Møre og Romsdal fylkeskommune: Program for Den kulturelle skolesekken, 2019/2020

Page 1

Den kulturelle skolesekken

Program 2019/2020


Programmet for Den kulturelle skolesekken er no klart, og vi er stolte av å levere eit program fullt av profesjonelle kunstog kulturtilbod til alle elevane i Møre og Romsdal, både i grunnskole og vidaregående skole. Programmet inneheld både nye produksjonar og ein del vidareføringar. Det blir fart og moro, dundrende rytmer, sterke historier, utforsking av uttrykk gjennom kunsten, spenning i kinorommet, bygging av båter, SLAM poesi og mykje mykje mer. Vi håper tilboda vil gje elevane gode møte med kunstnarar og profesjonell kunst og kultur i skolen. Ønsker dere alle eit riktig godt skoleår! Hilsen oss i Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal.


SCENEKUNST s 4–19 FILM s 20–29 VISUELL KUNST s 30–37 KULTURARV s 38–43 LITTERATUR s 44–59 MUSIKK s 60–71



ALICE I EVENTYRLAND

Foto: Feil Teater

MEDVERKANDE: FEIL TEATER

//

MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN

Alice er ikkje som dei andre jentene, ho føler seg utilpass i eit samfunn fullt av strenge normer. Ho spring vekk frå eit frieri, fell ned i eit hol, og kjem til Eventyrland kor den vonde Røde Dronninga regjerer. Nå må Alice redde Eventyrland! På reisa møter ho ein kanin, ein hattemakar og mange andre rare karakterar som gir henne ei verdifull lærepenge – ho må vere seg sjølv for å overkomme hindringane både i Eventyrland, og seinare, i sin eigen verd. Alice i Eventyrland er ei heilsprø teaterframsyning for barn frå 5 til 12 år. Framsyninga vert spelt som tegneserieteater – ein komisk, fartsfylt og nyskapande stil i det norske teaterlandskapet. Framsyninga er energisk- med dynamisk bruk av lyd og musikk, og eit bredt spekter av uttrykk. Feil Teater ønskjer at barna skal gi seg hen til eit magisk univers og ei historie om kor viktig det er å ta eigne val.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302520

5


BRUNE

Foto: Mads Nygård

MEDVERKANDE: TEATER JOKER

//

MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN

Om dagen er Rune Rune, ein gut som akkurat har mista bestefaren sin, men om natta er han Brune – superhelten som ikkje er redd for noko. Han listar seg ut og malar syklane til gutane som reiv plankehytta. Etter kvart får han hjelp av vennene Atle og Åse. BRUNE er ei framsyning om vennskap, mot og å ta igjen. Den handlar også om sakn, ei bestefarklokke som lever sitt eige liv, kampen for tilværet og om korleis alt kan gå galt når superheltkreftene ikkje strekk til. Framsyninga er ei dramatisering av Håkon Øvreås sin roman med same namn, og er laget i samarbeid med Akershus Teater. BRUNE vant HEDDAPRISEN 2017 for beste barneframsyning.

6

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1160966


JURYEN

Foto: Siren Lauvdal

MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN Juryen opnar med ei mystisk scene; to dansarar dansar samtidsdans til vakker musikk med projisert natur som bakteppet. Med eitt kan vi høyre kviskring, først frå eitt barn, etter kvart kjem det fleire stemmer til: «Hva er det de gjør? Hvorfor gjør de det? Jeg skjønner ingenting!» Plutseleg kjem det eit barn fram på projeksjonsduken i bakgrunnen, så eitt til og eitt til. Barna stansar framsyninga. Dei kjem fram til at ettersom dei er barn, og dette er ei barneframsyning, bør dei få lov til å vere med å lage framsyninga. Barna tek over kontrollen; dei skal lage den optimale framsyninga! Om dei lukkast vil vi ikkje røpe, men gruppa står ovanfor mange utfordringar. – Korleis skal dei bli samde, dei er jo ikkje einsarta sjølv om dei er barn?

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/94549

7


STAR WÅRS MED «Å»

Foto: Madam Pysj

MEDVERKANDE: MADAM PYSJ

//

MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN

Når vi leikar, er det ikkje alltid like enkelt – eller viktig – å halde seg til den originale historia. Og nokon gongar kan det bli like bra, eller til og med betre, om vi blander historiene litt! For korleis var det nå igjen; minner ikkje Star Wars veldig om våre eigne, meir tradisjonelle eventyr, med riddarar, prinsesser, og skumle slemmingar som må overvinnast? På 40 minutt serverer skodespelarane – godt hjulpet av barna sjølv – ei framsyning full av latter og gisp – og masse musikk – som passer like godt for alle, anten dei elskar historia Star Wars, eller aldri har høyrt den før.

8

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1307083


TOBIAS OG DAGEN DET SMALT

Foto: Mari Lotherington

MEDVERKANDE: RIMFROST TEATER

//

MÅLGRUPPE: 1.–4. TRINN

Tenk om du var ni år igjen og hadde ei super­ stor hemmelegheit inne i deg. Ei hemmeleg­ heit som, om alle fikk vite det, gjer at alt krasjar? Sånn har Tobias det inne i seg når vi møter han. Tobias har slått naseblod på Gøran – skolen sin skumlaste gut. «Ingen jenter får være med!» sa Gøran, men han veit jo ikkje at Tobias ikkje er Cecilie sjølv om han ser sånn ut. Ikkje eingong mamma og pappa vet at Tobias ikkje er Cecilie. Bestevennen Pauline og den usynlige dinosaureksperten Konrad er dei einaste som

veit, og dei prøver å hjelpe. Likevel følast det like ille som da meteoren kolliderte inn i jorda og dinosaurane døydde. Korleis skal Tobias forklare for alle saman kven han eigentleg er? Kanskje er det nettopp en meteor som må til før ting kan bli bra igjen. Tobias og dagen det smalt er ei framsyning om identitet, dinosaurar og vennskap. Framsyninga tek utgangspunkt i samtalar med barn og vaksne om kjønnsidentitet. Gjennom ein miks av fantasi og verkelegheit utviklar framsyninga kunnskap og innsikt: det er mange måtar å vere menneske på.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1293491

9


TRUFILOTTEN

Foto: Globus Teater

MEDVERKANDE: GLOBUS TEATER

//

MÅLGRUPPE: 1.–3. TRINN

Naturforskaren Lonnie har noko spennande å fortelje. Ein mystisk skapning befinn seg rett i nærleiken, ein som ingen har sett før. Det er ein Trufilott! Trufilotten ser merkeleg ut og beveger seg veldig rart. Lonnie har alltid ønska å møte ein Trufilott og er ivrig etter å få forska på den, men Trufilotten har sine eigne påfunn og det heile blir eit einaste stort spetakkel. Er trufilotten berre rampete, eller det noko Lonnie ikkje forstår? Korleis møter ein nokon som er veldig annleis frå ein sjølv? Og kan ein lære noko av kvarandre sine ulikheiter? Framsyninga er produsert i samarbeid med Akershus teater.

10

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1313057


SCENE! ART MEDVERKANDE: SAGLIOCCO ENSEMBLE MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN Sara Bonnard skal endeleg få oppfylt draumen sin. Å sette opp si eigen teaterframsyning på ei teaterscene. Ho finn lykka på internett, og bestiller komplett pakke: «lag di eiga framsyning på 45 minutt». Settet inneheld ein flatpakka scenografi, rekvisittar, kostyme og CD med instruksjonar. Her leiker Guandaline Sagliocco med korleis skodespelarkunsten leier publikum inn og ut av illusjonen, og deler generøst dei magiske augneblinka som oppstår – med hjelp av eit minimum av scenografi. Ei framsyning som viser noko av prosessen bak det å lage ei teaterframsyning. Foto: Dag Jensen

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1160969

11


GARAGE

Foto: Cirka Teater

MEDVERKANDE: CIRKA TEATER

//

MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN

Med Garage har Cirka Teater ønskt å skape ei rå teaterframsyning som gir publikum ei annleis teaterestetikk enn det som ofte blir forbunde med teater for barn. Gjennom humor og nysgjerrighet for mekanikk og kreativitet inviterer vi til ei framsyning kor poesien ligg i det stygge og uslepne, ikkje i det estetisk vakre og reine. Garage er ei skitten og humoristisk teaterframsyning for vaksne og barn frå 10 år. Handlinga skjer i eit mekanisk verkstadmiljø. Her møter vi kvardagen til to mekanikarar i møkkete kjeledresser som lever enkle liv. Dei er lidenskapelege og nysgjerrige med ein sterk fascinasjon for korleis alt rundt dei fungerer. Dei har maskiner og motorar som kan løyse utfordringane dei støter på i løpet av dagen. I verkstaden bur også ei høne. Den legger eit nytt egg kvar dag, og er mekanikarane si næringskjelde. Kva skjer om høna ein dag legg fleire egg? Og kva om kjelda til mat ein dag forsvinn?

12

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1188434


LARS ER LOL

Foto: Teatret Vårt / Tingh

MEDVERKANDE: TEATRET VÅRT

//

MÅLGRUPPE: 4.–7. TRINN

Dette ei scenisk oppsetjing av Iben Akerli si bok Lars er LOL. Framsyniga er eit samarbeid mellom Teatret Vårt og Den kulturelle skolesekken Møre og Romsdal. I samarbeid med Kulturtanken er det utvikla eit eige interaktivt undervisningsopplegg knytt til framsyninga. Amanda gler seg til å begynne på skolen igjen etter ferien. For det første for å sjå Adam igjen. For det andre fordi ho skal bli fadder for ein søt førsteklassing. Når ho i staden får ansvaret for den nye guten Lars med Downs syndrom, blir alt veldig vanskeleg. Amanda føler press frå alle kantar: Kor god venn kan ho vere med Lars, som er morosam og annleis? Kor hardt skal ho jobbe for å bli populær blant dei kule i klassen? Og korleis skal ho få Adam til å legge merke til henne? Plutselig vert Amanda surra inn i noko ho eigentleg ikkje vil vere med på: Ho spreier dumme bilete av Lars. Slik svikter ho både han og seg sjølv, og skuffer alle rundt seg. Korleis skal Amanda reise seg igjen, gjere det godt igjen og vinne tilbake respekten? Det blir ein lang og audmjukande veg fylt av prøvingar og kjensle av skam, fortalt med ein stor dose humor. Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1167394

13


EIN FOLKEFIENDE

Foto: Tingh

MEDVERKANDE: TEATRET VÅRT

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN OG VGS

Korleis takle samfunnsproblem i dag når vi ikkje lenger kan snakke, lytte og diskutere med kvarandre? Doktor Thomas Stockmann og broren Peter er så forskjellige som ein kan bli. Peter er konservativ og kapitalist, Thomas er ein idealistisk rebell. Thomas praktiserer som lege på byens kurbad. Peter er byfogd, politimester og formann i badet. Brørne lever side om side i ein norsk småby, ikkje ulik andre norske småbyer. Ein dag oppdagar Thomas at vantnet i kurbadet, byens stolthet og turistmagnet, er forpesta. Å utbetre feilen vil øydeleggje økonomien og livsgrunnlaget til den vesle byen. Å ikkje utbetre feilen vil øydelegge folk si helse. Den eine broren har retten på sin side, den andre har makta. Men ingen har svaret. Begge er sta. Begge er krenka. Begge er egoistar.

14

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302462


JAMES BOND MEDVERKANDE: FEIL TEATER MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN Dette er ei actionfylt komedie på høggir. Framsyninga er laga i stilen teikneserieteater – ei leiken uttrykksform som harselerer med filmens verden. Dette er ei framsyning fullspekka av humor, parodiske karakterar og kjente referansar. Dei fem skodespelarane har ikkje med seg nokon kostymer eller kulisser på scenen – alt frå motorsyklar til pinballmaskiner blir gjort levande berre via aktørane sine kroppar. Og når dei i tillegg skal spille ut en to timer lang film på berre 20 minutt blir det klart at dette er ei framsyning med eit forrykande tempo.

Foto: Feil Teater

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1312113

15


FIGHTING GRAVITY

Foto: Åkken Bom Produksjoner

MEDVERKANDE: ÅKKEN BOM PRODUKSJONER

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN OG VGS

Fighting gravity handlar om å følgje draumane sine, og ha mot til å stå opp imot dei kreftene som trekkjer oss nedover, fysisk og mentalt. Både dei kreftene som bur inni oss, og dei som påverkar oss utanfrå og som er med på å bestemme våre skjebnar. Framsyninga tek utgangspunkt i den kampen kvinnelige skihopparar har kjempa, og framleis kjempar, for å få dei same rettighetane som sine mannlege kollegaar i hoppbakken. Gjennom tekst, rørslemateriale, og videoarbeid vil framsyninga undersøke kva for maktstrukturar som ligg bak desse kreftene. Framsyninga er ein ode til ungt mot, og ei påminning om at gammaldagse tankar og konservative haldningar lever i beste velgåande inn i vårt nye millennium. Framsyninga har som formål å stimulere til diskusjon rundt kjønnsroller og diskriminering.

16

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302687


TO SYKE SØSTRE

Foto: Lars Opstad

MEDVERKANDE: TEATER SPILLEBRIKKENE

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN OG VGS

Søstrene Berit og Bodil har mista foreldra sine i ei trafikkulykke. Berit blei lam i den same ulykka og sitt i rullestol. Ho tyranniserer no søstera si på alle tenkelege og utenkelege måtar. Bodil er den meir forsiktige og ordentlege søstera, og kanskje i mange sine auge, litt keisam. Men det skal vise seg at ho ikkje går av vegen for å ta igjen på sin bitre og vondskapsfulle søster. «To syke søstre» er ei grøssarkomedie skrevet av Kjetil Indregard. Publikum blir med inn i ein verd av bitterhet, humor, vondskap, overraskingar og grufulle grøss.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1028277

17


MULLAH SIGURD

Foto: Jonas Jeremiassen Tomter

MEDVERKANDE: TURNÉKOMPANIET

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN

Turnékompaniet består av fire søsken. Denne framsyninga er bygget på fortellingane om deira eigen oldefar, Sigurd Folkestad, utvandrarpresten som reiste fem kyrkjer i Wisconsin, preika på sitt morsmål i alle saman og let si nest eldste dotter gifte seg med fetteren sin heime i Noreg. Søskena ser på desse historiene slik dei har fått dei overlevert og korleis det er å møte dagens verkelegheit med desse historiene som ein viktig del av si sjølvoppfatning. Sigurd Folkestad, (1877–1963) norsk-amerikansk prest og forfattar. Virket som prest i Wisconsin i ei årrekkje, fungerte 1920–25 som generalsekretær i Nordmanns-Forbundet, Oslo; 1925–47 var han prest i Østre Aker. Folkestad gav ut tre diktsamlingar i USA, På kongevei (1911), Flytfugl (1916) og Fra utflytter-kampen (1919). Mullah (arab., herre), fellesomgrep på rettslærde i sjia-islam og i asiatisk sunni-islam. Mulla er en muslimsk prest som berre har studert Koranen og Hadith og er regnet som en lærd når det gjelder koranen. (klipt frå Wikipedia)

18

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/85990


SHERLOCK’S SISTE SAK: «TÅKEN»

Foto: Robsrud & Dean

MEDVERKANDE: ROBSRUD & DEAN

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN

«Sherlocks Siste Sak: Tåken» er ei interaktiv framsyning som tek opp temaet «fake news». Gjennom ei fortelling, laust basert på «Hunden fra Baskervill», møter publikum karakterar og «sannheter» som dei sjølve må ta stilling til, for å løyse mordgåta. Stykket vert spelt i ein tilnærma vaudeville stil med songar og sketsjar som formidlar historia. Publikum blir så, fleire gonger i løpet av framsyninga, bedt om å tippe kven dei trur er mordaren, gjennom å vise frem kort av forskjellige farger. Dette er ei framsyning for ungdom, der vi ønskjer, på ein morosam måte, å sette søkelyset på de mange forskjellige måtar vi mottar informasjon – aviser, rykte, nyhende, sosiale medium etc. Gjennom dette ønsker vi at ungdommane vert bevisst på kva av det dei høyrer, og kva dei skal tru på.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1313399

19



DU VELGER SELV

Foto: Jan Otto Ertesvåg / Mikrofilm

MEDVERKANDE: JAN OTTO ERTESVÅG

//

MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN

Du velger selv er ein animert dokumentarfilm med barn som fortel om korleis det er å ha ein forelder i fengsel. Mange av desse barna veit ikkje kvifor mor eller far plutseleg blir «borte». Barna i filmen er anonymisert gjennom animasjon, men dei har sine eigne forteljarstemmer. Dei fortel sjølv om sin kvardag, sakn og draumar. Kajsa Næss er regissør og animatør for filmen. Saman med medanimatør og medprodusent Jan Otto Ertesvåg frå Ålesund, har ho laga ein film med eit viktig tema. Ertesvåg viser skisser og forklarer korleis filmen blei laga, og snakkar om kvifor denne filmen er viktig. Barna får stille spørsmål og fortelje kva dei tenkjer om det å ha ein forelder i fengsel. Jan Otto kjem også til å snakke om kva ein dokumentarfilm er, og han vil vise døme på ulike teknikkar og filmar.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/912510

21


EVIGE JAKTMARKER

Foto: Elin Grimstad

MEDVERKANDE: ELIN GRIMSTAD

//

MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN

I animasjonsfilmen «Evige jaktmarker» leikar to born i et ope og vilt kystlandskap. Der leiter dei etter daude dyr som dei tek med til sin eigen gravplass. I bornas leik vaknar dyra opp til et vakkert dyreparadis. Alt i filmen er laga av papir, og resultateter et fascinerande, detaljrikt visuelt uttrykk. Animatør og regissør Elin Grimstad besøker skulen med sin unike animasjonsfilm. Elin har med dokker og rekvisittar frå filmen som presenterast i ei lita utstilling. Elin vil også animere «live» og forklare elevane korleis denne spesielle filmen har blitt laga. Det blir også tid til samtalar og refleksjon rundt tema i filmen: liv/død, ritual, tro og tvil. Elin er opphavleg frå Giske i Møre og Romsdal. Filmen er henta frå ei sann historie frå barndommen på øya. Filmen si visuelle verd, flora og fauna er inspirert av naturen på Giske. Evige Jaktmarker vant «The Golden Dove» for beste animasjonsfilm under DOK Leipzig International Film Festival 2016, og vart dermed blant 63 filmar som var Oscar kvalifisert i 2017. Filmen vann også pris under Leeds International film festival same året.

22

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1193709


MAHER MIDT I DALEN

Foto: Puffin Film

MEDVERKANDE: ØYSTEIN FRØYLAND

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN

I 2012 flykta Maher og familien hans frå krigen i Syria, og i 2014 blei han busett i Meldal kommune i Sør-Trøndelag. Tjueåringen er sosial, energisk og ambisiøs, og har gjort sitt ypparste for å bli ein del av lokalmiljøet i den vesle bygda Løkken Verk. Han har fått jobb på Prix og begynt å spille trompet i korpset, og gleder seg til å spele i 17. mai-toget. Men Maher har også ein draum om noko meir enn bare å passe inn i det norske samfunnet, for heilt sidan han var liten har han eit ønskje om å bli pilot. Hans fyrste og viktigaste steg mot målet er å begynne på vidaregåande skule, men krava er høge. Maher må nemleg bestå prøver i fem fag på norsk. Dersom han stryk er draumen knust, for han får bare eit forsøk. Alt blir vanskeligare når Maher si mentale helse byrjar å bli dårligare. Maher midt i dalen skildrar han og lokalsamfunnet sin kamp for å nå målet om å returnere til heimlandet som flykaptein – for dersom Maher skal ha noko håp om å lykkes, treng han hjelp frå meldølingane.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1161871

23


MELLOM OSS MEDVERKANDE: CHARLOTTE TVEDT MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN OG VGS 380 filmskaparar-1 film! Ein film om lykke, forventningar, grensar og motgang. Våren 2016 bad filmskapar Charlotte Røhder Tvedt vanlege menneske over heile landet om å filme si verd. Resultatet er blitt Noregs første dokumentar beståande av berre innsendt film. Over 900 bidrag har blitt til ei historie, sett saman av ein driven filmskapar med blikk for samanhengar og kontrastar. Vi får ærlege glimt av kvardagen til heilt vanlege menneske: jenta som saknar faren sin, guten som gret i bilen på veg til jobb og studenten som saknar vener.

Foto: Charlotte Røhder Tvedt

24

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302449


QUEEN WITHOUT LAND

Foto: Asgeir Helgestad

MEDVERKANDE: ASGEIR HELGESTAD

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN

Dette er ei sann historie om møtet mellom Frost, ei nydelig isbjørnmor, og Asgeir Helgestad, ein norsk villmarksfilmskapar. Det er ein fireårig tur på Svalbard. Stigande temperaturar er årsaken for dramatiske klimaendringar når isen smeltar på rekordtid. Fjordar som ein gong var fulle av is og selar, blir borte, noko som skyv Frost lenger bort. Asgeir er dedisert til å finne henne og dokumentere alt som har blitt borte for ho, men oppgåva hans er langt ifrå lett. Denne filmen utforskar spørsmålet «Denne planeten er ein heim for alle av oss, har vi råd til å ignorere det?».

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1319632

25


RØVERDATTER

Foto: Sofia Haugan

MEDVERKANDE: SOFIA HAUGAN

//

MÅLGRUPPE: VGS

Som lita lekte Sofia og faren sisten og pil- og bue, men også gøym ølflaska og spring frå taxirekninga. Røverdatter er ein ganske annleis far-dotter film om Sofia som forsøker å hjelpe pappaen sin inn på rehab, sånn at dei kan ha et forhold igjen. I ein til tider absurd, kaotisk og komplisert kvardag er strategien deira ein god dose mørk humor. Sofia er ein ung, nyutdanna filmskapar som bur i Oslo saman med kjærasten sin og omplasseringshunden Shaggy. Ho er ganske lik faren sin, dei har same humor, same glimt i auge og til dels same temperament. Men temperamentet hans blei farleg, og frå ho var ti år budde ho og mora i skjul på hemmeleg adresse. Nå har Sofia og faren tatt opp igjen kontakten. Faren lever fortsatt eit liv prega av rus og kriminalitet, meir innsett i fengsel enn ikkje. Den store sorga hans er at han mista Sofia. Sofias store håp er at ho som vaksen kan hjelpe han på beina, så han kan bli ein pappa igjen. Saman kjemper dei ein hard kamp med mye humor og varme; for forholdet, mot rusen og mot systemet som er meint å hjelpe dei.

26

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302463


I DET MAGISKE KINOMØRKET MEDVERKANDE: LARS OLE KRISTIANSEN MÅLGRUPPE: 1.–4. TRINN I det magiske kinomørket møter elevane filmen i sitt rette element. Kinoens breie lerret, gode lyd og mjuke seter. Vi blir tatt med på ein reise gjennom kinohistoria, frå den første norske kinoen blei opna i 1904, til dagens høgteknologiske visningsarenaer. Kva er eigentleg ein kino? Og kvifor skal vi sjå film på kino, no som skjermane framfor sofaen heime blir større og større, og filmutvalet på internett er tilnærma uendeleg?

Foto: Montages

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1318799

27


LOS BANDO

Foto: Bjørn Bratberg

MEDVERKANDE: CHRISTIAN LO

//

MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN

Los Bando (2018) – En rocka roadmovie – med regissør Christian Lo. I denne feelgood-komedien følgjer vi bandet Los Bando Immortale på ein fartsfylt reise gjennom landet. Med gassen i botn og rallysjåfør Martin (Jonas Oftebro) bak rattet må bandet bryte lover og reglar, trosse foreldre og eigne heltar for å rekke frem til NM i rock. Drivkrafta er stor, men hindringane kanskje enda større – vil dei rekke fram i tide? Regissør Christian Lo kjem til kinoen for å fortelje om filmen og svare på elevane sine spørsmål.

28

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1319383


29



Å SETTE BILDER PÅ ORDENE

Foto: Eva Ljosvoll

MEDVERKANDE: EVA LJOSVOLL

//

MÅLGRUPPE: 1.–10. TRINN

Kva betyr naturen i kunsten? Utstillinga viser arbeid av Siv Bugge Vatne, Solveig Sumire Sandvik og Eva Ljosvoll. Målet er å bevisstgjere barna omkring i bruk av natur som språk, korleis vi blant anna bruker natur for å uttrykkje noko menneskeleg. Kva betyr dei ulike naturelementa i verka? Målet er å opne for tanken om at bilete også betyr noko språkleg. Det vil vere fokus på barna si eiga tilknyting til natur og kva den betyr for dei. Det vil også vises eksempel på bruk av natur i historiske maleri, med hovudvekt på romantikken. Praktisk workshop: Barna vert fotograferte mot ein bluescreen, dei vel blant 10 ulike landskapsbilete, og blir så plassert digitalt inn i det landskapet. Barna får innblikk i det tekniske og sjå korleis bluescreen brukast for å kunne plassere ting visuelt inn i nye samanhengar, ein teknikk som blant anna nyttast i vêrmeldinga.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/715741

31


TIL Å TA OG FØLE PÅ

Foto: Møre og Romsdal kunstsenter

MEDVERKANDE: KRISTINE ROALD SANDØY

//

MÅLGRUPPE: 1.–4. TRINN

Kunstnaren Kristine Roald Sandøy vil fokusere på grunnfølelsane våre og korleis vi kan uttrykke og visualisere desse gjennom å lage skulpturar i ulike material. Korleis ser ein følelse ut, kva form har han og korleis er han å ta og kjenne på? Det visuelle språket gjev oss heilt andre moglegheiter for å uttrykke oss enn med ord. Tre er ganske hardt, men også mjukt, det kan vi spikke. Metall kan bøyast, det er både hardt og mjukt. Tekstil er tøyeleg, det kan vi sy. Plast kan smelte og få nye former og papir kan vi brette eller klippe. Stein er hard, men kan kanskje knusast? Arbeida som vert laga i denne verkstaden kan gjerne nyttast i vidare samtalar kring tematikken.

32

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1319657


KRYMPA

Foto: Møre og Romsdal kunstsenter

MEDVERKANDE: SIRI SKJERVE

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN

Verdserklæringa om menneskerettar startar med at alle menneske er like mykje verd. Denne verdien er vi fødd med, men kan vi kjenne den inne i oss? Og kvifor er det sånn at vi menneske prøver å gjere kvarandre mindre for å få makt og status sjølv? Når eg posisjonerer meg på kostnad av deg; gjer eg noko med verdien din da? Blir verdien av oss sjølve større når vi krympar de rundt oss? Produksjonen inviterer til refleksjon rundt korleis vi påverkar kvarandre og korleis vi etablerer og held ved like strukturar der vi tek i bruk makt for å hevde oss sjølve. Målet med KRYMPA er at vi sitt igjen med ei større forståing for korleis vi påverkar dei næraste rundt oss og korleis vi kan bruke et visuelt, sanseleg språk og vår eigen kropp for å fortelje om følelsen av maktmisbruk.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1319619

33


AVTRYKK MEDVERKANDE: INGER BAKKE MÅLGRUPPE: 5.–10. TRINN En verkstedsbasert utstilling. Utstillinga viser verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas som jobbar med tresnitt i svart-kvitt. Biletspråket er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalt att, gjerne lag på lag og blir til nye univers. Den tette samarbeidsforma utfordrar individuelle mønstre. Uventa omvegar, nye element og idéar vert utdjupa og visualisert i ein meir eller mindre uverkeleg verden. Tresnitt er den eldste grafiske teknikken og den er fortsatt like aktuell i vår digitale tid. Vi ønskjer med denne utstillinga å rette merksemda mot tresnitt som medium og uttrykk. Elevane vil sjølv få moglegheit til å utforske dei moglegheitene som ligg i denne grafiske teknikken. Foto: Cathrine Dahl & Ørjan Aas / Nasjonalmuseet

34

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/85989


FORTAPT OG FUNNET: EN REISE I SHAUN TANS VERDEN MEDVERKANDE: PÅL BREKKE INDREGÅRD MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN Eit møte med tekst- og biletuniversa til den australske kunstnaren Shaun Tan. Etter eit innleiingsforedrag i plenum kan elevane møte Tans kunst gjennom fleire «opplevingog lyttestasjonar». Shaun Tan er ein virtuos fortellar, ein vegvisar til biletbokens nye moglegheiter. Hans biletverder skaper eit eiga kosmos der ingenting er sjølvsagd og alt er mogleg. Minner frå barndom og oppvekst er faste referansepunkter men biletforteljingane er universelle og rører alle, uansett alder.

Foto: Shaun Tan

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1160973

35


I ET SPEIL, I EN GÅTE MEDVERKANDE: INE HARANG MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN Prosjektet skjer i sin heilskap i lokale kyrkjer. Der det finnes ein skole, er det etter all sannsyn ei kyrkje i rimeleg nærleik. I kyrkjene finn ein altertavler og skulpturar, maleri og glasmaleri, bilettepper og krusifiks, ikon og freskar, særegen arkitektur og kunsthandtverk. Her finn ein interessante kvelv, søyler og rom frå middelalder til våre dagar. Her finn ein historier om det å vere menneske, historier om det menneskelege, og historier om det som ikkje er det. Målsettinga er å stimulere ungdommar til å tenke på, og ta stilling til, nokon av de store eksistensielle spørsmåla vi menneske dreg med oss på livsreisa, med utgangspunkt i dei ulike visuelle kunstuttrykk vi finn i det lokale sakrale rom. Foto: Frode Inge Helland

36

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/946491


FRÅ HOVUD TIL HAND

Foto: Harald Dyrkorn

MEDVERKANDE: TERESE LONGVA

//

MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN

I løpet av 90 minutt tek kunstnaren Terese Longva elevane med seg gjennom ei reise gjennom kva kunst kan vere, kven vi er og korleis samspelet mellom handa, materialet og verktøyet er med på å endre tenkinga vår. Vi skal jobbe med sjølvportrett som tema. Det vil bli ein presentasjon av ulike sjølvportrett frå kunsthistoria og ein samtale om kva vi ser i desse portretta. Deretter vil vi ha ein dialog rundt kva sjølvportrett kan vere. Kvifor jobbar så mange kunstnarar med sjølvportrett som tema? Elevane gir nytt liv til gamle syltetøyglas som dei sjølve har tatt med seg, og vert oppmoda til å gravere noko som fortel om dei sjølve. Slik blir dei også introduserte for sjølvportrettet si rolle i kunsthistoria. Elevane får eit unikt høve til å jobbe med gravérteknikk og glas. Det er lagt stor vekt på at elevane gjennom eige arbeid skal utforske moglegheiter som ligg i kunsten.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/197946

37



DANSEVERKSTADEN SPRING!

Foto: Hildur Dansekompani

MEDVERKANDE: HILDUR DANSEKOMPANI

//

MÅLGRUPPE: 4.–10. TRINN

I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne til tradisjonane frå heimplassen. Danseverkstaden Spring! ynskjer å gi elevar i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring. Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse i leik. Sjangeren er lett tilgjengeleg for alle typar fysikk og er dermed spesielt eigna for mestringskjensle. Pardans inkluderer nær sagt alle sansar og gir elevar høve til å jobbe trygt i naturlig fysisk samhandling. Elevane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast skolen av dei formene som vi i dag kjenner til. I praksis vert dette Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre – i alt fem ulike, unike og lokale dansar.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/49748

39


BÅTEN OG MENNESKET

Foto: Stiftinga Sunnmøre museum

MEDVERKANDE: TILSETTE FRÅ MUSEA I MØRE OG ROMSDAL // MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN Kulturarvformidling gjennom handgripeleg og sanseleg aktivitet, gir kunnskap om korleis ein bygger opne tradisjonsbåtar. Ved hjelp av eit byggesett i full skala, vil elevane få ei nærare innføring i bygging av den gamle sunnmørsbåten, Snidbetningen. Båttypen vart i hovudsak bygd og brukt på Sunnmøre, men førekom også i Romsdalen. Elevane får prøve ulike handverksteknikkar; sansing av form gjennom å sjå, kjenne og føle. Formoppnåing gjennom bruk av øks, sag, høvel, båttvinge, navar, borrevinde, tollekniv og klinkeverktøy. Arbeidsmetode i produksjon: Forholdstal (lengde/breidde/djupne), kroppsmål (alen, tomme, favn), arbeidsbenk (forsete), montering i jigg (bøying / vriding med sparrar og skorder, skruing, trenagling).

40

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/942659


BYGG! OG BEVARE MEG VEL! MEDVERKANDE: FREDRIK HOLMEIDE MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN Dei tradisjonelle byggeteknikkane er rett og slett geniale. Naust, løer og hus blei sette opp utan ein spikar, og har stått støtt i mang ein orkan. Vi skal sette opp grindbygg, bukkebygg, stavlinebygg og laftebygg og lære om byggetradisjonar i Møre og Romsdal. Bygga er tilpassa bruken og landskapet. Dei fortel om kvardagsliv, kunnskap og verdiar. Bygg eignar seg som studieobjekt fordi dei er så tydelege, både som konstruksjonar og som delar i eit landskap. Elevane skal utforske og delta i praktisk arbeid, og slik få auka forståing og interesse for berande konstruksjonar, arkitektur og byggetradisjonar i lokalmiljøet sitt.

Foto: Stiftinga Sunnmøre museum

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1052317

41


BÆÆÆREKRAFT

Foto: Stiftinga Sunnmøre museum

MEDVERKANDE: TILSETTE FRÅ STIFTINGA SUNNMØRE MUSEUM // MÅLGRUPPE: 1.–4. TRINN Sauen er super. Den et det som veks i naturen – heilt av seg sjølv. Hele 1000 sorter gras, strå og buskar, ja til og med tang og einer, et den. Magen til sauen er laga slik at den får næring frå plantar som vi menneske ikkje klarar å fordøye. Slik hjelper sauen til med å pleie naturen. Det finst mange forskjellige sortar sau i Norge. Nokon passar best ute langs kysten der det er lite snø og lyng å beite på heile året. Andre passer betre inne i landet, der det er mykje snø og dyra må stå inne om vinteren. I tusenvis av år har sauen vore viktig for å pleie kulturlandskapet i Norge, men den gir oss også mange andre gåver. Vi får ull til kle og tekstilar, skinn til sko og jakker, kjøt til middag og pålegg, talg til smørjing og impregnering og enda mykje, mykje meir enn det. Ja, sauen er rett og slett super – ein supersau! I denne kulturarvproduksjonen blir elevane betre kjent med sauen, og dei får eit innblikk i korleis den er med på å gi oss bærekraftige kle, bærekraftig mat og enda mykje meir enn det.

42

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1321410


FOLK I FARTA MEDVERKANDE: THEA MARIA YTTERDAL OG MARIUS BERGLUND MÅLGRUPPE: 1.–2. TRINN

Foto: Folkemusikkarkivet

På denne verkstaden skal elevane få ta del i kulturarven vår, dei skal få danse, hoppe, sprette og synge. Danseverkstaden tek utgangspunkt i folkedans med særlig fokus på å ha det kjekt i lag i dansen. Elevane vil møte to formidlarar, ein dansar og ein musikar, som saman vil lære elevane enkle dansar og songleikar på ring. Elevane får musisere i songleiker, bevege seg til musikk og delta i dansen i lag med resten av klassen. Vi ser òg nærare på musikaren sitt instrument, der elevane får sjå, høyre og kanskje trykke på knappane på trekkspelet eller sjå inn i fela. Lærerane deltek i verkstaden saman med elevane.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1324968

43



BJØRNSTJERNE OG PARAPLYBYEN MEDVERKANDE: LINN C. WENNERSTEN MÅLGRUPPE: 1.–4. TRINN Bjørnstjerne er i si livs største krise. Han har blitt ramma av skrivesperre, ein forfattar sitt verste mareritt! Han har mista alle verktya han brukar når han diktar; fantasien, kreativiteten og skaparevna. Bjørnstjerne klarar ikkje lenger å sjå for seg karakterane han vil skrive om, og alt verkar grått og trist. Det einaste han har skrive i det siste, er ei historie om ein by som heiter Paraplybyen. Dette er ein merkeleg by kor det på forunderleg vis bestandig regnar, og ingen forstår kvifor. Men no står historieforteljaren bom fast. Bjørnstjerne har fått tips av litteraturhjelpa om å reise ut til skulane. Hos litteraturhjelpa meiner ein at barn har stor skaparevne, og Bjørnstjerne håpar dette er sant. Han har fått med ei bruksrettleiing på korleis han kan bli fri frå skrivesperra. Vil han få evnane sine tilbake? Vil han nokon gong kunne dikte og skrive igjen? Produksjonen ligg i spenningsfeltet mellom litteraturverkstad og teater. Foto: Johild K. Bredin

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1319601

45


BUZAK CHINI – AFGHANISTANS MODIGSTE GEIT

Foto: Fortellerhuset

MEDVERKANDE: ALF MARTIN LIE, AMIN SENATORZADE OG JAN KABIR MÅLGRUPPE: 1.–2. TRINN Denne framsyninga kombinerer munnleg fortelling, ulike språk og ulike kunstformer. Barna får sjå måleri som blir til framfor augo deira, og dei får bli med inn i eit land kor dei plutseleg kan forstå lyden av eit framandt språk. Kanskje forstår dei også litt meir av ein framand kultur, og dei har hatt det gøy og spennande på vegen! I denne framsyninga er det fleirspråkleg forteljekunst på norsk og dari (afghansk persisk) kombinert med musikk og måleri. Fleirspråkleg fortelling er ikkje vanleg tolking, det er ein kreativ leik med språk. Alt blir ikkje fortald på begge språk, men likevel skal alle forstå heile handlinga. Dette er ei flott og berikande oppleving både for norskspråklege barn og for barn med ulike minoritetsspråklege bakgrunn.

46

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1326960


DEN LILLE HELTEN OG KATTEKIDNAPPEREN / HAPPY ENDING, LIKSOM? MEDVERKANDE: NINA ELISABETH GRØNTVEDT MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN

Foto: Therese Lee Jansen

Forfattar Nina Elisabeth Grøntvedt vekslar mellom to ulike produksjonar i skuleåret 2019/2020: «Den lille helten og kattekidnapperen» og «Happy ending, liksom?». «Den lille helten og kattekidnapparen» er for 1.–4. trinn og «Happy ending, liksom?» er for 5.–7. trinn. «Den lille helten og kattekidnapparen»: Dette er historia om den lille helten som må oppklare mysteriet med den skumle Kattekidnapperen. For kven andre er det som våger seg inn i huset til kattekidnapparen? Og kven er det som kan avsløre katta sin hemmelegheit? Bøkene om Den Lille Helten er historia om korleis veslesøster blir halden utanfor og blir lurt av dei store jentene til å gjere dei farlegaste ting. Men til slutt er det ingen tvil om kven som er den største helten av dei alle. Når Nina kommer på forfattarbesøk vil ho kanskje avsløre kva som er den verkelege sanninga – og fortelle meir om seg som forfattar – og om Den Lille Helten! Og om kva som eigentleg er det beste med å ha søsken! «Happy ending liksom?»: Det er første skuledag på ungdomsskolen. Oda snublar framfor alle og får kallenamnet Bambi. Og verre skal det bli. For alt er liksom heilt annleis her; lærarane, elevane og ikkje minst friminutta. Heldigvis finn Oda seg eit hemmeleg hjørne på skulebiblioteket. Det er der ho først oppdagar verdas beste bok: «Romeo og Julie». Av ein som heiter Shakespeare. Korleis er det mogeleg å skrive så romantisk om noko så dramatisk som kjærleik? Oda får mykje å tenkje på.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/86702

47


BARNEBOKBAD I år prøver vi noko nytt. Skolane som får besøk av Nina Elisabeth Grøntvedt får vere med på Barnebokbad. Der blir forfattaren intervjua av elevane med spørsmål dei har laga sjølve, etter først å ha fått lest boka høgt for seg og hatt samtale om den frå tre ulike perspektiv. Bokbadet skjer framfor resten av elevane.


TENK OM EG VAR EIN TANKE

Foto: Ingvil Skeie Ljones

MEDVERKANDE: ANNLAUG BØRSHEIM OG MARI SKEIE LJONES

//

MÅLGRUPPE: 1.–4. TRINN

I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. trinn vere med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk. Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar. Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele og song) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si magiske verd. Kva skjer med diktet frå bok til opplesing til song? Endrar diktet seg undervegs? Utøvarane får elevane med på ei samtale om dikta, der alt er lov å seie og ingenting er feil.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1320128

49


EN BROR FOR MYE MEDVERKANDE: LINDE HAGERUP MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN En bror for mye kom ut i 2016, og handlar om Sara på ni år som får ein veslebror, Steinar, som er fem år og som Sara ikkje kan fordra. Sara orkar ikkje å vere snill mot Steinar. Han er alt for liten og irriterande og bortskjemt. Men etter at mor hans døydde, flytta han inn til Sara sin familie, og Sara fikk beskjed om at ho hadde fått en bror. Steinar er der heile tida og øydelegg alt som var fint før. Sara kan ikkje ha det sånn. Familien hennar kan ikkje ha det sånn. Det er da Sara får en genial idé som kanskje kan forandre alt.

Foto: Cappelen Damm

50

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1160970


LES FOR LIVET!

Foto: Vigdis Nielsen

MEDVERKANDE: SIRI BEATE FOSSUM OG KIM HELGE STRØMMEN // MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid! I romsonden er det to tidskapslar frå 2018. I den eine ligg det sju utvalde barne- og ungdomsbøker. I den andre tidskapselen er det effektar for å spele ut scener frå bøkene. Ei intens forteljarstemme instruerer dei to i oppdraget: Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene. Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i. Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1319265

51


VI SKULLE VÆRT LØVER

Foto: Finn Ståle Felberg

MEDVERKANDE: LINE BAUGSTØ

//

MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN

«Vi skulle vært løver» handlar om to 12 år gamle jenter, Malin og Leona. Leona er den nye jenta i klassen, og ho blir raskt venninne med Malin. Men snart blir det avslørt, på ganske brutalt vis, at Leona er født med guttekropp. Det skaper sterke reaksjonar i klassen og blant nokon av foreldrene. Malin får eit problem – skal ho vere den einaste som forsvarer si nye venninne, og dermed stille seg utanfor fellesskapet? I møtet med elevane vil forfattaren lese utdrag frå romanen og forsøke å få til ein samtale rundt dette med kjønn. Bodskapet til forfattaren er at kjønn er eit flytande begrep. Dei aller fleste av oss føler oss heime i det kjønnet vi fekk tildelt ved fødselen, men nokon fell utanfor den todelingen, av ulike grunner.

52

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1319268


JENTA I VEGGEN MEDVERKANDE: LENA LINDAHL MÅLGRUPPE: VGS Forfattar Lena Lindahl snakkar om boka «Jenta i veggen» om jødiske Betzy Rosenberg. Ei norsk, jødisk jente som gøymde seg for dei tyske og norske nazistane i Trondheim frå hausten 1942 til krigen tok slutt i maidagane 1945. Ho overlevde rett foran nesa på fienden, takka vere eit medmenneske som risikerte livet ved å skjule ho. I nabohytta hadde nazistane festar og sjølvaste Henry Rinnan, leiar for den berykta Rinnanbanden, kunne dukke opp uventa. Ei mista ungdomstid og familie deportert til Auschwitz. «Jenta i veggen» er Betzys forteljing.

Foto: Cappelen Damm

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302382

53


FORFATTARBESØK BJØRN VATNE

MEDVERKANDE: BJØRN VATNE MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN OG VGS

Foto: Gyldendal Norsk forlag

I dette forfattarbesøket tek forfattar Bjørn Vatne utgangspunkt i boka si «Nullingen av Paul Abel». Om boka skriv forlaget: «Norge har som den eneste nasjonen i verden lyktes i å bygge et nettverk av dyp, kollektiv bevissthet blant sine innbyggere. Et atomtykt lag av grafén utenpå hjernebarken, også kalt Sjalken, lar deg oppleve fremmede steder, kjennelukter, sanse mennesker som ikke er der. Marinbiologen Paul Abel hater fremskrittet og sverger fremdeles til den gammeldagse, håndholdte Sjalken. Da Norge utsettes for et statskupp utført av det øko-politiske partiet Pan-etisk forbund, er han blant de få som unngår å bli hjernevasket.Snart befinner han seg i en knøttliten leilighet i Fortettingen, på bunnen av et hierarki bygget på ideen om verdens-altet. Hans kone Astrid er forvandlet til en av statens mest betrodde tjenere, evig tro mot Pan. Alt dette akter Paul å gjøre noe med. Nullingen av Paul Abel er en roman om å finne sin plass i økosystemet, om kjærlighet, tro og skepsis, og den uovervinnelige kraften i dansefilmer fra 80-tallet». Både i film, tv og litteratur opplever vi økande interesse for sjangeren science fiction – ikkje berre som underhaldning, men også som eit seriøst og dyptborande kulturuttrykk. Kvifor skjer det no? Kva for moglegheitar gir denne sjangeren for å tenke om og diskutere vår eigen samtid? Grunntanken er å involvere elevar i diskusjon omkring tematikken i boka. Vatne ønskjer å stille opp nokon moralske dilemmaer som elevane kan arbeide med anten i forkant av eller etter foredraget: Viss tvang er eineste løysing for å berge kloden, er det rett å ta frå folk friheiten? Kor går grensa for kva vi kan forvente av enkeltmennesket? Er eit liv i ufrihet verdt å leve?

54

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302689


PLASS NOK?

Foto: Guro Sibeko og Sofie Frost

MEDVERKANDE: GURO SIBEKO OG SOFIE FROST

//

MÅLGRUPPE: VGS

Kva skal til for at vi skal føle at vi har plass nok i verda? Kva skjer viss andre mennesker forsyner seg av våre tilmålte kvadratmeter? Blir det eigentlig mindre plass av at vi deler den? Plass nok? er ein SLAM!poesiforestilling som tek for seg problemstillingar knytt til tilhøyrighet og grensesetting på både individ- og samfunnsnivå. Gjennom det som kan sjå ut som eit ordinært poesislag der publikum er dommere og poetene konkurrerer mot kvarandre, veves historier om utanforskap, overgrep og flukt sammen til eit bilde av samtiden vår.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302690

55


INGUNN RØYSET – BREVET FRÅ KRIGEN MEDVERKANDE: INGUNN RØYSET MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN Jorun var 12 år då krigen starta, då bombefly flaug over flaggstonga i hagen og rett over huset. Livet på ferieidyllen Lindøya i Oslofjorden vart aldri det same. Frå kjøkkenvindauget var Jorun vitne til den tyske invasjonen 9. april 1940, ho såg allierte fly som slapp bomber over Oslo sentrum og Donau som segla sakte forbi med dei norske jødane på veg til Tyskland. Produksjonen tek utgangspunkt i sakprosaboka Brevet frå krigen, der 89 år gamle Jorun fortel om opplevingane sine under oppveksten på Lindøya i Oslo frå 1940–1945. Jorun og foreldra hennar var ein av fleire familiar som var fastbuande på øya under krigen. Gjennom opplevingane til Jorun vert sentrale sider av nors okkupasjonshistorie skildra, men vi får også vite korleis det er å vekse opp i krig. Ved hjelp av foto, forteljing og enkle skriveoppgåver kjem vi tett på korleis det er å vere i ungdomsskulealder og leve i frykt for at huset ditt, øya di og byen din skal bli bomba. Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår, og folk vart sett i fengsel. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på veninna mi. Den dagen tyskarane kom, forstod eg kva krig var. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også.

56

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1161855

Foto: Samlaget


BB7 – EIN POESIVERKSTAD

Foto: Magnus Stivi / Tore Sivertsen

MEDVERKANDE: ENDRE RUSET OG JOAKIM KJØRSVIK // MÅLGRUPPE: 7. TRINN Gjennom skriveøvingar som tar utgangspunkt i fem utvalgte dikt av Bjørnstjerne Bjørnson, skal elevane arbeide med poesi og legge grunnlaget for deling av eigne ord. Det blir arbeid med: – å skrive – å lese for seg sjølv

– å lese for andre

– å la andre lese

Gjennom kurset blir skulen og elevane kjende med lokale forfattarar (dei som gjennomfører kurset), får kunnskap om regional litteraturhistorie (fokuset på Bjørnson sine dikt), får utfalde seg kreativt (skriveoppgåver knytta til dikta) og lærer om poetiske verkemiddel (vi får elevane til å lese sine tekster og gir respons med fokus på verkemiddel elevane har brukt). Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1165534

57


BLAKE, BJØRNSON, BJERKE OG BEATSA MEDVERKANDE: ANDRÉ HADLAND OG EIRIK BLÅSTERNES MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN

Foto: Ståle Lindheim

58

Kva er det som gjer at ein av Noregs mest erfarne rapartister er så interessert i diktet «Farao på ferie»? Kva har jambisk pentameter med beats å gjøre? Hadde Bjørnson kanskje vore ein breial rapper dersom han hadde levd i dag? Og kvifor er Son Of Light så opptatt av dei klassiske engelske poetane? «Blake, Bjørnson, Bjerke og Beatsa» handlar om å formidle dei klassiske poetane sitt innhald, rytme og flow gjennom rapmusikken sitt uttrykk. Poesi i verdensklasse er bygd opp av rytmikk, betoning, ulike verseformer, ordforråd, metaforer osb. Dette er språkferdigheitar som rapartister arbeider med kvar eineste dag i sin sjanger. Kanskje kan man seie at dei første poetane var dei første rapperne? Son of light og LPeeWee har jobba med å utforske kva som skjer når ein sett nye beats til dikt av poeter som til dømes Blake, Bjerke og Bjørnson. Resultatet er spennande og groover!

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1039282


59



ALO – ALLTID

Foto: Rikskonsertene

MEDVERKANDE: MARIT HÆTTA ØVERLI, SNORRE BJERCK OG KLEMET ANDERS BULJO MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN I konserten Alo blir vi kjende med dei tre musikarane Marit, Snorre og Klemet. Dei fortel om oppveksten sin og om å vere vener, og dei fortel om å vekse opp i den samiske kulturen. Historiene kjem fram gjennom joik og musikken dei spelar, i både tradisjonsrik samisk form og moderne lyddrakt. «Alo» er eit samisk ord, og kan oversettast med «alltid». Slik vi ønskjer at venskapa frå barndomen skal vare – for alltid.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1073313

61


DRUMDRUM!

Foto: Jens Skou Olsen

MEDVERKANDE: BENITA HAASTRUP, KAARE MUNKHOLM OG JENS SKOU OLSEN MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN Rytmisk energi frå Danmark DRUMDRUM er ei unik oppleving av tre musikarar frå den danske jazzelite, og deira gnistrande og virtuose samanspel og speleglede. Elevane vil få høyre original, klangfull og groovy musikk, hovedsakeleg komponert av Benita. Benita Haastrup har vunne fleire prisar for sitt levande og fargerike trommespel. Musikken er inspirert av jazz, verdsmusik og danske folkesongar, den er også både overraskenede, medrivende og humørfyldt. – og dessuten sterkt inspirert av naturen omkring oss. DrumDrum handlar om å gi vidare den gleda det er ved å spele og improvisere saman, om å dra inn lyttarane og om å skape fellesopplevingar som opnar oss.

62

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1163138


GOD HELG

Foto: Elin Lyngstad

MEDVERKANDE: PETER WERGENI, JO INGE NES, ØYSTEIN SANDBUKT OG AUDUN SKORGEN MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN TENK deg at du og klassen din sit rundt eit BÅL og høyrer historier bli fortalt. Slik er det på denne konserten også: elevane sit rundt musikarane og lyttar, ser på dei, instrumenta deira og får «fortalt» mange historier med ulikt innhald. «God helg» skal gi kjensla av å gå inn i helga etter ei god veke. Endeleg kan du bruke mykje tid til det du liker best! Gutane på scena gjer det dei likar best, og det er å spele musikken sin saman. Velkomen til konsert!

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/926407

63


GRASSENTASSAR OG MILJØSVIN

Illustratør: Christian Fjeldbu

MEDVERKANDE: LINN WENNERSTEN OG MØREMUSIKARANE JUDIT TOTH SYLTHE, ASGEIR HOFFART, PER KÅRE FOSSUM MÅLGRUPPE: 1.–4. TRINN Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein! Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekk og heile verda blir grå! Miljøfabelen Frøppeldunk får følgje av musikarane sin eigenkomponerte musikk. I samspel med forfattaren av boka «Frøppeldunk» framfører dei handlinga i boka ved hjelp av ord og tonar.

64

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1023483


JADA JADA JA – PRØYSEN OG SKOLEN

Foto: Stein Erik Skaar

MEDVERKANDE: ANNE PERSDOTTER FLUGSTAD OG FRED DALBAKK MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN Alf Prøysen skreiv om ulike typer i skolen: Nøtteliten, Bolla Pinnsvin, Helene Harefrøken. Men kva med Jostein Bever? Og er nokon av desse Rampegutt? Og kor er eigentleg Bakvendtland? Der dei skriv baklengs på skolen? Anne fortel, syng og rappar i herleg samklang med gitarspelet til Fred, som både gynger og rockar. Konserten er ein tidsaktuell, morosam og litt alvorleg konsertframsyning.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/890981

65


TO SØSTRE OG TOLV MÅNEDER

Foto: ToH

MEDVERKANDE: EVELINA PETROVA OG THEA ELISABETH SKALLEVOLD MÅLGRUPPE: 5.–7. TRINN «Det var ein gong ei enke som hadde to døtre. Marfa var hennar eigen dotter, og Marchinka var stedotteren. Enka elska Marfa, men hata Marchinka, fordi ho var mykje penare enn hennar eigen dotter.» «De tolv måneder» er eit russisk eventyr om ei jente som blir sett på mange harde prøvingar. Kvar månad har sin eigen venleik, si eiga styrke og særegenhet. Kan dei hjelpe ho? Inspirert av dette eventyret spelar Evelina sin eigen musikk på ein syngjande, dansande, knurrande, skremande og malande måte, med trekkspel og stemme. Skodespelar Thea spelar alle rollene kun ved hjelp av hennar eiga stemme og kropp.

66

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/85284


GROUNDS

Foto: Lars Opstad

MEDVERKANDE: CAROLINE EIDSTEN DAHL, ELIZABETH SVARSTAD OG ERIK HØSØIEN MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN Å leike og improvisere med gamal musikk, er det Caroline, Elizabeth og Eirik seier dei gler seg mest til når dei snakkar om Grounds. Hoffet til franskekongen Ludvig 14. og musikken som vart laga då, er sentral i konserten. For å kunne forstå denne musikken må ein kunne noko om dansen, moter, kulturen og samfunnet frå 1700-tallet. Konserten Grounds er eit program som bringer fjern historisk tid inn i skulen, og samanliknar den tida med korleis vi har det i no.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1207677

67


LA BELLE DANCE

Foto: Jarl Morten Andresen

MEDVERKANDE: SIGRID EGTVEDT, ELIZABETH SVARSTAD OG VEGARD LUND MÅLGRUPPE: 1.–7. TRINN For å kunne forstå musikken frå barokken må ein kunne noko om dansen, motene, kulturen og samfunnet frå 1700-tallet i Frankrike. La Belle Dance bruker desse elementa til å skape ein større samanheng for lytteopplevinga. La Belle Dance handlar om barokkmusikk, barokkdans og eit kongelig ball. Utøvarane er nokre av dei dyktigaste spesialistane i landet på barokkmusikk og -dans. Ein del av produksjonen inneheld medverknad i form av dans. Det betyr at nokre elevar må øve på dans i forkant av produksjonen.

68

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1067730


STUMFILMKONSERTEN

Foto: Norsk filminstitutt

MEDVERKANDE: KJETIL SCHJANDER LUHR OG KRISTIN BOLSTAD MÅLGRUPPE: 8.–10. TRINN Stumfilmkonserten byr på ei filmoppleving heilt utanom det vanlege. Opplev ein ekte stumfilmkonsert – slik stumfilm var meint å vere. Viktige stikkord er filmhistorie, magi og slapstick! Framsyninga er ein filmhistorisk reise der fire klassiske stumfilmar frå filmen sin barndom blir vist. Pianist Kjetil Schjander Luhr spelar musikk til scenene i filmane og foley-artist Kristin Bolstad lager stemningsskapande effektlyd. Undervegs fortel dei også om filmhistorie. Dette er ein leiken introduksjon til stumfilm, og ein presentasjon om korleis film ble spelt inn og framført før lydfilmen kom.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1163139

69


INE HOEM

Foto: Stian Andersen

MEDVERKANDE: INE HOEM

//

MÅLGRUPPE: VGS

Ine Hoem er ein av Noreg sine mest solide vokalistar og hennar særeigne, sofistikerte sound hentar element frå både moderne elektronisk popmusikk og jazzuniverset. Ine Hoem vil spele songar frå sine to plater Angerville og Moonbird. Produksjonen er eit «one woman band» der Ine Hoem spelar på synth, flygel og loop for å byggje opp songane til ein visuell og auditiv oppleving i samarbeid med lyddesignar.

70

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302383


LARM

Foto: Tingh

MEDVERKANDE: NATALIE SANDTORV OG MØREMUSIKARANE

//

MÅLGRUPPE: VGS

Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterer LARM og Lyden av Møre og Romsdal. Med ein miks av electronica, progrock, jazz og folkemusikk, byr LARM på musikalsk nyskaping. Alle musikarane bur og høyrer heime i Møre og Romsdal. Som profesjonelle musikarar med ulike uttrykk og tradisjonar har dei har forsøkt å finne ein felles musikalsk identitet som både er deira, men som også representerar fylket. Resultatet blei ein konsert med variert musikk og personlege fotavtrykk.

Les meir om tilbodet her: www.kultursekken.no/produksjon/1302440

71



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.