Kvalitetssystemet ved Universitetet i Stavanger

Page 1

Kva er kvalitetssystemet?

Kven gjer kva?

Korleis blir du høyrd?

Kor er du med å bestemme?

Oppbygging/kvalitetssirkelen

Kvalitetssystemet ved Universitetet i Stavanger Foto: Elisabeth Tønnessen

www.uis.no


Kva er kvalitetssystemet? Kvalitetssystemet er alle dei tinga vi gjer for å sikre at studiekvaliteten ligg på eit tilstrekkeleg høgt nivå, gjennom å sikre kontinuerlege forbetringar, dokumentere arbeidet, og avdekke sviktande kvalitet. Studentar, faglærarar og institusjon står saman om ønsket om høg studiekvalitet, og det er vel knappast nokon som ser seg betre tent med dårleg kvalitet. Samstundes er det lovkrav om at det skal vere system på arbeidet med kvalitet. For å få akkreditering som universitet i Noreg, må institusjonane ha eit kvalitetssystem som er godkjend av NOKUT, det offentlege kontrollorganet for slike system.

Loven og tilhøyrande forskrift krev at systemet skal femne alle prosessar som verker inn på studiekvaliteten, frå informasjon til mogelege søkjarar til avslutning av studiet. Ved Universitetet i Stavanger har vi utvida dette til òg å gjelde prosessar etter avslutta studium, så som kandidatoppfølging og alumniverksemd.

-2-


Kven gjer kva? Tilsette og studentar har klare roller og eit ansvar rundt det å arbeide med kontinuerlege forbetringar av studiekvaliteten. Dette er dei viktigaste aktørane i arbeidet med å sikre og utvikle kvalitet i studia:

Student

Som student kan du medverke til å utvikle kvaliteten i studia gjennom aktiv deltaking i dei fora som studentane har, til dømes studentane sitt fakultetsstyre og studentparlamentet; i dei formelle organa, som universitetsstyret, fakultetsråd, instituttråd, senterråd, læringsmiljøutval, utdanningsutval, kvalitetsutval m.m.; og ved å delta i evalueringar og dialogar og undersøkingar. I tillegg kan du bruke ulike meldesystem.

Faglærar/emneansvarleg

Instituttleiar

Alle studieprogram høyrer til eit institutt der instituttleiar er ansvarleg for studiekvaliteten på programnivå. Instituttleiar utarbeider årsrapport for det einskilde program og den samla årsrapporten for arbeidet med kvalitet ved instituttet. Instituttleiar samarbeider tett med faglærarane/ emneansvarlege og rapporterer til dekan.

Faglærar/emneansvarleg er ansvarleg for studiekvaliteten innan eit fag/emne. Han skal halde seg fagleg oppdatert og medverke til høg kvalitet gjennom aktiv deltaking i evaluering, rapportering og oppfølging på emnenivå. Faglærar tek initiativ til møter med studentrepresentantane, og samarbeider tett med, og rapporterer til instituttleiar.

-3-


Prodekan for undervisning

Kvart fakultet har ein prodekan for undervisning. Prodekan for undervisning er fast leiar av kvalitetsutvalet ved fakultetet, og har sĂŚrskilte oppgĂĽver knytt til arbeidet med kvalitet. Prodekan for undervisning samarbeider tett med studentar og fagtilsette sĂĽ vel som administrativt tilsette ved fakultetet. Dei samarbeider og med prodekanane ved dei to andre fakulteta, og med prorektor og det sentrale kvalitetskontoret.

Dekan

Kvart fakultet leiast av ein dekan. Dekan er øvste faglege og administrative leiar for dei tilsette ved fakultetet. Dekanen svarer for kvaliteten i studieprogramma som høyrer til fakultetet, og for arbeidet med kvalitet ved fakultetet. Dekanen utarbeider ürsrapport for arbeidet med kvalitet ved fakultetet. Dekanen samarbeider tett med sine prodekanar for forsking og undervisning, fakultetsdirektøren, og sine institutt- og senterleiarar.

Prorektor

Prorektor er del av rektoratet ved universitetet, og nestleiar av universitetsstyret. Prorektor stør rektor i rektor sitt arbeid, og har sÌrskilt ansvar for arbeid med kvalitet. Prorektor er leiar av utdanningsutvalet ved universitetet, som kvart ür skal utarbeide ürsrapport for arbeidet med kvalitet ved universitetet til styret.

Rektor

Rektor er del av rektoratet. Rektor er den øvste faglege leiaren ved Universitetet i Stavanger og leiar av universitetsstyret. -4-


Økonomi- og verksemddirektør

Det sentrale kvalitetskontoret ved universitetet ligg under økonomi- og verksemddirektøren. Økonomi- og verksemddirektøren har ansvar for innhenting, omarbeiding og formidling av grunnlagsdata for arbeidet med kvalitet; for det kvalitetsfaglege senteret ved universitetet og serviceeininga for kvalitetsutvikling og kvalitetssikring; og for at kvalitetssystemet verker etter sitt formål.

Universitetsdirektør

Direktøren er øvste leiar for administrasjonen ved universitetet, og legg fram sakar for styret, mellom anna årsrapport for arbeidet med kvalitet ved universitetet.

Korleis blir du høyrt? Kvalitetssystemet ved Universitetet i Stavanger er tufta på dialog og refleksjon, og på tanken om at sjølv om ikkje alt kan bli like bra, så kan alt bli betre. Studentane sine refleksjonar og dialog mellom studentar, studenttillitsvalde og faglærarar står sentralt. Vi bruker ulike former for hjelpemiddel i dette, mellom anna kvalitetsutvala i kvart fakultet, tidlegdialogar i alle emne og sluttevalueringar av kvart emne minst kvart tredje år. Men nokon ting kan mogeleg falle utanfor desse kanalane. Difor er det laga fleire løysingar for å melde frå:

Både studenttillitsvalde og den einskilde student kan ta direkte kontakt med dekan eller prodekan for undervisning, ved frammøte, per e-post, eller på anna måte.

Både studenttillitsvalde og den einskilde student kan ta kontakt med kvalitetskoordinator direkte, enten ved frammøte, per e-post, eller på anna måte. Kvalitetskoordinator kan hjelpe til å halde identiteten til studenten skjult dersom det er ønske om det.

-5-


Kor er du med å bestemme? Dekan

Fakultetsråd

Kvalitetsutval

Instituttleiar Programutval

Studieprogram

Studieemne

Instituttråd Figuren syner kvalitetsvegen gjennom råd og utval. Det sit studentrepresentantar (utpeika av StOr) og arbeidstakarrepresentantar i fakultetsråd, kvalitetsutval og instituttråd. (Merk at figuren ikkje er eit organisasjonskart.)

Faglærar

Studentar -6-


Følgjande råd og utval er dei mest sentrale i høve til å utvikle studiekvaliteten ved Universitetet i Stavanger. I alle formelle organ er studentar (utpeika av StOr) og tilsette representert. Programutval Programutvala er ikkje lenger del av den formelle strukturen for råd og utval. Der eit studieprogram går på tvers av to eller fleire institutt, har ein likevel høve til å nytte seg av programutval. Mandat i arbeid med kvalitet avgjerast då særskilt for det einskilde programutval. Instuttråd/senterråd I arbeidet med kvalitet skal instituttråda ta del i handsaminga av, og gi råd om, arbeidet med kvalitet, og under det tidlegdialogar og sluttevalueringar. Ved senter som ikkje ligg under institutt, og der det ikkje allereie finst senterråd, skal det etablerast senterråd med funksjon svarande til instituttråd. Kvalitetsutval Kvalitetsutvala på fakulteta tek i vare sikring og utvikling av studiekvalitet i tråd med kvalitetssystemet, utarbeidar tiltaksplanar for kvalitet, og utarbeidar årleg kvalitetsrapport som skal oversendast utdanningsutvalet. Fakultetsråd Fakultetsrådet skal gi dekanen råd i saker som gjeld arbeidet med kvalitet ved fakultetet, årsrapporten om arbeidet med kvalitet, og kvalitetstiltaka for neste periode. Utdanningsutval Utdanningsutvalet gjer arbeid med kvalitet på vegne av, og på oppdrag frå styret. Utdanningsutvalet skal mellom anna gjennomføre sentrale deler av kvalitetsrapporteringa, og står for aggregering av mottekne kvalitetsrapportar, samt utarbeiding av årleg kvalitetsrapport og tiltaksplan til styret. Utvalet skal medverke til samarbeid om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling på tvers av fakultet, program og fagmiljø, oppfølging av institusjonen sin eigen evaluering av sjølve kvalitetssystemet, og under dette vedlikehald av kvalitetssystemet. Utvalet deltar i planlegging og koordinering av NOKUT sine institusjonsevalueringar. -7-


Læringsmiljøutval Læringsmiljøutvalet skal bidra til at miljøet for læring ved universitetet følgjer det som er fastsett i lov om universitet og høgskular. Utvalet tek del i planlegging av tiltak innan virkeområdet, og dokumenterer, vurderer og rapporterer kvaliteten på det fysiske og psykososiale læringsmiljøet ved universitetet, så vel som eigen funksjon og yting. Universitetsstyret Styret er øvste organ ved universitetet, og har etter lova ansvaret for at den faglege verksemda, under dette at utdanninga held høg kvalitet. Styret avgjer organiseringa av verksemda på alle nivå, men må syte for ei organisering som sikrar at studentane og dei tilsette blir høyrt. Styret skal mellom anna vedta kvalitetssystemet, godkjenne endringar i kvalitetssystemet, og sjølv foreslå endringar når dette er naudsynt. Det skal ta i mot den årlege rapporten over arbeid med kvalitet frå institusjonen, vurdere og godkjenne årlege tiltaksplanar og sette i verk tiltak på eige initiativ når dette er naudsynt. Styret skal vidare avgjere korleis arbeidet med kvalitet går inn som del av det strategiske arbeidet ved institusjonen, og avgjera organisasjon og roller med tanke på arbeid med kvalitet i tråd med gjeldande lover, forskrifter, reglement og vedtak.

-8-


Kvalitetssystemet – oppbygging Det er kvaliteten i prosessane som skal sikrast og forbetrast. Difor er kvalitetssystemet bygd opp om ein prosessmodell, slik: Utviklingsprosessar Gjennomføringsprosessar

Emne- og programutvikling, overføring av forskning til undervisning

Studentrekrutering

Emne Opptak

Studiestart

Emne

Emne

Studieprogram Program- og emnegjennomføring

Studentrelasjonar

Studieavslutning

Studentmiljø Støande prosessar

Fellestjenester, administrasjon, kvalitet

Innan dei ulike emna, programma og dei andre delprosessane har vi kvalitetssirklar. Figuren på side 11 viser ein slik sirkel, i den forma den brukast i arbeidet med kvalitet:

-9-

Kandidatoppfølging


Kvalitetssirkelen Sirkelen syner desse hovudfasane: Identifisere, definere og revidere kvalitetskriterium for studieprosessane, og mål for arbeidet med kvalitet. Samle informasjon om gjennomføringa av studieprosessane og arbeidet med kvalitet (observere). Vurdere, analysere, aggregere og rapportere kvalitetstilstanden, måloppnåing, og arbeidet med studiekvaliteten.

g

t

Pla

se , v r ve aly u rd ere , s e r re , e

g

Defin revi ere mål dere o krite og riu m

Rapp tilst orter arbe and e resu id o , lta

Planlegge og gjennomføre sikrings- og utviklingstiltak slik at studiekvaliteten fyller gjeldande krav og kriterium, og utviklast i tråd med gjeldande mål for kvalitet i studieprosessane. Rapportere kvalitetstilstand, arbeid med kvalitet, planlagde og gjennomførte tiltak og nådde resultat.

nl e o no g g ge til m f ta k ø r e

gj e

O b le m å an

n

- 10 -


Figuren: Kvalitetssirkelen teikna som eit årshjul. Emneoppstart med val av studentrepresentant(ar) for emnet. Tidlegdialog med fellesrapport. Val av emne for sluttevaluering i haustsemestret. Emna frå førre studieår rapporterast i Årsrapport for arbeidet med kvalitet frå institutta, med tiltak. Fakulteta har ferdigbehandla og vidaresendt forslag til nye studieprogram for påfølgande studieår. Siste frist for oversending av nye studieprogram er 20. august.

R PT E

I

MB E

JUL

Sluttevalueringsrapport med tiltak frå instituttet. Opplegg for haustens tidlegdialog utarbeidast på institutta.

AUGUST

Tidlegdialograpport med tiltak frå instituttet. Tilpassing av spørjeskjema for sluttevalueringane.

SE

JU

Sluttevalueringar for vårsemestret. Studentrepresentantar og faglærarar utarbeider fellesrapporter med tiltak.

BER

TO OK

litetssirkele va

n

K

NI

MAI NOVEMBER

IL

APR

FEBRUAR

MA RS

MB

R UA JAN

Siste frist for emne- og programrevisjon av etablerte studiar, for påfølgande studieår, er 1. mars.

DE SE

Tidlegdialograpport med tiltak frå instituttet. Tilpassing av spørjeskjema for sluttevalueringane.

ER

Utdanningsutvalets frist for godkjenning av dei nye studieplanane er 31. oktober. Studieprogramma og emna frå førre studieår skal inngå i aggregert Årsrapport for arbeidet med kvalitet frå fakulteta, med tiltak. Sluttevalueringane for haustsemestret tar til. UiS-styret har satt frist for etablering av nye studieprogram for påfølgande studieår, til 20. november. Utdanningsutvalet handsamar kvalitetsrapporten Styret handsamar kvalitetsrapporten

Sluttevalueringane for haustsemestret avsluttast. Studentrepresentantar og faglærarar utarbeider fellesrapporter med tiltak. Sluttevalueringsrapport med tiltak frå instituttet. Opplegg for vårens tidlegdialog utarbeidast på institutta.

Emneoppstart med val av studentrepresentant(ar) for emnet. Tidlegdialog med tiltak. Val av emne for sluttevaluering i vårsemestret.

- 11 -


Kor finn du kvalitetssystemet? Du finn kvalitetssytemet på studentveven (http://student.uis.no) i hovudmenyen under fana Studieinformasjon, og i hovudmenyen på hovudsida for veven for dei tilsette (ansatt.uis.no). Kontaktinformasjon: Universitetet i Stavanger 4036 Stavanger Telefon: 51 83 10 00 Telefaks: 51 83 10 50 Opptakskontoret Arne Rettedals hus, tlf: 51 83 10 52 E-post: opptak@uis.no StOr – StudentOrganisasjonen Arne Rettedals hus Telefon: 51 83 24 24 Telefaks: 51 83 24 50 E-post: stor@uis.no www.stavangerstudent.no SiS – Studentsamskipnaden Kitty Kiellands hus Telefon: 51 83 33 00 Telefaks: 51 83 33 50 E-post: sis@sis.uis.no www.sis.uis.no

Det humanistiske fakultet Fakultetsadministrasjonen Hagbard Line-huset, 2. etasje Telefon: 51 83 34 00 Telefaks: 51 83 34 50 Det samfunnsvitenskaplege fakultet Fakultetsadministrasjonen Kjølv Egelands hus, C-335 Telefon: 51 83 15 00 Telefaks: 51 83 15 50 Det teknisk-naturvitenskaplege fakultet Fakultetsadministrasjonen Kjølv Egelands hus, D-320 Telefon: 51 83 17 00 Telefaks: 51 83 17 50


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.