Program Ørsta SV 2015–19

Page 1

TA KAMPEN FOR EIT VARMT SAMFUNN

Vallista for Ørsta SV ved kommunevalet 2015

Gode grunnar til å stemme Ørsta SV: ◆ Vi vil at klima- og miljøperspektivet skal vere styrande for all kommunal verksemd ◆ Vi vil arbeide for tiltak for å ta vare på matjorda ◆ Vi vil hindre konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester innan omsorg, barnehage og skule ◆ Vi vil at born og unge skal ha ein trygg skuleveg ◆ Vi vil arbeide for rimelege tomter i alle delar av kommunen og ei vidareføring av etableringstilskotet til unge ◆ Vi vil ha auka busetjing av flyktningar i kommunen

1. 2.

Marit Aklestad Kjell Vigleik Aasen

1983 1959

Sæbø Hovdebygda

3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23.

Aslaug Marit Øyehaug Magnar Hjertenæs Stina Aasen Lødemel Nils Steinar Trovåg Vidar Roald Per Harald Andreassen Olaug Marie Trovåg Sølvi Karin Moe Inger Bente Sæten Eli Torbjørg Kjøde Vegard Hansen Ingelin Turbekkmo-Øye Bente Westre Tore Krøvel Dahl Lisbet Sæter Ingebjørg Røyrhus Øyehaug Jan Åge Øyen Aase-Mari Romestrand Kirsti Skauge Hansejordet Audhild Baarholm Øye Jan Magne Dahle

1964 1962 1978 1936 1962 1945 1940 1969 1958 1945 1989 1990 1951 1982 1951 1950 1990 1990 1943 1959 1945

Ørsta Ørsta Hovdebygda Ørsta Ørsta Ørsta Ørsta Ørsta Ørsta Ørsta Åmdal Ørsta Ørsta Ørsta Ørsta Ørsta Ørsta Hovdebygda Ørsta Ørsta Ørsta

◆ Vi vil seie nei til søndagsopne butikkar ◆ Respektere resultatet av folkeavrøysting om kommunesamanslåing

Meld deg inn i SV! Send SMS med «innmelding» til 2090

Sosialistisk Venstreparti Hagegata 22, 0653 Oslo sv.no

Det handlar om Ørsta Valprogram 2015–19 Ørsta SV


Miljøkommunen Ørsta: grøne løysingar

Vi tek kampen for eit varmt samfunn, for framtida og for likeverd! Eit samfunn der menneske løyser problem i fellesskap er mogleg. Klasseskilje kan erstattast av rettferdig fordeling og meir demokrati. Diskriminering og undertrykking kan erstattast med fridom for alle. Klimaendringane er menneskeskapte, og kan stoppast av oss menneske. Det er mogleg å skape eit samfunn der menneske og miljø går føre profitt. Ørsta SV vil arbeide for eit kommunalt tenestetilbod i Ørsta med rammer til å møte innbyggjarane etter behov. Alle skal ha tilgang til velferdstenester – utdanning, helsebehandling og omsorgstilbod – uavhengig av inntekt. Vi ønskjer eit samfunn som er trygt, og som gir alle gode utgangspunkt for å skape seg gode liv. Ørsta SV vil ha eit samfunn som gir den enkelte fridom innanfor rammene til fellesskapet, og er bygd på rettferd, fellesskap og solidaritet. Politikk handlar om å ta val og å velje verdiar, om å velje miljøet framfor uhemma vekst, om å velje velferd og fellesskap i staden for privatisering, om å velje solidaritet og demokrati framfor pengemakt. Ein god kommune tek hand om borna på skulane og dei eldre på sjukeheimane på ein verdig måte. Kommunen stiller miljøkrav og støttar kulturlivet, og støttar og fremjar næringslivet og verdiskapinga i lokalsamfunnet. Ein god kommune byggjer på eit rettferdig skattesystem, som sikrar trygge velferdstilbod til innbyggjarane og gode arbeidsvilkår for dei tilsette innanfor dei ulike områda som kommunen har ansvar for. Ein god kommune legg til rette for folkestyre, oversikt og medråderett.

Ørsta SV ønskjer at kommunen skal vere ein føregangskommune og pådrivar når det gjeld miljø- og naturvern. Kommunen må leggje til rette for at innbyggjarar og næringsliv på enkle måtar kan vere med å minske utsleppa og bidra til ei berekraftig utvikling. SV vil arbeide for ◆ at klima- og miljøperspektivet skal vere styrande for all kommunal verksemd ◆ at kommunen aktivt følgjer opp den vedtekne klima- og energiplanen, og legg til rette for grøn omstilling i næringslivet ◆ vern av dyrkajord, kulturlandskap og biologisk mangfald, og sikre retten til fri ferdsel ◆ fleire gang- og sykkelvegar ◆ at det vert tenkt framtidsretta og transportøkonomisk når nye område skal byggjast ut ◆ å styrke kollektivtilbodet i bygdene og bustadområde i sentrum ◆ at fleirtalet av tenestebilane i kommunen skal vere elbilar, og at kommunale arbeidsplassar får ladestasjonar

Velferdskommunen Ørsta: fordeling, likeverd og folkestyre

Kva er viktigare enn å gi omsorg og god pleie til dei som treng det mest, og gi dei som jobbar med desse oppgåvene eit løft? Ein god arbeidsplass er ein arbeidsplass der dei som ønskjer det får heile stillingar og har tid nok til å gjere ein god jobb.

SV vil arbeide for ◆ at førebygging skal ha ein sentral plass i alt helse- og omsorgsarbeid ◆ å styrke personalressursane i helse og omsorgstenestene, styrke tilbodet ved helsestasjonen og etablere fleire sjukeheimsplassar når folk treng det. ◆ å styrke tilbodet for dei med rusproblem og psykiske lidingar ◆ å hindre konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester innan omsorg, barnehage og skule ◆ meir likestilling i lokalpolitikk og forvaltning

Oppvekstkommunen Ørsta:

ulike menneske – like sjansar Ørsta SV vil arbeide for at Ørsta kommune skal vere ein god oppvekstkommune for born og unge. SV ønskjer ei sterk satsing på tverrfagleg samarbeid og nært samarbeid mellom offentleg og frivillig innsats. Førebygging og tidlege tiltak er viktig for å sikre alle ein trygg barndom. Inkludering og sosial utjamning er viktige føresetnader. SV vil arbeide for ◆ at det vert tilsett nok kvalifisert personale i barnehage og skule ◆ Rimelege barnehageplassar (med to årlege inntak), fagleg styrking av SFO-tilbodet og tilbodet om leksehjelp, og symjeopplæring i tråd med læreplanen i skulen ◆ sikre god drift av Kaihuset, kulturskulen og folke- og skulebiblioteka ◆ å ha eit høgt tal på lærlingplassar i kommunal regi og påverke næringslivet til å gjere det same ◆ at born og unge skal ha ein trygg skuleveg

Bu- og næringskommunen Ørsta:

Kultur- og mangfaldskomunnen Ørsta:

Ørsta SV vil arbeide for å auke busetting og bulyst i heile kommunen, og støtte tiltak som har som mål å fremje næringsutviklinga i kommunen.

SV ønskjer eit ope og inkluderande samfunn, med vekt på likeverd og toleranse. Eit lokalsamfunn utan mangfald er eit fattig samfunn. Eit rikt kulturliv fremjar fellesskap, identitet og inkludering.

bulyst og trivsel for alle

SV vil arbeide for ◆ å stimulere ei utvikling til eit meir levande sentrum ◆ at kommunen legg til rette slik at næringslivet og kulturnæringar kan skape nye arbeidsplassar ◆ rimelege tomter i alle delar av kommunen og ei vidareføring av etableringstilskotet til unge ◆ levande bygdemiljø der ein legg til rette for lokal matproduksjon og opnar for nytenking i landbruks- og reiselivsnæringane ◆ å leggje til rette for friluftsliv og fysisk aktivitet for alle

fellesskap for framtida

SV vil arbeide for ◆ at kommunen styrkjer kultur-, lag- og organisasjonslivet i Ørsta ◆ auka busetjing av flyktningar i kommunen ◆ meir midlar til opprusting og utviding av Ørsta kulturhus ◆ å oppretthalde og utvikle tilbodet ved kulturskulen, der borna kan delta uavhengig av foreldreinntekt ◆ at alle skal ha dei same rettane og moglegheitene uavhengig av bakgrunn, og vil kjempe mot alle former for diskriminering

Felles kampsaker for Ørsta og Volda SV: Vi vil

◆ sikre Volda sjukehus og Mork rehabiliteringssenter ◆ få fortgang i gjennomføringa av Voldatunnelen ◆ få fortgang i arbeidet med bru over Ørstafjorden ◆ arbeide for fullføring av gang- og sykkelvegen mellom Ørsta og Volda ◆ arbeide for å betre kollektivtilbodet i regionen vår ◆ arbeide for at staten framleis gir tilskot til drift av ruteflygingane til og frå Ørsta-Volda lufthamn ◆ seie nei til søndagsopne butikkar


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.