noregs landareal nyttast til samisk reindrift, og 140 av 356 kommunar har reindrift! Er de heldige, er det reindrift der de bor. Finn næraste siida (reindriftsfamilie) og spør om dei treng hjelp, og om de kan kome for å hjelpe og lære.
Sirkelen reinen sp ring rundt og rund t i når samane skal skilje flokkar, merke re in eller ta ut dyr for slakt, he iter kverna. Kvar flokk spring i si eiga retning, an ten med eller mot klokka. Ein kan prøve å sn u dei, men flokken vil vende tilbake til si naturle ge retning.