RICA_prosjekt

Page 1

Thomas Adriaan Morel Thomas Morel Photography Nygårdsgaten 2A, Bergen Org. Nr.: 990.187.797 MVA +47 95144338 tm@thomasmorelphotography.com

Møtereferat og utfylling av idéskisser Møte hovudkontor Slependen 10 September 2013.

Prosjekt: Utsmykking - Rica Ørnen Bergen - Rica Havet Bodø

Indeks: Rica Havet____________________________________________________

210

-Golvtapet.___________________________________________ 2 gjennomføring_______________________________________ 2 - Stående abstrakt kunstmotiv, lobbyen.__________________ 2 gjennomføring ______________________________________ 6 - Heissjakten.______________________________________ 6 gjennomføring_______________________________________

1


6 idéskisse_______________________________________ 7 - Konferansesalene._____________________________________ 8 gjennomføring_____________________________________ 8 - Namn- og Rom-skilt._____________________________ 8 - Sengegavlen._________________________________________ 9 gjennomføring______________________________________ 10 Rica Ørnen_____________________________________________________

1120

- Golvtapet.____________________________________________ 11 gjennomføring_________________________________________ 11 - Videosekvens, lobbyen.________________________________ 11 gjennomføring_________________________________________ 12 - Konferansesalene.______________________________________ 12 idéskisse__________________________________________ 13 gjennomføring_______________________________________ 14 - Namn- og Rom-skilt._____________________________________ 15 - Sengegavlen.__________________________________________

2


15 Hei Jan Erik!

gjennomføring________________________________________ 17

Takk igjen for eit hyggjeleg møte, eg føler eg har ein god del å komme med etter det me har snakka om. No har eg summert opp litt av det me snakka om på møtet, og skrevet ned ein del forslag. Eg tek først føre hotellet ”Havet” i Bodø. - Dette skal vera ferdig i slutten av Januar. - Lyst/abstrakt/havmotiv. Golvtapet. Her nemnde du noko om at interiørarkitekten ville ha gulvtapet med fiskemotiv. Eg har på laurdag vært på eit effektivt møte med Akvariet, og funnet blant anna ut av at dei har karpefisk i akvariet sitt. Kunne dette ha vært eit aktuelt motiv? Karpebassenget er kun ca 4x3 meter stort, so eg må i so fall ta mange bilde og sette det sammen til å kunne dekke eit stort areal. Her tenke eg i so fall å ta bilde oppifrå sjølvsagt, slik at man får ei skikkeleg fin opplevelse når man går over det. Har du ei nokonlunde antydning på kor mange kvadratmeter dette skal dekke? Gjennomføring: Dette er ein fotografering eg kan gjennomføre ganske fortløpende, og det kan vera ein del av ein 4-5 dagars fotografering på akvariet. (Forklara seinare at mange av detaljer og motivene kan fotograferast i samarbeid med Akvariet.)

3


(Eg hadde med meg telefonen på møtet, og tok nokre kjappe bilde for å vise. Du kjønner sjølvsagt at dette ligg langt frå sluttproduktet kvalitetsmessigt.)

I tillegg hadde det gått an å bygge eit stilas over sild-akvariet, slik at kanskje dette kan vera eit interessant motiv til golvtapet? Eller det kan til og med vera eit og samme motiv, sida silden går i steam som går i ring, kan eg sette desse to motivene ilag med havbotn imellom. Me kan ha det i bakhodet når me teke motivene, og la interiørarkitekten bestemme kva som blir sjåandes best ut.

Stående abstrakt motiv, Lobbyen. Du sa noko om, og viste eit eksempel av eit blått, abstrakt motiv i lobbyen. Her er det ekstremt mange forskjellige mulegheiter, eg skal dra fram eit par. Som eg sendte deg på fredag kan eg tenkja meg det hadde passet fint med luftbobler under vann. Eg har på torsdag ligget heile dagen i ei utruleg vakker elv i Balestrand i Sogn. Her har eg teke nokre testbilde av dei små luftboblene som oppstår under ei foss. Dette er noko som man alltid berre ser oppifrå, men alder frå under vatn. Det var ei vakker erfaring for meg å ligge i ei slik kvulp, og det kan eg tenkja meg er fint å dele med dei besøkande til hotellet. Dette er relativt små bobler, men i detalj, på stort format kan dette bli noko man kan stirre på i all evigheit å likavel sjå nye detaljer. Som eg òg viste deg kan det gjerast alt muleg med fargene til bildet.

4


Om man ønsker større bobler nemnde eg under møtet at eg kan ta ein tur til Aquarama i Kristiansand der dei ha eit stort bobleanlegg. Her kan eg ta ein undervannsfotografering, og her vil resultatet bli litt meir som bildet under. Meir detaljer i kvar boble, men færre bobler. Her tenkte eg det hadde vært veldig spennende å leike med refleksen i boblene. Eg kan prøve å vise ei refleks av for eksempel ei havfru i boblene? Dette blir ei stor utfordring, men me kan prøve det. Dette er eit bilde som eg tok i oppdrag for Lustrabadet. Det er eit pittelite detalj, men du ser at det er mange detalj å finne endå. Difor trur eg at det går an å få til ei refleks i dei store boblene, om du ser nøye etter ser du faktisk refleksen av dei små boblene i den store som pilen peker på.

Motivene som me tar med dette formålet vil òg kunne brukast i romma i sengegavlen. Her under ser du eit motiv som eg tok no på onsdag i oppdrag for Sogndal Lodge.

5


Dette legger eg ved fordi det viser litt at slike detalj blir enda meir framheva når du ser konteksten rundt det. Ikkje akkurat ei padlar i hotellets tilfelle sjølvsagt, men eg tenker meir på bunnen og steinane rundt. Man kan ha dette i bakhodet i hvert fall.

Eit anna motiv kan vera blå fliser sett gjennom vannoverflaten. Som du ser i dette eksempelet blir formene fullstendig forvrengt, og det blir spennende og rolig å sjå på.

I tillegg kan man legge litt røyk på vannoverflaten, slik at man skjønner endå mindre av kva man eigentleg ser på. 6


Du nemnde òg at du likte ideen om skjerf uten noko så gitt som eit menneske under vatn. Dette er motiv som kan gjerast ganske mykje forskjellig med, og dette kan tas relativt enkelt om eg har eit badebasseng tilgjengeleg. Eg ha allereie kontakta Lustrabadet, og dei stiller gledelig til rådighet om det er aktuelt.

Sildsteam: På akvariet i Bergen har dei eit basseng med ei nokso stor sildsteam. Her kan eg ta undervanns-bilde med studioblits for å få til eit detaljert og kunstnerisk bilde av sildene. Dette motiver kan eventuelt òg brukast som eit av detaljene i heissjakten som eg forklarar seinare. Dette er igjen eit telefonbilde som eg tok etter stengetid av sildbassenget. Med ordentleg studiolyssetting kan dette bli eit veldig fint bilde.

No tenker eg berre høgt, men eg fekk plutseleg eit innfall om at akkurat dette

7


motivet hadde vært veldig artig å leikt med i forhold til komposisjon. Litt vanskeleg å forklare, men sei at du har eit vertikalt bilde på veggen, og so har 4-5 utstikk til siden som gjer at bildet ikkje har den vanlege rektangulære formen lenger. Desse delene henger òg 1-2 cm lenger ut frå veggen enn hovudmotivet. Bildet nedom viser litt kva eg tenker på.

Det kan varierast til det uendelege på dette, men det gir eit bilde av kva eg tenkte på.

Gjennomføring: Avhengig av korleis motiv me går for, so kan dette òg gjennomførast fortløpande. Både Lustrabadet og Aquarama er tilgjengeleg om eg sier ifrå ei lita stund i forkant. Eg har i dag (14 Sept.) hatt møte med Akvariet i Bergen, og i løpet av neste veke kan me ta bildene av silde-steamen. Dette blir undervannsfotografering sida resultatet blir best om eg er i bassenget med fiskene. Dette er allereie avklart med Akvariet. Eg har òg eit rimeleg stort bildebibliotek frå før som me kan velgja motiv ut frå.

Heissjakten. Når du nemnde dette for meg under møtet merka eg med ein gang at hadde

8


vært eit veldig spennende prosjekt. Tanken, slik eg forsto det, var at man går frå havbunnen i underetasjene til havoverflaten og landskapet rundt i toppetasjene. Det kan varierast mykje i forhold til motiv mellom bunn og topp, og det kan eventuelt bakast inn i konseptet til hotellet i forhold til at det er noko gjenkjenneleg på kvar etasje som man kan referere til til gjestene. ”Du sover der skipvraket ligger”, eller ”der nisene hopper”. ”Ta heisen opp til fiskemannen, so finner du restauranten.” Dette er eit svært omfattande prosjekt som stiller store krav til planleggjing i forhold til korleis motivene skal fotograferast. Eg skal ta kontakt med havforskningsinstituttet og få fastsatt korleis fisk eller liv som er vanleg på dei forskjellige dybdene. Sida heissjakten er 60 meter høg blir det naturleg å gå ”60 meter under vannoverflaten”. Eg synes dette er eit svært spennende prosjekt, og vil difor tilby å jobbe med dette uten særlig kompensasjon. Om eg får byggetekningen på heissjakten kan eg begynne å planleggja kor dei forskjellige motivene skal vera i forhold til etasjene. Det hadde òg vært veldig kult å tatt opp undervannslyder som heile tida er hørbare når man står i heisen. Dette kan eg ta opp samtidig som eg teke undervannsbildene. På neste siden finner ei skisse av korleis eg tenkjar. Gjennomføring: Dette er som sagt eit omfattende prosjekt. eg må ha enkeltbilde av alle detaljene som skal i sluttmotivet, og eg gjetter at det blir circa 8 individuelle fotograferingar. Mange av dei kan tas på akvariet i Bergen, 2 fotograferingar av fjordbunn og undervanns-landskap som eg kan ta i Sognefjorden, og overvannsbildene i toppen kan eg ta når eg uansett er i Bodø for å fotografere motivene til konferansesalene. Alt dette skal eg kunne ha gjennomført før Desember månad, og eg kan evt ta undervannsmotivene i fjorden i løpet av Desember siden vannet i fjorden då er klarast muleg og det er best mulig sikt. Om det eventuelt er motiv som eg ikkje får tatt på Akvariet i Bergen kan eg ta det på Dolfinariet i Nederland når eg uansett skal fotografere nisene og

9


selene der første veka av November.

10


Konferansesalene. Du nemnde at dei forskjellige konferansesalene har fått tema som refererer til severdigheter i Bodø’s område. Eg har ikkje blitt fortalt akkurat kva dette går ut på, men fekk med meg at det er grotter og andre fine formasjonar i landskapet. Her vil eg tru at det hadde vært veldig fint med motiv som viser desse severdigheter på ein svært detaljrik, varm og spektakulær måte. Dette kan gjerast enten ved å ta subjektive bilde av plassane, eller man kan kombinere dette med personar som gjere noko spektakulært i landskapet. Sida eg veit so lite om dette kan me gjerne diskutere det nærmare.

Her ser du eit motiv eg ha tatt tidlegare for Lustrabadet, som ville vise Gaupne (turistattraksjonen i nærheten) på ein spektakulær måte ved bruk av lokale dansare.

Og under eit motiv tatt for Maui Theatre på Hawaii, kjapt satt inn i ei solnedgang frå Hawaii for å gi eit inntrykk.

Gjennomføring: 11


For å ta desse bildene må eg so klart reise til Bodø eit par daga og reise til dei forskjellige severdigheiter som skal fotograferast. Dette må planleggjast nærmere når det blir lagt fram fleire detaljer. Eg skal ha tid til dette siste del av November/første del av Desember.

Namn/Romsklit. Til Ørnen hotell i Bergen kom du med forslag om å lage skiltingen til rommene og salene med motivene som blir tatt under fotograferingane. I Bergen er det fugler som peker i ønsket retning, evt. holdar romnummer/namn i klørne. Til Havet kan det jo like gjerne vera fisk som ”peker” i ønsket retning. Eg tenker då på 5-6 forskjellige fisk som blir fotografert når dei spreller over vannet. Slik kan skilta bli skjært ut med nokre vanndråper, og romnummerene rett under eller att med fiskene. Eg har funnet ein hai og ein laks på internett og laga det til i photoshop for å gi eit inntrykk. Dette viser veldig dårleg korleis det blir, men du ser tanken. Du greier sjølv å tenke deg fram til korleis sluttresultatet vil bli.

12


(Eg må innrømma at dette ser ganske yalla ut, men som sagt, det er tanken som gjelder.)

Motivene til sengegaveln. 5-10 forskjellige motiv. Eg forsto det slik etter møtet at me allereie har komt i mål med desse motivene. Etter grundig e-postkorrespondanse tidlegare har me komt fram til ein del motiv som passer til sengegavlane. I tillegg kan me sjå når resten av motivene beskrevet ovenfor er tatt om noen av dei kan brukast. I November skal eg ned til Nederland igjen for å ta bilde av nisene, selene og delfinene i fullt hopp. Dette òg kan bli spennande motiv til sengegavlane. Eg fekk med ein gang med meg at eit par av undervannsmotiva som eg har tatt tidlegare var ønskeleg.

Om det ønskes fleire slike motiv kan eg relativt enkelt bygge på dette konseptet og ta fleire slike motiv. I so fall må eg betale litt i honorar til danserene/modellene, men dette er ganske små summer. Det kan eventuelt tas fortløpende i Lustrabadet i løpet av September. Eg har òg andre motiv frå

13


samme fotografering som ikkje er blitt behandla enda, men som eventuelt kan passe inn. Her under ser du litt forskjellige av desse motivene. Desse kan presenterast meir grundig om det er interesse for det.

Gjennomføring: Som sagt er ein del av motivane allereie gjennomført, og ein del er plukka ut av eksisterende motiv. Desse kan settes i produksjon og fakturerast fortløpende. Om det er interesse i fleire motiv kan det som sagt diskuterast, enten det er eksisterende motiv eller ein ny fotografering som skal gjennomførast med eit visst tema.

14


So tek eg føre meg hotellet ”Ørnen” i Bergen. - Dette skal vera ferdig i slutten av November. - Mørk / dramatiske motiv med relevans til Ørn. - Delikat tema pga tidlegare bruk av Ørn i Nazi-tyskland, framheving av detalj i fuglens eleganse/ikkje aggressive motiv. Golvtapet. Som nemnd tidlegare kunne det ha vært interessant med eit tett samarbeid med interiørarkitekten om visse detaljer i hotellet. Me har ikkje snakka om eit eventuelt golvtapet-motiv i Ørnen hotellet, men eg har begynt å tenke meg fram til at dette kunne ha vært utruleg interessant å hatt med dette temaet òg. Om du spør folk om viss dei trur på reinkarnasjon, og spør kva dei ville vært i det neste liv, so vil du oftast få høyra; Ørn. Eg kan tenkja meg at litt av grunnen til det er den følelsen av ubegrensa friheit når man svever over jorda. Slik kom eg til å tenkja på å ta nokre motiv av ørnen ”Jack” som eg allereie har tatt bilde av i Nederland, men denne gangen opi frå. Slik kan eg seinare sette inn dette motivet inn i eit luftbilde tatt av Bergensområdet. Slik blir størsteparten av motivet eit detaljert luftbilde av Bergen, med ein, to eller 3 majestuøse ørn som ser ned på Bergen. For det første vil dette vera eit supert motiv for turistene, for man kan faktisk henvise seg til golvet for å sjå kor dei er -, og kor dei skal. Gjennomføring: Ørnen opi frå kan fotograferast samtidig som eg skal produsere videosekvensen som eg skal beskrive i neste avsnitt. Det er altso ikkje noko ekstra kostnad forbundet med dette. Men for å skaffe gode, detaljerte luftbilde av Bergen bør me opp i helikopter/fly for å ta bildene med dette formålet. Det betyr at me må ta kontakt med eit helikopterselskap om å fly i 3-4 timer over Bergensområdet. Om me koordinerar dette på forhand slik at me veit akkurat kva me skal ta bilde av kan me sikkert få flytida ned til 1 time. Det blir òg ein

15


utfordring å finne ein dag med klart vær, med litt skyer for kontrasten. Særleg sida det er Bergen me snakka om.. Men dette skal me kunne greie heilt fint, og dette skal kunne vera gjennomførbart i løpet av September.

Videosekvens, lobbyen. Under møtet kom det fram at det ønskes ein gjennomgåande videosekvens av Ørn, fjær og andre detaljar. Denne skal gå uendeleg i hotellets lobby på eit ståande (portrettorientert) lerret, og skal vise detaljane i høg hastigheit. Altso filmet på ein måte du ikkje greier å sjå med dine eigne auge. Dette er akkurat det eg er spesialisert på, sjølv om eg ikkje enda har begynt aktivt med filmproduksjon. Likevel har eg lenge planlagd å starte opp video virksomheit basert på slik type høghastigheitsfilming, har har etter møte med Vision Research i Oslo i 2011 avtalt eit eventuelt samarbeid når eg hadde eit konkret prosjekt føre meg. Vision Research disponerer kamera som filmar på opp til 100.000 bilder i sekundet, der vanlege kamera filmer i 24 bilder i sekundet. Samtidig er det kompatibilitet til dobbel HD opptak, altso utruleg høg kvalitet. Desse kamera er svært kostbare (over 2 mill i kjøpspris) men på grunn av deiras interesse i mitt visuelle arbeid er dei med på å leige ut kameraet til begrensa bruk i ei lita periode. Denne filmen kan altso vera det prosjektet som dei kan vera med på. Nok om det praktiske. Med tanke på målet til filmsnutten må det helst vera noko roleg, og kan nesten vera stillbilde med litt beveglegheit i. Slik hadde 2-3 filmklipp av ein ørn som flyr forbi kameraet, filmet i 1300 bilder i sekundet vært so å sei stillestående og svært detaljert. Med tanke på at filmen skal gå i ”loop” må bakgrunnen vera nøytral, helst svart. Slik kan eg sette inn fleire klipp av vanndråper, fjær som detter, ørnen som flyr forbi og evt andre detaljer relativt enkelt i eit klipp som går sømlaust i ”loop”. Gjennomføring: Neste gang eg er i Nederland for å ta bildene av nisene og selene til Havet, kan eg i samtidig planleggja ein videografering av ørnen med falkeriet i

16


Rijssen som eg tidlegare har teke bilde med for hotellet. Eg har kontakter med ein som kan hjelpe meg med etterbehandlinga av bildene, og eg må få på plass filmlys som Broncolor i Sveits kan hjelpe meg med. Det er godt å ha so gode kontaktar! Videoen må tas i Nederland sida det er ingen i Noreg som har trente ørn, og for å spare på tid og ressursar er det mest muleg effektiv å ta det med dei som eg allereie har jobba med. Forhåpentlegvis kan me planleggja videograferingen slik at me kan ta alle klips i løpet av eit par daga. Då tenkja eg særleg på eit shot av fjær, og eit shot av vatn i tillegg til ørnene, slik at me kan sette sammen ein video på til sammen ca 5-6 minutt. Når denne då blir loopa vil man kunne sjå på den lenge og ofte uten å legge merke til at den går om og om. Eg skal ta bildene av Dolfinariet i Harderwijk i begynnelsen av November, so dette kan eventuelt tas samtidig om me teke eit par ekstra dagar til rådigheit.

Konferansesalene. Etter møtet fekk eg vidaresendt ein e-post om temaene i dei forskjellige konferansesalene på hotellet. Eg forsto det slik at konferansesalene har fått vær-tema grunna at det ligg i Bergen. Eit logisk valg. Motiv i desse møterommene må altso ikkje ha noko å gjera med ørn, men heller med desse temaene: - Storm (2 møterom) - Kuling (2 møterom) - Bris (3 møterom) - Yr (2 møterom) - Dis (3 møterom) - Sol (4 møterom) Det kan vera fleire motiv per rom, og her har skissert litt idear med tanke på desse temaene. Det er relativt utfordrande å ta bilde i forhold til desse temaene sida det involverar ein god del regn og helst i tillegg til landskap.

17


Eg er fullstendig åpen for innspel frå dikka i forhold til korleis dette bør tolkes. Desse temaene er ganske så åpne, so man kan tolke dette på veldig mange måter. Eg kan tenkja meg motivene ikkje bør vera alt for ”gitt”, men heller gi eit ”abstrakt” inntrykk som individuelt kan tolkast på forskjellige måter innenfor temaet. Eg har likevel myldra litt på kva som kan vera interessant på neste side: Idéskisse:

- Storm:

Dette kan vera bilde med svært mykje energi. Storm blir tenkt på som noko negativt, men i forhold til bildane må me fokusere på det positive. Det å trosse vinden med like mykje energi som stormen står for kan difor vera eit aktuelt motiv. Eg tenker då på bilde som utrykker enormt mykje energi, med ei rettningsorientert bevegelse ”mot stormen”. - Kuling: Når det er kuling kan man enda finne på ting ute, og eg tenker då på fjellet. For utenlandske besøkende kan det i utgangs-punktet vera interessant

18


å sjå eit bilde av typisk Norsk turliv, og då med energi som gjenspeglar kulings-nivået, enten det er liten, stiv eller sterk kuling.

- Bris: Bris gjer at støv, og små papir begynner å røre på seg. Flagg begynner å stå i spenn. Likavel er det ei rimeleg lett form for vind, og man har ikkje problem med å trosse den. Difor tenkte eg det kunne vera aktuelt å tolke dette med bilde av dansere og skjerf, fotografert på ein elegant måte.

- Yr: Når eg tenkjar på yr tenkjar eg først og fremst på Bergen 100 dagar i året. Yr er noko du ikkje nødvendigvis ser so tydeleg, men som gjere at man blir søkkvåt likavel.

Med andre ord innebærer yr store mengder vatn på ein diffus måte. Slik kom eg til å

19


tenkja på ein ”eksplosjon” av vatn rundt eit menneske, noko liknande som bildet til høgre.

- Dis:

Når eg tenkjar på dis tenkjar eg først og fremst på eit trolsk landskap i ein skog med masse moser, og sola som skinner nett so vidt gjennom. Akkurat det kan vera heile konseptet med eit svært stemningsfullt motiv til disse 3 møterommene. Eventuelt kan bildet gjerast meir intrigerande ved å fotografere ei person i eit elegant svev midt i landskapet for å vidareføre temaet i resten av hotellet. - Sol: Sol. Kilden til energi og kos, lys og varme. Dette bør uansett vera motiv som uttrykkjer varme, fargerike og lyse følelser. I tillegg bør det tolke bevegelse i ein eller anna form

20


for å vidareføre temaet i resten av hotellet. Dette kan vera svært varierande motiv, eg er som sagt åpen for innspel i forhold til korleis dette bør tolkes. Gjennomføring: Dei fleste av desse motivene skal kunne tas i Bergensområdet, ein del i skogene rundt, og andre i studio. Om me går for meir abstrakte motiv som ikkje viser so mykje av landskapet rundt (som slik kanskje er meir tidlause) kan dei fleste motiv tas i studio eigentleg når som helst. Det er viktig å planleggja motivene nokolunde på forhand slik at vegen til resultatene blir mest muleg effektiv og målretta. Namn- og Rom-skilt. Som eg sa tidlegare var det først og fremst ved Ørnen hotell at du kom med forslag om å lage romskilta med tema i ørnen. På samme måte som eg skisserte ved Havet, kan dette blir skikkeleg tøft om me lar fuglane peke i den retninga man skal gå for å finne sitt rom.

21


Sengegavlen. Når førespørselen om bilde frå Jan Erik kom for første gang var eg på veg til Nederland. Slik planla eg med ein gang å ta dei første ørne-bildane med eit profesjonelt falkeri i Rijssen i Nederland. Her har dei ein variasjon av fuglar, blant anna 3 forskjellige ørnetyper. Jan Erik kom med eit par bilde frå min portefølje som eg brukte som ”benchmark images”. Seinare, når dei første bildene vart tatt har me hatt ein dialog undervegs der Jan Erik har komt med innspel og tilbakemeldingar i forhold til kva som var bra, eller kva som kunne gjerast bedre. Her under ser du eit av bildene som eg fekk som eksempelbilde til inspirasjon til ørnebildane.

Ut ifrå desse tilbakemeldingane har eg so langt teke desse bildane i Nederland.

22


23


Ut frå bilda eg har tatt so langt kan det plukkast diverse detaljar som kan blåsast opp og kroppast alt etter korleis motiva hadde passet best. Etter sist møte blei det nemnd at man må vera litt forsiktig med ørnen som motiv på grunn av tidlegare negativt bruk av motivet. På grunn av dette kan eg `pg tenkja meg å ha ”mennesklege” tolkninger av ørnen som for eksempel bildet under viser.

24


Gjennomføring: Mange motiv er allereie tatt, og kan allereie setjast i produksjon. Mange fleire varianter kan tas når eg er i Nederland igjen for å filme filmsekvensen. Det kan òg leikast ubegrensa med motiv i bakgrunnen, for eksempel sette inn eit Norsk landskap i bakgrunnen av eit bilde av ørnen. Dette har eg for eksempel gjort med snøugla på side 16. Om det skal tas nye motiv som motivet over kan dette tas fortløpende i studio eller på location etter ønske.

Du finner anslått budsjett til kvar av punktane i dette dokumentet i seperat dokument med referansar til kvart individuelt punkt. Det er anslått at det til saman brukast 50 arbeidsdagar fordelt over 32 fotograferingar for å realisere alt det ovannemnde. Alt inkludert innebærer dette 50-60 motiv, hvorav 32 til konferansesalane, inkludert videosekvensen.

25


Ideane og skissene som fremkommer i dette dokumentet, sidene 1 tom. 18, er eigedom av Thomas Adriaan Morel, Thomas Morel Photography 2013.

26


Ideane kan i sin form ikkje framleggjast tredjepart til utføring eller utvikling utan vidare samtykje frü Thomas Morel.

27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.